Eg las ein rekke papirbøker i september (OMTALE HER). I tillegg blei det ein god del lydbøker – eg lytter til desse mens eg går tur, gjer husarbeid osv …så det blir fort ein del av det i desse dagar. Så her kjem ei kort lita omtale over lydbøkene eg lytta meg gjennom i september.
NB! Det er no ei stund si eg lytta til desse, og det eg skriver er utelukkande henta frå minnet. Så … ved å sjå kor mykje eg hugsar reflekterer nok også kor godt eg likte boka, eller kor djupt spor ho sat i meg.
”Etter styrten”, Michel Bussi (lest av Kim Haugen)
A. Kvifor valgte eg denne?
– Nyfiken på meir fransk litteratur; har lese ein del, men ikkje så mykje. Det vesle eg har lese har derimot verkeleg falt i smak. Dessutan er eg glad i Kim Haugen si røyst og lese-stil. Handlingsreferatet/omtalen appelerte også:
B. Kort om handling
– Eit fly styrtar og alle passasjerane, utanom ei jente, daudar. Ho er eit spedbarn. Men kven er ho? Det var to spedbarn på flyet. To familiar melder seg som pårørande, ingen av dei kan bevise at dei er relatert til barnet (heller ikkje DNA gjer einstemmige svar). Atten år seinare – på jentas attenårsdag – starter fortellinga. Ho har då vekse opp hos den eine av desse to familiane. På attenårsdagen mottar ho papirar knyta til etterforskinga av saken hennar. Den eine av familiene engasjerte ein privatdetektiv for å løyse gåta. No får ho notatene hans. Finner ho noko svar? Boka fortelles frå fleire ulike karakterar sine ståstadar – broren hennar, begge dei aktuelle familiane, detektiven, andre som observerer dei.
C. Stemme/lyd
Kim Haugen. Eg fann denne boka på Storytel ved å søke om namnet hans. Eg har ikkje elska alle bøknene eg har høyrt han lese, men stemma og stilen han leser på gjer at bøkene uansett blir underhaldande. Innleving utan at det blir kunstig, behageleg og jamnt tempo, diaoger med liv og futt i – slik at det skiller seg ut frå det som ikkje er dialogar.
D. Plussar or minusar
+ Originalt plott
+ Likandes karakterar
+ Spenning og mystikk
+ Ei gåte man ikkje klarer å ”gjette” seg fram til med det første
– Tidvis litt vanskeleg å tru på alt; for å nyte denne boka anbefaler eg å berre godta det som står, ikkje ver for kritisk. Berre lytt og lik!
– eg sleit ein del i starten med å skilje dei to familiane frå kvarandre – rett og slett fordi namna er franske og i mine utrente øyrer lød det veldig likt.
E. Terningkast/dom
STERK 
”The Woman at 72 Derry Lane”, Carmel Harringtong (lesen av Aoife McMahon)
A. Kvifor eg valte denne
Ganske tilfeldig i grunn. Eg ville ha noko som var enkelt å følgje med på, lite kravande mtp konsentrasjon og tittelen gav med litt slike vibbar. Tjuvlytta litt også og likte godt røysta som las
B. Kort om handlinga
To damer. To naboar. To vært ulike liv. Den eine – ei angstfylt eldre dame som ikkje våger seg utfor huset. Ho andre – ei ung, vakker dame, gift med ein vakker og suksessrik man. På overflata. Då desse to kjem i kontakt med kvarandre oppdagar dei imidlertid at ingenting er som det verker til å vere. Ekteskapet er ikkje så godt, den lykkelege unge dama har det ikkje så godt. Den hissige nabodama er ikkje så sint, men redd, og trist, og einsam. Dei to utviklar eit forhold som får store konsekvensar – både for dei sjølve og for dei rundt seg.

C. Stemme/lyd
Komfortabel stemme med akkurat nok futt og energi i til at det er underhaldande å lytte til, sjølv over lang tid. Sympatisk. God innleving. Avslappande og jamn, utan at det blir sømndyssande
D. Plussar or minusar
Eg trudde dette skulle bli endå ei ”slik” bok kor to triste sjeler fikser kvarandre. Men:
+ det finst dybde i denne boka;
+ karakterane fremstår ikkje som stakkarslige offer
+ Det finnst mykje humor her, trass i overliggjande alvor og mange triste kjensler
+ Herlege karakterar ein blir glad i
– Til tider litt lengre enn strengt tatt nødvendig; nokre litt for detaljerte fortelingar/scener som med fordel kunne vore korta litt ned.
E. Terningkast:

”En avtale med livet”, Cecila Ahern(lesen av Siv Charlotte Klynderud)
A. Kvifor eg valte denne?
– lysten på noko lett, feel-good, chicklit-isj
– Har lese ein del andre bøker av Ahern, og likt dei godt. Perfekt ”guilty pleasure” – den type bok eg likar å lese ein gong i blant, men ikkje ofte.
– har lytta til fleire lydbøker lesen av XX og likar måten ho leser på
– Konseptet om Livet som ei menneske verka absurd nok til å vere morosamt

B. Kort om handlinga
– Lucy Silchester har det ikkje så bra; det er slut med kjærasten, ho trivst ikkje på jobb, bilen streiker, utgiftene ballar på seg, ho har eit noko anstrengt forhold til foreldra – særleg mora si og opplever at ho aldri er god nok, og i tillegg bur ho i ei lita leilegheit ho ikkje heilt føler seg heime og vel i. Ho sliter med å innsjå og innrømme at ting ikkje er så bra –både overfor seg sjølv og for andre. Ho gøymer seg bak ei smilande, spydig og vittig fasade, og ho lyger om det aller meste til dei aller fleste. Men så ein dag… ein dag blir ho innkalla til eit møte med Livet; ein mann som ser ut til å vere omtrent i same tilstand som livet hennar – sliten, magert, grått, tynnslitt … Livet og Lucy må omgås, og saman arbeider dei for å stable både livet og Livet på beina at.
C. Stemme/lyd
Første gong eg høyrte Siv Charlotte Klynderud lese var då eg lytta til ”En dag i juni” (OMTALT HER) – og eg elska den boka, og også lesestilen til Klynderud. Så Så kombinasjonen av Ahern og Klynderud tenkte eg at var bankers.
D. Plussar or minusar
+ Originalt plott – det lova jo godt, utgangspunktet og idéen vekka interessa, men resultatet…:
– Det blei for fjollete, dette
– lite truverdig
– for ”grunne” karakterar
– tvungen og tidvis unaturleg humor; som om forfattaren prøvar litt for hardt
– for overflatiske og grunne karakterar
E. Terningkast/dom
Har i grunn ikkje så mykje positivt å seie … Hadde det ikkje vore for den flinke opplesaren, ville eg ikkje ha fullført denne lydboka.
Det er såpass sjeldan at eg leser ”chick-lit”, så når eg først skal gjere det vil eg verkeleg at boka skal levere; at ho skal gje meg noko; kjensler, nostalgi, ei tåre, eit smil…noko klissete. Denne blei eg i grunn berre irritert over.
”The House Across the Street”,Lesley Pearse (lesen av Rosie Jones)
A. Kvifor eg valte denne
– ”The Woman at 72 Derry Lane” gav meirsmak, og denne boka blei anbefalt under ”bøker som likner på…”
– Har blitt nyfiken på meir Irsk litteratur etter å ha lese og likt mykje av det i år.
B. Kort om handlinga
Vi skal tilbake i tid – 1964. Tjuetre år unge Katy Speed er nyfiken og oppteken av dama som bur på andre sida av gata, som stadig mottar besøk av ulike kvinnfolk som kjem dit i den same svarte bilen kjørt dit av ei fast dame. Kven er desse damene og kva er det dei gjer hos naboen? Eit anna aspekt ved livet til Katy er det såre forholdet ho har til mora si som ho opplever som sur, gretten og avvisande. Etter litt om og men får Katy litt nok av mora og tek endeleg motet til seg for å følgje drøymen – saman med venninna si fiksar ho seg leilegheit og arbeid i byen og gjer seg klar for å starte sitt eige liv vekke frå mora. Men så, midt i denne prosessen med å flytte, brenner nabodama sitt hus ned til grunnen –og både nabodama og dottera hennar mister livet. Og blant dei mistenkte er Katys far. For å frifinne faren sin foretek ho eigne undersøkingar og forsøker å finne ut av saka. Kven var denne naboen? Kven var dei som alltid kom på besøk? Har desse besøka noko med brannen å gjere?
C. Stemme/lyd
Hugsar i grunnen ikkje, men i og med at eg fullførte må det ha vore innafor. I og med at eg ikkje hugsar var det neppe heller ein ”eksepsjonell” innlesing, for når eg finner røyster er verkeleg likar pleier eg å søke opp fleire lydbøker med same opplesar. Meiner å hugse det blei litt for ”rolig” og lågmælt for mi smak, litt sånn sove-røyst.
D. Plussar or minusar
+ dette blei ein slags ”chick-lit” møter krim; eg fekk ikkje med meg at boka var ein krimbok før godt ut i handlinga. Så om du ikkje er ein krimelskar, men kanskje vil ha litt ”etterforsking” likevel – då er denne god! Her er det utvilsamt ei kriminalsak og ei gåte å løyse, men det handlar fint lite om politi og morder-jakt.
– ”twisten” mot slutten av boka syntes eg ingenting om. Vi får vite litt om kvifor mora til Lucy er som ho er, og eg syntes det blei unødig mykje drama og at boka kunne vore betre utan. Mora blir så stakkarsleggjord og hjelpelaust skildra.
E. Terningkast og dom: Spennende, men ikkje veldig spennande, underhaldande nok … fin bok, men ikkje ei som «sit igjen». 
”En mann ved navn Ove”, Fredrik Backman(lesen av Kim Haugen & Trond Brænne)
Kvifor eg valte denne?
– Ei bok eg har høyrt om og lenge tenkt eg skal lese fordi såpass mange skryt av ho
– Trudde faktisk eg hadde ho på hylla, men akk nei – så då eg fann ho på Storytel og eg var på utkikk etter ei bok å nyte, tok eg sjansen på denne. Og det er eg glad for!
Kort om handlinga
Ove. Ein nyleg (motvillig) pensjonert enkemann, vandt med å arbeide hardt, med å pusle og stelle med ting. No står han utan jobb, og utan kone – saknet etter kona er enormt og utan arbeid og noko å leve for verker livet såpass meiningslaust og tomt at han tenker det kan vere det same med heile livet …
Men i det han skal gjere det slut, startar ting å skje. Ove blir – motvillig – innvolvert i livet til dei nye naboane. Ein rekke små hendingar gjer at han må utsetje sjølvmordsplanane ein stund for å få orden i verda rundt seg. Alle desse folka, alle desse tinga som irriterer og plagar vettet av han, viser seg å vere noko han treng, og noko han til slutt setter pris på – på sitt gretne vis.

C. Stemme/lyd
Har lytta til både Trond Brænne og Kim Haugen sine lydbok-innspillingar før, og likar godt måten dei les på.
** Ei lita kommentar:
Det er Trond Brænne som les denne boka, nesten heile boka, for undervegs i denne innspillinga daudar han. Og Kim Haugen leser dermed dei siste kapitlane. Syntes berre det var verdt å nemne, for eg syntes det gjorde lydboka litt ”viktigare” på eit vis, litt ekstra ladd av kjensler.At det er to ulike opplesarar syntes eg ikkje øydela i det heile tatt. Kim Haugen leser dei få siste kapitlene og utbyttet av opplesar gjer faktisk ingenting negativt for lytteopplevinga.
D. Plussar or minusar
Eg var ein smule skeptisk til boka, rett og slett fordi det finnst så mange bøker om ”eldre, gretne menn som endrer seg og blir mjuke i det noko/nokon nytt hender i livet deirar”, og ofte blir forsøka på å snike inn humor for tilgjort og kunstig. Her derimot… her klaffar det!
+ humor og ironi kombinert på elegant vis med elles dystre tema og kjensle som sjølvmord, sorg, sakn
+ forfattaren faller ikkje for freistinga om å gå for langt; det finnst enkle overdrivingar, men det går ikkje så langt at det vert tåpeleg og fjasete. Hårfin grense der…
+ fekk ikkje kjensla av å ha lese dette før; slik ein (eg, iallfall) ofte får av bøker som dette.
+ Gjenkjenbart; om ein ikkje kjenner seg igjen i Ove, så kjenner ein definitiv til mennesker/vener/slekt som er litt som Ove.
+ Sterke karakterar; eg opplevde å bli kjend med kvar og ein her, og det heilt utan at forfattaren eigentleg tek seg tid med å skildre dei direkte. Via handlingar og replikkar kjem ein nært innpå desse menneska.
Eit par minusar og:
– Mitt største ”problem” med boka er at Ove, med sine femtini år, framstår som ein fossil: langt meir utdatert enn kva notidas femtini-sekstiåringar brukar å vere. Dei fleste på denne alderen er i stand til å bruke ein mobiltelefon, dei veit litt om korleis Internett fungerer og henger generelt betre ”med” i tida enn denne karen her.
– Skildringa av den sju år gamle nabojenta irriterte meg og bitte litt – for ho framstår meir som ein gretten fjortis (kanskje så ungt som 10-11-12 …men ikkje sju!) enn som ein sjuåring. Ho himlar med auga, kjem med spisse og sarkastiske kommentarar, og er svært sjølvstendig – såpass at eg ikkje heilt klarar tru på at ho er sju.
E. Terningkast og dom:
Ei ”feel-good” bok av dimensjonar, lett å lese, lett å elske, vanskeleg å legge bort – både fysisk, men også mentalt – boka henger igjen i tankane i lang tid etterpå. Ho kombinerer alvor og humor på ein elegant måte. Skal du lese EI humoristisk kosebok, så er dette ein du bør vurdere.

”Nysgjerrigper”, Belinda Bauer(lesen av Axel Aubert)
A. Kvifor eg valte denne?
– lysten på krim
– likte røysta
– har høyrt mykje godt om forfattarinna
B. Kort om handlinga
Patrick har Aspergers syndrom og ser ikkje livet heilt slik som andre gjer det. Han har i tillegg eit oppheng i temaet dauden – kva skjer, kor ender sjela opp, kva skjer med kroppen? Etter at han blei vitne til farens daud som barn har dette blitt ein besetning for han. Og det er denne besetninga som gjer at han melder seg på eit anatomi-kurs (kor dei øvrige studentane er legestudentar). Som del av kurset skal dei utføre obduksjon og forsøke å fastslå kva pasienten har dauda av. Svaret Patrick kjem fram til stemmer ikkje med det universitet gir, og Patrick blir mistenksam. Nokon forsøker å skjule sanninga om korleis denne mannen dauda, og Patrick blir besett av å avsløre sanninga, og bevise det.
C. Stemme/lyd
Likar godt røysten, tempoet, volumet og stilen. Karakterane får preg, dei får si eiga røyst – utan at det blir kunstig eller ”rart”. Akkurat nok futt og energi til at det ikkje blir søvndyssande. Og akkurat roleg og jamnt nok til at det heller ikkje blir masete når ein lyttar over lengre tid.
D. Plussar or minusar
+ Originalt plott! Endeleg noko litt nytt innan krim-sjangaren. Krimbok som ikkje hovudsakeleg handlar om politi, advokat eller journalist.
+ Fortellersynspunktet skiftar på elegant vis mellom Patrick og andre karakterar
+ Truverdig
E. Dom/Terningkast:
Absolutt ei forfattar eg vil utforske meir!

The Temp, Michelle Francis(lesen av Imogen Church)
A. Kvifor eg valte denne?
– Valte denne fordi eg elska den føre boka av denne forfattaren; The Girlfriend, og då eg såg at ho hadde kome med ny bok nølte eg ikkje med å velgje den.
B. Kort om handlinga
Vi følger tre karakterar her – og dei har fått kvar sin ”del” i boka.
Del 1- Carrie
Del 2 – Emma
Del 3 – Adrian (Carries ektemann)
Carrie og Adrian er eit suksessrikt ektepar – han skriver manus for TV-show og ho er produsent. No skal dei, etter fleire år med sjølvstendig arbeide, arbeide saman om ein serie; ho skal produsere dramaet han har skrive. Så blir ho uplanlagd gravid, og dei må ansette ei assistent for å lette litt på arbeidsmengda hennar. Emma får jobben. Og ho trår til med kraft, energi, og imponerer stort. Ho har, i tillegg til motivasjon for arbeidet og ein genuin interesse for faget, også ein spesiell god grunn til å søke nettopp denne jobben. Og dette motivet skal få store konsekvensar for alle involvert – både på godt og vondt.
C. Stemme/lyd
Har lytta til fleire bøker lesen av Imogen Church. Likar stilen hennar godt.
D. Plussar or minusar
+ Originalt plott og setting; det er ikkje mange thrillere (som eg har lese) med handling knyta til TV-produksjon.
+ Ingen ”obvious” løysing som ein ser lysår før det skjer
+ Ikkje noko unødig lange skildringar og flisespikkerier
+ spenning og usikkerheit gjennom heile boka
+ ei slik bok eg blir ”avhengig av” og som får meg til å gå ein ekstra runde på tur berre for å lytte litt meir…
– Likte ikkje måten boka var delt inn i på; for i alle tre delene skifter perspektivet mellom fleire av karakterane, og eg følte ikkje at kvar del var innskrenka nok til å få tilskrive seg namnet på ein bestemt karakter. Det ville vore betre om det jamnt og trutt blei veksla fram og tilbake mellom karakterane – det ville gitt betre flyt, meiner iallfall eg
E. Dom/Terningkast:
Innen sjangeren ”psykologisk krim” finst det – unnskuld til dei eg no måtte fornærme – enormt mykje drit der ute! Nokon forsvinner, nokon vi trudde var duade er levande likevel og no skal dei ta hemn, eller; far/mor mi er ikkje likvel mi ekte, biologiske mor. Eller … nokon forsvinner på mystisk vis frå ein båt, ei hytte, …og så er det bestevennina som står bak for å hemne seg på noko for leeenge sida… Uansett; DET skjer ikkje her. Dette var eit frisk pust inn i eit ellers forurensta thriller-miljø.
