Morgontripping. Kvikk-Lunsj-karm. Og eit uventa PANG …

Då Per vaknar er huset heilt stilt. Det er ikkje før han ser baggen sin i gangen at han hugsar det. Ferdigpakka og klar for ein helg hjå Tante. For i dag er det fredag. Fredag nummer to i desember, og då arbeider Mor kveldsskift på sjukehuset. Ho trenger å sove litt ekstra før ho drar. Så Per fiksar frukosten sin sjølv, utan å grise med kanel – for ja, det er ikkje mogleg å grise med noko man ikkje har. Og han er i godt humor denne morgonen. Han gler seg alltid til å desse helgene med Tante. Det er ein slags ferie utan at det er ferie. Han får sove på sofaen og når han vaknar kan han ligge og sjå på film heilt til ho står opp, og skapa på kjøkkenet hennar er alltid fulle av godterier. ”Eg elskar å skjemme deg ut!” seier Tante støtt. Og det må Per seie seg einig i. Han likar også at ho skjemmer han ut.
Han opnar kalendergåva si mens han ventar på at Lisa skal kome trippande. Ei lue! Perfekt. Med den nye lua på hovudet, skulesekken på ryggen, og tante-baggen over skuldra går han og finner ei trippande glad Lisa.
Sola er på veg ned då dei får auge på ei peparkake-pipe som stikker opp litt framføre seg. Månen er på veg opp. Stjernene skal snart bli til bilete på himmelen. Dei har vore på reisefot –nei, reiseføter og reisepotar – i fem dagar og fire netter og no er dei endeleg framme. Nissefrøken stoppar opp ved døra. Blir ståande heilt stilt og berre stirre.
”Er det låst?” spør Påskeharen
”Nei, det er jo ei peparkake-dør. Ho har ikkje noko lås.”
”Skal vi ikkje gå inn?”
”Njau…jo” mumlar Nissefrøken
”Då bankar eg på, då” seier Påskeharen og løfter labben.
”NEI!” ropar ho, og stiller seg opp framføre døra.
Han ser på henne ein stund. Ho set seg ned på sukkerspinn-dørmatta framføre døra.
”Vi krangla sist vi snakka, Hans og eg… Han ville ikkje at eg skulle dra min veg. Han meiner eg høyrer til her og ikkje saman med Nissen på Nordpolen. Og no kjem eg tilbake, utan Nissen, og kanskje trur han at eg har kome heim igjen for alltid men det har eg jo ikkje for eg er med deg no… og så skal liksom Hans, som hatar Nissen fordi han stal meg vekk herifrå … No skal liksom Hans hjelpe oss å redde jula? Nei…nei, nei, nei! Nei! Dette var ein tabbe. Vi må skunde oss vekk! Vi får be nokon andre om hjelp. Du kjenner jo nokon … Tannfeen, Jon Blund? Dei går vi til. Kom no! Kom kom kom du må skunde deg kom kom kom!”
Ho snakkar så fort og høgt at Påskeharen sliter med å skjønne kva ho seier. Heldigvis har han store øyrer, slik harar ofte har, og han får med seg det viktigaste.
”Ok” seier han. ”Om det er det du vil så drar vi … men eh… eg er frykteleg svolten. Trur du kanskje eg kunne… tja.. åte litt først? Kvikklunsj-karmen ser grådig god ut og …”
Lengre kjem han ikkje.
Døra blir opna.
”Grete!”
Ein lyslugga, tynn, mann står i døra.
”Hans … Hans!”
”Grete!”
”Hans!”
”Grete …”
Og slik står dei to syknene. Han på innsida av dørterskelen. Ho, rett utføre. Dei ser på kvarandre, hald fram med å seie namna til kvarandre, dei smilar, gret, ler. Så tek dei tak i kvarandre sine armar og hoppar og dansar, dansar rundt i ring ring ring … Påskeharen hoppar litt han óg, han er jo trass alt ein harepus. Men dei ensar han ikkje. Han kremter litt. Ingenting. Han set seg ned framføre vindauget og tek seg eit velfortent jafs av karmen mens han venter på at dei to skal bli ferdige med gjenforeininga si.
På låven sitter ikkje Nissen. Han sit på kjøkkenet. Utan sin julegrøt. Han gomlar på det aller siste knekkebrødet. Knas knas knas. Det bråker å ete knekkebrød. Særleg når ein eter heilt åleine i eit tomt kjøkken. Julegrøt bråkar aldri. Risgrøt og raud saft. Det er det han skulle hatt. Stille mat. Julemat. Men det er ikkje så enkelt å lage slik graut, det er noko med mjølka. Den kan brenne seg. Slik var det. Det var det Nissefrøken forklara den gongen han forsøkte å overraske henne med graut, og grauten blei svidd og ekkel. Knas knas knas. Nissefrøken. Å som han saknar henne. Knas knas knas. PANG!!!!
Pang!!!!? Jøye meg! Når endra knekkebrøda lyd? Han tek eit nytt jafs. No seier det berre knas knas knas, som før. Kor blei det av panget? Han vil ta endå ein bit for å sjå om han kan få knekkebrødet til å seie PANG!!!!enno ein gong. Men, det er ikkje meir knekkebrød igjen. Og no er alt heilt stilt.
Så seier det PANGigjen, men på ein mildare måte no. PANG utan utropsteikn. Og den slags PANG er det berre ein ting som lagar – låve-døra. Nissen rekker ikkje å snu seg før han høyrer nokon kome inn på kjøkenet til han, og han trenger ikkje snu seg for å sjå kven det er. Den røysten kjenner han nemleg godt. Sjefsalven er heime igjen! Nissen blir sittande med ryggen til for han veit ikkje om han skal vere glad fordi Sjefsalven er her, eller om han skal vere sint for at han drog sin veg. Dette dilemmaet rekker han ikkje tenke særleg lenge over … for stemma bak han seier noko som setter Nissen fullstendig ut av spel:
”Eg har med meg ein ny Nissefrøken til deg – no blir det jul!”
Klarar Hans å fikse bilen til Nissefrøken?
Kven er den nye Nissefrøkna?
Kjem Tante til å skjemme Per heilt vekk?