Løgn og bedrag. Draum og fantasi.
Per vaknar lenge før tante. Og sjølv om sofaen er herleg og mjuk, og han ligg innpakka i Tantes finaste jule-sengetøy, og sjølv om TV-en viser ein kjekk film, og sjølv om det står rester etter laurdagens godterier på bordet … trass i alt dette, klarar ikkje Per å bli liggande denne morgonen. For det er advent. Og pakkekalendertid. Og han måtte klare seg utan pakke i går… og no er han i ferd med å sprekke av forventing!
Ute har det begynt å bli lyst. Morgonen er her. Det er ikkje så langt å gå frå tante og heim. Han kan gjere det no, med ein gong, og vere tilbake før tante står opp. Jo, det vil han gjere. Og om han har fått godteri i kalenderen så skal han dele alt med Tante og Hans når dei har adventskos i kveld. I tilfelle Tante vaknar mens han er vekke, legger Per igjen ein lapp. Han lagar ein teikning med to hus. Tante sitt og Per og Mor sitt. Inni huset som er Per og Mor sitt teiknar han ein pakke. Og så, til slutt, lagar han ein pil som peiker frå Tante sitt hus til Per og Mor sitt hus. Teikninga blir faktisk ganske så fin!
Framme i Konglevegen 2, låsar Per seg inn, går bort til kalenderen. Han ser tom ut. Per skrur på lyset for å granske kalenderen skikkeleg. Men nei … Han river i snora, leitar på golvet, under dørmatta. Ingenting! Han har jo vore så snill. Så ser han noko merkeleg. På golvet. Mange bitte små avtrykk, fotspor av eit slag. Små føter, kan det sjå det ut som. Har Mor ha skaffa han eit kjæledyr!? Og så har kjæledyret åte opp kalendergåvene? Slik må det være! Ja, mor har kjøpt katt eller kanin eller hamster eller mus og så har katta eller kaninen eller hamsteren eller musa rømt frå buret sitt. Per følgjer etter dei merkelege spora. Kan ikkje ha eit dyr springande rundt i huset. Han skal fange det, finne buret Mor må ha gøymd ein plass, og låse dyret inn. Og så skal han late som om han ikkje veit noko om dette, slik at Mor trur han blir overraska på ekte.
Per følgjer fotspora opp trappa og inn på Mor sitt soverom. Der går spora vidare, frå døra og fram til nattbordet. Så er det ikkje noko meir. Spora er sporlaust forsvunne. Per kikkar under senga. Ingen spor. Ingen dyr. Berre ei og anna hybelkanin … Og det er ikkje noko ordentleg kjæledyr. Men så, midt i støvet ser han noko som skin, noko glansfult og julete. Pynt? Julepynt? Kvifor har Mor julepynt under senga der ingen kan sjå det? Men det er ikkje pynt. Det er gåvepapir. Innpakningspapir. Og ikkje berre gåvepapir; det er heilt likt papiret på kalendergåvene! Her, under Mor si seng. Gåvepapir. Mor har lurt Per! Og det er derfor det ikkje er nokre gåver der no. Ingen Mor. Ingen gåver. Veit Tante óg om dette? Er ho med på leiken? Hans også? Lurar dei han alle saman?
Per springer ned trappa, ut av huset. Han går og går og går i gatene. Lenge lenge lenge.
I dag skal Nissefrøken fortelle alt, eller kanskje berre litt. Ho har tenkt i heile natt på kva ho skal seie. Ho skal fortelle at bilen er øydelagt, og så skal ho be Hans om å fikse bilen, eller endå betre – kanskje kan Nissefrøken låne Hans si bil. Då kan ho reise alt i dag. Ja, det skal ho gjere. Seie at ho må låne bilen. Ho trenger jo ikkje seie kvaho skal bruke bilen til! Nissefrøken står opp endå tidligare enn i går. Ho skal lage ekstra god frukost til Hans. Alt han likar. Stelle i stand. Og så, når han er god og mett og glad – då skal ho spørje om hjelp.
Ho lister seg så stilt ho kan for ikkje å vekke Påskeharen. Ho lukkar soveromsdøra forsiktig. Så snur ho seg for å gå ti kjøkenet. Og så får ho sjå Hans. Han er alt vaken. Og han er på veg ut av huset.
”Vent! Kor skal du?”
”Eg må dra. Sundag … Eg har ein slags avtale.”
”Men … du… vent litt, eg … bilen…”
”Beklagar søs, men dette er viktig.”
”Det er dette óg – bilen min – eg skulle nok ha sagt det i går…”
”Eg må gå. NO.”
”Bilen min vil ikkje starte. Du må hjelpe meg. Vær så snill!”
”Selvfølgel…”
”Å tusen takk! Eg visste eg kunne stole på deg, min alle beste bror!”
”Men det må bli seinare, som sagt har eg det litt travelt.”
”Det har eg og… eg må ha bilen no!”
”Vi får ta det i sidan, eg må gå. NO.”
”Kan eg låne din bil?”
”Nei, den har eg ikkje lenger.”
”Har du ikkje bil?!”
”Nei – vi lever i 2018, ein skal tenke på miljø no. Og på økonomi. Bompengar. Co2. Eksos. Kreft. Skattar. Moms. Toll. Gift. Svindel. Donald Tru…”
”Kva har svindel med saka å gjere?” avbryter Nissefrøken.
”Nei … eg veit ikkje, eg ramsa no berre opp alt som er feil i verda… blei vel litt riven med kanskje.”
”Men Hans… eg må ha bil… det er viktig.”
”Eg skal sjå på bilen din i morgon.”
”Men Hans…”
”Men Grete …”
I mellomtida har Påskeharen vakna. Han har stappa potane så langt han kan inn i øyrene. Orkar ikkje lytte meir til Hans og Nissefrøken som kranglar. Det hjelper ikkje. Harar har så store øyrar og så altfor små potar. Øyrene høyrer alt. Han pustar. Og pustar endå meir. Framleis utan magen. Longepust. No må eg slappe av, tenkar han, og blir endå meir stressa. Herregud, egga mine!Om ikkje Nissefrøken får redde jula snart, blir også påska øydelagd. For dette stresset, det tåler eg ikkje stor meir av!
Påskeharen føler seg fanga på rommet. Han saknar hola si. Her er det ingen fred å få. Ute i stova er det krangling. Og på soverommet står den pokkers grevlingen og sleiker han i trynet så snart han legg seg ned for å sove. Mas og stress og uro og sikl og spytt .! Stress og støy overalt. Ingen fred å få! Grevling på soverommet. Syskenkrangel i stova. Stress stress stress stress stress stress og stress på alle kantar. Og dette er ein sterkare stress enn før. Han kjenner det over alt no. Pelsen klør, nasen er tett, halsen svir, det brenner bak augo. Han legg seg ned på ryggen i den nye senga (som heldigvis laga av lakris, noko Påskeharen ikkje kan fordra og dermed ikkje blir freista til å ete opp). Han lukkar augo. Pustar med longane. Og grevlingen sleiker. Og syknene kranglar.
”Ok – berre gå du! Eg kan spørje heksa om hjelp.”
”Nei!”
”Men … ”
” Ikkje vær så sur då, eg skal jo fikse bilen din når eg er heime igjen.”
”Men det er ikkje tid! Det er berre åtte dagar igjen ti…”
”Til kva då?”
Jula! Jula eg har øydelagt… Jula eg må redde.
”Nei … ingenting.”
Så blir det stilt. I heile huset. Alle har sitt å tenke på:
– Grevlingen ser forundra på Påskeharen som no står i Downward Facing Dog-positur på golvet.
– Påskeharen forsøker å fokusere på pust og kropp og sjel, og ikkje på kløen og svien og alt som er vondt.
– Nissefrøken stirrar på bror sin som strevar med å knyte slipset. Ho lurar frykteleg på kva han skal, kva som er så viktig, på ein sundag av alle dagar. Men ho kan ikkje spørje, for då vil sikkert også han spørje henne om kva som hastar, kvifor det er så viktig å få bilen i orden. Og ho vil ikkje ljuge. Og ho vil heller ikkje fortelle om jula og alt kaoset … Så ho seier ingenting. Ser berre på at han fiklar og fomlar med slipsknuta. Nektar å hjelpe. Hopar han skal gje opp og bli heime.
– Og Hans – ja, han lurar veldig på kvifor det hastar slik med bilen, men han vil ikkje spørje. For han vil ikkje vite svaret, han er redd ho skal reise vekk igjen. For alltid, denne gong. Dessutan er han redd for at dersom han spør, vil ho også spørje. Ho vil kreve å få vite kor han skal. Og det kan han ikkje fortelle. Tante er hemmeleg. Livet til Hans i den delen av verda er hemmeleg. Hans har blitt frykteleg glad i Tante, og dersom ho blir frykteleg glad i Hans, må han til slutt velje om han skal bu i Det Fjerne Land i lag med henne, eller om han skal fortsette å bu her i Peparkakehuset. Og korleis kan han vere sint på Nissefrøken fordi ho kanskje skal reise sin veg igjen når han har planar om det same? Så han teier. Vil ikkje vite at ho planlegger å dra. Vil ikkje fortelle at han planlegger det same.
”God tur, då” seier ho.
”Takk…” seier han.
”Og du, lov meg at du held deg unna heksa! Ho er ei HEKS. Ho er ikkje til å stole på.”
Nissefrøken svarar ikkje. Ho har ikkje tenkt tanken før no. Heksa kan hjelpe! Det var jo skikkeleg smart!
”Lov meg det!”
Nissefrøken ser ned på treskoa sine. Og så kikkar ho opp i taket. Hopar han oppfattar det som eit nikk. Så slepp ho å ljuge. Det er han som mistolkar kroppsspråket. Eg nikkar ikkje, eg ser på golvet, og så ser eg litt på taket.
”Lov meg at du ikkje snakkar med heksa!”
”Ok, ok, ok…!” seier ho, mens ho kikkar ned i golvet igjen. Og så opp i taket. Og på ryggen har ho kryssa alle sine åtte fingrar.
Hans forsvinner ut døra for å gjere kva enn det no er som er viktigare enn henne, ho, hans einaste og bestaste syster. Og ho står einsam igjen og kjenner jula kome nærmare og nærmare utan å kunne gjere noko med det. Ho går inn til Påskeharen som sit på golvet med bein og armar i ein floke.
”Eg sit fast…!”
”I kva då?”
”I meg sjølv … eg skulle berre gjere yoga og no trur eg jaggu eg har rota saman kunnskapane mine…”
”Dette er ikkje yoga, du har jo laga flagstikk-knute på deg sjølv…”
”Eg er så stressa og så trøytt … eg klarar ikkje hugse ting! Alt går i eitt; yoga, maritime fag, historie … Stresset er i ferd med å øydelegge meg”
Nissefrøken ser at han er på veg til å bli skikkeleg sjuk. Ho knyt han opp, legger han i den nye senga, kosar litt med han og gjer han sovemedisin. Så tek ho med seg grevlingen ut på tur så Påskeharen kan få sove i fred, utan den fæle sleikinga. Lang lang tur. Ho tenker best når ho går.
På Nordpolen er det kaos. Men bra kaos. Julestemning. Alle arbeidar på spreng. Alle synger julesongar. Det luktar av julekakar. I pipa renner ønskekonglane inn. Og overalt kimar det i gåvepapir og silkeband. Mor står på kjøkenet. I omnen står ein ny ladning peparkakar. Og på komfyren putrer risgrauten. Ho kosar seg, nyter den magiske stemninga. Men … ho syntes denne draumen byrjar blir ganske lang. Kor lenge skal ho sove?
”Kva dag er det i dag?” spør ho ei av assistent-alvane, som står ved sida av og lagar karamellar.
”Åtte dagar igjen til jul.”
”Kva dag?”
”Dag? Kven er det?”
”Dag … som i måndag, tysdag, onsdag og så vidare.”
”Dag … Nei, slikt har vi ikkje her.”
”Korleis veit du kva dag det er då?”
”Kvifor skal vi vite kva dag det er når vi ikkje har dagar?”
Mor gjer opp. Heldigvis kjem Sjefsalven inn på kjøkenet og ho spør heller han.
”Kva dag er det?”
”Sundag.”
”Herregud! No må eg snart vakne! Eg skulle jo vore på jobb! Og tenk om eg søv heilt til måndag og så kjem Per heim til tomt hus og blir redd? Men … eg drøymer… dette er ein draum. Eg kan ikkje vere vekke når eg ligger i senga mi og drøymer…”
”Kva bablar du om, Mor? Du er då høgst vaken!”
”Seier du at eg er vaken?”
”Sjølvsagt er du vaken – eg hadde då aldri tillat ein søvngjengar på kjøkenet. Du kunne jo brent opp heile Nordpolen.”
”Men… dette…ikkje ekte. Du finst ikkje! Du er jo ein alv … eg, nei.. dette er ein draum.”
”Har du tatt draumetesten?”
”Ja, mange gonger.”
”Få sjå.”
”Hæ?”
”Ja, klyp deg i armen.”
Mor klyp seg i armen.
”Sånn. Ser du. Framleis her.”
”Sjølvsagt er du her, det var jo det eg sa. Dette er ikkje ein draum!”
”Men…”
”Så, så, Nissemor. Eg skal fly deg heim så snart jula er ferdig.”
”Ferdig?! Eg har ein son. Eg må heim til han. Eg må vaske huset og bære ved og sette opp fugleband og pynte tre!”
”Dess fortare du arbeidar, dess fortare blir alt klart og jo kjappare kan eg fly deg heim.”
Mor er så oppskaka at ho nesten griner.
”Kva er det med deg, Mor?” spør Nissen då han kjem inn på kjøkkenet for å ete.
”Eg er så uroleg!”
”Så så! Ho-ho-ho!” seier han, og kjenner at han for første gong på lenge kan seie Hohoho utan at det gjer vondt i sjela. Jo visst blir det jul!
”Mor! Høyrte du det!? Eg sa Ho-ho-ho! No treng du ikkje være uroleg. Når eg Ho-ho-ho-ar betyr det at jula er på veg. Det blir jul! Og det er takket været deg!”
”Det er ikkje jula eg er uro over” seier Mor.
”Du treng ikkje uroe deg for meg – for sidan du kom hit har eg vore så glad så glad! Og eg vil at du óg skal vere glad, for …” Nissen tek ein pause, kremtar, reinskar halsen og gjer klar songstemma: for på julekvelden da skal alle vere glad! Heisann og Hoppsann…”
Men Mor smilar ikkje. Nissen trur alt handlar om jul. Og at alt som ikkje handlar om jul handlar om Julenissen. Han skjøner ingenting!
”Kva kan eg gjere for at du skal bli glad?”
”Har dykk mobiltelefonar her?”
”Sjølvsagt … vi lagar jo julegåver av alle slag! Dei unge i dag…ynskjer seg berre tekn…”
”Då vil eg låne ein telefon” avbryter Mor. ”Eg veit jo at dette berre er ein draum, men det kjenst så ekte … og draumen kjem til å bli eit mareritt om eg ikkje veit at Per og Tante har det bra, at dei ikkje saknar meg… sjølv om det berre er ei draum…”
”Ein draum!? Kor har du det i frå?” spør Nissen.
Mor sukkar.
”Om dette ikkje er ein draum … då MÅ eg få låne ein telefon. NO.”
”Og då blir du glad?”
”Litt, kanskje.”
Nissen ropar på ein av assistent-alvane, kviskrar noko i øyret på han. Så eter grauten sin, seier eit par Ho-ho-ho-ar til. Og så straks er grautskåla tom, er assistenten tilbake med ei lita eske i hendene.
Nissen tek i mot eska, og gjer ho til Mor.
”Sånn! No blir du vel glad.”
Mor tek i mot ein splitter ny iPhone-93i59-X-modell. Strever ein stund med å finne ut kva ho skal skrive. Ho vil ikkje uroe Tante og Per. Og ho kan jo ikkje seie at ho skriv SMS frå draumeland …! Eller frå Nordpolen! Det vil dei aldri tru på.
Per blir til slutt så sliten og svolten og kald at han drar tilbake til Tante. Men … då han kjem fram er han framleis for sint til å gå inn. Han står ute i den mørke gata og ser inn gjennom ruta, ser på Tante og Hans som sit i stova og smilar og ler … Løgnarar begge to! Han vil ikkje inn til dei! På bakken ser han ein smule. Og endå ein. Han plukkar opp den eine. Legger den i munnen. Finner ein til. Slukar den og. Og endå ein. Og ein til. Smule etter smule. Ein etter ein, etter ein etter ein, etter … heilt til han har åte så mange smular og gått så lang at han ikkje lenger veit kor han er. Heldigvis er han iallfall ikkje svolten lengre.