Denne boka her:
har stått ganske lenge på hylla av fleire (dårlege) grunner – eg trudde at dens alder ville gjere den tunglest og vrien, at ho ville være stappa full av lange setninger og skildringar utan ende, at kjærleiken skulle framstå som klissete og uekte, og ikkje minst skremte dei over 500 tett-skrivne sidene meg fordi dei var så kompakte. Eg hadde med andre ord fått det føre meg at dette var eit komplisert og langdrygt litterært verk fylt av klisjéar og kliss. Sjeldan har eg tatt meir feil. Om eg skal beskrive denne boka med eit ord må det bli: NYDELEG! Rett og slett!
Kort sagt om handlinga – Unge Jane Eyre veks opp i lag med tanta si og hennar tre barn. Som tiåring sender tanta ho bort på skule, og der blir ho buande i åtte år; seks år som elev og to som lærerinne. Deretter søker ho seg vidare i livet og byrjar å arbeide som guvernante. Og det er her ho treffer Han. Han med stor H som ho faller for. Her skildrast kjærleikens mange nøyansar på ein slik måte at ein berre må kjenne seg igjen i både det gode og vonde. Dette er både ein oppvekstfortelling og ein kjærleiksroman. Samstundes finns det ein del «mystikk» i boka, eg opplevde iallfall ei slik litt mystisk stemning mens eg las – noko som verkeleg heva boka mange hakk.
Språket i boka bærer preg av bokas alder – det merkes på setningenes oppbygning og val av ord. Likevel er den ikkje så veldig tung å lese at det blir slitsomt. Eg likte godt språket i boka, og så snart eg kom litt inn i det og blei vand med språket blei eg rett og slett ganske så sjarmert. Synes ellers at forfattaren verkeleg har lukkast i konseptet med å «vise fremfor å fortelle»(show, don´t tell). Likar også svært godt at boka inneheld ein del mystikk og at handlinga ikkje er forutsigbar. Nei, dette er verkeleg ein skatt av ein bok: Ein klassiker som må oppleves!
«Nå så jeg ingen onder. Sarkasmen som hadde frastøtt meg, bryskheten som hadde forskrekket meg, var bare som friskt krydder i en yndlingsrett; at de var der var lett å merke, men uten dem ville den vært temmelig tam.»
Les denne hvis du vil:
– nyte ein vakker beretning
– lese ein klassiker
– ha ein kjærleiksberentning
– ha ein bok kor du verkeleg likar houvedpersonen
– sette deg godt til rette i godstolen og la dagens timar forsvinne av seg sjølv.
Denne boka plasseres i mine virtuelle hyller:
– Klassikare
– Favorittbøker
– Kjærleik
– oppvekst
«Jeg blir aldri lei av min Edwards selskap, og han blir aldri lei av mitt, like lite som vi blir det av det bankende hjertet som vi bærer i vårt bryst; følgelig er vi alltid sammen.»