Nissefrøken fiksar jul. Mor spelar Candy Crush. Hans er bekymra. Og Påskeharen er morosam…
Ute i fjøset sit Mor og klappar på grevlingen. Det er godt og fredelig her. Endelig litt stille. Inni hovudhuset er det kaos. Meir enn det normale julekaoset. Heilt sida ho kom i går har denne dama – Nissefrøken, som ho kallar seg – skjelt og smelt.
Først skjelte ho ut Mor. Og så skjønte ho at Mor verken er ein Nisserimakar eller ein Nissemor, men berre ei vanleg kvinne, ei Mor, frå det Fjerne Land. Og då skjelte ho ut den vesle mannen i staden for. Skulda han for kidnapping og brot på Nordpolens lovparagraf 92746RX-i7 – menneske-smugling, og illegal innføring av ikkje-magiske skapningar. Immigrasjonslovane blir stadig strengare, og Nissefrøken trua med å anmelde den vesle mannen dersom han ikkje straks gjorde alt ho bad han om.
Så kjefta ho vidare. Klaga på alt som er feil. Ting er lagt i feil skuffe. Kleda hennar er krøllete. Nissen går ikkje kledd som han skal. Det er for mangle ulesne konglar. Arbeidaralvane er slitne… Nissefrøken seier ho skal redde jula. Og då må alle gjere som ho seier. Og det gjer dei:
Sjefsalven har gjort alt det Nissefrøken har sagt. Han har til og med, for første gong i sitt hundreogtrettande leveår skrubba ein dass. No sit han i Nissen si stol. Han er så lita at tippen av hatten så vidt når opp til skrivebordet. Han må faktisk stå oppreist i stolen for å nå toppen av pulten. Arbeide ståande! Slaveri! Men han tør ikkje klage. Vil ikkje bli anmeldt og fengsla. Så han står på stolen til Nissen og ser fortvila ned på den enorme stabelen av konglar. Han sukker tungt. Så tek han tak i nøtteknekkaren og gjer så godt han kan for å tyde alle juleønska.
Nissen sjølv er også i arbeid – han er ute og flyr med Rudolf. Dei hentar inn forsterkningar. Nissefrøken har gitt han ein lang liste over arbeidsledige og frivillige som kan tenkast å ville hjelpe. Og Nissen flyr no rundt for å hentar dei med seg tilbake til Nordpolen for tidenes første og største juledugnad.
Nissefrøken har sagt at dei må følgje planen, for ho har ikkje tenkt til å bli her. Ho har ein sjuk kjærast å ta seg av. Ho har ikkje tid til å vere her, ho må skunde seg heim for å slappe av. Dersom alt går etter planen skal Nissefrøken reise heim så snart Nissen er tilbake igjen med forsterkningane. Og då skal Mor også få dra heim. Enn så lenge har Mor fått fri. Både ho og grevlingen.
Då Hans står opp er han overraska over å sjå Påskeharen sitte på kjøkenet. Hans har berre så vidt helst på Påskeharen – han har jo heile tida låge til sengs (tidvis på golvet, når han gløymer seg ut og eter opp senga…). No ser han annleis ut enn før, friskare, sunnare. Endå meir overraskande enn å sjå Påskeharen vaken og i godt lune, er det at Grete ikkje er der. Ho står alltid opp tidleg, før fuglane fis, før hanen galer, før ljoset dukkar opp, før … før alle, før alt, alltid. Så kor er ho no?
”Kor er Grete?
Påskeharen ser rart på han.
”Nissefrøken…” mumler Hans, motvillig.
”Å… Ja nei ho… ho er ikkje her” seier Påskeharen, som ikkje er i stand til å ljuge og som veit at Nissefrøken ikkje vil at han skal seie noko om jula, eller om heksa. Og det er frykteleg mykje å ikkje skulle fortelle om.
”Kor er ho då?” spør Hans.
”Ho er … Ho er ute. Ho er ute i lag med grevlingen” stotrar Påskeharen.
Han pratar sakte, må seie eitt ord om gongen, forsikre seg om at det han seier er sant og at han samstundes ikkje seier noko han ikkje skal seie.
”Ah… ok. Og du då? Du er frisk igjen?”
”Ja! Eg trur det, Halsen klør ikkje lenger, augo svir ikkje!”
”Hmm … er du sikker på at du var stress-sjuk? Det var jo ikkje så mykje stress du har vore utsett for” seier Hans.
”Kva anna kan det ha vore då?” spør Påskeharen.
”Du blei jo betre så snart du var åleine, ikkje sant? Så eg tenker at det kan ha vore allergi?”
”Mot Nissefrøken?! Nei er du galen!”
”Ikkje mot Grete, nei… grevlingen! Det kan vere du har grevling-allergi!”
”Nei – det går vel ikkje an. Han har jo ein song. Alle dyr som har ein song er gode dyr og man kan vel ikkje vere allergisk mot gode–”
”Det der er berre gamal overtru” avbryter Hans.
Påskeharen blir litt redd no, for han har jo lært Nissefrøken at alle dyr med songar er snille, og tenk om ho blir utsett for eit farleg dyr på reisa si, og trur at det er snilt berre fordi det finst ein song om dyret… Om Nissefrøken blir eten opp av ein edderkopp, så er det Påskeharen sin skuld. Lille Petter Edderkopp, du liksom!
”Veit du når ho kjem tilbake?” spør Hans.
”Snart. Sikkert snart!” seier Påskeharen, og no er han stressa. Nissefrøken veit ikkje at dyr kan vere farlege! Tenk om ho aldri kjem tilbake!
”Sa ho kor ho skulle?” vil Hans vite.
”Ja da” svarar Påskeharen.
”Ja?”
”Ja, ho sa kor ho skulle” seier Påskeharen.
”Og – kor var det?”
”Eh… på tur!”
”Ja, men kor?”
”Ute.”
”Kva er det du ikkje forteller meg?” seier Hans.
Påskeharen tenker seg godt om – leiter etter eit vis å byte tema på. Ikkje snakke om heksa. Ikkje seie noko om jula… Ein vits! Ein vits er alltid ein god idé. Så Påskeharen gjer seg så morosam som berre han kan:
”Gleder du deg til jul?” spør Påskeharen.
”Eh… jau, eg gjer vel det” seier Hans.
”Hehe- he- hehe! RUMPA DI ER GUL!” brøler Påskeharen.
Og så ler han så hardt og lenge at også Hans må le. Og for ei lita stund slutar Hans å mase om kor systera er, og Påskeharen slepper å ljuge.
SMS
frå: Mor
Til: Tante
Om alt går etter planen, landar eg i morgon kveld! Takk for at du har passa så godt på Per. Me sjåast. 🙂
Mor er sliten og trøytt, og lengtar heim. Men, det har iallfall kome ein god ting ut av denne reisa. Telefonen. Ho har fått behalde han, iPhone-93i59-X! Dessverre fungerer ikkje Internett på same vis her som heime. Men, Candy Crush er i orden! Og SMS fungerer også. Ting kunne vore langt verre!
”No byrjar eg bli skikkeleg bekymra” seier Hans, og kikkar på klokka.
Nissefrøken er enno ikkje kome heim. Og det er noko gale, det berre kjenner han på seg. Påskeharen veit noko! Han skjuler noko. Og no skal Hans vite kva som foregår. Hans øver seg framføre spegelen. ”Mitt hus…!” ”Under mitt tak!”Slike ord. Strenge ord. Bestemt røyst. No skal han marsjere bort til Påskeharen og forlange å få vite alt. Det er, trass alt, mitt hus dette, og i mitt hus bestemmer eg!
”Kor er ho?”
”Ute” seier Påskeharen.
”Ho gjekk vel ikkje til heksa?” spør Hans.
”Gleder du deg framleis til jul?” spør Påskeharen.
”eh… eg veit ikkje… eg vil berre finne Grete!” seier Hans.
”Nei, no øydelegg du! Du må svare…” seier Påskeharen, skuffa.
”Gleder du deg nå?”
”ja vell då…”
”RUMPA DI ER — BLÅ!”
Og så ler dei. Og Hans gløymer alt om at under hans tak er det han som bestemmer. Dei flirar og ler seg skakk. Ler heilt til natta kjem og slukar opp dagen. Og når dei sovnar, er munnane deira endå fulle av knis. For så morosam er Påskeharen!