LEST I SEPTEMBER


Eg har pleid å oppsummere litt månad for månad, men så – tja, så gadd eg ikkje? Og no sit eg her med ein enorm opphopning av bøker som har blitt lesne utan å få si plass her. Så – betre seint enn aldri; her er bøkene eg las i september (rekker akkurat å få snakka litt om dei før oktober sine bøker skal få plass!)

September … regn, vind, endå meir regn. Mykje innetid. Mykje lesing:
Pachinko, Min Jin Lee
Politi, Jo Nesbø – (Harry Hole #10)
Nei og atter nei, Nina Lykke
Tørst, Jo Nesbø  – (Harry Hole #11)
Hvem sin rumpe er det?, Heath McKenzie
Hard-boiled Wonderland and The End Of The World, Haruki Murakami
Forbrytelse og straff, Fjodor Dostojevski
Mannen som elsket Yngve, Tore Renberg

Og også eit par-sju lydbøker:
Etter styrten, Michel Bussi
The Woman at 72 Derry Lane, Carmel Harringtong
En avtale med livet, Cecila Ahern
The House Across the Street, Lesley Pearse
En mann ved navn Ove, Fredrik Backman (F)
Nysgjerrigper, Belinda Bauer
The Temp, Michelle Francis

Og – eg verken kan eller vil skrive ”fullverdige” omtalar om bøkene, herreminhatt det ville blitt lang og keisamt, pluss at om du berre googler dei bøkene du er intressert i, så finner du meir info om dei. Så – eg anser mi oppgåve her som å berre opplyse om bøkene – skrive at dei finnst, og meget kort formidle kva eg likte og ikkje likte med dei.
Hensikta?
1) Å oppsummere for meg sjølv ( – eg er visst blitt veldig glad i fenomenet av å ”oppsummere” sakar og ting, må vere ei aldersgreie det der).
2) Gje deg ei kortfatta innføring i desse bøkene slik at du kanskje kan finne noko som interesserer nettopp deg – inspirere deg til å lese noko nytt!

** Lydbøkene kjem eg tilbake til i eit eiga innlegg **

Pachinko, Min Jin Lee
40327654_131238587821821_7004037707707577134_n

* Ein historisk generasjons-roman kor vi følgjer tre generasjonar. Historia startar i Korea, og flytter seg vidare til Japan. Trass i at heile tre generasjoner dekkast av boka, blir ho heldigvis ikkje for langdryg. Berre nesten
* Eg valte denne boka fordi eg kan altfor lite om forholda mellom Japan og Korea, og eg har under fleire anledningar ønskt at eg visste litt meir. Så då eg meir eller mindre snubla over denne boka tenke eg at det kunne vere ein fin måte å lære litt på, samstundes som at det ikkje blei for tørt og ”belærande” i og med at det er ein roman og ikkje ei fagbok.

DET EG LIKTE;
+ Lærerikt om Korea og Japan si historie, enkelt fortalt, lett å skjønne
+ Lett-leseleg trass i historikk og tidvis tung tematikk
+ Likandes og ekte karakterer
+ Enkelt å henge med trass i eit stort karakter-galleri og fleire store tidssprang

DET EG LIKTE MINDRE GODT;
– Sakna noko, men veit ikkje heilt kva; eg blei rørt, men ikkje noktil at boka sat spor, eg lærte mykje, men ikkje heilt noklikevel, … boka er treffer nesten blinkpå alle områder, men bommer – så vidt – på absolutt alle desse områda, slik at eg som lesar ikkje sit igjen med ein nestenveldig god leseoppleving – eg sit igjen med kjensla av at noko mangla her. Eg blei liksom ikkje mett, trass i at eg mot slutten blei utålmodig i vente på at boka skulle enda.
– Tida: boka beveger seg fram kronologisk – nokre gonger blir tidsspranga for brå/plutselege, andre gonger varte og rakk det utan at noko av betydning i grunnen hendte – for mange detaljar knyta til enkelte hendingar og det berre varte og rakk … Andre gonger hoppa forfattaren brått langt fram i tid og eg sakna eit meir samanhengande bilete. Kanskje kan det har noko med redigeringa av boka å gjere? – at ein del har blitt fjerna for å gjere boka meir leseleg og mindre langdryg. Og det er nok smart det, men eg sakna ein glattare overgang mellom tidsspranga.
– Sakna også å bli betre kjent med enkelte av karakterane. Følte eg blei kjend med nokre få av dei, mens andre var som pappfigurar som berre var der; blei født, utførte sine plikter, sa sine replikkar, fullførte si skjebne og daua – utan at eg blei klok på kven dei var, kva dei kjente osv.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34
Politi, Jo Nesbø – (Harry Hole #10)
Politidrap: ikkje berre eit, men fleire. Eit mønster viser seg – politifolka som blir drepne blir gjort det på ein måte som har klare fellestrekk med mordsakar dei har mislykkast i å løyse. Politimester Bellman kjem ingen vei med saka på eigahand og må til sist svelgje ein kamel (eller fem) og gå til Hole for å få assistanse. 

Dette er ein berg og dalbane av ei bok. Spenning, spenning, spenning! Ein av dei betre i serien. Ein verkeleg ”side-vender” på godt norsk.

39486109_229477054415835_3124117127492122811_n

Nei og atter nei, Nina Lykke
* Denne boka vert skildra somhysterisk morosam, og jo, ho er morosam – og det er ikkje på grunn av tematikken, snarare på tross av. Det er forfattarinna si evne til å formulere karakteranes tankar og kjensler som gjer at denne boka kan oppfattast som humoristisk. Eg smilte fleire gonger mens eg las, men eg sat likevel ikkje igjen med tankar om at dette var hysterisk morosamt. (Kanskje har det heller aldri vore forfattarinna sin plan, men snarare kritikarar og andre lesarar som har opplevd ho slik?)
Det sagt – så betyr ikkje det at boka ikkje er god, for det er ho –knakande god! Det betyr berre at – slik eg opplevde det – dette ikkje først og fremst er ein ”humor-bok”; men heller ei bok kor det humoristiske språket gjer at fortellinga blir underhaldnade og utholdbar. Utan det vittige språket ville boka fort blitt sytande, negativ og tung. Slik ho er no formidlar boka ei gjenkjenneleg fortelling om eit familieliv på godt og vondt; kjensler, truskap, usikkerheit, søken på noko nytt, meininga med livet, val av partnar, nye forhold, gamle forhold, finne seg sjølv, kven er eg aleine vs kven er eg saman med andre?

+ Lettlest
+ herleg språk
+ realistisk
+ ei sluke-bok som ein leser ut i løpet av ei lita helg
+ ei bok det er enkelt å plukke opp; ein mister ikkje tråden, ein trenger ikkje sette livet på vent for å kome seg gjennom.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34
Ein MEGET sterk firar. Skrivemåta og handlinga gjer meg litt assosiasjonar til mellom anna Marit Eikemo, og det er kanskje nettopp derfor eg ikkje trillar ein femmar – for eg syntes Eikemo leverer hakket betre. Ikkje at det eigentleg skal sammenliknast, bøkene er heilt ulike, men det setter liksom ein slags standard likvel.


Tørst, Jo Nesbø  – (Harry Hole #11)

Handlinga bygger vidare på bok nr ti i serien om Harry Hole, så for akkurat denne boka er det heilt klarte ein fordel å ha lese ”Politi” først.

Tinder, dating, romanse … slik opnar boka. Via tinder-appen blir dater arrangert. Ein av dei mange herrene som brukar appen har imidlertid andre hensikter enn romanse. Damer i tjue og trettiårsalderen blir funnen drepte på usedvanleg vis – med bitemerker, som av ein vampyr. Felles for offera er at dei nyleg har vore på date og at daten blei arrangert via Tinder.
41489305_162203938024984_8322137727630370381_n
Harry, som har slutta i politiet, slått seg til ro med eit A4-liv – som foreleser ved polithøgskulen og gift med Rakel – blir trukket inn i saken; noko han først seier nei til, men så er det jo dette med han som slapp unna i forrige bok då … Sakte men sikkert gjer han etter og let seg trekke inn i saken – sjølv om han helst ville vore foruten for å varne om dette nye livet som han gjerne vil ”ha i fred” og uforstyrre. Men så … altså… vampyrisme, drap, brutalitet, ein etterforsking som tryglar han om hjelp, og eit personleg motiv i form av hevnlyst gjer at han altså går med på å bistå politiet – noko som: 1) setter fart i etterforskinga og jakta på gjerningsmann, og 2) rokker ved Harrys ”nye” livsstil og harmoni.

Dette er den (foreløpige) siste boka om Harry Hole. Meiner å ha lese at det kjem ein ny bok no i starten av 2019 – noko som var mykje av grunnen til at eg i år las heile Hole-serien på ny.
Nesbø leverer – både mtp plott (som aldri er ”oppbrukt”), karakterar (som er truverdige og likandes!) og språk (artige formuleringar, ”ekte” dialogar, billedlige scener, god flyt!).

Hvem sin rumpe er det?, Heath McKenzie
Klarte ikkje få forbi denne boka! Rumpehumor og ”klaffe-bok” (slike papp-luker ein kan opne for å sjå dyrets rumpe…) i eitt er jo ein magisk kombinasjon. Eg las denne sjølv, tre-fire gonger før eg gav ho vekk til mine to nevøar som nok er eit publikum som passar litt betre inn i målgruppa.

Hard-boiled Wonderland and The End Of The World, Haruki Murakami
Gjennlesing – har tidligare lytta til lydbokversjonen (den ligger på Storytel og er utruleg flott utført), men eg var ein smule u-oppmerksam den gong, pluss at eg i seinare tid har skaffa meg alle Murakami sine bøker. Etter mykje Harry Hole vart eg freista av å lese noko heilt anna … og nettopp dét; ”noko HEILT ANNA” – summerer i grunn opp heile denne boka.

Dette er Murakami på sitt mest absurde. Dette er ein slags thriller-scifi-fantasy-drama. Sær sær sær sær sær. Eg visste kva eg gjekk til, og elska boka. Hadde nok ikkje vore like postiv dersom eg gjekk laus på denne og forventa å finne noko i form av hans mindre absurde bøker som Norwegian Wood (OMTALE HER).

Boka tek føre seg to univers, som på sett og vis er lenka saman:
* Ein ingeniør får eit oppdrag som viser seg å vere langt meir omfattande enn han trudde, eit oppdrag som skal få store konsekvensar for hans liv og eksistens; eit jobboppdrag han på sett og vis ikkje kan kome unna, som om skjebnen har bestemt at det er han som må gjere dette.
* Ein ung man arbeider som drøyme-lese på ein liten plass som heiter ”The End of the World.” Han er relativt ny i byen og hugser ikkje heilt korleis han kom eller kvifor. Men no er han der. Og hans jobb er å lese drøymene som ligg lagra i dyre-skaller i akrivet på biblioteket.

41203423_236295693731603_921171301866881371_n
Kapitlene i boka er inndelt slik at annakvart kapittel fortel om det eine universet – altså vekslar handlinga fram og tilbake. Og akkurat det syntes eg at gjer boka ekstra les-bar!

PLUSSAR:
+ Originalt og morosamt
+ spenning
+ herlege og originale karakterar
+ Ein kan velgje å kose-lese boka, eller ein kan gå grundigare til verks – begge deler funerer godt”
+ Det finnst eit haug av lause tråder og samanhangar mellom dei to universa.
+ ei bok man kan lese igjen og igjen og stadig oppdage noko nytt i.

MINUS:
– tidvis litt langdrygt (særleg avsnitta om einhjørningane blei litt tørt)

NB! Når ein les slike bøker, absurde og sprøe, er det ein klar fordel å «berre» lese – godta det absurde og ikkje leit for mykje etter noko djupare samaneheng. Verkeleg berre les og drøym deg bort og lett bort det som heiter fornuft og logikk. Det vil gjere opplevinga av akkurat denne boka til ein heilt annan enn om du opnar ho med kritisk og analyserande hensiktar.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34
Firaren gjenspegler dei andre bøkene av Murakami – som eg stort sett har gitt femmare og seksare. Denne er knallgod, men når ikkje opp til dei beste av han.


Forbrytelse og straff, Fjodor Dostojevski
Denne let seg ikkje lett oppsummerast … Eller jo – eitt ord kan beskrive ho; EINESTÅANDE! Eller endå betre med to ord: STOR LITTERATUR.

Stor i fysisk format, dette er den største og tyngste boka på hylla mi (sett bort i frå Don Quijote, og Norsk etymologisk ordbok). I rein overført betyding er boka også enorm – fortellinga er unik, den er fengslande, den er oppslukande … eg såg føre meg å bruke ei veke eller to på denne, men las ho ut på berre tre dagar…

41514893_2091249577608940_6181310072251390192_n

Raskolnikov – ein ung, fattig student (eller; eks-student) utfører eit mord. Vi følgje opptakta til mordet, sjølve handlinga, og tida etterpå. Skuld, angst og panikk det eine augenblinket. Håp, tru og sjølvrettferdigelse det neste. Skal han tilstå? Gjorde han eigentleg noko gale? Det er jo ingen som vil sakne dei? Var det i grunn så feil av han? Kjem han til å sleppe unna? Er dei på sporet av han? No skal han tilstå … no orker han ikkje pine seg sjølv lenger. Eller nei, no går det bra, no slepp han unna. Alt skal bli så bra så…

Fleire gonger vurderer han å melde seg, og det eg syntes var interessant å følgje med på var motivasjonen bak dette; for det verka som om det var sjølv frykta for å bli avslørt som var drivkrafta, og ikkje ein reell kjensle av anger og skuld. I tillegg til å følgje hans ambivalens og stormande indre psyke – tek boka også føre seg menneska rundt han; ein eksentrisk studiekamerat, mora, systera, husverten, andre menneske han støter på i denne tida.

Eg kunne skrive side etter side om denne boka, så eg kjem nok tilbake med eit eiget innlegg for denne boka… det fortene ho nemleg.

Eit par stikkord og tankar:
+ Ein stor klassikar som bør lesast av alle bok-elskarar
+ eit slags drama i bokformat
+ indre dialog;
+ ytre og indre handling
+ herleg innblikk i eit kaotisk hovud
+ betraktningar om lover, om lovbrot, skuld, skam, ansvar

OG eit lite tips til deg som skal lese denne – bakerst i boka finner du ein oversikt over karakterane og namna deirar. Det er nemleg ikkje så enkelt i starten fordi desse Russiske navna kjem i så mange ulike varianter; fornamn, etternamn, familienamn, formelle former, osv…

Absolutt månadens- om ikkje årets – om ikkje tidenes! – høgdepunkt!
Screen Shot 2018-02-12 at 09.19.45

Mannen som elsket Yngve, Tore Renberg

Den første av fem bøker om Jarle Klepp.

Eg las denne hovudsakeleg fordi bok nr to i serien (Kompani Orheim) blei delt ut gratis ifbm med ”Hele Rogland leser”. Og Gratis bok … og det attpåtil av Renberg? Ja takK! Men …ordensmenneske som eg er, kan eg ikkje lese bok nr to utan å lese nr ein først. Og …eg kjøpte likeså godt heile serien, eg. Og det angrar eg ikkje ei krone på! I tillegg skal eg på forfattartreff med Renberg no på laurdag (3. november)! Og innen den tid har eg altså lese så og seie alle romanene han har skrive for vaksne.

42431689_526647997747880_7926672464126273972_n

Jarles liv endrer seg brått denne dagen i Januar – første skuledag etter juleferien. Ein ny gut har starta på skulen. Yngve. Og noko ved han vekker Jarles interesse, vekker kjensler han aldri har kjent på før, kjensler utover det å vere ”Nyfiken”. Jarle er forelska. Noko som får konsekvensar for både han sjølv og dei rundt han – for han har jo alt ei kjærast; Katrine. Og han har ein bestekompiss. Og eit band. Og då kjem denne Yngve og tek opp plass i hovudet og hjartet hans og får han til å gjere ting han elles ikkje ville gjort, får han til å prioritere annleis, til å tenke annleis.

Boka er … ja… den må opplevast!
Slukte boka på to dagar. Språket er NYDELEG! God flyt, enorm kraft, morosamt og underhaldande trass tidvis trist stemning. Ho inneheld meir enn drama og tenåringsangst; her finnst djupe menneskeleg innsikt, spenning og utvekling, dramatikk. Dette er ei bok absolutt ALLE vil kunne kjenne seg igjen i på ei eller anna måte.

LES LES LES LES!!!!

”Ja….men eg har jo alt sett filmen!”
LES LES LES LES LIKEVEL!

(Eg kjem tilbake med full rapport om heile Klepp-serien!)

3 thoughts on “LEST I SEPTEMBER

  1. Tilbakeping: SEPTEMBER del 2: lydbøker | Bok-elsk og språk-tanker

  2. Tilbakeping: Ei spontan bokliste | Bok-elsk og språk-tanker

  3. Tilbakeping: Halvvegs i bokåret – ein oppsummering | Bøker eg leser, tekstar eg skriver, tankar eg har ...

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s