LEST I JUNI – DEL 4:
Her kjem siste del av månedsoppsummeringa frå juni. Del 1 finn du her , del 2 her og del 3 her. Dei tre bøkene eg las denne veka var alle solide femmarar! Storkosa meg med desse. Også på lydbok-fronten var eg heldig denne veka – sjølv om dei ikkje leverte heilt like godt som dei aller beste.
Kakerlakkene – Jo Nesbø; bok nr 2 i serien om Harry Hole
Handling:
Norsk ambassadør blir drepen på et ”hotell”/horehus i Bangkok – et dødsfall som gjer at myndighetene i Oslo er desperate for å skjule skandalen og sanninga om dette frå befolkninga. Harry sendes til Bangkok for å bistå i etterforskinga og oppdagar at dødsfallet her handlar om mykje meir enn horeri og drap.
Samstundes som denne saka foregår følgjer vi også utvikla i Harry Holes privatliv kor kampen mot alkoholen, kjærleikslivet, relasjonar til familie/syster står sentralt.
Boka kan lesast utan å lese den første (Flaggermusmannen – link til omtale her)
ettersom sjølve kriminalsaka er ny og boka har ein klar start og ein slutt. Eg anbefaler likevel å lese den første boka først ettersom ein i den vert godt kjend med Harry som person, noko – som for meg – gjer at eg får meir ut av dei andre bøkene.
Tankar:
Likar at tittelen på boka er så passanda – dette syntes eg Nesbø er usedvanlig god på; å få til ein viss form for symbolisme utan at det blir ”teit” og tilgjort, det blir ein naturleg del an handlinga som gjer at det er mogleg for lesaren å kunne dykke djupare inn i teksten og analysere og tolke dersom ein ønskjer der. Samstundes er ikkje det nødvendig for å forstå hovudhandlinga, så ein står fritt til å ”berre” lese frå A til Å, eller å velje å gå grundigare til verks og finne desse mange detaljane han har sneke inn i teksten. Diggar det! I dette tilfellet er det Kakerlakkene som er tittelen og som passar godt med handlinga ettersom heile saka handlar om meir enn det som synes på overflata (mordet), det er noko bak, noko som ”kravler og kryper bak veggene” (som det så fint står på baksida av boka) – noko som ikkje tåler dagslys. Noko som Harry Hole er bestemt på å finne ut av, og som han også klarar. Til slutt.
Likar også godt korleis Nesbø alltid får til å «snike» inn så mykje relevant og interessant fakta! Eg lærer mykje av å lese desse bøkene utan at det på noko tidspunkt som helst opplevast som «belæring» slik eg av og til kjenner det når andre krimbøker skal «undervise» meg i kriminal-faget.
Språkleg er eg også nøgd! Krimbøker er generelt ikkje den sjangeren kor språkleg kvalitet er den beste – ofte er det, dessverre, motsatt. Spenning, plott, osv er så mykje viktigare at språkleg kvalitet ofte får mindre merksemd, og det er jo logisk nok ettersom nettopp dette med eit sterkt plott og energisk spenningskurve er avgjerande for at ein skal la seg rive med. Sjølv om mange nok er ueinige (iallfall har diverse andre anmeldingar avslørt for meg at ikkje alle er like glade i språket til Herr Nesbø som eg er…) meiner eg at språket i desse bøkene er godt! Det heile er visuelt, eg ser føre meg kva som skjer – utan at skildringane er unødig detaljerte og lange. Det er rett på sak – men det fortelles slik at ein opplever handlinga framfor å «berre blir fortalt» kva som skjer. Ein står på scenen og observerer direkte det som hender. Og – ein blir ikkje fora med te-skjei heller her, heldigvis! enkelte thrillere og krimbøker har tendens til å gjenta seg sjølv, repetere og overforklare som om lesaren er ein idiot som ikkje skjønner meir enn nøyaktig dei orda som står skrivne svart på kvitt…
Eg diggar Nesbø pga … :
* Spanande plott
* truverdige karakterar
* rom for tolkning og studering av detaljar
* lettlest og godt flytande språk
* mykje humor
* naturlege dialogar
Papirpiken av G. G. Musso –— Denne perlen av ei bok kan du lese om HER
Rødstrupe – Jo Nesbø; bok nr 3 i serien om Harry Hole
Boka opnar med ei hending kor Harry med maks uflaks skyter ein amerikansk agent frå Secret Service. For å skjule ”tabben” hans blir Harry forfremma og flytta til Overvakingspolitiet. Her blir han oppmerksam på ein sak om ein våpenliga etter at ein attentatrifle blir funnen i Oslo – ei rifle med røter i Johannesburg i Sør-Afrika. Saka og våpensmuglinga visar seg å henge saman med nynazists-miljøet i Noreg, og ein av dei sentrale skikkelsene i ligaen kjem frå innsida – enten innan politikk, politi eller anna maktposisjon i hovudstaden. Vi følgjer Harry gjennom denne saka. Vi følgjer også ein rekke andre karakterar her – sentralt knyta til Nazismen. Vi får også hoppe litt tilbake i tid – til andre verdens krig.
Trass i skiftet mellom notid og fortid, og at synspunktet vekslar mellom ein rekke karakterar blir det faktisk ikkje rotete eller uoversiktlege. Joda, det krev litt konsentrasjon, men med tanke på alle dei detaljane og all den handlinga som har fått plass på desse fire hundre sidene er det verkeleg godt satt i saman! Gjennomført både med hensyn til plott, historiske element, spenning og språk.
Du veit du har funnet deg ein god bok når du alt klokka ni byrjar å geispe (falskt) for å kunne gå å «legge» deg tidleg … Til sengs med Harry Hole betyr at eg legger meg ein time eller to før eg pleier … utan at eg får meir søvn enn elles…
Og igjen – som eg nyleg skreiv om bok nr to – finnes rom folk analyse og tolking. Og igjen henger tittelen heilt klart saman med saka.
OG; I denne boka utviklar privatlivet til Harry seg også – i litt større grad enn i bok nr to. Hint: kjærleik!
((LYDBØKER))
1. The Elephant Vanishes – Haruki Murakami; Les oppsummering og anmeldelse av dei sytten novellene HER
2. For evig – Sarah Jio
Valte denne for å få meg eit sukkersøtt avbrekk frå Nesbø si noko blodige krim … og eg fekk nøyaktig deg eg ba om. Boka vert nok løfta betydeleg av den dyktige Silje Storsten som leser på utmerka vis!
Vi følgjer Kailey som akkurat i starten av boka har fått livet skikkeleg på gli – ho arbeider som suksessrik skribent og er nyforlova med ein fantastisk mann; Ryan. Så endrar ting seg ganske brått i det ho får auge på ein heimlaus mann og kjenner han igjen som sin tidligare kjærast! Det er mange år sidan dei var saman men forholdet var spesielt og sterkt og noko ho har slitt med å legge bak seg. Han forsvann berre den gongen – ut av livet hennar, og ut av landet – antok dei då dei aldri høyrte noko meir frå han. Men no er han altså her. I byen. I hennar by. Heimlaus. Ein tiggar på gata. Ho klarar sjølvsagt ikkje berre å skyve dette under teppet og forsøker å hjelpe han, og å finne ut av kva som endte den gongen. Dette påverkar i sin tur relasjonen mellom Kailey og Ryan.
Historia vekslar mellom å fortelle om Kailey i no-tid, og tilbakeblikk på Kailey og denne heimlause mannens fortid saman.
Denne overraska meg positivt! Jau – den inneheld klisjéar i fleng, den er i overkant sukra og honningsøt, og den er også noko forutsigbar. Alt dette til trass – eg likte denne godt! Det er ei slik bok kor eg genuint kjenner at eg likar karakterane og heiar på kvar og ein av dei (sjølv om dei har sine feil og manglar – eller kanskje nettopp derfor; fordi dei framstår som menneskelege og ekte, og ikkje som ”overperfekte” pappfigurar).
Ei perfekt ”pause”-bok, kosebok, chick-litt, lettlest. Ein sjangar eg generelt unngår – stort sett – fordi eg som oftast blir skuffa. Denne er imidlertid blant dei betre i si sjanger, og eg anbefaler den trygt vidare til alle som vil la seg synke ned i stolen ein ettermiddag og berre la seg drøyme bort litt.
3. The Dead Ex – Jane Corry
Endeleg ein «psykologisk thriller» som ikkje ber preg av gjenbruk av tidligare plott! Endeleg noko litt nytt og originalt, ikkje banebrytande, men etter å ha lese ein del (litt for mange) psykologiske thrillere har eg blitt veldig lei og irritert over kort «Likt» dei ofte er bygd opp.
vi følgjer tre ulike karakterar/forteller-stemmer og to ulike tidslinjer i denne boka.
1. Vicki: NOTID
Den eine – Vicki – førti-noko-åring. Skilt frå mannen. Driver aromaterapi i sitt eiget private føretak. Handlinga startar ved at politiet dukkar opp heime hos henne og stiller ein rekke spørsmål knyta til eks-mannen hennar som er sporlaus forsvunne. Noko meiner å ha sett Vicki i nærleiken av heimet hans i tida før det hendte, noko ho nektar for. Sjølv lider ho av epilepsi og sliter mellom anna med at medisinen påverkar minnet. Ho veit ho er involvert på i eller anna måte men får det ikkje til å henge heilt i hop. Ho blir trekt meir og meir inn i saka og er til slutt usikker på kor skyldig ho er. Vi følgjer henne i denne tida mens ho blir etterforska og mistenkt. Vi får også innblikk i tida før dette hendte – i tida før ho blei skilt, i tida før ho blei ramma av epilepsi, i arbeidet ho hadde før. Og ja – alt har ein samanheng til slut. Akkurat som eg likar det.
2. Scarlett (fortid)
Vi følger også ei ungjente som veks opp med ei ustabil og småkriminell mor. Ho ”leiker” ulike leiker med mora – leiker som får ho til å hjelpe mora begå ein rekke lovbrot knyta til smugling av narkotika og kvitvasking av pengar. Heilt til mora ein dag blir fengsla og ho sjølv ender opp i ulike fosterheim.
3. Helen (notid)
Ei ung jente oppsøker David (Vickis eksmann) for å få arbeide for han som læring. Det er klart frå starten at ho har ein agenda og eit motiv, men vi veit ikkje heilt kva det er før heilt til slutten av boka. Ho sniker seg iallfall inn i livet til David. Men så forsvinner han jo plutseleg. Kva veit ho? Er ho skuldig? Er ho eit vitne? Kva veit ho?
Og – Korleis henger desse tre fortellingane saman?
Vel – det gjer dei iallfall! Og eg syntes forfattaren har fått desse historiene til å harmonere saman på ein strålande måte!
Vil beskrive dette som ei vellukka psykologisk thriller. Og innanfor den sjangeren er det – i mi, ydmyke menging – faktisk utruleg mykje ”drit” … dette er heldigvis ikkje del av drien så om du vil lese ein spennande og original thriller – this is it.
Eg klarer framleis ikkje bestemme meg for eit terningkast … så derfor får denne boka to! Ein firer som lydbok og ein femmer sånn i tillegg …for eg trur dette er ei av få bøker eg ville likt endå betre om eg las ho sjølv framfor å lytte til ho som lydbok. Rett og slett fordi stemma knytta til Vicki tidvis blei litt søvndyssende og eg «falt litt ut».
Tilbakeping: JULIBØKER – DEL 2 | Bok-elsk og språk-tanker
Tilbakeping: Oppdatering av “lest i 2018” | Bok-elsk og språk-tanker