«Denne MÅ DU LESE»!!!

Det finst ein sjeldan gruppe bøker kjenneteikna av deletrang – ei bok eg får lyst å dele med andre, nei, meir enn å dele – ei bok eg vil at ALLE skal lese. Ei bok eg vil tenke på og snakke om. Dei er sjeldne, desse bøkene. Og desto meir verdifulle. Ei slik bok traff eg nyleg på – og prossessen med å rekruttere lesarar er allereie i gong. Så, om du er ein som står meg nær så veit du kva du har å gjere: LES ”Den danske borgerkrig 2018-24”

Den danske borgerkrig 2018-24, Kaspar Colling Nielsen

KORT OM HANDLING: 
Vi skal mange hundre år framover i tid. Her treffer vi bokas hovudperson – ein ”ung” mann på 475 år. Han er del av ei gruppe rike som har midlar nok til å kjøpe seg inn i ”programmet” som brukar stamcelle-teknologi til å halde kroppen ung og frisk. Altså har han kjøpt seg evig liv. (Dette blir formidla og forklart på ein overbevisande måte, prega av alvor og logikk, men det finst også litt humor her. Ein slags svart, skjult humor som ligger gøymt i teksten heile tida.) Det er denne mannen som fortel oss om den gongen for lenge sida, den gogen på 2000-talet då borgarkrigen braut ut i Danmark. Noko vekker minnet hos han, får han til å tenke tilbake på den gong, til før han blei del av ”programmet”, til sitt livs store kjærleik – alt saman som høyrer til åra rett før, undervegs og like etter borgarkrigen i Danmark. 

LES DENNE FORDI
– Dette er så utruleg mykje meir enn ein politisk thriller: Eg frykta sjølv at boka skulle være vanskeleg, treig, tung og komplisert. Sjeldan har eg tatt så feil! Eg slukte denne boka og var ganske fortvila då eg var ferdig for ingenting freista å lese etterpå (Heldigvis hadde eg ”Fuglane” av Tarjei Vesaas liggande på nattbordet!). Dette er dramatikk, sci-fi, dystopi, kjærleik. Her finst humor og alvor, djupe refleksjonar, samfunnsaktuelle tema, medmenneskelege kjensler. Her er dyr og menneske. Her er notid, framtid og fortid. 
– Boka er velskriven; ikkje eitt ord opplevde eg som overflødig. Språket flyter og formidlar historia så glatt at eg ikkje ha noko å utsette på det. 
– Boka er original, original med ein sinnssjukt stor O. Eg har lese ein del ”framtids”-litteratur og ingenting av det har eg opplevd så ekte og truverdig som dette.

Og så må eg også nemne at medan eg las denne boka dukka TV-serien  ”Black Mirror” opp i tankane. Så den er kanskje litt i den ”gata” der. Uansett – skal du lese berre ei bok i år så syntes eg dette er ei å prioritere. Ikkje er ho lang og tjukk heller; rett over to hundre sider, og dette er luftige sider med relativt stor skrift. Ein draum å lese – både visuelt og mtp innhald. 

One thought on “«Denne MÅ DU LESE»!!!

  1. Tilbakeping: Halvvegs i bokåret – ein oppsummering | Bøker eg leser, tekstar eg skriver, tankar eg har ...

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s