The Great Gatsby – F. Scott Fitzgerald
Amerika. 1920-åra.
Jay Gatsby lever ut draumen om det gode liv – rikdom, festar, bilar, menneske, luksus! Men det er ein ting han ikkje har – draumedama, Daisy. Men – naboen til Jay Gatsby kjenner denne Daisy (dei er søskenborn) og det veit Gatsby å utnytte. Så han stifter bekjentskap med bokas hovudkarakter for å komme i kontakt med Daisy.
Boka startar i det hovudpersonen, Nick Carraway, drar for å besøke kusina si Daisy og mannen hennar Tom. Her treffer han også den berømte golf-spelaren Jordan. Det er også her han får høre meir detaljar og rykter om naboen sin – Gatsby. I løpet av denne sommaren blir Nick meir og meir involvert i liva til Daisy, Tom og Jordan. Og han blir også gode vener med naboen. Noko ved deira lukrative liv og rikdom verker forlokkande på han. Då Gatsby ber han organisere eit møte mellom han sjølv og Daisy, klarar ikkje Nick anna enn å gjere som han får beskjed om.
Kjærleiksdramaet som utspelar seg deretter utløyser ein rekke andre hendingar – skikkeleg domino-effekt!
Dette er ein av dei store klassikarane.
Eg sleit litt med å lese boka – rett og slett fordi eg las ho på engelsk og språket ikkje var like ”rett fram” som i meir moderne bøker. Men når eg først kom inn i handlinga flaut det ganske lett. Skjønner godt at dette har blitt ein klassikar! Likar veldig godt korleis alt blir fortalt utan at det blir sagt direkte – som lesar får ein oppleve scene etter scene kor handlinga utspelar seg. Eg følte at eg opplevde og observerte heller ann at eg blei fortalt kva som hendet – sjeldan god fortellerteknikk! Likte også veldig godt korleis humor og sarkasme har fått spele ein rolle her utan at det blir ”tvungen” humor eller kunstig. Mykje skjult humor. Og her står det mykje mellom linjene som gjer at ein kan velje å verkeleg lese nøye og analysere om ein vil. Ein kan også ”berre” lese boka og likevel få mykje ut av ho.
Flaggermusmannen – Jo Nesbø
Den første (av ti) boka om Harry Hole. Eg las desse i hytt og pine for ti-tolv år sia og har gløymd det meste innan no. Så det var artig å lese frå starten av etter så lang tid.
Eit mord på ei norsk dame i Australia fører til at Harry Hole blir sendt av sted for å bistå med etterforskinga. Det nede blir han satt til å samarbeide med politimannen Andrew (noko denne Andrew sjølv sørger for etter at han hentar Harry på flyplassen og ser at dei to verker til å ha god kjemi seg i mellom). Dei arbeider tett saman i etterforskinga av ein sak som viser seg å vere meir samansett enn antatt. Etter litt tid gjer det tette samarbeidet med Andrew at Harry får ein idé om at denne Andrew veit meir enn han seier – og at Andrew forsøker å gje frå seg små hint for å peike Harry i riktig retning. Er Harry innbilsk? Veit Andrew meir enn han seier? Er han sjølv innblanda? Kvifor alle desse historiene og hinta? Harry lager seg mang ein teori og trur fleire gonger han har løyst saka. Han treffer til sist. Iallfall nesten. Saken blir oppklara, men til ein dyr pris.
Foruten sjølve drapssaken får vi ein del innblikk i Harry si fortid – tidligare relasjonar, familie, og karriære – særleg ein episode med betyding.
PLUSSAR:
+ spenning på høgt nivå!
+ språket; fargerikt, kreativt, humoristisk og blotta for klisjear
+ mykje humor og latter til tross for alvor og spenning
+ mykje spanande informasjon om Australia og aboriginane
MINUSAR:
– Enkelte overgangar mellom scener er dårleg markerte og eg trudde eit par gonger at eg hadde bladd over nokre sider eller at det mangla noko. Burde vore markert med eit ekstra mellomrom, eller ei stjerne eller liknande.
– Enkelte scenar (slåsskampar, særleg) er ganske mykje lengre enn kva eg personleg likar. Likar godt action og spenning, altså, men innimellom blir det litt for mange detaljar (høgre hand treffer venstre tinning og så dukker han, og så bla bla bla….) utan at det fører til noko av betyding. For mange lesarar er kanskje dette motsett – at dette er eit slags høgdepunkt – men for meg blei det litt for mykje og eg meiner at litt strengare redigering av teksten ville heva nivået heller enn å redusere det.
STERK :
* Må også tilføye at det er ekstra artig å lese desse bøkene no, for eg ser så tydleg at Nesbø har endra og utvikla seg som forfattar! *
Veke 53 – Agnes Ravatn
Ikkje la eit noko keisamt omslag lure deg – er det ein gong dette med å «ikkje døme ei bok by its cover» teller så er det no!
Har tidligare lese Fugletribunalet av same forfattar – ei av få bøker eg har trilla terningkast seks på. Og også med denne boka leverer ho eit lita meisterverk! Dette er debut-boka til Ravatn, og det er nesten ikkje til å tru for denne boka er solid gjennomført; ikkje eitt ord for mykje, ikkje ein setning for lite, truverdige karakterar, morosame scener og situasjonar, ein raud tråd gjennom det heile, originalitet og sprudlande energi.
Boka handlar om den middelaldrande lektoren Georg. Vi følgjer han i tida fram mot jul. Ei tid kor ein rekke store og små situasjonar opnar for å gjere endringar i livet. Endringar han på sett og vis har leita etter lenge kan det verke som; han har gjort ein del dumt, han har hamna i ein livssituasjon som han ikkje akkurat drøymde om, og det verker som om han stadig søker etter noko nytt og betre, samstundes som han også er redd for å sleppe taket i det han har.
Eg tenker det handlar om livsval, om livet som ikkje blei som tenkt, om nye sjansar, om å tørre å satse nytt, om sakn, om håp, om vil og om tru. Heile denne litt små-dystre situasjonen er skildra på humoristisk vis! Språket er presist, originalt og vittig!
Og om ein må være litt kritisk og så kan eg nevne to små ting som trakk bitte-litt ned;
1) Boka slutta – for min smak – litt for brått. Eg sakna litt mer avklaring. Samstundes er dette kanskje i grunn berre eit skikkeleg sjakk-trekk for det fekk meg jo til å gå å gruble og tenke ein god stund etter å ha lukka boka.
2) Innimellom blei det litt for mykje va det gode (flasketuten pekar på-scena) slik at eg ikkje heilt ”trudde på” det som hendte.
Om du er fan av forfattarar som Marit Eikemo, Ragnar Hovland o.l så er dette definitivt ei bok for deg.
Lydbok:
The World as We Know It – Joseph Monninger
Kort sagt: Oppvekstroman med natur og menneske-relasjonar i fokus. Tema: Kjærleik, natur, familie, relasjonar, oppvekst, sorg.
lengre sagt:
Dei to brørne Ed og Allard stifter eit livslang venskap med nabojenta Sarah då dei redder livet hennar etter at ho har gått gjennom isen. Ho og Allard utviklar eit spesielt sterk band og blir med tida kjærester. (Her tenke eg at ”å nei – no kjem det klassiske trekant-dramat inn i bilete” – men det gjorde det ikkje! Takk og pris!) Sarah og Allard sitt forhald er sterkt og unikt. Vennskapet mellom dei tre er også sterkt, utan at dette fryktede kjærleikstriangelet får skje. Med tida arbeider dei saman – filmar og skrivar om diverse tematikk innan natur og dyreliv – og dei to brørne setter livsdraumen sin om eiget filmselskap til livs. Så kjem det endringar – rett før Allard og Sarah sitt bryllaup reiser dei to brørne på ein siste tur saman – ein skikkeleg fjelltur med telt og fiskestong. Men så skjer det noko, ei ulukke, som snur alt på hovudet.
Positivt:
+ karakterar ein lett likar og ”heier på”
+ flotte skildringar og bilete
+ truverdige karakterar med dybde
Negativt:
– Slutten; den blir for sukkersøt. Og i mi meining ville heile boka vore betre utan ein ”happy ending»
– tidvis litt langdrygt med unødige detaljar om relativt uvensentlege ting
– ein del feil-informasjon knytta til natur og dyreliv.
– Litt ”flat” spenningskurve
Song of the Skylark – Erica James
Parallellhistorie kor vi følgjer to ulike karakterar gjennom kvar si historie – Lizzie på rundt tretti år, og nittifem år gamle Mrs. Dallimore. Lizzie har rota livet litt til for seg sjølv – og også for dei rundt seg – og må flytte heim til foreldra mens ho stablar livet sitt opp igjen. Sidan ho går rundt utan arbeid får Lizzie si mor henne til å hjelpe til på eit eldresenter. Der får ho god kontakt med særleg ei av bebuarane; Mrs. Dallimore – som høgst ufrivillig har måttet flytte inn på pleieheim grunna at alderdomen har svekka henne.
Vi følger Lizzie si historie som handlar om val ho har tatt, korleis ho alltid rotar ting til, korleis det er å bu heime som vaksen og vi følgjer henne på jakt etter nytt arbeide og ein ny start – ein prosess kor ho omsider ser ut til å bli litt vaksen. Samstundes følgjer vi Mrs. Dallimore som gjennom samtalar med Lizzie forteller si historie – om hennar oppvekst, korleis ho endte opp i England, om tida før, under og etter krigen (WWII).
Det er nok via denne beretningen at Lizzie blir påverka nok til å innsjå kor godt ho har det, at hennar uflaks er ein bagatell å rekne samanlikna med Mrs. Dallimore. Det er nok poenget at Lizzie skal sjå at ho ikkje er den einaste som begår feil, at det ikkje er for seint osv… Altså at Mrs. Dallimore si fortelling skal påverke ho til å bli ein betre versjon av seg sjølv – hvilket også skjer.
Og … det er kanskje dette som gjer at eg ikkje er så begeistra, for eg føler at nesten alt i denne boka er ”oppbrukt” – noko eg har lest liknande av før. Kjærleik og familiekonfliktar og andre verdens krig i fortid. Kjærleik, familiekonfliktar i no tid. Det lar seg i grunn ikkje samanlikne… Dessutan var Mrs. Dallimore 17 år då ho forlèt Amerika og reiste til England. Ho var så ung … Lizzie er over tretti… Å samanlikne seg med ein syttenåring … og ein syttenåring som levde i krigstida? Det er jo ikkje samanliknbart. Ikkje i det heile tatt… Følte også at dette med at ”ein gamal person” som treffer ”eit yngre menneske” og ”fortel si livshistorie” og dermed påverkar denne yngre til å ta betre val eller endre livet sitt er noko som er så oppbrukt og vanleg at eg ikkje blei berørt i det heile tatt. Synes heller ikkje heilt om korleis det verkar som om forfattaren forsøker å skape sympati for Mrs. Dallimore ved å brette ut om alt det fæle som har hendt ho og alt det gode ho sjølv gjorde – her framstår ho som ein stakkar som mister alle rundt seg og som sjølv aldri gjer noko feil. Ei sterk dame, ja da, men ikkje noko meir – ingen karaktertrekk som får meg til å like ho eller bry meg. Ein får sjølvsagt sympati, men ikkje fordi ein likar personen – ein får sympati på grunn av alt dette fæle ho opplever. Eg sakna med andre ord å bli kjent med personen Mrs. Dallimore og ikkje berre historia hennar.
Heller ikkje Lizzie klarte eg å like … ei tretti år gammal dame som oppfører seg som ein bortskjemt sekstenåring. Og så kjem denne omveltinga kor Lizzie og Mrs. Dallimore skal ha god innflytelse på kvarandre. Dette er berre så forutsigbart, og så utroleg oppbrukt.
Eg fullførte jo boka… men syntes den blei langdryg, forutsigbar og ja… keisam. Rett og slett. Det gav meg ikkje noko særleg. Klisjéar opp og ned i mente. At vi i tillegg, til tider, følger andre karakterar – som Lizzie sine foreldre, broren og kona til broren – syntes eg heller ikkje fungerer så godt. Hovudfokuset er på Lizzie og Mrs. Dallimore, og dei andre karakterane fortel frå sitt ståsted i berre små brøkdeler av boka – noko som i grunn ikkje tilfører historia særleg mykje.
Kanskje er eg sur og bitter og krass. Kanskje er eg kresen. Kanskje sto eg opp på feil fot kvar dag mens eg lytta til denne boka. Kanskje … Eller så er det slik at boka er litt ”oppskrytt” – for ho roses opp i skyane i omtalar på Goodreads.com . Dei fleste er begeistra i boka og anbefaler ho sterkt. Så – du får ta mine tankar meg ein solid klype salt (eller kanskje heller litt sukker i dette tilfellet) og sjølv vurdere om dette er noko du vil lese.
RESTEN AV JUNI-LISTA:
- Vi kan ikkje eige kvarandre – diktsamling av Arne Ruset
- Levende og døde i Winsford – Håkan Nesser
- Snokeboka av Lisa Aisato
- Glasshjerte – Torkil Damhaug
- Barnepiken – Kathryn Stockett
- Norwegian Wood – Haruki Murakami
- Heart Like Mine – Amy Hatvany
- En dag i juni – Martina Reilly
OG – del 4 kjem snart:
- Kakkerlakkene – Jo Nesbø
- Papirpiken – G. Musso
- Rødstrupe – Jo Nesbø
- The Elephant Vanishes – Haruki Murakami
- For evig – Sarah Jio
- The Ex – Jane Corry
Tilbakeping: Bok-elsk og språk-tanker
Tilbakeping: Bokliste – ei bok per måned | Bok-elsk og språk-tanker
Tilbakeping: JULIBØKER – DEL 2 | Bok-elsk og språk-tanker
Tilbakeping: Oppdatering av “lest i 2018” | Bok-elsk og språk-tanker