JULIBØKER – DEL 2

Lese i juli – del 2; Den andre uka i juli las eg desse bøkene:

Sorgenfri (Harry Hole #4) – Jo Nesbø

Bok nr fire i serien om Harry Hole.

38747496_244646869706489_9193565496396480512_nEit bankran ender med drap og ein gjerningsmann som slepp unna. Dette er utgangspunktet og starten på ein omfattande kriminalsak, som viser seg å handle om langt meir enn ran og pengar. Harry vert sjølv involvert i saka, og frykter sjølv å bli ein mistenkt ettersom dama han vaknar hos i starten av boka kort tid etterpå blir funnen daud. Og så kjem ein rekke meldingar til Harry direkte. Nokon veit noko om han, at han var hos henne før ho blei drepen. Harry jaktar på drapsmannen slash ransmannen saman med sine kollegaer – og her får vi også bli kjent med ein karakter er likar særleg godt – Beate. Samstundes med etterforskinga forsøker han å redde sitt eige skinn ved ikkje å bli kopla til dauden/drapet på sin gamle flamme.

Som alltid er replikkane herlege, truverdige og krydra med humor og ironi. Spenninger bygger seg opp gjennom heile boka, dei mange lause trådstumpane utgjer til sist ein fin, samanhangande raud sløyfe. Og som alltid setter eg pris på Nesbø sine mange og artige ”funfacts” som på ein naturleg måte blir tilføyd her og der gjennom heile boka. Likar også elementene av miljøskildringar – både av Oslo som by, og særleg av stadene Harry besøker i Brasil i forbinding med etterforskinga.

Klarte ikkje bestemme meg heilt … og sidan terningar ikkje visar desimalar får denne boka to karakterar med eit gjennomsnitt på 4,8 … 😛

Etterpå, G.G Musso
Etter å ha lese og blitt høgst begeistra over Musso si bok ”Papirpiken” (OMTALE HER) bestemte eg meg kjapt for å lese meir av han, og nokre dagar seinare ramla denne boka her – ikkje heilt tilfeldig – ned i postkassa mi. Eg var såpass glad i Papirpiken at eg ikkje forventa at denne skulle toppe føre leseropplevelse. Og det gjorde ho heller ikkje… men ho kom fryketeleg nære! Eg kan vel eigentleg seie at ho tangerte! Og det seier ein del – for eg blei verkeleg heilt usannsynleg glad i Papirpiken.

Med same lette språk som i Papirpiken, formidlar Guillaume Musso ein stor fortelling som byr på eit spekter av litterære element – kjensler, romantikk, relasjonar, livet, dauden, ansvar, skuld … Her finst humor og alvor i herleg kombinasjon.

Screen Shot 2018-08-09 at 10.28.02.png

Boka handlar kort sagt om Nathan som opplever at hans suksessrike liv tek ei uventa endring i det han vert kontakta av ein ny potensiell kunde – som viser seg ikkje å vere ein kunde i det heile tatt, men ein lege som har oppsøkt Nathan for å formidle eit bodskap. Eit bodskap som er latterleg og vagt og som Nathan avfeiar. Og deretter ikkje heilt klarar å gje slepp på. Som resultat av kontakten med denne mannen må Nathan etter kvart la fokuset på jobben må vike til fordel for privatlivet – noko som etterkvart gjer at han i større og større grad ser verdien av livet utanfor arbeidet. Døden blir ein viktig og sentral faktor i livet. Det blir noko han må forhalde seg til og på sikt akseptere sjølv om han i grunn helst vil ignorere heile fenomenet ”døden”. Eg vil ikkje seie så mykje meir om handlinga – vil ikkje øydelegge eller røpe noko. Men synet på dauden, å akseptere den som ein del av livet … dette står sentralt, og det er med på å endre Nathan – han oppdagar og utviklar nye sider meg seg sjølv, oppdagar nye styrker og nokre svakheiter. Nokre svakheiter viser seg også å vere styrker, når han no endeleg våger å vise dei frem, våger å gjere seg meir open og sårbar. Alt dette knytes til ein spesifikk oppleving frå Nathans barndom – og det er nettopp denne episoden romanen opnar med.

Som i Papirpiken er handlinga noko ”spaca” – litt småabsurd, med preg av fantasy/overnaturlegheit. Handlinga foregår i denne verda, i her og no, og litt i fortida. Vi følger hovudsakeleg Nathan, men får også verdifulle innsikt i livet til eks.kona hans – Mallory – og i livet dei to ein gong hadde saman.

Her finst som sagt mykje alvor, men også humor. Bokas formidlar mykje på sine knappe tre hundre siar – her er det ikkje mykje overflødig viss-vass, og det likar eg! Trass i at boka er kortfatta og direkte manglar det ikkje på språkelge bilete. Eg sit faktisk ikkje igjen med noko spesifikt i minnet, men eg hugsar at eg opplevde boka som veldig visuell, at eg følte eg såg det heile føre meg utan at forfattaren tok i bruk lange skildringar. Så enten har han lukkast i å vekke fantasien min slik at eg som lesar sjølv danna meg bilete, eller så han han snikt inn ein del små-skildringar her og der. Poenget er uansett dette: boka er lettlest og utan flate og langdryge parti. Underhaldning med rom for fantasi og ettertanke – ein litt sjeldan kombinasjon.

Eg elska denne boka, óg! Og sidan Harry Hole fekk to terningar, så får denne også det! Dette er fordelen med å vere amatør-hobby-bokbloggar … ein kan gjere akkurat som ein vil! Berre vent til eg finner verdas beste bok og trillar ein åttar! 

Morgengry, Sarah Jio (LYDBOK)

I jakta på noko klissete, enkelt og feel-good havna eg på denne boka her. Har lese ei bok tidlegare av same forfattar – For evig (OMTALT HER), og ikte ho godt. Denne var heilt ok …

Det som hindrer meg i å vere genuint begeistra over boka er mellom anna at ho tidvis er i overkant langdryg og gjentakande, ting som kunne vore formidla på enkelt vis blir gjentatt og omformulert til det keisamlege. Eg følte eg blei tvangsfora med to te-skjeiar … og suppa var ikkje ein gong så veldig god – for blant dei gode ingrediensene (likandes karakterar, historiske element, flotte miljøskildringar) var det for mange dårlege (klisjéar i fleng, mykje kliss-klass, altfor mange adjektiv, forutsigbarheit…).

Alle desse mindre gode ingrdiensene var eg på sett og vis forberedt på – og eg kunne nok også tålt det om det ikkje var for denne eine tingen som irriterte meg gjennom heile boka – nemleg at dette blei ein ”oppskriftsbok”. Ei slik bok det finst mange av – ein slags fast oppbygjing basert på at:

1. Ein person i no-tida opplever noko kjipt/trist/traumatisk

  1. Ein person frå tidligare/gamledagar har ein sterk og meiningsfull historie å fortelle – men som aldri er blitt fortalt. **Noko hemmeleg og mystisk, og ofte svært dramatisk, gøymer seg som regel her**
    3. Person 1 kommer i kontakt med person 2 via ein hending, eit objekt eller liknande.
    4. Boka veksler mellom å fortelle om liva til person 1 og person 2
    5. På eit eller anna vis koples desse to livsfortellingane saman og person 1 vil som regel bli påverka av person 2 til å ta eit godt valg, til å tørre å gjere noko ansleis og nytt, til å bli eit betre menneske eller liknande.
  2. Som regel har endinga til person 2 ein trist slutt, mens person 1 lærer av person 2 og tek eit val som fører til ein god og sukkersøt slut i ei verden av regnbuar, sukkerspinn og einhjørningar … og all slags andre ting som er fine og glade og så vidare….

    Dette er ikkje ein unik oppskrift laga av Sarah Jio. Eg kan knyte ein rekke bøker opp til denne oppskrifta – og det er nettopp derfor eg blir irritert. Eg har liksom lese det før, berre med andre namn, andre stadar, andra datoer. I mangel på eit betre uttrykk – same, same, but different …

    Det enkle er ofte det beste – men innanfor litteratur er ein tydeleg oppskrift noko makkverk. Og – beklagar denne krasse tona … eg skjønner berre ikkje kvifor ”slike” bøker ”alltid” vert fronta som bestselgarar når det finst så utruleg mykje god litteratur der ute.

    (Eg skreiv at eg har lese ein rekkebøker frå same oppskriftsbok … frå ”the top of my head” kjem eg ikkje på så mange, men desse inngår iallfall:
    – Song of the Skylark, Erica James (LINK TIL OMTALE)
    – Summer at the Lake, Erica James
    – Ein rekke bøker av Lucinda Riley, mellom anna ”Jenta på klippen” og ”Lavendelhagen”
    – I Found You, Lisa Jewell)
    ** Tenker at eg skal utvide denne vidare – kanskje lage ei eiga lista for dette temaet…!)

Bøker lese i juli

Trass i finværet (eller kanskje nettopp på grunn av i overkant varm vær?) blei det også denne månaden lese ganske mange bøker! Har gått mykje tur og har også bada mykje. Men mellom utfartane har tida blitt brukt mykje på bøker … så … dette las eg i juli:

Mellom oss sagt, Marit Eikemo
Sorgenfri, Jo Nesbø
Etterpå, G. G. Musso
Her, nå, alltid, Catherine Isaac
Marekors, jo nesbø (Harry Hole #5)
Frelseren, jo nesbø (Harry Hole #6)
Bli hvis du kan. Reis hvis du må, Helga Flatland (OMTALE HER)
Alle vil hjem. Ingen vil tilbake, Helga Flatland (OMTALE HER)
Det finnes ingen helhet, Helga Flatland.  (OMTALE HER)

Lydbøker:
A Single Breath, Lucy Clarke
Marrige Plot, Jeffrey Eugenides
Morgengry, Sarah Jio
A Single Breath, Lucy Clarke
3096 dager, Natascha Kampusch
Natt til fjerde november, Karin Fossum
The invention of Ana, Mikkel Rosengaard
Snømannen (Harry Hole #7), Jo Nesbø
10 år i frihet, Natascha Kampusch

***************************************************************

Kan ikkje skrive om alle bøkene på ein gong – det ville blitt så utroleg langt og uoversikteleg. Så eg vil skrive om nokre av bøkene av gongen – og startar med bøkene eg las den første veka i juli:

«A Single Breath» av Lucy Clarke
– Krim/psykologisk thriller
– Lucy mister brått ektemannen si i ei ulykke og førsøker å kome seg vidare i livet. Noko som blir vanskelegare enn ho hadde trudd. I håp om å «fordøye» alt som har skjedd oppsøker ho mannens familie i Australia. Heller enn at såra vert lega og grodd, som ho hadde håpa, blir dei revne opp att … for ingenting er som ho trudde. Broren er ikkje den mannen beskreiv han som. Faren er heller ikkje til å bli klok på, og han verker avvisande mot henne. Ho merkar at ho er uønska der. Ho finner også ut av at mannen hennar ikkje var den han gav seg ut for å vere. Kvifor løyg han? Kor mykje av det han har fortalt var oppspinn? Kven kan ho stole på?
– Her er det mykje mystikk, mange sprøsmål, få svar og mange lause trådar.
– MIN DOM: ei ganske middelmålig bok, syntes eg, heilt OK, liksom. Underhaldande som lydbok og både eg og sambuaren min lytta til denne mens vi kjørte gjennom Danmark. Men den kjem ikkje til å «sitte» i særleg lenge og den gjorde ikkje særleg inntrykk på meg. Eg syntes innimellom det vart langrygt og keisamt. Sambuaren min likte nok denne betre enn meg. Det kan skuldast at eg har lese mange bøker innanfor denne sjangeren slik at eg innen no har blitt ganske kresen – eg er mellom anna veldig «lei» av «twister» som blir slengt fram i hytt og gevær, tilsynelatande berre for å skulle lure lesaren til å tru ein ting for deretter å avsløre at det ikkje var slik likevel. Eg lot meg også bli ein smule oppgitt over at omtrent kvart kapittel sluta med ein form for «cliff hanger» – det blei altfor mykje av dette. Ofte er det enkle det beste … i denne boka er det for mange twister og for mykje lureri og flaske alarmar. Klarte ikkje heilt å bry meg særleg om karakterane heller og utan ein slags tilknytning til karakterane blir det vanskeleg å bry seg.
terningkast_3
Ein svak trear – eg vurderte to, men sidan min betre halvdel likte boka ganske mykje meir enn meg og eg nok er i overkant streng og kynisk når det gjelder «slike bøker» så blir det ein kompromissert tre-ar. 


«Mellom oss sagt» av Marit Eikemo
Screen Shot 2018-08-04 at 15.54.59

– No har eg lese absolutt alt av Eikemo, med unntak av den aller nyaste boka som eg «sparar» på … hehe! Dette er debutboka hennar, og den er absolutt verdt å lese – særleg om du har lese og likt dei andre bøkene ho har gitt ut. Denne er i «same gate» både språkmessig og innhaldsmessig.
– Vi følger Regine Hansen som arbeider i Aetat. Dette er ei tid i livet kor alt verker til å vere i endring; det er «for seint» å bli den ein skulle bli – studietida er over og arbeidslivet er i gong, dei fleste i omgangskretsen er i faste forhald, gifte, sambuarar, og nokre er til og med gravide. Men ikkje Regine. Ho er i arbeid – men ikkje i ei jobb ho eigentleg trivst i eller klarar å sjå noko framtid i. Ho lengter etter å høyre til – både på jobben, sosialt med venane, i familien, og i verda generelt. Ho søker etter noko utan heilt å vite kva. Ho vil bli likt, men klarar ikkje gjere seg så likandes… Ho vil vere nokon ho ikkje er, ho vil ha det betre enn ho har det, ho vil berre høyre til – men får det ikkje til.
– Dette er sårt og samstundes utroleg morossamt. Mange artige scenar, mange smarte replikkar. Ein den symbolisme også, dersom ein tenker seg om. Nei, kort sagt, denne likte eg godt!
– Tynn lita bok, lettlest, velformulert, godt formidla – både kjensler, karakterar og handling.
– LES LES LES
Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27
Og til slut – eit lite boktips: hvis du likte denne boka trur eg du også vil like «Veke 53» av Agnes Ravatn. Mykje lik humor, og språkleg sett er denne boka ei perle!