Hardt omslag vs mjukt omslag

EIT INNLEGG FOR DEI SPESIELT INTERESSERTE:
Harde bøker, mjuke bøker. Stive bøker, bøyelege bøker. Paperback vs pocket.
Generelt sett er skillnaden berre den at paperback er billigare i produksjon. Som forbrukar, som ihugga lesar og bokelskar betyr dei to formatene likevel meir enn berre ein skilnad i pris. Eg har med tia gjort meg nokre tankar og observasjonar omkring nettopp dette med pocket vs hard perm:

HARDT OMSLAG/PERM
+ ser mykje finare ut i bokhylla
+ enklare å legge i eit bokmerke utan at det sklir ut
+ held seg godt over tid; reint estetisk, altså
– kjipare å lese i; eg kan ikkje ”brette unna” den sida eg ikkje leser på.
– om ein leser i offentligheita og ikkje vil vise kva ein leser … ja då er det jaggu ikkje enkelt

POCKET
+ best på reise
+ praktisk lesing, enklare å halde i handa; likar å kunne ”brette” boka/folde den eine sida bak den andre slik at eg berre har ei flate mot meg
+ billigare (vanleg vis, iallfall)
+ Perfekt når ein leser noko «guilty pleasure»-isj ettersom ein kan folde boka slik at ingen kan sjå tittelen/forfattaren/det eventuelle kleine omslaget. (ingen kan vite at det er Fifty Shades du drøymer deg vekk i og ikkje ein meir «sofistikert» klassikar).
– om ein leser boka mange gonger vil ho ganske lett kunne falle frå kvarande i bindinga
– vrient med bokmerke; dei faller ofte ut – men eg har eit lite triks:
Screen Shot 2018-09-30 at 18.17.55.png

HARDE ELLER MJUKE – KVA FØRETREKK DU?