Helga Flatlands trilogi – “Bli hvis du kan”

Eg las mange bøker i juni. Denne trilogien er den som sit mest igjen – eg kjenner den endå i kroppen, eg tenker framleis på karakterane … eg har nok rett og slett funnet eit litterært meisterverk som fortener å førast opp på favoritt-lista.

TRILOGIEN BESTÅR AV FØLGENDE BØKER:
1) Bli hvis du kan. Reis hvis du må.
2) Alle vil hjem. Ingen vil tilbake
3) Det finnes ingen helhet

I SIN HEILHEIT:
Handling:

Heile trilogien bygger på same sak – dei fire barndomskameratene som vervar seg til militærteneste i Afghanistan. Berre ein av dei kjem heim i livet. I desse bøkene får vi innblikk i tida før dei verva seg og i tida etterpå. Altså ser vi både på årsakene til at desse gutane valte å reise til Afghanistan – årsakar dei ikkje heilt sjølv ser i klartekst – og på korleis tapet av dei pregar ei heil bygd. Tankar om kvifor dei drog og kjensla av sorg står sentralt i alle tre bøkene, og desse to tinga (sorg og ”årsak”) vert betrakta frå ulike karakterars synspunkt gjennom heile trilogien.

Mine vesle tankar, meiningar og inntrykk:
Dette er kort sagt ei djup og kjenslerik fortelling om ei ulykke som rammar ei heil bygd. Kjenslene vert skildra så utroleg sterkt at ein oppleverboka i større grad enn ein ”berre” les ho. Eg kunne reint fysisk kjenne noko heile tida mens eg las – eg kjente sinne, sorg, forundring, tidvis litt glede og varme, einsemd … eg følte det som om eg fekk oppleve mykje av det same som karakterane i boka (dog i mykje mindre grad, sjølvsagt).
Sorg er den sentrale kjensla (og også tema), og i denne boka kjem det klart fram kor omfattande sorg kan vere; kor ulikt den rammar oss, korleis sorg kan vekke ein heil haug med andre kjensler og korleis desse andre kjenslene kan bli så sterke at ein ikkje ein gong klarar å kjenne på sorga.
Sorg, skam, skuld, sinne, anger, bebreiding, kjærleik, tap, sakn … og også nokre ”betre” kjensler som håp, liv, kjærleik utgjer eit kjenslerikt spekter gjennom heile fortellinga.

Screen Shot 2018-07-31 at 10.28.41

I tillegg til denne vanvitig sterke framstillinga av kjensler får vi også sett litt på årsaka bak valet om å verve seg. Fire ulike gutar med ulike grunnar til å reise. Eg likar godt at det ikkje finst ein ”konkret” grunn, ikkje noko soleklar årsak. Tarjei reiser og har sine tankar om kvifor utan heilt å kunne sette ord på det. Mora hans, Karin, har også nokre tankar om kvifor han reiser og føler seg medskuldig. På same sett får vi via oppveksten og familiane innblikk i moglege årsakar til at dei andre reiser til Afghanistan, utan at det kjem noko fasit – og nettopp dette syntes er så fint, for det er vel ofte slik at ein tek val utan heilt å vite kvifor. Ofte gjer ein noko for å sleppe unna noko anna – det er ikkje alltid eit aktivt val eller ønske. Andre gonger brenner ein intenst for noko og tek bevisste val. Og av og til hamnar ein midt mellom to stolar og livet verker til å ta vala for deg. Alt har kanskje ingen grunn?

Eg har lese ein god del trilogiar dette året, og ein ting eg har merka meg er at nesten alltid likar bok nr to best. Dette er nok første gong eg har hatt den tredje og siste boka som favoritt. Dei andre to er også knallgode, men denne tredje gjorde noko ekstra med meg. Mykje sannsynleg på grunn av at eg innan denne boka alt hadde ein viss kjennskap til alle karakterane og hendingane slik at det gav meg endå meir.

+++ PLUSSAR +++
+ Sjølv om vi følgjer eit stor karaktergalleri klarte eg å halde styr over dei ulike folka og familiane – og det seier litt for eg er normalt sett enormt dårleg på nettopp dette, og ofte gjer eit for omfattande persongalleri at eg blir oppgitt og frustrert i lesinga fordi eg sliter med å hugse kven som høyrer til kor. Her fekk er overraskande lett oversikten!
+ Kjenslene skildrast så intenst at ein ikkje kan unngå å bli rørt
+ Til tross for at boka ikkje følgjer ei spenningskurve – det finst ingen klare vendepunkt, ingen tydlege klimaks osv – er den aldri langtekkeleg eller keisam.
+ Språkleg leverer boka også bra! Språket er biled-rikt og formidlar enormt mykje utan å seie det direkte. Kjenslene vert ekte og veldig truverdige. Flatland viser ein enorm innsikt og forståing av menneske! Og ho lukkast med over seks hundre sider med formidling av kjensler utan å gjenta seg sjølv, utan å ty til kjsliéar …

 – – – MINUS —
Det einaste eg har å utsette er at eg personleg ikkje likte at boka byta på bokmål og nynorsk. Det fungerte ikkje, syntes eg! Karaktrane fekk unike stemmer gjennom skrivestilen, ikkje målforma. Og eg …tja … kan ikkje eigentleg begrunne misnøya kring dette valet om å byte mellom bokmål og nynorsk utover dette at eg syntes det blei forstyrrande.

BOK FOR BOK – kort oppsummering av kvar bok (utan spoliers)

Bli hvis du kan. Reis hvis du må.
– i denne boka følgjer vi fire karakterar som fortel om seg sjølv, bygda og menneska rundt dei. På denne måten får vi ikkje berre innblikk i den fortellanda karakteren men også i folka rundt dei. Dette gjer at vi også blir kjend med andre karakterar – som får si eiga stemme i dei andre bøkene.
Screen Shot 2018-07-31 at 10.31.20
* Tarjei: den eine av dei fire som reiser. Han fortel om si oppvekst, sine vener, sitt nære forhold til storesyster Julie, forventingane til faren om at han – Tarjei – ein dag skal ta over garden. Eit ønske og ein rett som eigentleg tilhøyrar systera Julie – og som faren på sett og vis verker heilt ignorant for. Han kompromissar med seg sjølv gjennom heile boka ved å vike for farens u-uttalte krav og forventningar. Så kjem forslaget om å dra til Afghanistan …
* Jon Olav: Naboen til Tarjei og hans familie. Han har vekse opp i lag med Tarjei si far. Han er også far til Sigurd (som vi seinare får høyre meir til – Sigurd og Julie er av same årskull og har eit godt venskapleg band). Han fortel om tida før og etter ulykka, og vi får gjennom han sjå familien til Tarjei utanfrå. Vi får også innblikk i kor sterkt ulykka pregar sonen hans – Sigurd. Sigurd vert mykje sterkare påverka – nærmast lamma og sjuk – enn kva ein skulle tru med tanke på at han ikkje var direkte knyta til desse gutane.
* Karin – Tarjeis mor fortel om korleis ho møtte Tarjeis far (Hallvard) – og via denne kjærleiksfortellinga får vi sjå sentrale personlegheitstrekk hos henne som har prega ho heile livet og som også påverkar dei rundt henne. Vi får sjå korleis ho fullstendig fortapar og fordjupar seg i kjærleik, korleis ho kjenner ting veldig intenst – på både godt og vondt. Vi får også eit inntrykk av at forholdet mellom henne og mannen er eit slags trekantdrama kor garden er den tredje parten. Også hennar forhold til sine to born – Julie & Tarjei – står sentralt i denne dele av boka. At ho elskar dei er det ingen tvil om. Men kjærleiken og relasjonen til dei to er svært ulik.
* Trygve – nr to av dei fire som verva seg. Han fortel om oppveksten, om forholdet mellom han sjølv og desse gutane då dei vaks opp. Vi får også sjå at han føler seg annleis frå dei andre – noko han både vil skjule og samstundes verkar etter å få ut i det opne. Gjennom kjenslene og hendingane han skildrar syntes eg boka får ein god slut som gjer nokre svar og også nokre nye spørsmål. Ein god avslutning som opnar for ein ny god bok. Nemlig nr 2:

Alle vil hjem. Ingen vil tilbake
Her er det desse karakterane vi følgjer:

* Julie – Tarjeis storesyster. Sentralt her står odelsretten til garden – som legalt sett er hennar. Noko begge foreldra verker til å ignorere. Ho seier aldri direkte at ho vil ha garden, at dette er drøymen hennar. Men ho er aktivt involvert i drifta, ho er intelligent og intuitivt dyktig. Likevel blir ho oversett mtp å skulle overta garden. Dette pregar ho intenst og ho verkar til å bli splitta i ei indre strid om å vere den gode, snille dottera som gjer alle glad heile tida samstundes som ho vil setje ned foten og ta det ho har krav på. Ho vil seie i frå, men ho vil ikkje skape trøbbel. Vi får også sjå litt til livet hennar elles – forholdet til Sigurd, og til Mads, til bygda.
* Sigurd – Elska å få lese litt frå hans perspektiv etter at han i del ein blei skildra utanfrå frå farens perspektiv (Jon Olav). Vi får sjå litt av oppveksten hans, tankar, kjensler, drøymer. Smerte og lukke. Skam og skuld. Vi får svar på kvifor sorga rammar han så hardt som den gjorde. Og vi får sjå korleis han taklar – og ikkje-taklar – sorga.
* Mads – kjærasten til Julie, iallfall innimellom. Det er det nemleg ho som styret. Mads er fortapt i Julie. Men denne garden står i vegen. Litt på same måte som relasjonen mellom Hallvard og Karin for også her garden ein slags tredjerolle som gjer forholdet til ein slags trekantsrelasjon med garden som ein konflikt utan løysing. Julie gjer uttrykk for at ho skal overta garden, noko Mads etter kvart innser at ikkje er så sjølvsagt og enkelt som han fekk inntrykk av i starten. Mads vil at ho skal gløyme garden og bli med han til byen, starte noko nytt der heller. Julie klarar derimot ikkje å legje frå seg drøymen om denne garden, men klarar heller ikkje å kreve si rett. Dette gjer at Mads blir sittande å vente, utan heilt å få noko avklaring på kor livet er på veg.
Screen Shot 2018-07-31 at 10.30.11

 

Det finnes ingen helhet 
Det meste av handlinga i denne boka finn sted fem år etter ulykka og vi får via ulike karakterar sjå korleis liva til dei ulike karakterane har utvekla seg desse åra. Vi får ikkje møte alle karakterene direkte – men dei verdt godt skildra gjennom dei karakterane som får stemme i denne boka – nemleg:

* Ragnhild – doktoren som blitt nemt gjennom heile boka. Spanande å sjå meir av henne ettersom dei ulika karakterane har skildra ho på ulike vis – som ei uunværlig støttespelar, ei som bryr seg og viser støtte, ei som er for pågåanda og masete, ei som blandar seg I andres sakar, ei som verkar einsam, ei sterk og sjølvstendig dame … Dei fleste likar henne godt. Nokre få syntes ho er for påganda og at omsorgen hennar grenser til det nyfikne og påtrengande. Her får vi sjå litt meir an Ragnhild – motivasjonen bak det ho gjer, tankane ho har om dei ulike karakterane. Vi får også sjå eit slags skifte – no når folk kjem seg vidare og ho ikkje lenger er like viktig … kven er ho då? Einsemda veks i henne og ho føler ein slags sorg over ikkje lenger vere ”ønska” og ”trengt”. Dette med å høyra til står dermed sentralt i denne boka.
* Bjørn – den einaste som overlevde ulykka og kom heim at til  bygda. Det er vondt, så utroleg vondt, å lese denne delen. Samstundes var det godt å endeleg få lese historia til den eine som faktisk kom heim at.
* Karin – mora til Julie & Tarjei; vi får sjå litt om korleis ho har det no, om korelis sorgen har påverka henne og livet, tankesettet og relasjonen til mannen Hallvard. Vi får også eit djupare innblikk i hennar relasjon til Ragnhild, til byga, og til dei noko ustabile kjenslene som ho skildra i den første boka.
* Hallvard – far til Julie & Tarjei; han fortel om korleis sorgen har prega han, om skuldkjensla han har overfor Julie mtp odel og gardsdrift, om samenbrotet hans (som vert omtala i bok 2) og tida etterpå, om tida no… Med ein slags roleg og smådyster stemning fekk eg inntrykk av at han på sett og vis aksepterar tinga som dei er no, at han ikkje streber etter å endre ting men heller berre vil la ting gå si gang, at han berre vil leve det beste han kan.
* Vi får også eit gjensyn med Sigurd, Julie og Mads; vi får sjå litt meir av Julies ”sårbare” side, blir betre kjend med Mats, og får også sjå fleire sider av Sigurd – ein karakter eg likte betre og betre gjennom desse bøkene.
* Denne boka handlar mest om familien til Tarjei – skildra både gjennom Tarjei og Karin, men også sett utanfrå via Ragnhild og Sigurd og ein del andre.
* Likar veldig godt korleis Ragnhild ”bærer” denne boka. Boka startar med eit kort kapittel om Ragnhild som venter på sin neste pasient – Karin. Deretter får vi følgje Karin si karakter ei stund – i tida etter ulykka og fram til dette legebesøket no fem år etterpå. Deretter besøker vi igjen Ragnhild som reflekterer over timen med Karin, og gjer deg klar til neste pasient – Bjørn. Som vi deretter får følgje. Deretter tilbake til Ragnhild att, og vidare til neste pasient og karakter – Hallvard. Ragnhild går altså igjen og utgjer ein slags ”heilhet” (trass i bokas tittel om at det ikkje finst noko heileheit… 😉 ) og god flyt. Ho fortel litt om sine tankar om dei ulike folka før vi deretter føres inn i den aktuelle karakterens univers kor dei fortel om tida etter ulykka. Deretter fortél Ragnhild litt meir før vi igjen går vidare til ein ny karakter.


Vil også kort seie at sjølv om heile denne trilogien handlar om noko såpass dystert og trist som sorg, død, sakn, skam og skuld – og trass i det politiske bakteppe – så er ikkje boka ”klissete” og overdriven. At det går an å skrive tre bøkar om slike kjensler utan at det på noko tidspunkt blir klissete og seigt, treigt og keisamt, og heller ikkje reparativt og gjentakande er verkeleg eit kunststykke! Ein fantastisk sterk trilogi som alle med kjensler burde lese.

 

 

 

Bokliste – ei bok per måned

Januar – ei bok anbefala av ein bibliotekar: ”4321” av Paul Auster

Februar – ei lydbok: ”The One” av John Marrs
Eg har enormt mange lydboktips å kome med, så eg planlegger å skrive eit eige innlegg om dette seinare! (Denne finner du på Storytel)

Mars – Ei bok du lenge har hatt planar om å lese: «1984» av George Orwell

April – Ei bok med dyr på omslaget: «Kafka på standen» av Haruki Murakami

Mai – Ei raud bok
37725384_1906936189350206_4691036290840264704_n

Juni – Ei bok til ferien: «Her, nå, alltid» av Cathering Isaac

Juli – Ei kokebok: ”opptur med sunn mat” av Linda Stuhaug
Eg er ikkje noko stor kokk, og er heller ikkje så enorm tinteressert i kokkelering og fancy mat. Eg er derimot oppteken av helse, sunnhet og slike ting – samstundes som eg så godt det lar seg gjere unngår alt som heiter diett; eg vil ikkje ekskludere matvarer frå kosthaldet mitt utan grunn, eg vil ikkje gå inn for å leve utan kjøtt, utan mjølk eller uten gluten. Eg er heilt for å redusere inntak av kjøtt og av sukker – men eg trur ikkje på ”alt eller ingenting”-taktikken. Denne kokeboka passar derfor perfekt for meg! Her er det mykje inspirasjon til frokost, lønsj, middagar, kveldsmat, snacks osv. Ingen ingrediensar er forbudte og dei aller fleste oppskriftene består av råvarar ein kan finne i ”normale” butikkar. Og best av alt – oppskriftene er enkle og gjennomførbare, sjølv for slike klønar som meg!

August – Ei bok frå 2017: Glasshjerte av Torkil Damhaug  (Omtale her)

September – Ei bok av ein debutant: eg klarte ikkje å velgje berre ei, begge desse to er blant mine absolutte favorittar!
1. «veke 54» av Agnes Ravatn (LINK)
2. «Skråninga» av Carl Frode Tiller

Oktober – ein Klassiker  Eller tre … klarte ikkje velgje her heller …så her er tre svært ulike 
1. «The Great Gatsby» av Fitzgerald – til den som vil ha litt action, fart og fine bilar… (OMTALE HER)
2. ”Jane Eyre” av Charlotte Bronte – til den som vil ha kjærleik og romantikk, smerte, sakn og lengsel
3. ”Anna Karnina” av Leo Tolstoy – til den som vil ha ein lang murstein og synke inn i; her er både humor, kjærleik og action

November – ein biografi: «Denne dagen, ett liv – En biografi av Astrid Lindgren” av Jens Andersen

        «Jag bara lever på och tycker att man ska behandla var dag som om den var den enda man har»

Desember – ei bok som har vore nominert til ein litteraturpris: ”Berge” av Jan Kjærstad (OMTALE HER)

 

37731715_1906939106016581_52106891127422976_n

BOKLISTER

I menyen til høgre – under «bøker» finns ein kategori som heiter «boklister». Tanken er å lage ein rekke inspirerande (forhåpetligvis!) lister – noko som kan hjelpe (både meg og også deg?) med å oppdage og gjen-oppdage bøker og forfattarar.

Her ligger mellom anna følgande lister:
 – sommerbøker
– ei bok per månad; lese-års-utfordring
– frå perm til skjerm; filmatiserte bøker

Kvifor lage boklister?
– desse er meint til å inspirere deg, til å finne «nye» forfattarar eller bøker eller begge deler. Lister som dette kan få deg til å lese noko nytt og annleis enn det du pleier å lese.
– Eg synes det er artig å «sortere»/gruppere bøker på ei anna måte enn etter sjanger, kronologi eller sortert alfabetisk

Korleis bruke boklister?
– la deg inspirere; kanskje finner du eit tema, ein forfattar eller ei bok som vekker interesse?
– Bruk mine lister til å lage ei eiga liste;

1) Til du som er som meg – du leser mykje kvar dag og har eigentleg altfor mange bøker du ønskjer å lese: Bruk lister til å sortere og avgrense, til å prioritere bøker. Velg f.eks eit tema som engasjerer deg, ein sjanger, ein forfattar og sett opp ei BEGRENSA liste med f.eks ti bøker.

2) Du som sliter med lese-motivasjonen til tross for eit genuint ønske om faktisk å lese meir: la deg inspirere og motivere – for om du faktisk lager deg ei liste tilpassa deg sjølv, di tid og dine ambisjonar og ser på det som eit artig lese-prosjekt – ja då blir det kanskje enklare å gå laus på lesinga enn om du «berre» skal lese for å lese. Du kan gjere det så enkelt at du velger deg ei bok å lese per måned – det blir tolv totalt i løpet av eit år og er ein veldig overkommelig mengde. Ikkje sett ambisjonane så høgt! Lag deg ei liste som motiverer deg og pass på å ikkje lage lista for lang og komplisert! Ta gjerne ein kikk på lista «Frå perm til skjerm» – der finner du fleire bøker som har blitt filmatisert/ serie-fisert (?). Eg finner iallfall mykje glede i å sjå filmar basert på bøker eg har lest!

3) Og til deg som er gått lei og trenger noko nytt: utforsk ein ny sjanger? Kanskje kan du sette opp ei liste med ei bok frå kvar sjanger – ein kriminalroman, ei sakprosabok, ein diktsamling, ei novellesamling, ein historisk roman, ei biografi osv… Eller du kan gå etter geografi og lese ei bok frå kvart kontinent? (På sikt kan du utvide den lista til å ha to bøker per kontinent og på sikt – ei bok frå kvart land?!)

Om å «oppdage» nye bøker – eit tips eller to:
Eg oppdager ofte nye forfattarar og bøker via appen og websida goodreads.com – ein slags IMDB for bøker! Her ser eg kva andre tenker om det dei leser, eg finner bøker som liknar på bøker eg alt har lese, eg finn sitat frå diverse bøker, informasjon om forfattaren, diskusjonstråder og forum, spørsmål og svar om aktuelle bøker og temaer; og kjekkast av alt – eg kan organisere alle bøkene mine der, digitalt, ved å legge dei i ulike «hyller». Samtidig registrerer eg også når eg starta å lese og korti eg blei ferdig med den aktuelle boka. Eg bruker også INSTAGRAM aktivt til å følgje bok-elskarar der; finner fort ut om vedkommende har noko lunne like smak som meg sjølv ut i frå kva dei deler. Eg er også aktiv på den norske nettsida bokelskere.no – ein litt «mindre» versjon av goodreads.com (Det finnes også mengdevis av grupper på Facebook – men her har eg i grunn slutta å følge med då veldig mykje går igjen og det stort sett er «typiske bestselgere» som blir anbefalt, og anbefalingane består dessverre svært ofte av såpass lite givande ord som «Denne er fantastisk!» og «Vakker bok!» eller «Må leses!» og min favoritt; «Umulig å legge fra seg». )

 

LEST I JUNI – DEL 4:

Her kjem siste del av månedsoppsummeringa frå juni. Del 1 finn du her , del 2 her og del 3 herDei tre bøkene eg las denne veka var alle solide femmarar! Storkosa meg med desse. Også på lydbok-fronten var eg heldig denne veka – sjølv om dei ikkje leverte heilt like godt som dei aller beste.

 

Kakerlakkene – Jo Nesbø; bok nr 2 i serien om Harry Hole
Screen Shot 2018-07-24 at 10.11.58
Handling:
Norsk ambassadør blir drepen på et ”hotell”/horehus i Bangkok – et dødsfall som gjer at myndighetene i Oslo er desperate for å skjule skandalen og sanninga om dette frå befolkninga. Harry sendes til Bangkok for å bistå i etterforskinga og oppdagar at dødsfallet her handlar om mykje meir enn horeri og drap.

Samstundes som denne saka foregår følgjer vi også utvikla i Harry Holes privatliv kor kampen mot alkoholen, kjærleikslivet, relasjonar til familie/syster står sentralt.

Boka kan lesast utan å lese den første (Flaggermusmannen – link til omtale her)
ettersom sjølve kriminalsaka er ny og boka har ein klar start og ein slutt. Eg anbefaler likevel å lese den første boka først ettersom ein i den vert godt kjend med Harry som person, noko – som for meg – gjer at eg får meir ut av dei andre bøkene.

Tankar:
Likar at tittelen på boka er så passanda – dette syntes eg Nesbø er usedvanlig god på; å få til ein viss form for symbolisme utan at det blir ”teit” og tilgjort, det blir ein naturleg del an handlinga som gjer at det er mogleg for lesaren å kunne dykke djupare inn i teksten og analysere og tolke dersom ein ønskjer der. Samstundes er ikkje det nødvendig for å forstå hovudhandlinga, så ein står fritt til å ”berre” lese frå A til Å, eller å velje å gå grundigare til verks og finne desse mange detaljane han har sneke inn i teksten. Diggar det! I dette tilfellet er det Kakerlakkene som er tittelen og som passar godt med handlinga ettersom heile saka handlar om meir enn det som synes på overflata (mordet), det er noko bak, noko som ”kravler og kryper bak veggene” (som det så fint står på baksida av boka) – noko som ikkje tåler dagslys. Noko som Harry Hole er bestemt på å finne ut av, og som han også klarar. Til slutt.

Likar også godt korleis Nesbø alltid får til å «snike» inn så mykje relevant og interessant fakta! Eg lærer mykje av å lese desse bøkene utan at det på noko tidspunkt som helst opplevast som «belæring» slik eg av og til kjenner det når andre krimbøker skal «undervise» meg i kriminal-faget.

Språkleg er eg også nøgd! Krimbøker er generelt ikkje den sjangeren kor språkleg kvalitet er den beste – ofte er det, dessverre, motsatt. Spenning, plott, osv er så mykje viktigare at språkleg kvalitet ofte får mindre merksemd, og det er jo logisk nok ettersom nettopp dette med eit sterkt plott og energisk spenningskurve er avgjerande for at ein skal la seg rive med. Sjølv om mange nok er ueinige (iallfall har diverse andre anmeldingar avslørt for meg at ikkje alle er like glade i språket til Herr Nesbø som eg er…) meiner eg at språket i desse bøkene er godt! Det heile er visuelt, eg ser føre meg kva som skjer – utan at skildringane er unødig detaljerte og lange. Det er rett på sak – men det fortelles slik at ein opplever handlinga framfor å «berre blir fortalt» kva som skjer. Ein står på scenen og observerer direkte det som hender. Og – ein blir ikkje fora med te-skjei heller her, heldigvis! enkelte thrillere og krimbøker har tendens til å gjenta seg sjølv, repetere og overforklare som om lesaren er ein idiot som ikkje skjønner meir enn nøyaktig dei orda som står skrivne svart på kvitt…

Eg diggar Nesbø pga … :
* Spanande plott
* truverdige karakterar
* rom for tolkning og studering av detaljar
* lettlest og godt flytande språk
* mykje humor
* naturlege dialogar

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27

 

Papirpiken av G. G. Musso — Denne perlen av ei bok kan du lese om HER
35576074_401481790336894_6930968985332613120_n1

Rødstrupe – Jo Nesbø; bok nr 3 i serien om Harry Hole

Boka opnar med ei hending kor Harry med maks uflaks skyter ein amerikansk agent frå Secret Service. For å skjule ”tabben” hans blir Harry forfremma og flytta til Overvakingspolitiet. Her blir han oppmerksam på ein sak om ein våpenliga etter at ein attentatrifle blir funnen i Oslo – ei rifle med røter i Johannesburg i Sør-Afrika. Saka og våpensmuglinga visar seg å henge saman med nynazists-miljøet i Noreg, og ein av dei sentrale skikkelsene i ligaen kjem frå innsida – enten innan politikk, politi eller anna maktposisjon i hovudstaden. Vi følgjer Harry gjennom denne saka. Vi følgjer også ein rekke andre karakterar her – sentralt knyta til Nazismen. Vi får også hoppe litt tilbake i tid – til andre verdens krig.

Trass i skiftet mellom notid og fortid, og at synspunktet vekslar mellom ein rekke karakterar blir det faktisk ikkje rotete eller uoversiktlege. Joda, det krev litt konsentrasjon, men med tanke på alle dei detaljane og all den handlinga som har fått plass på desse fire hundre sidene er det verkeleg godt satt i saman! Gjennomført både med hensyn til plott, historiske element, spenning og språk.
35999744_236081090316122_8573263251238813696_n
Du veit du har funnet deg ein god bok når du alt klokka ni byrjar å geispe (falskt) for å kunne gå å «legge» deg tidleg … Til sengs med Harry Hole betyr at eg legger meg ein time eller to før eg pleier … utan at eg får meir søvn enn elles…

Og igjen – som eg nyleg skreiv om bok nr to – finnes rom folk analyse og tolking. Og igjen henger tittelen heilt klart saman med saka.

OG; I denne boka utviklar privatlivet til Harry seg også – i litt større grad enn i bok nr to. Hint: kjærleik!

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27

((LYDBØKER))

1. The Elephant Vanishes – Haruki Murakami;
Les oppsummering og anmeldelse av dei sytten novellene HER

2. For evig – Sarah Jio
Valte denne for å få meg eit sukkersøtt avbrekk frå Nesbø si noko blodige krim … og eg fekk nøyaktig deg eg ba om. Boka vert nok løfta betydeleg av den dyktige Silje Storsten som leser på utmerka vis!

Vi følgjer Kailey som akkurat i starten av boka har fått livet skikkeleg på gli – ho arbeider som suksessrik skribent og er nyforlova med ein fantastisk mann; Ryan. Så endrar ting seg ganske brått i det ho får auge på ein heimlaus mann og kjenner han igjen som sin tidligare kjærast! Det er mange år sidan dei var saman men forholdet var spesielt og sterkt og noko ho har slitt med å legge bak seg. Han forsvann berre den gongen – ut av livet hennar, og ut av landet – antok dei då dei aldri høyrte noko meir frå han. Men no er han altså her. I byen. I hennar by. Heimlaus. Ein tiggar på gata. Ho klarar sjølvsagt ikkje berre å skyve dette under teppet og forsøker å hjelpe han, og å finne ut av kva som endte den gongen. Dette påverkar i sin tur relasjonen mellom Kailey og Ryan.

Historia vekslar mellom å fortelle om Kailey i no-tid, og tilbakeblikk på Kailey og denne heimlause mannens fortid saman.

Denne overraska meg positivt! Jau – den inneheld klisjéar i fleng, den er i overkant sukra og honningsøt, og den er også noko forutsigbar. Alt dette til trass – eg likte denne godt! Det er ei slik bok kor eg genuint kjenner at eg likar karakterane og heiar på kvar og ein av dei (sjølv om dei har sine feil og manglar – eller kanskje nettopp derfor; fordi dei framstår som menneskelege og ekte, og ikkje som ”overperfekte” pappfigurar).

Ei perfekt ”pause”-bok, kosebok, chick-litt, lettlest. Ein sjangar eg generelt unngår – stort sett – fordi eg som oftast blir skuffa. Denne er imidlertid blant dei betre i si sjanger, og eg anbefaler den trygt vidare til alle som vil la seg synke ned i stolen ein ettermiddag og berre la seg drøyme bort litt.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34

 

3. The Dead Ex – Jane Corry
Endeleg ein «psykologisk thriller» som ikkje ber preg av gjenbruk av tidligare plott! Endeleg noko litt nytt og originalt, ikkje banebrytande, men etter å ha lese ein del (litt for mange) psykologiske thrillere har eg blitt veldig lei og irritert over kort «Likt» dei ofte er bygd opp.

vi følgjer tre ulike karakterar/forteller-stemmer og to ulike tidslinjer i denne boka.

1. Vicki: NOTID
Den eine – Vicki – førti-noko-åring. Skilt frå mannen. Driver aromaterapi i sitt eiget private føretak. Handlinga startar ved at politiet dukkar opp heime hos henne og stiller ein rekke spørsmål knyta til eks-mannen hennar som er sporlaus forsvunne. Noko meiner å ha sett Vicki i nærleiken av heimet hans i tida før det hendte, noko ho nektar for. Sjølv lider ho av epilepsi og sliter mellom anna med at medisinen påverkar minnet. Ho veit ho er involvert på i eller anna måte men får det ikkje til å henge heilt i hop. Ho blir trekt meir og meir inn i saka og er til slutt usikker på kor skyldig ho er. Vi følgjer henne i denne tida mens ho blir etterforska og mistenkt. Vi får også innblikk i tida før dette hendte – i tida før ho blei skilt, i tida før ho blei ramma av epilepsi, i arbeidet ho hadde før. Og ja – alt har ein samanheng til slut. Akkurat som eg likar det.

2. Scarlett (fortid)
Vi følger også ei ungjente som veks opp med ei ustabil og småkriminell mor. Ho ”leiker” ulike leiker med mora – leiker som får ho til å hjelpe mora begå ein rekke lovbrot knyta til smugling av narkotika og kvitvasking av pengar. Heilt til mora ein dag blir fengsla og ho sjølv ender opp i ulike fosterheim.

3. Helen (notid)
Ei ung jente oppsøker David (Vickis eksmann) for å få arbeide for han som læring. Det er klart frå starten at ho har ein agenda og eit motiv, men vi veit ikkje heilt kva det er før heilt til slutten av boka. Ho sniker seg iallfall inn i livet til David. Men så forsvinner han jo plutseleg. Kva veit ho? Er ho skuldig? Er ho eit vitne? Kva veit ho?

Og – Korleis henger desse tre fortellingane saman?
Vel – det gjer dei iallfall! Og eg syntes forfattaren har fått desse historiene til å harmonere saman på ein strålande måte!

Vil beskrive dette som ei vellukka psykologisk thriller. Og innanfor den sjangeren er det – i mi, ydmyke menging – faktisk utruleg mykje ”drit” … dette er heldigvis ikkje del av drien så om du vil lese ein spennande og original thriller – this is it.

Eg klarer framleis ikkje bestemme meg for eit terningkast … så derfor får denne boka to! Ein firer som lydbok og ein femmer sånn i tillegg …for eg trur dette er ei av få bøker eg ville likt endå betre om eg las ho sjølv framfor å lytte til ho som lydbok. Rett og slett fordi stemma knytta til Vicki tidvis blei litt søvndyssende og eg «falt litt ut».

 

Tankar om: Noveller

The Elephant Vanishes av Haruki Murakami

Dette er ei novellesamling beståande av heile sytten noveller, fordelt på rett under tre hundre sider. Dei (fleste) er altså relativt korte. Dei er også lettleste og høgst underhaldande. Eg er generelt ikkje så glad i noveller, men det passa perfekt å lytte til desse på lydbok mens vi kjørte til og frå hytta! Det gav underholdning til samtlege i bilen og ga også rom for mang ein diskusjon – for desse novellene får ein til å tenke. Dei fleste har ganske opne endingar som gjer rom for tolking og ettertanke.

Screen Shot 2018-07-23 at 10.05.50Som lydbok er dette blant det betre eg har lytta til. Kvar novelle har si eigen opplesar, og kvar og ein av dei løyser oppgåva si på glimrande vis; god flyt i lesinga, innleving, stemmebruk som passar til dialog, passeleg tempo … Herleg!

Novellene bér preg av typiske Murakami-element; bisarre situasjonar, seksualitet, kvinner og menn, relasjonar, litt historie, litt sjukdom … og ein del mystikk! Trass i alvorlege tema som einsemd, sjukdom, sorg osv finnes óg humor – den er der heile vegen og gjer novellene til nokre skikkelege godbitar. Vellukka humor som ikkje opplevas som ”tvungen” eller ”anstrengt” – ”naturleg” humor som ikkje blir fjasete. Desse likte eg, og det gav meg lyst til å utforske novelle-sjangaren meir.

Samlinga inneheld desse novellene:
– The Wind-up Bird and Tuesday´s Women; ein arbeidsledig mann som er heime og steller i huset mottar uventa ein merkeleg telefonsamtale, deretter drar han på leit etter katta som er forsvunnen. Kort tid etter forsvinner også kona. Denne novella her er faktisk starten på romanen ”The Wind-up Bird Chronicle”

– The Second Bakery Attack
Ein mann fortel kona om ein episode frå ungdommen kor han og ein kamerat rana eit bakeri; eigaren tvang dei to gutane til å lytte til eit album av Wagner og i bytte mot dét skulle dei få så mykje brød dei berre ville. Ranet gjekk med andre ord ikkje heilt slik gutane såg det føre seg. Kona lyttar til historia og konkluderer med at mannen no lever med ein slags forbanning over seg og at den einaste måten å bryte forbanninga på er å foreta eit nytt slikt ran. Men ettersom klokka er halv tre om natta og alle bakeri er stengt, angriper dei heller ein McDonalds-restaurant.
– The Kanagroo Communiqué
Denne novella er rett og slett eit kassett-opptak laga av ein kunde-service-arbeidar som har mottatt ein klage frå ein kunde. Denne klagen klarar han ikkje å gløyme, så han spelar inn denne kassetten til ho som har klaga og sender den til henne i posten.
On Seeing the 100% Perfect Girl One Beautiful April Morning
Ein mann fortel om den gongen han såg den 100% perfekte jenta for nettopp han – det hendte heilt uventa på ei gate i Tokyo. Han forklarar óg kva som gjorde henne perfekt og korleis han berre visste at ho var den som for han er 100% korrekt, og han fortel om kva han ville gjort annleis om han fekk oppleve møtet ein gong til.
– Sleep; Ho, fortellerstemma, har ikkje sove på sytten dagar! Likevel er ho ikkje trøytt. Ho held situasjonen for seg sjølv – seier ingenting til mannen sin – og utnytter dei ekstra timane som oppstår pga mangelen på søvn til å gjere ting ho elles ikkje gjer – som å lese lange bøker (Anna Karenina), ete sjokolade og køyre rundt på må-få i bilen sin.
– ”The Fall of the Roman Empire, the 1881 Indian Uprising, Hitler’s Invasion of Poland, and the Realm of Raging Winds« Dette er ein manns dagboksnotat, prega av unike frasar som skal mine han på dagens hendingar. Akkurat denne novella her skulle eg gjerne ha lytta tile in gong til, for eg fekk ikkje heilt taket på den.

– Lederhosen
* Favoritten min av desse!
Ei kvinne fortel om kva som utløyste skilsmissa mellom foreldra hennar; nemleg ein tur i Tyskland kor ho blei nekta å kjøpe “lederhosen”-bukser med seg heim til mannen fordi butikkens “policy” har bestemt at ingen bukser skal seglast utan å personleg vore tilpassa til kjøparen. Ho nektar å gje seg, og finner ein framand mann som liknar litt på mannen og ber han stille opp som eigar av desse buksene.
– Barn Burning
Eks-kjærasten til forteljarens kjærast avslører at han har ein hemmeleg mani for å tenne på låvar, og at ein ny brann er uunngåeleg. Kort tid etter at han røper dette forsvinner kjærasten …

– The Little Green Monster
Eit lite grønt monster dukkar opp i hagen til ei kvinne. bryter seg inn i huset hennar og forsøker å innleie eit kjærleiksforhold til henne. Monstret har evna til å lese tankane hennar og ho utnytter det til å holde han unna.
– Family Affair
Ein krangel mellom ein mann og veslesystera om hennar nyaste kjærast.
– A Window
Ein avgangselev får eit års arbeid i ”The Pen Society” kor han har ansvaret for å svare på medlemmene sine brev, samt gjer tilbakemeldingar og karakterar på skriveriene deira. Etter at dette eine året med arbeid er avslutta tek han personleg kontakt med ei av dei han har hatt brevkontakt med.
– TV people
TV-folka installerer eit nytt TV i leilegheita til hovudpersonen. Desse folka er små – ca 20-30% mindre enn vanlege folk – noko kona ignorerer når han snakkar om det. Så dukkar TV-folka også opp på kontoret hans. Han nemner det til kollegaene, men dei skundar seg då berre med å bytte tema. Så forsvinner kona.
– A Slow Boat to China
Ein mann frå Tokyo reflekterer over relasjonen sin til det kinesiske folket.
– The Dancing Dwarf
Ein mannleg tilsett ved ein elefant-fabrikk (?!) drøymer ein nått om ein dansande dverg. Så får han høyre at denne dvergen verkeleg eksisterer og at han dansa for kongen før revolusjonen. I ei anna drøym inngår han ein avtale med dvergen om at han skal ”kapre hjartet” til ei vakker jente han arbeider med.
– The Last Lawn of the Afternoon
Etter å ha gjort det slutt med kjærasten har han ikkje lenger same behov for inntekt, og den stolte gartnaren bestemmer seg for å slute i arbeidet. Han forteller om sitt siste arbeidsoppdrag i Yomiuri Land
– The Silence ein amatør-boksar fortel om ein tidligare krangel/slåsskamp han frå ungdomstida, ein episode som har forma han I stor grad.
– The Elephant Vanishes
I ei lita bygd bur ein elefant – ho har fått sitt eige hus og område etter at byens dyrehage blei nedlagd og solgt, og ingen ville ha elefanten. Men så ein dag er elefanten borte vekk! Han som forteller oss historia er den siste som såg elefanten.

Favorittane mine blant desse mange godbitane er:
1. Lederhosen
2. The Kanagroo Communiqué
3. The Elephant Vanishes

… eg berre … ?! Ei bok sendt frå himmelen!

Har du nokon gong opna ei bok – heilt på måfå? Ei bok du ikkje har høyrt noko om – kor verken forfattar eller tittel gjer deg assosiasjonar? Har du nokon sinne opna ei bok og likt ho så godt at du ikkje ville legge ho frå deg igjen? Likt boka så godt at ho blir med deg på do … at du helst vil ha ho med deg mens du dusjar, handlar, lagar mat og alt anna? Ei bok du elskar – utan å heilt klare å sette ord på kvifor? Det har eg. Og det er den boka eg vil skrive litt om. No.

”Papirpiken” av G. G. Musso
Kor skal eg starte?
Frå starten, kanskje…

Det var ein gong ei leseglad, relativt ung kvinne, som nettopp var ferdig med krimboka si. No skulle ho starte på ei ny bok, og ville ha noko heilt anna enn krim; noko feel-good, kanskje. Noko søtt og klissete? Ja, jo. Perfekt. Så, ho stilte seg opp framføre si stappfulle bokhylle. Scanna hyllane frå topp til botn. Frå høgre til venstre. Frå botn og ned. Tok ut ei bok. Og ei til. Og endå ei. Tre gode kandidatar som alle saman sto på den utømmelege ”skal-lesast”-lista hennar. Ho såg på dei., studerte utsjånaden, skrifttypen, sidetantalet, bladde fort i sidene for å sjå korleis skrifta var – lita og kompakt eller stor og romsleg? Dei trøytte augo ville gjerne ha sistnemnte alternativ. Og så sa det blaff. Og Puff. Og ein støvsky tok opp plass i den elles så stuereine lufta framføre ho.

Mens støvpartiklane blafra såg ho seg rundt eller kjelda til forstyrringa. Og blikket følgde støvpartiklane i si ferd – fanga av tyngekrafta og i sakte fall mot parketten. Der landa dei. Eit og eit støvfnugg. Og ei bok. Ho må ha ramla ned frå øvste hylle; det er den einaste hylla som kan ha samla seg opp litt støv, for ho når ikkje heilt opp dit med støvkluten sin. Boka kan ho ikkje hugse å ha kjøpt. Det må vere lenge sida. Støvmengda bekrefta det, for det tek tid å samle opp såpass mykje støv!

Ho sukkar. Oppgitt. Tenker ho kanskje burde vaske huset i staden for å lese. Så, ho setter bøkene tilbake i hylla. Tenker at ho får tenke og gruble over bokvalet mens ho gjer huset skinnande reint. Det er alltid betre å lese i nyvaska omgivingar uansett! Ho setter dei tre bøkene tilbake. Den støvete tek ho med seg for å tørke av med ein klut. Papirpiken, står det på den. Jaha… Og forsida er pryda av ei avkledd dame. Kva slags bok er dette då? Eit kjapt blikk på første side. Ein rekke overskrifter, henta frå diverse ukeblader og avisar. Neste side også. Artiklar og utdrag – skriverier og sladder om ein forfattar og trilogien hans, om privatlivet, om kjærasten. Kva pokker? Ein bok baser på sladderblader? Spanande konsept, tenker ho. Men …så slitsamt å lese ei heil bok fortalt via utklipp av sladderblad? Ho blar litt til. Og bokas stil endrar seg. Vekk er overskriftene og sladderen, som viser seg å være ein slags fengande prolog. Så startar historia.

Klokka halv seks på kvelden er hybelkaninane framleis høgst levande. Dei har kanskje til og med vekse seg endå litt større no? Magen rumlar og boka må kvile…Heile dagen forsvann inn i Papirpiken.
35576074_401481790336894_6930968985332613120_n

Det var ein gong …
Eg fann altså ei bok eg ikkje hadde planar om å lese. Ei bok som fenga meg noko så utroleg at eg slukte ho på ein dag. (Det blei riktig nok ikkje gjort stort anna denne dagen…)

Boka er ikkje noko litterært meisterverk – det må eg jo berre seie. Språket er godt, men ikkje noko ”utover det vanelege”. Det er kort, presist. Tidvis morosamt og vittig. Tidvis briljant og originalt. Innimellom er det også svært vanleg, forventa, gjennomsnittleg … Men språket formidlar fortellinga på ein fengande måte og boka er verkeleg til å sluke. Ei slik bok kor eg berre må lese litt til. Litt til. Litt til. Ei bok eg vil lese ferdig med ein gong, samstundes som eg ikkje vil at ho skal ta slutt.

Fortellinga er sær. I mangel på eit betre ord. Kort fortalt handlar det om ein forfattar som har gått på sitt livs smell. Brudd med kjærasten og skrivesperre. Han klarar ikkje levere det tredje og siste bindet i trilogien som avtalt med forlaget. I tillegg viser det seg at hans beste kamerat og agent har rota det til for dei begge to med økonomien. Han lever på piller. Han lever i sjølvbedøving. Stenger ute alt og alle. Den økonomiske situasjonen presser på. Han stenger ute alt og alle. Venene når ikkje inn til han. Situasjonen verkar til å vere fullstendig fastlåst. Men så … Så dukkar HO opp. Frå intet! Har han blitt galen? Psykotisk? For HO er ei av karakterane frå boka! Og ho har kome heim til han for å få han til å skrive. Seier at ho kjem til å døy om han ikkje gjer det. Han er redd. Trur han er galen. Rømmer. Ho følgjer etter. Han blir forsøkt tvangsinnlagt. Ho hjelper han å stikke av…Dette er berre starten på boka… Vi følgjer han og denne jenta i si flukt. Er ho ekte? Er han gal? Vi følgjer også hans to næraste vener som forsøker å hjelpe han. Ein rekke andre forviklingar oppstår også. I tillegg til denne action-fylde og spennande fortellinga får vi også innsyn i fortida og får sjå korleis dei tre har vekse opp saman og kor sterke banda mellom dei er.

Rotete? Kaotisk? Tullete? Nei, nei. Ja.

Heile handlingsforløpet er komplekst og vi følgjer ulike karakterar vekselvis gjennom boka. Det blir likevel aldri komplisert eller forvirrande. Men tullete, ja. Absolutt! Konseptet er bisart. Men det fungerer. Dette er spennande, engasjerande, morosamt, vittig, sjarmerande … Noko av det som nok gjer at eg elskar denne boka er at det heile tida fins ein samanheng mellom alt som skjer – sjølv detaljar frå tilbakeblikka på fortida henger saman med det som skjer no. Ingenting av det som står i boka er ”unødvendige” detaljar. Ein annan stor pluss er at boka er blotta for ”transportettappar” – altså skjer det noko ”relevant” heile tida. Innimellom, eller ganske ofte … leser eg bøker og tenker at ein god del ord med fordel kunne våre droppa, at boka bruker plass og til på ting som i grunn ikkje har noko å seie for plottet, bøker som blir langdryge. Det skjer ikkje her!

Dette er ei slik bok som eg reint objektivt kan sjå at folk nok vil ha veldig delte meingar om. Eg trur ikkje dette er ein bok for alle. Men eg er overbevist om at dei som likar ho kjem til å like ho VELDIG godt. Dette er ei ”kjapp” bok kor ting skjer heile tida. Det er ei bok med mange detaljar som heng i saman, ein fin raud tråd som forbinder det heile. Boka inneheld element frå fleire ulike sjangrar og er ein slags suppe av drama, komedie, fantasy, thriller, krim og spenning. Kjensler, kjærleik, action, blod, tårar, latter, bøker, familie, relasjonar, karriere … Mange tema og mange sjangrar i eksepsjonell harmoni!

Men …..
Som alle andre gode ting har også boka ein slutt. Og den … nei fy! Hadde det ikkje vore for dei siste tretti sidene ville boka fått ein seksar av meg. Eg HATA slutten. Har dog lese ein god del andre anmeldingar og dei fleste verker heller til å like slutten godt, så dette er nok smak og behag. Til tross for at eg ikkje likte slutten, så elska eg heile vegen fram mot slutten såpass mykje at eg likevel kan seie at eg elska denne boka!

Så les denne om du:

  • vil lese noko ”nytt” og originalt
  • vil ha ei bok som lever opp til begrepet ”page turner”
  • vil le
  • ønskjer å bli oppslukt av ei bok
  • ikkje er så glad i krim, men likevel vil lese noko med spenning
  • er open og villig til å gje ein litt sær bok ein sjanse

vil oppdage ein herleg forfattar som fortener å bli lese av flerie!
(Eg har alt bestilt og starta på nok ei bok av same forfattar, og slukte halve boka på ei leseøkt i går…)

Lest i juni – del 3

 

The Great Gatsby – F. Scott Fitzgerald

Amerika. 1920-åra.
Jay Gatsby lever ut draumen om det gode liv – rikdom, festar, bilar, menneske, luksus! Men det er ein ting han ikkje har – draumedama, Daisy. Men – naboen til Jay Gatsby kjenner denne Daisy (dei er søskenborn) og det veit Gatsby å utnytte. Så han stifter bekjentskap med bokas hovudkarakter for å komme i kontakt med Daisy.

Boka startar i det hovudpersonen, Nick Carraway, drar for å besøke kusina si Daisy og mannen hennar Tom. Her treffer han også den berømte golf-spelaren Jordan. Det er også her han får høre meir detaljar og rykter om naboen sin – Gatsby. I løpet av denne sommaren blir Nick meir og meir involvert i liva til Daisy, Tom og Jordan. Og han blir også gode vener med naboen. Noko ved deira lukrative liv og rikdom verker forlokkande på han. Då Gatsby ber han organisere eit møte mellom han sjølv og Daisy, klarar ikkje Nick anna enn å gjere som han får beskjed om.

Kjærleiksdramaet som utspelar seg deretter utløyser ein rekke andre hendingar – skikkeleg domino-effekt!
Screen Shot 2018-07-07 at 10.46.19
Dette er ein av dei store klassikarane.
Eg sleit litt med å lese boka – rett og slett fordi eg las ho på engelsk og språket ikkje var like ”rett fram” som i meir moderne bøker. Men når eg først kom inn i handlinga flaut det ganske lett. Skjønner godt at dette har blitt ein klassikar! Likar veldig godt korleis alt blir fortalt utan at det blir sagt direkte – som lesar får ein oppleve scene etter scene kor handlinga utspelar seg. Eg følte at eg opplevde og observerte heller ann at eg blei fortalt kva som hendet – sjeldan god fortellerteknikk! Likte også veldig godt korleis humor og sarkasme har fått spele ein rolle her utan at det blir ”tvungen” humor eller kunstig. Mykje skjult humor. Og her står det mykje mellom linjene som gjer at ein kan velje å verkeleg lese nøye og analysere om ein vil. Ein kan også ”berre” lese boka og likevel få mykje ut av ho.
Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27
Flaggermusmannen – Jo Nesbø

Screen Shot 2018-07-07 at 10.46.52

Den første (av ti) boka om Harry Hole. Eg las desse i hytt og pine for ti-tolv år sia og har gløymd det meste innan no. Så det var artig å lese frå starten av etter så lang tid.9788203197765_3ef7680bacd25079f2a333d63a88cdadbd133bc6_x300

Eit mord på ei norsk dame i Australia fører til at Harry Hole blir sendt av sted for å bistå med etterforskinga. Det nede blir han satt til å samarbeide med politimannen Andrew (noko denne Andrew sjølv sørger for etter at han hentar Harry på flyplassen og ser at dei to verker til å ha god kjemi seg i mellom). Dei arbeider tett saman i etterforskinga av ein sak som viser seg å vere meir samansett enn antatt. Etter litt tid gjer det tette samarbeidet med Andrew at Harry får ein idé om at denne Andrew veit meir enn han seier – og at Andrew forsøker å gje frå seg små hint for å peike Harry i riktig retning. Er Harry innbilsk? Veit Andrew meir enn han seier? Er han sjølv innblanda? Kvifor alle desse historiene og hinta? Harry lager seg mang ein teori og trur fleire gonger han har løyst saka. Han treffer til sist. Iallfall nesten. Saken blir oppklara, men til ein dyr pris.

Foruten sjølve drapssaken får vi ein del innblikk i Harry si fortid – tidligare relasjonar, familie, og karriære – særleg ein episode med betyding.

PLUSSAR:
+ spenning på høgt nivå!
+ språket; fargerikt, kreativt, humoristisk og blotta for klisjear
+ mykje humor og latter til tross for alvor og spenning
+ mykje spanande informasjon om Australia og aboriginane

MINUSAR:
– Enkelte overgangar mellom scener er dårleg markerte og eg trudde eit par gonger at eg hadde bladd over nokre sider eller at det mangla noko. Burde vore markert med eit ekstra mellomrom, eller ei stjerne eller liknande.
– Enkelte scenar (slåsskampar, særleg) er ganske mykje lengre enn kva eg personleg likar. Likar godt action og spenning, altså, men innimellom blir det litt for mange detaljar (høgre hand treffer venstre tinning og så dukker han, og så bla bla bla….) utan at det fører til noko av betyding. For mange lesarar er kanskje dette motsett – at dette er eit slags høgdepunkt – men for meg blei det litt for mykje og eg meiner at litt strengare redigering av teksten ville heva nivået heller enn å redusere det.

STERK : Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34

* Må også tilføye at det er ekstra artig å lese desse bøkene no, for eg ser så tydleg at Nesbø har endra og utvikla seg som forfattar! *

Veke 53 – Agnes Ravatn

Ikkje la eit noko keisamt omslag lure deg – er det ein gong dette med å «ikkje døme ei bok by its cover» teller så er det no!
Screen Shot 2018-07-07 at 10.43.57
Har tidligare lese Fugletribunalet av same forfattar – ei av få bøker eg har trilla terningkast seks på. Og også med denne boka leverer ho eit lita meisterverk! Dette er debut-boka til Ravatn, og det er nesten ikkje til å tru for denne boka er solid gjennomført; ikkje eitt ord for mykje, ikkje ein setning for lite, truverdige karakterar, morosame scener og situasjonar, ein raud tråd gjennom det heile, originalitet og sprudlande energi.

Boka handlar om den middelaldrande lektoren Georg. Vi følgjer han i tida fram mot jul. Ei tid kor ein rekke store og små situasjonar opnar for å gjere endringar i livet. Endringar han på sett og vis har leita etter lenge kan det verke som; han har gjort ein del dumt, han har hamna i ein livssituasjon som han ikkje akkurat drøymde om, og det verker som om han stadig søker etter noko nytt og betre, samstundes som han også er redd for å sleppe taket i det han har.

Eg tenker det handlar om livsval, om livet som ikkje blei som tenkt, om nye sjansar, om å tørre å satse nytt, om sakn, om håp, om vil og om tru. Heile denne litt små-dystre situasjonen er skildra på humoristisk vis! Språket er presist, originalt og vittig!

Og om ein må være litt kritisk og så kan eg nevne to små ting som trakk bitte-litt ned;
1) Boka slutta – for min smak – litt for brått. Eg sakna litt mer avklaring. Samstundes er dette kanskje i grunn berre eit skikkeleg sjakk-trekk for det fekk meg jo til å gå å gruble og tenke ein god stund etter å ha lukka boka.

2) Innimellom blei det litt for mykje va det gode (flasketuten pekar på-scena) slik at eg ikkje heilt ”trudde på” det som hendte.

Om du er fan av forfattarar som Marit Eikemo, Ragnar Hovland o.l så er dette definitivt ei bok for deg.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27

 

Lydbok:

The World as We Know It – Joseph Monninger
Kort sagt: Oppvekstroman med natur og menneske-relasjonar i fokus. Tema: Kjærleik, natur, familie, relasjonar, oppvekst, sorg.

7a38a6444cb18661d810354e4409bd84-a00f0af8
lengre sagt:
Dei to brørne Ed og Allard stifter eit livslang venskap med nabojenta Sarah då dei redder livet hennar etter at ho har gått gjennom isen. Ho og Allard utviklar eit spesielt sterk band og blir med tida kjærester. (Her tenke eg at ”å nei – no kjem det klassiske trekant-dramat inn i bilete” – men det gjorde det ikkje! Takk og pris!) Sarah og Allard sitt forhald er sterkt og unikt. Vennskapet mellom dei tre er også sterkt, utan at dette fryktede kjærleikstriangelet får skje. Med tida arbeider dei saman – filmar og skrivar om diverse tematikk innan natur og dyreliv – og dei to brørne setter livsdraumen sin om eiget filmselskap til livs. Så kjem det endringar – rett før Allard og Sarah sitt bryllaup reiser dei to brørne på ein siste tur saman – ein skikkeleg fjelltur med telt og fiskestong. Men så skjer det noko, ei ulukke, som snur alt på hovudet.

Positivt:
+ karakterar ein lett likar og ”heier på”
+ flotte skildringar og bilete
+ truverdige karakterar med dybde

Negativt:
– Slutten; den blir for sukkersøt. Og i mi meining ville heile boka vore betre utan ein ”happy ending»
– tidvis litt langdrygt med unødige detaljar om relativt uvensentlege ting
– ein del feil-informasjon knytta til natur og dyreliv.
– Litt ”flat” spenningskurve

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34


Song of the Skylark – Erica James

Screen Shot 2018-07-07 at 10.39.04Parallellhistorie kor vi følgjer to ulike karakterar gjennom kvar si historie – Lizzie på rundt tretti år, og nittifem år gamle Mrs. Dallimore. Lizzie har rota livet litt til for seg sjølv – og også for dei rundt seg – og må flytte heim til foreldra mens ho stablar livet sitt opp igjen. Sidan ho går rundt utan arbeid får Lizzie si mor henne til å hjelpe til på eit eldresenter. Der får ho god kontakt med særleg ei av bebuarane; Mrs. Dallimore – som høgst ufrivillig har måttet flytte inn på pleieheim grunna at alderdomen har svekka henne.

Vi følger Lizzie si historie som handlar om val ho har tatt, korleis ho alltid rotar ting til, korleis det er å bu heime som vaksen og vi følgjer henne på jakt etter nytt arbeide og ein ny start – ein prosess kor ho omsider ser ut til å bli litt vaksen. Samstundes følgjer vi Mrs. Dallimore som gjennom samtalar med Lizzie forteller si historie – om hennar oppvekst, korleis ho endte opp i England, om tida før, under og etter krigen (WWII).

Det er nok via denne beretningen at Lizzie blir påverka nok til å innsjå kor godt ho har det, at hennar uflaks er ein bagatell å rekne samanlikna med Mrs. Dallimore. Det er nok poenget at Lizzie skal sjå at ho ikkje er den einaste som begår feil, at det ikkje er for seint osv… Altså at Mrs. Dallimore si fortelling skal påverke ho til å bli ein betre versjon av seg sjølv – hvilket også skjer.

Og … det er kanskje dette som gjer at eg ikkje er så begeistra, for eg føler at nesten alt i denne boka er ”oppbrukt” – noko eg har lest liknande av før. Kjærleik og familiekonfliktar og andre verdens krig i fortid. Kjærleik, familiekonfliktar i no tid. Det lar seg i grunn ikkje samanlikne… Dessutan var Mrs. Dallimore 17 år då ho forlèt Amerika og reiste til England. Ho var så ung … Lizzie er over tretti… Å samanlikne seg med ein syttenåring … og ein syttenåring som levde i krigstida? Det er jo ikkje samanliknbart. Ikkje i det heile tatt… Følte også at dette med at ”ein gamal person” som treffer ”eit yngre menneske” og ”fortel si livshistorie” og dermed påverkar denne yngre til å ta betre val eller endre livet sitt er noko som er så oppbrukt og vanleg at eg ikkje blei berørt i det heile tatt. Synes heller ikkje heilt om korleis det verkar som om forfattaren forsøker å skape sympati for Mrs. Dallimore ved å brette ut om alt det fæle som har hendt ho og alt det gode ho sjølv gjorde – her framstår ho som ein stakkar som mister alle rundt seg og som sjølv aldri gjer noko feil. Ei sterk dame, ja da, men ikkje noko meir – ingen karaktertrekk som får meg til å like ho eller bry meg. Ein får sjølvsagt sympati, men ikkje fordi ein likar personen – ein får sympati på grunn av alt dette fæle ho opplever. Eg sakna med andre ord å bli kjent med personen Mrs. Dallimore og ikkje berre historia hennar.

Heller ikkje Lizzie klarte eg å like … ei tretti år gammal dame som oppfører seg som ein bortskjemt sekstenåring. Og så kjem denne omveltinga kor Lizzie og Mrs. Dallimore skal ha god innflytelse på kvarandre. Dette er berre så forutsigbart, og så utroleg oppbrukt.

Eg fullførte jo boka… men syntes den blei langdryg, forutsigbar og ja… keisam. Rett og slett. Det gav meg ikkje noko særleg. Klisjéar opp og ned i mente. At vi i tillegg, til tider, følger andre karakterar – som Lizzie sine foreldre, broren og kona til broren – syntes eg heller ikkje fungerer så godt. Hovudfokuset er på Lizzie og Mrs. Dallimore, og dei andre karakterane fortel frå sitt ståsted i berre små brøkdeler av boka – noko som i grunn ikkje tilfører historia særleg mykje.

Kanskje er eg sur og bitter og krass. Kanskje er eg kresen. Kanskje sto eg opp på feil fot kvar dag mens eg lytta til denne boka. Kanskje … Eller så er det slik at boka er litt ”oppskrytt” – for ho roses opp i skyane i omtalar på Goodreads.com . Dei fleste er begeistra i boka og anbefaler ho sterkt. Så – du får ta mine tankar meg ein solid klype salt (eller kanskje heller litt sukker i dette tilfellet) og sjølv vurdere om dette er noko du vil lese.
terningkast_3

RESTEN AV JUNI-LISTA:

 Del 1 – omtalar her:

  • Vi kan ikkje eige kvarandre – diktsamling av Arne Ruset
  • Levende og døde i Winsford – Håkan Nesser
  • Snokeboka av Lisa Aisato
  • Glasshjerte – Torkil Damhaug
  • Barnepiken – Kathryn Stockett

Del 2 – omtalar her:

  • Norwegian Wood – Haruki Murakami
  • Heart Like Mine – Amy Hatvany
  • En dag i juni – Martina Reilly

OG – del 4 kjem snart:

  • Kakkerlakkene – Jo Nesbø
  • Papirpiken – G. Musso
  • Rødstrupe – Jo Nesbø
  • The Elephant Vanishes – Haruki Murakami
  • For evig – Sarah Jio
  • The Ex – Jane Corry

 

Lest i juni – del 2


BOK:

Glasshjerte – Torkil Damhaug starta veka med å lese ferdig denne boka … (omtale her), før eg gjekk laus på neste godbit:

Norwegian Wood – Haruki Murakami
Dette er nok ei dei mest kjende bøkene til Murakami. Tittelen høyres nok også kjent ut for dei som ikkje har lese boka – den referer til Beatles-songen med same tittel. Og det er med denne songen at heile boka starter: Vi treffer på hovudpersonen – ein mann i midten av trettiåra – i det flyet hans landar og denne songen spelar lågt i bakgrunnen. Songen vekker minner hos han, til ei spesiell tid, og til nokre spesielle menneske som har prega livet hans i stor grad. Deretter fortel han oss om denne tida i starten av tjueåra – om den jenta songen minner om, og om dei to tinga ho ba han om den gongen: Om at han må kome tilbake og besøke ho, og 2) at han aldri får gløyme ho.

”Slik ting er i dag, forstår jeg hvorfor hun ba meg om ikke å glemme henne. Naoko visste det selvsagt hele tiden. Hvilket gjør det hele enda mer uutholdelig. Naoko elsket meg ikke engang.”

Så starta rein fortelling om kjærleik, relasjonar, seksualitet … det handlar om å finne seg sjølv, om å finne sin plass i verda, si rolle, om å knyte band til andre. Om livet og om døden. Og å bli vaksen. Om å forbli ung. Om å gå vidare i livet. Og om å halde fast på minna… Mange tema tas opp her og boka er – i mangel på eit meir originalt ord: VAKKER.

Unknown

Av alle Murakami sine bøker er denne blant dei ”mindre absurde” – så om du er Murakami-jomfru og generelt ikkje så begeistra for ”bisarre” element (som pratande kattar og botnlaus brønnar…) er denne boka her ei god bok å starte med!

Mitt første møte med denne boka var lydbokversjonen som ligger på Storytel – på engelsk og meisterleg utført av John Chancer. Så las eg boka sjølv, halvanna år seinare – på norsk denne gong. Likte boka godt første gong. Elska ho andre gong – for då eg las sjølv fanga eg opp ein del detaljar som gjekk meg hus forbi første gong. Denne boka høyrer til på topplista mi.

Screen Shot 2018-07-05 at 09.43.57

I denne boka finner eg alltid «nye» gullkorn og sitater eg merker meg … mykje dybde, mange kjensler, og heldigvis også ein solid dose humor.

Screen Shot 2018-02-12 at 09.19.45

LYDBØKER

Heart Like Mine – Amy Hatvany
* Nedtur! *
For å oppsummere nedturen med eitt ord: SNORK.

Eg valte boka på bakgrunn av første-inntrykket eg fekk – lettlest, koseleg, enkel å følgje med på, rein underhaldning; eg ville ha ei lett kosebok, noko om kjærleik og relasjonar, noko varmt og rikt på kjensler. I tillegg likte eg opplesaren si røyst då eg tjuvlytta på eit utdrag før eg bestemte meg. Har mange gonger opplevd at ein dyktig opplesar med god røyst og innleving får sjølv dei ”dårlege” bøkene til å bli underhaldande som lydbok. Men denne gongen, nei. Hadde eg lese boka sjølv, utan lydbok, trur eg neppe eg hadde kome halvvegs.
15802442
Kort om handlinga:
Når ei ung og tilsynelatande frisk mor døyr heil uventa, får Grace brått eit mykje større ansvar enn ho nokon gong hadde føretilt seg – for ho er nemleg nyforlova med Victor (mannen til den avdøydde mora). Ho må brått takle rolla som stemor, og som lukkeleg forlova – korleis skal ho te seg midt i all denne sorgen? Er det plass til ho? Vi følger Grace som forsøker å gjere alle til lags, samstundes som ho tek vare på seg sjølv. Vi følger også den eldste av dei to borna – som, som forventa, sliter med å tilpasse seg eit liv utan mora, og som i varierande grad slepper Grace inn. Vi følger også den avdøydde mora – litt i no-tid, men mest i fortid – og får innblikk i oppveksten hennar.

Eg sleit med å like boka fordi:
* eg ikkje følte noko særleg for karakterane … det skjer ein del triste ting som liksom berre ramses opp og via desse hendingane får ein jo sympati med karakterane – men eg sakna noko meir enn ytre omstendigheiter, eg sakna særpreg, eg sakna noko som skulle få meg til å like karakterane utover det å kjenne medynk.
* Det var ikkje noko nytt eller uventa her i det heile tatt. Eit dødsfall, ein ”broken family”, to born, ein far og farens nye kjærast. Eg har liksom lese ein del slike fortellingar med tida, og for å få noko ut av ”nok eit slikt plott” må NOKO vere nytt eller uventa. Her kjem alt som forventa, og det blir aldri spenande eller spesielt. Det blir liksom berre ”nok ei bok”.
* Synes også det var litt merkeleg at synspunktet/fortellerstemma veksla mellom tre av karakterene – mora, dottera, og den ”nye” mora – mens ektemannen og sonen ikkje fekk fortelle noko. Hadde vore interessant å sjø ting frå deirar synsvinkel óg. Her var det kun damene som fekk sagt sitt … kvifor det?

terningkast-2

 

En dag i juni – Martina Reilly    * Etter ei lita nedtur kjem alltids ein: Opptur! *

Valte denne heilt på må-få! Og etter forrige nedtur var ikkje forhåpningane så store, må eg innrømme. Eg leita framleis etter ein ”kosebok” … Og eg fant, eg fant! Dette er skikkeleg feel-good, lettlest, morosamt og samstundes også litt trist. Feel-good-litteratur i mi gate, altså! Med feel-good meiner eg forresten at det er ei bok eg leser utelukkande for å nyte – ikkje for å forvente eit litterært meisterverk eller djupe og filosofiske tankar … Kose-bok. Rett og slett!

Historia i boka fortelles via to ulike karakterar– Max og Sandy – som byter på å fortelle. Dei kjenner ikkje kvarandre, men dei kjenner til kvarandre. Max pleier nemleg å gje ein kaffikopp til Sandy kvar morgon på veg til jobb. Ho er heimlaus. Han er ikkje det. Utover denne kaffi-kopp-utvekslinga har dei ingenting med kvarandre å gjere. Ikkje i starten, iallfall. Så ein dag kjem ikkje Max. Og ikkje dagen etterpå heller. Sandy starter å leite etter han for å finne ut kva som har hendt, og via denne jakta får dei to kontakt og utviklar eit spesielt band. Samstundes som vi følgjer desse to i no-tida, får vi også innblikk i oppveksten deira og får sjå korleis dei har endt opp slik dei har.

Dette er ei slik bok kor eg blir engasjert og glad i karakterane – kjenner at eg heile tida ”heier” på Sandy og Max. At eg ønsker det skal gå bra … At eg vil ha ein sukkersøt slutt på det heile.

25415706

Tema her er mange … mellom anna tenker deg det handlar om å våge å starte på nytt, om å tørre og ta tak i fortida si, om å ikkje løpe frå problema, om å stole på andre, om å tørre å utsette seg sjølv for det som er ubehageleg for på sikt å få det betre … Om å ta eit oppgjer med seg sjølv, rett og slett. Og ellers også– kjærleik, familie, oppvekst, samfunn, relasjonar, ansvar …

Kort sagt opplevde eg denne som høgst sjarmerande!
Skal du ha deg ein kosete-bok i år … ja, då veit du kva du kan gjere. Lån denne, kjøp denne, eller finn ho på Storytel.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34 (Ein meget sterk firar!)

 

 

Lest i juni – del 1

LESEUKA 4. – 10 juni
Jeg leste så mange bøker (30-isj) i juni at jeg ikke vil omtale alle på én og samme tid. Har derfor delt det opp ukes-vis. Første uka i Juni leste jeg følgende:

  • Vi kan ikkje eige kvarandre – diktsamling av Arne Ruset
  • Levende og døde i Winsford – Håkan Nesser
  • Snokeboka av Lisa Aisato
  • Glasshjerte – Torkil Damhaug
  • Barnepiken – Kathryn Stockett

 

«Vi kan ikkje eige kvarandre» – diktsamling av Arne Ruset
Jeg leser ikke ofte dikt, men med alderen (ja…det begynner jo å bli noen år etterhvert…) har jeg blitt mer og mer glad i lyrikk. Så jeg har noen få diktsamlinger stående i hylla som jeg innimellom blar en del i. Dette er en av diktsamlingene jeg har lest alt av flere ganger. Leser aldri fra start til slutt, men litt her og der. Og totalt sett har jeg lest denne boka mange ganger nå, og kommer nok til å fortsette å lese med ujevne mellomrom.
Diktene er relativt korte og enkle å lese. De er alvorlige, morsomme, mørke, lyse, dype, kompliserte, enkle … en god mikstur hvor en finneralvor og dystherhet, så vel som humor og glede.
«Tusen dikt har fortalt oss
at vi ikkje kan eige kvarandre
men vi kan låne kvarandre
og gløyme levere tilbake – «

 

«Levende og døde i Winsford» – Håkan Nesser
«Sakte-krim» i form av at det ikke foregår en masse action, skyting, løping osv. Ulikt fra de fleste krimbøker følger vi heller ikke etterforskningsarbeidet, politimenn, jurister eller journalister. Her følger vi ei dame på rundt femti år i tiden etter at hun går i fra mannen sin. Hun rømmer fra Sverige og ender opp i en liten avsidesliggende landsby i England hvor hun planlegger å oppholde seg et halvt års tid til ting der hjemme har roet seg. Hun har med seg mannens arbeid – papirer og laptop med ymse utkast og kladd til en bok han skulle skrive basert på seg selv og to av sine venner – og gjennom lesing av dette får vi vite en del om mannen og hans fortid. Samtidig følger vi denne damen i nå-tid og ser hvordan hun forsøker å redde seg selv og sitt liv. Vi får selvsagt også gradvis avslørt hva som har hendt med mannen og hvilken situasjon hun er i.

Denne boka likte jeg veldig godt! Håkan Nesser har jeg lest en del av før – blant annet serien om Gunnar Barbarotti som jeg forresten kan anbefale på det varmeste – og som alltid leverer han solid arbeid både mtp språklig kvalitet, karakterer og plott. En annerledes kriminalroman hvor følelser og stemning påvirket med som leser. Humor finnes det forresten også massevis av her! Både svart humor, ironi og sarkasme, og direkte vittige replikker.

Dette er en av få kriminalromaner jeg kunne tenke meg å lese på nytt ved en senere anledning.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27

(BOKTIPS: Noe med stemningen og fortellerstilen får meg til å tenke at denne boka er noe for deg som har lest og likt bøker som: «I Let You Go» – Clare Mackintosh, «Hviskeren» – Karin Fossum.)

33192958_477008552731969_224992407261806592_n

 

 

 

«Snokeboka» av Lisa Aisato
Det er ikke ofte jeg leser barnebøker – men min kjære lille nivå fylte tre år denne uka og denne boka fikk han i gave av meg. Jeg leste den i  smug på bokhandleren, deretter en gang til før jeg pakket den inn. Både han og søsteren hans likte boka veldig godt så den morgenen han fikk åpne pakken ble det utallige gjennomlesinger av boka. 

34984411_1860300810680411_3791464354289811456_n

Kort om innholdet:
– boka starter med bilde av en proppfull heis. Deretter går hver nye side ut på å beskrive ett av disse menneskene i heisen, men ikke slik de fremstår i heisen; karakterene blir «avslørt» slik de virkelig er innenfor sine egne fire vegger når ingen andre ser dem … Så her kan man bla frem og tilbake og sammenlikne de to ulike versjonene av menneskene. Det handler altså kort sagt om fasaden man går med – hvordan man oppfører seg hjemme vs ute blandt folk.

Elsket denne fordi:
– såpass vittig at både voksne og barn blir underholdt
– skrevet på rim og med godt rytme og flyt som gjør det gøy å lese og lett å huske
– flotte bilder!
– åpner for samtale med barna; på hver eneste side finnes detaljer å snakke om

Nok en:Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27

 

«Glasshjerte» – Torkil Damhaug
Jeg har lest alt (tror jeg) av Torkil Damhaug, og flere av hans kriminalromaner står høyt oppe på favorittlista – blant annet: Døden ved vann, Sikre tegn på din død, og En femte årstid. Med denne boka leverer han nok en gang en solid kriminalroman. Spennende og uhyre avhegighetsskapende. En slik bok hvor man bare «må» lese ett kapittel til, og så, vipps, er hele boka lest ut.  Likevel får den «bare» en firer av meg; en firer med mange plusser bak – og det skyldes nok egentlig at de andre bøkene jeg har lest av ham  -som nevnt ovenfor- er såpass gode at denne ikke helt når samme nivå
(… så kanskje burde jeg gitt noen av de andre bøkene hans seksere for å kunne gi denne en femmer?

34128765_1004232273068406_8795959285516337152_nDe småtingene som trakk litt ned for min del var at:
1) jeg ganske tidlig «fant løsningen» eller iallfall dannet meg et sterkt inntrykk av hva som lå skjult
2) Til tider ikke fant plottet helt troverdig … det ble litt for mye av det gode…
3) Sammenliknet med de andre bøkene hans synes jeg NOEN av karakterene her var litt for «papir-figurer». Vanligvis synes jeg Damhaug sine karakterer er veldig velutviklet og føler jeg blir kjent med dem. Her var det mange gode karakterer, men det var også en del som på en måte bare var til stede i boka og leverte fra seg en replikk her og der uten at jeg «ble kjent» med dem.

Blant de mange positive tingene:
* Liker veldig godt hvordan vi følger ulike karakterer – synspunktet veksler jevnt og trutt uten at det blir rotete eller forvirrende
* Karakterene er enkle å like og å få sympati med – jeg heiet liksom litt på alle!
* Språket flyter godt – lett å lese!
* Damhaug har god forståelse og innsikt i menneskers psyke og det viser godt i teksten
* Damhaug lykkes godt med å dette som på nynorsk kalles «show, don´t tell» – altså får han formidlet mye handling og mange tanker uten direkte å påpeke ting.

En meget sterk
Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34 +

 

 

«Barnepiken» – Kathryn Stockett
ecedfb6bf9505c4fb492665c8bcb3690468762c6768be3dded741c94Denne hørte jeg på lydbok – via Storytel-appen. Den er innlest av Ingrid Vollan, Birgitte Victoria Svendsen og Cathrin Gram – som hver gir stemme til én av de tre personene som forteller historien. Vi befinner oss i sørstatene, tidlig på 1960-tallet. Det handler kort sagt om forholdet mellom svarte hushjelper og dere hvite sjefer/arbeidsgivere.

Skeeter er en ung, hvit, enslig kvinne med ambisjoner og å bli journalist/forfatter/skriverinne. Hun følger seg litt utenfor ettersom de andre venninnene hennes er gifte og har fått unger, mens hun fremdeles er enslig. For henne er ambisjonene om karriere større enn ønsket om en ektemann, enda en ting som gjør henne litt utstøtt. Gjennom skrivearbeidet begynner hun på et prosjekt som handler om hvordan det er å være svart hushjelp – og hun intervjuer ulike hushjelper for å få stoff til boka. Temaet er på denne tiden i historien brennaktuell, betent og farlig å «leke med». I tillegg til Skeeters arbeid med boka følger vi hennes forhold til familien – da særlig mora – som er litt komplisert og som endrer seg betydelig gjennom denne prosessen. Vi følger også to av hushjelpene – Aibileen og Minny – og får innblikk i hverdagen deres og i fortiden.

Dette er en følelsesladet fortelling som også inneholde historiske elementer og en god dose humor. En bok å nyte! Denne er forresten også filmatisert – jeg har ikke sett filmen (enda) – men ser at den jevnt over har fått gode anmeldelser.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27