
I Konglevegen 2 sit Per og pirkar i potetmos. Mor drikker kaffi, og ser ut på den svarte asfalten som ikkje har blitt pakka inn i julesnø enno.
”Du er så stille, Per. Kva er det med deg?” spør mor.
”Ingenting” seier Per. Han forsøker å smile.
”Eg ser jo at du sit og grublar på noko” seier mor.
Per bit seg i leppa.
”Kva er det du tenker på?”
Per slepper taket i leppa slik at han kan bite seg i leppa ein gong til. Det er noko han gjer når han tenker hardare enn elles, og det gjer han altså no. Han veit ikkje heilt kva det er. Men noko er det. Noko som ikkje stemmer. Smulane i gata kvar måndag. Pakkane som ikkje kom, men så plutseleg kom likevel. Kanelen som låg sølt utover heile kjøkkenet … Det er nokon som er ute etter oss. Det har vore nokon her inne. Og det kan ha vore dei som stal dei første pakkane. Per seier ingenting om dette. Det kan være Mor blir redd då. Og endå ein gong dukkar tanka opp – Per tenker og ønskjer at dei hadde hatt ein mann her i huset, ein som ville passa på dei.
”Per? Du er heilt i di eiga verd, du!” ler Mor.
”Mhm” seier Per, som no har fylt munnen med potetmos for å sleppe å seie noko, for det er jo ikkje fint å prate med mat i munnen.
”Og kva er det du tenker på då? I denne eigne verda di?””Ingenting … Berre at eg ønskjer meg ein hund til jul” seier Per.
Og så angrar han, for det er jo ikkje sant, og å ljuge er slemt og slemme barn får ikkje kalendergåve og han vil verkeleg ha kalendergåver og julegåver og han vil helst vere snill. Eg blir jo ikkje lei meg om eg får hund, seier han til seg sjølv. Det er ikkje berre løgn, det er berre ikkje heilt sant. Og sanninga vil kanskje gjere mor trist … Og å gjere andre triste er heller ikkje snilt.
”Eller ei katt…eller kanskje kanin … eg vil ha eit kjæledyr.”
Vi har en grevling i taket, greve-ling, greve-lang … Vi har ikke ellediller eller krokofanter, men vi har en grevling i taket…
Påskeharen og Nissefrøken har gått og gått og gått – heile dagen lang. Grevlingen også. Han har følgt etter dei. Kanskje var det den fine songen som lokka han med, eller kanskje det var Nissefrøkens parfyme som gjorde det. Uansett … Noko fekk iallfall grevlingen til å følgje etter dei. Han har gått rett bak dei heile tida mens dei har vandra. Og heile denne tida har dei sunge den fine Grevling-songen. Påskeharen hadde rett, man blir glad av å synge. Og no er ikkje Nissefrøken lenger redd. Tvert om, ho har blitt litt glad i Grevlingen! Ho har alltid ønska seg eit kjæledyr.
Alt går hennar veg! Ho har fått seg verdas beste kjærast, og eit kjæledyr! Og snart er dei framme hos Hans. Og då skal ho gjere det godt att, bli vener med han igjen. Og så skal han fikse bilen, og ho skal redde jula. No blir alt bra. Perfekt. Og magen er betre – nesten heilt frisk! Ho tek tak i handa – eller, pota – til Påskeharen. Trykker han passeleg hardt, kjenner varmen frå pelse hans. Og ho leier han heile det siste stykket til Hans.
Sjefsalven er trøyt. Men han held seg vaken. Bokstaveleg talt; med ein peikefinger på kvart augelokk tvingar han augo til å helde seg opne. Han har gøymt seg i skapet i gangen, og sit der med skapdøra på gløtt for å kunne sjå kalenderen til Per. Han vil sjå det ein gong til, vere heilt sikker i sin sak. Han må vite det heilt sikkert før han gjer noko drastisk. For planen som har forma seg i hovudet er nok det folk flest vil kalle for akkurat drastisk.Sjølv i desse krigsdagar.
Og der kjem ho. Mor. Ho ser seg over skuldra, speidar oppover trappa. Vil vel vere sikker på at Per ikkje ser kva ho gjer. Altså er Per ein vanleg gut. Det er berre Mor som kanskje er ein Nisseri-makar. Og jau, akkurat som han mistenkte, akkurat som kvelden før: Ho har med seg ei gåve. Og den knyter ho fast i snora på Per si kalender. Ho er ein av oss!tenker Sjefsalven. Ho er ein eks-Nisserimakar. Ei av dei som stakk av og tilslutta seg livet her i Det Fjerne Land.Han kan ikkje hugse å ha sett ho arbeide på Nordpolen. Men … det er jo så mange der oppe, og i julekleda ser alle så like ut. Sjølvsagt kan han ikkje kjenne igjen alle. Uansett er ein ting no heilt klart: Ho tilhøyrar hans slag. Mor er ein av dei magiske. Ho kan hjelpe han med å redde jula. Den Drastiske Planen må settast i aksjon. Sjefsalven manglar berre den siste detaljen i planen: korleis skal han skal få henne med seg til Nordpolen?
Kan dei verkeleg stole på grevlingen?
Var det Toro-potetmos, eller heimelaga?
Korleis skal ein liten alv frakte ein stor Mor til Nordpolen?
Er mor ein nisserimakar?