LAURDAG – 1.12
Kor er gåvene? Kor blir det av jula? Og kven er den nye dama til Påskeharen?
Det er første desember, og på Nordpolen er ingenting som det skal vere på første desember på Nordpolen. Det er heilt stilt; ingen maskinar surrar og går, ingen alvar gnir sandpapir over tre-leikar, det raslar ikkje i gåvepapir, det luktar ikkje risgraut, og dei vesle små alvane sit tause på golvet i ei stille stove utan fyr i peisen. Og dei vesle, små alvemagane må klare seg utan klementinar og julekakar. Sjefsalven står stilt og ser på dei. Han har gøymt den sinte munnen sin bak ein stor kopp med kaffi. For det er advent. Han skal ikkje vere sint då. Og Kaffi!? Tenke seg til. For noko skvip. Kaffi! På så ein dag! Har du høyrt. Aldri i sine levedagar har han opplevd ein desember utan Nisse-gløgg. Sjefsalven kikkar rundt seg og forsøker å sjå normal ut. Kaffi. Kaffi. Kaffi!?
Arbeids-alvane snur seg og ser på Sjefsalven. Dei har merka at ting ikkje er på stell.
”Berre ein dag til … snart er alt oppe og går igjen” seier Sjefsalven med så sjefete røyst han kan. Dei nikkar. Tause. Svoltne. Dei har merka at noko ikkje stemmer. At første desember ikkje er som første desember skal vere. Men ulikt frå Sjefsalven trur dei at det skal gå seg til. Dei trur det berre er denne dagen, denne første dagen, som er litt skakk-køyrt.
”Ja, altså – tekniske problem. Trur det er noko med pipa, igjen. IT er på veg.”
Arbeids-alvane ser letta ut no. Dei veit jo ikkje at Sjefsalven har kryssa fingrane bak rygge. Dei vei ikkje at Nissen er åleine i senga si. Dei veit ikkje at det ikkje blir jul i år. Berre sjefsalven veit det – at no orkar ikkje Nissen meir. Utan Nissefrøken kan det ikkje bli jul.
** ****** ***** ***** ****** ****** ******* ****** ***** ****** *
I eit raudt hus i Konglevegen vaknar Per lenge før han må. For i dag er det første desember og første desember i det raude huset Konglevegen betyr at Nissen har vore der med ei gåve. Advent er her! Pakkekalenderen skal få pakkar i seg. Og han, Per, skal få opne ein ny pakke kvar dag heilt fram til julaften. Og det startar: No! Heile magen gler seg, han kjenner sommarfuglar sverme rundt der inni. Eller kanskje er han berre litt svolten? Det er heilt svart i rommet til Per og han lurar på om det kanskje endå er nått. Er det for tidleg? Har Nissen vore her? Det er like mørkt inne som ute. I huset er det ingen lyd – Mor søv. Kva er klokka? Det vei han ikkje, for han har ingen klokke. Kanskje får han ein klokke i kalenderen i år? Det ville vore fint, det! Han står opp, kikkar ut av vindauge og ser naboen skrape is av bilruta. Då er det ikkje natt, iallfall. Så Per tek på seg jule-tøflane som han fekk i kalenderen i fjor. Dei er litt tronge no. Men dei duger, og det er advent og då må man ta i bruk alt det man har av jule-klede. Per og dei litt for tronge tøflane spring ned trappa til gongen der kalenderen henger.
Kalenderen har ein krok. Og til den kroka henger ei snor. Og festa til snora … Kroken er tom! Ingen snor. Ingen gåve! Som om det var 30. november og ikkje første desember. Kor er gåva? Han har vel vore snill? Har han ikkje? Han tenker litt på det – han har ikkje skrike, ikkje krangla, han tok ut søppla då mor ba om det, han går alltid ut av badekaret når han får rynkehud og han har åte ein del grønsakar – ikkje alle, riktig nok, men fleire enn før og før fekk han alltid gåver. Jo, han har vel vore snill? Samanlikna med dei andre barna på skulen, iallfall. Så kvifor får ikkje Per noko gåve i dag? Han vil ikkje ha så mykje, han er ikkje kravstor. Men det er første desember og på første desember skal det henge ei gåve der! Om så ein tom gåve. Ein eske med luft inni ville vore nok det, berre ho var innpakka i julepapir. Men nei, Per har ikkje fått noko gåve. Og no er naboen ferdig med å skrape is. Bil-ljosa sveiper over ruta til gangen til Per, og kaster ein kjegle av ljos inn i mørkret. Kalenderen blir lyst opp. Og ser endå tommere ut enn før.
** ****** ***** ***** ****** ****** ******* ****** ***** ****** *
Inni ein skog, på ein stad som heiter Skogen, nedi bakken, under jorda, går det ein tunnel. I enden av tunnelen er eit lunt og flott lite hi og i dette hiet ligger det ein lodden hare som søv si søte vintersøvn. Og no, denne desember-morgonen, søv han ekstra godt, for han er ikkje lenger åleine slik han alltid har vore. Ved sida av han ligg ei gul-kledd, vakker dame med frekner på nasa og raude krøller på puta.
Dei har hatt si første nått saman – han og ho. Endeleg er ho blitt hans. Her skal dei liggje og kose seg saman i varmen, drikke kakao og ete kvikklunsj. Og drikke Solo når dei ikkje drikk kakao. Og kanskje også ete litt klementin, for ho har sagt at det er viktig å variere kosten og no som ho er her kan han ikkje lenger ignorere det. Klementin… det er ikkje kvikklunsj. Men det får duge. For no er ho her. Ho er endeleg blitt hans. Og etter påske skal dei gifte seg. Han må berre fri først. Finne ein ring må han også. Kanskje kan han ønske seg ein giftering til jul, tenker han. Og så tenker han litt til og kjem fram til at nettopp dét er det siste han kan gjere. Ikkje no. Han vil nok aldri kunne ønske seg noko som helst av Nissen igjen. Ikkje nokon sinne. Men det er greitt. Han har fått henne. Det er alt han vil ha.
Han ser bort på henne der ho ligg og søv ved sida av han. Ho er her endå! Det var ikkje berre ein draum. Ho kom verkeleg i nått. Ho er her no! Hos han. Dei to. Heile magen hans er varm, sjølv om han ikkje har drukke kakao. Han ser på henne igjen – betraktar dei vakre, raude krøllene, dei spisse, store øyrene som ikkje er kaninøyrer som hans, men spisse kvite nisseøyrer. Og ho har på seg hans gule pysjamas. Dei gamle kleda hennar – forkleet og lua – skal dei lage bål av. Brenne det opp! For alltid dei to. Nissefrøken i gul påske-pysj. Nissefrøken som skal bli til Påskefrøken. Hans vesle gule-påske-nisse-kjærast som han skal gifte seg med. ”Eg elskar deg”, kviskrar han til Nissefrøken. Så søv han litt til. For no er det første desember og påskeharen har ingenting med denne tida på året å gjere.
SUNDAG – 2.12
Julegledeverk. Besøk av Pluss Ein. Og litt om egg-produksjon
Ein alv er ein liten skapning. Nesten som ein dverg, eller kort-vekst, som det heiter på fint i desse moderne dagar. Så, ein alv er altså eit lite menneske som ikkje er dverg eller kort-vekst, for han er jo alv og då kan han ikkje samstundes være dverg eller kortvekst. Sjefsalven er altså ganske lita. Han er ein vaksen mann inni ein liten kropp. På haka har han grått skjegg, og midt i fjeset ein lang og litt krokete nase (som ikkje eigentleg er så stor, det er berre det at alven er så lita at nasen ser stor ut). På hovudet har han ein grå nisselue, og ut gjennom to hol – eit på kvar side av lua – stikker øyrene ut; to store, spisse alve-øyrer.
Inni denne vesle kroppen til Sjefsalven har det samla seg opp ein heil masse juleglede. Og no vil gleda ut. Julegleda vil ut av kroppen, slik ho pleier kvar desember. Heile året lagrar det seg opp inni Sjefsalven, og så kjem advent, og då skal gleda ut. Ut gjennom fingrar som sorterer og ryddar, ut gjennom munnen som ropar ordre til dei andre alve-arbeidarane på verkstaden, ut gjennom føtene som spring fram og att mellom verkstaden og Nissen sitt kontor. Men no… no står gleda fast inni han. Masse masse juleglede inni ei bitte liten alve-kropp.
Og gleda står bom fast. Fanga inni den vesle alven og det er så mykje juleglede inni han at det gjer vondt! Det er som eit hårstrå i halsen, ei kongle i nasen, ein smule i øyret, ein fis som sit fast i rumpa. Eller noko slikt. Noko som sit fast og vil ut men ikkje kjem seg ut. All julegleda sit fast! Dei vesle alve-føtene klør inni treskoa, fingrane kriblar, magen rumlar. For føtene vil springe, fingrane vil lage jul, magen vil ha gløgg og kakar.
Men det er ingen jul i år. Og alven har ingenting å gjere. Gleda trykker på. Julegleda er ikkje glad, ho er vond. Nissealven har juleverk i magen. Jula skal jo ikkje gjere vondt. Men i år er jula vond, så alven driter i at det er første søndag i advent. Han tek seg litt medisin og legg seg til å sove vekk alt det vonde.
Heime hos Per er det ingen som har vondt i magen. Magane til dei i Konglevegen 2 er berre litt svoltne, og magane gler seg, for i dag er det første søndag i advent og då skal dei kose seg med ekstra god mat saman med tante som kjem på besøk. Tante og Pluss Ein, som mora seier. For slik er et kvar jul; tante og ”Pluss Ein” kjem på besøk kvar søndag klokka fire for å tenne stearinlys og ete julemat. Tante har alltid med seg ein mann, og sidan det sjeldan er den same mannen ho har med seg, har Per si mor begynt å kalle han for tantes Pluss Ein. Det er enklare å seie Pluss Ein enn å hugse så mange nye namn, seier Mor. Per gler seg så mykje at han nesten gløymer alt om den tomme kalenderen, som heller ikkje i dag hadde pakke på seg. Han står og ser ut gjennom ruta og ventar og ventar på at tante og Pluss Ein skal kome.
Han får auge på dei og spretter så fort opp at han dunkar hovudet i adventsstjerna som henger rett over han og lyser så fint. Men det gjer ingenting. Han bryr seg ikkje om at det gjer vondt. For no kan han kjenne det i magen; det er advent på ordentleg. Jula er på veg! Per river opp døra før Tante rekker å ringe på. Mor og Tante gjer kvarandre ein klem. Pluss Ein strekker ut ein hand, og seier ”Hans”.
Dei set seg ved bordet. Per får fyrstikkene og tenner eit lilla lys mens dei synger adventssongen. Så et dei julebrød med julepålegg. Mor, Tante og Hans drikker gløgg. Per får solbærtoddy, som er nesten som gløgg berre at det ikkje er gløgg, men har same farge slik at det ser heilt likt ut og Per kjenner at han blir like glad av solbærtoddy som dei vaksne alltid blir av å drikke gløgg. Dei smilar og ler og koser seg. For kalender-pakke eller ei; det er første søndag i advent og alt anna er som det skal vere: julemat på bordet, adventsstjerne i vindauget, lilla lys på bordet, julegløgg og solbærtoddy i koppane, Tante på besøk, ein ny Pluss Ein – som i år heiter Hans. Og Per kjenner at alt kjem til å ordne seg. I morgon er det måndag og då har nok Nissen vore her med gåver til han.
”Eg har jo fri” seier Påskeharen som ikkje vil legge seg sjølv om det er seint og snart nått.
”Dette er ferien min, veit du… for: Jula varer heilt til påske” synger han.
”Men når skal du lage egg og slikt då?” spør Nissefrøken.
Ho er litt bekymra over dette slaraffenlivet til Påskeharen. Ho er redd han ikkje har kontroll, at han skal gløyme alt han må stelle i stand til påska, at han skal kose seg for mykje med fri og ferie. For ho er vandt med livet på Nordpolen og der lagar dei i stand leiker heile året! Der har dei berre fri i tida mellom nyttår og påske. Dei arbeidar nesten heile tida! Korleis kan Påskeharen ha så god tid?
”Å, eg lagar egg heile tida, eg” seier Påskeharen og klappar seg på magen.
”Korleis då?”
”Dei lagar seg sjølv, eg er jo Påskeharen.”
”Så … du kan berre sitte her å spele Nintendo og så lagar egga seg sjølve?”
Ho kan knapt tru det…
”Ja, sånn omtrent. Dess meir eg slappar av, dess betre eg har det – jo betre blir egga mine.”
”Så … jobben din er å ha det bra?”
”Ikkje berre bra – best mogleg.”
”Høyres ut som eit fint arbeide…”
”Det er ikkje så enkelt som du trur” seier Påskeharen og ser litt fornærma ut.
Han skrur av Nintendo-en. Skrur av TV. Han ser på Nissefrøken, legger ei pote på det mjuke, freknete kinnet hennar.
”For nokre år sida opplevde eg noko som heiter stress. Og då blei egga mine små og rare og då blei eg endå meir stressa og egga blei endå skeivare og rarare!”
”Oi… kva gjorde du då? Blei påsken øydelagd?” spør Nissefrøken forskrekka.
”Eg drog til Syden.”
”Og då blei du bra?”
”Ja, så blei eg bra. Det var heldigvis ein sein påske det året.”
”Ok. Då skjønner eg. Du skal få kose deg … eg meiner … arbeide vidare. Eg går til sengs, for eg er ikkje ein Påskehare og eg er trøytt.”
”God natt, kjærasten min” seier Påskeharen.
”God natt, Honney-Bunny-en min” svarar ho.
Ho sovnar fort og drøymer søtt om Påskeharen og påske-egg og påskegodt. Og i draumen ser ho seg sjølv og Påskeharen saman for evig og alltid. Og Påskeharen, han blir sittande oppe og lar Super Mario redde prinsessa si. Men, han skrur av lyden no. For han har fått seg kjærast å vise omsyn til. Og det kjenst godt.
MÅNDAG – 3.12
Lisa trippar, Påskeharen får gløgg og Nissen seier ikkje ho-ho-ho …
Lisa gjekk til skulen. Tripp tripp tripp det sa. I den nye kjolen, trippa ho så glad … Berre at kjolen ikkje er ny og Lisa ikkje er glad. Ho trippar likevel. Heilt fram til huset til Per. Der treffast dei kvar morgon for å gå saman til skulen. Dei er gode vener, og vanlegvis gler ho seg til å gå saman med Per. Men i dag gruar ho seg litt, for Per kjem heilt sikkert til å spørje om kva ho har fått i pakkekalenderen. Og det vil ho ikkje snakke om, for ho har ikkje fått noko som helst! Tenk om Per spør og ho må fortelle det og så trur han at ho er slem…
Per kjem ut av huset akkurat i det Lisa er framme ved porten. Han kvir seg til å gå med Lisa i dag, han er redd at ho skal spørje om kva han har fått i kalenderen. For han har endå ikkje fått noko! Tenk om Lisa spør og han må fortelle det og så trur ho at han er slem? Men ho seier ingenting. Lisa som alltid elles snakkar og snakkar og snakkar og snakkar. Snakkar så mykje at læraren av og til må kjefte! Men i dag er ho heilt stille. Og han også. Dei er så stille at dei høyrer skosålane smella mot asfalten når dei går. Høyrar kvar eit skritt. Og så eit knas. Og endå eit. Knas, knas, knas, seier det! Kvifor knasar det når dei går? Her er verken kram snø eller grus.
”Kva er den lyden?” spør Lisa.
Ho har også høyrte det.
”Aner ikkje” seier Per, og ser kring seg etter eit svar.
På bakken får dei auge på nokre små, brune prikkar. Dei set seg ned på huk, ser nærmare på dei. Lisa plukkar opp ein av prikkane. Kjenner på, luktar på, smakar på.
”Nei, nei! Du må ikkje ete det!” roper Per. Per veit at man ikkje berre kan ete ting frå bakken, man kan bli sjuk. Det har han lært av Mor som er sjukepleiar og har fortalt alt som er å vite om bakteriar og slikt.
”Det smakar peparkake” seier Lisa.
”Nei, det trur eg ikkje på” seier Per.
”Smak då!”
”Ikkje sei det til mor…”Lisa lover at ho ikkje skal fortelle mor til Per at Per har åte ein brun prikk frå bakken. Per smakar. Og jo visst har Lisa rett. Dei brune prikkane langs fortauet i gata er peparkake-smular.
Nissefrøken lagar frukost til seg sjølv, og til Påskeharen. Skjønt, ho lurar litt på om det heiter ”frukost” når klokka alt er slagen halv tolv. Men han sov så godt, ho vil ikkje vekke han. Han lagar nok ekstra gode egg når han søv så godt. Og denne påska skal egga være betre enn nokon gong, det skal ho sørgje for. Ho skal gjere alt for han; gje han god mat, vaske, rydde, trøyste, kose, kysse. Gjere han så glad at han lagar verdas beste påskeegg!
”God morgon!” roper Påskeharen som plutseleg har vakna.”Eg har laga frukost til oss. Sett deg ned og slapp av, du” seier ho.
Og han sett seg ned.
Og ho serverer mat.
Og han slappar av.
Ho har laga julebrød med rosiner i, kokt gløgg og skrelt klementinar. Dei et saman. Julebrød med smør. Påskeharen seier det er det beste julebrødet han har nokon sinne har åte. At han aldri før har smakt julebrød, seier han ikkje noko om. At han ikkje likar rosiner, seier han heller ikkje, for han vil ikkje at Nissefrøken skal bli lei seg. I staden for seier han:
”Dette var ein rar kaffi!”
” … På ein god måte!” skundar han seg å seie, for han vil ikkje såre henne.
”Det er ikkje kaffi, din tullehare” seier ho.
”Påskehare. Eg er PÅSKE-hare” forklarar han.
”Jau … eg berre… eg veit jo det…”
”Nam nam” seier han fort.
”Det er gløgg. Julegløgg” forklarar ho.
”Å … nei og nei og nei… ekte gløgg? Sånn for vaksne?””Ja, heilt ekte” seier ho, stolt i stemma.
”Men eg er jo berre ein harepus. Eg kan ikkje drikke gløgg… eg tåler det ikkje!”
Men han gjer det. Han tåler det overraskande godt. Han blir glad av gløgg. Og Nissefrøken blir glad av at Haren er glad. Så glade er dei at dei synger om det å vere glad. Så glad er vi så glad er vi, vi svinger oss i kretsen og neier og bukker.
”Kva er det å svinge seg i kretsen?” spør Påskeharen.
Det veit ikkje Nissefrøken, så dei synger i staden litt om påska: Dine hender er fulle av blomster …lalalal.
Dei veit begge to kva blomar er, og kan derfor synge saman lenge, lenge, lenge utan å bli forstyrra av dumme spørsmål. Og det er nettopp dét dei gjer: Song og dans og gløgg og meire gløgg og meir song … heilt til Påskeharen plutseleg blir trøytt og sovnar. Og det er greitt for då får Nissefrøken tid til å rydde og vaske og gjere alt klart til han vaknar igjen, gjere alt klart for endå meir kos og gøy og avslapping. Jo visst skal egga bli gode denne påska. Det skal ho sørgje for!
Det er ein stille dag på Nordpolen.
Sjefsalven ligg i senga si heile dagen og har vondt i magen og i hovudet og i hjartet og i sjela. For julegleda veks inni kroppen og kjem seg framleis ikkje ut. Og det gjer så vondt så vondt.
Nissen ligger også til sengs. I handa har han brevet han fekk frå Nissefrøken. Han kan det utanat no, men les det likevel. Igjen og igjen og igjen. Kan ikkje tru det. Ho har reist sin veg.
Kjære Nissen min.
Eg måtte dra no. Det var på tide. Eg klarar ikkje sjå på at du skillar slem frå snill, for eg syntes at alle barn er snille og at alle skal få pakkar. Eg vil at alle skal få! Alltid. Og det vil Påskeharen óg. Han gjer påskeegg til alle som vil ha. Så det er til han eg har reist. Og det er i lag med han eg vil bu. Eg er glad i deg, men eg orkar berre ikkje meir jul! Eg treng meir enn jul i livet mitt. Og påska er fin. Eg er så glad i gult. Eg er lei av snø og kulde og graut og peparkakar. Eg er til og med lei av å høyre deg seie Ho-ho-ho heile tida… Lukke til med jula. Eg er glad i deg, og du er ein god Nisse. Du er berre ikkje min Nisse meir. Vi skillast som vener, hopar eg. God jul.
Vel, eg seier ikkje Ho-ho-ho lenger no, tenker Nissen. Eg kjem nok aldri til å le igjen.
Blir Per sjuk av å ete ukjente prikkar frå asfalten?
Kor mykje glede er det plass til inni ein Harepus?
Kjem påskeharen til å sprekke av glede?
Kjem Nissen til å le igjen?
… følg med vidare!
TYSDAG – 4.12
Murstein og samvit. Konglar og ønske.
Per har lagt seg. Det har ikkje Mor. Ho sit vaken ved kjøkenbordet og tenkar så det knakar. På bordet framføre seg ligg gåvepapir, teip, saks og ein heil haug av småting som Per skal få. Mor til Per ser lenge på alle tinga og kjenner at ho har litt vondt i magen. For inni magen sit noko som heiter samvit. Vanlegvis merker ho ikkje noko til det, til samvitet. Men no, i kveld, no er det litt vondt. Som om ho har svelgt ein murstein som er litt for stor til å få plass der inne. Og i tilfelle du ikkje visste det; å ha ein murstein i magen kjenst ikkje så godt ut. Så her har du eit gratis tips å ta med deg vidare i livet: Ikkje et murstein.
Tidligare i kveld var mor til Per på møte med dei andre mammaene og pappaene på skulen til Per. Ingen av borna har fått pakkar i kalendrane sin i år, så no må dei gjere noko for at barna ikkje skal gå rundt å vere leie seg eller redde eller tru at dei er slemme når dei faktisk ikkje er det. Alle mammaene og pappane blei einige om at dei skulle kjøpe inn gåver sjølve, pakke dei inn og henge opp på barnas kalender. Det syntes mor til Per at var ein god ide. Men … dei andre mammaene og pappaene vil ikkje fortelle ungane at det er dei, og ikkje Nissen, som har laga pakkekalender i år. Og dét syntes ikkje mor til Per er greitt…
– Det blir jo som å ljuge, blir det ikkje? Spurte ho
– Nei då. Vi seier ikkje noko om det, og ein kan ikkje ljuge utan å opne kjeften, sa dei.
Dei var fleire enn ho. Dei ville ha det slik. Og ho gjekk med på det. Henge opp gåver og late som ingenting. Lure Per. Men no kjenner ho samvitet i magen og ho angrar. Ho gjer det likevel – for å gjere Per glad. Ljuge for å gjere noko godt. Det kan vel ikkje vere så feil? Ho pakkar inn eit par sokkar, ein refleks, nye fargeblyantar, ein sjokolade og ein pyntenisse. Ho skriv tal på pakkane og henger opp nummer ein, to, tre, fire og fem. Så går ho til sengs og tenker på kor glad Per vil bli i morgon, og då krympar mursteinen litt
Sjefsalven får ikkje sove. Og det er derfor han høyrer det. Lyden. Lyden frå pipa. Lyden som ikkje skal vere der, for jula er avlyst og pipa er stengt. Han står opp, går inn i stova og ser på den tomme pipa. Ingenting. Sjølvsagt ingenting. Når pipa er lukka kan ikkje ønske kome fykande inn slik dei elles pleier å gjere på denne tida. Men han høyrte jo noko. Så han ser seg godt rundt, og der, på golvet framføre peisen ser han det. Kongla. Ei einsam julekongle.
Her trengs kanskje ei lita forklaring, for det er nemleg ikkje slik du trur. Iallfall ikkje om du er som folk flest, altså normale folk som bur i Det Fjerne Land og ikkje i Det Magiske Land, som Nordpolen er ein del av. Bornas ønske kjem ikkje til Nordpolen som brev. For Post Nord leverer ikkje til Svalbard, Jan Mayen eller Nordpolen. Dessutan er Nordpolen eit magisk land og i magiske land finns ikkje postkassar. Det er heller ikkje slik at alle barn skrive. Det finst til og med nokre born som ikkje har papir og blyant! Så nei, du. Ønska kjem ikkje fram til Nissen i form av kvite konvoluttar med brev inni.
Det som skjer er dette:
Bornas ønske blir sendt frå Det Fjerne Land i form av SMS, e-mail, brevpost, tankar eller kjensler. Om natta fyk desse ønska opp i lufta og den magiske vinden frå Det Fjerne Land bles dei heile vegen til Nordpolen. I det ønska kryssar grensa til Det Magiske Land (der kor Nordpolen er og Nissen bur), blir dei til jule-konglar. Brune, kvite, gull, sølv, nokre med glitter, andre utan. Julekongler med ønske i. Og alle konglande frå snille born blir søgd inn i pipa til Nissehuset og landar i peisen. Vanlegvis. Berre ein gong før har det hendt at konglane ikkje kom – den gong var det virus i pipa. Heldigvis klarte bror til Nissefrøken å fikse det akkurat i tide til at det blei jul. Og i år kjem det heller ingen konglar. Ikkje på grunn av virus, no har dei installert anti-virus-program. Nei, no kjem ingen konglar inn fordi Nissen har stengt pipa. Fordi jula er avlyst.
Pipa er jo stengt, tenker sjefsalven. Korleis kom denne kongla seg inn? Kvifor akkurat denne kongla og ingen andre? Og kva skal eg gjere med kongla? Eg kan ikkje lese konglar, det er det berre Nissen som kan
Vil mursteinen i magen til Mor vekse eller krympe? Kan man ljuge slik for borna sine?
Kva er det med denne kongla? Korleis kom kongla seg inn når pipa er stengt?
vel … følg med vidare, så finn du det ut. Kanskje ….
ONSDAG – 5.12
Pakkeglede i Konglevegen 2. Og ingen Rema på Nordpolen …
Nissen blei berre litt forsinka i år.
”Sjukdom i reinsdyrflokken”, seier Sara. Faren hennar er utanriksminister og veit allslags som foregår utanfor Noreg.
”Men no er dei friske?”
”Ja, no er alle reinsdyra friske” seier Sara.
Dei dansar heile vegen til skulen denne morgonen fordi dei er så glade at føtene ikkje vil gå normalt. Sara ramsar opp alt ho har fått. Sjølv om ho allereie har fortalt det. Og Per gjer det same – gjentar det han alt sagt, ramsar opp kva han har fått. Sokkar, refleks, sjokolade, blyantar, julepynt. Endeleg er alt som det skal vere.
”Fem pakkar!” ropar Lisa.
”Ja, eg og!”
”Hårsløyfe, og hoppestrikk!” ropar Sara
”Sokkar og refleks” seier Per
”Ei slikkepinne og lue” seier Sara
”Sjokoladenisse og fargeblyantar” roper Per.
”Det er noko spesielt med denne kongla, det må det jo vere…”
Stille.
”Ver så snill…opne døra!”
Nissen svarar ikkje.
Sjefsalven står utføre døra til Nissen. Der har han stått heilt sida han sto opp i dag tidleg, og det må vere ganske lenge sida no, tenker han, for føtene er trøyttare enn dei pleier å vere. Og han er svolten. Og tørst. Og han byrjar bli litt sint. Veldig sint, faktisk. For kongla. Kongla er her. Og denne kongla må det vere noko spesielt med. Sjefsalven kan ikkje berre legge vekk ho vekk som om ingenting har skjedd. Det må vere noko viktig i akkurat denne kongla. Kvifor skulle elles akkurat denne kongla kome seg inn, mens alle dei andre blir sperra ute? Men Nissen nektar å bry seg. Og det er berre Nissen som kan opne kongla.
Eller?
Kanskje kan sjefsalven opne kongla sjølv? Han har sett Nissen gjere det. Han veit korleis: Nissen knekker opp kongla med ein nøtteknekkar. Og når kongla opnar seg kan Nissen sjå føre seg alt inni hovudet sitt. Han ser han ser barnet, staden barnet bur, og kva barnet ønskjer seg. Nissen ser alt dette og så gjer han ordre til arbeidarane om kva dei skal lage. Nissen knekker. Nissen ser. Nissen bestemmer og delegerer. Nissen spelar hovudrollen. Nissen nektar å gjere det no. Nissen vil ikkje!
Sjefsalven spring inn på kjøkkenet. Opnar kvar ein skuff. Kvart eit skap. Leiter etter ein nøtteknekkar. Finner ingen. Ingen nøtteknekkar?! Kor kan han få tak i ein nøtteknekkar? Det finst jo ikkje akkurat ein Rema 1000 ”å stikke innom” her på Nordpolen.
Kva får Per i kalenderen i morgon?
Klarar Sjefsalen å opne kongla?
Søv Påskeharen framleis?
TORSDAG – 6.12
Tømmermenn. Murstein. Og ein tur til Skogen
”Eg trur eg er sjuk!” seier Påskeharen då han vaknar.
Han har søve i to dagar. Og nette! Har så vidt gløtta litt på auga her og der. Han sett seg opp, forsiktig. Blir sitjande ein stund. Stova kjenst ut som ein karusell.
”Du trur?”
”Eg har aldri vore sjuk før så eg veit ikkje korleis det kjenst ut.”
”Du er ikkje sjuk. Men eg trur ikkje du toler gløgg så godt” seier ho.
Påskeharen syntes stemmen hennar har litt latter i seg.
”Gløgg var godt, og alt som er godt er jo godt og dersom det er godt må det jo være bra. For det har eg lært, det står i Den Store Påskeboka: At alt som er godt, er godt!”
Han ropar så høgt at det kjenst ut som om tømmermenn kjem marsjerande inn i hjernen på han og denger laus med kvar si øks.
Påskeharen reiser seg opp. Han ser stjerner. Overalt! Julestjerner. Prikkar av ljos dansar for auga hans. Og så kjenner han at det er vondt. Vondt i hovudet. Veldigveldigveldig vondt. Og litt i magen óg. Han sett seg ned at. Og han merker at noko anna også er litt feil. Ikkje som det plar. Halen. Hale-stumpen. Han er heilt flat. Påskeharen har låge så lenge i senga at halen nesten er heilt usynleg, så flat er han!
«Du… du då” seier Nissefrøken, med mjuk og snill stemme no.
”Eg har vondt” klynkar Påskeharen.
”Ja, det har du” seier ho, og stryk han over øyrene.”Kjem eg til å døy?”
”Nei! Du har berre litt tømmermenn” seier ho.
”Når skal dei dra sin veg då?” spør han.
”Du må bare legge deg ned, kvile, sove, så er dei nok borte når du vaknar.”
”Men, eg kan ikkje legge meg at!” klynkar Påskeharen.
”Kvifor ikkje?”
Han reiser seg forsiktig opp, lukkar augo slik at stjernene ikkje skal kome og blende han. Så snur han seg rundt.
”Sjå… sjå der! Halen min… dusken. Han er heilt flat!”
”Du får legge deg på magen, då” seier Nissefrøken.
Så det gjer han. Påskeharen legger seg på magen, og sjølv om han har tømmermenn inni hovudet sitt og vondt over alt, trass i alt smerta – smilar han der han ligg. For jammen er han heldig som har ei så smart og snill Nissefrøken hjå seg.
I Konglevegen to jublar Per. Han har fått kinobillettar i kalenderen! To stykk, til og med. Han skal ta Mor med på kino. Ja, det skal han!
”Mor, mor! Nissen har gitt meg kinobillettar og du skal få den eine!” ropar han.
På kjøkkenet i Konglevegen to, står Per si mor og høyrer sonens muntre rop, og i magen hennar har det atter igjen lagt seg ein tung murstein.
Sjefsalven har vondt i rumpa. Han har ridd på Rudolf heile natta og heile dagen og no er det snart natt igjen. No er han endeleg framme hjå Påskeharen. Iallfall i følgje GPS-en på halsbandet til Rudolf. Han ser kring seg. Er det verkeleg her? Han sjekkar GPS-en igjen. Adressa er ”Skogen”. Og jau, han står jo sanneleg i ein skog. Men er denne skogen den ”Skogen”? Det må det vere. GPS-en er ny. GPS-en er god. Feilfri. Men Sjefsalven ser ingen bustad, ingen hus, ingenting. Berre masse masse trær. Sjefsalven ser ikkje Skogen, for bare trær. Men så. Eit stykke der framme ser han eit ljos. Det kjem frå bakken. Han går nærmare. Ned ei lita bakke. Rundt ein stor stein. Og der, ein opning. Eit hol, rett ned i bakken! Jammen flaks at Sjefsalven er ein alv og at ein alv er ei lita skapning som akkurat får plass til kroppen sin i ein slik tunnel!
Sjefsalven ålar og snor seg ned og framover i tunnelen, som heldigvis blir større og større. Og snart kan sjefsalven stå oppreist og gå vidare innover. Større og større blir tunnelen og lyset veks og blir sterkare og lysare. Og så ser han eit stor rom framføre seg. Eit rom med ein TV og Nintendo. Eit kjøleskap og kjøkkenbord i eit hjørne. Ein tom bokhylle bak sofaen. Og ein dør, som han antar at leder inn til eit anna rom. Skjønt, det kan han ikkje vite. Sjefsalven har aldri vore på besøk hjå Påskeharen, eller hos andre harar, før og veit ikkje kva som gøymer seg bak Hare-dørar.
”Hallo…?”
Han er litt redd og stemma er svak. Han kremtar, forsøker igjen.
”Hallo!? Påskehare? Nissefrøken?”
”Hysj!!!!”, høyrer han ei kvinnestemme skrike.
Ut av døra – som kanskje førar inn til eit rom og kanskje ikkje – kjem Nissefrøken. Ho ser ikkje glad ut. Men det spelar ingen rolle. Sjefsalven er ikkje her for å leike psykolog, han er ikkje her for å snakke med henne, han er ikkje her for å bry seg om henne. Ho som har øydelagt heile jula. Han er her berre av ein grunn.
”Eg må låne ei nøtteknekkar” seier han.
Blir Påskeharen kvitt tømmermennene?
Kva skal Mor og Per sjå på Kino?
Får Sjefsalven låne ein nøtteknekkar?
FREDAG – sjuande desember
Ein diskusjon. Ein kinotur. Og ein Nisse som seier: Buhu.
Påskeharen søv. Nissefrøken og sjefsalven sit i sofaen. Der har dei to såte heile natta og krangla. Heilt til no.
”Eg orkar ikkje krangle meir med deg” seier Nissefrøken
”Vi kranglar ikkje, vi diskuterer” seier han.
Så no kranglar dei ikkje lengre. Dei berre diskuterer.
Etter endå ein stund er Nissefrøken lei.
”Eg orkar ikkje diskutere meir med deg heller” seier ho.
”Jo men. Jula. Kongla. Nissen. Han er… du har øydelagt alt.. du må hjelpe… bli med tilbake … fikse jula.”
Han seier det igjen. Det same han har sagt heile natta. Og ho seier det same igjen. Det same ho har sagt heile natta. Ho seier nei. Han seier jo! Ho seier NEI! Og han seier JO! Ho seier at han skal pelle seg ut. At ho ikkje vil hjelpe. Det er ikkje hennar problem, dette. Ho vil ikkje ha noko med jula å gjere. Det var jo derfor ho drog sin veg. Ho orka ikkje all julestresset. Dessutan har ho ikkje tid. ”Påskeharen og eg har meir enn nok å gjere. Det er temmeleg travelt skal du vite. Vi må skunde oss å slappe av. Slappe så mykje av vi kan heilt til påske!”
Sjefsalven vil ikkje dra tomhendt heim. Han har jo reist så lenge og langt… noko må han få ut av reisa si. Han ser på henne med dei snillaste auga han har.
”Kan eg i det minste få litt gløgg til reisa?”
Nissefrøken blir så raud i ansiktet at freknene blir usynlege.
Han reiser seg og skynder seg mot tunnelen.
”Ta med deg den j* … (Her seier Nissefrøken eit ord som ikkje er så bra for barneøyrer å høyre) kongla!” skriker ho og kastar kongla etter han.
Sjefsalven har sett Nissefrøken sint før, og veit at ho kjem til å kaste all slags ting etter han. Alt, kva som helst, utanom den eine ingen han vil ha. Nøtteknekkaren … Så han skynder seg å plukke opp den stakkars julekongla og spring ut gjennom tunnelen.
Ute i skogen er det lyst og fint og varmt og ikkje julete i det heile tatt. Og i det fine morgonljoset ser han at kongla blei øydelagt då Nissefrøken kasta ho. Det er ein stor sprekk i kongla. Nissefrøken har øydelagt jula endå ein gong, tenker Sjefsalven sint. Han plukkar og pirkar på kongla, forsøker å sette ho i stand. Det går ikkje. Heller enn å fikse kongla, raknar ho fullstendig. Og så … så skjer det noko magisk. Ut av kongla kjem lilla røyk, som frå ei pipe, berre lilla. Og røyken dannar ei sky og Sjefalven knip augo samen, skottar, forsøker å sjå kva som dannar seg inni skya. For han er berre ein alv og ikkje ein Nisse og veit ikkje heilt korleis ein skal lese konglar. Men han ser iallfall noko. Han ser ein gut og ei mor. Dei står i døropninga til eit hus. Konglevegen 2, står det på husveggen. Og på eit skilt under ringeklokka står det: Her bur Per og Morog Ingen Mann. ”Ingen Mann” lyser mot han. Tydlegare enn alt anna i skya. Sjefsalven sit lenge og stirrar på skya og lurar på kva dette betyr.
Sidan det er fredag og ingen skule i morgon, vil Per at dei skal gå på kino i lag. Han og mor. Han vil sjå Transformers. Det vil ikkje ho. Han ringer Tante, men ho vil heller ikkje. Ikkje den filmen, seier ho. Og Lisa kan han ikkje gå i lag med, for han må gå med ein vaksen. Pappa. Pappa vil nok sjå filmen. Men så kjem han på det. At han ikkje har ein pappa.
”Men du – kva med tantes Pluss Ein? Kanskje han vil bli med deg?” seier mor.
”Hans. Han heiter Hans.””Hans var det ja.”
Så ringer Mor til Tante som ringar Pluss Ein som heiter Hans. Og ein time seinare ringer det på døra.
”Gutta boys på byen” ler Mor då Per og Hans går saman ut av huset.
Ut av huset, nedover gata. Og under skoa til Per knasar det i brune smular. Per trenger ikkje bøye seg ned for å vite at dei smakar peparkakar. Hans og Per på kino. Hans ler der han skal le. Per ler når Hans ler. Men han får ikkje alt med seg, for han tenkar og grublar så fælt over desse smulane som har dukka opp igjen. I blant ser Hans på han. Og Per smilar då. Sjølv om han ikkje er så glad. For han er på kino med Tante si Pluss Ein. Ikkje Mor si. For mor har ingen Pluss Ein. Og det, tenker Per, det er ikkje rettferdig.
Kor lenge skal Nissen sørge?
Kjem Mor nokonsinne til å finne seg ein Pluss Ein?
LAURDAG – 8.12
Sjefsalven virrar rundt i eit Krigsherja land, og Påskeharen eter ikkje Kvikk-Lunsj til lunsj
Sjefsalven har virra rundt i gatene i mange timar. Virra så godt det lar seg gjere å virre rundt når ein samstundes må unngå å bli sett. Tenk om nokon skulle få auge på han, her, midt i det Fjerne Land kor slike som han ikkje finst. Det er jaggu ikkje godt å vite kva desse menneska vil gjere med han om dei får sjå han. Vil dei fange han? For alt Sjefsalven veit kan det vere dei til og med vil ete han til middagsmat. Deler av Det Fjerne Land er i desse dagar djupt prega av ein krig, og Sjefsalven veit at krig er farlege greier. På grunn av Krigen er det ein viss fare for at butikkane kan sleppe opp for mat, og folk blir ekstra grådige og glupske. Så grådige og glupske at dei kanskje kan finne på å fange og ete Sjefsalven til julemat. Sjefsalven tenker på dette mens han virrar rundt. Og så forsøker han å vere positiv. Tenkar det i alle fall er flaks at det er Pris Krig denne gong, og ikkje ein Kald Krig. Det er alt meir enn kaldt nok her ute. Ute. Gatelangs. Virre rundt i kulda. Passe seg for glupske, svoltne menn. Det var ikkje slik adventstida skulle bli!
Det blir kaldare og mørkare. Og han virrar framleis rundt. leiter og leiter utan å finne. Han angrar på at han stoppa her i går. Angrar på at han tok seg pause. Hadde han ikkje gjort det ville ikkje dette ha skjedd. Hadde dei ikkje stoppa, ville han vore heime på Nordpolen no. No lurar du sikkert på kva som har skjedd? Vel … mens Sjefsalven virrar vidare skal eg fortelle deg kva som hendte i går:
Planen var jo å reise tilbake til Nissen. Men etter ein stund blei det så vondt å sitte på ryggen til Rudolf at Sjefsalven måtte ha seg ein sittepause. Ein pause frå å sitte, ikkje for å sitte, altså – for det var jo rumpa som var sliten. Så, lenge før dei rakk å kome seg ut av Det Fjerne Land og inn i det Magiske Land – kor Nordpolen høyrer til – stansa dei altså for at rumpa skulle få seg ein pause. Det var midt på natta då dei landa, så Sjefsalven var ikkje bekymra for at nokon skulle få auge på dei. Dei landa derfor ubekymra på den første plassen GPS-en føreslo. Sjefsalven knyta Rudolf fast i eit tre, og så gjekk han hundre og førtitre skritt ned ein bakke, nitten skritt rundt ein sving og så åtte steg på noko gras – heilt fram til ein leikeplass. Han talte grundig slik at han skulle finne vegen tilbake til treet og Rudolf når han var ferdig å kvile. På leikeplassen fann han eit leikehus som passa han perfekt. For, som du alt veit no, er ein alv eit bitte lite menneske. Og i tilfelle du ikkje veit det, er eit leikehus, eit bitte lite hus. Eit bitte-lite hus og eit bitte-lite menneske passar forbløffande godt saman. For å kvile rumpa, la Sjefsalven seg på magen på golvet. Og der sovna han. Og så vakna han. Då var det blitt laurdag. Han gjekk åtte skritt over graset, og tretten rundt ein sving og førtitre opp ein bakke …og der var ingen skog. Ikkje eitt tre! Endå ein gong kunne ikkje Sjefsalven sjå skogen – for ingen trær var der. Og sjølvsagt fant han heller ingen Rudolf. Sjefsalven snudde for å gå tilbake til leikeplassen og starte på byrjinga, telle ein gong til. Men så fann han ikkje leikeplassen heller! Det er derfor han no driv gatelangs og virrar og leiter og samstundes forsøker å halde seg i skjul. Han leiter etter Rudolf og leikeplassen, han gøymer seg frå svolte nordmenn i eit krigsherja land …
Oi! Eg slutar der – for no har nemleg Sjefsalven stoppa! Han virrar ikkje lenger rundt. Han står bom stilt utføre eit hus. Står der og stirrar og glanar og glor. Kva er det han ser på? Kvifor står han berre der? Han må finne Rudolf. Han må kome seg heim til Nissen som Bu-hu-ar utan å bli høyrt. Men nei, han står enno der og glor og glanar og stirrar. Og det er fordi det er noko kjent med huset. Akkurat dette huset har han sett før. Ja visst! Det er jo huset frå den lilla skya: Konglevegen 2. Sjefsalven går inn porten, opp dei fem trinna til døra, og stoppar igjen. Glanar, glor og stirrar. For der er skiltet. Ja visst er det huset frå den lilla skya. På skilt under dørklokka står det: Her bur Per og Mor. Men det stemmer jo ikkje. I kongle-skya sto det: Her burPer og Mor ogIngen Mann. Kvifor har skiltet endra seg? Bur det ein mann her? Heiter mannen Ingen? Kva var det det kongla ville fortelle? Kva ønskjer Per seg til jul? Eit nytt skilt til huset? Det er eit sjeldan ønske frå ein gutunge.
”Kva Faaaae…falafel” mumlar sjefsalven lågt og klør seg i skjegget.
Påskeharen kjenner seg pigg igjen. Endeleg. Han hoppar og sprettar kring i hola si. Han spelar Nintendo. Han et Kvikk-Lunsj til frukost, til middag og til kvelds. Ikkje til lunsj, for han likar å vere litt rebelsk, litt rampete. Og å ete kvikk-lunsj til LUNSJ … det blir litt for snilt, for pliktoppfyllande. Å ete Kvikk-Lunsj til alle dagens måltid utanom LUNSJ … det slår Påskeharen som høgst morosamt og opprørsk. Det er berre ein ting som er litt dumt i dag, og det er at Nissefrøken har vondt. ”Det er som å ha ein murstein i magen!” klynkar ho frå sofakroken.
Påskeharen har forsøkt å trøyste, har gitt henne Kvikk-Lunsj og Solo. Har gitt henne kløym og kos. Men ingenting hjelper.
Ho har hatt vondt heilt sidan Sjefsalven var her. Ei lita gråstein la seg i magen då han gjekk. Og sidan då har steinen vekse og vekse og no er det altså ein heil kjempestor murstein der inne. (Sjølv etter utals svisker, avføringsmiddel og klyster får ho ikkje steinen ut!). Og ho skjøner kvifor. Det er ikkje ein ekte stein. Det er det pokkers samvitet. Alt ho sa til Sjefsalven, det var ikkje snilt. Og ikkje var det sant heller. Ho bryr seg om jula, sjølvsagt gjer ho det! Og tenk om det Sjefsalven sa er sant – at jula er øydelagd, at det er hennar skuld? Å herreminnisse, herreminalv, det kan ho ikkje leve med…
Klarar Sjefsalven å finne Rudolf?
Kva er det kongla forsøker å fortelle?
Kvifor stemmer ikkje det som står på skiltet?
Kva åt Påskeharen til Lunsj?
Korleis skal det gå med Nissefrøken og mageknipen?
Kva gjer Nissen på?
SUNDAG 9.12
Sjefsalven vaknar. Han har gøymt seg så godt at han brukar litt tid på å finne seg sjølv. Så hugsar han endeleg kor han er: inni eit klesskap i ein gang i eit hus i Konglevegen 2. Eit hus som akkurat no er heilt stilt. Han sneik seg inn i går, og sidan Mor enno var vaken, gøymde han seg i skapet og venta på at ho skulle legge seg. Og så venta og venta og venta og venta og venta han … og så må han ha sovna. No må han skunde seg mens Per og mor framleis søv. Kanel kanel kanel. Må finne kanel. Det er derfor han er her. Planen. Fokuser på planen, no,seier han til seg sjølv. Finne kanel. Finne Rudolf. Reise heim.
Kanel!?,tenkar du. Kva i alle dagar skal Sjefsalven med kanel? Jo, det skal eg seie deg: Rudolf er så glad i kanel at han kjem til å kome fykande med det same han kjenner lukta. Ingenting kan stoppe Rudolf når kanel er innan rekkevidde. Sjølv ikkje eit tau og eit tre, for Rudolf er sterk. Rudolf kjem til å kome uansett. Med eller utan ein edelgran på slep.
Inne på kjøkkenet må Sjefsalven bite seg i leppa. Det hjelper ikkje, så han bit seg tunga og. Han er så svolten! Men han er ikkje noko tjuv. Han lukkar derfor munnen hardt for ikkje å la seg freiste til å stele mat. Og så startar han jakta etter kanel. Berre litt kanel. Kanel til Rudolf. Berre låne. Ikkje stele. Han skal sørgje for at Nissen erstattar det. Eg er ein Sjefsalv, ikkje ein tjuv,seier han til seg sjølv og ignorerer den svoltne magen sin. I ei skuffe finn han ein heil haug krydder, og i mørkret må han lukte og smake seg fram til det riktige. Det er ikkje like festeleg som du kanskje trur. Salt, peppar, piffi, chili, … Sjefsalven si tunge har det så fælt at augo får lyst til å gråte. Kanel. Eg vil jo berre ha kanel. Er det så mykje å be om!?Her kjem eg heile vegen frå Nordpolen for å redde jula og så vil ikkje Nissefrøken hjelpe og eg må reise tomhendt heim og eg er svolten og trøyt og Rudolf er ikkje her og eg må ha kanel og det er Krig i landet… er kanel verkeleg så mykje å be om…?!
Og då – akkurat då når han snakkar til seg sjølv på dette viset – kjenner han den godt lukta av kanel. Og då – akkurat då han kjenner den gode lukta av kanel, høyrer han nokon kome ned trappa. Han stikker hendene ned i krukka med kanel, fyller hendene, stappar lommene fulle. Og bak seg høyrer han golvet knirke.
Den ettermiddagen, presis klokka fire, er det fem skapningar samla på kjøkkenet i Konglevegen 2. Ein av dei gøymer seg i søppelbøtta under vasken. Dei fire andre sit samla rundt eit adventspynta bord. Fire menneske med varm drikke i koppane sine og julemat i magane sine. Fire mette menneske. Tre glade. Ein furten og sur. Per er sur. På mor. Og på Hans.
På Mor fordi dei har krangla. Ho kjefta på han i morges. Kjefta og skulda på han, for noko han ikkje har gjort. Kanel. Kanel over alt på kjøkenet. Men det var jo ikkje Per! Igjen og igjen sa dei det same;
Mor: Det var ikkje meg, Per, så då må det ha vore deg.
Per:Men eg har ikkje gjort det!
Mor: Nei, nei, då må det vere kanelnissen då.
Og så var dei stille, heile sundagen har dei vore stille og sinte og sure. Og så, rett før tante og Pluss Ein kom forsøkte mor ein gong til: Det gjer ingenting at du sølte kanel, Per, men du får ikkje ljuge. Og då kokte det i Per. Og han tenkte at: no burde eg ljuge, for då blir alt godt at. Eg burde seie at; ok, det var meg! Og så ville alt vere fint. Men … Mor har sagt at han ikkje får ljuge, så han tidde heller stilt.
Og no sit han her og teier. Seier ingenting. Gjer så godt han kan for å sjå sint ut sjølv om Tante er morosam og fortel løgne vitsar. Fokuserer alt han kan på ikkje å smile. Hugse at han er sinna. På Mor. Og litt på Hans. Sjølv om Hans i grunn ikkje har gjort noko. Per er berre lei av at tante alltid har med seg ein ”Pluss Ein” og at mor aldri har det. Mor er berre mor. Mor er berre ein. Her bur Hans og Mor og ingen mann. Hadde dei hatt ein mann i huset, kunne Per gjort manneting med han. Dei skulle fiksa ting, bygga ting. Og Han, kven enn Han var, Han skulle vere på Per sitt lag slik at Per ikkje fekk skulda for ting han ikkje har gjort, som å søle kanel. Og Han kunne gått på kino med Per og sett skumle filmar som mor ikkje tore å sjå.
Igjen og igjen seier Hans at det var utruleg kjekt å gå på kino med Per. Og kvar gong han seier det, smilar tante og mor. Alle smilar. Unntatt Per. Og dei seier ting som gutta boys, mannfolk, gute-ting. Dei er så einige.Jo visst, ja jøss, jau, det var jaggu fint for gutane å gjere noko saman.Ja,såfint, seier dei, at kanskje Per og Hans skal gjere fleire ting saman?
”Ja, klart vi skal det!” seier Hans, og klaskar Per på ryggen.
”Takk for maten” seier Per, og skyv stolen bakover.
”Er du sur, Per?” spør mor.”Nei!” knurrar Per og går frå bordet.
”Ta med deg søppla ut, er du snill, Per!”
Og dei vaksne snakkar vidare. Flirar. Ler. Og Hans gjentar endå ein gong kor hyggeleg han og Per hadde det på kino i lag. Og mor smilar. Og tante kimar i.
Og Per er så sint så sint så sint , fordi Hans er tante si mann, fordi Mor ikkje har ein mann, fordi nokon har søla med kanel.
Hadde det ikkje vore for at Per var så sint, ville han kanskje merka at bosskorga denne dagen var tyngre enn elles, og at noko rørte seg inni der.
Nissefrøken får ikkje sove. Aldri meir kjem ho til å kunne sove no som ho veit at det er hennar skuld at jula er avlyst. Då ho forlét Nissen var det jo ikkje for å øydelegge jula. Ho drog fordi hjartet hennar ville ha ein annan. Hjartet ville ha Påskeharen. Denne lodne, gule, sjarmerande karen som ligg ved sida av ho no. Varm og god. Roleg. Og så glad han er. Alltid så glad! Og han gjer henne glad.
Heilt til no … no greier ho ikkje å være glad. Ho kan ikkje sove. Det gjer så vondt i magen! Ho dyttar borti Påskeharen. Vekker han. Sjølv om det er midt på natta.
”Vi må redde jula” seier ho.
Påskeharen bryr seg ikkje stort om jula, men han bryr seg veldig om Nissefrøken. Dessutan vil han sove, og ho gjer han neppe fred før han seier ja. Så han seier ja. ”Ja då … jo visst skal vi redde jula.”
Så søv dei litt til, begge to. For dei veit dei kjem til å trenge kreftene sine no når dei skal redde jula.
Fekk Sjefsalven tak i nok kanel?
Kva rørte seg i søppelsekken til Per?
Korleis kan Påskeharen og Frøken rede jula?
MÅNDAG 10.12

Lisa gjekk til skulen. Tripp, tripp, tripp det sa …Og så, i det ho kjem fram til Per sitt hus seier ikkje føtene lenger tripp,tripp, tripp… No seier dei knas, knas, knas. Ho ser ned på bakken. Dei brune smulane er der igjen. Dei ligg strødd frå døra til Per, ned til porten, og vidare nedover gata. Lisa bøyer seg ned, plukkar opp ein smule og smakar på han. Peparkake. Så kjem Per ut.
”Sjå! Smulane er tilbake!” ropar ho ivrig.
Han går fort forbi henne, nedover gata. Seier ingenting. Han er sur, det ser Lisa med det same. Heldigvis veit ho akkurat korleis ho skal få han i godt humør; snakke om jula, om gåver, om alt det fine!
”Kva ønskjer du deg til jul i år?” spør ho.
”Hmm…” seier Per, og latar som om han må tenke seg godt om.
Ein mann! Ein mann som ikkje er Hans. Ein mann til mor. Ein mann i huset. Ein mann som kanskje kan bli ein pappa.
”Eg ønskjer meg hund” seier Sara.
”Å …mhm… ” mumlar Per og tenker at det var eit lurt ønske. Derfor seier han at det gjer han og.
”Eller ei katt … eller kanin”.
Sanninga, det han verkeleg vil ha, vågar han ikkje seie høgt. Ikkje lågt heller. Vågar så vidt å tenke det. Og dersom han ein dag skulle seie det høgt, er han redd det vil gjere vondt. Både for han og for Mor. Aller mest for Mor. Han er også redd for å seie det fordi han veit det ikkje er eit slikt ønske som kan kjøpast, pakkast inn og leggast inn under eit tre. Då er det enklare å ønske seg eit kjæledyr. Det er ein ønske ingen får vondt av.
Per og Lisa er ikkje dei einaste som er ute og går denne morgonen. Nissefrøken og Påskeharen er også ute og går. Dei skal redde jula. Dei går ut gjennom den lange tunnelen og snakkar om planen dei har laga. Planen er ganske enkel: Dei skal gå ut av tunnelen, sette seg i bilen til Nissefrøken og køyre så fort dei kan heile vegen til Nordpolen. Og der slutar planen. Nissefrøken veit ikkje kva som deretter skal skje, veit ikkje kva ho skal seie, eller gjere, men ein ting er klart – ho må seie unnskyld til Sjefsalven. Og så, kanskje kan ho også klare å overtyde Nissen om at han må lage jul.
”Vi må hugse å kose oss på reisa” seier Påskeharen.
Han er redd for at reisa skal fylle han med stress og gjere påskeegga dårlege.
”Ja da, eg har med lydbok og musikk” trøyster Nissefrøken.
”Og eg har med Kvikk-Lunsj” seier Påskeharen.
”Dette blir bra…” seier Nissefrøken, men stemma er svak og ikkje så sjølvsikker som ho vil ho skal vere. Påskeharen er heldigvis langt meir positiv.
”Ja … for når enden er god er allting godt. Og no er enden min heilt god igjen” seier Påskeharen, og viftar på halestumpen.
Men … det går plutseleg ikkje så bra. Bilen vil ikkje starte. Han hostar og harkar og spyttar røyk. Det er for langt å gå til Nordpolen. Og bilen er ikkje av den vanlege sorten som ein kvar lekmann kan fikse – for dette er ein spesiell bil. (Vanlege bilar kan jo ikkje køyre til Nordpolen.) Den einaste ho kjenner som kan fikse bilen, er storebror. Og dei har ikkje snakka saman på mange år. Sist dei snakka, snakka dei vel eigentleg ikkje heller. Dei krangla. Det var då ho skulle flytte ut. Han ville ikkje bu åleine utan henne. Likevel reiste ho. Ho sa adjø og farvel og ha det bra og reiste ifrå han for å bu med Nissen. Han blei sint, trist, vonbroten. Sa at ho måtte velje mellom han og Nissen. Og ho valte Nissen. Og no … no treng ho bror si.
Frå innsida av ein søppeldunk er det ikkje lett å halde styr på tida … Så då Sjefsalven tør å klatre ut av søppelspannet anar han ikkje kor lenge han har låge der å gøymd seg. Heldigvis er det mørkt og stilt og folketomt. Han listar seg på tå rundt huset og bak til hagen. Han stikker hendene i lommane, vrir dei på vranga og slepper ut ei sky av kanel. Kom så, Rudolf,mumlar han lågt for seg sjølv.
Og Rudolf kjem. Fykande i lufta som eit gigantisk ekorn. Bak seg, i lufta, svever noko anna også. Kan det vere Nissen si slede!? Korleis har det skjedd? Har Nissen endeleg tatt til vettet?Har Rudolf dratt heim og henta Nissen?
Rudolf landar, mjukt og elegant. Og så landar den andre dingsen også, litt mindre mjukt og elegant. Deiser i bakken med eit brak som får heile hagen til å skjelve. Det er ingen slede. Det er ein furugran. Det same treet som Sjefsalven knyta Rudolf fast i.
Sjefsalven klatrar opp på ryggen til Rudolf, og trykker i veg på GPS-en. Alt er klart for heimreisa. Han tek ein siste kikk på det vesle huset i Konglevegen. Gjennom ruta i vindauget til gangen ser han Mor stå med ryggen til. Ho fiklar med noko på veggen ved trappen. Sjefsalven riv til seg augo igjen, ser på fingeren sin som står rett framfør ”START”-knappen. Men han klarar ikkje sleppe kjensla av at det er noko viktig med akkurat dette huset. Ingen konglar kjem inn gjennom pipa når pipa er lukka, berre denne eine kongla … og denne kongla viste eit bilete av akkurat dette huset. Kvifor? Nei … dette er ikkje hans problem. Han har fått nok av svolt og krig. Han skal heim no. Skal berre trykke på ”start”, og så kan dei dra. Gløyme alt om dette.
Han tek ein siste kikk på det raude huset. Og det han får sjå gjer at fingeren landar på STOPP i staden for START. For det han no ser gjer at han avlyser alle planar om heimreisa. Der mora til Per nettopp sto, henger det no ei julegåve! Korleis går det an? Jula er jo avlyst! Nei … sjefsalven kan ikkje dra no. Dette må han finne ut av! Han visste det var noko spesielt med den kongla! Kongla som viste han dette huset, skiltet som ikkje stemmer, gåvene som kjem fram sjølv om Nissen streiker. Sjefsalven kan ikkje reise heim før han har løyst julemysteriet
Kor lenge skal Per vere sint og trist?
Klarar Sjefsalven å løyse mysteriet?
Kan ein Påskehare fikse ein bil?
TYSDAG – 11.12
Sjefsalven høyrer det rasle i papir og veit straks at det er Per som opnar gåva si. Ikkje berre ei gåve. Det er ei vassekte JULEgåve. Kalendergåve. Dette veit Sjefsalven, for er det ein person i denne verda (og i all slags andre verdnar –magiske og ikkje magiske) som kjenner lyden av ein julegåve som blir opna, så er det han!
”Å – ei klokke!” ropar Per, glad i røysten.
Deretter høyrer Sjefsalven ein rekke andre lyder. Nokre av dei kjem frå kjøkkenet. Og så, litt etter, fotsteg i gangen. Rett utføre skapet han gøymer seg i! Mor seier noko om at det er kaldt ute. Per svarar at det er teit at det er kaldt når det ikkje kjem snø. Og Sjefsalven seier ingenting. Men han tenker. Og han tenker så mykje og så hardt at han er redd dei skal høyre at hjernen hans knakar. Så kjenner han eit kaldt gufs og høyrer eit mjukt smell i det Mor opnar ytterdøra og ho og Per drar kvar sin veg – til skule og til arbeid. Så snart dei har gått, trår Sjefsalven ut av skapet og startar etterforskinga. Han har to gåter å løyse før han kan dra heim:
1.) Kva er det med dette namne-skiltet? Kvifor stod det Her bur Per og Mor og Ingen Manni ønskekongla når det på det verkelege skiltet i røyndommen berre står: Her bur Per og mor?
2.) Kor kjem desse gåvene frå? Jula er jo avlyst, Nissen streikar, og likevel har Per fått kalendergåver. Er Mor ein av dei, ein som han, ein Nisseri-makar?
Sjefsalven riv seg i skjegget. Det gjer vondt. Han klør seg i skjegget i staden for. Han las ein gong noko om skjegg og grubling, noko om at man skal fikle med skjegget når man tenker hardt. Men han hugsar dessverre ikkje om det er riving eller kløing som er anbefala. Så han gjere begge deler. Ingen av delane gjer noko nytte. Han kjem ikkje nærare ein løysning på julemysteriet.
Nissefrøken og Påskeharen har overnatta i ein underjordisk tunnel i Skogen. Det var ingen der då dei kom. Men det er klart at det må bu nokon der, for det er fint innreia. Eller fint og fint, det er iallfall innreia. Frå stilen, eller mangel av derav, antar Nissefrøken at det er ein ungkar, eller to, som bur her. For det er rotete. Gitarstrenger på golvet, trommestikkarar, noteark, keyboard, leidningar. Hulter til bulter. Ikkje noko system. Nissefrøken kan ikkje fordra rot, ho tåler det ikkje, men dette er ikkje hennar rot så det går det heldigvis greitt. Dessutan er ho berre glad for at dei i det heile tatt fann ein stad å sove. Og desto meir glad er ho fordi ho kjenner seg betre. Magen er ikkje lenger like vond! Litt. Det er noko der inne endå. Noko som gneg litt. Men betre. Alt er betre no som ho skal redde jula.
Ho blir liggande å vente på at Påskeharen skal vakne. Vil ikkje vekke han, han treng kvila. Denne reisa er ikkje bra for egga hans. Det minste ho kan gjere er å la han sove når han kan. Så ho ventar og ventar og tenkar på jula ho skal redde og kor fint alt skal bli. Og så… så seier det… krfksjkt!Neimen det er då ingen lyd, tenker du. Men jo. Det er det. Det er akkurat den lyden ho høyrer. Frå taket like over seg. krfksjkt! krfksjkt! krfksjkt!Igjen og igjen. Ikkje noko pang, ikkje noko klikk.krfksjkt! krfksjkt! krfksjkt!
Nissefrøken ser opp i taket. Og hyler. Påskeharen vaknar med eit rykk.
”Kva er det?”
Nissefrøken peiker opp i taket.
”Å … det er jo berre ein grevling” seier Påskeharen.
”I taket?”
”Ja, sjølvsagt er det er ein grevling i taket” seier Påskeharen
”Hæ?”
”Har du ikkje høyrt om Greve-ling Greve-lang?”
”Nei…”
”Han som bur i ein tunnel, grevlinga i taket” forklarar påskeharen.
”Og han er ikkje farleg?” spør ho
”Nei, slettes ikkje!”
”Korleis kan du vite det?” klynkar Nissefrøken, som framleis er litt redd. Veldig redd, faktisk.
”Han har jo ein song” seier Påskeharen.
Og så, for å berolige henne ytterlagre, forklarer han korleis dyreriket fungerer her i Skogen: ”Alle dyr som er snille og gode, har ein song. Så om dyret har ein song veit du at det er eit godt dyr og du trenger ikkje være redd. Man blir glad av songar og alt man blir glad av er bra! Derfor er dyr med song, gode dyr. Og grevlingen har ein song og då må han være god. Akkurat som at Dyrene i Afrika er bra, Geiter er bra (”Å jeg vet en seter …”), Hundar er bra (”Jeg vil ha en liten hund!”) …”
Nissefrøken ser lenge på han. Ikkje heilt overtyda.
”Eg har aldri høyrt ein song om ein grevling!”
Ho trør inn i treskoa og går fort mot utgangen. For snill grevling eller slem greveling – ho syntes han er ekkel.
På Nordpolen sit Nissen framleis i senga. I blant seier han Bu-hu. Aldri Hohoho. Brevet frå Nissefrøken er gått i oppløysing. Så no han har funnet seg ei bok å lese i. Sult. Han les Sult av Hamsun. Syntes det er ei passande bok i sådan stund. Om ein stakkars utsvelta mann som travar gatelangs. Ein man som blir svikta av alle rundt seg, av samfunnet, av politikarne, av alle! Nesten som han, Nissen. Svolten. Besviken. Stakkarsleg. Åleine. I naud. Så trist og lei og svolten at han nesten blir galen. Einsam og forlét. Ja jøss, tenker Nissen. Skulle nesten tru det var meg boka handla om.
Kva vil etterforskinga til Sjefsavlen avsløre?
Er Mor verkeleg ein Nisseri-makar med magiske evner?
Er det sant at grevlingen er snill?
Finst det ein song om ein grevling?
Kva skal Nissen lese etterpå?
ONSDAG – 12.12

I Konglevegen 2 sit Per og pirkar i potetmos. Mor drikker kaffi, og ser ut på den svarte asfalten som ikkje har blitt pakka inn i julesnø enno.
”Du er så stille, Per. Kva er det med deg?” spør mor.
”Ingenting” seier Per. Han forsøker å smile.
”Eg ser jo at du sit og grublar på noko” seier mor.
Per bit seg i leppa.
”Kva er det du tenker på?”
Per slepper taket i leppa slik at han kan bite seg i leppa ein gong til. Det er noko han gjer når han tenker hardare enn elles, og det gjer han altså no. Han veit ikkje heilt kva det er. Men noko er det. Noko som ikkje stemmer. Smulane i gata kvar måndag. Pakkane som ikkje kom, men så plutseleg kom likevel. Kanelen som låg sølt utover heile kjøkkenet … Det er nokon som er ute etter oss. Det har vore nokon her inne. Og det kan ha vore dei som stal dei første pakkane.
Per seier ingenting om dette. Det kan være Mor blir redd då. Og endå ein gong dukkar tanka opp – Per tenker og ønskjer at dei hadde hatt ein mann her i huset, ein som ville passa på dei.
”Per? Du er heilt i di eiga verd, du!” ler Mor.
”Mhm” seier Per, som no har fylt munnen med potetmos for å sleppe å seie noko, for det er jo ikkje fint å prate med mat i munnen.
”Og kva er det du tenker på då? I denne eigne verda di?””Ingenting … Berre at eg ønskjer meg ein hund til jul” seier Per.
Og så angrar han, for det er jo ikkje sant, og å ljuge er slemt og slemme barn får ikkje kalendergåve og han vil verkeleg ha kalendergåver og julegåver og han vil helst vere snill. Eg blir jo ikkje lei meg om eg får hund, seier han til seg sjølv. Det er ikkje berre løgn, det er berre ikkje heilt sant. Og sanninga vil kanskje gjere mor trist … Og å gjere andre triste er heller ikkje snilt.
”Eller ei katt…eller kanskje kanin … eg vil ha eit kjæledyr.”
Vi har en grevling i taket, greve-ling, greve-lang … Vi har ikke ellediller eller krokofanter, men vi har en grevling i taket…
Påskeharen og Nissefrøken har gått og gått og gått – heile dagen lang. Grevlingen også. Han har følgt etter dei. Kanskje var det den fine songen som lokka han med, eller kanskje det var Nissefrøkens parfyme som gjorde det. Uansett … Noko fekk iallfall grevlingen til å følgje etter dei. Han har gått rett bak dei heile tida mens dei har vandra. Og heile denne tida har dei sunge den fine Grevling-songen. Påskeharen hadde rett, man blir glad av å synge. Og no er ikkje Nissefrøken lenger redd. Tvert om, ho har blitt litt glad i Grevlingen! Ho har alltid ønska seg eit kjæledyr.
Alt går hennar veg! Ho har fått seg verdas beste kjærast, og eit kjæledyr! Og snart er dei framme hos Hans. Og då skal ho gjere det godt att, bli vener med han igjen. Og så skal han fikse bilen, og ho skal redde jula. No blir alt bra. Perfekt. Og magen er betre – nesten heilt frisk! Ho tek tak i handa – eller, pota – til Påskeharen. Trykker han passeleg hardt, kjenner varmen frå pelse hans. Og ho leier han heile det siste stykket til Hans.
Sjefsalven er trøyt. Men han held seg vaken. Bokstaveleg talt; med ein peikefinger på kvart augelokk tvingar han augo til å helde seg opne. Han har gøymt seg i skapet i gangen, og sit der med skapdøra på gløtt for å kunne sjå kalenderen til Per. Han vil sjå det ein gong til, vere heilt sikker i sin sak. Han må vite det heilt sikkert før han gjer noko drastisk. For planen som har forma seg i hovudet er nok det folk flest vil kalle for akkurat drastisk.Sjølv i desse krigsdagar.
Og der kjem ho. Mor. Ho ser seg over skuldra, speidar oppover trappa. Vil vel vere sikker på at Per ikkje ser kva ho gjer. Altså er Per ein vanleg gut. Det er berre Mor som kanskje er ein Nisseri-makar. Og jau, akkurat som han mistenkte, akkurat som kvelden før: Ho har med seg ei gåve. Og den knyter ho fast i snora på Per si kalender. Ho er ein av oss!tenker Sjefsalven. Ho er ein eks-Nisserimakar. Ei av dei som stakk av og tilslutta seg livet her i Det Fjerne Land.Han kan ikkje hugse å ha sett ho arbeide på Nordpolen. Men … det er jo så mange der oppe, og i julekleda ser alle så like ut. Sjølvsagt kan han ikkje kjenne igjen alle. Uansett er ein ting no heilt klart: Ho tilhøyrar hans slag. Mor er ein av dei magiske. Ho kan hjelpe han med å redde jula. Den Drastiske Planen må settast i aksjon. Sjefsalven manglar berre den siste detaljen i planen: korleis skal han skal få henne med seg til Nordpolen?
Kan dei verkeleg stole på grevlingen?
Var det Toro-potetmos, eller heimelaga?
Korleis skal ein liten alv frakte ein stor Mor til Nordpolen?
Er mor ein nisserimakar?
TORSDAG – 13.12
Ein grilldress. Tre reisande. Og ein gjest på soverommet

Nissen har ikkje dusja på to veker – han har så vore opptatt med å sørgje og sutre og klage. Det finns likevel ei grense for kor mykje stank ein stakkars nase kan tåle, så i dag dusjar han. Og som alltid når han dusjar, startar munnen å synge. Meir eller mindre av seg sjølv. Og i dag er ingen unntak.
”På låven sitter Nissen med sin julegrøt, så god og søt, så god og søt… Han nikkar og han smilar for han er så glad …”
Berre at stakkars meg slettes ikkje er glad,tenker den stakkars Nissen som ikkje er glad.
”For julegrøten vil han gjerne ha…!”
Å ja!Tenker han. Det stemmer iallfall. Graut. Julegraut vil eg svært gjerne ha. At eg ikkje har tenkt på det før! Menneska veit jo ikkje at jula er avlyst. Dei setter sikkert ut graut som om alt var som normalt.
Og det skal han jaggu nytte seg av. Graut. Julegraut! Han vaskar seg ekstra godt. Etterpå smørar han seg godt inn med hudkrem laga einhjørningstøv. Så finner fram reine klede frå skapet. Juleklede … raude bukser, det svarte magebeltet, den finaste ullgenseren. Den er verkeleg fin. Men han klør litt, den pokkers genseren. Nissen kler av seg juledrakta igjen. Finner fram den gode gamle grilldressen frå åttitalet. Sjølv om han skal ut å ha graut, er jula likevel avlyst. Ikkje noko poeng i å jåle seg opp. Dessutan blir det endå betre plass til graut i magen når ein går med elastiske klede.
Nyvaska, svolten og med ein slags positiv kjensle i kroppen syng han vidare mens han går til stallen.
”Så god og søt, så god og søt. Han nikkar og han smilar og han er så glad, for julegrøten vil han gjerne ha! … Og rundt om kring står alle de små rotter, og de skotter, og de skotter … ”
Og det gjer dei. På låven til Nissen står dei. Dusinvis av dei. Julerottar. Og dei skottar. Men det er ein som ikkje står der, på låven til Nissen. Og det er Rudolf. Kor er Rudolf?! Det blir ikkje noko av å nikke og smile og være så glad fordi julegrøten vil han gjerne ha. Nissen går med bøyd hovud og tungt hjartet tilbake til Nissehuset sitt for å ete eit tørt og keisamt knekkebrød.
”Er vi framme snart?” spør Påskeharen, for seksti-tredje gong.
”Ja” seier Nissefrøken, for seksti-tredje gong, men ho er ikkje heilt sikker.
Ho leiter framleis etter spora til Hans. Dei har gått lenge og langt og beina og potane deira verkar. Men jula kjem. Jula kjem fort. For fort. Dei har dårleg tid. Så dei tek ingen fleire pausar no. Ingen stopp. Dei berre går og går og går gjennom skogen. Nissefrøken i treskoa. Haren småhoppande på bakbeina. Og rett bak dei diltar endå grevlingen. I blant stoppar grevlingen opp. Han er sliten. Grevlinger er nok ikkje vande med å gå så mykje.
I blant synger dei om grevlingen, og då kviknar han til. Men ein kan ikkje synge heile tida heller, røysten blir også sliten. Så dei går, og synger, og er trøyte i røystene og i føtene. Når dei tek syngepause snakkar Nissefrøken ivrig om jula ho skal redde. For ho kan ikkje kvile røysten sin heilt – for kvar gong dei slutter å synge eller ho slutter å snakke om jula – ja kvar bidige gong – spør Påskeharen om det er langt igjen. Og det er akkurat det han er i ferd med å gjere no – då Nissefrøken brått stoppar opp.
Ho peiker ned i bakken, på skogsstien framføre dei vesle treskoa sine.
”Sjå der!”
Ho hoppar av glede. Påskeharen ser rart på henne.
”Smulane!” Ho peiker igjen og hoppar litt til. Han hoppar ikkje, endå det er han som er hare.
”Smular?” spør han.
”Årgh… du har vel høyrt historia vår?”
”Jau … eg gjekk jo på skulen, eg som alle andre. Hans, Grete, heks, peparkakehus … men eg hugsar ikkje noko om smular. Historie var ikkje mitt beste fag.”
Ho sukkar, litt oppgitt.
”Hans og eg la jo ut smular på stien mens me gjekk! For å finne att vegen heim.””Ja, det stemmer! No hugsar eg det.”
”Ja … Og Hans sluta aldri å gjere det. Han legger framleis alltid igjen smular etter seg, berre i tilfelle. Og det fungerer, han går seg aldri vill.”
”Og dette” seier Påskeharen, og plukkar opp ei lita smule.
”Dette er Hans si smule?”
”Ja, eg kjenner at smulane til Hans når eg ser dei.”
Dei går vidare med ny energi og kraft i stega, for no veit dei at dei er på riktig veg. At dei nærmar seg Hans og Peparkakehuset han bur i.
Mor til Per vaknar av at det er nokon i rommet. Det kjenst iallfall slik ut.
”Per?” mumlar ho. Ingen svarer. Ho gløtter på augo, myser i mørkret, og jau, visst er det nokon her. Men det er ikkje Per. Ved sida av nattbordet står ein liten mann. Ein dverg! Hadde det ikkje vore for den høge lua, ville ho nok ikkje fått auge på han i det heile tatt.
”K-k-kven er du… kva… kvifo…?”
”Hysj, hysj! Eg er ikkje farleg” seier han.
”Men, m-m-men … k-k-kva vil du?”
Orda vil ikkje bli til ord. Orda er like redde som henne. Mor til Per er fire gonger så høg som denne mannen. Likevel er ho redd. Eg låste jo døra, tenker ho. Eg låser alltid! Kven er denne mannen? Er han ein mann? Ein gnom? Han ser ikkje menneskeleg ut…
”Du må vær så god bli med meg til Nordpolen.”
”Hæ?”
”TIL NORDPOLEN!” seier han igjen. Høgt og tydeleg.
”Hæ?”
”TIL NORDPOLEN!!!” seier han endå ein gong. Endå høgare og endå tydlegare.
”Eg høyrer deg!” roper ho tilbake. ”Men eg skjønner deg ikkje!”
”Vi må redde jula.”
”Er jula øydelagt?”
”Kjenner du meg ikkje igjen? Har du gløymt meg?”
Hadde det ikkje vore for mørkeret, ville Mor sett at augo hans var litt såra. Vonbrotne.
”Kjenne deg? Hugse deg? Eg har jo aldri sett deg før … Eg kjenner ingen dvergar … unnskyld, småfolk, kortvaksne, lågare enn norm…”
”EG ER IKKJE EIN DVERG – EG ER SJEFSALVEN!”
Og då skjønner ho alt. Og ho ler. Høgt. For dette er berre ein draum. For å vere sikker, klyper ho seg sjølv i armen. Det er nemleg slik man finner ut om rare hendingar, som dette, er draum eller røyndom. Ho klyper seg hardt. Ingenting skjer. Ho vaknar ikkje. Då må dette vere ekte. Eller, er det då det er ein draum? Ho kan ikkje hugse korleis den testen funkar. Hugsar berre at man skal klype seg sjølv.
”Eg skal ikkje skade deg, ikkje ver redd” seier den vesle karen som påstår at han er ein slags magisk skapning. Ein alv, var det det han sa?
”Men no må vi reise. Det er langt til Nordpolen og jula kjem som … som den greia på kjerringa, kva heiter det?”
Nordpolen, alv, feilslåtte ordtak. Dette er definitivt ein draum. Og med den vissa blir ho roleg. Dette er meir enn berre ein draum, dette er den festligaste draumen ho har hatt nokon sinne. Ja, så morosamt syntes ho dette er at ho håper det er lenge til vekkarklokka skal ringe. Og ho håpar at ho kjem til å hugse drøymen slik at ho kan fortelle dette til Per. Og ho vil ha så mykje som mogleg å fortelle, så ho nøler ikkje eit sekund med å følgje med alven ut av huset, ho er ikkje eit sekund i tvil når ho klatrar opp på ryggen Rudolf, og ho ler høgt i det Rudolf tek sats og bykser opp i lufta.
”Du får beklage at eg ikkje har sleden med meg , eg trudde ikkje eg skulle ha med meg nokon heim…”
Er det langt igjen til huset til Hans?
Korleis fungerer eigentleg den der klype-testen?
Går Nissen til sengs igjen for å grine no?
FREDAG – 14.12
Morgontripping. Kvikk-Lunsj-karm. Og eit uventa PANG …

Då Per vaknar er huset heilt stilt. Det er ikkje før han ser baggen sin i gangen at han hugsar det. Ferdigpakka og klar for ein helg hjå Tante. For i dag er det fredag. Fredag nummer to i desember, og då arbeider Mor kveldsskift på sjukehuset. Ho trenger å sove litt ekstra før ho drar. Så Per fiksar frukosten sin sjølv, utan å grise med kanel – for ja, det er ikkje mogleg å grise med noko man ikkje har. Og han er i godt humor denne morgonen. Han gler seg alltid til å desse helgene med Tante. Det er ein slags ferie utan at det er ferie. Han får sove på sofaen og når han vaknar kan han ligge og sjå på film heilt til ho står opp, og skapa på kjøkkenet hennar er alltid fulle av godterier. ”Eg elskar å skjemme deg ut!” seier Tante støtt. Og det må Per seie seg einig i. Han likar også at ho skjemmer han ut.
Han opnar kalendergåva si mens han ventar på at Lisa skal kome trippande. Ei lue! Perfekt. Med den nye lua på hovudet, skulesekken på ryggen, og tante-baggen over skuldra går han og finner ei trippande glad Lisa.
Sola er på veg ned då dei får auge på ei peparkake-pipe som stikker opp litt framføre seg. Månen er på veg opp. Stjernene skal snart bli til bilete på himmelen. Dei har vore på reisefot –nei, reiseføter og reisepotar – i fem dagar og fire netter og no er dei endeleg framme. Nissefrøken stoppar opp ved døra. Blir ståande heilt stilt og berre stirre.
”Er det låst?” spør Påskeharen
”Nei, det er jo ei peparkake-dør. Ho har ikkje noko lås.”
”Skal vi ikkje gå inn?”
”Njau…jo” mumlar Nissefrøken
”Då bankar eg på, då” seier Påskeharen og løfter labben.
”NEI!” ropar ho, og stiller seg opp framføre døra.
Han ser på henne ein stund. Ho set seg ned på sukkerspinn-dørmatta framføre døra.
”Vi krangla sist vi snakka, Hans og eg… Han ville ikkje at eg skulle dra min veg. Han meiner eg høyrer til her og ikkje saman med Nissen på Nordpolen. Og no kjem eg tilbake, utan Nissen, og kanskje trur han at eg har kome heim igjen for alltid men det har eg jo ikkje for eg er med deg no… og så skal liksom Hans, som hatar Nissen fordi han stal meg vekk herifrå … No skal liksom Hans hjelpe oss å redde jula? Nei…nei, nei, nei! Nei! Dette var ein tabbe. Vi må skunde oss vekk! Vi får be nokon andre om hjelp. Du kjenner jo nokon … Tannfeen, Jon Blund? Dei går vi til. Kom no! Kom kom kom du må skunde deg kom kom kom!”
Ho snakkar så fort og høgt at Påskeharen sliter med å skjønne kva ho seier. Heldigvis har han store øyrer, slik harar ofte har, og han får med seg det viktigaste.
”Ok” seier han. ”Om det er det du vil så drar vi … men eh… eg er frykteleg svolten. Trur du kanskje eg kunne… tja.. åte litt først? Kvikklunsj-karmen ser grådig god ut og …”
Lengre kjem han ikkje.
Døra blir opna.
”Grete!”
Ein lyslugga, tynn, mann står i døra.
”Hans … Hans!”
”Grete!”
”Hans!”
”Grete …”
Og slik står dei to syknene. Han på innsida av dørterskelen. Ho, rett utføre. Dei ser på kvarandre, hald fram med å seie namna til kvarandre, dei smilar, gret, ler. Så tek dei tak i kvarandre sine armar og hoppar og dansar, dansar rundt i ring ring ring … Påskeharen hoppar litt han óg, han er jo trass alt ein harepus. Men dei ensar han ikkje. Han kremter litt. Ingenting. Han set seg ned framføre vindauget og tek seg eit velfortent jafs av karmen mens han venter på at dei to skal bli ferdige med gjenforeininga si.
På låven sitter ikkje Nissen. Han sit på kjøkkenet. Utan sin julegrøt. Han gomlar på det aller siste knekkebrødet. Knas knas knas. Det bråker å ete knekkebrød. Særleg når ein eter heilt åleine i eit tomt kjøkken. Julegrøt bråkar aldri. Risgrøt og raud saft. Det er det han skulle hatt. Stille mat. Julemat. Men det er ikkje så enkelt å lage slik graut, det er noko med mjølka. Den kan brenne seg. Slik var det. Det var det Nissefrøken forklara den gongen han forsøkte å overraske henne med graut, og grauten blei svidd og ekkel. Knas knas knas. Nissefrøken. Å som han saknar henne. Knas knas knas. PANG!!!!
Pang!!!!? Jøye meg! Når endra knekkebrøda lyd? Han tek eit nytt jafs. No seier det berre knas knas knas, som før. Kor blei det av panget? Han vil ta endå ein bit for å sjå om han kan få knekkebrødet til å seie PANG!!!!enno ein gong. Men, det er ikkje meir knekkebrød igjen. Og no er alt heilt stilt.
Så seier det PANGigjen, men på ein mildare måte no. PANG utan utropsteikn. Og den slags PANG er det berre ein ting som lagar – låve-døra. Nissen rekker ikkje å snu seg før han høyrer nokon kome inn på kjøkenet til han, og han trenger ikkje snu seg for å sjå kven det er. Den røysten kjenner han nemleg godt. Sjefsalven er heime igjen! Nissen blir sittande med ryggen til for han veit ikkje om han skal vere glad fordi Sjefsalven er her, eller om han skal vere sint for at han drog sin veg. Dette dilemmaet rekker han ikkje tenke særleg lenge over … for stemma bak han seier noko som setter Nissen fullstendig ut av spel:
”Eg har med meg ein ny Nissefrøken til deg – no blir det jul!”
Klarar Hans å fikse bilen til Nissefrøken?
Kven er den nye Nissefrøkna?
Kjem Tante til å skjemme Per heilt vekk?
LAURDAG 15.12
agen då ingen vakna i si eiga seng …
Nissefrøken vaknar på golvet. Senga ho la seg i har forsvunne. Borte vekk. Påskeharen må ha åte ho opp i løpet av natta. Han er så søt! Like søt som alle godteriene han stadig eter på. Det er visst sant det dei seier; man blir det man eter! Søt søt søt! Ho kyssar han på panna. Og på snuten og på munnen og på kinna og på haka. Så lister ho seg ut av soverommet. Ho skal lage frukost og kaffi. Overraske Hans. Gjere Hans glad. Ho er så glad i bror sin! Og så glad for at han ikkje lenger er sint. Han blei glad for å sjå henne. Så glad at ho hopar han har gløymt kor sint han ein gong var. Ååå – som ho har sakna han, bror sin, den beste og einaste broren ho har. Ingen av dei har nemnt krangelen, ingen har sagt noko om Nissen og Nordpolen. Ho vil så gjerne at den gode stemninga skal vare, og derfor bestemmer ho seg for å vente litt til før ho seier noko om kvifor ho har kome hit. I morgon kan ho seie det. Eller dagen etter det. Vente litt, berre littebittelitegranne.
Vente til dei er så gode vener at ingenting kan øydelegge relasjonen. Og då, då skal ho fortelle. Om Nissen ho har slått opp med, om jula ho har øydelagt, og om den vonde magen. Og han skal syntes synd på henne, så synd på henne at då ho tryglar han om å fikse bilen, ja, då kjem han ikkje til å kunne seie nei.
Hans, du må fikse bilen. Og så skal eg fikse jula.Det skal ho seie – i morgon. I dag skal dei berre vere vener. Bestevener, ho og Hans. Hans og Grete. I morgon. I morgon skal eg fortelle alt. I dag skal vi berre vere vener og sysken. Ein dag frå eller til kan vel ikkje vere så farleg.
Påskeharen vaknar også på golvet. Han har vondt. I magen. Og i kroppen. I kroppen fordi han har søve på golvet. I magen fordi han, kanskje, sannsynlegvis, åt litt for mykje godteri i natt. Han vakna og var svolten. Så enormt svolten at han ikkje fekk sove igjen. Han skulle berre ha bitte-litt av sukkerspinn-madrassen. Men … det var så godt at han åt opp heile. Og så ville han berre smake litt på senga, ein marsipanseng! Og den var også god. Så god at … ja… jau… han åt jaggu opp heile senga óg! Berre Nissefrøken si marshmallows-pute overlevde natta. Og no har han vondt. I magen. Og kroppen. Han blir liggande på golvet og forsøke å slappe av, for han kjenner at kroppen har fått litt stress i seg. Og det einaste som hjelper mot stress, er å slappe av. Han tenker på reisa han hadde til Spania og forsøker å hugse alt han lærte om stressmeistring den gong. Puste inn og ut. Puste djupt. Puste med magen.
Han lukkar augo. Han pustar. Men får det ikkje heilt til. Uansett kor hardt han forsøker å puste med magen, så er det berre longane hans som gjer jobben. Men han gjer seg ikkje, å nei då, Påskeharen er ingen plingle. Han blir liggande på golvet med verkande kropp og med augo hardt knepet igjen mens han stadig vekk forsøker å få den mette magen til å puste. Og sjølv om magen nektar å puste, kjenner Påskeharen seg fort litt betre. Og endå betre blir det då han kjenner at ansiktet blir bløtt. Han smiler. For han trur det er Nissefrøken som kyssar han. Så opnar han augo og ser rett inn i eit hårete beist.
Mor vaknar på eit saueskinn framføre ein peis. Det er lunt og varmt. Saueskinnet er godt og mjukt. Ho ser seg rundt. Lurar eit lite augeblink på om ho har reist til hytta og gløymt at ho har gjort det? Noko stemmer ikkje. Ho har ein kjensle i kroppen, i magen, av at ho har gløymt noko. Saueskinnet er godt og varmt. Kroppen roleg. Augo så tunge så tunge så tunge og draumen er så god at ho gjer blanke Fa…falafell i det ho kanskje har gløymt. Ho let augo falle igjen og søv vidare i den gode, lune varmen framføre ein peis med lilla flammar.
Slik ligg ho lenge denne laurdagen. Søv. Draumar. Vaknar. Draumar. Igjen og igjen og igjen. Så kjenner ho nokon prikke henne på skuldra.
”Per?”
Ho opnar opp dei tunge augo. Ein liten mann står og ser ned på henne.
”Per…?”
Men det er ikkje Per. Denne mannen har skjegg. Og store øyrer. Og ho kjenner han, det er den same mannen som i draumen ho hadde i natt. Søv eg enno? Er dette framleis ein draum? Ho klyper seg i armen. Vaknar ikkje. Klyper seg i låret. Og ho er endå her, på eit saueskinn framføre ein glødande varm peis. Ja, jo. Visst gjer eg det. Vekkarklokka har endå ikkje ringt. Berre ein draum.
”No må du stå opp” seier Alven.”Men…”
”Du må lage graut!” seier han, men si strengaste røyst.
Og så seier han fort, for å vere vennleg ”Vær så snill…”
Mor kjenner at magen hennar gjerne skulle hatt litt graut. Og vekkarklokka har jo framleis ikkje ringt. Så kvifor ikkje?
Ho strekker på kroppen, geispar, og kjenner seg brått ganske vaken og pigg. Jaggu har ho sove godt! Ja, så godt at ho trur ho framleis draumar. Ho reiser seg opp og følgjer etter Sjefsalven til kjøkenet. Då dei går ut av stova slutar det å brenne i peisen. Dei lilla flammene sloknar. Det raslar i pipa. Mor snur seg på veg ut, og ser ei kongle lande der elda nettopp forsvann. Så endå ei. Og ei til. Og snart raslar det i pipa, og ein flom konglar kjem fykande ned.
”Skund deg – du ser jo kor travelt dette kjem til å bli!” seier den vesle mannen, og peiker på peisen. Mens Mor og litle-mann går ut av stova , kjem eit lass av små arbeidaralvar springande inn. Dei har med seg trillebårar som dei fyller med kongler og køyrer vidare inn til Nissen.
Hadde det ikkje vore for at Mor er Mor og ikkje Nissefrøken, og at Nissen framleis daffar rundt i grilldress, ville det sett ut som om alt var som normalt på Nordpolen. Som om jula var på veg som alltid. For konglane kjem ramlande inn, arbeidarane arbeidar, snart luktar det graut, og Nissen sit der han skal sitte på laurdagar og alle andre dagar i desember: bak skrivebordet. Klar til å lese alle dei snille bornas ønskje. Ikkje fordi han vil. Men fordi Sjefsalven har lova han ein munnfull med graut per kongle han tek seg av.
Per vaknar ikkje på eit saueskinn, men i sofaen i stova til tante. Ho har redd fint opp til han med det finaste sengetøyet – det med Rudolf på. Tante søv endå. Og Per smilar. Dette er den beste delen med å sove hos tante – han får ligge på sofaen i stova og kan skru TV på utan ein gong å måtte reise seg opp! Og så kan han ligge der, under dyna og sjå TV heilt til tante vaknar, og det … det kan ta tid det! Så kjem han på ein ting som gjer alt endå betre – det er jo advent! Pakkekalender! I gangen finner han ingen kalender, ingen gåver. Han har gløymt å ta med seg kalenderen. Ja, ja. Då blir det to i morgon, då. Og her hos tante har han det så bra at han, når han tenker seg om, faktisk klarar å vente.
Kor mykje graut kjem Nissen til å få?
Kjem Hans til å fikse bilen?
får Per to pakkar i morgon?
SUNDAG – 16.12
Per vaknar lenge før tante. Og sjølv om sofaen er herleg og mjuk, og han ligg innpakka i Tantes finaste jule-sengetøy, og sjølv om TV-en viser ein kjekk film, og sjølv om det står rester etter laurdagens godterier på bordet … trass i alt dette, klarar ikkje Per å bli liggande denne morgonen. For det er advent. Og pakkekalendertid. Og han måtte klare seg utan pakke i går… og no er han i ferd med å sprekke av forventing!
Ute har det begynt å bli lyst. Morgonen er her. Det er ikkje så langt å gå frå tante og heim. Han kan gjere det no, med ein gong, og vere tilbake før tante står opp. Jo, det vil han gjere. Og om han har fått godteri i kalenderen så skal han dele alt med Tante og Hans når dei har adventskos i kveld. I tilfelle Tante vaknar mens han er vekke, legger Per igjen ein lapp. Han lagar ein teikning med to hus. Tante sitt og Per og Mor sitt. Inni huset som er Per og Mor sitt teiknar han ein pakke. Og så, til slutt, lagar han ein pil som peiker frå Tante sitt hus til Per og Mor sitt hus. Teikninga blir faktisk ganske så fin!
Framme i Konglevegen 2, låsar Per seg inn, går bort til kalenderen. Han ser tom ut. Per skrur på lyset for å granske kalenderen skikkeleg. Men nei … Han river i snora, leitar på golvet, under dørmatta. Ingenting! Han har jo vore så snill. Så ser han noko merkeleg. På golvet. Mange bitte små avtrykk, fotspor av eit slag. Små føter, kan det sjå det ut som. Har Mor ha skaffa han eit kjæledyr!? Og så har kjæledyret åte opp kalendergåvene? Slik må det være! Ja, mor har kjøpt katt eller kanin eller hamster eller mus og så har katta eller kaninen eller hamsteren eller musa rømt frå buret sitt. Per følgjer etter dei merkelege spora. Kan ikkje ha eit dyr springande rundt i huset. Han skal fange det, finne buret Mor må ha gøymd ein plass, og låse dyret inn. Og så skal han late som om han ikkje veit noko om dette, slik at Mor trur han blir overraska på ekte.
Per følgjer fotspora opp trappa og inn på Mor sitt soverom. Der går spora vidare, frå døra og fram til nattbordet. Så er det ikkje noko meir. Spora er sporlaust forsvunne. Per kikkar under senga. Ingen spor. Ingen dyr. Berre ei og anna hybelkanin … Og det er ikkje noko ordentleg kjæledyr. Men så, midt i støvet ser han noko som skin, noko glansfult og julete. Pynt? Julepynt? Kvifor har Mor julepynt under senga der ingen kan sjå det? Men det er ikkje pynt. Det er gåvepapir. Innpakningspapir. Og ikkje berre gåvepapir; det er heilt likt papiret på kalendergåvene! Her, under Mor si seng. Gåvepapir. Mor har lurt Per! Og det er derfor det ikkje er nokre gåver der no. Ingen Mor. Ingen gåver. Veit Tante óg om dette? Er ho med på leiken? Hans også? Lurar dei han alle saman?
Per springer ned trappa, ut av huset. Han går og går og går i gatene. Lenge lenge lenge.
I dag skal Nissefrøken fortelle alt, eller kanskje berre litt. Ho har tenkt i heile natt på kva ho skal seie. Ho skal fortelle at bilen er øydelagt, og så skal ho be Hans om å fikse bilen, eller endå betre – kanskje kan Nissefrøken låne Hans si bil. Då kan ho reise alt i dag. Ja, det skal ho gjere. Seie at ho må låne bilen. Ho trenger jo ikkje seie kvaho skal bruke bilen til! Nissefrøken står opp endå tidligare enn i går. Ho skal lage ekstra god frukost til Hans. Alt han likar. Stelle i stand. Og så, når han er god og mett og glad – då skal ho spørje om hjelp.
Ho lister seg så stilt ho kan for ikkje å vekke Påskeharen. Ho lukkar soveromsdøra forsiktig. Så snur ho seg for å gå ti kjøkenet. Og så får ho sjå Hans. Han er alt vaken. Og han er på veg ut av huset.
”Vent! Kor skal du?”
”Eg må dra. Sundag … Eg har ein slags avtale.”
”Men … du… vent litt, eg … bilen…”
”Beklagar søs, men dette er viktig.”
”Det er dette óg – bilen min – eg skulle nok ha sagt det i går…”
”Eg må gå. NO.”
”Bilen min vil ikkje starte. Du må hjelpe meg. Vær så snill!”
”Selvfølgel…”
”Å tusen takk! Eg visste eg kunne stole på deg, min alle beste bror!”
”Men det må bli seinare, som sagt har eg det litt travelt.”
”Det har eg og… eg må ha bilen no!”
”Vi får ta det i sidan, eg må gå. NO.”
”Kan eg låne din bil?”
”Nei, den har eg ikkje lenger.”
”Har du ikkje bil?!”
”Nei – vi lever i 2018, ein skal tenke på miljø no. Og på økonomi. Bompengar. Co2. Eksos. Kreft. Skattar. Moms. Toll. Gift. Svindel. Donald Tru…”
”Kva har svindel med saka å gjere?” avbryter Nissefrøken.
”Nei … eg veit ikkje, eg ramsa no berre opp alt som er feil i verda… blei vel litt riven med kanskje.”
”Men Hans… eg må ha bil… det er viktig.”
”Eg skal sjå på bilen din i morgon.”
”Men Hans…”
”Men Grete …”
I mellomtida har Påskeharen vakna. Han har stappa potane så langt han kan inn i øyrene. Orkar ikkje lytte meir til Hans og Nissefrøken som kranglar. Det hjelper ikkje. Harar har så store øyrar og så altfor små potar. Øyrene høyrer alt. Han pustar. Og pustar endå meir. Framleis utan magen. Longepust. No må eg slappe av, tenkar han, og blir endå meir stressa. Herregud, egga mine!Om ikkje Nissefrøken får redde jula snart, blir også påska øydelagd. For dette stresset, det tåler eg ikkje stor meir av!
Påskeharen føler seg fanga på rommet. Han saknar hola si. Her er det ingen fred å få. Ute i stova er det krangling. Og på soverommet står den pokkers grevlingen og sleiker han i trynet så snart han legg seg ned for å sove. Mas og stress og uro og sikl og spytt .! Stress og støy overalt. Ingen fred å få! Grevling på soverommet. Syskenkrangel i stova. Stress stress stress stress stress stress og stress på alle kantar. Og dette er ein sterkare stress enn før. Han kjenner det over alt no. Pelsen klør, nasen er tett, halsen svir, det brenner bak augo. Han legg seg ned på ryggen i den nye senga (som heldigvis laga av lakris, noko Påskeharen ikkje kan fordra og dermed ikkje blir freista til å ete opp). Han lukkar augo. Pustar med longane. Og grevlingen sleiker. Og syknene kranglar.
”Ok – berre gå du! Eg kan spørje heksa om hjelp.”
”Nei!”
”Men … ”
” Ikkje vær så sur då, eg skal jo fikse bilen din når eg er heime igjen.”
”Men det er ikkje tid! Det er berre åtte dagar igjen ti…”
”Til kva då?”
Jula! Jula eg har øydelagt… Jula eg må redde.
”Nei … ingenting.”
Så blir det stilt. I heile huset. Alle har sitt å tenke på:
– Grevlingen ser forundra på Påskeharen som no står i Downward Facing Dog-positur på golvet.
– Påskeharen forsøker å fokusere på pust og kropp og sjel, og ikkje på kløen og svien og alt som er vondt.
– Nissefrøken stirrar på bror sin som strevar med å knyte slipset. Ho lurar frykteleg på kva han skal, kva som er så viktig, på ein sundag av alle dagar. Men ho kan ikkje spørje, for då vil sikkert også han spørje henne om kva som hastar, kvifor det er så viktig å få bilen i orden. Og ho vil ikkje ljuge. Og ho vil heller ikkje fortelle om jula og alt kaoset … Så ho seier ingenting. Ser berre på at han fiklar og fomlar med slipsknuta. Nektar å hjelpe. Hopar han skal gje opp og bli heime.
– Og Hans – ja, han lurar veldig på kvifor det hastar slik med bilen, men han vil ikkje spørje. For han vil ikkje vite svaret, han er redd ho skal reise vekk igjen. For alltid, denne gong. Dessutan er han redd for at dersom han spør, vil ho også spørje. Ho vil kreve å få vite kor han skal. Og det kan han ikkje fortelle. Tante er hemmeleg. Livet til Hans i den delen av verda er hemmeleg. Hans har blitt frykteleg glad i Tante, og dersom ho blir frykteleg glad i Hans, må han til slutt velje om han skal bu i Det Fjerne Land i lag med henne, eller om han skal fortsette å bu her i Peparkakehuset. Og korleis kan han vere sint på Nissefrøken fordi ho kanskje skal reise sin veg igjen når han har planar om det same? Så han teier. Vil ikkje vite at ho planlegger å dra. Vil ikkje fortelle at han planlegger det same.
”God tur, då” seier ho.
”Takk…” seier han.
”Og du, lov meg at du held deg unna heksa! Ho er ei HEKS. Ho er ikkje til å stole på.”
Nissefrøken svarar ikkje. Ho har ikkje tenkt tanken før no. Heksa kan hjelpe! Det var jo skikkeleg smart!
”Lov meg det!”
Nissefrøken ser ned på treskoa sine. Og så kikkar ho opp i taket. Hopar han oppfattar det som eit nikk. Så slepp ho å ljuge. Det er han som mistolkar kroppsspråket. Eg nikkar ikkje, eg ser på golvet, og så ser eg litt på taket.
”Lov meg at du ikkje snakkar med heksa!”
”Ok, ok, ok…!” seier ho, mens ho kikkar ned i golvet igjen. Og så opp i taket. Og på ryggen har ho kryssa alle sine åtte fingrar.
Hans forsvinner ut døra for å gjere kva enn det no er som er viktigare enn henne, ho, hans einaste og bestaste syster. Og ho står einsam igjen og kjenner jula kome nærmare og nærmare utan å kunne gjere noko med det. Ho går inn til Påskeharen som sit på golvet med bein og armar i ein floke.
”Eg sit fast…!”
”I kva då?”
”I meg sjølv … eg skulle berre gjere yoga og no trur eg jaggu eg har rota saman kunnskapane mine…”
”Dette er ikkje yoga, du har jo laga flagstikk-knute på deg sjølv…”
”Eg er så stressa og så trøytt … eg klarar ikkje hugse ting! Alt går i eitt; yoga, maritime fag, historie … Stresset er i ferd med å øydelegge meg”
Nissefrøken ser at han er på veg til å bli skikkeleg sjuk. Ho knyt han opp, legger han i den nye senga, kosar litt med han og gjer han sovemedisin. Så tek ho med seg grevlingen ut på tur så Påskeharen kan få sove i fred, utan den fæle sleikinga. Lang lang tur. Ho tenker best når ho går.
På Nordpolen er det kaos. Men bra kaos. Julestemning. Alle arbeidar på spreng. Alle synger julesongar. Det luktar av julekakar. I pipa renner ønskekonglane inn. Og overalt kimar det i gåvepapir og silkeband. Mor står på kjøkenet. I omnen står ein ny ladning peparkakar. Og på komfyren putrer risgrauten. Ho kosar seg, nyter den magiske stemninga. Men … ho syntes denne draumen byrjar blir ganske lang. Kor lenge skal ho sove?
”Kva dag er det i dag?” spør ho ei av assistent-alvane, som står ved sida av og lagar karamellar.
”Åtte dagar igjen til jul.”
”Kva dag?”
”Dag? Kven er det?”
”Dag … som i måndag, tysdag, onsdag og så vidare.”
”Dag … Nei, slikt har vi ikkje her.”
”Korleis veit du kva dag det er då?”
”Kvifor skal vi vite kva dag det er når vi ikkje har dagar?”
Mor gjer opp. Heldigvis kjem Sjefsalven inn på kjøkenet og ho spør heller han.
”Kva dag er det?”
”Sundag.”
”Herregud! No må eg snart vakne! Eg skulle jo vore på jobb! Og tenk om eg søv heilt til måndag og så kjem Per heim til tomt hus og blir redd? Men … eg drøymer… dette er ein draum. Eg kan ikkje vere vekke når eg ligger i senga mi og drøymer…”
”Kva bablar du om, Mor? Du er då høgst vaken!”
”Seier du at eg er vaken?”
”Sjølvsagt er du vaken – eg hadde då aldri tillat ein søvngjengar på kjøkenet. Du kunne jo brent opp heile Nordpolen.”
”Men… dette…ikkje ekte. Du finst ikkje! Du er jo ein alv … eg, nei.. dette er ein draum.”
”Har du tatt draumetesten?”
”Ja, mange gonger.”
”Få sjå.”
”Hæ?”
”Ja, klyp deg i armen.”
Mor klyp seg i armen.
”Sånn. Ser du. Framleis her.”
”Sjølvsagt er du her, det var jo det eg sa. Dette er ikkje ein draum!”
”Men…”
”Så, så, Nissemor. Eg skal fly deg heim så snart jula er ferdig.”
”Ferdig?! Eg har ein son. Eg må heim til han. Eg må vaske huset og bære ved og sette opp fugleband og pynte tre!”
”Dess fortare du arbeidar, dess fortare blir alt klart og jo kjappare kan eg fly deg heim.”
Mor er så oppskaka at ho nesten griner.
”Kva er det med deg, Mor?” spør Nissen då han kjem inn på kjøkkenet for å ete.
”Eg er så uroleg!”
”Så så! Ho-ho-ho!” seier han, og kjenner at han for første gong på lenge kan seie Hohoho utan at det gjer vondt i sjela. Jo visst blir det jul!
”Mor! Høyrte du det!? Eg sa Ho-ho-ho! No treng du ikkje være uroleg. Når eg Ho-ho-ho-ar betyr det at jula er på veg. Det blir jul! Og det er takket været deg!”
”Det er ikkje jula eg er uro over” seier Mor.
”Du treng ikkje uroe deg for meg – for sidan du kom hit har eg vore så glad så glad! Og eg vil at du óg skal vere glad, for …” Nissen tek ein pause, kremtar, reinskar halsen og gjer klar songstemma: for på julekvelden da skal alle vere glad! Heisann og Hoppsann…”
Men Mor smilar ikkje. Nissen trur alt handlar om jul. Og at alt som ikkje handlar om jul handlar om Julenissen. Han skjøner ingenting!
”Kva kan eg gjere for at du skal bli glad?”
”Har dykk mobiltelefonar her?”
”Sjølvsagt … vi lagar jo julegåver av alle slag! Dei unge i dag…ynskjer seg berre tekn…”
”Då vil eg låne ein telefon” avbryter Mor. ”Eg veit jo at dette berre er ein draum, men det kjenst så ekte … og draumen kjem til å bli eit mareritt om eg ikkje veit at Per og Tante har det bra, at dei ikkje saknar meg… sjølv om det berre er ei draum…”
”Ein draum!? Kor har du det i frå?” spør Nissen.
Mor sukkar.
”Om dette ikkje er ein draum … då MÅ eg få låne ein telefon. NO.”
”Og då blir du glad?”
”Litt, kanskje.”
Nissen ropar på ein av assistent-alvane, kviskrar noko i øyret på han. Så eter grauten sin, seier eit par Ho-ho-ho-ar til. Og så straks er grautskåla tom, er assistenten tilbake med ei lita eske i hendene.
Nissen tek i mot eska, og gjer ho til Mor.
”Sånn! No blir du vel glad.”
Mor tek i mot ein splitter ny iPhone-93i59-X-modell. Strever ein stund med å finne ut kva ho skal skrive. Ho vil ikkje uroe Tante og Per. Og ho kan jo ikkje seie at ho skriv SMS frå draumeland …! Eller frå Nordpolen! Det vil dei aldri tru på.
Per blir til slutt så sliten og svolten og kald at han drar tilbake til Tante. Men … då han kjem fram er han framleis for sint til å gå inn. Han står ute i den mørke gata og ser inn gjennom ruta, ser på Tante og Hans som sit i stova og smilar og ler … Løgnarar begge to! Han vil ikkje inn til dei! På bakken ser han ein smule. Og endå ein. Han plukkar opp den eine. Legger den i munnen. Finner ein til. Slukar den og. Og endå ein. Og ein til. Smule etter smule. Ein etter ein, etter ein etter ein, etter … heilt til han har åte så mange smular og gått så lang at han ikkje lenger veit kor han er. Heldigvis er han iallfall ikkje svolten lengre.
MÅNDAG – 17.12
Lisa gjekk til skulen, tripp tripp tripp det sa. I den nye kjolen, trippa ho så glad. For kjolen er ny, lilla ullkjole. Nissen har vore gåvmild i år! Tenk det, ein kjole i kalendergåve! Ho gler seg til å vise kjolen til Per. Så ho trippar så glad så glad så glad. Men ut av huset til Per, kjem ingen Per. Og når ho ringer på er det ingen som opnar døra. Ho kikkar inn gjennom ruta. Mørkt. Har han gått utan ho?
Heilt åleine og ganske skuffa, går Lisa til skulen. Og tripp, tripp, tripp, det seier. For under føtene hennar er det verken kvit snø eller brune smular. Og i den nye kjolen, er ho plutseleg litt mindre glad. Kor er Per? Og kor er julesnøen? Kor er peparkakesmulane som pleier ligge her kvar måndag?
Måndag morgon har Hans endå ikkje kome heim. Påskeharen har så vidt stått opp. Berre for å seie at han er for sjuk og må legge seg igjen. Nissefrøken går seg ein ny tenketur med grevlingen på slep. No hastar det. Det er berre ei veke igjen … og sjølve kjøreturen til Nordpolen vil ta minst to eller tre dagar. Herremittpåskeegg, kva skal eg gjere!?Kva har eg gjort? Eg har ikkje berre øydelagt jula. No har eg også gjort Påskeharen sjuk av stress.Tenk om eg øydelegg både jula og påska!?Hans er ikkje her. Han har tydelegvis ingen planer om å hjelpe henne. Påskeharen er sjuk. Kven andre kan ho be om hjelp? Heksa. Heksa er den einaste. Det siste håpet.
Nei. Vi skal ikkje ha hennar hjelp. Du veit jo korleis ho er. La henne sitje i buret sit og rotne. Eg stolar ikkje på henne og det burde ikkje du heller gjere …
Inni hovudet sitt høyrer ho stemma til Hans. Ho har lova å halde seg unna … men… men… Jul. Påske. Påskeharen. Det er viktig! Det handlar ikkje berre om henne og mursteinen i magen. No handlar det også om påska. Og om Haren. Hennar kjæraste Påskehare som er sjuk og slapp og stressa og det er hennar skuld. Det óg. Alt er visst hennar skuld. Ho har øydelagt jula, ho har øydelagd helsa til Påskeharen, ho står til og med i fare for å øydelegge heile påska! Dersom Hans ikkje er heime innan i morgon, ja då … då må ho rett og slett gå til Heksa.
Då Per vaknar tek det lang tid før han skjønner kor han er. Han er ikkje heime. Han er ikkje hjå Tante heller. Han ser seg rundt, ser dei brune veggene som også er eit tak. Han er inni ein slags tunnel. Ja … no hugsar han. Men skjedde det? Det kjenst ut som ein draum, men no er han jo her, vaken, i ein tunnel. Då var det ikkje ein draum. Han følgde verkeleg smulane, gjekk seg vill, enda opp her. Men … Å nei … om dette er ekte, betyr det at det han såg heime også er ekte. Det betyr at Mor er ein løgnar. At det ikkje finst noko Nisse. At alt berre er oppspinn. At alle lurar han! Nei, nei, nei! Dette må være ein draum. Han klyper seg i armen. Han er her framleis. I denne tunnelen. Ja, ha… då skjedde det, altså.
Og det som skjedde, som Per håpa at var ein draum, men som viser seg å være høgst reelt er følgjande:
Han fann smulane på gata. Han åt og gjekk og gjekk og åt. Og då han var mett hadde han gått så langt at han ikkje kjente seg igjen. Og sidan han hadde åte opp smulane, kunne han ikkje følgje dei tilbake heller. Han sto lenge der og såg seg rundt. Han var i ein slags skog. Og litt framføre seg var det eit digert hol i bakken. Som om noko hadde stått der og blitt røska ut. Restar av trerøtter stakk ut. Og så det blei kveldsmørkeret til nattemørke. Nesten heilt svart! Og det blei kaldt. Han gjekk jo framleis rundt i pysjen. Pysj og vinterjakke. Og han blei litt redd. Og endå kald. Og så endå reddare. For sjølv om han no var så mett at han ikkje kunne døy av svolt, så kom han til å døy av kulda. Og … dette syntes Per er litt flaut, men … han begynte altså å grine. For det var mørkt, det var kaldt, han gjekk rundt i pysj, og alle han kjenner er løgnarar … heile verda var så fæl at ingen gut i pysj og vinterfrakk ville klart seg utan å gråte litt. Og så kom dama og redda han. Ho var ute og lufta hunden sin, eller noko som likna ein hund iallfall. Det var ikkje så godt å sjå i mørkret. Per skreik til henne at ho måtte passe seg for holet.
”Å! Du har redda livet mitt!” jubla ho.
Per sa ingenting.
”Korleis kan eg takke deg?”
”Eg er kald” sa Per.
”Ja, det er jo vinter” svara ho.
”Mhm…”
”Kva gjer du her åleine?”
Per tenkte seg om … for han lurte også litt på det; kva gjer eg eigentleg her?
”Eg går tur”
”Åleine?”
”Ja…”
”Og kor skal du, då?”
”Ingen stad – eg måtte ha meg ein tenketur.”
”Og no har du tenkt ferdig?”
”Nei”
”Men du er kald?”
”Ja”
”Og sliten?”
”Ja.”
”Men ikkje ferdig på tenketur?”
”Nei.”
”Ok.”
”Mhm.”
Ho skal til å gå vidare. Per er desperat no. Så han roper etter henne.
”Vent!”
”Ja?”
”Du sa … du spurde korleis du kunne takke meg.”
”Ja! Korleis kan eg takke deg?”
”Eg treng ein plass og sove…”
Då byrja ho berre å gå sin veg! Som om ho ville bli kvitt han.
”Vær så snill…!”
Ho stoppa ikkje. Men det gjorde hunden, eller bjørnen, eller kva enn det var ho gjekk på tur med. Dyret bråstoppa, snudde, og drog i snora og gjekk mot Per. Per skvatt unna. Rygga bakover. Det likna ikkje stort på ein hund likevel.
”Ikkje være redd, han er ikkje farleg! Han har nemleg ein song, og derfor er han snill, og dessutan tek eg han med meg heim igjen for han har blitt så glad i kjærasten min.”
”Eg ønskjer meg hund til jul” sa Per.
”Då hopar eg du får det” svara ho.
Så var dei stille ein stund mens Per fekk klappe litt på dyret.
”Eg skulle gjerne hjulpet deg altså, men eg har det travelt, eg skal ut å reise… Og dessutan er huset eg bur i fylt av sjukdom. Kjærasten min … snue, snott, snørr, raude augo og gudane veit kva som ikkje feilar han… du ville berre blitt smitta.”
”Å … ok” sa Per og kjente at han blei redd igjen. Han var så trøytt og så kald!
”krfksjkt! krfksjkt!” sa det rare dyret.
”Å ja!” ropte dama, som om dyret hadde fortalt henne noko.
”Ja, det var ein god idé! Eg veit om ein plass som ikkje er så langt her i frå! Eg og kjærasten min overnatta der for ikkje så lenge si. Det er litt skittent og enormt rotete, men… det er iallfall varmt. Kom, det er denne vegen!”
Og så enda han opp her. Ho følgde han til tunnelen. Sa god natt, og forsvann. Per klyper seg endå ein gong i armen.
Tante sit åleine i stova. Ho er redd. Og trist. Hans kjem inn til henne, og ho føler seg litt betre. Berre litt.
”Fann du han?”
”Nei … beklagar.”
”Ingen spor? Ingen teikn??”
”Nei!”
Dei ser på kvarandre. Rådlause. Redde. Kor er Per?
”Og du er sikker på at han er ikkje der heime?” spør Hans.
”Han er ikkje der! Eg har sjekka fleire gonger. Han er vekke!”
”Har du fortalt det til Mor?” spør Hans.
”Nei … ikkje endå.”
”Veit ikkje Mor at Per er vekke?”
”Nei … Heldigvis! Takk og lov! Eg fekk ein melding av ho no nettopp. Ho har vunne ein ferietur til Syden. Og Per skal vere her til ho kjem heim att.”
”Så flaks!” seier Hans.
”Flaks!?”
”ja, sidan du har mista Per …”
”Eg har ikkje MISTA Per!”
”Han er jo ikkje her og du veit ikkje kor han er…”
”Å Hans … nokre gonger skulle eg ønskje du ikkje hadde rett heile tida.”Hans skulle vore heime no. Lova jo Grete å fikse bilen. Men dette er viktigare. Per er forsvunnen! Og Tante trenger han. Tante og Hans. Dei to i lag. Som ekte kjærastar! Han skal finne Per. Han skal redde Per. Vise Tante at han er ein skikkeleg bra fyr. Ja. Det skal han! Han skal bli ein helt.
”No blir du her heime, og så går eg ut og leitar litt til!”
”Å, takk, Hans. Kva skulle eg gjort utan deg?”
TYSDAG – 18.12
Tidleg tysdag morgon lister Nissefrøken seg på tå rundt i huset. Ho ser at Hans framleis ikkje er komen heim. Grevlingen og Påskeharen søv. Det er no ho har sjansen. No kan ikkje Hans stoppe henne. No går ho til heksa. Ho må leite ein stund i hagen før ho finner fram. Hagen er stor, midt i Skogen, omringa av plantar, tre og buskas. Utan Hans sine smular i graset ville ho aldri funnet fram til buret.
Inni buret sitter Heksa. Der har ho har såte heilt sida Hans og Nissemor (som den gong heit Grete) fanga ho for mange år tilbake. Ho skal få smake si eiga medisin! Tenkte dei den gong. Og så låste dei buret og flytta inn i huset hennar. Og budde der saman, lenge. Dei skulle bu der i alle sine dagar. Og det gjorde dei – heilt til Grete blei forelska i den raudkledde mannen som dukka opp kvar desember. Og så, til slutt, blei ho med han til Nordpolen for å bli Nissefrøken.
”Jaha ja, ja …sjå der! Er det du som kjem?”
”Hei” seier Nissefrøken, forsiktig.
Ho er litt redd heksa, endå ho sit fanga bak lås og slå.
”Ikkje berre stå der då, gje meg i dag mitt daglege brød!” ropar heksa.
”Brød…? Eg har ikkje med meg noko… eg… du må…”
”Kvar tysdag og fredag kjem bror din med brød til meg. Men det veit vel ikkje du, du som bare stakk av. Din svikar!”
”Men… Det var du som starta! Du fanga oss. Du… du sa du skulle ete oss!”
”Det var berre noko eg sa. Eg bur, nei eg budde, dykk har jo stålet huset mitt… eg budde i eit peparkakehus. Kvifor i alle dagar skulle eg då ville ete to spinkle menneskebarn? Nei fysj…!”
”Det var uansett dårleg gjort! Eg blei traumatisert for livet” seier Nissefrøken, som er litt mindre redd no. Mindre redd og heller litt sint.
”Og Hans og … han er enno prega. Han legger framleis ut smular kvar gong han er ute å går. Så redd er han!” fortsetter ho.
Heksa seier ingenting. Ho har kryssa armane framføre seg. Ho er også sint. Sjølvsagt er ho sint, for her sit ho fanga i eit bur i sin eigen hage! Berre fordi ho – ein gong for mange mange mange mange år sida – forsøkte å koke seg litt suppe. Ei suppe, som tilfeldigvis, hadde Hans og Grete som hovudingrediensar. Nissefrøken sukkar. Roer seg ned. Ho tenker. Og tenker. Og skjønner at dersom ho vil ha hjelp av Heksa, så må dei bli vener.
”Eg skal finne brød til deg…”
”Nei, det kan være det same. Eg trur ikkje eg tåler gluten så godt.”
”Å … Ok. Noko anna då?”
Heksa blir mållaus. Aldri før har nokon spurt henne om kva HO VIL. Og no, no når ho kan be om kva som helst, ja då kjem ho ikkje på noko som helst å be om. Men ho er livredd for å la sjansen gå forbi.
”Eg… alt. Eg vil ha alt!”
”Alt?”
”Eg må tenke litt på saka – det er så lenge si eg har kunne velje meg noko og då vil eg ikkje velje feil.”
”Mens du tenker kan du hjelpe meg med ei sak…” seier Nissefrøken forsiktig.
”Aha! Så du kom berre for å bruke meg! Du bryr deg ikkje, du er bare ute etter magien min. Kvifor i alle dagar skulle eg hjelpe deg?”
”For… elles blir det ikkje jul!”
”Eg er ei heks, eg feirar ikkje jul.”
”Men … kva om du óg kunne ferie jul? Ville du hjelpe meg då?”
Heksa senker armane, klør seg på vorta på den krokete nasen, tenker seg godt og lenge om.
”Får eg julegåve då?”
”Ja, sjølvsagt!”
Heksa har aldri gått julegåve før. Ikkje ein gåva av noko slag, faktisk.
”Så – dersom eg hjelper deg, så skal du fikse det slik at eg får julegåve?”
”Ja” seier Nissefrøken.
”Og kva vil du at eg skal gjere?”
”Eg må til Nordpolen, men bilen funkar ikkje…”
”Eg er ei heks. Ikkje ein mekanikar!” skriker heksa, fly forbanna. For no hadde ho jo alt begynt å glede seg til jul og gåver… men å fikse bil… herreminheksehatt, det er då ikkje noko ho kan!
”Nei … men eg trudde kanskje du kunne trylle.”
”Sjølvsagt kan eg trylle. Eg er, som sagt, ei heks.”
”Kan du trylle bilen bra?”
”Kanskje.”
”Forsøk då, ver så snill.”
”Er det ikkje enklare om eg berre tryllar deg til Nordpolen?”
”Å ja, ja! Kan du det då?!”
”Vel … Kor er tryllestava min?”
”Vi brann han opp …”
”Ja, ja … der kan du sjå. Dette er det man kallar karma; no står du her og treng meg og stava mi – men meg har du fanga og stava har du brent opp! Då kan du berre ha det så godt. Du har deg sjølv å takke.”
”Det var ikkje berre meg… Hans og …”
”Endå verre. Dykk var to mot ein!”
”Du forsøkte å ete oss!”
Dei teier, begge to. Blir ståande på kvar si side av buret og stirre på kvarandre. Nissefrøken veit ho må roe seg ned, ho må ha heksa si hjelp.
”Julegåve… du vil vel ha julegåve?” seier ho forsiktig, lokkande.
”Jau … det ville vore fint, det” seier heksa, draumande.
”Korleis kan du få meg til Nordpolen?”
”Eg kan lage ny tryllestav – men då må sleppe meg ut.”
”Nei… det tør eg ikkje.”
”Nei vel. Då så.”
”Julegåve…?” seier Nissefrøken, med si mest lokkande røyst.
”Eg tryllar deg til Nordpolen, du skaffar meg gåve…” Heksa snakkar til seg sjølv, tenkar, mumlar, leggar hekseplanar.
”Ok” seier ho så, ”men då må du skaffe meg det eg treng.”
”Kva skal eg gjere?” spør Nissefrøken, som no er gira og ivrig. Endeleg ei løysing! No blir det jul!
”Eg trenger ein kvist. Og så må eg gjere kvisten blir magisk. Eg må koke pinnen i heksebrygg slik at ho blir til ein tryllestav.”
”Eg skal hente alt du treng” seier Nissefrøken.
Heksa ramsar opp alle ingrediensane, og Nissefrøken hentar alt ho ber om.
Raudvin, rosiner, sukker … ingefær, kanel, nellik … og ein pinne.
”Kva gjer du her?!”
Per vaknar av ein sint røyst. Ein mann står og ser ned på han der han ligg på den harde madrassen på golvet i tunnelen.
”Eg…eg søv. Eg sov. No er eg vaken … eg… Kor er eg?”
”Du er i heimen MIN. Dette er MIN tunnel!”
Mannen ser at Per blir redd, og så ser han at Per berre er ein liten gutunge.
”Eg meinte ikkje å skremme deg … men du kan jo ikkje berre bryte deg inn i heimen til folk å søve der du vil når du vil!”
”Det sto opent…”
”Sjølvsagt var det opent – har du nokon sinne forsøkt å låse ein tunnel!? Det går ikkje an å låse ein tunnel, din … din…”
Men så hugsar mannen, nok ein gongm at Per berre ein gutunge.
”Eg skal lage kaffi til oss…så fortel du meg alt.”
Mens Per drikk sitt livs første kopp kaffi, og forsøker å late som om det er kakao, forklarar han mannen alt som har skjedd. Om kalendergåvene som ikkje kom, og så plutseleg kom, om smulane utføre huset kvar måndag, om Tante og om Hans, at jula er juks og at alle lyger og at han er heilt åleine og redd og svolten og ikkje vil heim til alle løgnarane og ikkje vil vere åleine heller og han seier til og med at han ønskjer seg ein hund til jul, sjølv om nissen ikkje finst
”… for det er berre eg og mor og vi er åleine i huset og ein kjæledyr ville vore så fint for Mor har Ingen Mann, og eit kjæledyr er iallfall betre enn ingenting og…” ”Eg skal følgje deg heim.”
”Kan eg ikkje bu her med deg?”
”Eg bur ikkje her.”
”Du sa jo … du sa eg hadde brote meg inn i din heim.”
”Tja, det sto jo opent…”
”Men…”
”Eg budde her, før. Eg og kompissen min, Knudsen. Vi budde her i mange år. Hadde eit band saman, laga musikk, men så har han funnet seg eit kvinnfolk og no skal dei gifte seg. Så han flytta. Og det var kjipt å bu åleine i ein tunnel. Så no ser eg etter ein ny stad og bu. Eg skal faktisk på visning i morgon.”
”Ok.””Eg kan følgje deg heimover då, når eg skal på visning. Først må eg pakke og leite. Du kan kanskje hjelpe meg?”
”Å pakke og leite?”
”Eg pakkar. Du leiter?”
”Etter kva?”
”Ein grevling. Han pleier å vere i taket, men eg trur han har stukke av mens eg har vore vekkreist.”
Seint denne kvelden er heksebrygget ferdig; Heksa skriker og hyler så høgt ho kan. Nissefrøken høyrer det ikkje. Men det gjer Påskeharen og dei store øyrene hans. Ho kyssar han farvel. Seier at ho skal være så kjapp ho kan, redde jula og komme tilbake. I mellomtida skal han berre slappe av og ete så mange Kvikk-Lunsj-vindaugskarmar han berre kan! For å gje han fred, tar ho med seg grevlingen.
I buret sitter Heksa. Ho har tatt pinnen ut av gryta og tørker av han på skjørtet sitt. Ho ser på han, snur og vender på pinnen, som no ikkje berre er ein pinne men ein magisk tryllestav.
”Eg skulle no helst hatt den gode, gamle … men den sørga jo dykk for å øydelegge.”
”Ja, men …du… det var faktisk du som fanga oss. Du skulle ete oss, sa du!”
”Ja,ja,ja… la oss ikkje henge oss opp i fortida no igjen. Denne får duge” svarar Heksa mens ho vrir og vender på stava si. Vifter og rister på ho.
”Skynd deg! Tryll meg til Nordpolen.”
”Jadå jaddå.”
Heksa kremter, reinskar stemma, gjer seg klar for å trylle
”Ok. Lukk augo” seier ho.
”Må eg lukke augo?”
”Ja, eg blir nervøs av at du ser på, det er så lenge sida eg har trylla… dykk har jo helde meg fanga i…”
”Ja, ja, vil skulle jo ikkje tenke på fortida. Sånn. No lukkar eg augo. Tryll meg til Nordpolen!”
Ho kremter igjen.
”Ja…. Hm… korleis var no dette då… Ja ok, ein, to, tre: Sim-sala-bimm!”
Heksa vifter med tryllestava. Nissefrøken knip augo hardt igjen. Ingenting skjer.
”Eg trur du må seie Simsalabim, med ein M. Det er aldri to M-ar i sluten av eit ord” seier Nissefrøken, hjelpsamt.
”Hm … hysj på deg! Trolldom har ingenting med grammatikk å gjere. Lukk augo, sa eg!”
Nissefrøken lukkar både munn og augo. Ventar spent på å bli fortrylla.
”Sim-Salsa-Bim!” skrik heksa, og kviskrar stilt for seg sjølv; ”med ein m…”
Ingenting skjer.
”Sesam sesam!” ropar ho.
Ingenting.
”Hokus Pokus!”
”Kanskje du må seie hokus pokus filliokus?” foreslår nissefrøken.
”Ja. OK. Lukk augo, sa eg!”
”Sånn, dei er lukka.”
”Ok: altså … Hoksu Pokus…!” skrik heksa og veiver med stava.
ONSDAG – 19.12
Då Nissefrøken opna augo, var ho ikkje på Nordpolen. Ho sto framleis i hagen, saman med heksa. Verken sesam-sesam, sim-sala-bimm, sim-sala-bim, eller Hokus Pukus fungerte. Ikkje ein gong Hokus Pokkus Filliokus! fekk henne trylla til Nordpolen. Nissefrøken måtte gå inn igjen i huset og legge seg. Ho gret seg i søvn.
Men no er ho vaken. Og ho er atter igjen fylt med håp. Heksa vekte ho med god nyheiter:
”Eg veit kva som gjekk galt! Eg rota til oppskrifta- eg laga ikkje heksebrygg likevel.”
”Men eg såg jo at du …”
”Det blei feil! Eg laga visst berre gløgg! Gløgg! Tenke seg til … der har kvisten låge å duppa i gløgg i seks timar … ikkje rart han ikkje fungerte. Ein raudvinsdrukken pinne har då aldri vore i stand til å trylle nokon heilt til Nordpolen.”
”Men no kan du trylle meg til Nordpolen?”
”Ja, no kan eg trylle deg til Nordpolen!”
”Lukk augo” seier heksa.”Ja, det gjelder deg og, det” seier Nissefrøken strengt til grevlingen.
Etter at Nissefrøken har forsikra seg om at grevlingen har lukka begge augo sine, lukkar ho sine eigne. Og held pusten. Og høyrer heksa skrike:
”Fokkuli-Pokkus-Sim-Salsa-Sesamm!”
På sofaen hjå Tante ligg Per og latar som om han er sjuk. Det var Ludvigsen sin idé.
”Dei kan ikkje kjefte på deg når du er sjuk.”
Så det var historia dei fortalte. Dei sa at Per gjekk seg vil på sundag, og at Ludvigsen fann han i skogen og tok han med heim. Og så blei Per sjuk, og så frykteleg sjuk var han, at han måtte bli hjå Ludvigsen til han blei frisk nok til å fortelle kven han var og kor kan budde …
”Men… vi kan ikkje ljuge” sa Per då Ludvigsen føreslo dette.”Jau … klart vi kan. Vil du ha kjeft, eller?”
”Nei, men… å ljuge er ikkje snilt og eg vil jo ha julegåve av Nisse… Å ja… han finst jo ikkje…”
Per blei så sint då han tenkte på Nissen som ikkje eksisterer, at heile hovudet kokte. Så då Ludvigsen og han dukka opp heime hos Tante, ja, då hadde han nesten feber på ekte. Og no ligger Per under dyna, og har det i grunn ganske fint. Han får julekakar og julebrus og teikneseriar og film. Tante er lukkeleg og letta. Og dei er begge einige om at dette ikkje er noko Mor treng å få vite om.
Mor har vaska golvet og Mor har båre ved. Og Mor har sett opp fugleband og Mor har pynta tre. No sit ho seg og kvilar og pustar på ei stund …
Og VIPPS , så vaknar ho frå det som må ha vore ei lita blund.
I døropninga til kjøkkenet står ei kvinne. Ho har nydeleg raude krøller, freknar på nasen og treskor på føtene.
”Kven er du?” spør Mor.
”Og det spør du om! Kven i falafell er du?” svarar kvinna.
”Eg er … Mor” seier Mor.
”Og kva gjer du her?
”Eg … eg drøymer… eg berre søv … eg skal nok snart heim … eg veit ikkje! Eg -”
”Og kva gjer du med MINE KLEDE!?”
”Desse? Er det dine? Han vesle mannen, han sjefen… han sa eg måtte gå med Nordpolen-uniform. Han sa ikkje noko om deg, at det er ditt, eg,… eg kan ta det av… du forstår…eg søv … og med berre nattkjole på blei det så frykteleg kaldt og…”
Dama følgjer ikkje lenger med på kva mor seier. Ho står ved komfyren no. Granskar kjeksa i omnen. Rører i gryta med risgraut.
”Dette kan du…” seier ho etter litt. Ho lyder ikkje imponert, ho lyder skuffa, besviken.
”Ja… eg… dei…. Alle var så svoltne då eg kom, så…”
”Eg ville no hatt i litt meir smør, eg då” fortsetter dama.
Så opnar ho opp skuffar og skap, granskar alt, flytter på ting, smeller med skapdørene, mumlar nokre ufine ord om rot, og kaos, og om ting som står på feil plass…Ho gjer seg ikkje før det går i døra og Nissen kjem inn i.
”Ja, ja, du Mor – No skal det smake med litt graut. Førti-åtte skeiar har eg gjort meg fortent til n …D-D- Du kom tilbake!” ropar Nissen, som no har fått auge på denne ilske dama.
”Nei – eg er berre på besøk” seier ho fort.
”Du – du skal dra frå meg igjen? Bu-H—”
”Slut opp med sytinga! Det er mindre enn ei veke igjen til julaftan. Grine kan du gjere i romjula.”
”Men – ”
”Eg skal snart dra igjen, må berre redde denne pokkers jula først” seier ho, strengt.
Nissen stirrar på Nissefrøken. Nissefrøken stirrar på Nissen. Mor ser på dei to som stirrar på kvarandre. Ingen seier noko. Grauten blir kald. Kjeksa i omnen blir svarte.
”Du har viktigare ting å ta deg til enn å ete graut!”
Nissefrøken leitar i lomma på forkleet sitt, finner ein krøllete papirlapp og gjer han til Nissen.
”Dette er dine oppgåver” seier ho, bestemt.
”Ja, men, grauten …”
”Graut!? Nei, du, det kan du gløyme. Kom deg ut!”
Og Nissen forsvinner ut av kjøkkenet.
”Få på deg nokre skikkelege klede!” ropar ho etter han.
Så snur ho seg mot Mor.
”Korleis kan du tillate han å gå rundt slik, i den gyselege grilldressen?”
”Eg … Han…”
”eg … han …” hermar ho.
”No vil eg heim!” ropar Mor fortvila.
”Heim? Bur ikkje du her? Saman med Nissen? Eg trudde du var den nye Nissefrøken?” ”Nei, nei … eg bur i Konglevegen 2. Eg vil heim. No! Per. Tante. Jobben min. Eg må vakne no!”
Og så fortell Mor alt til Nissefrøken. Om Sjefsalven som tok henne med hit slik at ho skulle få Nissen glad igjen, slik at ho kunne lage mat, slik at jula skulle bli redda.
Så lettlurt ho er! Teite, dumme Grete! Som om eit bur kan halde heksa fanga no når ho har fått seg tryllestav! Haha! Heksa tryller opp låsen i buret. Så lister ho seg inn i huset og finner ein kost. Med den nye stava veiver og vifter ho heilt til kosten blir til ein magisk sopelim. No er ho fri! Ho slenger beinet over kosteskaftet, sparkar i frå og letter frå bakken. Fyker rundt i lufta og ler sin høge, skingrande hekselatter. IIIIiiihi-heheiheihihiheheheh-HA!Ho ler heile vegen til Blokksberg.
”Tusen takk for at du var her hjå meg” seier Tante til Hans.
Hans har budd hos tante dei siste dagane. Han har utsett alt anna. Berre vore der og trøysta Tante og leita etter Per. Og det er Tante enormt takksam for. Dessverre var det ikkje han, Hans, som blei helten. Han skulle gjerne likt det, å ha funnet Per sjølv. Hans har drøymt om det kvar natt. Sett føre seg at han kjem heim til Tante med ein sovande Per i armane og så blir Tante glad og kallar han for ein helt. Helten, Hans. Men, slik blei det ikkje. Og Hans er litt skuffa. Men mest glad. Per er i orden. Tante er glad. Og Hans er letta over at Tante er seg sjølv igjen, at ho endeleg smilar og ler, at ho er slik han kjenner henne.
Hans burde skynde seg heim no. Nissefrøken og Påskeharen venta han heim for mange dagar si. Og det er kanskje akkurat derfor han ikkje vil heim. For Grete, Nissefrøken, ho har temperament utan likestykke. Og ho er i tillegg særs utålmodig. Om Hans kjenner henne rett, kjem han ikkje til å kome heim til ein varm mottaking. Han forventar å opne døra og bli angrepet av ein rekke flygande objekt. Ho kjem til å kaste all slags ting på han heilt til det ikkje finnst meir igjen å kaste på. Hans går mismodig laus på vegen heim. Han går omvegen, han går sakte, han somlar så godt han kan. Og då han omsider står utføre peparkakehuset sitt, er det langt på natt. Og då han listar seg så stilt han kan inn i huset er han letta over at alt er stille og at alle søv.
TORSDAG – 20.12
Ute i fjøset sit Mor og klappar på grevlingen. Det er godt og fredelig her. Endelig litt stille. Inni hovudhuset er det kaos. Meir enn det normale julekaoset. Heilt sida ho kom i går har denne dama – Nissefrøken, som ho kallar seg – skjelt og smelt.
Først skjelte ho ut Mor. Og så skjønte ho at Mor verken er ein Nisserimakar eller ein Nissemor, men berre ei vanleg kvinne, ei Mor, frå det Fjerne Land. Og då skjelte ho ut den vesle mannen i staden for. Skulda han for kidnapping og brot på Nordpolens lovparagraf 92746RX-i7 – menneske-smugling, og illegal innføring av ikkje-magiske skapningar. Immigrasjonslovane blir stadig strengare, og Nissefrøken trua med å anmelde den vesle mannen dersom han ikkje straks gjorde alt ho bad han om.
Så kjefta ho vidare. Klaga på alt som er feil. Ting er lagt i feil skuffe. Kleda hennar er krøllete. Nissen går ikkje kledd som han skal. Det er for mangle ulesne konglar. Arbeidaralvane er slitne… Nissefrøken seier ho skal redde jula. Og då må alle gjere som ho seier. Og det gjer dei:
Sjefsalven har gjort alt det Nissefrøken har sagt. Han har til og med, for første gong i sitt hundreogtrettande leveår skrubba ein dass. No sit han i Nissen si stol. Han er så lita at tippen av hatten så vidt når opp til skrivebordet. Han må faktisk stå oppreist i stolen for å nå toppen av pulten. Arbeide ståande! Slaveri! Men han tør ikkje klage. Vil ikkje bli anmeldt og fengsla. Så han står på stolen til Nissen og ser fortvila ned på den enorme stabelen av konglar. Han sukker tungt. Så tek han tak i nøtteknekkaren og gjer så godt han kan for å tyde alle juleønska.
Nissen sjølv er også i arbeid – han er ute og flyr med Rudolf. Dei hentar inn forsterkningar. Nissefrøken har gitt han ein lang liste over arbeidsledige og frivillige som kan tenkast å ville hjelpe. Og Nissen flyr no rundt for å hentar dei med seg tilbake til Nordpolen for tidenes første og største juledugnad.
Nissefrøken har sagt at dei må følgje planen, for ho har ikkje tenkt til å bli her. Ho har ein sjuk kjærast å ta seg av. Ho har ikkje tid til å vere her, ho må skunde seg heim for å slappe av. Dersom alt går etter planen skal Nissefrøken reise heim så snart Nissen er tilbake igjen med forsterkningane. Og då skal Mor også få dra heim. Enn så lenge har Mor fått fri. Både ho og grevlingen.
Då Hans står opp er han overraska over å sjå Påskeharen sitte på kjøkenet. Hans har berre så vidt helst på Påskeharen – han har jo heile tida låge til sengs (tidvis på golvet, når han gløymer seg ut og eter opp senga…). No ser han annleis ut enn før, friskare, sunnare. Endå meir overraskande enn å sjå Påskeharen vaken og i godt lune, er det at Grete ikkje er der. Ho står alltid opp tidleg, før fuglane fis, før hanen galer, før ljoset dukkar opp, før … før alle, før alt, alltid. Så kor er ho no?
”Kor er Grete?
Påskeharen ser rart på han.
”Nissefrøken…” mumler Hans, motvillig.
”Å… Ja nei ho… ho er ikkje her” seier Påskeharen, som ikkje er i stand til å ljuge og som veit at Nissefrøken ikkje vil at han skal seie noko om jula, eller om heksa. Og det er frykteleg mykje å ikkje skulle fortelle om.
”Kor er ho då?” spør Hans.
”Ho er … Ho er ute. Ho er ute i lag med grevlingen” stotrar Påskeharen.
Han pratar sakte, må seie eitt ord om gongen, forsikre seg om at det han seier er sant og at han samstundes ikkje seier noko han ikkje skal seie.
”Ah… ok. Og du då? Du er frisk igjen?”
”Ja! Eg trur det, Halsen klør ikkje lenger, augo svir ikkje!”
”Hmm … er du sikker på at du var stress-sjuk? Det var jo ikkje så mykje stress du har vore utsett for” seier Hans.
”Kva anna kan det ha vore då?” spør Påskeharen.
”Du blei jo betre så snart du var åleine, ikkje sant? Så eg tenker at det kan ha vore allergi?”
”Mot Nissefrøken?! Nei er du galen!”
”Ikkje mot Grete, nei… grevlingen! Det kan vere du har grevling-allergi!”
”Nei – det går vel ikkje an. Han har jo ein song. Alle dyr som har ein song er gode dyr og man kan vel ikkje vere allergisk mot gode–”
”Det der er berre gamal overtru” avbryter Hans.
Påskeharen blir litt redd no, for han har jo lært Nissefrøken at alle dyr med songar er snille, og tenk om ho blir utsett for eit farleg dyr på reisa si, og trur at det er snilt berre fordi det finst ein song om dyret… Om Nissefrøken blir eten opp av ein edderkopp, så er det Påskeharen sin skuld. Lille Petter Edderkopp, du liksom!
”Veit du når ho kjem tilbake?” spør Hans.
”Snart. Sikkert snart!” seier Påskeharen, og no er han stressa. Nissefrøken veit ikkje at dyr kan vere farlege! Tenk om ho aldri kjem tilbake!
”Sa ho kor ho skulle?” vil Hans vite.
”Ja da” svarar Påskeharen.
”Ja?”
”Ja, ho sa kor ho skulle” seier Påskeharen.
”Og – kor var det?”
”Eh… på tur!”
”Ja, men kor?”
”Ute.”
”Kva er det du ikkje forteller meg?” seier Hans.
Påskeharen tenker seg godt om – leiter etter eit vis å byte tema på. Ikkje snakke om heksa. Ikkje seie noko om jula… Ein vits! Ein vits er alltid ein god idé. Så Påskeharen gjer seg så morosam som berre han kan:
”Gleder du deg til jul?” spør Påskeharen.
”Eh… jau, eg gjer vel det” seier Hans.
”Hehe- he- hehe! RUMPA DI ER GUL!” brøler Påskeharen.
Og så ler han så hardt og lenge at også Hans må le. Og for ei lita stund slutar Hans å mase om kor systera er, og Påskeharen slepper å ljuge.
SMS
frå: Mor
Til: Tante
Om alt går etter planen, landar eg i morgon kveld! Takk for at du har passa så godt på Per. Me sjåast.
Mor er sliten og trøytt, og lengtar heim. Men, det har iallfall kome ein god ting ut av denne reisa. Telefonen. Ho har fått behalde han, iPhone-93i59-X! Dessverre fungerer ikkje Internett på same vis her som heime. Men, Candy Crush er i orden! Og SMS fungerer også. Ting kunne vore langt verre!
”No byrjar eg bli skikkeleg bekymra” seier Hans, og kikkar på klokka.
Nissefrøken er enno ikkje kome heim. Og det er noko gale, det berre kjenner han på seg. Påskeharen veit noko! Han skjuler noko. Og no skal Hans vite kva som foregår. Hans øver seg framføre spegelen. ”Mitt hus…!” ”Under mitt tak!”Slike ord. Strenge ord. Bestemt røyst. No skal han marsjere bort til Påskeharen og forlange å få vite alt. Det er, trass alt, mitt hus dette, og i mitt hus bestemmer eg!
”Kor er ho?”
”Ute” seier Påskeharen.
”Ho gjekk vel ikkje til heksa?” spør Hans.
”Gleder du deg framleis til jul?” spør Påskeharen.
”eh… eg veit ikkje… eg vil berre finne Grete!” seier Hans.
”Nei, no øydelegg du! Du må svare…” seier Påskeharen, skuffa.
”Gleder du deg nå?”
”ja vell då…”
”RUMPA DI ER — BLÅ!”
Og så ler dei. Og Hans gløymer alt om at under hans tak er det han som bestemmer. Dei flirar og ler seg skakk. Ler heilt til natta kjem og slukar opp dagen. Og når dei sovnar, er munnane deira endå fulle av knis. For så morosam er Påskeharen!
FREDAG – 21.12
Hans vaknar utan latter i munnen. Han kjenner på seg at noko er ordentleg gale. Og det får han bekrefta då han tek med seg ein tørr brødskalk for å mate heksa. For, inni buret er ingen heks! Heksa er vekke. Grete er vekke. Noko alvorleg må ha skjedd. No veit han at noko alvorleg har hendt. Grete er framleis ikkje her! Hans er fly forbanna, så sinna at han busar inn på gjesterommet utan å banke på.
Ein forfjamsa Påskehare ramlar ned frå hodeståande stilling og landar hardt på ryggen.
”No må du fortelle meg kva som stått på her mens eg var vekke!”
”G-g-g-leder du deg til jul…?” mumlar Påskeharen, som har vanskeleg for å prate med lufta slått ut av seg.
Hans grip tak i armen til Påskeharen, hardt, og dreg han med seg inn i stova.
”Kva har dykk gjort?””Ta deg ei pære” tilbyr Påskeharen og peiker på Candy King-pærane i fruktskåla på bordet.
”Hæ?”
”Ja, å ta seg ei pæregjer at man roar seg ned – har eg høyrt.”
Hans tek seg, noko motvillig, ei pære. Han merkar ikkje noko særleg til endring.
”Du veit, eg har vore på stress-meistringskurs i Spania og der…”
”No fortél du meg sanninga!” ropar Hans.
”K-k-kva då…kva meiner du?”
”Ikkje spel dum!”
”Eg spelar ikkje, eg er faktisk litt dum. Det seier Nissefrøken óg. Dum, men frykteleg snill og vanvittig morosam! Og det er mykje viktigare enn intelligens skal eg seie d-”
”Kor er Grete? Kva har dykk gjort med heksa?”
Påskeharen klør seg på snuta. Han har lova Nissefrøken at han ikkje skal seie noko… men dette er for vanskeleg! Korleis skal han klare å halde alt hemmeleg for Hans når han masar heile tida? Og stress kjem. Han kjenner det i magen no.
Det finst ingenting anna å gjere enn å forsøke seg på ein ny vits.
”Gleder du deg til påske”?
Hans svarar ikkje.
”Gleder du deg ikkje?”
”Nei…” svarar ein furten Hans
”Jo!” roper Påskeharen, ”Du må seie jo,elles øydelegg du heile vitsen! Gleder du deg ikkje?”
”Du ser ut som ein bikkje!” roper Hans.
Nissen og ein overlessa slede landar på Nordpolen. Og Mor, som har sovna på fjøset, vaknar. Ho ligg mjukt og komfortabelt i høyet, med hovudet på magen til grevlingen. Ho søv så godt og djupt at det tek litt tid før ho vaknar skikkeleg – og då ho vaknar er ho nok ein gong sikker på at dette må vere ein draum. For det som utspeglar seg framføre augo er for sprøtt til å være røyndom. Nissefrøken står på ein stabel av ved. Ho roper opp namn, noterer på eit ark, og peiker og roper ut ordrar. Arrangerer dugnad for alle dei frivillige Nissen har henta.
Rødhette!
Her!
Kjøkkenteneste – og gå rett inn! Ikkje noko blomstar-plukking på vegen!
Per, Pål, Espen?
Her! JeppsiPepsi!
Inn på IT-avdelinga med dykk.
Ok!
Skal bli.
Og Espen – ikkje forsøk å målbinde nokon, vi har ikkje tid til slikt noko no!
”Tornerose?”
”Ho kunne ikkje kome… ho søv så djupt… Men eg er her!”
”Og du er?”
”Askepott”
”Til peisen med deg”
”Alice?”
”Ho har gått seg vill igjen” svarer katta.
”Igjen?”
”Ja, Eventyrland er faktisk ganske stort, altså…og GPS-en er fullstendig utdatert.”
Mor ser forfjamsa på kaoset, som faktisk ikkje er så kaotisk no som Nissefrøkenhar tatt styringa. De fleste av desse skapningane anar ho ikkje kven er, men ho drar kjensel på nokre av dei. Mellom anna meiner ho å kjenne igjen fire av dei sju små dvergane, to av dei tre Bukkene Bruse, eit troll, tre små griser, te-skje-kjerringa, nokre bjørner og ei lyshåra jentunge.
Så snart alle er skyssa ut av lova og i full sving med dugnaden, byrjar Mor, grevlingen, Nissefrøken og Nissen å gjere seg klare for avreise. Nissen tastar inn mor si adresse på GPS-en og skal akkurat til å trykke START då Nissefrøken brått reiser seg opp.
”Ingen får stå i sleda! Sett deg! HMS!” ropar Nissen.
”Eg har gløymt ein ting… vent litt!”
Nissefrøken hoppar ut av sleden og springer inn i hovudhuset. Magen gneg litt igjen. Sjølv om ho har redda jula, er det ein ting til ho må gjere.
Det er så vidt ho ser litt av lua hans stikke opp bak dei glitrande konglane.
”No drar vi” seier Nissefrøken.
”Jaha. Gjer det då” svarar han, surt.
”Ja … eg ville bare, før eg drar, eg …”
”Du kva då?”
”Eg… eg ville seie unnskyld” mumlar Nissefrøken.
”Eg høyrte deg ikkje!” svarar Sjefsalven.
”UNNSKULD!” ropar ho.
”For …?”
”For at eg ikkje ville låne deg ein nøtteknekkar.”
”Og …?”
”Og … og for alt eg sa… og for at eg kasta ting på deg. Eg… unnskyld.”
Sjefsalven gjer noko rart. Noko ingen har sett han gjere før: Han smilar!
”No gløymer vi fortida. Du har redda jula! Dra heim no.”
”Ok. Takk.”
”Sjølv takk.”
”Og – god jul!” ropar han etter henne.
På Blokksberg er alt som før. Alt, utanom Heksa. Ho har vore vekke så lenge no at alt det kjente, all hekseriet, kjenst framand ut. Som eit framand land, eit liv ho ikkje lenger kjenner. Ho hadde aldri trudd ho skulle sakne buret sitt!
Rundt seg høyrer ho skingrande hekselatter. Den lyder ikkje som den skal. Heller en balsam i øyrene er den som barberblad som skjærer og kuttar øyrene opp. Barberblad som trenger seg inn gjennom øyrene og lagar hakkemat av hjernen… Ho vil be dei halde kjeft. Ho saknar stilla i buret. Men… ho seier ingenting. For no er ho fri. Endeleg er ho fri. Ho har tryllestav, sopelime, og ei ny hekse-kystallkule. Og i kula ser ho lengselsfult på Peparkakehuset. Ho ser at det har starta å falle frå kvarandre no som ho og magien ikkje er der. Pipa er skeiv. Karamell-skjøta er i ferd med å rakne. Det er ikkje berre sjølve huset som ikkje har det bra. Inni huset ser ho Hans og Påskeharen krangle så busten fyk. Hans peiker på Påskeharen, dyttar han i brystkassa, ropar og skriker. Og Påskeharen stappar potane i øyrene og hoppar unna. Så sett dei seg ned og stirrar på kvarandre. Heksa bankar på krystallkula. Bilete har fryst. Dei sit heilt stille begge to. Ingen lyd. Ingen rørsle. Pokkers drittkrystallkule. Men så ser ho leppane til Hans røre på seg. Det ser ut som om dei pratar no. Slutar dei fred? Heksa legger øyret inntil kula. Forsøker å lytte, men ho er så ute av trening at lyden ikkje blir bra. Det er iallfall det ho trur, for det ho høyrer kan ikkje være riktig.
Gleder du deg ikkje?
Nei…
Jo!
Du ser ut som ein bikkje!
Kva slags ting er det å seie? Det gjer jo ingen meining. Dei ser ut til å skulle angripe kvarandre igjen. Kor er Nissefrøken? Kvifor slutar ikkje ho fred? Kvifor tek ho ikkje med seg Påskeharen og reiser tilbake der ho kom frå? Kan dei ikkje la Hans vere i fred i huset sitt? Har ho blitt saman med Nissen igjen? Er det derfor ho enno ikkje er komen heim? Kva då med Påskeharen? Og kva med jula?
Heksa gnir og gnukkar på kula, leiter etter Grete-/- slash -/- Nissefrøken. Etter litt justering finner Heksa riktig frekvens. I kula ser ho Nissefrøken stå på ein vedstabel og rope og peike og sveitte. Og i bakgrunnen ser heksa ein heil masse gåver. Så mange gåver har ho aldri sett! Og ho tenker på gåva Nissefrøken lova å ta med. Julegåve. Heksa har aldri fått julegåve. Eller gåve, i det heile tatt. Og – om Nissefrøken framleis er på Nordpolen … då er det ikkje for seint! Heksa kan skunde seg heim, heim til buret, låse seg inn og late som om ho har vore der heile tida! Ja! Jajaja! Ja! Det kan ho gjere, og då vil ikkje Nissefrøken vite at ho stakk av og då vil Heksa få gåva si. Så kan dei andre heksane berre sitte her og drive på med hekseriet sitt utan julegåver!
LAURDAG – 22.12
Det er tidlig og framleis mørkt då dei landar i hagen i Konglevegen 2.
”Ha det, då!” seier Mor. Letta, glad. Endeleg heime!
”Kom her!” ropar Nissefrøken.
Mor snur seg mot sleden. Redd. Har dei lurt meg? Får eg ikkje dra heim likevel?
”Ikkje du!” ler Nissefrøken. ”Grevlingen. Kom så! På plass!”
Mor kikkar ned på graset. Der står grevlingen tett inntil leggane hennar. Han vil heller være med Mor enn Nissefrøken og Nissen.
”Kom!, sa eg!!”
Grevlingen klynkar og ålar seg enno tettare inn til Mor.
”Han kan godt bli med meg, altså” seier Mor.
”Nei, han er jo min” seier Nissefrøken.
Men så ombestemmer ho seg.
”Ja, ja, kvifor ikkje, forresten? Han plagar jo livet av kjærasten min…”
”Og sonen min ønskjer seg eit kjæledyr til jul” seier Mor.
Mor og Nissefrøken nikkar og smilar og dei er så glad, for kjæledyret er det berre ei av dei som vil ha…
”Du må hugse å synge for han” seier Nissefrøken.
”Det skal eg gjere” lovar Mor.
Hans vaknar av ein merkeleg lyd. Eit brøl av noko slag. I stova ser han Påskeharen stå bøygd framover med hendene på knea. Han pustar og stønner og har vondt. Og då gløymer Hans alt om kor sint han er på Påskeharen som nektar å fortelle kor Grete er. Ja, Hans blir oppriktig bekymra.
”Kva er i vegen?!”
”Det er for tidleg!” klynkar Påskeharen.
”Kva?”
”Det er ikkje påske enno!”
”Nei … jula kjem jo alltid først” mumlar Hans
”Vatnet mitt går!”
”Hæ?”
”Det er for tidlig, egga er ikkje ferdige, vatnet går, egga kjem!”
På golvet dannar det seg ein gul pytt – ein påskedam. Og oppi dammen flyter nokre små, svarte kuler. Skeive og rynkete. Nesten som rosiner, berre heilt svarte og knallharde. Hans stirrar forskrekka på pytten med klumpar i.
”Se – se!” Klynkar Påskeharen.
”Ja… men kva pokk- polkagris … er det svarte egg?!” spør Hans.
”Ja! Det skjer når dei kjem for tidleg. Alt blir berre ekkel lakris, då. Lakrisen rekker ikkje bli til god sjokolade … No er heile påska er øydelagt!”
Per hadde planar om å gå rett opp på rommet sitt og ignorere Mor heila jula. Han skulle vise at han er sint fordi ho er ein løgnar. Men då mor kom og henta han hjå Tante blei han likevel glad for å sjå henne. Etter å ha gått seg vill i skogen har han sakna henne ekstra mykje. No var det så godt å få Mor heim igjen at han ikkje vil være sur eller krangle. Det var jo trass alt artig med kalendergåver, sjølv om alt dette med Nissen berre er lureri. Og no, no når det står her, utføre huset i Konglevegen 2, og skal til å låse seg inn, ja, då seier Mor noko som gjer at Per bestemmer seg for å tilgi Mor for å lurt han. Ho seier:
”Eg har ein overrasking til deg!”
Og overraskinga kjem byksande mot dei i det same dei trår inn i entréen. Eit firebeint, hårete og bustete vesen. Ein vaskebjørn? Eit overfora ekorn?
”Eg fann han på reisa mi” seier Mor.
Ein hundevalp? Ein bever? Noko er kjent med dyret.
”Til meg?!”
”Ja, til deg. Eg veit det ikkje er julaftan enno, men eg kan ikkje halde han innesperra, stakkars, …så du får han no. Ein ekstra julegåve sidan du har vore så snill mens eg var vekke.”
”Mitt eiget kjæledyr!”
”Ja. Ditt kjæledyr.”
”Men … kva slags dyr er det”
Det veit ikkje mor heilt sikkert. Ho spurte aldri. Men Nissefrøken kalla han for noko … kva var no det? Greve-Ling?
”Tja … det er eit kjæledyr iallfall” seier ho.
krfksjkt! krfksjkt! krfksjkt! seier dyret.
”Åååå… nei… !” Klynkar Per som kjenner den lyden.
”Dette er jo Knudsen si grevling!” ropar Per og blir lei seg. For han har alt blitt glad i grevlingen. Og Per han ikkje berre behalde grevlingen når han veit at Ludvigsen leiter.
”Kven?” spør mor.
”Berre ein eg blei kjent med då … då … då eg gjekk meg ein tur her om dagen. Ein mann som leita etter grevlingen sin.”
Både Per og Mor er skuffa då dei finner telefonnummeret hans å Internett. Dei er endå meir skuffa då han svarar på første pip. Og endå meir skuffa då han seier at han kjem med ein einaste gong…
Ingenting fungerer betre enn ein prematur egg-fødsel for å skape fred mellom to ilske mannfolk. Påskeharen og Hans sit saman i stova. Utan å krangle. Utan å fortelle vitsar med dårleg enderim. Dei sit alvorlege, rolege. Djupt konsentrerte og legg planar. Hans og Påskeharen har blitt forsona. Og, dei har funnet noko dei har til felles. Tre ting, faktisk:
1. Miljø
2. Godteri
3. Kjærleik
Hans fortel om Tante, at han er forelska og kanskje vil reise sin veg, slå seg ned i lag med Tante … og då vil Peparkakehuset stå tomt. Og – tja – nokon burde passe huset – det kan vel ikkje berre stå slik og forfalle? Nei, Påskeharen er einig i det.
”Matsvinn er noko herk!”
”Ja, det er ei av dei største klimabelastningane!”
Hadde det ikkje vore for at Påskeharen alt hadde åte opp døra, ville dei akkurat no ha høyrt lyden av at ho blei opna. Men, ingen dør, ingen dør-lyd. Så dei høyrer ikkje at Nissefrøken kjem heim. Nissefrøken listar seg inn… Og der, i stova, ser ho dei to viktigaste mennene i livet sitt sitte saman i noko som liknar stille harmoni; dei kranglar ikkje slik Hans og Nissen gjorde. Og ho kjenner hjartet bli varmt og godt, og at alt kjem til å ordne seg. Tenk så flaks at Hans og Påskeharen kjem så godt overeins!
”Og med eit slikt hus som dette, risikerer du aldri at påska blir øydelagt!”
”Nei, og eg vil aldri trenge å lære meg å puste med magen!” ropar Påskeharen, letta.
”Kvafornoko?!”
”Berre noko me lærte i Spania. Du veit, eg er ein bereist Hare – eg har nemleg vore på –”
”…stressmeistringskurs i Spania, ja, eg veit det” avbryter Hans.
Nissefrøken lister seg ut igjen. Etter å ha sjekka at heksa er på plass, at alt er som det skal, lister ho seg inn igjen.
”Eg er heime!” roper ho, muntert.
Og før Hans rekker å stille eit einaste spørsmål, seier ho:
”Og eg har med julegåver til alle!”
Heksa har budd i buret utan å utøve hekseri og fandenskap såpass lenge at ho er redd ho ikkje lenger er i stand i å ljuge. Så då ho høyrte lyden av Nissefrøken sine treskor, skunda ho seg å lukke augo og late som om ho sov. Ho var redd Nissefrøken ville spørje om korleis ting har vore mens ho var vekke, og det veit jo ikkje Heksa som sjølv har vore vekkreist – og det utan lov! Avtala var at heksa skulle trylle Nissefrøken til Nordpolen og vente i buret sitt og få gåve. Men så stakk ho av… Men ho stakk jo berre litt av. Og ho kom jo tilbake! Men for ikkje å røpe seg, lot Heksa altså som om ho sov, som om ho heile tida har vore i buret sitt. For det var det som var avtalen. Være snill Heks. Og så – så skulle ho få gåva si! Sitt livs første gåve. Og no er Nissefrøken heime!
Så snart Nissefrøken går sin veg, opnar heksa augo for å sjå om det allereie har dukka opp ei gåve. Det har det ikkje. Så høyrer ho Nissefrøken rope frå huset:
”Eg er heime, og er har med julegåver til alle!”
Til alle?
Meg og?
Kor er mi gåve?
Når skal eg få ho?
Kva er inni gåva?
Kva slags papir er ho pakka inn i?
Med eller utan sløyfe?
Heksa er så spent og ivrig at ho ikkje får sove. Så, etter at alle ljosa er sløkt og ho høyrer Påskeharen snorke, finner Heksa fram sopelimen og flyr seg ein tur. Ikkje for å stikke av. Ikkje for å gjere hekseri. Men for å få tida til å gå slik at ho snart kan få gåva si.
Nissen er også ute å flyr denne kvelden. Han og Rudolf og sleden. Dei øver seg til julaften. Rudolf er litt ute av trening, litt treig, litt rusten i teknikken. Og no er det knapt med tid. Nissen og Rudolf har terpa på lukeparkering og landing på skrå-tak. No tek dei nokre siste runde og øver på venstresving. Og så, når Nissen er nøgd, legger han turen over Konglevegen for å forsikre seg om at Mor er heime og at alt er bra med henne og Per og grevlingen. Nissen smilar i skjegget då han ser det raude huset til Mor. Han sirklar rundt det nokre gonger. Kikkar inn i vindauga. Per må ha lagt seg, for det er berre eit ljos tent, og det er i stova. Og der sit Mor. Men – ho er ikkje åleine. Det sit ein mann der og. Kven er han? Og Kvifor tek han tak i halsbandet til grevlingen? Mannen forsøker å stele grevlingen til Mor! Å nei og nei og nei… ! Mannen kan ikkje dra derifrå med Mor si grevling! Nissen er så oppslukt av dramatikken at han gløymer å halde styr på Rudolf … Og sjølv om himmelen er stor, er han ikkje så stor at kollisjonar ikkje kan inntreffe …
Heksa landar hardt på bakken med lufta slått ut av seg. Fortvila ser ho sopelimen fortsette vidare utan henne. Ho ser seg om. Ho ligg på graset utføre eit raudt hus. Over seg ser ho skuggane av noko stort. Det seier PANG då dette store landar litt lenger nedi hagen. Og så kjem nokon springane mot henne.
”Unnskyld! Går det bra?”
”Au, au .. eg .. au… kosten min!”Heksa kikkar opp og får sjå eit kvit-skjegga ansikt. Ho kjenner hjartet gjere eit byks. Mange, mange byks.
”Jøss! Er det du som er Heksa?”
”J-j-ja … Korleis visste du det?”
”Det var du som trylla Nissefrøken til Nordpolen, var det ikkje?”
”Jau, det var vel det.”
”Det var veldig snilt av deg!”
”E-e-er du Nissen?!”
”Ja, eg er Nissen!”
”Eg har vore frykteleg snill i år” seier Heksa, og forsøker å reise seg opp.
SUNDAG – DAGEN FØR DAGEN!
Tenke seg til å støyte på heksa – ja bokstaveleg talt – støyte på henne! Og tenke seg til at ei heks kan vere slik!? Og med SLIK meiner Nissen fin, skjønn, vakker, nydeleg – ja sett bort i frå den litt skeive nasen med vorte på – er ho verkeleg ein skjønnheit. Og så snill også! Ein snill heks! Sidan kollisjonen for det meste var Nissen si skuld, ville han fly henne heim igjen. Utan sopelimen kom ho seg jo ingen stad. (At ho berre kunne trylle fram ein ny sopelime var det ingen av dei som sa noko om. Nissen, fordi han ikkje visste at det gjekk an. Heksa fordi ho svært gjerne ville sitte på med Nissen. For, det var noko med denne mannen ho likte. Stemma hans. Skjegget. Kleda. Ein fin-fin mann! Ein fin mann ho gjerne vil dele slede med. Tenk at Nissefrøken reiste i frå han!
Heksa halta litt ekstra for å få meir sympati. Og for å hale ut tida saman med denne flotte karen. Dei gjekk roleg og forsiktig mot sleden hans, og mens dei gjekk slik, sakte, haltande, la Nissen armen sin rundt Heksa og lét henne støtte seg på han. Heksa halta endå meir då. For han var så god å halde i, denne Nissen. Og mens dei halta og gjekk forklarte Nissen kva som hadde skjedd.
Mannen der inne forsøker å ta grevlingen til Mor… Og det må ikkje skje! Stakkars guten, Per. Han ønska seg kjæledyr. Og stakkars mor! Og så gløymde eg å sjå meg for og så kom du og så pang! Er du sikker på at det går bra?! Unnskyld unnskyld! Eg er ein ubrukeleg Nisse!
Heksa halta litt ekstra for å få meir sympati. Og for å hale ut tida saman med denne flotte karen. Dei gjekk roleg og forsiktig mot sleden hans, og mens dei gjekk slik, sakte, haltande, la Nissen armen sin rundt Heksa og lét henne støtte seg på han. Heksa halta endå meir då. For han var så god å halde i, denne Nissen. Og mens dei halta og gjekk forklarte Nissen kva som hadde skjedd.
Mannen der inne forsøker å ta grevlingen til Mor… Og det må ikkje skje! Stakkars guten, Per. Han ønska seg kjæledyr. Og stakkars mor! Og så gløymde eg å sjå meg for og så kom du og så pang! Er du sikker på at det går bra?! Unnskyld unnskyld! Eg er ein ubrukeleg Nisse!
Heksa trøysta Nissen. Sa at han var ein fin mann og ikkje ubrukeleg. Og så fekk Heksa ein god idé: Ho ville imponere Nissen. Ho ville gjere han glad. Hjelpe han.
”Kva om vi fangar dei?”
”Nei! For ein heks du er!”
”Ja… huff… eg er født slik, veit du.”
”Det er ikkje din skuld.”
”Men eg meinte ikkje å fange dei på ein slem måte. Vi må fange dei på ein snill måte, hindre dei i å forlate huset.” forklarte Heksa.
”Fange dei på ein snill måte…” gjentok Nissen, som ikkje heilt klare sjå føre seg korleis ein gjer slikt. Heldigvis fekk Heksa ein skikkeleg god idé.
For ein fin natt! Nissen blei så nøgd med henne. Han blei så glad at han sa Ho-ho-ho-ho heile vegen mens dei flydde heim. Og han lagra adressa hennar på GPS-en og lova og kome på besøk så snart jula var over! Og no er det litle julaften og det betyr at det er store julaften i morgon og då skal ho få ho gåve!
Per vaknar av at kjæledyret sleikar han i fjeset. Kva gjer grevlingen her? Skulle ikkje Ludvigsen hente han? Per og grevlingen går ned trappa saman. Og Per må gni seg i augo for å vere sikker på at han ikkje ser syner. For der, på kjøkkenet, på kjøkkenet til Per og Mor, der sitter Ludvigsen! Ludvigsen og Mor. Med kvar si kaffikopp. Dei skvetter til då Per og grevlingen kjem inn. Og dei flytter seg litt lengre frå kvarandre.
”Er du her igjen!?” spør Per.
”Nei, eg er her enno-” byrjar Ludvigsen å seie, men Mor bryter han av.
”God morgon til deg óg” seier Mor.
”Du kom for å hente grevlingen …” mumlar Per.
”Eg skulle det. Eg kom i går kveld etter at du hadde lagt deg. Men akkurat då eg skulle gå byrja det å snø og blese ute – full storm!”
”Ja, det var heilt frykteleg!” seier Mor.
”Ja, så frykteleg at eg rett og slett blei heilt nøydt til å overnatte.”
”Det var berre hyggeleg å ha ein gjest!” seier mor.
”Og no då – no skal du ta med deg grevlingen?” seier Per.
”Ja, eg må vel det” sukkar Ludvigsen, og Per syntes ikkje han verker så glad som han burde vere over å ha fått tilbake kjæledyret sitt.
Mor drikker opp kaffien sin. Det gjer Ludvigsen og. Per kjemper mot tårene. Vil ikkje miste grevlingen!
”Du må bli til i kveld!” ropar Per.
”Det er jo siste sundag i advent, og då kan du ikkje vere åleine i tunnelen din … du kan være med oss, her! Vi skal ha adventskos – Eg og Mor og Tante og Hans og…”
”Per då, eg er sikker på at Ludvigsen har betre ting å ta seg t-” byrjar Mor å seie.
”Å! Ja, takk, det ville vore fint!” seier Ludvigsen.
Og Per blir så glad at heile kroppen blir varm. Og Mor blir endå gladare enn Per. Og Ludvigsen er gladast av alle, for han har enno ikkje funne seg ein leilegheit kor dyrehald er tillét, og ein kveld åleine i tunnelen freistar ikkje stort.
”Hans sa at du stakk av!”
Heksa bøyer hovudet i skam.
”Jau… men eg kom tilbake!”
”Men du stakk av!”
”Men eg kom tilbake!”
”Men du stakk av før du kom tilbake!”
”Ja, eg kunne vel ikkje kome tilbake om eg ikkje stakk av først, vel?”
”Nei, kanskje ikkje. Godt poeng…”
”Og no er eg her. Og i morgon får eg vel gåva mi?”
”Eg veit ikkje – du skulle jo berre få ho om du var snill. Det er ikkje snilt å stikke av.”
”Det er ikkje snilt å halde meg fanga i eit bur” seier Heksa
”Du fanga oss først – Hans og Grete…” minner Nissefrøken om.
”Men så stakk dykk stakk av” seier Heksa.
”Fordi du fanga oss!”
”Huff, ja… eg gjorde jo det. Eg var ei skikkeleg heks. Men eg er snill no.”
Nissefrøken snur seg for å gå.
”Vær så snill! Eg vil så gjerne ha ei gåve. Vær så – vær så- vær så snill!”
Men Nissefrøken er ikkje dum, ho let seg ikkje lure. Aldri igjen! Ho går vidare mot huset. Huset som ho og Påskeharen kanskje skal overta, dersom Hans sine planar går etter planen.
”Eg har vore snill! Berre spør eks-mannen din, Nissen altså – eg trefte han i går! Og han sa det, han sa at eg var ei god og snill heks! Tenk, det sa han! Eg er snill. Eg må få gåve!”
Heksa si stemme er full av gråt! Og det får Nissefrøken til å snu seg. Ho går tilbake til buret. Heksa fortel om natta si.
Og Påskefrøken – som kjenner igjen beskrivinga av Mor og grevlingen – skjønner no at den vesle guten i skogen må ha vore guten til Mor. Per! Og då Heksa fortel at ho sørga for at Per ikkje mista grevlingen i nått, ja då bli Nissefrøken så glad så glad så glad! Så glad at ho lover at Heksa skal få gåva si.
Heksa jublar! Ho klappar i hendene, ho synger og ho ler, for så glad er ho så glad er ho, ho svingar seg i kretsen og neiar og bukkar og …
Og så seier Nissefrøken:
”Men du må gjere ein ting til…”
For mens Heksa har feira, har Nissefrøken tenkt litt og det ho har tenkt er triste tankar: No er det ein ny dag. Kva no? Kva om Ludvigsen tek med seg grevlingen no når ingen er der og lagar snøstorm?
«Vær så snill – du kan få ein ekstra gåv-”
Nissefrøken rekker ikkje snakke ferdig. Heksa har alt begynt å ta på seg jakka.
”Eg treng i så fall å få låne ein kost.”
Og så blei det jul …
Mor vaknar til vakker musikk. Ho står opp, går ned trappa, og blir ståande i døra inn til stova og kikke. Det er ikkje berre musikken som er vakker. Mor syntes at det ho ser på også er ganske vakkert. Ho ser ein fin mann, ein skjønn gut, og eit bustete dyr med logrande hale. Og det finaste er at dei sit samla, tett i tett, tre fine gutar framføre peisen. Ludvigsen spelar gitar og synger. Per lyttar, lærer seg orda og forsøker å synge med. Vi har en grevling i taket, grevling, grevelang, vi har en grevling i taket, greveling. Vi har ikke ellediller eller krokof…. Grevlingen ligg med hovudet på fanget til Per mens halen dansar lykkeleg i takt til musikken.
Mor går inn på kjøkenet for å lage julefrukost. Frukost til tre. TRE til bords! Ho smilar då. Alle gode ting er tre! Berre ikkje den type tre som ho ser i ruta. Gjennom vindauget ser ho nemleg at greinene på trea står i ro, vinden har løya, det bles ikkje, det snør ikkje, stormen er over. Hjartet hennar blir tungt. Ho lagar frukost for tre. For siste gong, for i morgon vil alt vere som normalt igjen, i morgon kjem ikkje Ludvigsen til å vere her, i morgon vil ho berre ha to menneske å lage frukost til: til seg sjølv og til Per. For her bur Mor og Per og Ingen Mann. Stormen er over. Så snart Ludvigsen oppdagar det vil han ta med seg grevlingen og reise. Mor trekker for gardinene så Ludvigsen ikkje skal sjå at været er fint.
Nissen er sliten. Veldig veldig sliten. Men han er ved godt mot. Kvar gong han er så sliten at han vil gje opp heile jula, tenker han på Heksa. Og då får han straks nytt mot og meir energi. Han er nettopp ferdig med Asia. Fort gjort, det er ikkje så mange som ferier jul her. Berre om lag femti prosent av asiatarane trur på han i det heile tatt! Og ettersom dei fleste av dei sit på KFC og et fritert kylling, er gåveleveransen fort gjort. Neste stopp er langt meir kravande. Særleg i år:
Han har lytta til det Nissefrøken sa, om at alle er snille!Og dessutan rakk han ikkje å kikke gjennom alle konglane – så i år skal faktisk absolutt alle få gåver. Alle skal få, tenker han og kjenner han blir glad av denne tanken.
Nissen hopper opp i sleden.
”Ja, ja … då var det desse statane, då” seier Nissen til Rudolf. Rudolf seier ikkje noko, han er jo eit reinsdyr og reinsdyr kan ikkje prate. Men han kan lytte, og han veit godt kor statane er.
Alle skal få! Alle skal få!Seier Nissen for seg sjølv, og blir gladare og gladare og seier Ho-ho-ho heile vegen til USA. Men då han landar i Washington D.C., har han ikkje klart å overtyde seg sjølv om å gje gåve til Trump. Dessutan er sikkerheitssystemet rundt det kvite hus altfor komplisert. Så – han hoppar glatt over herr Trump og fyker vidare mot Brexit-land, kor dei stakkars, fortvila britane treng ekstra merksemd dette året. Og det skal dei få. Alle skal få! Og britane skal få litt ekstra. For no kjem den nye og forbetra Nissen. Ho-ho-ho!
I Konglevegen 2 ringer det på døra presis klokka fire.
“Hallo hallo – stig på, stig på!” seier Mor til Tante og Hans.
Ludvigsen er der endå. Kvar gong han har tatt på seg frakken og gjort seg klar til å gå, har det starta å blese igjen. Og vinden bles rett mot døra, det er heilt umuleg å opne ho! Det har storma og snødd i eitt køyr. Korleis Tante og Hans i det heile tatt har klart å kome seg hit er eit mysterium. Eit skikkeleg julemysterium. Mor kikkar ut i gata. Stormen har gitt seg igjen. Mor trekker for gardinene i gangen også. Så følgjer ho etter Tante og Hans inn i stova.
“Ludvigsen, dette er søstera mi – Tante -og ehh Håkon? Herbert? eh… Dette er Tante og hennar Pluss Ein” seier Mor.
“Hans” seier Hans, og handhelser på Ludvigsen.
“Ludvigsen” seier Ludvigsen og handhelser på Hans.
“Nei – er du Den Ludvigsen, sjølvaste Ludvigsen!?” ropar Hans, imponert.
“Jau – eg er vel det.”
”Ja, eg syntes det var nokre velklangane notar vi høyrte!” ropar Hans, imponert.
“Eg visste ikkje at du hadde så selebre vener, Mor!” seier Tante.
“Tja, det er slut på bandet no … Knutsen har sagt opp, han skal gifte seg -”
”Apropos giftemål …!” avbryter Hans og kremter.
”Kjære, kjære Tante. Vil du gjere med den æra … vil du.. nei altså… det eg vil spørje deg om er om du kanskje moglegens kunne tenke deg å .. altså vil du gif-”
”Ja! Ja det vil eg!” ropar Tante.
Heksa er trøytt i tryllearmen. Men ho står på. Gjer som Nissefrøken har bedt om. Ho skal sørgje for at Per for behalde grevlingen. Ho må hindre Ludvigsen i å reise sin veg med grevlingen. Kvar gong han forsøker å opne døra, lagar Heksa vinter-storm. Det er slitsamt og tungt arbeide. Men det kjenst godt ut å gjere godt, så ho fortsetter. Og kvar gongen armen verker og ho får lyst til å senke stava og dra heim – ja, kvar gong det skjer, tenker ho på Nissen. Om Nissen såg meg no, tenker ho. Ja, då ville han blitt imponert. Og så stolt. Så ho blir ståande i toppen av treet i hagen utføre Konglevegen 2. Ho held seg fast i ein grein med ein arm, og i den andre held ho tryllestava løfta i været og heile tida kviskrar ho magiske ord. Sesam-sesam-filiokus…
Inni huset i Konglevegen 2 er dei seks rundt bordet denne kvelden. Mor og Per, Hans og Tante, Ludvigsen og grevlingen – som ligg samenkrølla i ein ball på ein stol mellom Per og Mor. Mor har plassert Ludvigsen med ryggen mot vindauget slik at han ikkje skal finne på å kikke ut og sjå at stormen har løya. Og Ludvigsen, som alt har oppdaga at stormen er over, han er takksam for at ingen har sagt noko om det. Han trivs her. Hans og Tante behandlar han som ein kjendis. Per er ein artig og snill gut. Grevlingen får leike og kose seg utan å få kjeft frå pripne husvertar. Og Mor… Mor er den beste av dei alle. Om det berre kunne storme ute for alltid!
”Takk for maten!” seier Påskeharen.
”Velbekomme” seier Nissefrøken, som er letta over at Påskeharen likte maten dei enda opp med å ete. Påskeharen et jo ikkje kjøtt, eller fisk, eller grønnsaker…ingenting skikkeleg. Og då han føreslo Kvikk Lunsj til julemiddag måtte ho sette ned foten. Begge føtene faktisk. For det finst då grenser for kva ein kan finne seg i!
Til forrett blei det rosa gummi-fisk frå Sverige, marsipangris og polkagris til hovudrett, og desserten må dei nok vente litt med, for dei er begge to altfor mette.
”Kva gjer vi no, då?” spør Påskeharen
”Venter på å orke dessert!” ler Nissefrøken.
”Og … kanskje kan vi opne gåver?”
”Eg trudde ikkje du eigentleg feira jul…” seier Nissefrøken, og smilar lurt.
”Nei – eg gjer jo eigentleg ikkje det” mumlar Påskeharen som no angrar litt på at han sa det den gong, for det hadde vore fint med ei gåve.
”Men eg har ei lita noko til deg likevel” seier Nissefrøken.
Og den litle noko er ein splitter ny Nintendo.
”Vi kan jo ikkje bu her utan Nintendo – eg veit jo no kor viktig det er at du får slappa skikkeleg av.”
Dei skulle vore heime i hola no. Det var det som var planen. Men så … tja, det var godt å kome heim. Heim til pepparkakehuset. Og no når Hans skal flytte. Og no når Heksa har blitt så snill. Ja no, no kjem det til å bli ein sann fryd å bu her. Og det er det dei skal. Dei har fått verdas finaste julegåve av Hans – dei har fått pepparkakehuset!
Påskeharen er så glad at han ikkje klarar seie noko. Han hopper og spretter og er så glad at Nissefrøken sjølv må rigge Nintendoen til. Og så straks han er på plass griper Påskeharen tak i kontrollen for å spele. Men så ombestemmer han seg. Han kan spele seinare. I morgon. I dagen etter i morgon. Han kan spele korti som helst!
Han roer seg og setter seg ned ved sida av Nissefrøken i Stratos-sofaen.
”Skal du ikkje spele? Er det feil Nintendo?” spør Nissefrøken, forvirra og litt bekymra.
”Eg har noko til deg og” seier Påskeharen.
Han stikker handa i lomma og trekker fram eit lite skrin. Nissefrøken tek i mot, og skal til å opne det.
”Nei! Du må ikkje opne … Eg er ingen Nisse… eg klarar ikkje lage så fine presangar og-”
”Det gjer ingenting. Det er tanken som teller.»
Nissefrøken tek i mot skrinet. Og kjenner det straks igjen. Det er ikkje eit smykkeskrin. Det er ei medisinskrin som ser mistenkeleg likt ut det Hans har i medisinskapet på badet.
”Dette er eit veldig fint skrin … ” seier Nissefrøken.
”Jau … eg skulle no helst gitt deg eit smykkeskrin, men eg fant ingen-”
”Og dessutan er det som eg sa; det er tanken som teller” avbryter Nissefrøken.
”Og tanken er like fin som skrinet! Minst! Tanken er at du skal vere Påskefrøken” seier Påskeharen.
”Men eg fann ingen ring … så då tenkte eg at: kva er det nest beste? Jo, eit smykkeskrin til å ha ringen i, men eg fann ikkje det heller så då måtte eg nøye meg med det tredje beste etter eit smykkeskrin og det må jo være et skrin. Og det einaste skrinet eg fann var altså dette.”
”Takk for skrinet” smilar Nissefrøken. Og ho prøver å minne seg sjølv på at tanken var god. Tanken er det som teller. At eit tomt medisinskrin kan vere ein fin nok gåve det…
”Eg er lei meg for at eg ikkje fann ein ring å legge i skrinet…” gjentar Påskeharen
”Ein ring?! Skulle du verkeleg gje meg ein ring?”
”Ja, det er vel slikt man gjer når ein vil fri…”
”Man… Men du er ingen mann, du er Påskeharen.”
”Ja, og derfor har ein ingen ring å gje vekk!” seier han fortvila.
Så blir dei stille ei stund.
”Men om eg hadde ein ring, ein slik trulovingsring, ville du gått med han då?”
”Sjølvsagt!”
”I så fall … I så fall er dette eit trulovingsskrin… !”
Påskeharen river skrinet ut av hendene til Nissefrøken/Påskefrøken og seier at ho må lukke augo.
”Skrinet er ikkje tomt likevel, for akkurat no legger eg trulovingstankar inn i trulovingsskrinet!”
Påskeharen kremtar.
”Eg, Påskeharen, lovar hermed å alltid vere tru mot deg og alltid tru på deg og alltid tru på oss to i lag og tru på påska og til og med på jula… ja, eg skal i det heile tatt tru kjempemykje på all-slags heile tida. Og no – no er skrinet stappfullt av trulovingar. Vil du ha dette trulovingsskrinet?”
Nissefrøken er så rørt at augo blir blanke.
”Å, kjære Påskeharen min!”
” Nissefrøken, vil du bli min Påskefrøken?”
”Å…. Påskeharen min!”
”Å Nissefrøken … ”
”Å Påskeharen – det vil eg!”
”Å Påskefrøken, eg – eg – eg elskar deg!”
”Eg elskar deg óg!”
”Eg hadde jo ikkje nokre planar om å ende opp her i jula…” seier Ludvigsen, som er den einaste som ikkje har gåver – verken å gje vekk eller å ta i mot.
”Men … eg har tenkt litt, og grevlingen… Per – om du vil ha han, så syntes eg du skal få han. Du veit, eg trenger jo ny buplass og det er ikkje så enkelt med kjæledyr då… ”
”Tusen tusen tusen billionar millionar takk!” ropar Per.
”Ja, det var snilt av deg, Ludvigsen” seier Mor.
”Men eg …kanskje… får eg kome og seie hei av og til? Helse på han – ja grevlingen, altså?”
”JA!” ropar mor
”Ja!” ropar Per.
Alle snur seg og stirrar på Mor. For det er ho som ropte ”JA!” høgast og fortast.
”Sjølvsagt skal du få kome tilbake her, så ofte du berre vil” seier Mor og blir raud i kinna.
”Ja … for å helse på grevlingen, altså” legg ho til.
”Ja. For å helse på… han, på grevlingen” bekreftar Ludvigsen.
”Ja… for du er glad i grevlingen” seier Mor.
”Ja, eg er frykteleg glad i…i grevlingen.”
Mor og Ludvigsen ser lenge på kvarandre. Begge opnar munnen samstundes for å seie noko.
”Eg-”
”Du-”
Og så kjem ein ny røyst og bryter dei av:
”Ho-ho-ho!”
”Ho-ho-ho! Er det nokre snille b-”
Nissen avbryter seg sjølv. Alle er jo snille. Det er jo slik det skal vere i år. Alle skal få. Nissen har ikkje klart å kome på nye replikkar som kan erstatte dei gamle. Så han gjentar det einaste han kjem på…
”Ho-ho-ho…hoho…!”
Velkomsten er ikkje som den brukar å vere:
– Den vesle guten i huset, Per, ser skeptisk ut. Per granskar Nissen. Er han ekte? Finst han likevel?
– Mor glisar breitt, litt for breitt. Ho smilar og blinkar lurt til Nissen. Ho veit kven han er. Ho og han har ein hemmelegheit som berre dei veit om. Syndenreisa til Nordpolen. Mor kjenner seg stolt. Mor har vore med å redde jula. Mor har gjort Nissen glad igjen. Og no står han her i stova hennar som om dette var ein heilt vanleg jul.
– Tante ser så vidt at Nissen er komen, ho er oppslukt av andre ting. Av ringen på fingeren. Og av den selebre gjesten, Ludvigsen. Ho ser på ringen, smilar. Ser på Ludvigsen og smilar. Ser på ringen igjen og smilar endå meir. Snart når munnvikene opp til augo hennar. Ho viser ringen til Ludvigsen, dultar han vennskapeleg i skuldra.”Sant du kan spele i bryllaupet vårt?” Har tante i det heile tatt merka at Nissen er her? Kanskje like greitt at ho ikkje har det, for ho er så distrahert at ho ikkje legg merke til andletet til Hans
– Hans ser på Nissen med smale augo, seier ikkje eit ord, nektar å smile, nektar å helse. Hans og Grete er vener igjen no, men han kjem aldri til å gløyme sviket frå den gong. Kjem aldri til å gløyme at Nissen tok i frå han systera si, tok henne med til Nordpolen og gjorde Grete om til Nissefrøken og let Hans vere åleine igjen.
– Og Ludvigsen knip augo igjen og hopar det ikkje er for seint å ønske seg noko. Han ønskjer seg ny snøstorm.
”I år skal alle få!” seier Nissen stolt.
Han setter igjen ein sekk på golvet, smilar litt ekstra til Mor.
”Ha det bra, då og god jul!”
Påskeharen og Påskefrøken måtte vente i to lange timar før magane deira endeleg fekk plass nok til at dei kunne ete dessert. No sit dei saman i sofaen. Mette. Lykkelege. Og dei gjer det dei heile denne lange adventstida ikkje har klart å gjere: ingenting. Dei sit berre der. I lag. Ho, Påskefrøken. Og han, Påskeharen. Påskeparet. Endelig kan dei slappe av!
”Kjenn her!”
”Hm? Mett?”
”Nei … egg! Nye egg! Eg kjenner dei vekse i meg allereie!”
”Men … er det mogleg? Det er jo berre nokre dagar si du aborterte…”
”Det må bety at eg har det rekor-bra. ja, veldig veldig veldig bra. Verds-rekord-bra, liksom!»
”Å! Påskeharen! Eg elskar deg!”
”Og eg elskar deg, Påskefrøken!”
Dei sit der, i sofaen. Utan TV på. Utan Nintendo. Dei sit der og ser på trulovnadsskrinet.
Mor opnar opp pakka si og finner eit tomt fotoalbum. Ho seier at det er akkurat det ho ønska seg – no skal dei lage masse fine minner saman. Ho og Per. Og kanskje ein mann? Tenker ho stille, og ser med lengsel på Ludvigsen.
Per opnar si pakke og får tilbake trua på Nissen. For kven andre enn ein magisk Nissen kunne vite at Per nettopp har fått eit kjæledyr? Nissen har gitt Per alt han treng! Ei korg til kjæledyret, skål til mat og drikke, ei sele til å ta på når dei går tur, tørrfôr, eit halsband … all slags!
Hans vil ikkje opne gåva si. Han vil kaste ho i søpla. Tante seier han skal skjerpe seg, så noko motvillig pakkar han opp julegåva frå mannen han mislikar så sterkt. Og då han får auge på gåva kjenner han at hatet mot Nissen forsvinn. Hans har fått ein klokke med GPS og skritt-teller. No som han skal bu i lag med Tante er jo dette heilt perfekt. No kan han endeleg slute å legge igjen smular overalt! Aldri meir kjem han til å vere redd for å gå seg vil.
Ludvigsen er så glad over i det heile tatt å ha fått ei gåve at han ikkje bryr seg stort om innhaldet. Han ser på den blå nøkkelen han har pakka ut, syntes det er ein merkeleg gåve, men fin uansett.
”Kva fekk du?” spør mor.
”Ein nøkkel!” seier Ludvigsen, muntert.
”Til kva då?”
”Anar ikkje –det er sikkert ein reservenøkkel…Eg finn det vel ut når eg får behov for å låse opp noko.”
Tante er lett å blidgjere. Ho jublar av glede over eit par nye skor. Kvite, glitrande, med høge hælar. ”Desse skal eg gifte meg i!” ropar ho, lukkeleg. Så glad er ho, og så mykje jubel lagar ho at alle gløymer alt om Ludvigsen si mystiske nøkkel.
Hikkuslipokkus … Samsilibombombom … mumlar Heksa som er heilt utslitt no.
”Du kan gje deg no!”
Nissen står på graset, ved stammen til treet.
Heksa senker letta handa.
”Er det over no?”
”Ja, guten har fått grevlingen” seier Nissen.
Heksa klatrar ned frå treet. Sopelimen står inntil stammen, akkurat der ho sat han frå seg. Og ho skular stygt på sopelimen. Skulle ønske han fløyg sin veg utan ho. Ho vil at Nissen skal fly ho heim i sleden si. Men… Sopelimen står jo der. Både ho og Nissen ser det.
”Ja … ha det då” seier ho, skuffa.
”Ja – og god jul” mumlar Nissen, som også skulle ønske sopelimen hennar forsvann av seg sjølv.
Nissen og Rudolf gjer eit byks og fyk heim mot Nordpolen. Heksa sparkar i frå og den triste kjensla og saknet etter Nissen forsvinner litt då ho kjem på gåva som sannsynlegvis står og ventar på henne i buret.
Hans og Tante avbestiller Taxi-en dei skulle ta heim. Det er fint og stilt ute no. Ingen storm i sikte. Så Tante vil at dei skal gå. Ho vil gå heile vegen heim i dei nye bryllaupsskoa. Ho vil høyre dei seie klikk-klakk-klikk-klakk på asfalten. Og Hans er ikkje vond å be – han gler seg til sin første spasertur utan pepparkaker i lomma. Tenk det, å kunne gå utan å måtte legge igjen smular heile tida! Mor, Per og Ludvigsen står i døra og vinkar dei farvel.
”Ja … då burde vel eg óg kome meg av stade” seier Ludvigsen og ser ned i golvet.
”Jau…” seier Mor. Ho ser óg ned i golvet.
”Ja, ha det, då. Takk for meg…”
Ludvigsen har tatt på seg frakken. Han smiler trist til Mor og lukkar døra bak seg.
Mor låser.
”No må du legge deg, Per” seier mor.
Per og Grevlingen går opp trappa, med tunge skritt. Per vil ikkje at Ludvigsen skal reise. Men no er julaften over. Stormen har løya. Grevlingen er Per sin. Det finst ikkje nokre fleire påskodd for å få Ludvigsen til å bli.
”God natt!” ropar Mor etter han, med ei røyst som er litt for høg til å vere glad på ordentleg.
Inni buret til Heksa står ei bitte lita gåva, pakka inn i raudt silkepapir, gull-band og med ein glitrande sløyfe. Gåva er mykje mindre enn kva Heksa så føre seg. Ho blir litt skuffa. Det er det indre som teller, seier Heksa til seg sjølv. Og det kunne vore verre, det kunne vore ei mjuk gåve. Eller endå endå endå verre: både mjuk og lita! Ei truse… eit par sokkar… tenke seg til noko så fælt! Nei, dette er slettes ikkje så ille. Denne gåva er iallfall hard. Knallhard! Heksa sit lenge og ser på pakken. Sparar på han. Trykker og stryker. Prøver å gjette kva det er. Knallhardt. Kva er knallhardast i verda? Ho blir trollbunden av seg sine eigne grande tankar. Knallhardast i heile verda er nemleg diamantar! Ho har fått ein diamant i julegåve!
Og så ser ho ei gåve til! Og den er kjempestor. Definitivt ikkje ein diamant. Og definitivt ikkje ei truse eller eit kjipt par med sokkar. Ho vil opne den gåva først – for den kjem ho ikkje til å bli skuffa over. Stor. Ikkje-mjuk. Garantert suksess. Ho røskar av papiret. Det er ein kost. Ein stor, heimelaga sopelime. Treskaftet er laga med kurver og eit søkk, perfekt plass til ei hekse-rumpe. Ein papirlapp svever i lufta og landar ved føtene. Ein lapp. Eit brev!
Kjære Heksa.
Du er ein engel. Du kom fykande inn i livet mitt. Ein engel som fall frå himmelen og ned i hagen til Mor og Per. Ein vakker engel. Berre utan vinger. Heldigvis, for då kunne eg frakte deg heim i sleden min.
Eg sa til deg at eg var lei for at eg krasja med deg. Det er ikkje lenger sant. Det er det beste som har hendt meg – å krasje med deg. Eg vil krasje med deg kvar dag i resten av livet! Pangpang-pang! Meg og deg, Heksa! Kvar dag!
Her er ei ny sopelime. Den er skreddarsydd og anatomisk tilpassa til deg – ja, eg tok meg den friheita til å ta meg nokre augemål av deg… Hihi… Eg kan ikkje trylle. Så det er berre ein sopelime. Foreløpig… men Nissefrøken har sagt at du er ein ræser på å lage tryllebrygg, så eg håper du kan trylle sopelimen magisk og flyge til Nordpolen og besøke meg.
Om ho berre kunne dra til Nissen … Men ho kan jo ikkje det. Ho vil vere snill Heks, og snille heksar stikk ikkje av, dei røymer ikkje. Snille heksar sonar straffa si. Og dette, buret, er straffa til Heksa for å ha fanga Hans og Grete den gongen. Dessutan, har Heksa blitt ganske heimekjær med tida. Buret er slettes ikkje så ille. Men Nissen. Sopelimen. Nordpolen…
Mor geispar, strekker hendene opp i lufta, slepper ut eit sukk. Så går ho inn i stova og ryddar opp gåvepapiret som ligg strødd på golvet. Ho krøller det saman og stappar det i ein søppelsekk. Inni eit av papira kjenner ho noko hardt. Noko metallisk. Ho bretter opp papiret. Og der ser ho ein blå nøkkel. Ludvigsen har gløymd nøkkelen sin!
Mor skundar seg ut i gangen. Ho har det så travelt med å ta igjen Ludvigsen at ho ikkje tek seg bryet med å finne fram vinterjakka. Ut døra i kjole og tøflar. Nedover gata. Kikkar seg om. Ser ein mørk skikkelse framføre seg. Springer etter. Ropar og hoiar. ”Ludvigsen!”
”Du- du – vent!”
Ludvigsen stoppar, snur seg, og ser vakre Mor kome springande mot han. Han har lyst å opne armane, løfte henne og kysse henne. Han har sett slikt noko blitt gjort på film. Dessverre er ikkje dette ein film, tenker han.
”Du gløymde noko” seier Mor.
Ho gjer han nøkkelen.
”Ok… takk” seier han.
”Mhm… snakkast då” seier ho.
”Du ser kald ut” seier han
”Ja, eg er kald” seier ho.
”Eg følger deg heim” seier han og pakkar henner inn i jakka si.
Mor og Ludvigsen går forbi huset. Det er fint ute. Ingen storm. Stjerner i himmelen. Dei går nattetur. Ludvigsen vil ikkje heim. Mor vil ikkje at Ludvigsen skal gå heim. Men ingen av dei tør å seie noko om det. Så dei går tur. I natten. Mens julaften blir til første juledag.
”Nei … no må eg vel kome meg inn” seier mor til sist.
”Ja, eg og…”
”Men du skal kome på besøk … ja, for å helse på grevlingen, altså…” seier Mor.
”Ja, det skal eg.”
”Vil du helse på han no kanskje?”
”Ja … men han søv vel.”
”Du kan vente hjå oss på at han vaknar, sofaen står jo der…”
”Ja, sofaen står jo der.”
Sjefsalven høyrer at Nissen og Rudolf landar i stallen. Han blir i senga litt til. Ventar til det har vore stilt lenge. Så listar han seg, så stilt så stilt på tå. Ut av huset. Inn i stallen. Han klyver opp på ryggen til Rudolf. Og rett før sola skal til å stå opp landar han i ein hage han no kjenner ganske godt. Han lister seg fram til døra, skrur ned skiltet og henger opp det han sjølv har laga. Han smilar stolt for seg sjølv. Så glad er han at han ikkje treng å ta seg noko sitte-pause. Han flyr heile vegen tilbake til Nordpolen, kor han no skal sove og drøyme søtt heilt til neste desember. Ja, så blenda av juleglede er han, at han ikkje legg merke til sopelimen som står på fjøset når han landar.
Mor og Ludvigsen. Hand i hand – for å halde varmen er det nyttig å leie kvarandre, nemleg.
Dei står ved døra. Ho er låst. Å nei, å nei.. Mor si nøkkel ligger jo i jakka hennar, og jakka er inne i huset…!
”Har du reservenøkkel noko stad?” spør Ludvigsen.
”Ja, hos Tante, men ho søv vel no…” seier Mor.
Ludvigsen tek fram sin nye nøkkel.
”Då prøver vi denne, berre på gøy.”
Og sidan det framleis er jul og tid for magi, passar den blå nøkkelen perfekt i låsen på døra til Mor og Per.
Og sidan det er mørkt ute, ser ingen av dei kva som står på skiltet over ringeklokka.
Her bur Mor og Per og Greve-Ling og Ludvigsen.
Heksa gret då ho etter lang lang lang tid opnar den siste gåva. For no er det ikkje fleire gåver igjen! Diamanten… er ikkje ein diamant. Men eit skrin med ein nøkkel i! Og nøkkelen passar perfekt til buret! Ho leser lappen. Igjen og igjen. Må være sikker på at det er riktig.
TIL: Heksa
FRÅ: NissefrøkenPÅSKE_FRØKEN!!!
Ein nøkkel. Frå NissePåskefrøken… og nøkkelen passar perfekt i låsen på buret! NissePåskefrøken har slept ho fri! Heksa kan reise! Heksa kan fyke til Nordpolen utan å stikke av! Og det gjer ho. Ho låser opp. Tar med seg den nye sopelimen. Låsar etter seg igjen, for sjølv om ho er fri vil ho ikkje at framande skal ta seg inn i hennar bur! Så sparkar ho frå og fyker heile vegen til Nordpolen.
På lange reiser rekker ein å tenke mange tankar. Og det gjer Heksa. Ho tenker så mykje og lærer så mykje av å tenke så mykje at då ho landar på Nordpolen har ho blitt ganske så klok. Ho veit at ho aldri kjem til å dra heim igjen frå Nordpolen. For ho skal dele alle dei kloke tankane med Nissen. Og snart kjem Nissen til å be henne bli for alltid. Be henne bli hans. Be Heksa bli til HekseNisseEngel, Nisseheks eller HekseNisse. Noko sånt. For dei kloke tankane ho rakk å tenke på vegen vil overtyde Nissen om at dei to høyrer saman.
Eg kan trylle!
Det vil aldri bli julekrise igjen – for eg kan trylle!
Du vil aldri bli skuffa over meg – for eg kan trylle fram alt du vil ha!
Eg kan trylle!
Eg er ei Heks!
Eg kan trylle!
Mange mange mange smarte tankar tenkte heksa. Og ho landa. Og Nissen tok i mot ho. Og han høyrte alle dei smarte tankane. Og blei skikkeleg imponert.
Sjefsalven ligg i senga og høyrer at Nissen og Heksa synger og dansar av glede. Han høyrer Heksa fortelle Nissen om kor bra ho er. Om alt ho kan. Og han ser føre seg at Nissen smelter av sjarmen hennar.
Sjefsalven er visst den einaste som innser at denne Heksa, trass i godviljen og sjarmen, ikkje er den skarpaste kvinen i skuffa … Ho har gått heile livet utan å få gåver… Om ho er så forbaska flink og smart – kvifor har ho ikkje trylla fram julegåver til seg sjølv?!
Sjefsalven høyrer Nissens glade røyst. Han legger seg til å sove. Bestemmer seg for ikkje å seie noko om Heksas manglande logikk. Sjefsalven pustar letta ut. Ansvaret er ikkje lenger berre hans. Heksa er kanskje ikkje Nissefrøken. Ho er ikkje den smartaste. Men ho er blitt ein god Heks. Ein snill geks. Og endeleg kan Sjefsalven sove godt – utan bekymringar for neste jul og Nissens psykiske helse.