MINE TANKAR OM JARLE KLEPP-SERIEN

JARLE KLEPP – FOR EIN MANN!

Serien er skriven av Tore Renberg og består av desse bøkene:
1. Mannen som elsket Yngve
2. Kompani Orheim
3. Charlotte Isabel Hansen
4. Pixley Mopogo
5. Dette er mine gamle dager

TING SOM GJER AT EG ELSKAR DENNE BOKSERIEN:

+ energi og futt og fart
+ humor i bøttevis; både via handling/plott, men også gjennom språket 
+ ingen ”daude” parti; ein rekker ikkje bli rastlaus og lei mens ein leser, det er god driv heile vegen.
+ Bilete mitt av Jarle Klepp er komplett; eg føler verkeleg eg blei kjend med han gjennom desse bøkene. Eg følte eg visste litt kor han sto og stilte seg mtp diverse tema… litt sånn ”Typisk Jarle å reagere slik!” – og då skal ein kjenne eit menneske (eller fiksjonell karakter….) ganske godt. Samstundes kjenner eg han ikkje heilt – for eg lærte heile vegen noko nytt om han. Ja, Jarle Klepp slutar aldri å overraske – og nettopp dette gjer han så ekte, for slik er det med menneske ein kjenner godt ”in real life” og – dei har mange lag og uansett kor godt man trur man kjenner sine vener vil ein ALLTID kunne oppdage noko nytt ved dei. 
+ Elskar at stadene er ekte, sikkert ekstra gøy for meg som rogalending sidan eg kjenner meg att. 
+ Nostaligisk og tidsriktige skildringar gjer at ein kan føle seg ekstra engasjert og medrevet (men for yngre lesarar kan dette kanskje ha motsett effekt – at ein ikkje kjenner seg att…tamagocchi, kva var det?, liksom. Sjølv hugsar eg godt datadyr-dagane, men for ein tenåring i dag er nok dette heilt gresk)
+ Setter enorm pris på kor djupt forfattaren har gått inn i hovudet til Jarle Klepp – det kjem klart ut av teksten at dette er basert på noko ekte – om ikkje handlinga er reell, så er iallfall kjenslene i boka bygga på noko ektefølt. Det kostar å skrive på denne måten kor ein utleverar og visar fram hovudpersonens innste kjensler på denne måte. 
+ Trass i mange såre episodar og ein tøff barndom, leser eg bøkene med eit smil. Eg får genuin medkjensle for karakterane – ikkje berre for Jarle. Og, denne sympatien er ikkje eit resultat av at karakterane har det vanskeleg; dei vert ikkje skildra som stakkarslege, hjelpelause ofre, men som heile menneske med mange lag.


(Forsøk på å skrive) KORT om bok for bok:

 Seriens første bok – opnar med ein Jarle Klepp på veg til skulen etter endt juleferie. Han går i andre klasse på Kongsgård – ein vidaregåande skule i Stavanger sentrum. Her likar han seg sånn passeleg godt – han har funnet si plass, føler han. Saman med bestekompissen, Helge, og kjærasten, Katrine, utgjer dei ein fin liten trio som trur og brenner for det same. Mykje av det same, iallfall. Eller? Dette er nemleg noko som skal endre seg litt for Jarle i tida framover, dette med at alt han trur på kanskje ikkje er så enkelt, så svart på kvitt. Jarle skal oppdage ein del nyansar av grått denne vinteren/våren. For på denne dagen her, etter juleferien, skjer det noko som skal forstyrre denne vesle triangelen av lukke og tryggleik – og kva anna enn eit anfall forelsking kan vel forstyrre idyllen meir? Jo, forboden kjærleik som ein ikkje innser at er kjærleik, ein forelsking ein ikkje vil ha og som ein ikkje klarar skru av. Det er nemleg ein ny elev på skulen denne dagen. Han heiter Ynvge. Og han vekker nye kjensler i Jarle som Jarle både vil utforske og samstundes ikkje. Jarle er ambivalent. Jarle er forelska. Og det skal endre på mykje, både for han og for dei rundt han. I tillegg til dette hovudplottet, får vi som lesarar også eit visst innblikk i fortida – via korte tilbakeblikk får vi eit inntrykk av ein barndom med alkoholisme, ustabile forhold heime, og konfliktar som til slut førte til skilsmisse.


Den andre boka utfyller den første på meisterleg vis. Ho tek føre seg Jarles barndom – altså hopper vi bakover i tid her, og får innblikk i Jarle og familien hans sitt liv i tida opptil bok nummer ein. 
Episodar, kjensler og tankar frå den første boka får solide bein å stå på. Eg likar særs godt at denne boka er skriven i tredje person (den første er skriven i første person, kor Jarle er fortellaren.) Det er ikkje så vanleg at ein forfattar bytar fortellerstemme undervegs på dette viset, og at det blir gjort her fungerer utruleg bra! For i denne boka får vi eit djupare innblikk i Jarles barndom, og ved å fortelle i tredje person bli vi betre kjende med menneska og omstendigheitene rundt Jarle. Vi blir betre kjent med pappa Terje, mamma Sara, bestemor, øvrig vener og slekt. Eit solid bilde av ein ustabil familiedynamikk. Ein familiefar som vil og vil, utan å få det til… Korleis kunne alt gå så glae, når intensjonane var gode? 

Bok nummer tre, og Jarle har blitt tjuefem. Han bur på hybel i Bergen kor han studerer. Han har sinte rutinar, sine faste kompissar, han er inne i ein tralt. Han veit så mykje, han er så utdanna, han er litt over gjennomsnittet intelligent. Syntes han. Folk er litt dumme. Syntes han. Og så kjem beskjeden om at Jarle ikkje berre er Jarle, for Jarle er far, Jarle har ei dotter han ikkje visste om. Og no skal ho bu hos Jarle nokre dagar, for mora skal på ferie, og ho seier det er tid for Jarle å ta i eit tak. Og vipps er ho der, dottera hans. Og alt han veit, og alt han trur… det er ingenting det. Kort sagt kjem denne dottera inn i livet hans og får Jarle til å stille nokre spørsmål til seg sjølv om korleis han lever, kva han eigentleg veit, kva som er viktig for han. Jarle får mindre tid og energi å bruke på seg sjølv, han blir tvungen til å sjå på livet utføre bobla si som er begrensa til å handle om seg sjølve, kompissane og studiene. Kva kan vel endre perspektivet og haldninga ein har betre enn ei lita fritt-talande jentunge? Jarle si verd krympar og veks på ei og same tid …

Fjerde bok – og vi hoppar lengre fram i tid. Jarle er no i arbeid som journalist, og er i den samanheng på konsert med barndomsheltane sine, The Smiths, for å skrive ein knakande god anmelding for avisa. Men slik blir det jo ikkje. For på denne konserten blir han vitne til noko som mildt sagt får det til å rakne for han. Noko  – som for andre kanskje berre er ei ”lita episode” – får han til å miste hovudet heilt og denne natta blir lang. Veldig lang. Forutan Jarles kaotiske hovud og ståket han steller i stand, får vi som lesarar også eit sårt gjensyn med Helge – Jarles barndomskompis. 

Femte bok skiljer seg ut på mange måtar, både med tanke på innhald og handling, men også særleg tenker eg på tempoet og energien. Dei første bøkene, særleg dei første to, strutta av energi og futt, noko som passar godt inn med Jarle sitt liv, alder, og tankar, og med bokas handling totalt sett. I denne femte boka er Jarle blitt trettifem år gamal, han har slått seg til ro med kone og barn, han arbeider som lærar, og lever ganske A4. At fortellerstilen er litt meir dempa og beherska passar derfor veldig godt, og dannar eit godt grunnlag for det denne boka formidlar: djupare refleksjonar, ein del nostalgi, ein del sorg, ein det undring. Eit møte med nokon frå fortida gjer at Jarle, noko vedmodig, dykkar inn i seg sjølv – kven han er, kven faren var, kor mykje av faren som finnes i han-Jarle. Spøkelsa frå fortida er der også, og det er i stor grad desse han tek eit slags oppgjør med her. 

Eg likte godt denne, trass i ( eller kanskje nettopp fordi?! ) ho er så annleis frå dei andre. Ho skapar ei god avslutning på serien om Jarle Klepp. Ekte, truverdig. Ikkje for dystert, heller ikkje for sukkersøtt og overlukkeleg. Ein ordentleg slut på ein bokserie. Merk det: slut for BOKSERIEN, ikkje for Jarle sjølv. For, slik er velger å lese boka, lever han vidare i ein relativt god trallt som vaksen mann, ektemann, familiefar, lærar … og seg sjølv, Jarle. 

Det var dog eit par ting eg irriterte meg over i denne boka … og som eg ikkje klarar å leggje heilt vekk (eg har verkeleg prøvd!) Det står nemleg ein del ting her (som eg ikkje skal utdype for mykje mtp at mange ikkje har lese denne boka og at det kanskje kan øydelegge litt for korleis en velgjer å lese dei andre bøkene i serien) som ikkje passar heilt inn i plottet til dei andre fire bøkene. Mellom anna dukkar det i denne boka opp eit familiemedlem som ikkje er nemnt med eitt ord i dei andre bøkene. Denne karakteren har ein viss rolle i denne boka, men passar ikkje inn i handlinga i dei andre bøkene. Hadde dette vore ein  frittståande bok, om ein annan mann enn Jarle, ville det ikkje gjort meg noko. Men …æsj altså, eg klarar ikkje la være å ergre meg litt over at denne karakteren er med i boka. Elles har eg og funnet ein del andre småting som skurrar litt – mellom anna at Jarle fortel om ein episode kor han besøker faren sin i barndomsheimen… men; på den tida denne episoden skjer bur ikkje faren i barndomsheimen – for han har nemleg flytta til Forus. Verken mora eller faren til Jarle bur i barndomsheimen på denne tida ….
At eg lot desse tinga gå inn på meg, ja faktisk irritere med skikkeleg, kan kanskje sees på som positivt også – det betyr jo at bøkene har engasjert meg nok til å vekke kjensler og engasjement. 

Det er likevel desse tinga som gjer at eg ikkje klarar å gje boka eit høgt terningkast …klarar faktisk ikkje trille terninga i det heile tatt. Hadde boka vore ein frittståande roman, eller hadde ho vore skriven utan å «motseie» plottet i dei andre bøkene, ville eg lett gitt ein femmar. 


SUMSUMMARUM

Dette er ein solid bokserie som byr på eit stort spekter av hendingar og kjensler. Det er mykje smerte, men også enormt mykje humor og glede. Bøkene er varierte, og samstundes tru mot seg sjølve – både mtp måten dei er skrivne på, og også mtp karakterutveklinga. Sjeldan har eg opplevd å bli så godt kjend med litterære karakterar som i denne serien. 

Må også seie at eg likar godt at bok 1 og 5 er skriven i første person, mens dei tre i midten er fortalt frå i tredje-persons perspektiv. At serien startar og slutar slik gjer ein slags kjensle av noko fullkomen og ferdig. Det er eit interessant grep å bytte slik mellom bøkene, og kanskje var det heller ikkje eit bevisst val frå forfattaren si side frå og med starten av? Men slik det er gjort syntes eg at eg fekk bli kjent med Jarle frå innsida ut, bokstaveleg talt.

Så – kvifor skal du lese denne? Vel … mellom anna fordi:
* her finst det noko for alle! Humor, glede, alvor, sorg, …
* vanvittig underhaldnande
* gjenkjenbart – alle vil kunne kjenne seg at i noko her, om det er barnlege kjensler, kjærleiken, tvilen, frykta … uansett kor fin eller dårleg barndom du har hatt er det umogleg å lese desse bøkene uten å kjenne at noko av dette Jarle kjenner på
* Du kjem til å bli glad i Jarle, og blir du det har du heile FEM bøker å sjå fram til å kose deg med
* Gjennomført og solid serie
* særs artig å sjå filmane (dei tre første bøkene har fått kvar sin film) etter å ha lese bøkene. (Eg såg faktisk filmane først, for mange år si, men fekk likevel ei heilt anna oppleving av bøkene, så det eine utelukker ikkje det andre.)
* Av alle oppvekst-romaner er desse (dei to første) blandt dei sterkaste og mest nøyanserte eg har lese. 
* Ein heil haug av gullkorn
* Fargerikt språk, med ordspel og intelligent humor

Helga Flatlands trilogi – “Bli hvis du kan”

Eg las mange bøker i juni. Denne trilogien er den som sit mest igjen – eg kjenner den endå i kroppen, eg tenker framleis på karakterane … eg har nok rett og slett funnet eit litterært meisterverk som fortener å førast opp på favoritt-lista.

TRILOGIEN BESTÅR AV FØLGENDE BØKER:
1) Bli hvis du kan. Reis hvis du må.
2) Alle vil hjem. Ingen vil tilbake
3) Det finnes ingen helhet

I SIN HEILHEIT:
Handling:

Heile trilogien bygger på same sak – dei fire barndomskameratene som vervar seg til militærteneste i Afghanistan. Berre ein av dei kjem heim i livet. I desse bøkene får vi innblikk i tida før dei verva seg og i tida etterpå. Altså ser vi både på årsakene til at desse gutane valte å reise til Afghanistan – årsakar dei ikkje heilt sjølv ser i klartekst – og på korleis tapet av dei pregar ei heil bygd. Tankar om kvifor dei drog og kjensla av sorg står sentralt i alle tre bøkene, og desse to tinga (sorg og ”årsak”) vert betrakta frå ulike karakterars synspunkt gjennom heile trilogien.

Mine vesle tankar, meiningar og inntrykk:
Dette er kort sagt ei djup og kjenslerik fortelling om ei ulykke som rammar ei heil bygd. Kjenslene vert skildra så utroleg sterkt at ein oppleverboka i større grad enn ein ”berre” les ho. Eg kunne reint fysisk kjenne noko heile tida mens eg las – eg kjente sinne, sorg, forundring, tidvis litt glede og varme, einsemd … eg følte det som om eg fekk oppleve mykje av det same som karakterane i boka (dog i mykje mindre grad, sjølvsagt).
Sorg er den sentrale kjensla (og også tema), og i denne boka kjem det klart fram kor omfattande sorg kan vere; kor ulikt den rammar oss, korleis sorg kan vekke ein heil haug med andre kjensler og korleis desse andre kjenslene kan bli så sterke at ein ikkje ein gong klarar å kjenne på sorga.
Sorg, skam, skuld, sinne, anger, bebreiding, kjærleik, tap, sakn … og også nokre ”betre” kjensler som håp, liv, kjærleik utgjer eit kjenslerikt spekter gjennom heile fortellinga.

Screen Shot 2018-07-31 at 10.28.41

I tillegg til denne vanvitig sterke framstillinga av kjensler får vi også sett litt på årsaka bak valet om å verve seg. Fire ulike gutar med ulike grunnar til å reise. Eg likar godt at det ikkje finst ein ”konkret” grunn, ikkje noko soleklar årsak. Tarjei reiser og har sine tankar om kvifor utan heilt å kunne sette ord på det. Mora hans, Karin, har også nokre tankar om kvifor han reiser og føler seg medskuldig. På same sett får vi via oppveksten og familiane innblikk i moglege årsakar til at dei andre reiser til Afghanistan, utan at det kjem noko fasit – og nettopp dette syntes er så fint, for det er vel ofte slik at ein tek val utan heilt å vite kvifor. Ofte gjer ein noko for å sleppe unna noko anna – det er ikkje alltid eit aktivt val eller ønske. Andre gonger brenner ein intenst for noko og tek bevisste val. Og av og til hamnar ein midt mellom to stolar og livet verker til å ta vala for deg. Alt har kanskje ingen grunn?

Eg har lese ein god del trilogiar dette året, og ein ting eg har merka meg er at nesten alltid likar bok nr to best. Dette er nok første gong eg har hatt den tredje og siste boka som favoritt. Dei andre to er også knallgode, men denne tredje gjorde noko ekstra med meg. Mykje sannsynleg på grunn av at eg innan denne boka alt hadde ein viss kjennskap til alle karakterane og hendingane slik at det gav meg endå meir.

+++ PLUSSAR +++
+ Sjølv om vi følgjer eit stor karaktergalleri klarte eg å halde styr over dei ulike folka og familiane – og det seier litt for eg er normalt sett enormt dårleg på nettopp dette, og ofte gjer eit for omfattande persongalleri at eg blir oppgitt og frustrert i lesinga fordi eg sliter med å hugse kven som høyrer til kor. Her fekk er overraskande lett oversikten!
+ Kjenslene skildrast så intenst at ein ikkje kan unngå å bli rørt
+ Til tross for at boka ikkje følgjer ei spenningskurve – det finst ingen klare vendepunkt, ingen tydlege klimaks osv – er den aldri langtekkeleg eller keisam.
+ Språkleg leverer boka også bra! Språket er biled-rikt og formidlar enormt mykje utan å seie det direkte. Kjenslene vert ekte og veldig truverdige. Flatland viser ein enorm innsikt og forståing av menneske! Og ho lukkast med over seks hundre sider med formidling av kjensler utan å gjenta seg sjølv, utan å ty til kjsliéar …

 – – – MINUS —
Det einaste eg har å utsette er at eg personleg ikkje likte at boka byta på bokmål og nynorsk. Det fungerte ikkje, syntes eg! Karaktrane fekk unike stemmer gjennom skrivestilen, ikkje målforma. Og eg …tja … kan ikkje eigentleg begrunne misnøya kring dette valet om å byte mellom bokmål og nynorsk utover dette at eg syntes det blei forstyrrande.

BOK FOR BOK – kort oppsummering av kvar bok (utan spoliers)

Bli hvis du kan. Reis hvis du må.
– i denne boka følgjer vi fire karakterar som fortel om seg sjølv, bygda og menneska rundt dei. På denne måten får vi ikkje berre innblikk i den fortellanda karakteren men også i folka rundt dei. Dette gjer at vi også blir kjend med andre karakterar – som får si eiga stemme i dei andre bøkene.
Screen Shot 2018-07-31 at 10.31.20
* Tarjei: den eine av dei fire som reiser. Han fortel om si oppvekst, sine vener, sitt nære forhold til storesyster Julie, forventingane til faren om at han – Tarjei – ein dag skal ta over garden. Eit ønske og ein rett som eigentleg tilhøyrar systera Julie – og som faren på sett og vis verker heilt ignorant for. Han kompromissar med seg sjølv gjennom heile boka ved å vike for farens u-uttalte krav og forventningar. Så kjem forslaget om å dra til Afghanistan …
* Jon Olav: Naboen til Tarjei og hans familie. Han har vekse opp i lag med Tarjei si far. Han er også far til Sigurd (som vi seinare får høyre meir til – Sigurd og Julie er av same årskull og har eit godt venskapleg band). Han fortel om tida før og etter ulykka, og vi får gjennom han sjå familien til Tarjei utanfrå. Vi får også innblikk i kor sterkt ulykka pregar sonen hans – Sigurd. Sigurd vert mykje sterkare påverka – nærmast lamma og sjuk – enn kva ein skulle tru med tanke på at han ikkje var direkte knyta til desse gutane.
* Karin – Tarjeis mor fortel om korleis ho møtte Tarjeis far (Hallvard) – og via denne kjærleiksfortellinga får vi sjå sentrale personlegheitstrekk hos henne som har prega ho heile livet og som også påverkar dei rundt henne. Vi får sjå korleis ho fullstendig fortapar og fordjupar seg i kjærleik, korleis ho kjenner ting veldig intenst – på både godt og vondt. Vi får også eit inntrykk av at forholdet mellom henne og mannen er eit slags trekantdrama kor garden er den tredje parten. Også hennar forhold til sine to born – Julie & Tarjei – står sentralt i denne dele av boka. At ho elskar dei er det ingen tvil om. Men kjærleiken og relasjonen til dei to er svært ulik.
* Trygve – nr to av dei fire som verva seg. Han fortel om oppveksten, om forholdet mellom han sjølv og desse gutane då dei vaks opp. Vi får også sjå at han føler seg annleis frå dei andre – noko han både vil skjule og samstundes verkar etter å få ut i det opne. Gjennom kjenslene og hendingane han skildrar syntes eg boka får ein god slut som gjer nokre svar og også nokre nye spørsmål. Ein god avslutning som opnar for ein ny god bok. Nemlig nr 2:

Alle vil hjem. Ingen vil tilbake
Her er det desse karakterane vi følgjer:

* Julie – Tarjeis storesyster. Sentralt her står odelsretten til garden – som legalt sett er hennar. Noko begge foreldra verker til å ignorere. Ho seier aldri direkte at ho vil ha garden, at dette er drøymen hennar. Men ho er aktivt involvert i drifta, ho er intelligent og intuitivt dyktig. Likevel blir ho oversett mtp å skulle overta garden. Dette pregar ho intenst og ho verkar til å bli splitta i ei indre strid om å vere den gode, snille dottera som gjer alle glad heile tida samstundes som ho vil setje ned foten og ta det ho har krav på. Ho vil seie i frå, men ho vil ikkje skape trøbbel. Vi får også sjå litt til livet hennar elles – forholdet til Sigurd, og til Mads, til bygda.
* Sigurd – Elska å få lese litt frå hans perspektiv etter at han i del ein blei skildra utanfrå frå farens perspektiv (Jon Olav). Vi får sjå litt av oppveksten hans, tankar, kjensler, drøymer. Smerte og lukke. Skam og skuld. Vi får svar på kvifor sorga rammar han så hardt som den gjorde. Og vi får sjå korleis han taklar – og ikkje-taklar – sorga.
* Mads – kjærasten til Julie, iallfall innimellom. Det er det nemleg ho som styret. Mads er fortapt i Julie. Men denne garden står i vegen. Litt på same måte som relasjonen mellom Hallvard og Karin for også her garden ein slags tredjerolle som gjer forholdet til ein slags trekantsrelasjon med garden som ein konflikt utan løysing. Julie gjer uttrykk for at ho skal overta garden, noko Mads etter kvart innser at ikkje er så sjølvsagt og enkelt som han fekk inntrykk av i starten. Mads vil at ho skal gløyme garden og bli med han til byen, starte noko nytt der heller. Julie klarar derimot ikkje å legje frå seg drøymen om denne garden, men klarar heller ikkje å kreve si rett. Dette gjer at Mads blir sittande å vente, utan heilt å få noko avklaring på kor livet er på veg.
Screen Shot 2018-07-31 at 10.30.11

 

Det finnes ingen helhet 
Det meste av handlinga i denne boka finn sted fem år etter ulykka og vi får via ulike karakterar sjå korleis liva til dei ulike karakterane har utvekla seg desse åra. Vi får ikkje møte alle karakterene direkte – men dei verdt godt skildra gjennom dei karakterane som får stemme i denne boka – nemleg:

* Ragnhild – doktoren som blitt nemt gjennom heile boka. Spanande å sjå meir av henne ettersom dei ulika karakterane har skildra ho på ulike vis – som ei uunværlig støttespelar, ei som bryr seg og viser støtte, ei som er for pågåanda og masete, ei som blandar seg I andres sakar, ei som verkar einsam, ei sterk og sjølvstendig dame … Dei fleste likar henne godt. Nokre få syntes ho er for påganda og at omsorgen hennar grenser til det nyfikne og påtrengande. Her får vi sjå litt meir an Ragnhild – motivasjonen bak det ho gjer, tankane ho har om dei ulike karakterane. Vi får også sjå eit slags skifte – no når folk kjem seg vidare og ho ikkje lenger er like viktig … kven er ho då? Einsemda veks i henne og ho føler ein slags sorg over ikkje lenger vere ”ønska” og ”trengt”. Dette med å høyra til står dermed sentralt i denne boka.
* Bjørn – den einaste som overlevde ulykka og kom heim at til  bygda. Det er vondt, så utroleg vondt, å lese denne delen. Samstundes var det godt å endeleg få lese historia til den eine som faktisk kom heim at.
* Karin – mora til Julie & Tarjei; vi får sjå litt om korleis ho har det no, om korelis sorgen har påverka henne og livet, tankesettet og relasjonen til mannen Hallvard. Vi får også eit djupare innblikk i hennar relasjon til Ragnhild, til byga, og til dei noko ustabile kjenslene som ho skildra i den første boka.
* Hallvard – far til Julie & Tarjei; han fortel om korleis sorgen har prega han, om skuldkjensla han har overfor Julie mtp odel og gardsdrift, om samenbrotet hans (som vert omtala i bok 2) og tida etterpå, om tida no… Med ein slags roleg og smådyster stemning fekk eg inntrykk av at han på sett og vis aksepterar tinga som dei er no, at han ikkje streber etter å endre ting men heller berre vil la ting gå si gang, at han berre vil leve det beste han kan.
* Vi får også eit gjensyn med Sigurd, Julie og Mads; vi får sjå litt meir av Julies ”sårbare” side, blir betre kjend med Mats, og får også sjå fleire sider av Sigurd – ein karakter eg likte betre og betre gjennom desse bøkene.
* Denne boka handlar mest om familien til Tarjei – skildra både gjennom Tarjei og Karin, men også sett utanfrå via Ragnhild og Sigurd og ein del andre.
* Likar veldig godt korleis Ragnhild ”bærer” denne boka. Boka startar med eit kort kapittel om Ragnhild som venter på sin neste pasient – Karin. Deretter får vi følgje Karin si karakter ei stund – i tida etter ulykka og fram til dette legebesøket no fem år etterpå. Deretter besøker vi igjen Ragnhild som reflekterer over timen med Karin, og gjer deg klar til neste pasient – Bjørn. Som vi deretter får følgje. Deretter tilbake til Ragnhild att, og vidare til neste pasient og karakter – Hallvard. Ragnhild går altså igjen og utgjer ein slags ”heilhet” (trass i bokas tittel om at det ikkje finst noko heileheit… 😉 ) og god flyt. Ho fortel litt om sine tankar om dei ulike folka før vi deretter føres inn i den aktuelle karakterens univers kor dei fortel om tida etter ulykka. Deretter fortél Ragnhild litt meir før vi igjen går vidare til ein ny karakter.


Vil også kort seie at sjølv om heile denne trilogien handlar om noko såpass dystert og trist som sorg, død, sakn, skam og skuld – og trass i det politiske bakteppe – så er ikkje boka ”klissete” og overdriven. At det går an å skrive tre bøkar om slike kjensler utan at det på noko tidspunkt blir klissete og seigt, treigt og keisamt, og heller ikkje reparativt og gjentakande er verkeleg eit kunststykke! Ein fantastisk sterk trilogi som alle med kjensler burde lese.

 

 

 

Forfattarfavorittar

 

Frå toppen av hovudet kom følgende liste – altså er det stor sjans for at nokon (mange) har blitt gløymt. Tenker likevel at nettopp fordi eg «berre» drar namna ut frå hukommelsen – framfor å granske hylla mi – så gjer det kanskje eit ekstra sannferdig bilete av hvilke forfattarar eg for tida er aller mest opphengt i.

Felles for desse eg nemner her er at dei leverer FLEIRE bøker av høg kvalitet og at eg   ”samlar” på dei – føler eit slags ansvar for å være trufast og lojal mot dei …
(Altså utelater eg ein haug av dyktige forfattarar som eg berre has lese ei enkelt bok av og dermed ikkje veit nok om heile forfattarskapet til å kunne inkludere i denne eksklusive lojalitetsklubben min…) Bokhylla mi er meir enn overfull, så når eg no kjøper bøker er det hovudsakleg fordi dei tilhøyrar denne gruppa forfattarar som eg føler meg ”lojal” mot – eg føler liksom at eg skuldar dei å kjøpe boka, kjenner at eg trenger å eige boka, at eg ikkje berre kan låne ho og levere tilbake igjen.
blll

Dei har følgende til felles; eg har likt ALT eg har lese av dei – med andre ord leverer dei jamt og trutt bøker av god kvalitet. Dei lukkast med å fortelle originale historier kor karakterane er sterke og velutvikla, kor replikkane er naturlege og vittige, og kor språket i seg sjølv løfter leseopplevinga til eit høgre nivå!

Så – her er (nokre) av mine største favorittar!
(Bok-tips/favorittbok i parentes – men det er jo da altså berre ei av mange bøker eg elskar… er nesten litt sårt å skulle velje ei…)

NORSKE FORFATTARAR Å BLI KJEND MED:

* Rune Belsvik – ein heil vanleg mann (+ alle bøkene om Dustefjerten!)
* Ragnar Hovland – Stille natt
* Marit Eikemo – Alt inkludert
* Tore Renberg – Vi sees i Morgen
* Johan Harstad – Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?
* Agnes Ravatn – Fugletribunalet
* Carl Frode Tiller – Skråningar
* Helga Flatland – Vingebelastning
* Siri Østli (Norges «chick-lit» og «feel-good»-dronning!) – Det søte liv
* Jo Nesbø – Harry Hole-serien er ein must å ha for ein boksamlar…  (krim)
* Torkil Damhaug – Sikre tegn på din død (krim)
* Karin Fossum – Elskede Poona (krim)

Tankar om: The Blackhouse av Peter May

Peter Mays trilogi;  «The Lewis-trilogy» består av følgende bøker:
1. The Blackhouse
2. The Lewis Man
3. The Chessman

Det er no ganske lenge sia eg las den første boka – The Blackhouse, så når eg no skriver kjapt om denne er det ut i frå minnet og dermed ikkje av særleg analyserande art. Ein kjapp lita omtale vil eg likevel dele fordi eg straks vil skrive om bok nr to i serien. Og deretter den tredje og siste. Så – here it goes:

petermay
(Berre ignorer den noko komiske og upassande kombinasjonen av einhjørningen som kastar opp regnbua og den mørke, dystre boka…. Eg fekk det føre meg – der og då – at dette var ein fantastisk morosam kontrast. Eg var ikkje høg eller rusa eller noko som helst anna enn ramma av litt for mykje koffein… )

Kort om handlinga:
Politimannen Fin vender heim til den vesle øya kor han vaks opp, og som han sidan forlot for å starte eit nytt og betre liv i Skottland. Det er ein kriminalsak som fører han tilbake dit. Ein mann er funnen hengd i eit naust, og det viser seg ikkje å vere eit sjølvmord. Mannen det er snakk om er ein Fin kjenner frå barndommen – ein skikkeleg bølle. Drapet har fleire likheitstrekk med eit anna mord som hendte i Edinburgh. Sidan Fin arbeider for det skotske politiet og i tillegg har kjennskap til øya, folka, tradisjonane osv der, blir han satt på saka. Kven har drepe denne mannen? Finnes det noko kopling til Edinburgh-mordet? Og – korleis blir det for Fin å vende nasen heim etter så mange år vekke?

Så langt høyres dette ut som ein tyyyyypisk kriminalroman – men det er nettopp det dette ikkje er. For: ja, vi følgjer Fin heim til øya si og er med han på etterforskinga. MEN – samstundes får vi gjennom tilbakeblikk også sett oppveksten hans på øya. Altså bli dette ein slags kombinasjon av krim og oppvekstroman – noko som eg i starten syntes var ein merkeleg kombinasjon, men som på sikt fungerte veldig fint.

Min dom & tankar:

Positivt:
+ elegant veksling mellom no-tid og fortid: det blir aldri forvirrande eller uoversiktleg
+ Historiske detaljar: I tillegg til å kombinere sjangrane oppvekstroman og krim, har Peter May også -på vellykka vis – fått med mykje historisk informasjon om desse øyane utanfor Skottland. Historie som blir formidla utan at det blir traust og tørt, utan å bli belærande. Det av historie som kjem fram passar inn i handlinga og er faktisk ganske så interessant.
+ truverdige karakterar med dybde
+ mangfald av hendingar og tema – utan at fokuset glir vekk frå hovudhandlinga (krimsaka)

Negativt:
– Dette er kanskje å bande i kjerka … eg er imidlertid ikkje kristen av meg så eg eiger ikkje skam (berre litt) og bannar dermed uhemma i veg: skildringane av natur – det blir til tider litt for mykje, litt for lange skildringar og litt for hyppig. Eg opplevde at eg kom inn i ein god flyt, las og las, lot meg rive med, men så kom ei eller anna skildring av himmelen og havet og heller enn å skape stemning (som det nok er meint) blei det eit uønskt avbrot i flyten. Samstundes må eg også seie at utan desse naturskildringane ville ikkje boka vore så god som ho er – for til tider kunne g sjølv nesten høyre havet bruse, kjenne vinden suse i øyrene og regnet piske meg i andletet. Så – eg konkluderer med at: 1) Flotte skildringar, men dei kunne til fordel vore litt færre og litt kortare. 2) Eg opplever nok skildringane av naturen som ekstra slitsame fordi eg las boka på engelsk og blant alle ukjente ord og utrykk handla dei fleste om nettopp naturen og landskapet

 

Les denne dersom du vil:
– ha ein serie å lese; det er to bøker til i same serie
– likar krim men er er lei av ”typiske” krimbøker
ikkje er så glad i krim fordi ”alt berre er” action, blog og mord – her får du mykje meir: historie, oppvekst, kultur, temaer som overgrep, kjærleik, sorg, skuld, skam, ansvar osv.
– lære litt kulturen og historien på Hebridene (dei vestlege øyane utanfor Skottland) samstundes som du blir underholdt.
– ha spenning til siste side
– kjenne på uhygga når du les; for i denne boka finner du meir enn tomme ord – fleire av desse scenane kjenner du på kroppen.

Etter en nedtur – kom heldigvis en opptur

Overskriften beskriver i korte trekk min opplevelse av å lese “Berge” av Jan Kjærstad.

For … jeg ser seksere og femmere på forsiden av boka, jeg ser referanser til nominasjoner og tildeling av priser, jeg leser ros og skryt – og jeg bygger meg opp forventinger om en storslagen bok.

berge

Så … begynner jeg da. På del en av tre i boka. Og følgende tanker dukker opp: hva feiler det meg? Hvorfor liker alle andre denne boka? Herregud… sukk … 300 sider igjen!? Altså vurderte jeg flere ganger å legge vekk boka, gi den opp. Konkluderte med at den nok var for skarp, for politisk, for dyp, for intellektuell… For noe… For komplisert eller noe annet uidentifisert som gjorde at jeg ikke klarte å leve meg inn i boka og ikke ble engasjert… Jeg tenkte faktisk at jeg var for dum.

Så kom del nr to av boka, og vi går fra å følge Ine Wang til å se historien fra Peter Malms synsvinkel. Og da… da ble jeg omsider engasjert. Mer enn engasjert, jeg ble begeistret. Og sjarmert av denne sære og kjære enstøingen av en mann, som jeg faktisk kunne kjenne meg litt igjen i – tross for stort gap i alder, yrke og alt annet som skulle tilsi at vi skulle ha noe til feller. Med Peter Malm ble altså interessen fanget og jeg ble nysgjerrig på hans karakterer.

Herfra og ut resten av boka gikk det bare en vei og jeg slukte den siste 2/3 av boka i løpet av to leseøkter…Og det sier en del for jeg er ikke den mest politisk engasjerte personen. Jeg følger med på nyhetene og har enkelte hjertesaker jeg brenner for men jeg innrømmer gjerne at jeg ikke alltid er så oppdatert på politiske og samfunnsmessige spørsmål som jeg kanskje burde. Dette til tross klarte jeg (omsider) å bli veldig glad i denne boka!

KORT OM HANDLINGEN:
Et mord, eller fem…., begås en kveld i august. Ofrene er AP-mannen Storen, hans kjæreste, Storens datter Gry (også hun en sentral skikkelse innenfor AP), Grys kjæreste og kjærestens vesle datter. Dette forferdelige mordet påvirker hele nasjonen og vi følger tre av dem som berøres og får se hvordan denne saken påvirker dem på svært ulike måter. I tillegg til selve saken diskuteres en lang rekke aktuelle og spennende temaer som bla skyld, straff, ansvar, skjebnen, begrepet ”rettferdighet”, dagens samfunn, vold, politikk, motiver… Med (mye) mer.

Kort oppsummert
Boka reddes av del 2) Peter Malm. Også karakteren Lev løfter boka mange hakk! (Jeg tror vi alle kjenner en slags Lev…?!)
Og del 3) leste jeg i ett jafs.

Positivt:
+ Viktig bok! Og faktisk også veldig engasjerende. En veldig annerledes type krim. Særlig pluss for alle «undertemaene» som tas opp – skyldfølelse av å glede seg over terroren, en kriminal sak og tragedie som blir til underholdning, skyld, straff, rettferdighet, kjærlighet, sjalusi, makt.
+ Temaene er mange og viktige. Jeg likte også de mer og mindre subtile referansene til diverse musikere, litteratur, filosofer og historiske hendelser. Ofte blir det kjedelig og trått med mange slike referanser, men her fungerte det utmerket og bidrog til å gi karakterene farge og karakteristikk.
+ Hadde også sansen for språket – Gode formuleringer, og veldig gjennomført mtp at skrivestilen ble noe annerledes for de ulike delene i boka, altså passet det til den aktuelle karakteren.
(+ Jeg liker også å lære nye ord og her kom jeg over et par tre gode ord jeg ikke kunne fra før! Palimpset, mastodon, proletar, immanens, nimbus …Og – disse ”vanskelige” ordene glir naturlig inn i teksten, her er det ikke slik at forfatteren besitter et ordrikt vokabular som han higer etter å briefe med, slik det faktisk kan oppleves i blandt)
+ Språket står i stil med karakteren som er i fokus – skrivestilen er en helt annen for delen om Ine Wang og den om Berge og den om Malm. Altså er språket, slik jeg ser det, på vellykket vis tilpasset karakteren som ”taler”.

Minus:
– jeg brukte over hundre sider på å bli engasjert…
– til tider ble litt vel mye unødig snikksnakk

DOM:
Hadde det ikke vært for at del 1 overhodet ikke klarte å engasjere meg (klarer fortsatt ikke sette fingeren på hvorfor…) ville jeg sannsynligvis trillet en fem + eller til og med sekser. Den siste 2/3 er likevel såpass solid og gav meg så mye at jeg havner på en femmer, om dog noe svak.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27

Følgende er diverse tanker jeg gjorde meg opp undervegs – så hvis du allerede har lest boka kan du gjerne lese videre og dele dine tanker med meg i kommentarfeltet??   NB!! OBS!!! – —-videre tekst kan inneholde små «spoilere» —-
((Alt som skrives nå er altså påstander uten bevis – ren synsing og fagløse meninger ytret av en helt gjennomsnittlig tjueniåring…))

Tanker om hvordan saken påvirker de ulike karakterene:

Del 1) Ine Wang
– godter seg over de mulighetene terrorsaken åpner for henne som journalist. Den river henne ut av den mørke avgrunnen hun har sittet fast i. Føler seg viktig igjen. 
meeen…. Så ligger hun med intervjuobjektet sitt og oppdager at han sannsynligvis er morderen. Dette stanser ekstasen og rusen hun har kjent på og hun føler seg ganske flat og vet ikke lenger hvordan hun skal forholde seg til saken. Etter en del betenkingstid kontakter hun politiet anonymt.
– mot slutten ser vi endringer hos henne – blant annet føler hun ikke lenger samme behov for å bli sett, til å skrive førstesiderssaker, til å bli anerkjent og rost. Heller ikke samme trang til å nå opp og frem i livet – slippe ut av boligstrøket som hun frem til nå har mislikt og følt seg ”for god” for

Del 2) Peter Malm
– ergrer seg over terroren som forstyrrer tilværelsen – både hans og hele nasjonens. Norges anonyme status ødelegges og gjør landet synlig og sårbart for verden. Setter ham ut av balansen han liker, eller som kanskje heller kan beskrive som faste rutiner og vaner som nesten kan sies å være tvangspreget. Terroren ødelegger også for skriveprosessen (han skriver bok). Terroren ødelegger for ham og for Norge.
– Ines motsetning på flere punkt, særlig mtp å vil være usynlig og i fred
– interessante tanker og synspunkt om rettferdighet.
-blir til slutt utnevnt som dommer i saken

3) Berge
– den antatte drapsmannen og døde Grys ekskjæreste 
kler klisjéen om at et menneske er som en løk – han har mange mange lag!
– fremstår for andre som envis og sta, som sær og mislykket mtp å leve opp til forventingene han blir født inn i med to foreldre som begge var høyest involvert i AP. 
Jeg opplever ham som mye mer nyansert enn hva de andre i boka anser ham for å være.
– Han virker til å være en mann som er misforstått av de fleste
.
– Virker også noe forstyrret og ”skadet” – selv om han har sterke og solide meninger om mye finnes det også en del områder hvor han vingler enormt og virker ustabil – særlig de områder som berører andre mennesker og relasjoner.
– Det virker som om Peter Malm er en av få som ”ser” ham – altså ser ham på en annen måte.
– Novellene hans, bloggen hans, alt han presterer virker til å bli avfeid og sett på som ”uviktig” og ”feil” av de fleste. Kritikerens og de fleste andre meninger om han danner ett bilde av ham. Mens enkelte andre klarer å fange opp andre sider av ham – blant disse er Peter Malm som ser noe ”mer” hos den unge mannen.
– en karakter med mange lag som ”ingen” egentlig kjenner”; og her synes jeg det kommer godt frem hvordan det ofte er med enkelte mennesker en aldri helt blir klok på. Og indirekte er dette en velykket beskrivelse av hvordan vi så lett danner oss opp et bilde av en person og lar oss fange av dette ene bildet som hindrer oss i å se mer av dem.
– interessant slutt hvor Berge nærmest ser på der som sitt ansvar å påta seg skylden for noe han ikke har gjort

The End

(LES DEN LES DEN LES DEN!)

Ein bittelita storfavoritt

I dag vil eg skrive litt om ei fantastisk lita perle av ei bok. Eg las henne i fjor på denne tida, utan å ha særlege forventingar. Sant å seie ville eg berre ha ei kort bok å lese fordi eg nyleg hadde slitt meg gjennom ei bok på over tusen sider. Kjøpte boka på impuls i bokhandleren – fordi den 1) var lita og tynn, 2) tittelen fekk humkommelsesbjella til å ringe, og 3) fordi bjellas toner kimte så salig og fint at eg visste det var noko kjent med boka – eg hadde nemlig høyrt om henne før, men kunne ikkje hugse om det eg hadde høyrt var godt eller dårleg; berre at eg definitivt hadde høyrt om denne boka før. Så – ho blei med meg heim og eg slukte ho i eit jafs same dag.

Eg snakkar om boka: «Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede» av Jan Wiese.
(Ho er forresten mykje mindre erotisk enn kva tittelen kanskje kan antyde.)

Screen Shot 2018-02-10 at 10.25.04

Denne anbefalar eg fordi:
– Størrelsen til tross er ho overraskande stor og djup.
– Plottet er originalt – ulikt alt eg har lese før. jeg har lest før.
– Språket er nydeleg! Kort, presist og samstundes veldig beskrivende utan at forfattaren brukar ein heil masse ord.
– Eg har aldri nokonsinne lese ei så lita bok med ein så stor fortelling inni!

KORT OM HANDLINGA:

Ei av bokas houvedpersonar arbeider i arkivet i Vatikanet. Her finner han ei bunke gamle og gløymde fortellingar – blant anna om denne kvinnen som kler av seg midt på eit torg i Italia. Desse byrjar han å lese, og etterkvart som han leser trekkes også vi lesere inn i historiene.

Sentrale temaer slik eg ser det: Kjærleik, lojalitet, sanning.
(Berre nokre av dei mange temaene her, i min amatørmessige meining.)

Boka er 163 sider kort, har vunnet ein rekke prisar, og du har herved ingen unnskyldning til ikkje å lese henne.