LEST I SEPTEMBER


Eg har pleid å oppsummere litt månad for månad, men så – tja, så gadd eg ikkje? Og no sit eg her med ein enorm opphopning av bøker som har blitt lesne utan å få si plass her. Så – betre seint enn aldri; her er bøkene eg las i september (rekker akkurat å få snakka litt om dei før oktober sine bøker skal få plass!)

September … regn, vind, endå meir regn. Mykje innetid. Mykje lesing:
Pachinko, Min Jin Lee
Politi, Jo Nesbø – (Harry Hole #10)
Nei og atter nei, Nina Lykke
Tørst, Jo Nesbø  – (Harry Hole #11)
Hvem sin rumpe er det?, Heath McKenzie
Hard-boiled Wonderland and The End Of The World, Haruki Murakami
Forbrytelse og straff, Fjodor Dostojevski
Mannen som elsket Yngve, Tore Renberg

Og også eit par-sju lydbøker:
Etter styrten, Michel Bussi
The Woman at 72 Derry Lane, Carmel Harringtong
En avtale med livet, Cecila Ahern
The House Across the Street, Lesley Pearse
En mann ved navn Ove, Fredrik Backman (F)
Nysgjerrigper, Belinda Bauer
The Temp, Michelle Francis

Og – eg verken kan eller vil skrive ”fullverdige” omtalar om bøkene, herreminhatt det ville blitt lang og keisamt, pluss at om du berre googler dei bøkene du er intressert i, så finner du meir info om dei. Så – eg anser mi oppgåve her som å berre opplyse om bøkene – skrive at dei finnst, og meget kort formidle kva eg likte og ikkje likte med dei.
Hensikta?
1) Å oppsummere for meg sjølv ( – eg er visst blitt veldig glad i fenomenet av å ”oppsummere” sakar og ting, må vere ei aldersgreie det der).
2) Gje deg ei kortfatta innføring i desse bøkene slik at du kanskje kan finne noko som interesserer nettopp deg – inspirere deg til å lese noko nytt!

** Lydbøkene kjem eg tilbake til i eit eiga innlegg **

Pachinko, Min Jin Lee
40327654_131238587821821_7004037707707577134_n

* Ein historisk generasjons-roman kor vi følgjer tre generasjonar. Historia startar i Korea, og flytter seg vidare til Japan. Trass i at heile tre generasjoner dekkast av boka, blir ho heldigvis ikkje for langdryg. Berre nesten
* Eg valte denne boka fordi eg kan altfor lite om forholda mellom Japan og Korea, og eg har under fleire anledningar ønskt at eg visste litt meir. Så då eg meir eller mindre snubla over denne boka tenke eg at det kunne vere ein fin måte å lære litt på, samstundes som at det ikkje blei for tørt og ”belærande” i og med at det er ein roman og ikkje ei fagbok.

DET EG LIKTE;
+ Lærerikt om Korea og Japan si historie, enkelt fortalt, lett å skjønne
+ Lett-leseleg trass i historikk og tidvis tung tematikk
+ Likandes og ekte karakterer
+ Enkelt å henge med trass i eit stort karakter-galleri og fleire store tidssprang

DET EG LIKTE MINDRE GODT;
– Sakna noko, men veit ikkje heilt kva; eg blei rørt, men ikkje noktil at boka sat spor, eg lærte mykje, men ikkje heilt noklikevel, … boka er treffer nesten blinkpå alle områder, men bommer – så vidt – på absolutt alle desse områda, slik at eg som lesar ikkje sit igjen med ein nestenveldig god leseoppleving – eg sit igjen med kjensla av at noko mangla her. Eg blei liksom ikkje mett, trass i at eg mot slutten blei utålmodig i vente på at boka skulle enda.
– Tida: boka beveger seg fram kronologisk – nokre gonger blir tidsspranga for brå/plutselege, andre gonger varte og rakk det utan at noko av betydning i grunnen hendte – for mange detaljar knyta til enkelte hendingar og det berre varte og rakk … Andre gonger hoppa forfattaren brått langt fram i tid og eg sakna eit meir samanhengande bilete. Kanskje kan det har noko med redigeringa av boka å gjere? – at ein del har blitt fjerna for å gjere boka meir leseleg og mindre langdryg. Og det er nok smart det, men eg sakna ein glattare overgang mellom tidsspranga.
– Sakna også å bli betre kjent med enkelte av karakterane. Følte eg blei kjend med nokre få av dei, mens andre var som pappfigurar som berre var der; blei født, utførte sine plikter, sa sine replikkar, fullførte si skjebne og daua – utan at eg blei klok på kven dei var, kva dei kjente osv.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34
Politi, Jo Nesbø – (Harry Hole #10)
Politidrap: ikkje berre eit, men fleire. Eit mønster viser seg – politifolka som blir drepne blir gjort det på ein måte som har klare fellestrekk med mordsakar dei har mislykkast i å løyse. Politimester Bellman kjem ingen vei med saka på eigahand og må til sist svelgje ein kamel (eller fem) og gå til Hole for å få assistanse. 

Dette er ein berg og dalbane av ei bok. Spenning, spenning, spenning! Ein av dei betre i serien. Ein verkeleg ”side-vender” på godt norsk.

39486109_229477054415835_3124117127492122811_n

Nei og atter nei, Nina Lykke
* Denne boka vert skildra somhysterisk morosam, og jo, ho er morosam – og det er ikkje på grunn av tematikken, snarare på tross av. Det er forfattarinna si evne til å formulere karakteranes tankar og kjensler som gjer at denne boka kan oppfattast som humoristisk. Eg smilte fleire gonger mens eg las, men eg sat likevel ikkje igjen med tankar om at dette var hysterisk morosamt. (Kanskje har det heller aldri vore forfattarinna sin plan, men snarare kritikarar og andre lesarar som har opplevd ho slik?)
Det sagt – så betyr ikkje det at boka ikkje er god, for det er ho –knakande god! Det betyr berre at – slik eg opplevde det – dette ikkje først og fremst er ein ”humor-bok”; men heller ei bok kor det humoristiske språket gjer at fortellinga blir underhaldnade og utholdbar. Utan det vittige språket ville boka fort blitt sytande, negativ og tung. Slik ho er no formidlar boka ei gjenkjenneleg fortelling om eit familieliv på godt og vondt; kjensler, truskap, usikkerheit, søken på noko nytt, meininga med livet, val av partnar, nye forhold, gamle forhold, finne seg sjølv, kven er eg aleine vs kven er eg saman med andre?

+ Lettlest
+ herleg språk
+ realistisk
+ ei sluke-bok som ein leser ut i løpet av ei lita helg
+ ei bok det er enkelt å plukke opp; ein mister ikkje tråden, ein trenger ikkje sette livet på vent for å kome seg gjennom.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34
Ein MEGET sterk firar. Skrivemåta og handlinga gjer meg litt assosiasjonar til mellom anna Marit Eikemo, og det er kanskje nettopp derfor eg ikkje trillar ein femmar – for eg syntes Eikemo leverer hakket betre. Ikkje at det eigentleg skal sammenliknast, bøkene er heilt ulike, men det setter liksom ein slags standard likvel.


Tørst, Jo Nesbø  – (Harry Hole #11)

Handlinga bygger vidare på bok nr ti i serien om Harry Hole, så for akkurat denne boka er det heilt klarte ein fordel å ha lese ”Politi” først.

Tinder, dating, romanse … slik opnar boka. Via tinder-appen blir dater arrangert. Ein av dei mange herrene som brukar appen har imidlertid andre hensikter enn romanse. Damer i tjue og trettiårsalderen blir funnen drepte på usedvanleg vis – med bitemerker, som av ein vampyr. Felles for offera er at dei nyleg har vore på date og at daten blei arrangert via Tinder.
41489305_162203938024984_8322137727630370381_n
Harry, som har slutta i politiet, slått seg til ro med eit A4-liv – som foreleser ved polithøgskulen og gift med Rakel – blir trukket inn i saken; noko han først seier nei til, men så er det jo dette med han som slapp unna i forrige bok då … Sakte men sikkert gjer han etter og let seg trekke inn i saken – sjølv om han helst ville vore foruten for å varne om dette nye livet som han gjerne vil ”ha i fred” og uforstyrre. Men så … altså… vampyrisme, drap, brutalitet, ein etterforsking som tryglar han om hjelp, og eit personleg motiv i form av hevnlyst gjer at han altså går med på å bistå politiet – noko som: 1) setter fart i etterforskinga og jakta på gjerningsmann, og 2) rokker ved Harrys ”nye” livsstil og harmoni.

Dette er den (foreløpige) siste boka om Harry Hole. Meiner å ha lese at det kjem ein ny bok no i starten av 2019 – noko som var mykje av grunnen til at eg i år las heile Hole-serien på ny.
Nesbø leverer – både mtp plott (som aldri er ”oppbrukt”), karakterar (som er truverdige og likandes!) og språk (artige formuleringar, ”ekte” dialogar, billedlige scener, god flyt!).

Hvem sin rumpe er det?, Heath McKenzie
Klarte ikkje få forbi denne boka! Rumpehumor og ”klaffe-bok” (slike papp-luker ein kan opne for å sjå dyrets rumpe…) i eitt er jo ein magisk kombinasjon. Eg las denne sjølv, tre-fire gonger før eg gav ho vekk til mine to nevøar som nok er eit publikum som passar litt betre inn i målgruppa.

Hard-boiled Wonderland and The End Of The World, Haruki Murakami
Gjennlesing – har tidligare lytta til lydbokversjonen (den ligger på Storytel og er utruleg flott utført), men eg var ein smule u-oppmerksam den gong, pluss at eg i seinare tid har skaffa meg alle Murakami sine bøker. Etter mykje Harry Hole vart eg freista av å lese noko heilt anna … og nettopp dét; ”noko HEILT ANNA” – summerer i grunn opp heile denne boka.

Dette er Murakami på sitt mest absurde. Dette er ein slags thriller-scifi-fantasy-drama. Sær sær sær sær sær. Eg visste kva eg gjekk til, og elska boka. Hadde nok ikkje vore like postiv dersom eg gjekk laus på denne og forventa å finne noko i form av hans mindre absurde bøker som Norwegian Wood (OMTALE HER).

Boka tek føre seg to univers, som på sett og vis er lenka saman:
* Ein ingeniør får eit oppdrag som viser seg å vere langt meir omfattande enn han trudde, eit oppdrag som skal få store konsekvensar for hans liv og eksistens; eit jobboppdrag han på sett og vis ikkje kan kome unna, som om skjebnen har bestemt at det er han som må gjere dette.
* Ein ung man arbeider som drøyme-lese på ein liten plass som heiter ”The End of the World.” Han er relativt ny i byen og hugser ikkje heilt korleis han kom eller kvifor. Men no er han der. Og hans jobb er å lese drøymene som ligg lagra i dyre-skaller i akrivet på biblioteket.

41203423_236295693731603_921171301866881371_n
Kapitlene i boka er inndelt slik at annakvart kapittel fortel om det eine universet – altså vekslar handlinga fram og tilbake. Og akkurat det syntes eg at gjer boka ekstra les-bar!

PLUSSAR:
+ Originalt og morosamt
+ spenning
+ herlege og originale karakterar
+ Ein kan velgje å kose-lese boka, eller ein kan gå grundigare til verks – begge deler funerer godt”
+ Det finnst eit haug av lause tråder og samanhangar mellom dei to universa.
+ ei bok man kan lese igjen og igjen og stadig oppdage noko nytt i.

MINUS:
– tidvis litt langdrygt (særleg avsnitta om einhjørningane blei litt tørt)

NB! Når ein les slike bøker, absurde og sprøe, er det ein klar fordel å «berre» lese – godta det absurde og ikkje leit for mykje etter noko djupare samaneheng. Verkeleg berre les og drøym deg bort og lett bort det som heiter fornuft og logikk. Det vil gjere opplevinga av akkurat denne boka til ein heilt annan enn om du opnar ho med kritisk og analyserande hensiktar.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34
Firaren gjenspegler dei andre bøkene av Murakami – som eg stort sett har gitt femmare og seksare. Denne er knallgod, men når ikkje opp til dei beste av han.


Forbrytelse og straff, Fjodor Dostojevski
Denne let seg ikkje lett oppsummerast … Eller jo – eitt ord kan beskrive ho; EINESTÅANDE! Eller endå betre med to ord: STOR LITTERATUR.

Stor i fysisk format, dette er den største og tyngste boka på hylla mi (sett bort i frå Don Quijote, og Norsk etymologisk ordbok). I rein overført betyding er boka også enorm – fortellinga er unik, den er fengslande, den er oppslukande … eg såg føre meg å bruke ei veke eller to på denne, men las ho ut på berre tre dagar…

41514893_2091249577608940_6181310072251390192_n

Raskolnikov – ein ung, fattig student (eller; eks-student) utfører eit mord. Vi følgje opptakta til mordet, sjølve handlinga, og tida etterpå. Skuld, angst og panikk det eine augenblinket. Håp, tru og sjølvrettferdigelse det neste. Skal han tilstå? Gjorde han eigentleg noko gale? Det er jo ingen som vil sakne dei? Var det i grunn så feil av han? Kjem han til å sleppe unna? Er dei på sporet av han? No skal han tilstå … no orker han ikkje pine seg sjølv lenger. Eller nei, no går det bra, no slepp han unna. Alt skal bli så bra så…

Fleire gonger vurderer han å melde seg, og det eg syntes var interessant å følgje med på var motivasjonen bak dette; for det verka som om det var sjølv frykta for å bli avslørt som var drivkrafta, og ikkje ein reell kjensle av anger og skuld. I tillegg til å følgje hans ambivalens og stormande indre psyke – tek boka også føre seg menneska rundt han; ein eksentrisk studiekamerat, mora, systera, husverten, andre menneske han støter på i denne tida.

Eg kunne skrive side etter side om denne boka, så eg kjem nok tilbake med eit eiget innlegg for denne boka… det fortene ho nemleg.

Eit par stikkord og tankar:
+ Ein stor klassikar som bør lesast av alle bok-elskarar
+ eit slags drama i bokformat
+ indre dialog;
+ ytre og indre handling
+ herleg innblikk i eit kaotisk hovud
+ betraktningar om lover, om lovbrot, skuld, skam, ansvar

OG eit lite tips til deg som skal lese denne – bakerst i boka finner du ein oversikt over karakterane og namna deirar. Det er nemleg ikkje så enkelt i starten fordi desse Russiske navna kjem i så mange ulike varianter; fornamn, etternamn, familienamn, formelle former, osv…

Absolutt månadens- om ikkje årets – om ikkje tidenes! – høgdepunkt!
Screen Shot 2018-02-12 at 09.19.45

Mannen som elsket Yngve, Tore Renberg

Den første av fem bøker om Jarle Klepp.

Eg las denne hovudsakeleg fordi bok nr to i serien (Kompani Orheim) blei delt ut gratis ifbm med ”Hele Rogland leser”. Og Gratis bok … og det attpåtil av Renberg? Ja takK! Men …ordensmenneske som eg er, kan eg ikkje lese bok nr to utan å lese nr ein først. Og …eg kjøpte likeså godt heile serien, eg. Og det angrar eg ikkje ei krone på! I tillegg skal eg på forfattartreff med Renberg no på laurdag (3. november)! Og innen den tid har eg altså lese så og seie alle romanene han har skrive for vaksne.

42431689_526647997747880_7926672464126273972_n

Jarles liv endrer seg brått denne dagen i Januar – første skuledag etter juleferien. Ein ny gut har starta på skulen. Yngve. Og noko ved han vekker Jarles interesse, vekker kjensler han aldri har kjent på før, kjensler utover det å vere ”Nyfiken”. Jarle er forelska. Noko som får konsekvensar for både han sjølv og dei rundt han – for han har jo alt ei kjærast; Katrine. Og han har ein bestekompiss. Og eit band. Og då kjem denne Yngve og tek opp plass i hovudet og hjartet hans og får han til å gjere ting han elles ikkje ville gjort, får han til å prioritere annleis, til å tenke annleis.

Boka er … ja… den må opplevast!
Slukte boka på to dagar. Språket er NYDELEG! God flyt, enorm kraft, morosamt og underhaldande trass tidvis trist stemning. Ho inneheld meir enn drama og tenåringsangst; her finnst djupe menneskeleg innsikt, spenning og utvekling, dramatikk. Dette er ei bok absolutt ALLE vil kunne kjenne seg igjen i på ei eller anna måte.

LES LES LES LES!!!!

”Ja….men eg har jo alt sett filmen!”
LES LES LES LES LIKEVEL!

(Eg kjem tilbake med full rapport om heile Klepp-serien!)

Karthago – Joyce Carol Oates


Namnet – Joyce Carol Oates – lyder så kjent for meg at eg lenge har trudd at dette var ei forfattarinne eg hadde lese ein del av. Men … neidå, då eg sjekka (i bokhylla, i listene eg har laga, ved å søkje gjennom halve Internettet på jakt etter noko som fekk bjellane til å kime …) oppdaga eg at eg slettes ikkje har lese noko som helst av henne. Eg fann imidlertid ei av hennar mange bøker ståande i den delen av bokhylla eg har reservert til ”foreløpig uleste” bøker – så det er nok derfor eg kjente att namnet. J. C. Oates er ei kjend forfattarinne frå USA med utallige utgivingar bak seg, og ho har også blitt nominert og forslått nominert til Nobels Litteraturpris fleire gonger. Så det var ikkje heilt utan forventing at eg opna boka og gjekk laus på ho. Betre seint enn aldri – og sjølv om dette ikkje var ein innertiar, eller ein seksar, eller ein gong ein femmar, så blir det ikkje den siste boka eg leser av henne, for boka gav meirsmak trass i at enkelte ting trakk litt ned. 

Screen Shot 2018-10-23 at 10.37.40
KORT OM HANDLINGA (utan ”spoilers!”)
Ei mor vaknar klokka fire natt til sundag med ei kjensle av at noko er feil, og magekjensla har rett; Cressida – den yngste av dei to døtrene har ikkje kome heim. Senga er tom, mobilen svarar ho ikkje på, og innan lunsjtider dagen etter er leiteaksjonen i gong. Vitnar har observert henne saman med  store-systeras eks-forlovede; som kort tid etter blir funnet i bilen sin, dehydrert og blodig. I bilen finner dei spor etter Cressida. Søket i området finner henne likevel ikkje. Ingen kropp. Ingen lik. Ingen andre spor. Det går lang tid før ein tilståing kjem, og den er det ymse meiningar om ettersom ein del detaljar skurrar, og ikkje minst fordi han er ein traumatisert og skada krigsveteran (etter eit opphald i Afghanistan). Kva skjedde med Cressida?

Slik starar boka, i 2005 – og vi får skildra denne tida frå ulike hald; systera, den mistenkte, mora og faren. Så hopper vi frem i tid til 2012; og også her får vi sjå korleis dei har det, sju år seinare. Og – så skjer det også ein rekke andre ting som ikkje kan skrivast ned utan å røpe og øydelegge for potensielle lesarar….

MINE TANKAR:
OBS! NB! ADVARSEL! OSV: følgende er berre MI MEINING og ikkje noko fagleg korrekt i det heile tatt…

KVIFOR EG LIKTE DENNE:
+ eg opplevde boka som ein god miks av sjangrar: drama, thriller, krim i eitt – noko som, for meg, blei ein oppfriskande lett bris inn i leselivet kor eg sjeldan opplever same type spenning samstundes med at eg er knyta til karakterens indre liv. Ofte føler eg at ”typiske” spenningsbøker har hovudfokus på ytre omstende, at spenninga kjem av handlingar og ”ytre plott”. Her skjer det i grunn ikkje så enormt mykje, sett bort i frå sjølve forsvinninga. Men det indre livet i karakterane skaper også ein spenning. Klarar ikkje heilt forklare det betre enn dette – at det er spenning gjennom heile boka knyta både til situasjonen og også til kvar enkelt karakter.
+ Altså ein fin kombo av spenning, nyfikenheit og kjensler.
+ likte godt korleis fleire karakterar fekk ”skine litt”; det handla ikkje berre om hovudpersonen og ”saken”. Mor, far, syster, Cressida, Brett (den mistenkte) – alle får plass.
+ Handlinga går langt utover forsvinninga; indirekte kan ein finnes ein heil haug av samfunnsaktuelle sakar: forholda i fengsel, dødsstraff, psykisk helse, krig, politikk, menneskelege relasjonar, traumar, helse, kjærleik, skuld, tilgiving, religion, sjalusi, media,
+ Likte at hovudpersonen blei skildra som litt spesiell, som med snev av ymse diagnosar; men at denne kanskje-diagnosen ikkje fekk definere henne som person eller karakter – ho blei ikkje framstilt som svak eller evneveik. Likte pgså at denne ”kanskje-diagnosen” var noko som ikkje blei avklart – det verka til å vere eit tema som verken ho eller familien makta å ta tak i. Det blei eit tema som berre blei lagt litt vekk og forsøkt oversett. Ho blei sett på som annleisog ikkje sjuk. Ikkje noko svart eller kvitt. Ein udefinert mellomting. Ofte føler eg at så snart det er snakk om å vere annleis i bøker – då særleg i psykologiske thrillerar – så blir hovudpersonen utilrekneleg og sjukeleggjort, diagnosen får stor plass og definerer karakteren i for stor grad til at eg som lesar kan kome inn på sjølve menneske og bli kjent med det; altså prøver eg å seie at i denne boka er Cressida berre Cressida, ho får vere litt sær og unik utan at ein eventuelt diagnose blir klistra i panna på henne. Eg ser HO og ikkje ein etikett. Også den mistenkte – krigsveteranen – er heilt klart skadd (fysisk og mentalt), men heller ikkje det får definere han som person her. Det blir aldri svart på kvitt i denne boka; det er aldri så ”enkelt” som at Han/ho lider av diagnose X og derfor gjorde an/ho handlinga Y.
eit relativt originalt plott; har lese eit utall bøker med forsvinningar o.l – men aldri ein som denne, og det er godt gjort mtp kor mange bøker som inneheld/bygger på forsvinningsnumre som plott

TING EG LIKTE MINDRE:
– Oversetninga er tidvis litt mangelfull; enkelte gonger står det f.eks ”men” i staden for ”med” – noko som jo berre er trykk-Leif, men ganske plagsamt, særleg når det gjelder lengre setningar, og gjer at eg mister tråden og må lese om att; men dette er utelukkande forlaget/oversettarens skuld og ikkje forfattaren – dermed let eg ikkje det gå ut over (prøver iallfall…) mi dom over boka .
– Enkelte deler av boka (ca midtvegs i – det gjelder eit laaaaangt kapittel med besøk i eit fengsel) er unødvendig lange, litt for mange detaljar, litt for mykje unødig dill dall som kunne blitt redigert vekk utan at boka hadde mista noko.
– Litt for mykje «kunstig skapt» mystikk: måten forfattarinna skriv på gjer at mykje blir hinta til heller enn sagt direkte, men desse hinta er det ikkje heilt mogleg å mistolke og det irritere meg derfor ofte at ho ikkje berre kunne skrive ting litt meir direkte.
– Tidvis elska eg språket, men i blant fekk eg den ufullstendege setningane opp i halsen. Det er nok eit bevisst verkemiddel, men æsj altså – av og til skulle eg ønskje forfattaren tillèt seg mindre friheit mtp å seie seg unntatt frå grammatiske reglar.


DOM;
Ein sterk;Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34

 

NYORD: Og som eg ofte gjer, noterer eg meg ned ”nye ord” eg kom over – fordi eg likar ord og synes det er spennande og givande å utvide ordforrådet:
*  ”pyrrhosseier”; ein seier med bismak – litt som ein bjørneteneste, berre at det ikkje gjelder ein teneste men ein seier.
* ”kataklysme”; katastrofe, krise, verdensødeleggelse

Oppdatering av «lest i 2018»

Oversikt over alt eg har lese hittil i år – no med link til omtale (der det er aktuelt/ferdig!)

LEST I 2018 **Klikk på link for omtale**
* «(F)» –
 også filmatisert/TV-serie
* «(X)» – avbroten
* «K» – klassikar
* » =)» – Favoritt

(januar)
1. Skråninga, Carl Frode Tiller
2. The Next Mrs Parrish, Liv Constantine
3. The Marrige Lie, Kimberly Belle
4. ‎Copycat, Alex Blake
5. ‎skitten poesi (#2)
6. ‎ I See You, Clare Mackintosh
7. ‎Summer at the Lake, Erica James
8. ‎Bak lukkede dører, B. A. Paris
9. ‎After Anna, Alex Lake
10.‎ Kafka On the Shore, Haruki Murakami
11. ‎On a Beautiful Day, Lucy Diamond
12. ‎Stoner, John Williams
13. ‎Local Girl Missing, Claire Douglas
14. ‎Sleeping Giants (Themis Files#1) , Sylvain Neuvel
15. ‎Miniaryrmakeren, Jessie Burton (F) =)
16. ‎The Blackhouse (#1 Lewis-Trilogy), Peter May
17. ‎Waking Gods (Themis Files#2) , Sylvain Neuvel
18. ‎Still Me,(#3 Louisa Clark), Jojo Moyes

(februar)
19. The wife, Alafair Burke
20. ‎stardust, Neil Gaiman (F)
21. ‎High Fidelity, Nick Hornby (F)
22. ‎Oryx and Crake, Margaret Atwood (MaddAddam#1)
✖ Swing Time, Zadie Smith ✖
23. Den onde viljen, Karin Fossum
24. ‎De som fortjener det, Peter Swanson
25. ‎menn uten kvinner, Haruki Murakami
26. ‎ The Year of the Flood, Margaret Atwood, MaddAddam #2 =)
27. ‎Her Every Fear, Peter Swanson
28. ‎ dypt å falle, Anna Grue
29. ‎MaddAddam, Margaret Atwood (MaddAddam#3)
30. ‎ PS I Love You, Cecilia Ahern (F)=)
31. ‎Minds Eye, (Van Veeteren #1) Håkan Nesser
✖ shopaholic✖
32. ‎ jenta med snø i håret, (Magdalena Hansson #1), Ninni Schulman
33. ‎ Av jord er du kommet, Chris Tvedt

MARS
34. Gutten som sluttet å gråte, (Magdalena Hansson #2), Ninni Schulman
35. ‎Mot nordavinden, Daniel Glattauer
36. ‎ Den syvende bølgen, Daniel Glattauer
37. ‎Menn som hater kvinner, Stieg Larsson (Millenium#1)  (F) =)
38. ‎ before i go, Colleen Oakley
39. ‎En hinsides mann, Tetsushi Suwa
40. ‎Jenta som lekte med ilden,Stieg Larsson (Millenium#2)  (F) =)
41. ‎Se meg, Nicholas Sparks
✖ ‎The Feed, Nick Clark Windo✖
42. ‎Sex, død og ekteskap, Jon Øystein Flink
43. ‎Jane Eyre, Charlotte Bronte (F K =) )
44. ‎ Vår egen lille hemmelighet, (Hogfors #4), Ninni Schulman
45. Luftslottet som sprengtes, Stieg Larsson (Millenium#3)  (F) =)

APRIL
✖ ‎seks år, Harlan Coben
46. ‎ Saman er ein mindre aleine, Anna Galvalda =)
47. ‎ ‎chalk man, C J Tudor
48. ‎ Den blinde guden, Chris Tvedt (Matre #2)
49. ‎Trekkoppfuglen, Haruki Murakami
50. The Other Woman, Sandie Jones
51. Only Time Will Tell, Jeffrey Archer (#1)
52. Milk and Honey, rupi kaur
53. Let me Lie, Clare Mackintosh
✖ Surprise Me, Sophie Kinsella
54. Faking Friends, Jane Fallon
55. Samtale ventar, Marit Eikemo
✖ Hold my hand, M. J. Ford
56. To og to, Nicholas Sparks
57.  Noriaki , av Endre Ruset
58. David Copperfield, Charles Dickens (K)

(Mai)
59. En sånn jente, Monica Flatabø
60. Kunsten å bli glad i seg selv, Yukiko Motoya
61. Attachments, Rainbow Rowell
62. bring me back, B. A. Paris
63. Berge, Jan Kjærstad =)
64. The Readers of Broken Wheel Recommend, Katarina Bivald
65. Marie, Madeleine Bourdouxhe
66. Pride and Prejudice, Jane Austin (K) =) (F)
67. Størst av alt, Malin Persson Giolito
78. A Street Cat Named Bob, James Bowen (F)
69. The Lewis Man, Peter May  (Lewis trilogien #2  )
70. arbeid pågår, Eikemo
71. The Chess Men (Peter May  (Lewis trilogien #3  )
72. Sharp Objects, Gillian Flynn (F)
73. Talte dager, Heidi Linde

(Juni)
74. Vi kan ikkje eige kvarandre-dikt i utval, Arne Ruset
75. Barnepiken, Kathryn Stockett (F)   K(F)
76. Levende og døde i Winsford, Håkan Nesser
77. Snokeboka, Lisa Aisato
78. Glasshjerte, Torkild Damhaug =)
79. Heart like Mine, Amy Hatvany
80. Norwegian Wood Murakami (F)  =)
81. En dag i juni, Martina Reilly =)
82. Great Gatsby, F Scott Fitzgerald (F)
83. The world as we know it, Joseph Monninger
84. Flaggermusmannen, Jo Nesbø (#1)
85. Song of the Skylark, Erica James
86.  Veke 53, Agnes Ravatn
87.  Kakkerlakkene, Jo Nesbø (H.H#2)
88. Papirpiken, G. G. Musso    =)
89. The elephant vanishes, Haruki Murakami
90. For evig, Sarah Jio
91. The Dead Ex, Jane Corry
92. Rødstrupe, Jo Nesbø (Harry Hole #3)

(JULI)
93. Last seen, Lucy Clarke
94. Mellom oss sagt, Marit Eikemo
95. Sorgenfri, Jo Nesbø (Harry Hole #4)
✖ The Marrige Plot, Jeffrey Eugenides
96. Etterpå, G. G. Musso
97. Morgengry, Sarah Jio
98 Marekors, Jo Nesbø (Harry Hole #5)
99. Her, nå, alltid, Catherine Isaac
100. A Single Breath, Lucy Clarke
101. Frelseren, jo nesbø (Harry Hole #6)
102. 3096 dager, Natascha Kampusch (F)
103. Natt til fjerde november, Karin Fossum
104. Bli hvis du kan. Reis hvis du må (Bli hvis du kan #1) Helga Flatland =)
105. The invention of Ana, Mikkel Rosengaard
106.  Alle vil hjem. Ingen vil tilbake. (Bli hvis du kan #2) Helga Flatland  =)
107. Det finnes ingen helhet (Bli hvis du kan #3) Helga Flatland  =)
108. Snømannen (Harry Hole #7), Jo Nesbø
109. Ti år i frihet, Natascha Kampusch

(August)
110. Skin deep, liz Nugent
111. Hjertet er en ensom jeger  =)
112. Panserhjerte (Harry Hole #8) Jo nesbø
✖  Asymmetry, Lisa Halliday
113. The Mother’s Secret, Clare Swatman
114. How to walk away, Katherine Center
115. I Capture The Castle, Dodie Smith  (F)  =)
116. Best Day Ever, Kaira Rouda
117. Se Deg Ikke tilbake!, Karin Fossum
118. En liste for livet, Lori Nelson Spielman
119. Eg elska ho, Anna Gavalda
120. Formørkelsen, Karin Fossum
121. La den rette komme inn, John Ajvide Lindqvist (F)
122. Together, Julie Cohen
123. Alt det lyse og alt det mørke, Brynjulf jung tjønn
124. Gjenferd, (Harry Hole #8), Jo Nesbø
125. Fioler i mars, Sarah Jio
126. Sommeren med August, Catherine Ryan Hyde  =)
127. The Keep, Jennifer Egan  =)

(september)
128. Etter styrten, Michel Bussi
129. Pachinko, Min Jin Lee
130. The Woman at 72 Derry Lane, Carmel Harrington
131. Politi , (Harry Hole #9), Jo Nesbø
132. En avtale med livet, Cecilia Ahern
133. The House Across The Street, Lesley Pearse
134. Nei og atter nei, Nina Lykke
135. Tørst, Jo Nesbø (Harry Hole #11)
136. En mann med navn Ove, Fredrik Backman
137.  «Hvem si rumpe er det?» av Heath McKenzie
138. Hard-boiled wonderland and the end of the world, Haruki Murakami
✖️ A Stranger In The House, Shari Lapena
139. Nysgjerrigper, Belinda Bauer
140. The temp, Michelle Frances
141. Forbrytelse og straff, av Fjodor Dostojevskij (K)  =)
142. The death of mrs Westaway, Ruth ware
143. Mannen som elsket Yngve (#1 Jarle Klepp)  =) (F)

(oktober)
144. Vest for solen, syd for grensen Haruki Murakami
145. Unraveling Oliver, Liz Nugent
146.