Kjapp anbefaling – Ei lita perle frå Japan


Las nyleg denne boka her – eg var ute etter noko «kjapt» og enkelt, noko koseleg og mindre kravande. Eg trengde eit avbrekk før eg gjekk vidare i Innsirkling-trilogien til Carl Frode Tiller. Og så låg denne her då, og ho har låge i hylla altfor lenge og plutseleg freista det veldig å opne ho! Har lese myke japansk litteratur i år, så kvifor ikkje utvide mitt japanske repertar endå litt meir? Eg er no særs glad for at eg valte nettopp denne boka for eg kosa meg noko heilt enormt – og starta til og med å lese treigare når det gjekk mot sluten fordi eg ikkje ville at boka skulle ta slut … om ikkje det er eit kvalitetsteikn …

Med dette anbefaler eg altså sterk boka: «The Housekeeper and the Professor» av Yoko Ogawa.

Kort om handlinga:
Ei åleinemor på rundt tretti år arbeider som heimeassistent via firmaet sitt, og i denne boka fortel ho om den gongen ho arbeidde hjå ein gamal matematikk-professor. Eit spesielt kravande jobboppdrag – ikkje berre fordi han alt har hatt ni andre assistentar frå same firma – alle som ein fekk sparken, men komplisert endå meir fordi han lider av hukommelsesproblem etter ei ulukke som gjorde han ufør. På grunn av ulykka kan han ikkje danne seg nye minner – alt han hugsar er knyta til tida fram til ulykka i 1975. Alt som skjer her og no klarar han berre å hugse i omlag 80 minutt. I rett under to hundre sider får vi altså eit rørande innblikk i forholdet mellom denne dama, sonen hennar og professoren.

Matematikk spelar forresten ein spennande rolle i denne boka, og det sagt; ein treng på ingen måte vere matematikkar for å skjønne boka, og matematikkens rolle er aldri så komplisert at det øydelegg lesinga for det mindre matematikk –begeistra publikummet. Men, for dei som likar matematikk, er dette ei perle av ei bok! 

Og det er nettopp med ein matematisk referanse at boka startar:

Les denne fordi:
* ho er lettlest
* boka byr på dybde – trass i at ho er lettlesen finns det så mange lag her; raude trådar, symbolikk og metaforar.
* Boka kan lesast «rett fram», eller ein kan velje å lese meir analyserande då det er ein rekke ting en kan velge å undersøke meir om ein er nyfiken. Men ein treng ikkje analysere noko for å lese likevel.
* Ho kan slukast på kort tid
* har eit originalt plott
* er truverdig og ekte
* byr på glede og sorg og humor og alvor
* matematikken – som går igjen i heile boka – er framstilt på ein interessant og naturleg måte!
* Språket er enkelt og rett fram, samstundes er det svært billedleg
* LES DENNE FORDI HO ER KNALLBRA!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s