Den store DAGEN då alle skal få

Mor vaknar til vakker musikk. Ho står opp, går ned trappa, og blir ståande i døra inn til stova og kikke. Det er ikkje berre musikken som er vakker. Mor syntes at det ho ser på også er ganske vakkert. Ho ser ein fin mann, ein skjønn gut, og eit bustete dyr med logrande hale. Og det finaste er at dei sit samla, tett i tett, tre fine gutar framføre peisen. Ludvigsen spelar gitar og synger. Per lyttar, lærer seg orda og forsøker å synge med. Vi har en grevling i taket, grevling, grevelang, vi har en grevling i taket, greveling. Vi har ikke ellediller eller krokof…. Grevlingen ligg med hovudet på fanget til Per mens halen dansar lykkeleg i takt til musikken. 

Mor går inn på kjøkenet for å lage julefrukost. Frukost til tre. TRE til bords! Ho smilar då. Alle gode ting er tre! Berre ikkje den type tre som ho ser i ruta. Gjennom vindauget ser ho nemleg at greinene på trea står i ro, vinden har løya, det bles ikkje, det snør ikkje, stormen er over. Hjartet hennar blir tungt. Ho lagar frukost for tre. For siste gong, for i morgon vil alt vere som normalt igjen, i morgon kjem ikkje Ludvigsen til å vere her, i morgon vil ho berre ha to menneske å lage frukost til: til seg sjølv og til Per. For her bur Mor og Per og Ingen Mann. Stormen er over. Så snart Ludvigsen oppdagar det vil han ta med seg grevlingen og reise. Mor trekker for gardinene så Ludvigsen ikkje skal sjå at været er fint. 

Nissen er sliten. Veldig veldig sliten. Men han er ved godt mot. Kvar gong han er så sliten at han vil gje opp heile jula, tenker han på Heksa. Og då får han straks nytt mot og meir energi. Han er nettopp ferdig med Asia. Fort gjort, det er ikkje så mange som ferier jul her. Berre om lag femti prosent av asiatarane trur på han i det heile tatt! Og ettersom dei fleste av dei sit på KFC og et fritert kylling, er gåveleveransen fort gjort. Neste stopp er langt meir kravande. Særleg i år:
Han har lytta til det Nissefrøken sa, om at alle er snille!Og dessutan rakk han ikkje å kikke gjennom alle konglane – så i år skal faktisk absolutt alle få gåver. Alle skal få, tenker han og kjenner han blir glad av denne tanken. 

Nissen hopper opp i sleden.
”Ja, ja … då var det desse statane, då” seier Nissen til Rudolf. Rudolf seier ikkje noko, han er jo eit reinsdyr og reinsdyr kan ikkje prate. Men han kan lytte, og han veit godt kor statane er. 
Alle skal få! Alle skal få!Seier Nissen for seg sjølv, og blir gladare og gladare og seier Ho-ho-ho heile vegen til USA. Men då han landar i Washington D.C., har han ikkje klart å overtyde seg sjølv om å gje gåve til Trump. Dessutan er sikkerheitssystemet rundt det kvite hus altfor komplisert. Så – han hoppar glatt over herr Trump og fyker vidare mot Brexit-land, kor dei stakkars, fortvila britane treng ekstra merksemd dette året. Og det skal dei få. Alle skal få! Og britane skal få litt ekstra. For no kjem den nye og forbetra Nissen. Ho-ho-ho!

I Konglevegen 2 ringer det på døra presis klokka fire.
“Hallo hallo – stig på, stig på!” seier Mor til Tante og Hans.
Ludvigsen er der endå. Kvar gong han har tatt på seg frakken og gjort seg klar til å gå, har det starta å blese igjen. Og vinden bles rett mot døra, det er heilt umuleg å opne ho! Det har storma og snødd i eitt køyr. Korleis Tante og Hans i det heile tatt har klart å kome seg hit er eit mysterium. Eit skikkeleg julemysterium. Mor kikkar ut i gata. Stormen har gitt seg igjen. Mor trekker for gardinene i gangen også. Så følgjer ho etter Tante og Hans inn i stova.

“Ludvigsen, dette er søstera mi – Tante -og ehh Håkon? Herbert? eh… Dette er Tante og hennar Pluss Ein” seier Mor. 
“Hans” seier Hans, og handhelser på Ludvigsen.
“Ludvigsen” seier Ludvigsen og handhelser på Hans.
“Nei – er du Den Ludvigsen, sjølvaste Ludvigsen!?” ropar Hans, imponert.
“Jau – eg er vel det.”
”Ja, eg syntes det var nokre velklangane notar vi høyrte!” ropar Hans, imponert.
“Eg visste ikkje at du hadde så selebre vener, Mor!” seier Tante.
“Tja, det er slut på bandet no … Knutsen har sagt opp, han skal gifte seg -”
”Apropos giftemål …!” avbryter Hans og kremter. 
”Kjære, kjære Tante. Vil du gjere med den æra … vil du.. nei altså… det eg vil spørje deg om er om du kanskje moglegens kunne tenke deg å .. altså vil du gif-”
”Ja! Ja det vil eg!” ropar Tante.

Heksa er trøytt i tryllearmen. Men ho står på. Gjer som Nissefrøken har bedt om. Ho skal sørgje for at Per for behalde grevlingen. Ho må hindre Ludvigsen i å reise sin veg med grevlingen. Kvar gong han forsøker å opne døra, lagar Heksa vinter-storm. Det er slitsamt og tungt arbeide. Men det kjenst godt ut å gjere godt, så ho fortsetter. Og kvar gongen armen verker og ho får lyst til å senke stava og dra heim – ja, kvar gong det skjer, tenker ho på Nissen. Om Nissen såg meg no, tenker ho. Ja, då ville han blitt imponert. Og så stolt. Så ho blir ståande i toppen av treet i hagen utføre Konglevegen 2. Ho held seg fast i ein grein med ein arm, og i den andre held ho tryllestava løfta i været og heile tida kviskrar ho magiske ord. Sesam-sesam-filiokus…

Inni huset i Konglevegen 2 er dei seks rundt bordet denne kvelden. Mor og Per, Hans og Tante, Ludvigsen og grevlingen – som ligg samenkrølla i ein ball på ein stol mellom Per og Mor. Mor har plassert Ludvigsen med ryggen mot vindauget slik at han ikkje skal finne på å kikke ut og sjå at stormen har løya. Og Ludvigsen, som alt har oppdaga at stormen er over, han er takksam for at ingen har sagt noko om det. Han trivs her. Hans og Tante behandlar han som ein kjendis. Per er ein artig og snill gut. Grevlingen får leike og kose seg utan å få kjeft frå pripne husvertar. Og Mor… Mor er den beste av dei alle. Om det berre kunne storme ute for alltid!

”Takk for maten!” seier Påskeharen.
”Velbekomme” seier Nissefrøken, som er letta over at Påskeharen likte maten dei enda opp med å ete. Påskeharen et jo ikkje kjøtt, eller fisk, eller grønnsaker…ingenting skikkeleg. Og då han føreslo Kvikk Lunsj til julemiddag måtte ho sette ned foten. Begge føtene faktisk. For det finst då grenser for kva ein kan finne seg i!

Til forrett blei det rosa gummi-fisk frå Sverige, marsipangris og polkagris til hovudrett, og desserten må dei nok vente litt med, for dei er begge to altfor mette. 

”Kva gjer vi no, då?” spør Påskeharen
”Venter på å orke dessert!” ler Nissefrøken.
”Og … kanskje kan vi opne gåver?”
”Eg trudde ikkje du eigentleg feira jul…” seier Nissefrøken, og smilar lurt.
”Nei – eg gjer jo eigentleg ikkje det” mumlar Påskeharen som no angrar litt på at han sa det den gong, for det hadde vore fint med ei gåve.
”Men eg har ei lita noko til deg likevel” seier Nissefrøken.
Og den litle noko er ein splitter ny Nintendo. 
”Vi kan jo ikkje bu her utan Nintendo – eg veit jo no kor viktig det er at du får slappa skikkeleg av.”

Dei skulle vore heime i hola no. Det var det som var planen. Men så … tja, det var godt å kome heim. Heim til pepparkakehuset. Og no når Hans skal flytte. Og no når Heksa har blitt så snill. Ja no, no kjem det til å bli ein sann fryd å bu her. Og det er det dei skal. Dei har fått verdas finaste julegåve av Hans – dei har fått pepparkakehuset!

Påskeharen er så glad at han ikkje klarar seie noko. Han hopper og spretter og er så glad at Nissefrøken sjølv må rigge Nintendoen til. Og så straks han er på plass griper Påskeharen tak i kontrollen for å spele. Men så ombestemmer han seg. Han kan spele seinare. I morgon. I dagen etter i morgon. Han kan spele korti som helst! 

Han roer seg og setter seg ned ved sida av Nissefrøken i Stratos-sofaen. 
”Skal du ikkje spele? Er det feil Nintendo?” spør Nissefrøken, forvirra og litt bekymra. 
”Eg har noko til deg og” seier Påskeharen. 
Han stikker handa i lomma og trekker fram eit lite skrin. Nissefrøken tek i mot, og skal til å opne det.
”Nei! Du må ikkje opne … Eg er ingen Nisse… eg klarar ikkje lage så fine presangar og-”
”Det gjer ingenting. Det er tanken som teller.»
Nissefrøken tek i mot skrinet. Og kjenner det straks igjen. Det er ikkje eit smykkeskrin. Det er ei medisinskrin som ser mistenkeleg likt ut det Hans har i medisinskapet på badet. 

”Dette er eit veldig fint skrin … ” seier Nissefrøken.
”Jau … eg skulle no helst gitt deg eit smykkeskrin, men eg fant ingen-”
”Og dessutan er det som eg sa; det er tanken som teller” avbryter Nissefrøken.
”Og tanken er like fin som skrinet! Minst! Tanken er at du skal vere Påskefrøken” seier Påskeharen.
”Men eg fann ingen ring … så då tenkte eg at: kva er det nest beste? Jo, eit smykkeskrin til å ha ringen i, men eg fann ikkje det heller så då måtte eg nøye meg med det tredje beste etter eit smykkeskrin og det må jo være et skrin. Og det einaste skrinet eg fann var altså dette.”
”Takk for skrinet” smilar Nissefrøken. Og ho prøver å minne seg sjølv på at tanken var god. Tanken er det som teller. At eit tomt medisinskrin kan vere ein fin nok gåve det…

”Eg er lei meg for at eg ikkje fann ein ring å legge i skrinet…” gjentar Påskeharen
”Ein ring?! Skulle du verkeleg gje meg ein ring?”
”Ja, det er vel slikt man gjer når ein vil fri…”
Man… Men du er ingen mann, du er Påskeharen.”
”Ja, og derfor har ein ingen ring å gje vekk!” seier han fortvila.
Så blir dei stille ei stund.
”Men om eg hadde ein ring, ein slik trulovingsring, ville du gått med han då?”
”Sjølvsagt!”
”I så fall … I så fall er dette eit trulovingsskrin… !” 

Påskeharen river skrinet ut av hendene til Nissefrøken/Påskefrøken og seier at ho må lukke augo. 
”Skrinet er ikkje tomt likevel, for akkurat no legger eg trulovingstankar inn i trulovingsskrinet!”
Påskeharen kremtar.
”Eg, Påskeharen, lovar hermed å alltid vere tru mot deg og alltid tru på deg og alltid tru på oss to i lag og tru på påska og til og med på jula… ja, eg skal i det heile tatt tru kjempemykje på all-slags heile tida. Og no – no er skrinet stappfullt av trulovingar. Vil du ha dette trulovingsskrinet?”

Nissefrøken er så rørt at augo blir blanke.
”Å, kjære Påskeharen min!”
” Nissefrøken, vil du bli min Påskefrøken?”
”Å…. Påskeharen min!”
”Å Nissefrøken … ”
”Å Påskeharen – det vil eg!”
”Å Påskefrøken, eg – eg – eg elskar deg!”
”Eg elskar deg óg!”

”Eg hadde jo ikkje nokre planar om å ende opp her i jula…” seier Ludvigsen, som er den einaste som ikkje har gåver – verken å gje vekk eller å ta i mot. 
”Men … eg har tenkt litt, og grevlingen… Per – om du vil ha han, så syntes eg du skal få han. Du veit, eg trenger jo ny buplass og det er ikkje så enkelt med kjæledyr då… ”
”Tusen tusen tusen billionar millionar takk!” ropar Per.
”Ja, det var snilt av deg, Ludvigsen” seier Mor. 
”Men eg …kanskje… får eg kome og seie hei av og til? Helse på han – ja grevlingen, altså?”
”JA!” ropar mor
”Ja!” ropar Per.
Alle snur seg og stirrar på Mor. For det er ho som ropte ”JA!” høgast og fortast.
”Sjølvsagt skal du få kome tilbake her, så ofte du berre vil” seier Mor og blir raud i kinna. 
”Ja … for å helse på grevlingen, altså” legg ho til.
”Ja. For å helse på… han, på grevlingen” bekreftar Ludvigsen.
”Ja… for du er glad i grevlingen” seier Mor.
”Ja, eg er frykteleg glad i…i grevlingen.”
Mor og Ludvigsen ser lenge på kvarandre. Begge opnar munnen samstundes for å seie noko.
”Eg-”
”Du-”
Og så kjem ein ny røyst og bryter dei av:
”Ho-ho-ho!”

”Ho-ho-ho! Er det nokre snille b-”
Nissen avbryter seg sjølv. Alle er jo snille. Det er jo slik det skal vere i år. Alle skal få. Nissen har ikkje klart å kome på nye replikkar som kan erstatte dei gamle. Så han gjentar det einaste han kjem på… 
”Ho-ho-ho…hoho…!”

Velkomsten er ikkje som den brukar å vere:
– Den vesle guten i huset, Per, ser skeptisk ut. Per granskar Nissen. Er han ekte? Finst han likevel? 
– Mor glisar breitt, litt for breitt. Ho smilar og blinkar lurt til Nissen. Ho veit kven han er. Ho og han har ein hemmelegheit som berre dei veit om. Syndenreisa til Nordpolen. Mor kjenner seg stolt. Mor har vore med å redde jula. Mor har gjort Nissen glad igjen. Og no står han her i stova hennar som om dette var ein heilt vanleg jul. 
– Tante ser så vidt at Nissen er komen, ho er oppslukt av andre ting. Av ringen på fingeren. Og av den selebre gjesten, Ludvigsen. Ho ser på ringen, smilar. Ser på Ludvigsen og smilar. Ser på ringen igjen og smilar endå meir. Snart når munnvikene opp til augo hennar. Ho viser ringen til Ludvigsen, dultar han vennskapeleg i skuldra.”Sant du kan spele i bryllaupet vårt?” Har tante i det heile tatt merka at Nissen er her? Kanskje like greitt at ho ikkje har det, for ho er så distrahert at ho ikkje legg merke til andletet til Hans
– Hans ser på Nissen med smale augo, seier ikkje eit ord, nektar å smile, nektar å helse. Hans og Grete er vener igjen no, men han kjem aldri til å gløyme sviket frå den gong. Kjem aldri til å gløyme at Nissen tok i frå han systera si, tok henne med til Nordpolen og gjorde Grete om til Nissefrøken og let Hans vere åleine igjen. 
– Og Ludvigsen knip augo igjen og hopar det ikkje er for seint å ønske seg noko. Han ønskjer seg ny snøstorm. 

”I år skal alle få!” seier Nissen stolt. 
Han setter igjen ein sekk på golvet, smilar litt ekstra til Mor. 
”Ha det bra, då og god jul!”

Påskeharen og Påskefrøken måtte vente i to lange timar før magane deira endeleg fekk plass nok til at dei kunne ete dessert. No sit dei saman i sofaen. Mette. Lykkelege. Og dei gjer det dei heile denne lange adventstida ikkje har klart å gjere: ingenting. Dei sit berre der. I lag. Ho, Påskefrøken. Og han, Påskeharen. Påskeparet. Endelig kan dei slappe av!

”Kjenn her!”
”Hm? Mett?”
”Nei … egg! Nye egg! Eg kjenner dei vekse i meg allereie!”
”Men … er det mogleg? Det er jo berre nokre dagar si du aborterte…”
”Det må bety at eg har det rekor-bra. ja, veldig veldig veldig bra. Verds-rekord-bra, liksom!»
”Å! Påskeharen! Eg elskar deg!”
”Og eg elskar deg, Påskefrøken!”
Dei sit der, i sofaen. Utan TV på. Utan Nintendo. Dei sit der og ser på trulovnadsskrinet. 

Mor opnar opp pakka si og finner eit tomt fotoalbum. Ho seier at det er akkurat det ho ønska seg – no skal dei lage masse fine minner saman. Ho og Per. Og kanskje ein mann? Tenker ho stille, og ser med lengsel på Ludvigsen.

Per opnar si pakke og får tilbake trua på Nissen. For kven andre enn ein magisk Nissen kunne vite at Per nettopp har fått eit kjæledyr? Nissen har gitt Per alt han treng! Ei korg til kjæledyret, skål til mat og drikke, ei sele til å ta på når dei går tur, tørrfôr, eit halsband … all slags! 

Hans vil ikkje opne gåva si. Han vil kaste ho i søpla. Tante seier han skal skjerpe seg, så noko motvillig pakkar han opp julegåva frå mannen han mislikar så sterkt. Og då han får auge på gåva kjenner han at hatet mot Nissen forsvinn. Hans har fått ein klokke med GPS og skritt-teller. No som han skal bu i lag med Tante er jo dette heilt perfekt. No kan han endeleg slute å legge igjen smular overalt! Aldri meir kjem han til å vere redd for å gå seg vil. 

Ludvigsen er så glad over i det heile tatt å ha fått ei gåve at han ikkje bryr seg stort om innhaldet. Han ser på den blå nøkkelen han har pakka ut, syntes det er ein merkeleg gåve, men fin uansett.
”Kva fekk du?” spør mor.
”Ein nøkkel!” seier Ludvigsen, muntert. 
”Til kva då?”
”Anar ikkje –det er  sikkert ein reservenøkkel…Eg finn det vel ut når eg får behov for å låse opp noko.”
Tante er lett å blidgjere. Ho jublar av glede over eit par nye skor. Kvite, glitrande, med høge hælar. ”Desse skal eg gifte meg i!” ropar ho, lukkeleg. Så glad er ho, og så mykje jubel lagar ho at alle gløymer alt om Ludvigsen si mystiske nøkkel.

Hikkuslipokkus … Samsilibombombom … mumlar Heksa som er heilt utslitt no.
”Du kan gje deg no!”
Nissen står på graset, ved stammen til treet.
Heksa senker letta handa. 
”Er det over no?”
”Ja, guten har fått grevlingen” seier Nissen.

Heksa klatrar ned frå treet. Sopelimen står inntil stammen, akkurat der ho sat han frå seg. Og ho skular stygt på sopelimen. Skulle ønske han fløyg sin veg utan ho. Ho vil at Nissen skal fly ho heim i sleden si. Men… Sopelimen står jo der. Både ho og Nissen ser det. 

”Ja … ha det då” seier ho, skuffa.
”Ja – og god jul” mumlar Nissen, som også skulle ønske sopelimen hennar forsvann av seg sjølv. 

Nissen og Rudolf gjer eit byks og fyk heim mot Nordpolen. Heksa sparkar i frå og den triste kjensla og saknet etter Nissen forsvinner litt då ho kjem på gåva som sannsynlegvis står og ventar på henne i buret. 

Hans og Tante avbestiller Taxi-en dei skulle ta heim. Det er fint og stilt ute no. Ingen storm i sikte. Så Tante vil at dei skal gå. Ho vil gå heile vegen heim i dei nye bryllaupsskoa. Ho vil høyre dei seie klikk-klakk-klikk-klakk på asfalten. Og Hans er ikkje vond å be – han gler seg til sin første spasertur utan pepparkaker i lomma. Tenk det, å kunne gå utan å måtte legge igjen smular heile tida! Mor, Per og Ludvigsen står i døra og vinkar dei farvel. 

”Ja … då burde vel eg óg kome meg av stade” seier Ludvigsen og ser ned i golvet.
”Jau…” seier Mor. Ho ser óg ned i golvet. 
”Ja, ha det, då. Takk for meg…”
Ludvigsen har tatt på seg frakken. Han smiler trist til Mor og lukkar døra bak seg. 
Mor låser.
”No må du legge deg, Per” seier mor. 

Per og Grevlingen går opp trappa, med tunge skritt. Per vil ikkje at Ludvigsen skal reise. Men no er julaften over. Stormen har løya. Grevlingen er Per sin. Det finst ikkje nokre fleire påskodd for å få Ludvigsen til å bli.
”God natt!” ropar Mor etter han, med ei røyst som er litt for høg til å vere glad på ordentleg. 

Inni buret til Heksa står ei bitte lita gåva, pakka inn i raudt silkepapir, gull-band og med ein glitrande sløyfe. Gåva er mykje mindre enn kva Heksa så føre seg. Ho blir litt skuffa. Det er det indre som teller, seier Heksa til seg sjølv. Og det kunne vore verre, det kunne vore ei mjuk gåve. Eller endå endå endå verre: både mjuk og lita! Ei truse… eit par sokkar… tenke seg til noko så fælt! Nei, dette er slettes ikkje så ille. Denne gåva er iallfall hard. Knallhard! Heksa sit lenge og ser på pakken. Sparar på han. Trykker og stryker. Prøver å gjette kva det er. Knallhardt. Kva er knallhardast i verda? Ho blir trollbunden av seg sine eigne grande tankar. Knallhardast i heile verda er nemleg diamantar! Ho har fått ein diamant i julegåve! 

Og så ser ho ei gåve til! Og den er kjempestor. Definitivt ikkje ein diamant. Og definitivt ikkje ei truse eller eit kjipt par med sokkar. Ho vil opne den gåva først – for den kjem ho ikkje til å bli skuffa over. Stor. Ikkje-mjuk. Garantert suksess. Ho røskar av papiret. Det er ein kost. Ein stor, heimelaga sopelime. Treskaftet er laga med kurver og eit søkk, perfekt plass til ei hekse-rumpe. Ein papirlapp svever i lufta og landar ved føtene. Ein lapp. Eit brev!

Kjære Heksa.
Du er ein engel. Du kom fykande inn i livet mitt. Ein engel som fall frå himmelen og ned i hagen til Mor og Per. Ein vakker engel. Berre utan vinger. Heldigvis, for då kunne eg frakte deg heim i sleden min. 
Eg sa til deg at eg var lei for at eg krasja med deg. Det er ikkje lenger sant. Det er det beste som har hendt meg – å krasje med deg. Eg vil krasje med deg kvar dag i resten av livet! Pangpang-pang! Meg og deg, Heksa! Kvar dag!

Her er ei ny sopelime. Den er skreddarsydd og anatomisk tilpassa til deg – ja, eg tok meg den friheita til å ta meg nokre augemål av deg… Hihi… Eg kan ikkje trylle. Så det er berre ein sopelime. Foreløpig… men Nissefrøken har sagt at du er ein ræser på å lage tryllebrygg, så eg håper du kan trylle sopelimen magisk og flyge til Nordpolen og besøke meg.

Om ho berre kunne dra til Nissen … Men ho kan jo ikkje det. Ho vil vere snill Heks, og snille heksar stikk ikkje av, dei røymer ikkje. Snille heksar sonar straffa si. Og dette, buret, er straffa til Heksa for å ha fanga Hans og Grete den gongen. Dessutan, har Heksa blitt ganske heimekjær med tida. Buret er slettes ikkje så ille. Men Nissen. Sopelimen. Nordpolen… 

Mor geispar, strekker hendene opp i lufta, slepper ut eit sukk. Så går ho inn i stova og ryddar opp gåvepapiret som ligg strødd på golvet. Ho krøller det saman og stappar det i ein søppelsekk. Inni eit av papira kjenner ho noko hardt. Noko metallisk. Ho bretter opp papiret. Og der ser ho ein blå nøkkel. Ludvigsen har gløymd nøkkelen sin! 

Mor skundar seg ut i gangen. Ho har det så travelt med å ta igjen Ludvigsen at ho ikkje tek seg bryet med å finne fram vinterjakka. Ut døra i kjole og tøflar. Nedover gata. Kikkar seg om. Ser ein mørk skikkelse framføre seg. Springer etter. Ropar og hoiar. ”Ludvigsen!”

”Du- du – vent!”
Ludvigsen stoppar, snur seg, og ser vakre Mor kome springande mot han. Han har lyst å opne armane, løfte henne og kysse henne. Han har sett slikt noko blitt gjort på film. Dessverre er ikkje dette ein film, tenker han.
”Du gløymde noko” seier Mor.
Ho gjer han nøkkelen. 
”Ok… takk” seier han.
”Mhm… snakkast då” seier ho.
”Du ser kald ut” seier han
”Ja, eg er kald” seier ho.
”Eg følger deg heim” seier han og pakkar henner inn i jakka si.

Mor og Ludvigsen går forbi huset. Det er fint ute. Ingen storm. Stjerner i himmelen. Dei går nattetur. Ludvigsen vil ikkje heim. Mor vil ikkje at Ludvigsen skal gå heim. Men ingen av dei tør å seie noko om det. Så dei går tur. I natten. Mens julaften blir til første juledag. 

”Nei … no må eg vel kome meg inn” seier mor til sist.
”Ja, eg og…”
”Men du skal kome på besøk … ja, for å helse på grevlingen, altså…” seier Mor.
”Ja, det skal eg.”
”Vil du helse på han no kanskje?”
”Ja … men han søv vel.”
”Du kan vente hjå oss på at han vaknar, sofaen står jo der…”
”Ja, sofaen står jo der.”

Sjefsalven høyrer at Nissen og Rudolf landar i stallen. Han blir i senga litt til. Ventar til det har vore stilt lenge. Så listar han seg, så stilt så stilt på tå. Ut av huset. Inn i stallen. Han klyver opp på ryggen til Rudolf. Og rett før sola skal til å stå opp landar han i ein hage han no kjenner ganske godt. Han lister seg fram til døra, skrur ned skiltet og henger opp det han sjølv har laga. Han smilar stolt for seg sjølv. Så glad er han at han ikkje treng å ta seg noko sitte-pause. Han flyr heile vegen tilbake til Nordpolen, kor han no skal sove og drøyme søtt heilt til neste desember. Ja, så blenda av juleglede er han, at han ikkje legg merke til sopelimen som står på fjøset når han landar. 

Mor og Ludvigsen. Hand i hand – for å halde varmen er det nyttig å leie kvarandre, nemleg. 
Dei står ved døra. Ho er låst. Å nei, å nei.. Mor si nøkkel ligger jo i jakka hennar, og jakka er inne i huset…!
”Har du reservenøkkel noko stad?” spør Ludvigsen.
”Ja, hos Tante, men ho søv vel no…” seier Mor. 
Ludvigsen tek fram sin nye nøkkel.
”Då prøver vi denne, berre på gøy.”
Og sidan det framleis er jul og tid for magi, passar den blå nøkkelen perfekt i låsen på døra til Mor og Per. 
Og sidan det er mørkt ute, ser ingen av dei kva som står på skiltet over ringeklokka. 

Her bur Mor og Per og Greve-Ling og Ludvigsen.

Heksa gret då ho etter lang lang lang tid opnar den siste gåva. For no er det ikkje fleire gåver igjen! Diamanten… er ikkje ein diamant. Men eit skrin med ein nøkkel i! Og nøkkelen passar perfekt til buret! Ho leser lappen. Igjen og igjen. Må være sikker på at det er riktig. 

TIL: Heksa
FRÅ: NissefrøkenPÅSKE_FRØKEN!!!

Ein nøkkel. Frå NissePåskefrøken… og nøkkelen passar perfekt i låsen på buret! NissePåskefrøken har slept ho fri! Heksa kan reise! Heksa kan fyke til Nordpolen utan å stikke av! Og det gjer ho. Ho låser opp. Tar med seg den nye sopelimen. Låsar etter seg igjen, for sjølv om ho er fri vil ho ikkje at framande skal ta seg inn i hennar bur! Så sparkar ho frå og fyker heile vegen til Nordpolen.

På lange reiser rekker ein å tenke mange tankar. Og det gjer Heksa. Ho tenker så mykje og lærer så mykje av å tenke så mykje at då ho landar på Nordpolen har ho blitt ganske så klok. Ho veit at ho aldri kjem til å dra heim igjen frå Nordpolen. For ho skal dele alle dei kloke tankane med Nissen. Og snart kjem Nissen til å be henne bli for alltid. Be henne bli hans. Be Heksa bli til HekseNisseEngel, Nisseheks eller HekseNisse. Noko sånt. For dei kloke tankane ho rakk å tenke på vegen vil overtyde Nissen om at dei to høyrer saman.

Eg kan trylle!
Det vil aldri bli julekrise igjen – for eg kan trylle!
Du vil aldri bli skuffa over meg – for eg kan trylle fram alt du vil ha!
Eg kan trylle!
Eg er ei Heks!
Eg kan trylle!

Mange mange mange smarte tankar tenkte heksa. Og ho landa. Og Nissen tok i mot ho. Og han høyrte alle dei smarte tankane. Og blei skikkeleg imponert. 

Sjefsalven ligg i senga og høyrer at Nissen og Heksa synger og dansar av glede. Han høyrer Heksa fortelle Nissen om kor bra ho er. Om alt ho kan. Og han ser føre seg at Nissen smelter av sjarmen hennar. 

Sjefsalven er visst den einaste som innser at denne Heksa, trass i godviljen og sjarmen, ikkje er den skarpaste kvinen i skuffa … Ho har gått heile livet utan å få gåver… Om ho er så forbaska flink og smart – kvifor har ho ikkje trylla fram julegåver til seg sjølv?!

Sjefsalven høyrer Nissens glade røyst. Han legger seg til å sove. Bestemmer seg for ikkje å seie noko om Heksas manglande logikk. Sjefsalven pustar letta ut. Ansvaret er ikkje lenger berre hans. Heksa er kanskje ikkje Nissefrøken. Ho er ikkje den smartaste. Men ho er blitt ein god Heks. Ein snill heks. Og endeleg kan Sjefsalven sove godt – utan bekymringar for neste jul og Nissens psykiske helse. 

Dagen før dagen …

Tenke seg til å støyte på heksa – ja bokstaveleg talt – støyte på henne! Og tenke seg til at ei heks kan vere slik!? Og med SLIK meiner Nissen fin, skjønn, vakker, nydeleg – ja sett bort i frå den litt skeive nasen med vorte på – er ho verkeleg ein skjønnheit. Og så snill også! Ein snill heks! Sidan kollisjonen for det meste var Nissen si skuld, ville han fly henne heim igjen. Utan sopelimen kom ho seg jo ingen stad. (At ho berre kunne trylle fram ein ny sopelime var det ingen av dei som sa noko om. Nissen, fordi han ikkje visste at det gjekk an. Heksa fordi ho svært gjerne ville sitte på med Nissen. For, det var noko med denne mannen ho likte. Stemma hans. Skjegget. Kleda. Ein fin-fin mann! Ein fin mann ho gjerne vil dele slede med. Tenk at Nissefrøken reiste i frå han! 

Heksa halta litt ekstra for å få meir sympati. Og for å hale ut tida saman med denne flotte karen. Dei gjekk roleg og forsiktig mot sleden hans, og mens dei gjekk slik, sakte, haltande, la Nissen armen sin rundt Heksa og lét henne støtte seg på han. Heksa halta endå meir då. For han var så god å halde i, denne Nissen. Og mens dei halta og gjekk forklarte Nissen kva som hadde skjedd.

Mannen der inne forsøker å ta grevlingen til Mor… Og det må ikkje skje! Stakkars guten, Per. Han ønska seg kjæledyr. Og stakkars mor! Og så gløymde eg å sjå meg for og så kom du og så pang! Er du sikker på at det går bra?! Unnskyld unnskyld! Eg er ein ubrukeleg Nisse!


Heksa halta litt ekstra for å få meir sympati. Og for å hale ut tida saman med denne flotte karen. Dei gjekk roleg og forsiktig mot sleden hans, og mens dei gjekk slik, sakte, haltande, la Nissen armen sin rundt Heksa og lét henne støtte seg på han. Heksa halta endå meir då. For han var så god å halde i, denne Nissen. Og mens dei halta og gjekk forklarte Nissen kva som hadde skjedd.

Mannen der inne forsøker å ta grevlingen til Mor… Og det må ikkje skje! Stakkars guten, Per. Han ønska seg kjæledyr. Og stakkars mor! Og så gløymde eg å sjå meg for og så kom du og så pang! Er du sikker på at det går bra?! Unnskyld unnskyld! Eg er ein ubrukeleg Nisse!

Heksa trøysta Nissen. Sa at han var ein fin mann og ikkje ubrukeleg. Og så fekk Heksa ein god idé: Ho ville imponere Nissen. Ho ville gjere han glad. Hjelpe han.

”Kva om vi fangar dei?”
”Nei! For ein heks du er!”
”Ja… huff… eg er født slik, veit du.”
”Det er ikkje din skuld.”
”Men eg meinte ikkje å fange dei på ein slem måte. Vi må fange dei på ein snill måte, hindre dei i å forlate huset.” forklarte Heksa.
”Fange dei på ein snill måte…” gjentok Nissen, som ikkje heilt klare sjå føre seg korleis ein gjer slikt. Heldigvis fekk Heksa ein skikkeleg god idé.

For ein fin natt! Nissen blei så nøgd med henne. Han blei så glad at han sa Ho-ho-ho-ho heile vegen mens dei flydde heim. Og han lagra adressa hennar på GPS-en og lova og kome på besøk så snart jula var over! Og no er det litle julaften og det betyr at det er store julaften i morgon og då skal ho få ho gåve! 

Per vaknar av at kjæledyret sleikar han i fjeset. Kva gjer grevlingen her? Skulle ikkje Ludvigsen hente han? Per og grevlingen går ned trappa saman. Og Per må gni seg i augo for å vere sikker på at han ikkje ser syner. For der, på kjøkkenet, på kjøkkenet til Per og Mor, der sitter Ludvigsen! Ludvigsen og Mor. Med kvar si kaffikopp. Dei skvetter til då Per og grevlingen kjem inn. Og dei flytter seg litt lengre frå kvarandre. 
”Er du her igjen!?” spør Per.
”Nei, eg er her enno-” byrjar Ludvigsen å seie, men Mor bryter han av.

”God morgon til deg óg” seier Mor.
”Du kom for å hente grevlingen …” mumlar Per.
”Eg skulle det. Eg kom i går kveld etter at du hadde lagt deg. Men akkurat då eg skulle gå byrja det å snø og blese ute – full storm!”
”Ja, det var heilt frykteleg!” seier Mor.
”Ja, så frykteleg at eg rett og slett blei heilt nøydt til å overnatte.”
”Det var berre hyggeleg å ha ein gjest!” seier mor. 
”Og no då – no skal du ta med deg grevlingen?” seier Per.
”Ja, eg må vel det” sukkar Ludvigsen, og Per syntes ikkje han verker så glad som han burde vere over å ha fått tilbake kjæledyret sitt. 

Mor drikker opp kaffien sin. Det gjer Ludvigsen og. Per kjemper mot tårene. Vil ikkje miste grevlingen! 
”Du må bli til i kveld!” ropar Per. 
”Det er jo siste sundag i advent, og då kan du ikkje vere åleine i tunnelen din … du kan være med oss, her! Vi skal ha adventskos – Eg og Mor og Tante og Hans og…”
”Per då, eg er sikker på at Ludvigsen har betre ting å ta seg t-” byrjar Mor å seie.
”Å! Ja, takk, det ville vore fint!” seier Ludvigsen.
Og Per blir så glad at heile kroppen blir varm. Og Mor blir endå gladare enn Per. Og Ludvigsen er gladast av alle, for han har enno ikkje funne seg ein leilegheit kor dyrehald er tillét, og ein kveld åleine i tunnelen freistar ikkje stort. 

”Hans sa at du stakk av!”
Heksa bøyer hovudet i skam. 
”Jau… men eg kom tilbake!”
”Men du stakk av!” 
”Men eg kom tilbake!”
”Men du stakk av før du kom tilbake!”
”Ja, eg kunne vel ikkje kome tilbake om eg ikkje stakk av først, vel?”
”Nei, kanskje ikkje. Godt poeng…”
”Og no er eg her. Og i morgon får eg vel gåva mi?”
”Eg veit ikkje – du skulle jo berre få ho om du var snill. Det er ikkje snilt å stikke av.”
”Det er ikkje snilt å halde meg fanga i eit bur” seier Heksa
”Du fanga oss først – Hans og Grete…” minner Nissefrøken om.
”Men så stakk dykk stakk av” seier Heksa.
”Fordi du fanga oss!”
”Huff, ja… eg gjorde jo det. Eg var ei skikkeleg heks. Men eg er snill no.”

Nissefrøken snur seg for å gå. 
”Vær så snill! Eg vil så gjerne ha ei gåve. Vær så – vær så- vær så snill!”
Men Nissefrøken er ikkje dum, ho let seg ikkje lure. Aldri igjen! Ho går vidare mot huset. Huset som ho og Påskeharen kanskje skal overta, dersom Hans sine planar går etter planen. 
”Eg har vore snill! Berre spør eks-mannen din, Nissen altså – eg trefte han i går! Og han sa det, han sa at eg var ei god og snill heks! Tenk, det sa han! Eg er snill. Eg må få gåve!”

Heksa si stemme er full av gråt! Og det får Nissefrøken til å snu seg. Ho går tilbake til buret. Heksa fortel om natta si. 
Og Påskefrøken – som kjenner igjen beskrivinga av Mor og grevlingen – skjønner no at den vesle guten i skogen må ha vore guten til Mor. Per! Og då Heksa fortel at ho sørga for at Per ikkje mista grevlingen i nått, ja då bli Nissefrøken så glad så glad så glad! Så glad at ho lover at Heksa skal få gåva si. 

Heksa jublar! Ho klappar i hendene, ho synger og ho ler, for så glad er ho så glad er ho, ho svingar seg i kretsen og neiar og bukkar og … 
Og så seier Nissefrøken:

”Men du må gjere ein ting til…”
For mens Heksa har feira, har Nissefrøken tenkt litt og det ho har tenkt er triste tankar: No er det ein ny dag. Kva no? Kva om Ludvigsen tek med seg grevlingen no når ingen er der og lagar snøstorm?
«Vær så snill – du kan få ein ekstra gåv-” 
Nissefrøken rekker ikkje snakke ferdig. Heksa har alt begynt å ta på seg jakka.
”Eg treng i så fall å få låne ein kost.”

LAURDAG – BitteLitleJulaften

Det er tidlig og framleis mørkt då dei landar i hagen i Konglevegen 2. 
”Ha det, då!” seier Mor. Letta, glad. Endeleg heime!
”Kom her!” ropar Nissefrøken. 
Mor snur seg mot sleden. Redd. Har dei lurt meg? Får eg ikkje dra heim likevel?
”Ikkje du!” ler Nissefrøken. ”Grevlingen. Kom så! På plass!”
Mor kikkar ned på graset. Der står grevlingen tett inntil leggane hennar. Han vil heller være med Mor enn Nissefrøken og Nissen. 
Kom!, sa eg!!”
Grevlingen klynkar og ålar seg enno tettare inn til Mor. 
”Han kan godt bli med meg, altså” seier Mor.
”Nei, han er jo min” seier Nissefrøken.
Men så ombestemmer ho seg.
”Ja, ja, kvifor ikkje, forresten? Han plagar jo livet av kjærasten min…”
”Og sonen min ønskjer seg eit kjæledyr til jul” seier Mor. 

Mor og Nissefrøken nikkar og smilar og dei er så glad, for kjæledyret er det berre ei av dei som vil ha… 

”Du må hugse å synge for han” seier Nissefrøken.
”Det skal eg gjere” lovar Mor. 

Hans vaknar av ein merkeleg lyd. Eit brøl av noko slag. I stova ser han Påskeharen stå bøygd framover med hendene på knea. Han pustar og stønner og har vondt. Og då gløymer Hans alt om kor sint han er på Påskeharen som nektar å fortelle kor Grete er. Ja, Hans blir oppriktig bekymra.

”Kva er i vegen?!”
”Det er for tidleg!” klynkar Påskeharen.
”Kva?”
”Det er ikkje påske enno!”
”Nei … jula kjem jo alltid først” mumlar Hans
”Vatnet mitt går!”
”Hæ?”
”Det er for tidlig, egga er ikkje ferdige, vatnet går, egga kjem!”
På golvet dannar det seg ein gul pytt – ein påskedam. Og oppi dammen flyter nokre små, svarte kuler. Skeive og rynkete. Nesten som rosiner, berre heilt svarte og knallharde. Hans stirrar forskrekka på pytten med klumpar i. 
”Se – se!” Klynkar Påskeharen.
”Ja… men kva pokk- polkagris … er det svarte egg?!” spør Hans.
”Ja! Det skjer når dei kjem for tidleg. Alt blir berre ekkel lakris, då. Lakrisen rekker ikkje bli til god sjokolade … No er heile påska er øydelagt!” 

Per hadde planar om å gå rett opp på rommet sitt og ignorere Mor heila jula. Han skulle vise at han er sint fordi ho er ein løgnar. Men då mor kom og henta han hjå Tante blei han likevel glad for å sjå henne. Etter å ha gått seg vill i skogen har han sakna henne ekstra mykje. No var det så godt å få Mor heim igjen at han ikkje vil være sur eller krangle. Det var jo trass alt artig med kalendergåver, sjølv om alt dette med Nissen berre er lureri. Og no, no når det står her, utføre huset i Konglevegen 2, og skal til å låse seg inn, ja, då seier Mor noko som gjer at Per bestemmer seg for å tilgi Mor for å lurt han. Ho seier:
”Eg har ein overrasking til deg!”

Og overraskinga kjem byksande mot dei i det same dei trår inn i entréen. Eit firebeint, hårete og bustete vesen. Ein vaskebjørn? Eit overfora ekorn?
”Eg fann han på reisa mi” seier Mor.
Ein hundevalp? Ein bever? Noko er kjent med dyret.
”Til meg?!”
”Ja, til deg. Eg veit det ikkje er julaftan enno, men eg kan ikkje halde han innesperra, stakkars, …så du får han no. Ein ekstra julegåve sidan du har vore så snill mens eg var vekke.”
”Mitt eiget kjæledyr!”
”Ja. Ditt kjæledyr.”
”Men … kva slags dyr er det”
Det veit ikkje mor heilt sikkert. Ho spurte aldri. Men Nissefrøken kalla han for noko … kva var no det? Greve-Ling? 
”Tja … det er eit kjæledyr iallfall” seier ho.
 
krfksjkt! krfksjkt! krfksjkt! seier dyret.
”Åååå… nei… !” Klynkar Per som kjenner den lyden.

”Dette er jo Knudsen si grevling!” ropar Per og blir lei seg. For han har alt blitt glad i grevlingen. Og Per han ikkje berre behalde grevlingen når han veit at Ludvigsen leiter. 
”Kven?” spør mor.
”Berre ein eg blei kjent med då … då … då eg gjekk meg ein tur her om dagen. Ein mann som leita etter grevlingen sin.”
Både Per og Mor er skuffa då dei finner telefonnummeret hans å Internett. Dei er endå meir skuffa då han svarar på første pip. Og endå meir skuffa då han seier at han kjem med ein einaste gong…
 

Ingenting fungerer betre enn ein prematur egg-fødsel for å skape fred mellom to ilske mannfolk. Påskeharen og Hans sit saman i stova. Utan å krangle. Utan å fortelle vitsar med dårleg enderim. Dei sit alvorlege, rolege. Djupt konsentrerte og legg planar. Hans og Påskeharen har blitt forsona. Og, dei har funnet noko dei har til felles. Tre ting, faktisk:
1. Miljø
2. Godteri
3. Kjærleik

Hans fortel om Tante, at han er forelska og kanskje vil reise sin veg, slå seg ned i lag med Tante … og då vil Peparkakehuset stå tomt. Og – tja – nokon burde passe huset – det kan vel ikkje berre stå slik og forfalle? Nei, Påskeharen er einig i det. 
”Matsvinn er noko herk!”
”Ja, det er ei av dei største klimabelastningane!”

Hadde det ikkje vore for at Påskeharen alt hadde åte opp døra, ville dei akkurat no ha høyrt lyden av at ho blei opna. Men, ingen dør, ingen dør-lyd. Så dei høyrer ikkje at Nissefrøken kjem heim. Nissefrøken listar seg inn… Og der, i stova, ser ho dei to viktigaste mennene i livet sitt sitte saman i noko som liknar stille harmoni; dei kranglar ikkje slik Hans og Nissen gjorde. Og ho kjenner hjartet bli varmt og godt, og at alt kjem til å ordne seg. Tenk så flaks at Hans og Påskeharen kjem så godt overeins!

”Og med eit slikt hus som dette, risikerer du aldri at påska blir øydelagt!”
”Nei, og eg vil aldri trenge å lære meg å puste med magen!” ropar Påskeharen, letta.
”Kvafornoko?!”
”Berre noko me lærte i Spania. Du veit, eg er ein bereist Hare – eg har nemleg vore på –”
”…stressmeistringskurs i Spania, ja, eg veit det” avbryter Hans.

Nissefrøken lister seg ut igjen. Etter å ha sjekka at heksa er på plass, at alt er som det skal, lister ho seg inn igjen. 

”Eg er heime!” roper ho, muntert.
Og før Hans rekker å stille eit einaste spørsmål, seier ho:
”Og eg har med julegåver til alle!”

Heksa har budd i buret utan å utøve hekseri og fandenskap såpass lenge at ho er redd ho ikkje lenger er i stand i å ljuge. Så då ho høyrte lyden av Nissefrøken sine treskor, skunda ho seg å lukke augo og late som om ho sov. Ho var redd Nissefrøken ville spørje om korleis ting har vore mens ho var vekke, og det veit jo ikkje Heksa som sjølv har vore vekkreist – og det utan lov! Avtala var at heksa skulle trylle Nissefrøken til Nordpolen og vente i buret sitt og få gåve. Men så stakk ho av… Men ho stakk jo berre litt av. Og ho kom jo tilbake! Men for ikkje å røpe seg, lot Heksa altså som om ho sov, som om ho heile tida har vore i buret sitt. For det var det som var avtalen. Være snill Heks. Og så – så skulle ho få gåva si! Sitt livs første gåve. Og no er Nissefrøken heime!

Så snart Nissefrøken går sin veg, opnar heksa augo for å sjå om det allereie har dukka opp ei gåve. Det har det ikkje. Så høyrer ho Nissefrøken rope frå huset:
”Eg er heime, og er har med julegåver til alle!”

Til alle?
Meg og?
Kor er mi gåve?
Når skal eg få ho?
Kva er inni gåva? 
Kva slags papir er ho pakka inn i?
Med eller utan sløyfe? 

Heksa er så spent og ivrig at ho ikkje får sove. Så, etter at alle ljosa er sløkt og ho høyrer Påskeharen snorke, finner Heksa fram sopelimen og flyr seg ein tur. Ikkje for å stikke av. Ikkje for å gjere hekseri. Men for å få tida til å gå slik at ho snart kan få gåva si.

Nissen er også ute å flyr denne kvelden. Han og Rudolf og sleden. Dei øver seg til julaften. Rudolf er litt ute av trening, litt treig, litt rusten i teknikken. Og no er det knapt med tid. Nissen og Rudolf har terpa på lukeparkering og landing på skrå-tak. No tek dei nokre siste runde og øver på venstresving. Og så, når Nissen er nøgd, legger han turen over Konglevegen for å forsikre seg om at Mor er heime og at alt er bra med henne og Per og grevlingen. Nissen smilar i skjegget då han ser det raude huset til Mor. Han sirklar rundt det nokre gonger. Kikkar inn i vindauga. Per må ha lagt seg, for det er berre eit ljos tent, og det er i stova. Og der sit Mor. Men – ho er ikkje åleine. Det sit ein mann der og. Kven er han? Og Kvifor tek han tak i halsbandet til grevlingen? Mannen forsøker å stele grevlingen til Mor! Å nei og nei og nei… ! Mannen kan ikkje dra derifrå med Mor si grevling! Nissen er så oppslukt av dramatikken at han gløymer å halde styr på Rudolf … Og sjølv om himmelen er stor, er han ikkje så stor at kollisjonar ikkje kan inntreffe …

Heksa landar hardt på bakken med lufta slått ut av seg. Fortvila ser ho sopelimen fortsette vidare utan henne. Ho ser seg om. Ho ligg på graset utføre eit raudt hus. Over seg ser ho skuggane av noko stort. Det seier PANG då dette store landar litt lenger nedi hagen. Og så kjem nokon springane mot henne.
”Unnskyld! Går det bra?”
”Au, au .. eg .. au… kosten min!”Heksa kikkar opp og får sjå eit kvit-skjegga ansikt. Ho kjenner hjartet gjere eit byks. Mange, mange byks.
”Jøss! Er det du som er Heksa?”
”J-j-ja … Korleis visste du det?”
”Det var du som trylla Nissefrøken til Nordpolen, var det ikkje?”
”Jau, det var vel det.”
”Det var veldig snilt av deg!”
”E-e-er du Nissen?!”
”Ja, eg er Nissen!”
”Eg har vore frykteleg snill i år” seier Heksa, og forsøker å reise seg opp.

FREDAG – 21.12

Hans vaknar utan latter i munnen. Han kjenner på seg at noko er ordentleg gale. Og det får han bekrefta då han tek med seg ein tørr brødskalk for å mate heksa. For, inni buret er ingen heks! Heksa er vekke. Grete er vekke. Noko alvorleg må ha skjedd. No veit han at noko alvorleg har hendt. Grete er framleis ikkje her! Hans er fly forbanna, så sinna at han busar inn på gjesterommet utan å banke på. 

Ein forfjamsa Påskehare ramlar ned frå hodeståande stilling og landar hardt på ryggen.
”No må du fortelle meg kva som stått på her mens eg var vekke!”
”G-g-g-leder du deg til jul…?” mumlar Påskeharen, som har vanskeleg for å prate med lufta slått ut av seg.
Hans grip tak i armen til Påskeharen, hardt, og dreg han med seg inn i stova.

”Kva har dykk gjort?””Ta deg ei pære” tilbyr Påskeharen og peiker på Candy King-pærane i fruktskåla på bordet.
”Hæ?”
”Ja, å ta seg ei pæregjer at man roar seg ned – har eg høyrt.”
Hans tek seg, noko motvillig, ei pære. Han merkar ikkje noko særleg til endring. 
”Du veit, eg har vore på stress-meistringskurs i Spania og der…”
”No fortél du meg sanninga!” ropar Hans.
”K-k-kva då…kva meiner du?”
”Ikkje spel dum!”
”Eg spelar ikkje, eg er faktisk litt dum. Det seier Nissefrøken óg. Dum, men frykteleg snill og vanvittig morosam! Og det er mykje viktigare enn intelligens skal eg seie d-”
”Kor er Grete? Kva har dykk gjort med heksa?”

Påskeharen klør seg på snuta. Han har lova Nissefrøken at han ikkje skal seie noko… men dette er for vanskeleg! Korleis skal han klare å halde alt hemmeleg for Hans når han masar heile tida? Og stress kjem. Han kjenner det i magen no. 

Det finst ingenting anna å gjere enn å forsøke seg på ein ny vits.
”Gleder du deg til påske”?
Hans svarar ikkje.
”Gleder du deg ikkje?”
”Nei…” svarar ein furten Hans
”Jo!” roper Påskeharen, ”Du må seie jo,elles øydelegg du heile vitsen! Gleder du deg ikkje?”
”Du ser ut som ein bikkje!” roper Hans.
 

Nissen og ein overlessa slede landar på Nordpolen. Og Mor, som har sovna på fjøset, vaknar. Ho ligg mjukt og komfortabelt i høyet, med hovudet på magen til grevlingen. Ho søv så godt og djupt at det tek litt tid før ho vaknar skikkeleg – og då ho vaknar er ho nok ein gong sikker på at dette må vere ein draum. For det som utspeglar seg framføre augo er for sprøtt til å være røyndom. Nissefrøken står på ein stabel av ved. Ho roper opp namn, noterer på eit ark, og peiker og roper ut ordrar. Arrangerer dugnad for alle dei frivillige Nissen har henta. 

Rødhette!
Her!
Kjøkkenteneste – og gå rett inn! Ikkje noko blomstar-plukking på vegen!


Per, Pål, Espen?
Her! JeppsiPepsi!
Inn på IT-avdelinga med dykk.
Ok!
Skal bli.

Og Espen – ikkje forsøk å målbinde nokon, vi har ikkje tid til slikt noko no!

”Tornerose?”
”Ho kunne ikkje kome… ho søv så djupt… Men eg er her!”
”Og du er?”
”Askepott”

”Til peisen med deg”

”Alice?”
”Ho har gått seg vill igjen” svarer katta.
”Igjen?”

”Ja, Eventyrland er faktisk ganske stort, altså…og GPS-en er fullstendig utdatert.”

Mor ser forfjamsa på kaoset, som faktisk ikkje er så kaotisk no som Nissefrøkenhar tatt styringa. De fleste av desse skapningane anar ho ikkje kven er, men ho drar kjensel på nokre av dei. Mellom anna meiner ho å kjenne igjen fire av dei sju små dvergane, to av dei tre Bukkene Bruse, eit troll, tre små griser, te-skje-kjerringa, nokre bjørner og ei lyshåra jentunge. 

Så snart alle er skyssa ut av lova og i full sving med dugnaden, byrjar Mor, grevlingen, Nissefrøken og Nissen å gjere seg klare for avreise. Nissen tastar inn mor si adresse på GPS-en og skal akkurat til å trykke START då Nissefrøken brått reiser seg opp.
”Ingen får stå i sleda! Sett deg! HMS!” ropar Nissen.
”Eg har gløymt ein ting… vent litt!”
Nissefrøken hoppar ut av sleden og springer inn i hovudhuset. Magen gneg litt igjen. Sjølv om ho har redda jula, er det ein ting til ho må gjere. 

Det er så vidt ho ser litt av lua hans stikke opp bak dei glitrande konglane.
”No drar vi” seier Nissefrøken.
”Jaha. Gjer det då” svarar han, surt.
”Ja … eg ville bare, før eg drar, eg …”
”Du kva då?”
”Eg… eg ville seie unnskyld” mumlar Nissefrøken.
”Eg høyrte deg ikkje!” svarar Sjefsalven.
”UNNSKULD!” ropar ho.
”For …?”
”For at eg ikkje ville låne deg ein nøtteknekkar.” 
”Og …?”
”Og … og for alt eg sa… og for at eg kasta ting på deg. Eg… unnskyld.”
Sjefsalven gjer noko rart. Noko ingen har sett han gjere før: Han smilar! 
”No gløymer vi fortida. Du har redda jula! Dra heim no.”
”Ok. Takk.”
”Sjølv takk.”
”Og – god jul!” ropar han etter henne.

På Blokksberg er alt som før. Alt, utanom Heksa. Ho har vore vekke så lenge no at alt det kjente, all hekseriet, kjenst framand ut. Som eit framand land, eit liv ho ikkje lenger kjenner. Ho hadde aldri trudd ho skulle sakne buret sitt!
Rundt seg høyrer ho skingrande hekselatter. Den lyder ikkje som den skal. Heller en balsam i øyrene er den som barberblad som skjærer og kuttar øyrene opp. Barberblad som trenger seg inn gjennom øyrene og lagar hakkemat av hjernen… Ho vil be dei halde kjeft. Ho saknar stilla i buret. Men… ho seier ingenting. For no er ho fri. Endeleg er ho fri. Ho har tryllestav, sopelime, og ei ny hekse-kystallkule. Og i kula ser ho lengselsfult på Peparkakehuset. Ho ser at det har starta å falle frå kvarandre no som ho og magien ikkje er der. Pipa er skeiv. Karamell-skjøta er i ferd med å rakne. Det er ikkje berre sjølve huset som ikkje har det bra. Inni huset ser ho Hans og Påskeharen krangle så busten fyk. Hans peiker på Påskeharen, dyttar han i brystkassa, ropar og skriker. Og Påskeharen stappar potane i øyrene og hoppar unna. Så sett dei seg ned og stirrar på kvarandre. Heksa bankar på krystallkula. Bilete har fryst. Dei sit heilt stille begge to. Ingen lyd. Ingen rørsle. Pokkers drittkrystallkule. Men så ser ho leppane til Hans røre på seg. Det ser ut som om dei pratar no. Slutar dei fred? Heksa legger øyret inntil kula. Forsøker å lytte, men ho er så ute av trening at lyden ikkje blir bra. Det er iallfall det ho trur, for det ho høyrer kan ikkje være riktig. 

Gleder du deg ikkje?
Nei…
Jo! 
Du ser ut som ein bikkje!


Kva slags ting er det å seie? Det gjer jo ingen meining. Dei ser ut til å skulle angripe kvarandre igjen. Kor er Nissefrøken? Kvifor slutar ikkje ho fred? Kvifor tek ho ikkje med seg Påskeharen og reiser tilbake der ho kom frå? Kan dei ikkje  la Hans vere i fred i huset sitt? Har ho blitt saman med Nissen igjen? Er det derfor ho enno ikkje er komen heim? Kva då med Påskeharen? Og kva med jula? 

Heksa gnir og gnukkar på kula, leiter etter Grete-/- slash -/- Nissefrøken. Etter litt justering finner Heksa riktig frekvens. I kula ser ho Nissefrøken stå på ein vedstabel og rope og peike og sveitte. Og i bakgrunnen ser heksa ein heil masse gåver. Så mange gåver har ho aldri sett! Og ho tenker på gåva Nissefrøken lova å ta med. Julegåve. Heksa har aldri fått julegåve. Eller gåve, i det heile tatt. Og – om Nissefrøken framleis er på Nordpolen … då er det ikkje for seint! Heksa kan skunde seg heim, heim til buret, låse seg inn og late som om ho har vore der heile tida! Ja! Jajaja! Ja! Det kan ho gjere, og då vil ikkje Nissefrøken vite at ho stakk av og då vil Heksa få gåva si. Så kan dei andre heksane berre sitte her og drive på med hekseriet sitt utan julegåver!

TORSDAG – 20.12

Nissefrøken fiksar jul. Mor spelar Candy Crush. Hans er bekymra. Og Påskeharen er morosam…

Ute i fjøset sit Mor og klappar på grevlingen. Det er godt og fredelig her. Endelig litt stille. Inni hovudhuset er det kaos. Meir enn det normale julekaoset. Heilt sida ho kom i går har denne dama – Nissefrøken, som ho kallar seg – skjelt og smelt. 

Først skjelte ho ut Mor. Og så skjønte ho at Mor verken er ein  Nisserimakar eller ein Nissemor, men berre ei vanleg kvinne, ei Mor, frå det Fjerne Land. Og då skjelte ho ut den vesle mannen i staden for. Skulda han for kidnapping og brot på Nordpolens lovparagraf 92746RX-i7 – menneske-smugling, og illegal innføring av ikkje-magiske skapningar. Immigrasjonslovane blir stadig strengare, og Nissefrøken trua med å anmelde den vesle mannen dersom han ikkje straks gjorde alt ho bad han om.

Så kjefta ho vidare. Klaga på alt som er feil. Ting er lagt i feil skuffe. Kleda hennar er krøllete. Nissen går ikkje kledd som han skal. Det er for mangle ulesne konglar. Arbeidaralvane er slitne… Nissefrøken seier ho skal redde jula. Og då må alle gjere som ho seier. Og det gjer dei:
Sjefsalven har gjort alt det Nissefrøken har sagt. Han har til og med, for første gong i sitt hundreogtrettande leveår skrubba ein dass. No sit han i Nissen si stol. Han er så lita at tippen av hatten så vidt når opp til skrivebordet. Han må faktisk stå oppreist i stolen for å nå toppen av pulten. Arbeide ståande! Slaveri! Men han tør ikkje klage. Vil ikkje bli anmeldt og fengsla. Så han står på stolen til Nissen og ser fortvila ned på den enorme stabelen av konglar. Han sukker tungt. Så tek han tak i nøtteknekkaren og gjer så godt han kan for å tyde alle juleønska. 

Nissen sjølv er også i arbeid – han er ute og flyr med Rudolf. Dei hentar inn forsterkningar. Nissefrøken har gitt han ein lang liste over arbeidsledige og frivillige som kan tenkast å ville hjelpe. Og Nissen flyr no rundt for å hentar dei med seg tilbake til Nordpolen for tidenes første og største juledugnad. 

Nissefrøken har sagt at dei må følgje planen, for ho har ikkje tenkt til å bli her. Ho har ein sjuk kjærast å ta seg av. Ho har ikkje tid til å vere her, ho må skunde seg heim for å slappe av. Dersom alt går etter planen skal Nissefrøken reise heim så snart Nissen er tilbake igjen med forsterkningane. Og då skal Mor også få dra heim. Enn så lenge har Mor fått fri. Både ho og grevlingen. 

Då Hans står opp er han overraska over å sjå Påskeharen sitte på kjøkenet. Hans har berre så vidt helst på Påskeharen – han har jo heile tida låge til sengs (tidvis på golvet, når han gløymer seg ut og eter opp senga…). No ser han annleis ut enn før, friskare, sunnare. Endå meir overraskande enn å sjå Påskeharen vaken og i godt lune, er det at Grete ikkje er der. Ho står alltid opp tidleg, før fuglane fis, før hanen galer, før ljoset dukkar opp, før …  før alle, før alt, alltid. Så kor er ho no?

”Kor er Grete?
Påskeharen ser rart på han.
”Nissefrøken…” mumler Hans, motvillig.
”Å… Ja nei ho… ho er ikkje her” seier Påskeharen, som ikkje er i stand til å ljuge og som veit at Nissefrøken ikkje vil at han skal seie noko om jula, eller om heksa. Og det er frykteleg mykje å ikkje skulle fortelle om.

”Kor er ho då?” spør Hans.
”Ho er … Ho er ute. Ho er ute i lag med grevlingen” stotrar Påskeharen. 

Han pratar sakte, må seie eitt ord om gongen, forsikre seg om at det han seier er sant og at han samstundes ikkje seier noko han ikkje skal seie. 
”Ah… ok. Og du då? Du er frisk igjen?”
”Ja! Eg trur det, Halsen klør ikkje lenger, augo svir ikkje!”
”Hmm … er du sikker på at du var stress-sjuk? Det var jo ikkje så mykje stress du har vore utsett for” seier Hans.
”Kva anna kan det ha vore då?” spør Påskeharen.
”Du blei jo betre så snart du var åleine, ikkje sant? Så eg tenker at det kan ha vore allergi?” 
”Mot Nissefrøken?! Nei er du galen!” 
”Ikkje mot Grete, nei… grevlingen! Det kan vere du har grevling-allergi!”
”Nei – det går vel ikkje an. Han har jo ein song. Alle dyr som har ein song er gode dyr og man kan vel ikkje vere allergisk mot gode–”
”Det der er berre gamal overtru” avbryter Hans. 

Påskeharen blir litt redd no, for han har jo lært Nissefrøken at alle dyr med songar er snille, og tenk om ho blir utsett for eit farleg dyr på reisa si, og trur at det er snilt berre fordi det finst ein song om dyret… Om Nissefrøken blir eten opp av ein edderkopp, så er det Påskeharen sin skuld. Lille Petter Edderkopp, du liksom! 

”Veit du når ho kjem tilbake?” spør Hans.
”Snart. Sikkert snart!” seier Påskeharen, og no er han stressa. Nissefrøken veit ikkje at dyr kan vere farlege! Tenk om ho aldri kjem tilbake!
”Sa ho kor ho skulle?” vil Hans vite.
”Ja da” svarar Påskeharen.
”Ja?”
”Ja, ho sa kor ho skulle” seier Påskeharen.
”Og – kor var det?”
”Eh… på tur!”
”Ja, men kor?”
”Ute.”
”Kva er det du ikkje forteller meg?” seier Hans.

Påskeharen tenker seg godt om – leiter etter eit vis å byte tema på. Ikkje snakke om heksa. Ikkje seie noko om jula… Ein vits! Ein vits er alltid ein god idé. Så Påskeharen gjer seg så morosam som berre han kan:
”Gleder du deg til jul?” spør Påskeharen.
”Eh… jau, eg gjer vel det” seier Hans.
”Hehe- he- hehe! RUMPA DI ER GUL!” brøler Påskeharen.
Og så ler han så hardt og lenge at også Hans må le. Og for ei lita stund slutar Hans å mase om kor systera er, og Påskeharen slepper å ljuge. 

SMS
frå: Mor

Til: Tante

Om alt går etter planen, landar eg i morgon kveld! Takk for at du har passa så godt på Per. Me sjåast.  🙂

Mor er sliten og trøytt, og lengtar heim. Men, det har iallfall kome ein god ting ut av denne reisa. Telefonen. Ho har fått behalde han, iPhone-93i59-X! Dessverre fungerer ikkje Internett på same vis her som heime. Men, Candy Crush er i orden! Og SMS fungerer også. Ting kunne vore langt verre!

”No byrjar eg bli skikkeleg bekymra” seier Hans, og kikkar på klokka.
Nissefrøken er enno ikkje kome heim. Og det er noko gale, det berre kjenner han på seg. Påskeharen veit noko! Han skjuler noko. Og no skal Hans vite kva som foregår. Hans øver seg framføre spegelen. ”Mitt hus…!” ”Under mitt tak!”Slike ord. Strenge ord. Bestemt røyst. No skal han marsjere bort til Påskeharen og forlange å få vite alt. Det er, trass alt, mitt hus dette, og i mitt hus bestemmer eg!

”Kor er ho?”
”Ute” seier Påskeharen.
”Ho gjekk vel ikkje til heksa?” spør Hans.
”Gleder du deg framleis til jul?” spør Påskeharen.
”eh… eg veit ikkje… eg vil berre finne Grete!” seier Hans.
”Nei, no øydelegg du! Du må svare…” seier Påskeharen, skuffa.
”Gleder du deg nå?”
”ja vell då…”
”RUMPA DI ER — BLÅ!”
Og så ler dei. Og Hans gløymer alt om at under hans tak er det han som bestemmer. Dei flirar og ler seg skakk. Ler heilt til natta kjem og slukar opp dagen. Og når dei sovnar, er munnane deira endå fulle av knis. For så morosam er Påskeharen! 


ONSDAG – nittande desember

Då Nissefrøken opna augo, var ho ikkje på Nordpolen. Ho sto framleis i hagen, saman med heksa. Verken sesam-sesam, sim-sala-bimm, sim-sala-bim, eller Hokus Pukus fungerte. Ikkje ein gong Hokus Pokkus Filliokus! fekk henne trylla til Nordpolen. Nissefrøken måtte gå inn igjen i huset og legge seg. Ho gret seg i søvn. 

Men no er ho vaken. Og ho er atter igjen fylt med håp. Heksa vekte ho med god nyheiter:
”Eg veit kva som gjekk galt! Eg rota til oppskrifta- eg laga ikkje heksebrygg likevel.”
”Men eg såg jo at du …”
”Det blei feil! Eg laga visst berre gløgg! Gløgg! Tenke seg til … der har kvisten låge å duppa i gløgg i seks timar … ikkje rart han ikkje fungerte. Ein raudvinsdrukken pinne har då aldri vore i stand til å trylle nokon heilt til Nordpolen.”
”Men no kan du trylle meg til Nordpolen?”
”Ja, no kan eg trylle deg til Nordpolen!”
”Lukk augo” seier heksa.”Ja, det gjelder deg og, det” seier Nissefrøken strengt til grevlingen.
Etter at Nissefrøken har forsikra seg om at grevlingen har lukka begge augo sine, lukkar ho sine eigne. Og held pusten. Og høyrer heksa skrike: 
”Fokkuli-Pokkus-Sim-Salsa-Sesamm!”

På sofaen hjå Tante ligg Per og latar som om han er sjuk. Det var Ludvigsen sin idé. 
”Dei kan ikkje kjefte på deg når du er sjuk.”
Så det var historia dei fortalte. Dei sa at Per gjekk seg vil på sundag, og at Ludvigsen fann han i skogen og tok han med heim. Og så blei Per sjuk, og så frykteleg sjuk var han, at han måtte bli hjå Ludvigsen til han blei frisk nok til å fortelle kven han var og kor kan budde …
”Men… vi kan ikkje ljuge” sa Per då Ludvigsen føreslo dette.”Jau … klart vi kan. Vil du ha kjeft, eller?”
”Nei, men… å ljuge er ikkje snilt og eg vil jo ha julegåve av Nisse… Å ja… han finst jo ikkje…”

Per blei så sint då han tenkte på Nissen som ikkje eksisterer, at heile hovudet kokte. Så då Ludvigsen og han dukka opp heime hos Tante, ja, då hadde han nesten feber på ekte. Og no ligger Per under dyna, og har det i grunn ganske fint. Han får julekakar og julebrus og teikneseriar og film. Tante er lukkeleg og letta. Og dei er begge einige om at dette ikkje er noko Mor treng å få vite om. 

Mor har vaska golvet og Mor har båre ved. Og Mor har sett opp fugleband og Mor har pynta tre. No sit ho seg og kvilar og pustar på ei stund …

Og VIPPS , så vaknar ho frå det som må ha vore ei lita blund.

I døropninga til kjøkkenet står ei kvinne. Ho har nydeleg raude krøller, freknar på nasen og treskor på føtene. 
”Kven er du?” spør Mor.
”Og det spør du om! Kven i falafell er du?” svarar kvinna.
”Eg er … Mor” seier Mor.
”Og kva gjer du her? 
”Eg … eg drøymer… eg berre søv … eg skal nok snart heim …  eg veit ikkje! Eg -”
”Og kva gjer du med MINE KLEDE!?”
”Desse? Er det dine? Han vesle mannen, han sjefen… han sa eg måtte gå med Nordpolen-uniform. Han sa ikkje noko om deg, at det er ditt, eg,… eg kan ta det av… du forstår…eg søv … og med berre nattkjole på blei det så frykteleg kaldt og…”

Dama følgjer ikkje lenger med på kva mor seier. Ho står ved komfyren no. Granskar kjeksa i omnen. Rører i gryta med risgraut.
”Dette kan du…” seier ho etter litt. Ho lyder ikkje imponert, ho lyder skuffa, besviken.
”Ja… eg… dei…. Alle var så svoltne då eg kom, så…”
Eg ville no hatt i litt meir smør, eg då” fortsetter dama. 
Så opnar ho opp skuffar og skap, granskar alt, flytter på ting, smeller med skapdørene, mumlar nokre ufine ord om rot, og kaos, og om ting som står på feil plass…Ho gjer seg ikkje før det går i døra og Nissen kjem inn i.

”Ja, ja, du Mor – No skal det smake med litt graut. Førti-åtte skeiar har eg gjort meg fortent til n …D-D- Du kom tilbake!” ropar Nissen, som no har fått auge på denne ilske dama. 

”Nei – eg er berre på besøk” seier ho fort. 
”Du – du skal dra frå meg igjen? Bu-H—”
”Slut opp med sytinga! Det er  mindre enn ei veke igjen til julaftan. Grine kan du gjere i romjula.”
”Men – ”
”Eg skal snart dra igjen, må berre redde denne pokkers jula først” seier ho, strengt.

Nissen stirrar på Nissefrøken. Nissefrøken stirrar på Nissen. Mor ser på dei to som stirrar på kvarandre. Ingen seier noko. Grauten blir kald. Kjeksa i omnen blir svarte.
”Du har viktigare ting å ta deg til enn å ete graut!” 
Nissefrøken leitar i lomma på forkleet sitt, finner ein krøllete papirlapp og gjer han til Nissen. 
”Dette er dine oppgåver” seier ho, bestemt.
”Ja, men, grauten …”
”Graut!? Nei, du, det kan du gløyme. Kom deg ut!”
Og Nissen forsvinner ut av kjøkkenet.
”Få på deg nokre skikkelege klede!” ropar ho etter han.

Så snur ho seg mot Mor. 
”Korleis kan du tillate han å gå rundt slik, i den gyselege grilldressen?”
”Eg … Han…”
eg … han …” hermar ho.
”No vil eg heim!” ropar Mor fortvila. 
”Heim? Bur ikkje du her? Saman med Nissen? Eg trudde du var den nye Nissefrøken?” ”Nei, nei … eg bur i Konglevegen 2. Eg vil heim. No! Per. Tante. Jobben min. Eg må vakne no!”

Og så fortell Mor alt til Nissefrøken. Om Sjefsalven som tok henne med hit slik at ho skulle få Nissen glad igjen, slik at ho kunne lage mat, slik at jula skulle bli redda. 

Så lettlurt ho er! Teite, dumme Grete! Som om eit bur kan halde heksa fanga no når ho har fått seg tryllestav! Haha! Heksa tryller opp låsen i buret. Så lister ho seg inn i huset og finner ein kost. Med den nye stava veiver og vifter ho heilt til kosten blir til ein magisk sopelim. No er ho fri! Ho slenger beinet over kosteskaftet, sparkar i frå og letter frå bakken. Fyker rundt i lufta og ler sin høge, skingrande hekselatter. IIIIiiihi-heheiheihihiheheheh-HA!Ho ler heile vegen til Blokksberg. 

”Tusen takk for at du var her hjå meg” seier Tante til Hans.
Hans har budd hos tante dei siste dagane. Han har utsett alt anna. Berre vore der og trøysta Tante og leita etter Per. Og det er Tante enormt takksam for. Dessverre var det ikkje han, Hans, som blei helten. Han skulle gjerne likt det, å ha funnet Per sjølv. Hans har drøymt om det kvar natt. Sett føre seg at han kjem heim til Tante med ein sovande Per i armane og så blir Tante glad og kallar han for ein helt. Helten, Hans. Men, slik blei det ikkje. Og Hans er litt skuffa. Men mest glad. Per er i orden. Tante er glad. Og Hans er letta over at Tante er seg sjølv igjen, at ho endeleg smilar og ler, at ho er slik han kjenner henne. 

Hans burde skynde seg heim no. Nissefrøken og Påskeharen venta han heim for mange dagar si. Og det er kanskje akkurat derfor han ikkje vil heim. For Grete, Nissefrøken, ho har temperament utan likestykke. Og ho er i tillegg særs utålmodig. Om Hans kjenner henne rett, kjem han ikkje til å kome heim til ein varm mottaking. Han forventar å opne døra og bli angrepet av ein rekke flygande objekt. Ho kjem til å kaste all slags ting på han heilt til det ikkje finnst meir igjen å kaste på. Hans går mismodig laus på vegen heim. Han går omvegen, han går sakte, han somlar så godt han kan. Og då han omsider står utføre peparkakehuset sitt, er det langt på natt. Og då han listar seg så stilt han kan inn i huset er han letta over at alt er stille og at alle søv. 

TYSDAG – attande

Dagen for nye venskap

Tidleg tysdag morgon lister Nissefrøken seg på tå rundt i huset. Ho ser at Hans framleis ikkje er komen heim. Grevlingen og Påskeharen søv. Det er no ho har sjansen. No kan ikkje Hans stoppe henne. No går ho til heksa. Ho må leite ein stund i hagen før ho finner fram. Hagen er stor, midt i Skogen, omringa av plantar, tre og buskas. Utan Hans sine smular i graset ville ho aldri funnet fram til buret.

Inni buret sitter Heksa. Der har ho har såte heilt sida Hans og Nissemor (som den gong heit Grete) fanga ho for mange år tilbake. Ho skal få smake si eiga medisin! Tenkte dei den gong. Og så låste dei buret og flytta inn i huset hennar. Og budde der saman, lenge. Dei skulle bu der i alle sine dagar. Og det gjorde dei – heilt til Grete blei forelska i den raudkledde mannen som dukka opp kvar desember. Og så, til slutt, blei ho med han til Nordpolen for å bli Nissefrøken.

”Jaha ja, ja …sjå der! Er det du som kjem?”
”Hei” seier Nissefrøken, forsiktig. 
Ho er litt redd heksa, endå ho sit fanga bak lås og slå.
”Ikkje berre stå der då, gje meg i dag mitt daglege brød!” ropar heksa.
”Brød…? Eg har ikkje med meg noko… eg… du må…”
”Kvar tysdag og fredag kjem bror din med brød til meg. Men det veit vel ikkje du, du som bare stakk av. Din svikar!”
”Men… Det var du som starta! Du fanga oss. Du… du sa du skulle ete oss!”
”Det var berre noko eg sa. Eg bur, nei eg budde, dykk har jo stålet huset mitt… eg budde i eit peparkakehus. Kvifor i alle dagar skulle eg då ville ete to spinkle menneskebarn? Nei fysj…!”
”Det var uansett dårleg gjort! Eg blei traumatisert for livet” seier Nissefrøken, som er litt mindre redd no. Mindre redd og heller litt sint. 
”Og Hans og … han er enno prega. Han legger framleis ut smular kvar gong han er ute å går. Så redd er han!” fortsetter ho.

Heksa seier ingenting. Ho har kryssa armane framføre seg. Ho er også sint. Sjølvsagt er ho sint, for her sit ho fanga i eit bur i sin eigen hage! Berre fordi ho – ein gong for mange mange mange mange år sida – forsøkte å koke seg litt suppe. Ei suppe, som tilfeldigvis, hadde Hans og Grete som hovudingrediensar. Nissefrøken sukkar. Roer seg ned. Ho tenker. Og tenker. Og skjønner at dersom ho vil ha hjelp av Heksa, så må dei bli vener. 

”Eg skal finne brød til deg…”
”Nei, det kan være det same. Eg trur ikkje eg tåler gluten så godt.”
”Å … Ok. Noko anna då?”
Heksa blir mållaus. Aldri før har nokon spurt henne om kva HO VIL. Og no, no når ho kan be om kva som helst, ja då kjem ho ikkje på noko som helst å be om. Men ho er livredd for å la sjansen gå forbi.

”Eg… alt. Eg vil ha alt!”
”Alt?”
”Eg må tenke litt på saka – det er så lenge si eg har kunne velje meg noko og då vil eg ikkje velje feil.”
”Mens du tenker kan du hjelpe meg med ei sak…” seier Nissefrøken forsiktig. 
”Aha! Så du kom berre for å bruke meg! Du bryr deg ikkje, du er bare ute etter magien min. Kvifor i alle dagar skulle eg hjelpe deg?”
”For… elles blir det ikkje jul!”
”Eg er ei heks, eg feirar ikkje jul.”
”Men … kva om du óg kunne ferie jul? Ville du hjelpe meg då?”
Heksa senker armane, klør seg på vorta på den krokete nasen, tenker seg godt og lenge om.
”Får eg julegåve då?”
”Ja, sjølvsagt!”
Heksa har aldri gått julegåve før. Ikkje ein gåva av noko slag, faktisk.
”Så – dersom eg hjelper deg, så skal du fikse det slik at eg får julegåve?”
”Ja” seier Nissefrøken. 
”Og kva vil du at eg skal gjere?”
”Eg må til Nordpolen, men bilen funkar ikkje…”
”Eg er ei heks. Ikkje ein mekanikar!” skriker heksa, fly forbanna. For no hadde ho jo alt begynt å glede seg til jul og gåver… men å fikse bil… herreminheksehatt, det er då ikkje noko ho kan!
”Nei … men eg trudde kanskje du kunne trylle.”
”Sjølvsagt kan eg trylle. Eg er, som sagt, ei heks.”
”Kan du trylle bilen bra?”
”Kanskje.”
”Forsøk då, ver så snill.”
”Er det ikkje enklare om eg berre tryllar deg til Nordpolen?”
”Å ja, ja! Kan du det då?!”
”Vel … Kor er tryllestava min?”
”Vi brann han opp …”
”Ja, ja … der kan du sjå. Dette er det man kallar karma; no står du her og treng meg og stava mi – men meg har du fanga og stava har du brent opp! Då kan du berre ha det så godt. Du har deg sjølv å takke.”
”Det var ikkje berre meg… Hans og …”
”Endå verre. Dykk var to mot ein!”
”Du forsøkte å ete oss!”

Dei teier, begge to. Blir ståande på kvar si side av buret og stirre på kvarandre. Nissefrøken veit ho må roe seg ned, ho må ha heksa si hjelp.

”Julegåve… du vil vel ha julegåve?” seier ho forsiktig, lokkande.
”Jau … det ville vore fint, det” seier heksa, draumande.
”Korleis kan du få meg til Nordpolen?”
”Eg kan lage ny tryllestav – men då må sleppe meg ut.”
”Nei… det tør eg ikkje.”
”Nei vel. Då så.”
”Julegåve…?” seier Nissefrøken, med si mest lokkande røyst.
”Eg tryllar deg til Nordpolen, du skaffar meg gåve…” Heksa snakkar til seg sjølv, tenkar, mumlar, leggar hekseplanar. 
”Ok” seier ho så, ”men då må du skaffe meg det eg treng.”
”Kva skal eg gjere?” spør Nissefrøken, som no er gira og ivrig. Endeleg ei løysing! No blir det jul!
”Eg trenger ein kvist. Og så må eg gjere kvisten blir magisk. Eg må koke pinnen i heksebrygg slik at ho blir til ein tryllestav.”
”Eg skal hente alt du treng” seier Nissefrøken. 
Heksa ramsar opp alle ingrediensane, og Nissefrøken hentar alt ho ber om. 
Raudvin, rosiner, sukker … ingefær, kanel, nellik … og ein pinne. 

”Kva gjer du her?!”
Per vaknar av ein sint røyst. Ein mann står og ser ned på han der han ligg på den harde madrassen på golvet i tunnelen. 
”Eg…eg søv. Eg sov. No er eg vaken … eg… Kor er eg?”

”Du er i heimen MIN. Dette er MIN tunnel!”
Mannen ser at Per blir redd, og så ser han at Per berre er ein liten gutunge.
”Eg meinte ikkje å skremme deg … men du kan jo ikkje berre bryte deg inn i heimen til folk å søve der du vil når du vil!”
”Det sto opent…”
”Sjølvsagt var det opent – har du nokon sinne forsøkt å låse ein tunnel!? Det går ikkje an å låse ein tunnel, din … din…” 
Men så hugsar mannen, nok ein gongm at Per berre ein gutunge. 
”Eg skal lage kaffi til oss…så fortel du meg alt.”

Mens Per drikk sitt livs første kopp kaffi, og forsøker å late som om det er kakao, forklarar han mannen alt som har skjedd. Om kalendergåvene som ikkje kom, og så plutseleg kom, om smulane utføre huset kvar måndag, om Tante og om Hans, at jula er juks og at alle lyger og at han er heilt åleine og redd og svolten og ikkje vil heim til alle løgnarane og ikkje vil vere åleine heller og han seier til og med at han ønskjer seg ein hund til jul, sjølv om nissen ikkje finst 

”… for det er berre eg og mor og vi er åleine i huset og ein kjæledyr ville vore så fint for Mor har Ingen Mann, og eit kjæledyr er iallfall betre enn ingenting og…” ”Eg skal følgje deg heim.”
”Kan eg ikkje bu her med deg?”
”Eg bur ikkje her.”
”Du sa jo … du sa eg hadde brote meg inn i din heim.”
”Tja, det sto jo opent…”
”Men…”
”Eg budde her, før. Eg og kompissen min, Knudsen. Vi budde her i mange år. Hadde eit band saman, laga musikk, men så har han funnet seg eit kvinnfolk og no skal dei gifte seg. Så han flytta. Og det var kjipt å bu åleine i ein tunnel. Så no ser eg etter ein ny stad og bu. Eg skal faktisk på visning i morgon.”

”Ok.””Eg kan følgje deg heimover då, når eg skal på visning. Først må eg pakke og leite. Du kan kanskje hjelpe meg?”
”Å pakke og leite?”
”Eg pakkar. Du leiter?”
”Etter kva?”
”Ein grevling. Han pleier å vere i taket, men eg trur han har stukke av mens eg har vore vekkreist.”

Seint denne kvelden er heksebrygget ferdig; Heksa skriker og hyler så høgt ho kan. Nissefrøken høyrer det ikkje. Men det gjer Påskeharen og dei store øyrene hans. Ho kyssar han farvel. Seier at ho skal være så kjapp ho kan, redde jula og komme tilbake. I mellomtida skal han berre slappe av og ete så mange Kvikk-Lunsj-vindaugskarmar han berre kan! For å gje han fred, tar ho med seg grevlingen.

I buret sitter Heksa. Ho har tatt pinnen ut av gryta og tørker av han på skjørtet sitt. Ho ser på han, snur og vender på pinnen, som no ikkje berre er ein pinne men ein magisk tryllestav. 
”Eg skulle no helst hatt den gode, gamle … men den sørga jo dykk for å øydelegge.”
”Ja, men …du… det var faktisk du som fanga oss. Du skulle ete oss, sa du!”
”Ja,ja,ja… la oss ikkje henge oss opp i fortida no igjen. Denne får duge” svarar Heksa mens ho vrir og vender på stava si. Vifter og rister på ho.  

”Skynd deg! Tryll meg til Nordpolen.”
”Jadå jaddå.”
Heksa kremter, reinskar stemma, gjer seg klar for å trylle
”Ok. Lukk augo” seier ho.
”Må eg lukke augo?”
”Ja, eg blir nervøs av at du ser på, det er så lenge sida eg har trylla… dykk har jo helde meg fanga i…”
”Ja, ja, vil skulle jo ikkje tenke på fortida. Sånn. No lukkar eg augo. Tryll meg til Nordpolen!”

Ho kremter igjen. 
”Ja…. Hm… korleis var no dette då… Ja ok, ein, to, tre: Sim-sala-bimm!”
Heksa vifter med tryllestava. Nissefrøken knip augo hardt igjen. Ingenting skjer.
”Eg trur du må seie Simsalabim, med ein M. Det er aldri to M-ar i sluten av eit ord” seier Nissefrøken, hjelpsamt.
”Hm … hysj på deg! Trolldom har ingenting med grammatikk å gjere. Lukk augo, sa eg!”
Nissefrøken lukkar både munn og augo. Ventar spent på å bli fortrylla.
”Sim-Salsa-Bim!” skrik heksa, og kviskrar stilt for seg sjølv; ”med ein m…”
Ingenting skjer. 
”Sesam sesam!” ropar ho.
Ingenting.
”Hokus Pokus!” 
”Kanskje du må seie hokus pokus filliokus?” foreslår nissefrøken.
”Ja. OK. Lukk augo, sa eg!”
”Sånn, dei er lukka.”

”Ok: altså … Hoksu Pokus…!” skrik heksa og veiver med stava.

Måndag – syttande desember

Lisa gjekk til skulen, tripp tripp tripp det sa. I den nye kjolen, trippa ho så glad. For kjolen er ny, lilla ullkjole. Nissen har vore gåvmild i år! Tenk det, ein kjole i kalendergåve! Ho gler seg til å vise kjolen til Per. Så ho trippar så glad så glad så glad. Men ut av huset til Per, kjem ingen Per. Og når ho ringer på er det ingen som opnar døra. Ho kikkar inn gjennom ruta. Mørkt. Har han gått utan ho? 
Heilt åleine og ganske skuffa, går Lisa til skulen. Og tripp, tripp, tripp, det seier. For under føtene hennar er det verken kvit snø eller brune smular. Og i den nye kjolen, er ho plutseleg litt mindre glad. Kor er Per? Og kor er julesnøen? Kor er peparkakesmulane som pleier ligge her kvar måndag?

Måndag morgon har Hans endå ikkje kome heim. Påskeharen har så vidt stått opp. Berre for å seie at han er for sjuk og må legge seg igjen. Nissefrøken går seg ein ny tenketur med grevlingen på slep. No hastar det. Det er berre ei veke igjen … og sjølve kjøreturen til Nordpolen vil ta minst to eller tre dagar. Herremittpåskeegg, kva skal eg gjere!?Kva har eg gjort? Eg har ikkje berre øydelagt jula. No har eg også gjort Påskeharen sjuk av stress.Tenk om eg øydelegg både jula og påska!?Hans er ikkje her. Han har tydelegvis ingen planer om å hjelpe henne. Påskeharen er sjuk. Kven andre kan ho be om hjelp? Heksa. Heksa er den einaste. Det siste håpet.

Nei. Vi skal ikkje ha hennar hjelp. Du veit jo korleis ho er. La henne sitje i buret sit og rotne. Eg stolar ikkje på henne og det burde ikkje du heller gjere … 

Inni hovudet sitt høyrer ho stemma til Hans. Ho har lova å halde seg unna … men… men… Jul. Påske. Påskeharen. Det er viktig! Det handlar ikkje berre om henne og mursteinen i magen. No handlar det også om påska. Og om Haren. Hennar kjæraste Påskehare som er sjuk og slapp og stressa og det er hennar skuld. Det óg. Alt er visst hennar skuld. Ho har øydelagt jula, ho har øydelagd helsa til Påskeharen, ho står til og med i fare for å øydelegge heile påska! Dersom Hans ikkje er heime innan i morgon, ja då … då må ho rett og slett gå til Heksa.

Då Per vaknar tek det lang tid før han skjønner kor han er. Han er ikkje heime. Han er ikkje hjå Tante heller. Han ser seg rundt, ser dei brune veggene som også er eit tak. Han er inni ein slags tunnel. Ja … no hugsar han. Men skjedde det? Det kjenst ut som ein draum, men no er han jo her, vaken, i ein tunnel. Då var det ikkje ein draum. Han følgde verkeleg smulane, gjekk seg vill, enda opp her. Men … Å nei … om dette er ekte, betyr det at det han såg heime også er ekte. Det betyr at Mor er ein løgnar. At det ikkje finst noko Nisse. At alt berre er oppspinn. At alle lurar han! Nei, nei, nei! Dette må være ein draum. Han klyper seg i armen. Han er her framleis. I denne tunnelen. Ja, ha… då skjedde det, altså. 

Og det som skjedde, som Per håpa at var ein draum, men som viser seg å være høgst reelt er følgjande:

Han fann smulane på gata. Han åt og gjekk og gjekk og åt. Og då han var mett hadde han gått så langt at han ikkje kjente seg igjen. Og sidan han hadde åte opp smulane, kunne han ikkje følgje dei tilbake heller. Han sto lenge der og såg seg rundt. Han var i ein slags skog. Og litt framføre seg var det eit digert hol i bakken. Som om noko hadde stått der og blitt røska ut. Restar av trerøtter stakk ut. Og så det blei kveldsmørkeret til nattemørke. Nesten heilt svart! Og det blei kaldt. Han gjekk jo framleis rundt i pysjen. Pysj og vinterjakke. Og han blei litt redd. Og endå kald. Og så endå reddare. For sjølv om han no var så mett at han ikkje kunne døy av svolt, så kom han til å døy av kulda. Og … dette syntes Per er litt flaut, men … han begynte altså å grine. For det var mørkt, det var kaldt, han gjekk rundt i pysj, og alle han kjenner er løgnarar … heile verda var så fæl at ingen gut i pysj og vinterfrakk ville klart seg utan å gråte litt. Og så kom dama og redda han. Ho var ute og lufta hunden sin, eller noko som likna ein hund iallfall. Det var ikkje så godt å sjå i mørkret. Per skreik til henne at ho måtte passe seg for holet. 

”Å! Du har redda livet mitt!” jubla ho.
Per sa ingenting.
”Korleis kan eg takke deg?”
”Eg er kald” sa Per.
”Ja, det er jo vinter” svara ho.
”Mhm…”
”Kva gjer du her åleine?”

Per tenkte seg om … for han lurte også litt på det; kva gjer eg eigentleg her?
”Eg går tur”
”Åleine?”
”Ja…”
”Og kor skal du, då?”
”Ingen stad – eg måtte ha meg ein tenketur.”
”Og no har du tenkt ferdig?”
”Nei”
”Men du er kald?”
”Ja”
”Og sliten?”
”Ja.”
”Men ikkje ferdig på tenketur?”
”Nei.”
”Ok.”
”Mhm.”
Ho skal til å gå vidare. Per er desperat no. Så han roper etter henne.
”Vent!”
”Ja?”
”Du sa … du spurde korleis du kunne takke meg.”
”Ja! Korleis kan eg takke deg?”
”Eg treng ein plass og sove…”

Då byrja ho berre å gå sin veg! Som om ho ville bli kvitt han. 
”Vær så snill…!”
Ho stoppa ikkje. Men det gjorde hunden, eller bjørnen, eller kva enn det var ho gjekk på tur med. Dyret bråstoppa, snudde, og drog i snora og gjekk mot Per. Per skvatt unna. Rygga bakover. Det likna ikkje stort på ein hund likevel. 
”Ikkje være redd, han er ikkje farleg! Han har nemleg ein song, og derfor er han snill, og dessutan tek eg han med meg heim igjen for han har blitt så glad i kjærasten min.”
”Eg ønskjer meg hund til jul” sa Per.
”Då hopar eg du får det” svara ho.

Så var dei stille ein stund mens Per fekk klappe litt på dyret. 

”Eg skulle gjerne hjulpet deg altså, men eg har det travelt, eg skal ut å reise… Og dessutan er huset eg bur i fylt av sjukdom. Kjærasten min … snue, snott, snørr, raude augo og gudane veit kva som ikkje feilar han… du ville berre blitt smitta.”
”Å … ok” sa Per og kjente at han blei redd igjen. Han var så trøytt og så kald!
”krfksjkt! krfksjkt!” sa det rare dyret.
”Å ja!” ropte dama, som om dyret hadde fortalt henne noko.
”Ja, det var ein god idé! Eg veit om ein plass som ikkje er så langt her i frå! Eg og kjærasten min overnatta der for ikkje så lenge si. Det er litt skittent og enormt rotete, men… det er iallfall varmt. Kom, det er denne vegen!”

Og så enda han opp her. Ho følgde han til tunnelen. Sa god natt, og forsvann. Per klyper seg endå ein gong i armen. 

Tante sit åleine i stova. Ho er redd. Og trist. Hans kjem inn til henne, og ho føler seg litt betre. Berre litt. 
”Fann du han?”
”Nei … beklagar.”
”Ingen spor? Ingen teikn??”
”Nei!”
Dei ser på kvarandre. Rådlause. Redde. Kor er Per?
”Og du er sikker på at han er ikkje der heime?” spør Hans.
”Han er ikkje der! Eg har sjekka fleire gonger. Han er vekke!”
”Har du fortalt det til Mor?” spør Hans.
”Nei … ikkje endå.”
”Veit ikkje Mor at Per er vekke?”
”Nei … Heldigvis! Takk og lov! Eg fekk ein melding av ho no nettopp. Ho har vunne ein ferietur til Syden. Og Per skal vere her til ho kjem heim att.”
”Så flaks!” seier Hans.
”Flaks!?”
”ja, sidan du har mista Per …”
”Eg har ikkje MISTA Per!”
”Han er jo ikkje her og du veit ikkje kor han er…”
”Å Hans … nokre gonger skulle eg ønskje du ikkje hadde rett heile tida.”Hans skulle vore heime no. Lova jo Grete å fikse bilen. Men dette er viktigare. Per er forsvunnen! Og Tante trenger han. Tante og Hans. Dei to i lag. Som ekte kjærastar! Han skal finne Per. Han skal redde Per. Vise Tante at han er ein skikkeleg bra fyr. Ja. Det skal han! Han skal bli ein helt.

”No blir du her heime, og så går eg ut og leitar litt til!”
”Å, takk, Hans. Kva skulle eg gjort utan deg?”

SUNDAG – sekstande desember

Løgn og bedrag. Draum og fantasi.

Per vaknar lenge før tante. Og sjølv om sofaen er herleg og mjuk, og han ligg innpakka i Tantes finaste jule-sengetøy, og sjølv om TV-en viser ein kjekk film, og sjølv om det står rester etter laurdagens godterier på bordet … trass i alt dette, klarar ikkje Per å bli liggande denne morgonen. For det er advent. Og pakkekalendertid. Og han måtte klare seg utan pakke i går… og no er han i ferd med å sprekke av forventing!

Ute har det begynt å bli lyst. Morgonen er her. Det er ikkje så langt å gå frå tante og heim. Han kan gjere det no, med ein gong, og vere tilbake før tante står opp. Jo, det vil han gjere. Og om han har fått godteri i kalenderen så skal han dele alt med Tante og Hans når dei har adventskos i kveld. I tilfelle Tante vaknar mens han er vekke, legger Per igjen ein lapp. Han lagar ein teikning med to hus. Tante sitt og Per og Mor sitt. Inni huset som er Per og Mor sitt teiknar han ein pakke. Og så, til slutt, lagar han ein pil som peiker frå Tante sitt hus til Per og Mor sitt hus. Teikninga blir faktisk ganske så fin! 

Framme i Konglevegen 2, låsar Per seg inn, går bort til kalenderen. Han ser tom ut. Per skrur på lyset for å granske kalenderen skikkeleg. Men nei … Han river i snora, leitar på golvet, under dørmatta. Ingenting! Han har jo vore så snill. Så ser han noko merkeleg. På golvet. Mange bitte små avtrykk, fotspor av eit slag. Små føter, kan det sjå det ut som. Har Mor ha skaffa han eit kjæledyr!? Og så har kjæledyret åte opp kalendergåvene? Slik må det være! Ja, mor har kjøpt katt eller kanin eller hamster eller mus og så har katta eller kaninen eller hamsteren eller musa rømt frå buret sitt. Per følgjer etter dei merkelege spora. Kan ikkje ha eit dyr springande rundt i huset. Han skal fange det, finne buret Mor må ha gøymd ein plass, og låse dyret inn. Og så skal han late som om han ikkje veit noko om dette, slik at Mor trur han blir overraska på ekte. 

Per følgjer fotspora opp trappa og inn på Mor sitt soverom. Der går spora vidare, frå døra og fram til nattbordet. Så er det ikkje noko meir. Spora er sporlaust forsvunne. Per kikkar under senga. Ingen spor. Ingen dyr. Berre ei og anna hybelkanin … Og det er ikkje noko ordentleg kjæledyr. Men så, midt i støvet ser han noko som skin, noko glansfult og julete. Pynt? Julepynt? Kvifor har Mor julepynt under senga der ingen kan sjå det? Men det er ikkje pynt. Det er gåvepapir. Innpakningspapir. Og ikkje berre gåvepapir; det er heilt likt papiret på kalendergåvene! Her, under Mor si seng. Gåvepapir. Mor har lurt Per! Og det er derfor det ikkje er nokre gåver der no. Ingen Mor. Ingen gåver. Veit Tante óg om dette? Er ho med på leiken? Hans også? Lurar dei han alle saman? 

Per springer ned trappa, ut av huset. Han går og går og går i gatene. Lenge lenge lenge. 

I dag skal Nissefrøken fortelle alt, eller kanskje berre litt. Ho har tenkt i heile natt på kva ho skal seie. Ho skal fortelle at bilen er øydelagt, og så skal ho be Hans om å fikse bilen, eller endå betre – kanskje kan Nissefrøken låne Hans si bil. Då kan ho reise alt i dag. Ja, det skal ho gjere. Seie at ho må låne bilen. Ho trenger jo ikkje seie kvaho skal bruke bilen til! Nissefrøken står opp endå tidligare enn i går. Ho skal lage ekstra god frukost til Hans. Alt han likar. Stelle i stand. Og så, når han er god og mett og glad – då skal ho spørje om hjelp. 

Ho lister seg så stilt ho kan for ikkje å vekke Påskeharen. Ho lukkar soveromsdøra forsiktig. Så snur ho seg for å gå ti kjøkenet. Og så får ho sjå Hans. Han er alt vaken. Og han er på veg ut av huset. 

”Vent! Kor skal du?”
”Eg må dra. Sundag … Eg har ein slags avtale.”
”Men … du… vent litt, eg … bilen…”
”Beklagar søs, men dette er viktig.”

”Det er dette óg – bilen min – eg skulle nok ha sagt det i går…”
”Eg må gå. NO.”
”Bilen min vil ikkje starte. Du må hjelpe meg. Vær så snill!”
”Selvfølgel…”
”Å tusen takk! Eg visste eg kunne stole på deg, min alle beste bror!”
”Men det må bli seinare, som sagt har eg det litt travelt.”
”Det har eg og… eg må ha bilen no!”
”Vi får ta det i sidan, eg må gå. NO.”
”Kan eg låne din bil?”
”Nei, den har eg ikkje lenger.”
”Har du ikkje bil?!”
”Nei – vi lever i 2018, ein skal tenke på miljø no. Og på økonomi. Bompengar. Co2. Eksos. Kreft. Skattar. Moms. Toll. Gift. Svindel. Donald Tru…”
”Kva har svindel med saka å gjere?” avbryter Nissefrøken.
”Nei … eg veit ikkje, eg ramsa no berre opp alt som er feil i verda… blei vel litt riven med kanskje.”
”Men Hans… eg må ha bil… det er viktig.”
”Eg skal sjå på bilen din i morgon.”
”Men Hans…”
”Men Grete …”

I mellomtida har Påskeharen vakna. Han har stappa potane så langt han kan inn i øyrene. Orkar ikkje lytte meir til Hans og Nissefrøken som kranglar. Det hjelper ikkje. Harar har så store øyrar og så altfor små potar. Øyrene høyrer alt. Han pustar. Og pustar endå meir. Framleis utan magen. Longepust. No må eg slappe av, tenkar han, og blir endå meir stressa. Herregud, egga mine!Om ikkje Nissefrøken får redde jula snart, blir også påska øydelagd. For dette stresset, det tåler eg ikkje stor meir av! 

Påskeharen føler seg fanga på rommet. Han saknar hola si. Her er det ingen fred å få. Ute i stova er det krangling. Og på soverommet står den pokkers grevlingen og sleiker han i trynet så snart han legg seg ned for å sove. Mas og stress og uro og sikl og spytt .! Stress og støy overalt. Ingen fred å få! Grevling på soverommet. Syskenkrangel i stova. Stress stress  stress stress stress stress og stress på alle kantar. Og dette er ein sterkare stress enn før. Han kjenner det over alt no. Pelsen klør, nasen er tett, halsen svir, det brenner bak augo. Han legg seg ned på ryggen i den nye senga (som heldigvis laga av lakris, noko Påskeharen ikkje kan fordra og dermed ikkje blir freista til å ete opp). Han lukkar augo. Pustar med longane. Og grevlingen sleiker. Og syknene kranglar. 

”Ok – berre gå du! Eg kan spørje heksa om hjelp.”
”Nei!” 
”Men … ” 
” Ikkje vær så sur då, eg skal jo fikse bilen din når eg er heime igjen.”
”Men det er ikkje tid! Det er berre åtte dagar igjen ti…” 
”Til kva då?”
Jula! Jula eg har øydelagt… Jula eg må redde.
”Nei … ingenting.”

Så blir det stilt. I heile huset. Alle har sitt å tenke på:
– Grevlingen ser forundra på Påskeharen som no står i Downward Facing Dog-positur på golvet.
– Påskeharen forsøker å fokusere på pust og kropp og sjel, og ikkje på kløen og svien og alt som er vondt. 
– Nissefrøken stirrar på bror sin som strevar med å knyte slipset. Ho lurar frykteleg på kva han skal, kva som er så viktig, på ein sundag av alle dagar. Men ho kan ikkje spørje, for då vil sikkert også han spørje henne om kva som hastar, kvifor det er så viktig å få bilen i orden. Og ho vil ikkje ljuge. Og ho vil heller ikkje fortelle om jula og alt kaoset … Så ho seier ingenting. Ser berre på at han fiklar og fomlar med slipsknuta. Nektar å hjelpe. Hopar han skal gje opp og bli heime.
– Og Hans – ja, han lurar veldig på kvifor det hastar slik med bilen, men han vil ikkje spørje. For han vil ikkje vite svaret, han er redd ho skal reise vekk igjen. For alltid, denne gong. Dessutan er han redd for at dersom han spør, vil ho også spørje. Ho vil kreve å få vite kor han skal. Og det kan han ikkje fortelle. Tante er hemmeleg. Livet til Hans i den delen av verda er hemmeleg. Hans har blitt frykteleg glad i Tante, og dersom ho blir frykteleg glad i Hans, må han til slutt velje om han skal bu i Det Fjerne Land i lag med henne, eller om han skal fortsette å bu her i Peparkakehuset. Og korleis kan han vere sint på Nissefrøken fordi ho kanskje skal reise sin veg igjen når han har planar om det same? Så han teier. Vil ikkje vite at ho planlegger å dra. Vil ikkje fortelle at han planlegger det same. 

”God tur, då” seier ho.
”Takk…” seier han.
”Og du, lov meg at du held deg unna heksa! Ho er ei HEKS. Ho er ikkje til å stole på.”
Nissefrøken svarar ikkje. Ho har ikkje tenkt tanken før no. Heksa kan hjelpe! Det var jo skikkeleg smart!
”Lov meg det!”

Nissefrøken ser ned på treskoa sine. Og så kikkar ho opp i taket. Hopar han oppfattar det som eit nikk. Så slepp ho å ljuge. Det er han som mistolkar kroppsspråket. Eg nikkar ikkje, eg ser på golvet, og så ser eg litt på taket.
”Lov meg at du ikkje snakkar med heksa!”

”Ok, ok, ok…!” seier ho, mens ho kikkar ned i golvet igjen. Og så opp i taket. Og på ryggen har ho kryssa alle sine åtte fingrar.

Hans forsvinner ut døra for å gjere kva enn det no er som er viktigare enn henne, ho, hans einaste og bestaste syster. Og ho står einsam igjen og kjenner jula kome nærmare og nærmare utan å kunne gjere noko med det. Ho går inn til Påskeharen som sit på golvet med bein og armar i ein floke.
 
”Eg sit fast…!”
”I kva då?”
”I meg sjølv … eg skulle berre gjere yoga og no trur eg jaggu eg har rota saman kunnskapane mine…”
”Dette er ikkje yoga, du har jo laga flagstikk-knute på deg sjølv…”

”Eg er så stressa og så trøytt … eg klarar ikkje hugse ting! Alt går i eitt; yoga, maritime fag, historie … Stresset er i ferd med å øydelegge meg”

 Nissefrøken ser at han er på veg til å bli skikkeleg sjuk. Ho knyt han opp, legger han i den nye senga, kosar litt med han og gjer han sovemedisin. Så tek ho med seg grevlingen ut på tur så Påskeharen kan få sove i fred, utan den fæle sleikinga. Lang lang tur. Ho tenker best når ho går.

På Nordpolen er det kaos. Men bra kaos. Julestemning. Alle arbeidar på spreng. Alle synger julesongar. Det luktar av julekakar. I pipa renner ønskekonglane inn. Og overalt kimar det i gåvepapir og silkeband. Mor står på kjøkenet. I omnen står ein ny ladning peparkakar. Og på komfyren putrer risgrauten. Ho kosar seg, nyter den magiske stemninga. Men …  ho syntes denne draumen byrjar blir ganske lang. Kor lenge skal ho sove? 

”Kva dag er det i dag?” spør ho ei av assistent-alvane, som står ved sida av og lagar karamellar.
”Åtte dagar igjen til jul.”
”Kva dag?”
”Dag? Kven er det?”
”Dag … som i måndag, tysdag, onsdag og så vidare.”
”Dag … Nei, slikt har vi ikkje her.”
”Korleis veit du kva dag det er då?”
”Kvifor skal vi vite kva dag det er når vi ikkje har dagar?”

Mor gjer opp. Heldigvis kjem Sjefsalven inn på kjøkenet og ho spør heller han.
”Kva dag er det?”
”Sundag.”
”Herregud! No må eg snart vakne! Eg skulle jo vore på jobb! Og tenk om eg søv heilt til måndag og så kjem Per heim til tomt hus og blir redd? Men … eg drøymer… dette er ein draum. Eg kan ikkje vere vekke når eg ligger i senga mi og drøymer…”
”Kva bablar du om, Mor? Du er då høgst vaken!”
”Seier du at eg er vaken?”
”Sjølvsagt er du vaken – eg hadde då aldri tillat ein søvngjengar på kjøkenet. Du kunne jo brent opp heile Nordpolen.”
”Men… dette…ikkje ekte. Du finst ikkje! Du er jo ein alv … eg, nei.. dette er ein draum.”
”Har du tatt draumetesten?”
”Ja, mange gonger.”
”Få sjå.”
”Hæ?”
”Ja, klyp deg i armen.”
Mor klyp seg i armen.
”Sånn. Ser du. Framleis her.”
”Sjølvsagt er du her, det var jo det eg sa. Dette er ikkje ein draum!”
”Men…”
”Så, så, Nissemor. Eg skal fly deg heim så snart jula er ferdig.”
”Ferdig?! Eg har ein son. Eg må heim til han. Eg må vaske huset og bære ved og sette opp fugleband og pynte tre!”
”Dess fortare du arbeidar, dess fortare blir alt klart og jo kjappare kan eg fly deg heim.”

Mor er så oppskaka at ho nesten griner.
”Kva er det med deg, Mor?” spør Nissen då han kjem inn på kjøkkenet for å ete. 
”Eg er så uroleg!” 
”Så så! Ho-ho-ho!” seier han, og kjenner at han for første gong på lenge kan seie Hohoho utan at det gjer vondt i sjela. Jo visst blir det jul!
”Mor! Høyrte du det!? Eg sa Ho-ho-ho! No treng du ikkje være uroleg. Når eg Ho-ho-ho-ar betyr det at jula er på veg. Det blir jul! Og det er takket været deg!”
”Det er ikkje jula eg er uro over” seier Mor.
”Du treng ikkje uroe deg for meg – for sidan du kom hit har eg vore så glad så glad! Og eg vil at du óg skal vere glad, for …” Nissen tek ein pause, kremtar, reinskar halsen og gjer klar songstemma: for på julekvelden da skal alle vere glad! Heisann og Hoppsann…” 

Men Mor smilar ikkje. Nissen trur alt handlar om jul. Og at alt som ikkje handlar om jul handlar om Julenissen. Han skjøner ingenting!
”Kva kan eg gjere for at du skal bli glad?”
”Har dykk mobiltelefonar her?”
”Sjølvsagt … vi lagar jo julegåver av alle slag! Dei unge i dag…ynskjer seg berre tekn…”
”Då vil eg låne ein telefon” avbryter Mor. ”Eg veit jo at dette berre er ein draum, men det kjenst så ekte … og draumen kjem til å bli eit mareritt om eg ikkje veit at Per og Tante har det bra, at dei ikkje saknar meg… sjølv om det berre er ei draum…”
”Ein draum!? Kor har du det i frå?” spør Nissen. 
Mor sukkar. 
”Om dette ikkje er ein draum … då MÅ eg få låne ein telefon. NO.”
”Og då blir du glad?”
”Litt, kanskje.”
Nissen ropar på ein av assistent-alvane, kviskrar noko i øyret på han. Så eter grauten sin, seier eit par Ho-ho-ho-ar til. Og så straks er grautskåla tom, er assistenten tilbake med ei lita eske i hendene. 
Nissen tek i mot eska, og gjer ho til Mor.
”Sånn! No blir du vel glad.”

Mor tek i mot ein splitter ny iPhone-93i59-X-modell. Strever ein stund med å finne ut kva ho skal skrive. Ho vil ikkje uroe Tante og Per. Og ho kan jo ikkje seie at ho skriv SMS frå draumeland …! Eller frå Nordpolen! Det vil dei aldri tru på. 

Per blir til slutt så sliten og svolten og kald at han drar tilbake til Tante. Men … då han kjem fram er han framleis for sint til å gå inn. Han står ute i den mørke gata og ser inn gjennom ruta, ser på Tante og Hans som sit i stova og smilar og ler … Løgnarar begge to! Han vil ikkje inn til dei! På bakken ser han ein smule. Og endå ein. Han plukkar opp den eine. Legger den i munnen. Finner ein til. Slukar den og. Og endå ein. Og ein til. Smule etter smule. Ein etter ein, etter ein etter ein, etter  … heilt til han har åte så mange smular og gått så lang at han ikkje lenger veit kor han er. Heldigvis er han iallfall ikkje svolten lengre.


LAURDAG – femtande desember

Dagen då ingen vakna i si eiga seng …

Nissefrøken vaknar på golvet. Senga ho la seg i har forsvunne. Borte vekk. Påskeharen må ha åte ho opp i løpet av natta. Han er så søt! Like søt som alle godteriene han stadig eter på. Det er visst sant det dei seier; man blir det man eter! Søt søt søt! Ho kyssar han på panna. Og på snuten og på munnen og på kinna og på haka. Så lister ho seg ut av soverommet. Ho skal lage frukost og kaffi. Overraske Hans. Gjere Hans glad. Ho er så glad i bror sin! Og så glad for at han ikkje lenger er sint. Han blei glad for å sjå henne. Så glad at ho hopar han har gløymt kor sint han ein gong var. Ååå – som ho har sakna han, bror sin, den beste og einaste broren ho har. Ingen av dei har nemnt krangelen, ingen har sagt noko om Nissen og Nordpolen. Ho vil så gjerne at den gode stemninga skal vare, og derfor bestemmer ho seg for å vente litt til før ho seier noko om kvifor ho har kome hit. I morgon kan ho seie det. Eller dagen etter det. Vente litt, berre littebittelitegranne. 

Vente til dei er så gode vener at ingenting kan øydelegge relasjonen. Og då, då skal ho fortelle. Om Nissen ho har slått opp med, om jula ho har øydelagt, og om den vonde magen. Og han skal syntes synd på henne, så synd på henne at då ho tryglar han om å fikse bilen, ja, då kjem han ikkje til å kunne seie nei. 

Hans, du må fikse bilen. Og så skal eg fikse jula.Det skal ho seie – i morgon. I dag skal dei berre vere vener. Bestevener, ho og Hans. Hans og Grete. I morgon. I morgon skal eg fortelle alt. I dag skal vi berre vere vener og sysken. Ein dag frå eller til kan vel ikkje vere så farleg.

Påskeharen vaknar også på golvet. Han har vondt. I magen. Og i kroppen. I kroppen fordi han har søve på golvet. I magen fordi han, kanskje, sannsynlegvis, åt litt for mykje godteri i natt. Han vakna og var svolten. Så enormt svolten at han ikkje fekk sove igjen. Han skulle berre ha bitte-litt av sukkerspinn-madrassen. Men … det var så godt at han åt opp heile. Og så ville han berre smake litt på senga, ein marsipanseng! Og den var også god. Så god at … ja… jau… han åt jaggu opp heile senga óg! Berre Nissefrøken si marshmallows-pute overlevde natta. Og no har han vondt. I magen. Og kroppen. Han blir liggande på golvet og forsøke å slappe av, for han kjenner at kroppen har fått litt stress i seg. Og det einaste som hjelper mot stress, er å slappe av. Han tenker på reisa han hadde til Spania og forsøker å hugse alt han lærte om stressmeistring den gong. Puste inn og ut. Puste djupt. Puste med magen.

Han lukkar augo. Han pustar. Men får det ikkje heilt til. Uansett kor hardt han forsøker å puste med magen, så er det berre longane hans som gjer jobben. Men han gjer seg ikkje, å nei då, Påskeharen er ingen plingle. Han blir liggande på golvet med verkande kropp og med augo hardt knepet igjen mens han stadig vekk forsøker å få den mette magen til å puste. Og sjølv om magen nektar å puste, kjenner Påskeharen seg fort litt betre. Og endå betre blir det då han kjenner at ansiktet blir bløtt. Han smiler. For han trur det er Nissefrøken som kyssar han. Så opnar han augo og ser rett inn i eit hårete beist.

Mor vaknar på eit saueskinn framføre ein peis. Det er lunt og varmt. Saueskinnet er godt og mjukt. Ho ser seg rundt. Lurar eit lite augeblink på om ho har reist til hytta og gløymt at ho har gjort det? Noko stemmer ikkje. Ho har ein kjensle i kroppen, i magen, av at ho har gløymt noko. Saueskinnet er godt og varmt. Kroppen roleg. Augo så tunge så tunge så tunge og draumen er så god at ho gjer blanke Fa…falafell i det ho kanskje har gløymt. Ho let augo falle igjen og søv vidare i den gode, lune varmen framføre ein peis med lilla flammar. 

Slik ligg ho lenge denne laurdagen. Søv. Draumar. Vaknar. Draumar. Igjen og igjen og igjen. Så kjenner ho nokon prikke henne på skuldra.
”Per?” 
Ho opnar opp dei tunge augo. Ein liten mann står og ser ned på henne. 
”Per…?”
Men det er ikkje Per. Denne mannen har skjegg. Og store øyrer. Og ho kjenner han, det er den same mannen som i draumen ho hadde i natt. Søv eg enno? Er dette framleis ein draum? Ho klyper seg i armen. Vaknar ikkje. Klyper seg i låret. Og ho er endå her, på eit saueskinn framføre ein glødande varm peis. Ja, jo. Visst gjer eg det. Vekkarklokka har endå ikkje ringt. Berre ein draum.

”No må du stå opp” seier Alven.”Men…”
”Du må lage graut!” seier han, men si strengaste røyst.
Og så seier han fort, for å vere vennleg ”Vær så snill…”
Mor kjenner at magen hennar gjerne skulle hatt litt graut. Og vekkarklokka har jo framleis ikkje ringt. Så kvifor ikkje? 

Ho strekker på kroppen, geispar, og kjenner seg brått ganske vaken og pigg. Jaggu har ho sove godt! Ja, så godt at ho trur ho framleis draumar. Ho reiser seg opp og følgjer etter Sjefsalven til kjøkenet. Då dei går ut av stova slutar det å brenne i peisen. Dei lilla flammene sloknar. Det raslar i pipa. Mor snur seg på veg ut, og ser ei kongle lande der elda nettopp forsvann. Så endå ei. Og ei til. Og snart raslar det i pipa, og ein flom konglar kjem fykande ned. 
”Skund deg – du ser jo kor travelt dette kjem til å bli!” seier den vesle mannen, og peiker på peisen. Mens Mor og litle-mann går ut av stova , kjem eit lass av små arbeidaralvar springande inn. Dei har med seg trillebårar som dei fyller med kongler og køyrer vidare inn til Nissen. 

Hadde det ikkje vore for at Mor er Mor og ikkje Nissefrøken, og at Nissen framleis daffar rundt i grilldress, ville det sett ut som om alt var som normalt på Nordpolen. Som om jula var på veg som alltid. For konglane kjem ramlande inn, arbeidarane arbeidar, snart luktar det graut, og Nissen sit der han skal sitte på laurdagar og alle andre dagar i desember: bak skrivebordet. Klar til å lese alle dei snille bornas ønskje. Ikkje fordi han vil. Men fordi Sjefsalven har lova han ein munnfull med graut per kongle han tek seg av. 

Per vaknar ikkje på eit saueskinn, men i sofaen i stova til tante. Ho har redd fint opp til han med det finaste sengetøyet – det med Rudolf på. Tante søv endå. Og Per smilar. Dette er den beste delen med å sove hos tante – han får ligge på sofaen i stova og kan skru TV på utan ein gong å måtte reise seg opp! Og så kan han ligge der, under dyna og sjå TV heilt til tante vaknar, og det … det kan ta tid det! Så kjem han på ein ting som gjer alt endå betre – det er jo advent! Pakkekalender! I gangen finner han ingen kalender, ingen gåver. Han har gløymt å ta med seg kalenderen. Ja, ja. Då blir det to i morgon, då.  Og her hos tante har han det så bra at han, når han tenker seg om, faktisk klarar å vente.


Kor mykje graut kjem Nissen til å få?

Kjem Hans til å fikse bilen?

får Per to pakkar i morgon?