Peter Mays trilogi; «The Lewis-trilogy» består av følgende bøker:
1. The Blackhouse (link til omtale HER)
2. The Lewis Man
3. The Chessman
The Lewis Man er bok nr 2 i trilogien. Anbefaler å lese den første boka først ettersom vi følgjer fleire av dei same karakterane. Sjølve «krimsaka» er imidlertid ny og kan følges utan å ha lese den første boka. Relasjonar og karakterutvikling bygger vidare på bok nr ein så det gjer ein mykje betre flyt og forståelse å lese bøkene i rekkefølgje. I tillegg er det ein fordel å gjere seg noko lunde kjent med området Hebriene (The Isle of Lewis) – både mtp kulturen her og språkbruken – kunnskap som kjem automatisk dersom ein leser den første boka.

Kort om handling:
Eit lik blir funnen i myra – og på grunn av forhalda i jorda i området har liket blitt konservert ganske så bra. Såpass bra at dei ein stund trur at kroppen er mange hundre år gamal – heilt til dei oppdager ein Elvis-tattovering… Diverse funn gjer at det blir tydeleg at det er snakk om eit drap og ikkje eit naturleg dødsfall og etterforskninga startar. Ein etterforskning som snart nok engasjerer Fin som vil beskytte dei han trur kan være involvert. Samstundes ønskjer han å finne ut av sanninga, då han er overbevist om at hans bekjente er uskuldige.
I tillegg til «mysteriet» som hovudhandlinga kretsar rundt, finnes også ein rekke andre tema her – relasjonar, oppvekst, litt historie frå området … Og – ikkje minst må sjukdommen demens nemnast -synes denne sjukdommen blei godt skildra her! Eit realistisk og vondt bilete av korleis det kan være å ha demens sjølv, og også om korleis det er for dei rundt. Altså er det mykje som skjer og eit bredt spekter av tematikk – likevel er det ein tydeleg raud tråd med fokus på denne krimsaka som skal løysast.
På same vis som i bok nr 1 vekslar synspunktet gjennom boka og også tidsmessig beveger vi oss frem og tilbake. Dette er utført på elegant vis og blir verken rotete eller uoversiktleg.
Min «dom»
Peter May har med denne trilogien skapt noko mykje større og meir komplekst enn «berre» kriminal-litteratur. Han kombinerer tre element som sjeldan blir brukt saman (ikkje som eg har sett, og iallfall ikkje på så vellukka vis!) 1) krim 2)oppvekstroman 3)historiske element og sannferdig, interessant innblikk i ein kultur og eit område som for meg og mange andre er ganske så ukjent – Hebridene / The British Isles»
… og i tillegg må vel også eit fjerde element nemnast – nemleg: 4) naturskildringar!
Desse er det mange av! Og eg var ei lita stund usikker på om eg likte dette eller ei, før eg etterkvart bestemte meg for at joda, det fungerer! På den eine sida synes eg dei tidvis blir litt for mange og at dei kjem litt for hyppig. Nokre gonger blir dei også litt lengre enn kva eg sjølv ville anset som «optimalt» – rett og slett fordi konsentrasjonen min flyttar seg frå karakterane og handlinga til sjølve landskapet i såpass stor grad at eg mister litt av flyten i lesinga. Dette kan óg tenkast å ha ein klar samanheng med at eg las boka på engelsk og at språket tidvis var krevjande slik at eg brukte meir krefter enn normalt på å forstå skildringane av landskapet. blir litt lengre enn nødvendig. MEN… Boka ville på ingen måte blitt det same utan naturskildringane – for dei skaper ein unik stemning. Landskapet blir dermed viktig for leseropplevinga
Eg må også påpeke at eg synes kombinasjonen av krim, oppvekst, skildringar og endring av synsvinkel fungerer mykje betre i denne boka enn i den første.
Elles gjer eg som alltid notat av «nye» ord er lærer meg undervegs … så:
«NYE ORDTIL SAMLINGA»
* Peat
* Sphagnum
* Resin
* gossamer (thread)
* Machair
* Chasm