Halvvegs i bokåret – ein oppsummering


Dette året har eg lese rekordmykje – rett og slett fordi eg er sjukmeldt og har tid til overs, og lesing gjer meg ein herleg ro som eg ikkje finner så lett elles. Noko med stilla, mangel på skjerm og lys og lyd gjer meg ein herleg ro. På eit vanleg år – med full jobb og meir energi til å gjere andre ting – leser eg typisk femti bøker i løpet av eit år. (Ville bare nevne det slik at ingen får føre seg at det er enkelt eller i det heile tatt mogleg å lese så mykje som eg no har gjort i år!)


Uansett – Av dei snart 120 bøkene eg har lese i år er desse dei som har gjort størst inntrykk (tilfeldig rekkefølgje!)

Balansekunst, Rohinton Mistry
Kniv, av Jo Nesbø
Søsterklokkene, Lars Mytting
Sommerlys og så kommer natten, Jon Kalman Stefansson
Den danske borgerkrig 2018-24, Kaspar Colling Nielsen
Fried Green Tomatoes at The Whistle Stop Café, Fannie Flagg
Vår felles venn, Dickens
Traveling Cat Chronicles, Hiro Arikawa
Keiseren av Portugalia, Selma Lagerlof 
The Housekeeper and the Professor, Yoko Ogawa

Og derfor vil eg skrive litt om desse utvalte perlene!

BALANSEKUNST
Det er alt skrive mykje om denne boka, og å gjenta det same som alt står skriven tilfører ikkje stort av verdi. Eg vil likevel skrive nokre få ord om boka då dette er bok som fortener omtale, merksemd og fleire lesarar. Dette er ei bok som tidleg utpeika seg som favorittliste-kanditat hjå meg, og som sidan har stått på den lista, og der kjem ho til å bli ståande.

Å halde lesarens merksemd gjennom 800 kompakte sidar er ein bragd! Og forfattaren gjer nettopp det. Ikkje eit sekund sukka eg over bokas lengde eller tenkte at ho skulle vore strammare redigert (slik eg ofte elles gjer med mursteinsbøker). 

Boka handlar om fire menneske sitt liv i India i perioden frå unntakstilstanden til frigjeringa. Det er altså ein realistisk og historisk roman. Verken historia/sannferdigheita eller realismen står i vegen for romanen – tvert om! Romanen er i fokus, historie-delen er eit slags bakteppe som ikkje tek over fokuset. Og eg trur det er mykje av grunnen til at denne boka fungerer såpass godt. EIn lærer mykje om INdia ´utan at ein opplever å bli skolert på noko som helst vis

Bokas plott et sterkt! Liva til desse fire karakterane blir formidla med flytande overganger mellom dei ulike karakterane, vi blir godt kjende med dei kvar for seg, og saman som gruppe. Karakteranes styrker og svakheiter gjer dei truverdige, ekte, og høgst likandes! Boka vekker kjensler hos oss som lesarar óg; sinne, sorg, frustrasjon på vegne av dei mange stakkarslege skjebnene, men også augenblink med glede, lattar og fascinasjon. 

Ein ting til eg likte særs godt og som må nevnas er at «alt» i boka henger i hop på elegant vis – ei raud tråd, balansekunst, finnst gjennom heile boka. Alle små hendingar, alle karakterane, alt kan på sett og vis settast i hop til slut – akkurat som lappeteppet symboliserer. Sjakken, tigginga, kjærleiken, skadene, dødsfalla, politikken, familielivet, sjukdom, skjebne, … dei mange tema og aspektene blir samla på elegant vis! 
Dette er ei bok man verkeleg MÅ lese.

KNIV – Årets store krim!
Dette er då den nyaste boka om Harry Hole, og eg var litt redd for å bli skuffa. Ubegrunna, heldigvis! Eg blei så glad av denne boka (fordi ho var så bra og leverte så til dei grader!) og så veldig, veldig lei meg (fordi eg let meg røre av handlinga). Eg vil ikkje seie så mykje om handlinga, vil ikkje røpe og øydelegge noko. Så eg nøyer meg med å seie at dette er den Harry-boka eg likar best. Eg elska korleis trådane frå dei føra bøkene blei dratt vidare inn i denne boka, at karakterane fekk eit slags oppgjer og ”finale”, at det i tillegg til etterforsking og action også var tom for genuine kjensler, relasjonar og ”kvardags”-dramatikk. Det finst altså referansar her til mykje av det som har utspela seg i dei tidligare bøkene – men du kan likevel lese boka utan å ha lese heile serien. Boka har ein klar start og ein klar slutt. Men om du har lese dei andre bøkene om Harry Hole, vil du heilt klart få endå meir ut av denne enn om du ikkje har det. Eg syntes Nesbø her har gjort ein mykje betre jobb enn i dei siste 3 bøkene om Harry Hole – så særleg mtp redigering. Eg opplevde ikkje denne boka som for lang eller ujamn. Her er det ting som held på interessa og spenninga heile tida. Også overgangane mellom dei ulike karakterane kjem naturleg. Det er mange detaljar, mange namn, men eg blei aldri ”forvirra” (utover det som nok er meininga…!) eller mista tråden. 

Då eg i fjor fekk greie på at det skulle kome ein ny Harry Hole-bok, las eg heile serien på nytt; frå start til slut. Har skreve litt om nokre av desse bøkene også:
nr 1:
nr 2&3
nr 4
nr 10&11

Søsterklokkene, Lars Mytting
Denne boka her altså … å som eg koste meg!
Aldri, aldri aldri aldri hadde eg trudd at ei bok med stavkyrkjer, prest og bondepike skulle interessere meg i så stor grad. 

Medan eg las opplevde eg ein herleg slags spenning; eg kunne liksom kjenne naturkreftane på kroppen, dei djupe dalane, skuggane, vatnet, lukta av skog og mose… Eg tenker tilbake på denne boka som fylt av dramatikk, forventing, spenning – ei kjensler av at noko skal skje: ein overordna kjensle av mystikk. 

HANDLING:
Boka startar med å fortelle historia/sagnet om korleis dei to klokkane i stavkyrkja blei laga. Så hopper vi litt fram i tid til der historia utspeler seg på sluten av 1800-talet. 
Vi følgjer i hovudsak tre karakterar:
1.) bondejenta Astrid – som er i slekt med klokke-makaren og dermed knyta til sagnet om dei to klokkane. 
2.) Bygdas nye prest – han kjem for å ta over kyrkjedrifta. I forsøk på å redde meiningheita (mtp drift og økonomi) veljar presten å selje stavkyrkja som står der og bygge ei ny kyrke. Den gamle skal rivast og fraktast til utlandet kor ho skal byggast opp igjen. I den anledning kjem karakter 3 til bygda:
3) Ein ung arkitekt frå Dresden kjem til bygda for å utføre teikningar som gjer det mogleg å bygge opp kyrka igjen. 

Her er trekant-drama, kjærleik, sorg, glede, dramatikk. Og gjennom det heile er spor av folketru, mytar, overtru og historie. Språket i boka er fantastisk og formidlar både bilete og ein atmosfære av mystikk. Språket flyter fint og lagar bilete utan at eg opplevde at skildringane blei lange og treige. Dette er ei bok eg kjem til å lese igjen. Og igjen! Mytting har verkeleg gjort grundig research og klart å skape ein høgst underhaldande og unik roman. 

Sommerlys og så kommer natten, Jon Kalman Stefansson

Kort sagt ei bok om folka i ei lita bygd på Island. Ingen klar hovudperson, men ein rekke små historiar om dei ulike menneska i bygda, og ting som skjer med dei, om relasjonar, om utvikling. Denne boka vil eg beskrive som vakker! Rett og slett; vakker – språket, innhaldet, oppsettet. På elegant vis får vi innblikk i dei ulike karakteranes liv – om draumane dei har, ønska, tankar, anger, håp. Dette er ein usedvanleg fin skildring av heilt vanlege menneske liv. Humor og alvor leikar fint side om side og maler fram flotte bilete av menneske og natur på Island. 

Denne boka er original, ekte, sår, og fin og morosam. Ein skikkleg godtpose av ein roman! Ei bok som fortener merksemd. Ei bok du skal nyte med god tid og låge skuldre. Endå ei slik bok eg kjem til å lese igjen. Og igjen.  

Den danske borgerkrig 2018-24, Kaspar Colling Nielsen *OMTALE HER*

Fried Green Tomatoes at The Whistle Stop Café, Fannie Flagg
– Sørstatsroman kor vi følger to ulike tidslinjer: 1980-talet: Då Evelyn og mannen er på eit eldreheim for å besøke mora hans, sniker ho seg unna og treffer på ei eldre dame: Mrs. Threadgood. Dei to utviklar eit venskap og gjennom treffa deira fortel den eldre dama om livet sitt:
1930-isj: Mrs. Threadgood fortel om oppveksten i den vesle byen Whistle Stop i Alabama. Særleg handlar historia om gute-jenta Idgie og venninna hennar: Ruth. Dei to starta ein kafé saman, og det meste av fortelling utspeler seg kring denne kaféen og dei to damene. 

Her finst kjærleik, dramatikk og historie, kor Ku-klux-klan og slaveri står ganske sentralt. Romanen hopper elegant fram og tilbake mellom dei to tidslinjene. Karaktergallerier er i overkant stort, og det gjorde det tidvis litt forvirrande. Men det er vel også dei einaste negative eg har å seie om denne boka. Dette er verkeleg ein herleg feel-good bok! Samstundes som boka gjer nyting, byr boka også på refleksjon og tenking. Mykje kan lesast mellom linjene, og dei raude trådane som ligg spreidd gjennom heile boka kan knytast saman på ulike måtar avhengig av korleis ein tolkar teksten. Her får vi ikkje ”svara” servert på eit gullfat. Ein må sjølv trekke den riktige konklusjonen – og kanskje finst det ingen ein riktig løysning heller?

Eg må også nemne at filmen basert på denne boka er vel verdt å sjå! Både eg og sambuaren min likte denne filmen enormt godt – så les boka, let ho fordøye nokre dagar og nyt filmen!

Vår felles venn, Dickens
Dickens … Dickens, Dickens … Har lese ein del av han no og eg syntes ofte bøkene er tunge å kome seg gjennom; men – eg opplever KVAR gong ein vesentleg ting: belønning for innsats. Med det meiner eg at når eg først kjem inn i handlinga blir eg veldig oppslukt, og historiane Dickens fortel er såpass gode at eg opplever det som ein slags ”belønning for strevet” – bøkene er ikkje rett fram å lese, men herregud for nokre historiar som blir fortalt. 

Her skal vi til 1860-talets London kor eit dødsfall og eit testamente utløyser ein rekke hendingar. For arven har ei hake: arvtakaren har å gifte seg med ei utvalt pike. Men så blir arvtakaren funnen daud i elva Thames og testamentet og rikdommen faller i andre hender. Eller…?

Eg vil ikkje seie så mykje meir om hendingane for då kjem eg til å røpe ein god deg. Så eg nøyer meg med å seie at her er det mykje spenning og mystikk og ingenting er som ein først trur. 

Boka er ikkje lettlesen, ho eg tjukk og komprimert, hendingane er mange, karaktergalleriet er stort og tidvis vanskeleg å halde styr på. Men når ein først kjem inn i boka … fy så bra! Denne boka har verkeleg alt (utanom Sci-Fi-elementer?); kjærleik, dramatikk, romanse, satire, kritikk av den engelske overklassa, samfunsaktuelle refeksjonar, humor, alvor, mystikk, drap, etterforsking. Ein rekke lause tråder kan plukkast opp gjennom heile boka og dei kjem saman til slut på ein herleg måte. Det er lenge si eg las denne boka, likevel hugsar eg ho svært godt! Sett av god tid og finn fram leseappetitt før du går laus på denne – og NYT reisa.

The Travelling Cat Chronicles, Hiro Arikawa

Ahh… ei litt lågmælt bok dette, ei bok eg ser føre meg at ein leser på ein regnvåt sundag. For dette er ei slik bok man kan lese på ein dag (med god tid). Og det er ei slik bok man gjerne vil lese på ein dag, for denne er det vanskeleg å legge ned – trass i at det ikkje er ein spenningsbok.

Noko skjer i Satorus livssituasjon som gjer at han må finne eit nytt heim til katta si, Nana. Nana veit ikkje heilt kva som skjer, men han koser seg på roadtrip med eigaren sin mens dei reiser rundt i Japan og besøker folk Satoru kjenner. Satoru er kresen, han vil at katta skal ha det så godt som mogleg og reiser derfor rundt til dei aktuelle venene sine for å undersøke korleis katta trives hos dei – og samstundes for å ta opp igjen det sosiale med desse menneska som på ulike tidspunkt har vore ein del av livet hans.  

Forfattaren veksler elegant mellom å fortelle i tredjeperson og å la katta fortelle frå sin posisjon i førsteperson. Vi får innblikk i korleis Nana og Satoru blei så knyta til kvarandre, Nanas tid som gatekatt før Satoru kom og redda han. Vi får også tilbakeblikk på livet og oppveksten til Satoru, samt innblikk i tida han hadde saman med dei ulike venene han no drar på besøk til. 

Under heile leseopplevinga ligg ein kjensle av at noko skal skje, noko sørgmodig eller nifst. Men dette blir aldri sagt med ord, det ligg liksom berre der og ulmar. Boka er kjenslerik utan å vere sentimental. Situasjonar, kjensler, tankar er slike man kjenner seg att i og kan identifisere seg med. Språket er fint – formidlar mykje, malar fine bilete utan lange unødige skildringar. Dialogane er fine – dei verker truverdige og naturlege. 
Dette er ei bok for alle! Og særleg for dyre-elskarar er dette ein ”must read”.

Keiseren av Portugalia, Selma Lagerlof  **omtale her**


The Housekeeper and the Professor, Yoko Ogawa – sjå omtale her 

«Denne MÅ DU LESE»!!!

Det finst ein sjeldan gruppe bøker kjenneteikna av deletrang – ei bok eg får lyst å dele med andre, nei, meir enn å dele – ei bok eg vil at ALLE skal lese. Ei bok eg vil tenke på og snakke om. Dei er sjeldne, desse bøkene. Og desto meir verdifulle. Ei slik bok traff eg nyleg på – og prossessen med å rekruttere lesarar er allereie i gong. Så, om du er ein som står meg nær så veit du kva du har å gjere: LES ”Den danske borgerkrig 2018-24”

Den danske borgerkrig 2018-24, Kaspar Colling Nielsen

KORT OM HANDLING: 
Vi skal mange hundre år framover i tid. Her treffer vi bokas hovudperson – ein ”ung” mann på 475 år. Han er del av ei gruppe rike som har midlar nok til å kjøpe seg inn i ”programmet” som brukar stamcelle-teknologi til å halde kroppen ung og frisk. Altså har han kjøpt seg evig liv. (Dette blir formidla og forklart på ein overbevisande måte, prega av alvor og logikk, men det finst også litt humor her. Ein slags svart, skjult humor som ligger gøymt i teksten heile tida.) Det er denne mannen som fortel oss om den gongen for lenge sida, den gogen på 2000-talet då borgarkrigen braut ut i Danmark. Noko vekker minnet hos han, får han til å tenke tilbake på den gong, til før han blei del av ”programmet”, til sitt livs store kjærleik – alt saman som høyrer til åra rett før, undervegs og like etter borgarkrigen i Danmark. 

LES DENNE FORDI
– Dette er så utruleg mykje meir enn ein politisk thriller: Eg frykta sjølv at boka skulle være vanskeleg, treig, tung og komplisert. Sjeldan har eg tatt så feil! Eg slukte denne boka og var ganske fortvila då eg var ferdig for ingenting freista å lese etterpå (Heldigvis hadde eg ”Fuglane” av Tarjei Vesaas liggande på nattbordet!). Dette er dramatikk, sci-fi, dystopi, kjærleik. Her finst humor og alvor, djupe refleksjonar, samfunnsaktuelle tema, medmenneskelege kjensler. Her er dyr og menneske. Her er notid, framtid og fortid. 
– Boka er velskriven; ikkje eitt ord opplevde eg som overflødig. Språket flyter og formidlar historia så glatt at eg ikkje ha noko å utsette på det. 
– Boka er original, original med ein sinnssjukt stor O. Eg har lese ein del ”framtids”-litteratur og ingenting av det har eg opplevd så ekte og truverdig som dette.

Og så må eg også nemne at medan eg las denne boka dukka TV-serien  ”Black Mirror” opp i tankane. Så den er kanskje litt i den ”gata” der. Uansett – skal du lese berre ei bok i år så syntes eg dette er ei å prioritere. Ikkje er ho lang og tjukk heller; rett over to hundre sider, og dette er luftige sider med relativt stor skrift. Ein draum å lese – både visuelt og mtp innhald. 

OKTOBER-BØKER

Denne månaden vil eg skrive litt mindre om bøker … fordi eg heller vil dele JULEEVENTYRKALENDEREN eg har skrive! TRYKK HER FOR Å KOMME TIL ADVENTSKALENDEREN

Vi er no alt kome til desember … og eg har ikkje gjort det eg plar gjere ved utgongen av kvar månad; oppsummere bøkene eg har lese. Så eg er på overtid og vel så det mtp oktober-lista. Så her er ho: 

I oktober las eg:

Og lytta også til ein rekke lydbøker:

  • Unraveling Oliver, Liz Nugent
  • kunsten å forelske seg, Cecilia Ahern
  • Tilgi med, Lori Nelson Spielman
  • Everything I Never Told You, Celeste Ng
  • The Crane Wife, Patrick Ness
  • Den andre kvinnen, Therese Bohman
  • The Last Thing I Told You, Emily Arsenault
  • Be Frank with Me,Julia Claiborne Johnson
  • Nå ser du meg, (Lacey Flint #1), S. J Bolton

For at dette ikkje skal bli så utruleg langt forsøker eg å oppsummere bøkene ganske kort i dette innlegget bøkene, og så kjem eg (sterkare?) tilbake med eit eiga innlegg om lydbøkene.

«Vest for solen, syd for grensen» av Haruki Murakami

Handlar om:
Hajime som – i det han fortel, er gift og har to ungar – ser tilbake på livet sitt og reflekterer over forholda han har hatt, og då særleg eit av dei – ein relasjon frå barndomstida, til ei jente han knyta særs sterke band med. Hajime vaks opp i Japans etterkrigstid, og var eit av svært få eine-barn på denne tida. Noko som opptok han i stor grad og fekk han til å føle seg litt åleine og utanfor. Så då han traff den nye jenta på skulen, som også var einebarn og litt annleis frå alle andre (ho hadde mellom anna ei sjukdom som gjorde at ho halta på det eine beinet…)  utvikla dei to eit sterkt band; dei var saman dagleg, lytta til musikk, gjorde lekser i lag – var rett og slett som erte-ris. Dei er to einstøingar, saman. Så ein dag flyttar familien hans og dei glir gradvis frå kvarandre. Fleire år seinare, no når han fortel denne historia er Hajime familiefar og lukkeleg gift. Og det er då han ein dag får sjå henne på gata. Dei får gradvis kontakt igjen, men Hajime blir meir involvert i livet hennar enn han skulle tru, og dette viser seg å sette det stabilie han har på spel. 

Plussar 
+ Tankar og tema alle kan kjenne seg igjen i, på ulike måtar; 
       * dette med vennskap/forhold som ein gong var sterke, men som døyr ut. Menneske ein mister kontakt med, men som ein likevel ofte tenkar på. Kva skjedde med h*n? Korleis har h*n det no i dag? Eg trur alle har minst ein slik person i livet sitt, i fortid eller presens.
       * Kvirfor mista vi kontakt? Tenker h*n framleis på meg?
+ lettlesen bok – både språkmessig og med hensyn på handling; enkelt å henge med+ Oppslukande – detter jo ikkje noko spenningsbok fyllt med action og ”twister”, så det er nok heller sjølve stemninga eg opplever mens eg leser som gjer at eg blir såpass reven med
+ språket flyter godt, det er rikt, det er blotta for unødige ord
+ ei stor fortelling blir formidla på ganske få antal sider (172)
+ ei bok man kan lese igjen og igjen og igjen – eg har lese ho tre gonger no
+ likandes karakterar som blir framstilt som eigne menneske; ein ser dei som ekte, som nøyanserte, både gode og mindre gode karaktertrekk får skride fram 
+ originalt plott
+ Herleg stemning 
+ fleire fine gullkorn

 ymse stikkord/tema eg assosierer med boka:
nostalgi, tapt kjærleik, barndomsminner, kjærleik, relasjonar, mystikk, tvil, skjebne 

les denne når du vil:
* drøyme deg vekk
* oppleve eit lita eventyr med element av mystikk; utan å røpe noko – det er noko med henne som gjer at dei to får kontakt igjen
* sluke ei bok på ei helg, eller ein produktiv lesedag
* utforske Murakami sine bøker, utan å måtte forplikte deg til ei av hans (mykje) lengre og meir kompliserte bøker

Kompani Orheim, Tore Renberg – trykk HER for omtale

Sputnik Sweetheart, av Haruki Murakami 

Handlar om:
Eit slags trekantdrama mellom den mannlege fortellaren, venninna hans Sumire, og kvinna Sumire er forelska i.
Fortellerstemma tilhøyrer ein ung mann, og vi får høyre fortellinga hans om ei ung dame – Sumire – han kjente. Då han traff henne første gong var det særleg to ting ved hennar person som fascinerte han: Ho har aldri opplevd kjærleiken, og ho hadde eit intenst ønske om å bli forfattar, utan heilt å få det til. Livet hennar endrar seg då ho ein dag treffer ei sytten år eldre kvinne, som ho faller pladask for og blir forelska for første gong I sitt nokre-og-tjue år gamle liv. (Denne dama er, dessverre, gift). Denne kvinna ansetter henne, og dei blir I tillegg til gode kolleger, også svært godt venninner. På ein arbeidsreise endrar alt seg drastisk, då denne unge jenta brått forsvinner. Og det er då mannen med fortellerstemma kjem I handling. Han vert kontakta av denne eldre kvinna, og drar til Aten (kor dei har oppheld seg denne tida) for å leite etter Sumire. Fortellerstemma tilhøyrer ein mann som er (hemmeleg) forelska i hovudpersonen, og han vert kontakta når jo forsvinner…

Les denne om du vil ha:
– ein, for ein gongs skuld, KORT Murakami – fortelling utan for mykje overnaturlige element (Trass i at dette er blant Murakami sine mindre «absurde» bøker vil ein Murakami-fan likevel finne igjen enkelte typiske murakami-trekk som klassisk musikk, kattar, brønn og måne…!)
– originale karakterar med særpreg
– herlege dialogar, med dybde og humor
– ei perfekt dose filosofi og undring, som får deg til å tenke litt utan at det blir langdrygt og treigt
– eit originalt plott… !

Tematikk tenker eg er einsemd, sakn, kjærleik, sjølvrealisering og også kanskje sjølvrefleksjon.

Tankar/dom:
Eg har lese boka to gonger, og likar ho endå betre no enn første gong. Dette er verkeleg ei lita perle av ei bok! Nydeleg språk som skapar ei stemning som er til å ta og føle på medan ein leser. Eg følte meg som ein slags flue på veggen, pakka inn i ei stille og smådyster stemning. Ei stemning tilsvarande slik eg så føre meg at karakterane ofte hadde det. Liker veldig godt grepet med at forteller-stemma ikkje er direkte delaktig i heile fortellinga; han fortel utan at det handlar om han. Fokuser er på venninna. 
Herleg, vakker bok! Gode dialogar, velutvikla karakterar, spennande og originalt plott… Verkeleg ei bok å kose seg med!


Little Fires Everywhere – OMTALE HER

KARTHAGO, av Joyce Carol Oates – OMTALT HER

Charlotte Isabell Hansen, av Tore Renberg – OMTALE HER

Pixley Mapogo, av Tore Renberg – OMTALE HER

SULT – Knut Hamsun

Dette er ein tidlaus, norsk klassikar – som er kjent langt utover sine landegrenser. Boka er liten og sped, og lukkast likevel med å fortelle ganske stor fortelling. 

For å oppsummere handling, på urettferdig kort vis: Vi følger den svoltne hovudpersonen som driv rundt i gatane i Kristiana og forsøker å overleve! Overleve livet, kome seg ut av svolte-krisa. Og, tittelen «Sult» referer  -slik eg ser det – til langt meir enn berre den fysiske tilstanden. 

Hovudpersonen er pengelens, svolten, sjuk, svak, og ikkje minst: skamfull. Han skjems over kleda, over den magre kroppen, over å vere fattig og hjelpeslaus. Og han er sint, forbanna, føler seg svikta. For kven si skuld er det at han lider slik? Kvifor har denne uretta ramma han? Korleis skal han overleve dette her?  Han er desperat etter pengar, etter mat, tak over hovudet… Desperat, men for stolt til å berre ta i mot hjelpa han i blant blir tilbudt. Og når han får hendene på pengar, ja då nøler han ikkje med å gje dei i frå seg att … 

NOKRE TANKAR:
Reint fysisk er det få bøker med større skilnad:

MTP innhald derimot … eg fekk mange assossiasjonar til «Forbrytelse og straff» då eg las Sult. Begge karakterane sloss mot svolt og fattigdom. Begge reker gatelangs og framstår tidvis som psykotiske og på randen av samanbrot. Det finnst også ein rekke ulikheiter, altså, men både skrivestil og nokre av temaene slo meg som fascinerande like.

Eg syntes alltid det er spennande å lese klassikare. Kva har gjort at dei har fått status som klassikar? Kor relevant er boka i dag? Korleis skiller boka seg ut frå andre bøker? Kva er det med denne boka som gjer ho til ein klassikar? 

Det er skrive så mykje om denne boka at eg ikkje har lyst til å seie så mykje meir enn dette. Og legge til at, dersom du er nyfiken på norske klassikarar, men ikkje ønskjer å fordype deg i svære, tunge mursteins-dimensjonerte bøker – så anbefaler eg denne her. Den er verdskjent av ein grunn, den gjer eit interessant bilete over Noreg og Oslo, samfunnskritisk er ho også, kjensler som skam og også stoltheit blir skildra. Og noko av det eg trur at har gjort boka til ein klassikar er Hamsuns måte å vise fram psyka på – kaotiske tankar, stemning til å ta og føle på, ustabil sinn som skifter frå håp til raseri til vemod. Dette er ein relativt lettlest og lita bok – ei perfekt bok å velgje når ein vil lese klassisk litteratur utan å bli overvelda. 

Dette er mine gamle dager, av Tore Renberg – OMTALE HER

Killing Commendatore, av Haruki Murakami – OMTALE HER

MINE TANKAR OM JARLE KLEPP-SERIEN

JARLE KLEPP – FOR EIN MANN!

Serien er skriven av Tore Renberg og består av desse bøkene:
1. Mannen som elsket Yngve
2. Kompani Orheim
3. Charlotte Isabel Hansen
4. Pixley Mopogo
5. Dette er mine gamle dager

TING SOM GJER AT EG ELSKAR DENNE BOKSERIEN:

+ energi og futt og fart
+ humor i bøttevis; både via handling/plott, men også gjennom språket 
+ ingen ”daude” parti; ein rekker ikkje bli rastlaus og lei mens ein leser, det er god driv heile vegen.
+ Bilete mitt av Jarle Klepp er komplett; eg føler verkeleg eg blei kjend med han gjennom desse bøkene. Eg følte eg visste litt kor han sto og stilte seg mtp diverse tema… litt sånn ”Typisk Jarle å reagere slik!” – og då skal ein kjenne eit menneske (eller fiksjonell karakter….) ganske godt. Samstundes kjenner eg han ikkje heilt – for eg lærte heile vegen noko nytt om han. Ja, Jarle Klepp slutar aldri å overraske – og nettopp dette gjer han så ekte, for slik er det med menneske ein kjenner godt ”in real life” og – dei har mange lag og uansett kor godt man trur man kjenner sine vener vil ein ALLTID kunne oppdage noko nytt ved dei. 
+ Elskar at stadene er ekte, sikkert ekstra gøy for meg som rogalending sidan eg kjenner meg att. 
+ Nostaligisk og tidsriktige skildringar gjer at ein kan føle seg ekstra engasjert og medrevet (men for yngre lesarar kan dette kanskje ha motsett effekt – at ein ikkje kjenner seg att…tamagocchi, kva var det?, liksom. Sjølv hugsar eg godt datadyr-dagane, men for ein tenåring i dag er nok dette heilt gresk)
+ Setter enorm pris på kor djupt forfattaren har gått inn i hovudet til Jarle Klepp – det kjem klart ut av teksten at dette er basert på noko ekte – om ikkje handlinga er reell, så er iallfall kjenslene i boka bygga på noko ektefølt. Det kostar å skrive på denne måten kor ein utleverar og visar fram hovudpersonens innste kjensler på denne måte. 
+ Trass i mange såre episodar og ein tøff barndom, leser eg bøkene med eit smil. Eg får genuin medkjensle for karakterane – ikkje berre for Jarle. Og, denne sympatien er ikkje eit resultat av at karakterane har det vanskeleg; dei vert ikkje skildra som stakkarslege, hjelpelause ofre, men som heile menneske med mange lag.


(Forsøk på å skrive) KORT om bok for bok:

 Seriens første bok – opnar med ein Jarle Klepp på veg til skulen etter endt juleferie. Han går i andre klasse på Kongsgård – ein vidaregåande skule i Stavanger sentrum. Her likar han seg sånn passeleg godt – han har funnet si plass, føler han. Saman med bestekompissen, Helge, og kjærasten, Katrine, utgjer dei ein fin liten trio som trur og brenner for det same. Mykje av det same, iallfall. Eller? Dette er nemleg noko som skal endre seg litt for Jarle i tida framover, dette med at alt han trur på kanskje ikkje er så enkelt, så svart på kvitt. Jarle skal oppdage ein del nyansar av grått denne vinteren/våren. For på denne dagen her, etter juleferien, skjer det noko som skal forstyrre denne vesle triangelen av lukke og tryggleik – og kva anna enn eit anfall forelsking kan vel forstyrre idyllen meir? Jo, forboden kjærleik som ein ikkje innser at er kjærleik, ein forelsking ein ikkje vil ha og som ein ikkje klarar skru av. Det er nemleg ein ny elev på skulen denne dagen. Han heiter Ynvge. Og han vekker nye kjensler i Jarle som Jarle både vil utforske og samstundes ikkje. Jarle er ambivalent. Jarle er forelska. Og det skal endre på mykje, både for han og for dei rundt han. I tillegg til dette hovudplottet, får vi som lesarar også eit visst innblikk i fortida – via korte tilbakeblikk får vi eit inntrykk av ein barndom med alkoholisme, ustabile forhold heime, og konfliktar som til slut førte til skilsmisse.


Den andre boka utfyller den første på meisterleg vis. Ho tek føre seg Jarles barndom – altså hopper vi bakover i tid her, og får innblikk i Jarle og familien hans sitt liv i tida opptil bok nummer ein. 
Episodar, kjensler og tankar frå den første boka får solide bein å stå på. Eg likar særs godt at denne boka er skriven i tredje person (den første er skriven i første person, kor Jarle er fortellaren.) Det er ikkje så vanleg at ein forfattar bytar fortellerstemme undervegs på dette viset, og at det blir gjort her fungerer utruleg bra! For i denne boka får vi eit djupare innblikk i Jarles barndom, og ved å fortelle i tredje person bli vi betre kjende med menneska og omstendigheitene rundt Jarle. Vi blir betre kjent med pappa Terje, mamma Sara, bestemor, øvrig vener og slekt. Eit solid bilde av ein ustabil familiedynamikk. Ein familiefar som vil og vil, utan å få det til… Korleis kunne alt gå så glae, når intensjonane var gode? 

Bok nummer tre, og Jarle har blitt tjuefem. Han bur på hybel i Bergen kor han studerer. Han har sinte rutinar, sine faste kompissar, han er inne i ein tralt. Han veit så mykje, han er så utdanna, han er litt over gjennomsnittet intelligent. Syntes han. Folk er litt dumme. Syntes han. Og så kjem beskjeden om at Jarle ikkje berre er Jarle, for Jarle er far, Jarle har ei dotter han ikkje visste om. Og no skal ho bu hos Jarle nokre dagar, for mora skal på ferie, og ho seier det er tid for Jarle å ta i eit tak. Og vipps er ho der, dottera hans. Og alt han veit, og alt han trur… det er ingenting det. Kort sagt kjem denne dottera inn i livet hans og får Jarle til å stille nokre spørsmål til seg sjølv om korleis han lever, kva han eigentleg veit, kva som er viktig for han. Jarle får mindre tid og energi å bruke på seg sjølv, han blir tvungen til å sjå på livet utføre bobla si som er begrensa til å handle om seg sjølve, kompissane og studiene. Kva kan vel endre perspektivet og haldninga ein har betre enn ei lita fritt-talande jentunge? Jarle si verd krympar og veks på ei og same tid …

Fjerde bok – og vi hoppar lengre fram i tid. Jarle er no i arbeid som journalist, og er i den samanheng på konsert med barndomsheltane sine, The Smiths, for å skrive ein knakande god anmelding for avisa. Men slik blir det jo ikkje. For på denne konserten blir han vitne til noko som mildt sagt får det til å rakne for han. Noko  – som for andre kanskje berre er ei ”lita episode” – får han til å miste hovudet heilt og denne natta blir lang. Veldig lang. Forutan Jarles kaotiske hovud og ståket han steller i stand, får vi som lesarar også eit sårt gjensyn med Helge – Jarles barndomskompis. 

Femte bok skiljer seg ut på mange måtar, både med tanke på innhald og handling, men også særleg tenker eg på tempoet og energien. Dei første bøkene, særleg dei første to, strutta av energi og futt, noko som passar godt inn med Jarle sitt liv, alder, og tankar, og med bokas handling totalt sett. I denne femte boka er Jarle blitt trettifem år gamal, han har slått seg til ro med kone og barn, han arbeider som lærar, og lever ganske A4. At fortellerstilen er litt meir dempa og beherska passar derfor veldig godt, og dannar eit godt grunnlag for det denne boka formidlar: djupare refleksjonar, ein del nostalgi, ein del sorg, ein det undring. Eit møte med nokon frå fortida gjer at Jarle, noko vedmodig, dykkar inn i seg sjølv – kven han er, kven faren var, kor mykje av faren som finnes i han-Jarle. Spøkelsa frå fortida er der også, og det er i stor grad desse han tek eit slags oppgjør med her. 

Eg likte godt denne, trass i ( eller kanskje nettopp fordi?! ) ho er så annleis frå dei andre. Ho skapar ei god avslutning på serien om Jarle Klepp. Ekte, truverdig. Ikkje for dystert, heller ikkje for sukkersøtt og overlukkeleg. Ein ordentleg slut på ein bokserie. Merk det: slut for BOKSERIEN, ikkje for Jarle sjølv. For, slik er velger å lese boka, lever han vidare i ein relativt god trallt som vaksen mann, ektemann, familiefar, lærar … og seg sjølv, Jarle. 

Det var dog eit par ting eg irriterte meg over i denne boka … og som eg ikkje klarar å leggje heilt vekk (eg har verkeleg prøvd!) Det står nemleg ein del ting her (som eg ikkje skal utdype for mykje mtp at mange ikkje har lese denne boka og at det kanskje kan øydelegge litt for korleis en velgjer å lese dei andre bøkene i serien) som ikkje passar heilt inn i plottet til dei andre fire bøkene. Mellom anna dukkar det i denne boka opp eit familiemedlem som ikkje er nemnt med eitt ord i dei andre bøkene. Denne karakteren har ein viss rolle i denne boka, men passar ikkje inn i handlinga i dei andre bøkene. Hadde dette vore ein  frittståande bok, om ein annan mann enn Jarle, ville det ikkje gjort meg noko. Men …æsj altså, eg klarar ikkje la være å ergre meg litt over at denne karakteren er med i boka. Elles har eg og funnet ein del andre småting som skurrar litt – mellom anna at Jarle fortel om ein episode kor han besøker faren sin i barndomsheimen… men; på den tida denne episoden skjer bur ikkje faren i barndomsheimen – for han har nemleg flytta til Forus. Verken mora eller faren til Jarle bur i barndomsheimen på denne tida ….
At eg lot desse tinga gå inn på meg, ja faktisk irritere med skikkeleg, kan kanskje sees på som positivt også – det betyr jo at bøkene har engasjert meg nok til å vekke kjensler og engasjement. 

Det er likevel desse tinga som gjer at eg ikkje klarar å gje boka eit høgt terningkast …klarar faktisk ikkje trille terninga i det heile tatt. Hadde boka vore ein frittståande roman, eller hadde ho vore skriven utan å «motseie» plottet i dei andre bøkene, ville eg lett gitt ein femmar. 


SUMSUMMARUM

Dette er ein solid bokserie som byr på eit stort spekter av hendingar og kjensler. Det er mykje smerte, men også enormt mykje humor og glede. Bøkene er varierte, og samstundes tru mot seg sjølve – både mtp måten dei er skrivne på, og også mtp karakterutveklinga. Sjeldan har eg opplevd å bli så godt kjend med litterære karakterar som i denne serien. 

Må også seie at eg likar godt at bok 1 og 5 er skriven i første person, mens dei tre i midten er fortalt frå i tredje-persons perspektiv. At serien startar og slutar slik gjer ein slags kjensle av noko fullkomen og ferdig. Det er eit interessant grep å bytte slik mellom bøkene, og kanskje var det heller ikkje eit bevisst val frå forfattaren si side frå og med starten av? Men slik det er gjort syntes eg at eg fekk bli kjent med Jarle frå innsida ut, bokstaveleg talt.

Så – kvifor skal du lese denne? Vel … mellom anna fordi:
* her finst det noko for alle! Humor, glede, alvor, sorg, …
* vanvittig underhaldnande
* gjenkjenbart – alle vil kunne kjenne seg at i noko her, om det er barnlege kjensler, kjærleiken, tvilen, frykta … uansett kor fin eller dårleg barndom du har hatt er det umogleg å lese desse bøkene uten å kjenne at noko av dette Jarle kjenner på
* Du kjem til å bli glad i Jarle, og blir du det har du heile FEM bøker å sjå fram til å kose deg med
* Gjennomført og solid serie
* særs artig å sjå filmane (dei tre første bøkene har fått kvar sin film) etter å ha lese bøkene. (Eg såg faktisk filmane først, for mange år si, men fekk likevel ei heilt anna oppleving av bøkene, så det eine utelukker ikkje det andre.)
* Av alle oppvekst-romaner er desse (dei to første) blandt dei sterkaste og mest nøyanserte eg har lese. 
* Ein heil haug av gullkorn
* Fargerikt språk, med ordspel og intelligent humor

Tankar om: The Color Purple

The Color Purple, av Alice Walker

Følgende er skriven kort tid etter å ha slukt boka i to jafs. Det finns enormt mykje på det store Internettet om denne boka, så for ikkje å gjenta/kopiere det som alt står der, skriver eg rett frå levra. Dette er altså berre mine tankar og inntrykk – altså ikkje noko fag-litterært korrekt eller grundig bearbeida…

Nokre stikkeord:
– Utgiven i 1970.
– antall sider; 197
– ansjåast som ein viktig klassikar
– filmatisert på 1980-talet
– omhandlar ein rekke tema; å være minoritet og svart og ”utstøtt” frå den delen av samfunnet som er ikkje-svart. Valdtekt. Vald. Mishandling. Religion. Etikk. Misjonær-arbeide. Familie. Samhald Rasisme. Overgrep. Makt… med meir

44552910_346170976143020_724025950682206334_n

Kort om handlinga:
* boka omtalar liva til ein gruppe svarte menneske i tida mellom dei to verds-krigane
* Vi følgjer to hovudpersonar: Celie og Nettie – to systrer med vært ulike livsforløp: den eine blir gifta bort som tenåring, ho andre ”kjem seg unna” (med systras hjelp) og ender opp som misjonær i Afrika
* historia blir fortalt via brev skrivne av dei to systrene
* Boka gjer eit solid og realistisk innblikk i livet til dei to systrene, og til  menneska rundt dei

Celie – er den eg vil seie er hovudpersonen her, mens Nettie blir ein slags bi-hovudperson, om det går an å seie. Celie blir transformert i denne boka – frå ei taus og lydig spinkel jentunge som ”berre” tar i mot alt som kastast på ho – mishandling, vald, svik … Livet hennar endrar seg, sakt men sikkert, i det ho blir ven med Jazz-artisten Shug Avery. Endringane skjer gradvis, og ein legg ikkje heilt merke til at det frå side til side, men innan boka nærar seg halvvegs er det ei ny – og samstundes den same, gode gamle – dama som skriv.

MINE TANKAR
Om å lese boka:
 det var ikkje ”berre berre” for meg i starten, for ho er skriven på eit språk som er tilpassa hovudpersonen og som reflekerar hennar utdanning (eller mangel derå); altså er ikkje språket «rett fram» og formulert slik ein er vant med. Det er ikkje grammatisk korrekt, det manglar komma, dialogar står litt i hist og her midt i teksten, ein del ord er feilstava – stava etter uttale. Eg sleit altså ein stund med dette, MEN når eg først kom inn i handlinga blei eg også vandt med å lese det slik det sto, og eg blei fort oppslukt. Så – om du leser denne på engelsk, vær obs på dette og ikkje legg bort boka, for når ho først drar deg inn … ja då er vegen til fengsla kort.

Eit par ting eg merka meg som gjorde at denne boka traff så godt
+ kjensler over alt på kvar side – utan at det nokon sinne står formulert direkte som i at ”I felt that …”. Kjenslene berre traff meg, utan at eg no i ettertid kan hugse å ha sett dette skriven direkte ned.
+ Trass i vald og enorm undertrykking, framstår ikkje karakterane som stakkarslege. Heller enn berre å føle medynk, kjente eg at eg genuint heide på desse folk, at eg ville dei vel. Eg brydde meg på ordentleg om kva som skulle skje, og kjende det på humøret mitt undervegs mens eg las – eg blei genuint glad når ting gjekk litt betre, og sinna når ting ikkje var som det skulle.
+ Dette er ein dyster og trist bok, men eg har smilt fleire gonger undervegs, for det er mykje humor også her, på eit vis…
+ Eg likte jo ikkje språket i starten, men no i ettertid kan eg ikkje tenke meg ein betre måte å fortelle denne historia på. Det ville ikkje vore det same.
+ Å beskrive boka med eitt ord er ikkje mogleg, men … eg sit likevel igjen med eitt ord om denne boka, og det er sikkert ikkje politisk korrekt mtp kor brutal ho i blant er…. Men altså. Denne boka er VAKKER. Karakterane, samhaldet, kjenslene, styrken …  Og eit ord til: MEKTIG.
Screen Shot 2018-11-15 at 09.28.58
+ Fann meg forresten også ein god del gullkorn i denne … og det setter eg alltid pris på. (Fine setningar og formuleringar er det einaste som gjer det OK å lage eseløyrer i ei bok…. Og det blei ein del av dei i denne, gitt)

Screen Shot 2018-11-15 at 09.29.34

Screen Shot 2018-11-15 at 09.29.17

Dette er ei bok eg ikkje kjem til å gløyme, nokosinne. Det er ei bok eg er glad eg har kjøpt og ikkje lånt, for ha kjem til å bli lesen igjen – eg er ganske sikker på at eg vil oppdage noko ”nytt” kvar gong eg leser denne.

Screen Shot 2018-02-12 at 09.19.45

 (Boka er forresten også filmatisert – eg har ikkje sjølv sett filmen, og veit ikkje om eg vil. For akkurat no lever boka så fint og god i hovudet på meg at eg ikkje vil ”øydelegge” ho slik ho er, for meg).

The Light Between Oceans

Mine tankar om: «The Light Between Oceans» av  M. L. Steadman

Denne boka kjøpte eg litt sånn spontant etter å ha fått ho anbefalt frå fleire hald. Dessutan har eg sett at filmatiseringa er å finne på Netflix – og eg vil gjerne sjå filmen; men så har eg jo ein slik livsregel som seier meg at eg må lese boka først, så då gjorde eg det. Kan ikkje seie at eg angrar, men … eg kan heller ikkje seie at boka gjorde fullt så sterkt inntrykk som eg kanskje forventa, eller håpa.

42640617_186456278951432_416948852467344427_n

KORT OM HANDLING
(Det kan verke som om eg røper vel mykje her, men det gjer eg i grunn ikkje – for boka startar med ein prolog som vil fortelle deg akkurat det same.)
Etter å ha overlevd tenesta som soldat i krigen får Tom for arbeid som fyrvaktar. Det betyr at han i lange periodar er åleine på den vesle øya med fyrtårnet. På eit av oppholda/feriane i den næraste hamnebyen treffer han ei jente. Etter ei tid saman giftar dei seg, og ho blir med han ut til fyrtårnet for å leve der ved hans side. Dei forsøker å få barn. Det endre med spontanabortar. Noko som går sterkt innpå Izzy. Så ein dag, blir ei lita robåt skylla i land. Og i den båten ligger ein daud mann, og eit levande spedbarn. Toms samvit og plikt-kjensle blir overmanna av Izzys behov og kjærleik for barnet, og dei let vere å varsle om kva som har hendt. Dei antar at mora er daud, faren gravlegger dei, og jenta fostrar dei opp som om ho var deira. Men så går tida. Kjenslene bygger seg opp, samvit, tvil. Tom er den som bærer med seg mest anger og tvil, medan Izzy er overbevist om at dei har gjort det riktige.

PLUSSAR:
+ relativt originalt plott
+ ikkje så lett å vite korleis det skal ende, sjølv om ein nok heile vegen trur at ein veit kor historia er på veg
+ enkelt å henge med i handlinga
+ flotte skildringar av landskapet i sør-Australia – og skildringane er med på å skape stemning og måle fram fine bilete kring handlinga som utspeler seg

MINUSAR:
– Litt for treigt
– Litt for mykje ”tristesse”; sakna at alt det såre og tunge skulle bli jamna litt ut ved bruk av humor, vittige replikkar, nokre litt lysare episodar.
– Sakna litt meir energi i teksten; dette heng kanskje i hop med føre punkt. Det blir litt for treigt og lite variert. Triste og dramatiske ting skjer og ein blir slik sett engasjert i fortellinga. Men eg sakna litt futt og energi, litt meir driv.
– Karakterane er litt for lite utvikla, syntes eg. Med over fire hundre sider finns det meir enn nok plass til å la karaktertrekka få boltre seg litt meir. Kom liksom ikkje heilt under huda på karakterane her, og med denne handlinga og tematikken – ville eg personleg – fått mykje meir ut av boka dersom eg følte eg kjente karakterane betre enn kva eg gjorde.

TANKAR/DOM
Historia er fin og spennande, og eg likar godt korleis ingenting her er svart på kvitt. Sjølv om historia er litt ”treig”, er ho fengande. Eg sleit litt dei første tretti-førti-femti sidene, og sjølv halvvegs inn i boka kunne eg i blant tenke at dette gjekk trått og treig. MEN …dette gjekk seg veldig til og i blant blei eg verkeleg oppslukt og klarte å gløyme alt om tid eller stad. Boka veks altså på meg, og eg blei såpass gripen av handlinga at eg absolutt ville vite korleis det enda; historia er absolutt fengande og engasjerande.

Og berre eit lite råd før du går laus på boka – Her må ein verkeleg gå litt i seg sjølve, på ekte – for elles er det svært enkelt å dømme desse menneska i boka – ikkje berre Tom og Izzy, men alle dei andre som også spelar med i historia. Klarar ein å legge vekk ”dommen” sin, søke litt i seg sjølv og våge å tenke etter på ein sjølv ville gjort (ikkje kva du TRUR du kanskje kunne greidd, kva som er riktig og moralsk – men kva du VERKELEG ville gjort i deira situasjon) – då trur eg du vil få mykje meir ut av boka enn om du går laus på ho med hovudet lyfta og nasen i sky, som eit bedrevitande og moralsk overlegent menneske.

 Boka er kanskje spesielt interessant for dei som er foreldre, planlegger å bli mor/far, er svært glad i barn og familie. Eller berre for deg som vil drøyme deg vekk i andres pinsel… Til deg som vil lese noko søtt og bittert. Og til deg som har litt tålmod å gå på, for handlinga utspeler seg, som sagt, ganske så treigt.

69232334

(NB! Denne boka ligger tilgjengeleg som lydbok på Storytel, og eg testa eit lite avsnitt, berre for å danne meg eit inntrykk før eg eventuelt anbefalte den her… og, eg kjem ikkje til å anbefale lydbokversjonen. Eg har dei siste åra lytta til over tre hundre lydbøker, og denne her er heilt i botn av lista! Opplesaren leser med ustabilt volum og med sinnssjukt varierande tempo. Innimellom er uttala så svak og fjern at enkelte ord er så og seie ikkje mogleg å oppfatte. Så … ikkje gå for lydbokversjonen! Les sjølv, og sjå deretter filmen!)

PS: No i ettertid har eg også sett filmen (han ligger på Netflix!) – og den er absolutt ein velykka transformasjon. Desse boksidene er vekt til livs på ein utmerka måte. Har ingenting å utsette på filmen. Eller jo, berre EIN ting; nemleg at linken mellom Tom og Hannah – som finnst i boka heilt frå starten av – ikkje er med i filmen. Det er litt synd, syntes eg – for dette bandet dei har, hennar tankar om han som ein slags helt, og hans medkjensle og kjensle av ansvar for ho – heng definitivt i hop med denne episoden dei opplevde saman. Utan den ville neppe Hannah følt seg fullt så bedradd og besviken.

Det er du som er Bobby Fischer

HANDLING:
Då barndomskameraten mister livet, vender Håkon nasa heimover til Lillehammer, kor han ikkje har vore sida ungdomsskuletida. Her vert han og kameratgjengen frå dei dagane samla igjen, og det som skjedde den gong kjem skate men sikkert til overflata.

44485525_2200904683501392_5918260515970995693_n

+ PLUSSAR +
+ Thriller-bok som samstundes også kan opplevast som ein kortform av barndomsroman.
+ Lettleseleg
+ Alt heng i saman – alle dei lause trådane eg fann undervegs blei samla veldig fint og naturleg opp
+ På knappe 200 sider blir ei stor fortelling fortalt; dette er eit plott som lett kunne blitt halt ut og blitt skriven på dobbel så mange sider– at historia er så komprimert gjer at:
* ein som lesar held fokuset
* Det blir ingen ”daude” punkter; spenninga er der heile tida

– MINUSAR –
– språk; heilt ok, men boka ville vore betydeleg betre om språket var hakket kvassare. Tenker meg bøkene til f.eks Peter May kor gode historier blir til knakande gode romanar fordi dei formidlast på eit fantastisk flott språk. Språket her er ikkje dårleg, men det er ikkje noko å skrive heim om – det løfter ikkje romanen opp. Kort sagt; eit meir særprega språk, eit annleis språk enn det som er brukt ville løfta kvaliteten av sjølve historia betrakteleg.
Dette seier eg så og seie aldri: Boka blir litt for kort! For lite og for enkelt til at eg blei kjend med hovudpersonen; tankar, kjensler, verdiar osv… får jo eit visst inntrykk, men ikkje heilt nok til at eg genuint klarte ”bry meg” om han som person. Altså; litt for lite personleg engasjement frå mi side.

DOM/ANBEFALING
Kort sagt – ein spennande thriller, ei bok som fortel svært mykje trass i sine få sidetal. Ei bok som underheld og byr på spenning, men som dessverre ikkje skapar noko varig inntrykk. Ei bok eg las, ei bok eg koste meg med, og også ei bok eg kjem til å gløyme ganske kjapt.

Les denne om du vil ha ei bok som:
– du kan lese på ein dag – ho går kjapt unna
– leverer spenning og eit godt plott
– Er fri frå klisjéar
– Inneheld mystikk og gåter til siste side
– utfolder seg i eit veldig passeleg tempo
– kombinerer thriller-sjangeren med ein kortform av oppvekstroman.

Ein svak og lunken:
Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34

 

Ei spontan bokliste

Med «spontan» meiner eg at svara/bøkene som står her ikkje er gjennomtenkte – men rett og slett berre det først som falt meg inn.
Poenget … vel, eg veit ikkje. Kanskje finner du noko i lista du vil lese.  Kanskje vil du lage din eigen versjon. Og i såfall: Korleis ser din liste ut? (kopier gjerne lista og legg inn dine svar i kommentarfeltet eller i blogg, om du har det?)

En bok på mer enn 500 sider: Forbrytelse og straff, Fjodor Dostovjeski
En romantisk klassikker: Pride and Prejudice, Jane Austen
En bok som det har blitt laget film av: Stardust, Neil Gaiman
En bok med et nummer i tittelen: Den trettende fortellingen, Diane Setterfield
En bok skrevet av noen under 30: Hjertet er en ensom jeger
En bok med ikke-menneskelige karakterer: «Dustefjerten og den store sommarferieturen», Rune Belsvik
En morsom bok:  På høye hæler over Grønland, Siri Østli
En bok skrevet av en kvinnelig forfatter: Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Helga Flatland (<<– klikk for å sjå mi omtale)
Et mysterium eller en thriller: Sannheten og andre løgner
En bok hvor tittelen kun er ett ord: Karthago (LINK)
En novellesamling: The Elephant Vanishes, Haruki Murakami (LINK)
En bok hvor handlingen foregår i et annet land: Døde og levende i Winsford, Håkan Nesser
En bok som ikke er fiksjon: Ikke en sånn jente, Monica Flatabø
En populær forfatters første bok: The Edible Woman, Margaret Atwood
En bok fra en forfatter du elsker som du enda ikke har lest: Gratis og uforpliktande verdivurdering, Marit Eikemo
En bok en venn har anbefalt deg: Fuglane, Tarjei Vesaas
En bok som har vunnet en Pulitzer Prize: To Kill a Mockingbird
En bok basert på en sann historie: Hvis jeg forsvinner, ser du meg da? Kristine Getz
En bok fra bunnen av leselista di: Seierherrene, Roy Jacobsen
En bok moren din elsker: Kafka on the Shore, Haruki Murakami
En bok som skremmer deg: Det angår også deg
En bok som er over 100 år gammel: Sult, Knut Hamsun
En bok du velger å lese kun ut i fra coveret: Det er du som er Bobby Fischer
En biografi: Denne dag, et liv – en Astrid Lindgren-biografi, av Jens Andersen
En bok som du fullfører på en dag: Ein heilt vanlig fyr, Rune Belsvik
En bok med antonymer i tittelen: Saman er ein mindre aleine, Anna Gavalda
En bok hvor handlingen foregår et sted du alltid har ønsket å dra til: Norwegian Wood, Haruki Murakami 
En bok som ble utgitt året du ble født: Matilda, Roald Dahl
En trilogi: MaddAddam, Margaret Atwood
En bok fra barndommen din: Det suser i sivet
En bok med et trekantdrama: Nei og atter nei, Nina Lykke
En bok satt til fremtiden: Ready Player One
En bok med en farge i tittelen: «Det blå rommet»
En bok som fikk deg til å gråte: «Idas dans»
En bok med magi: «The Name of the Wind», Patrick Rothfuss
En tegnet roman: «A monster Calls», Patrick Ness
En bok av en forfatter du aldri har lest noe av: «Patrick Melrose» av Edward St. Aubyn
En bok du eier, men aldri har lest: «Ut i vannet» av Paula Hawkins
En bok hvor handlingen foregår i hjembyen: Mannen som elsket Yngve, Tore Renberg
En bok med et annet originalspråk: «The Castle of Water», Dane Hucklebridge
En bok satt til juletider: «Stille natt» av Ragnar Hovland
En bok som er basert på, eller har blitt til en TV-serie: The Handmaid´s Tale, av Margaret Atwood
En bok som ble påbegynt, men som du aldri leste ferdig: Mi briljante vennine, Elena Ferrante

”Killing Commendatore” av Haruki Murakami

Den som venter på noko godt …
Denne boka var eg så keen på å få tak i at eg førhandsbestilte ho på nettet lenge før ho blei utgjeven. Så ivrig var eg faktisk, at eg ikkje la merke til at eg bestile ho på dansk. Blei dermed – mildt sagt – litt skuffa då ”Bog 1” landa i postkassa mi. Eg vurderte faktisk å lese ho på dansk … for eg hadde venta så lenge på at oversetninga skulle kome. Vurderte på eit tidspunkt også å lære meg japansk for å sleppe all ventinga….. Men, tok til fornufta, returnerte boka og bestilte engelsk utgåve i staden for (den norske har endå ikkje kome!).
Screen Shot 2018-11-04 at 10.52.39.png

Eg har forsøkt å unngå omtalar, men har ikkje greidd å halde meg heilt unna heller – så eg har skumlese litt her og der, nok til å få med meg at både kritikarane og ”vanlege” lesarar er veldig splitta. Og etter å ha lese boka sjølv, kan eg faktisk forstå det.

HANDLING – Det er vanskeleg å gjenge handlinga utan å røpe noe viktig. Det er også vanskeleg å oppsummere ei bok på 700 sidar på få ord, men eg forsøker:

Hovudpersonen, ein mann i midten av tretti-åra (som hovudpersonar i Murakami sine bøker jo ofte er…), får kvardagen snudd på hovudet då kona brått og uventa seier at ho vil skilje seg, at ho har funnet ein annan mann. Det blir slut. Og han bruker dei neste månadene på å køyre rundt i Japan på må-få. Søv litt her og litt der; telt, ymse motell, osv. Til vanleg arbeider han som portrettmålar, noko som sikrar han trygg inntekt, men som ikkje var den vegen han ville gå. Det skulle vere ei midlertidig ting. No ser han moglegheita til å realisere kunstnardrøymen – måle det han sjølv vil, og ikkje måle berre for å tene pengar. Via ein kunstnar-kompis får han ein stad og bu også; faren til denne kunstnarkompissen ligg på sjukhus og heimen hans står tom; det ville berre vore til hjelp for alle dersom nokon ville bu der og ta seg av huset. Så dit går turen – til ei lita fjellbygd langt vekke frå sivilisasjonen, til eit hus på toppen av eit fjell. Her skal han bu mens han finner ut av kva han skal gjere.

Kompissen sin far, som i budde der før, var også kunstnar – ein veldig kjent ein óg. Så han forventar å finne inspirasjon og ny giv her. For å sikre seg litt inntekt takkar han også ja til å undervise kunst-kurs to-tre gonger i veka.

Lerreta forblir blanke – han klarar ikkje måle noko som helst. Så, ein kveld finner han eit bortgøymd maleri på loftet i huset. Han pakkar det opp, og så startar mystiske ting å skje:
1) Bilete viser seg å fortelle noko om kunstnaren som malte det – altså han som budde i huset før, og som no ligg senil som ei fjøl og ventar på dauden på sjukhus. 2) Litt etter blir han kontakta av agenten sin – ein av naboane her oppe på fjellet har fått med seg at han er portrettmålar, og vil gjerne ha eit. Beløpet han tilbyr er såpass høgt at han går med på å måle eit siste portrett likevel. Desse to mennene – målaren og kunden – blir etter kvart ganske godt kjent, og å måle portrett blir ikkje det einaste han skal hjelpe til med.
3) Fleire netter på rad vaknar hovudpersonen av ei bjelle. Han sporar lyden og finner ut at lyden kjem frå bakken, frå eit område tildekt av store stein. Saman med denne nye venen/kunden/naboen sin skaffar dei utstyr og får gravd opp steinene og finner til slut eit djupt hol i bakken, noko som liknar på ein brønn.

– Desse tre tinga; bilete på loftet, det nye bekjentskapet og bjella i bakken får ein rekke hendingar til å utfalde seg.

DET EG LIKTE
+ originalt og ufortseigbart plott
+ herlege karakterar!
+ god spenning
+ stemning som er til å ta og føle på
+ lause trådar som verker meingslause der og då, men som etterkvart blir samla

+ Elskar FANTASIEN  til Murakami !!
+ at ikkje absolutt alt henger i hop; slik er det jo i livet også – alle dei raude trådene, alt det som hender oss i kvardagen – det henger ikkje alltid i hop, nokre gonger berre skjer ting.
+ den litt sære humoren som finnst gjennom heile boka … noko av det er nok for dei færraste av oss, men treffer verkeleg med … som dette her:
42898619_2290652511210568_3609979551767080991_n

TING EG LIKTE MINDRE:
– tidvis meir langdrygt enn kva godt er
– I blandt blei enkelte ting her gjentatt til det keisamme; unødige påminningar om enkelte karaktertrekk og forklaring av ting som alt er blitt forklart tidligare; som f.eks at hovudpersonen vil formidler meir enn eit menneske sitt fjes når han målar portrett – han vil formidle personens indre også. Dette står skriven fleire gonger gjennom boka, som om eg som lesar gløymer det så snart eg har lese det.

DOM/ANBEFALING:
Les denne om du vil:
– ha ei bok å bruke tid på, ei bok å nyte, drøyme deg vekk i.
– kjenne ein unik, lada spenning kombinert med mystikk
– prøve noko ”nytt”; altså vere opensindig ig mottakeleg for ei god historie utan noko eintydig slut.

Eg likte boka! Men … eg er ikkje heilt uparktisk sidan eg er såpass stor fan av Murakami  – eg ville sikkert like det også om han skreiv ei tusen-sidars bok om meitemark…
Om du allereie er fan av Murakami, vil du truleg like denne godt. Om du derimot ikkje har vore fan av bøker som Kafka on the Shore og 1Q84, bør du kanskje stå over denne då stilen er litt lik.
Eg kan lett forstå den blanda kritikken av boka, for denne vil nok falle best i smak hos dei som veit kva dei kan forvente av Murakami og som alt er litt kjent med nokre av hans tidligare romanar.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34
Sterk firar – skulle gjerne gitt fem, men dei andre bøkene han eg har gitt femmarar og seksarar til er hakket betre enn denne. Så for å vere litt ”objektiv” blir det ein (supersterk) firar.

43818134_2113930895303938_6510135793987439946_n

Og som så ofte når eg leser, noterer eg ned ymse «nye» ord – ord eg ikkje kunne frå før av og som er derfor har notert med ned og sjekka ut:
* Dilapidated
* Arduos
* Affluent
* Leitmotif

SEPTEMBER del 2: lydbøker

Eg las ein rekke papirbøker i september (OMTALE HER). I tillegg blei det ein god del lydbøker – eg lytter til desse mens eg går tur, gjer husarbeid osv …så det blir fort ein del av det i desse dagar. Så her kjem ei kort lita omtale over lydbøkene eg lytta meg gjennom i september. 

 NB! Det er no ei stund si eg lytta til desse, og det eg skriver er utelukkande henta frå minnet. Så … ved å sjå kor mykje eg hugsar reflekterer nok også kor godt eg likte boka, eller kor djupt spor ho sat i meg.

”Etter styrten”, Michel Bussi (lest av Kim Haugen)
A. Kvifor valgte eg denne?
– Nyfiken på meir fransk litteratur; har lese ein del, men ikkje så mykje. Det vesle eg har lese har derimot verkeleg falt i smak. Dessutan er eg glad i Kim Haugen si røyst og lese-stil. Handlingsreferatet/omtalen appelerte også:
38822967B. Kort om handling
– Eit fly styrtar og alle passasjerane, utanom ei jente, daudar. Ho er eit spedbarn. Men kven er ho? Det var to spedbarn på flyet. To familiar melder seg som pårørande, ingen av dei kan bevise at dei er relatert til barnet (heller ikkje DNA gjer einstemmige svar). Atten år seinare – på jentas attenårsdag – starter fortellinga. Ho har då vekse opp hos den eine av desse to familiane. På attenårsdagen mottar ho papirar knyta til etterforskinga av saken hennar. Den eine av familiene engasjerte ein privatdetektiv for å løyse gåta. No får ho notatene hans. Finner ho noko svar? Boka fortelles frå fleire ulike karakterar sine ståstadar – broren hennar, begge dei aktuelle familiane, detektiven, andre som observerer dei.
C. Stemme/lyd
Kim Haugen. Eg fann denne boka på Storytel ved å søke om namnet hans. Eg har ikkje elska alle bøknene eg har høyrt han lese, men stemma og stilen han leser på gjer at bøkene uansett blir underhaldande. Innleving utan at det blir kunstig, behageleg og jamnt tempo, diaoger med liv og futt i – slik at det skiller seg ut frå det som ikkje er dialogar.
D. Plussar or minusar
+ Originalt plott
+ Likandes karakterar
+ Spenning og mystikk
+ Ei gåte man ikkje klarer å ”gjette” seg fram til med det første
– Tidvis litt vanskeleg å tru på alt; for å nyte denne boka anbefaler eg å berre godta det som står, ikkje ver for kritisk. Berre lytt og lik!
– eg sleit ein del i starten med å skilje dei to familiane frå kvarandre – rett og slett fordi namna er franske og i mine utrente øyrer lød det veldig likt.
E. Terningkast/dom
STERK Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34

”The Woman at 72 Derry Lane”, Carmel Harringtong (lesen av Aoife McMahon)
A. Kvifor eg valte denne
Ganske tilfeldig i grunn. Eg ville ha noko som var enkelt å følgje med på, lite kravande mtp konsentrasjon og tittelen gav med litt slike vibbar. Tjuvlytta litt også og likte godt røysta som las
B. Kort om handlinga
To damer. To naboar. To vært ulike liv. Den eine – ei angstfylt eldre dame som ikkje våger seg utfor huset. Ho andre – ei ung, vakker dame, gift med ein vakker og suksessrik man. På overflata. Då desse to kjem i kontakt med kvarandre oppdagar dei imidlertid at ingenting er som det verker til å vere. Ekteskapet er ikkje så godt, den lykkelege unge dama har det ikkje så godt. Den hissige nabodama er ikkje så sint, men redd, og trist, og einsam. Dei to utviklar eit forhold som får store konsekvensar – både for dei sjølve og for dei rundt seg.

33229417

C. Stemme/lyd
Komfortabel stemme med akkurat nok futt og energi i til at det er underhaldande å lytte til, sjølv over lang tid. Sympatisk. God innleving. Avslappande og jamn, utan at det blir sømndyssande
D. Plussar or minusar
Eg trudde dette skulle bli endå ei ”slik” bok kor to triste sjeler fikser kvarandre. Men:
+ det finst dybde i denne boka;
+ karakterane fremstår ikkje som stakkarslige offer
+ Det finnst mykje humor her, trass i overliggjande alvor og mange triste kjensler
+ Herlege karakterar ein blir glad i
– Til tider litt lengre enn strengt tatt nødvendig; nokre litt for detaljerte fortelingar/scener som med fordel kunne vore korta litt ned.

E. Terningkast:

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34

”En avtale med livet”, Cecila Ahern(lesen av Siv Charlotte Klynderud)
A. Kvifor eg valte denne?
lysten på noko lett, feel-good, chicklit-isj
– Har lese ein del andre bøker av Ahern, og likt dei godt. Perfekt ”guilty pleasure” – den type bok eg likar å lese ein gong i blant, men ikkje ofte.
– har lytta til fleire lydbøker lesen av XX og likar måten ho leser på
– Konseptet om Livet som ei menneske verka absurd nok til å vere morosamt
17826813
B. Kort om handlinga
– Lucy Silchester har det ikkje så bra; det er slut med kjærasten, ho trivst ikkje på jobb, bilen streiker, utgiftene ballar på seg, ho har eit noko anstrengt forhold til foreldra – særleg mora si og opplever at ho aldri er god nok, og i tillegg bur ho i ei lita leilegheit ho ikkje heilt føler seg heime og vel i. Ho sliter med å innsjå og innrømme at ting ikkje er så bra –både overfor seg sjølv og for andre. Ho gøymer seg bak ei smilande, spydig og vittig fasade, og ho lyger om det aller meste til dei aller fleste. Men så ein dag… ein dag blir ho innkalla til eit møte med Livet; ein mann som ser ut til å vere omtrent i same tilstand som livet hennar – sliten, magert, grått, tynnslitt … Livet og Lucy må omgås, og saman arbeider dei for å stable både livet og Livet på beina at.
C. Stemme/lyd
Første gong eg høyrte Siv Charlotte Klynderud lese var då eg lytta til ”En dag i juni” (OMTALT HER) – og eg elska den boka, og også lesestilen til Klynderud. Så Så kombinasjonen av Ahern og Klynderud tenkte eg at var bankers.
D. Plussar or minusar
+ Originalt plott – det lova jo godt, utgangspunktet og idéen vekka interessa, men resultatet…:
Det blei for fjollete, dette
– lite truverdig
– for ”grunne” karakterar
– tvungen og tidvis unaturleg humor; som om forfattaren prøvar litt for hardt
– for overflatiske og grunne karakterar
E. Terningkast/dom

terningkast2Har i grunn ikkje så mykje positivt å seie … Hadde det ikkje vore for den flinke opplesaren, ville eg ikkje ha fullført denne lydboka.

Det er såpass sjeldan at eg leser ”chick-lit”, så når eg først skal gjere det vil eg verkeleg at boka skal levere; at ho skal gje meg noko; kjensler, nostalgi, ei tåre, eit smil…noko klissete. Denne blei eg i grunn berre irritert over.

”The House Across the Street”,Lesley Pearse (lesen av Rosie Jones)
A. Kvifor eg valte denne
”The Woman at 72 Derry Lane” gav meirsmak, og denne boka blei anbefalt under ”bøker som likner på…”
– Har blitt nyfiken på meir Irsk litteratur etter å ha lese og likt mykje av det i år.
B. Kort om handlinga
Vi skal tilbake i tid – 1964. Tjuetre år unge Katy Speed er nyfiken og oppteken av dama som bur på andre sida av gata, som stadig mottar besøk av ulike kvinnfolk som kjem dit i den same svarte bilen kjørt dit av ei fast dame. Kven er desse damene og kva er det dei gjer hos naboen? Eit anna aspekt ved livet til Katy er det såre forholdet ho har til mora si som ho opplever som sur, gretten og avvisande. Etter litt om og men får Katy litt nok av mora og tek endeleg motet til seg for å følgje drøymen – saman med venninna si fiksar ho seg leilegheit og arbeid i byen og gjer seg klar for å starte sitt eige liv vekke frå mora. Men så, midt i denne prosessen med å flytte, brenner nabodama sitt hus ned til grunnen –og både nabodama og dottera hennar mister livet. Og blant dei mistenkte er Katys far. For å frifinne faren sin foretek ho eigne undersøkingar og forsøker å finne ut av saka. Kven var denne naboen? Kven var dei som alltid kom på besøk? Har desse besøka noko med brannen å gjere?
37712192C. Stemme/lyd
Hugsar i grunnen ikkje, men i og med at eg fullførte må det ha vore innafor. I og med at eg ikkje hugsar var det neppe heller ein ”eksepsjonell” innlesing, for når eg finner røyster er verkeleg likar pleier eg å søke opp fleire lydbøker med same opplesar. Meiner å hugse det blei litt for ”rolig” og lågmælt for mi smak, litt sånn sove-røyst.
D. Plussar or minusar
+
dette blei ein slags ”chick-lit” møter krim; eg fekk ikkje med meg at boka var ein krimbok før godt ut i handlinga. Så om du ikkje er ein krimelskar, men kanskje vil ha litt ”etterforsking” likevel – då er denne god! Her er det utvilsamt ei kriminalsak og ei gåte å løyse, men det handlar fint lite om politi og morder-jakt.

– ”twisten” mot slutten av boka syntes eg ingenting om. Vi får vite litt om kvifor mora til Lucy er som ho er, og eg syntes det blei unødig mykje drama og at boka kunne vore betre utan. Mora blir så stakkarsleggjord og hjelpelaust skildra.
E. Terningkast og dom: Spennende, men ikkje veldig spennande, underhaldande nok … fin bok, men ikkje ei som «sit igjen». Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34

”En mann ved navn Ove”, Fredrik Backman(lesen av Kim Haugen & Trond Brænne)
Kvifor eg valte denne?
– Ei bok eg har høyrt om og lenge tenkt eg skal lese fordi såpass mange skryt av ho
– Trudde faktisk eg hadde ho på hylla, men akk nei – så då eg fann ho på Storytel og eg var på utkikk etter ei bok å nyte, tok eg sjansen på denne. Og det er eg glad for!
Kort om handlinga
Ove. Ein nyleg (motvillig) pensjonert enkemann, vandt med å arbeide hardt, med å pusle og stelle med ting. No står han utan jobb, og utan kone – saknet etter kona er enormt og utan arbeid og noko å leve for verker livet såpass meiningslaust og tomt at han tenker det kan vere det same med heile livet …
Men i det han skal gjere det slut, startar ting å skje. Ove blir – motvillig – innvolvert i livet til dei nye naboane. Ein rekke små hendingar gjer at han må utsetje sjølvmordsplanane ein stund for å få orden i verda rundt seg. Alle desse folka, alle desse tinga som irriterer og plagar vettet av han, viser seg å vere noko han treng, og noko han til slutt setter pris på – på sitt gretne vis.
17849130
C. Stemme/lyd
Har lytta til både Trond Brænne og Kim Haugen sine lydbok-innspillingar før, og likar godt måten dei les på.
** Ei lita kommentar:
Det er Trond Brænne som les denne boka, nesten heile boka, for undervegs i denne innspillinga daudar han. Og Kim Haugen leser dermed dei siste kapitlane. Syntes berre det var verdt å nemne, for eg syntes det gjorde lydboka litt ”viktigare” på eit vis, litt ekstra ladd av kjensler.At det er to ulike opplesarar syntes eg ikkje øydela i det heile tatt. Kim Haugen leser dei få siste kapitlene og utbyttet av opplesar gjer faktisk ingenting negativt for lytteopplevinga.

D. Plussar or minusar
Eg var ein smule skeptisk til boka, rett og slett fordi det finnst så mange bøker om ”eldre, gretne menn som endrer seg og blir mjuke i det noko/nokon nytt hender i livet deirar”, og ofte blir forsøka på å snike inn humor for tilgjort og kunstig. Her derimot… her klaffar det!
+ humor og ironi kombinert på elegant vis med elles dystre tema og kjensle som sjølvmord, sorg, sakn
+ forfattaren faller ikkje for freistinga om å gå for langt; det finnst enkle overdrivingar, men det går ikkje så langt at det vert tåpeleg og fjasete. Hårfin grense der…
+ fekk ikkje kjensla av å ha lese dette før; slik ein (eg, iallfall) ofte får av bøker som dette.
+ Gjenkjenbart; om ein ikkje kjenner seg igjen i Ove, så kjenner ein definitiv til mennesker/vener/slekt som er litt som Ove.
+ Sterke karakterar; eg opplevde å bli kjend med kvar og ein her, og det heilt utan at forfattaren eigentleg tek seg tid med å skildre dei direkte. Via handlingar og replikkar kjem ein nært innpå desse menneska.
Eit par minusar og:
– Mitt største ”problem” med boka er at Ove, med sine femtini år, framstår som ein fossil: langt meir utdatert enn kva notidas femtini-sekstiåringar brukar å vere. Dei fleste på denne alderen er i stand til å bruke ein mobiltelefon, dei veit litt om korleis Internett fungerer og henger generelt betre ”med” i tida enn denne karen her.
– Skildringa av den sju år gamle nabojenta irriterte meg og bitte litt – for ho framstår meir som ein gretten fjortis (kanskje så ungt som 10-11-12 …men ikkje sju!) enn som ein sjuåring. Ho himlar med auga, kjem med spisse og sarkastiske kommentarar, og er svært sjølvstendig – såpass at eg ikkje heilt klarar tru på at ho er sju.
E. Terningkast og dom:
Ei ”feel-good” bok av dimensjonar, lett å lese, lett å elske, vanskeleg å legge bort – både fysisk, men også mentalt – boka henger igjen i tankane i lang tid etterpå. Ho kombinerer alvor og humor på ein elegant måte. Skal du lese EI humoristisk kosebok, så er dette ein du bør vurdere.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27

”Nysgjerrigper”, Belinda Bauer(lesen av Axel Aubert)
A. Kvifor eg valte denne?
– lysten på krim
– likte røysta
– har høyrt mykje godt om forfattarinna
B. Kort om handlinga
Patrick har Aspergers syndrom og ser ikkje livet heilt slik som andre gjer det. Han har i tillegg eit oppheng i temaet dauden – kva skjer, kor ender sjela opp, kva skjer med kroppen? Etter at han blei vitne til farens daud som barn har dette blitt ein besetning for han. Og det er denne besetninga som gjer at han melder seg på eit anatomi-kurs (kor dei øvrige studentane er legestudentar). Som del av kurset skal dei utføre obduksjon og forsøke å fastslå kva pasienten har dauda av. Svaret Patrick kjem fram til stemmer ikkje med det universitet gir, og Patrick blir mistenksam. Nokon forsøker å skjule sanninga om korleis denne mannen dauda, og Patrick blir besett av å avsløre sanninga, og bevise det.
C. Stemme/lyd
Likar godt røysten, tempoet, volumet og stilen. Karakterane får preg, dei får si eiga røyst – utan at det blir kunstig eller ”rart”. Akkurat nok futt og energi til at det ikkje blir søvndyssande. Og akkurat roleg og jamnt nok til at det heller ikkje blir masete når ein lyttar over lengre tid.
D. Plussar or minusar
+ Originalt plott! Endeleg noko litt nytt innan krim-sjangaren. Krimbok som ikkje hovudsakeleg handlar om politi, advokat eller journalist.
+ Fortellersynspunktet skiftar på elegant vis mellom Patrick og andre karakterar
+ Truverdig
E. Dom/Terningkast:

Absolutt ei forfattar eg vil utforske meir!
Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27

The Temp, Michelle Francis(lesen av Imogen Church)
A. Kvifor eg valte denne?
– Valte denne fordi eg elska den føre boka av denne forfattaren; The Girlfriend, og då eg såg at ho hadde kome med ny bok nølte eg ikkje med å velgje den.
B. Kort om handlinga

Vi følger tre karakterar her – og dei har fått kvar sin ”del” i boka.
Del 1- Carrie
Del 2 – Emma
Del 3 – Adrian (Carries ektemann)

Carrie og Adrian er eit suksessrikt ektepar – han skriver manus for TV-show og ho er produsent. No skal dei, etter fleire år med sjølvstendig arbeide, arbeide saman om ein serie; ho skal produsere dramaet han har skrive. Så blir ho uplanlagd gravid, og dei må ansette ei assistent for å lette litt på arbeidsmengda hennar. Emma får jobben. Og ho trår til med kraft, energi, og imponerer stort. Ho har, i tillegg til motivasjon for arbeidet og ein genuin interesse for faget, også ein spesiell god grunn til å søke nettopp denne jobben. Og dette motivet skal få store konsekvensar for alle involvert – både på godt og vondt.
C. Stemme/lyd
Har lytta til fleire bøker lesen av Imogen Church. Likar stilen hennar godt.
D. Plussar or minusar
+ Originalt plott og setting; det er ikkje mange thrillere (som eg har lese) med handling knyta til TV-produksjon.
+ Ingen ”obvious” løysing som ein ser lysår før det skjer
+ Ikkje noko unødig lange skildringar og flisespikkerier
+ spenning og usikkerheit gjennom heile boka
+ ei slik bok eg blir ”avhengig av” og som får meg til å gå ein ekstra runde på tur berre for å lytte litt meir…
– Likte ikkje måten boka var delt inn i på; for i alle tre delene skifter perspektivet mellom fleire av karakterane, og eg følte ikkje at kvar del var innskrenka nok til å få tilskrive seg namnet på ein bestemt karakter. Det ville vore betre om det jamnt og trutt blei veksla fram og tilbake mellom karakterane – det ville gitt betre flyt, meiner iallfall eg
E. Dom/Terningkast:
Innen sjangeren ”psykologisk krim” finst det – unnskuld til dei eg no måtte fornærme – enormt mykje drit der ute! Nokon forsvinner, nokon vi trudde var duade er levande likevel og no skal dei ta hemn, eller; far/mor mi er ikkje likvel mi ekte, biologiske mor. Eller … nokon forsvinner på mystisk vis frå ein båt, ei hytte, …og så er det bestevennina som står bak for å hemne seg på noko for leeenge sida… Uansett; DET skjer ikkje her. Dette var eit frisk pust inn i eit ellers forurensta thriller-miljø.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.34