MINE TANKAR OM JARLE KLEPP-SERIEN

JARLE KLEPP – FOR EIN MANN!

Serien er skriven av Tore Renberg og består av desse bøkene:
1. Mannen som elsket Yngve
2. Kompani Orheim
3. Charlotte Isabel Hansen
4. Pixley Mopogo
5. Dette er mine gamle dager

TING SOM GJER AT EG ELSKAR DENNE BOKSERIEN:

+ energi og futt og fart
+ humor i bøttevis; både via handling/plott, men også gjennom språket 
+ ingen ”daude” parti; ein rekker ikkje bli rastlaus og lei mens ein leser, det er god driv heile vegen.
+ Bilete mitt av Jarle Klepp er komplett; eg føler verkeleg eg blei kjend med han gjennom desse bøkene. Eg følte eg visste litt kor han sto og stilte seg mtp diverse tema… litt sånn ”Typisk Jarle å reagere slik!” – og då skal ein kjenne eit menneske (eller fiksjonell karakter….) ganske godt. Samstundes kjenner eg han ikkje heilt – for eg lærte heile vegen noko nytt om han. Ja, Jarle Klepp slutar aldri å overraske – og nettopp dette gjer han så ekte, for slik er det med menneske ein kjenner godt ”in real life” og – dei har mange lag og uansett kor godt man trur man kjenner sine vener vil ein ALLTID kunne oppdage noko nytt ved dei. 
+ Elskar at stadene er ekte, sikkert ekstra gøy for meg som rogalending sidan eg kjenner meg att. 
+ Nostaligisk og tidsriktige skildringar gjer at ein kan føle seg ekstra engasjert og medrevet (men for yngre lesarar kan dette kanskje ha motsett effekt – at ein ikkje kjenner seg att…tamagocchi, kva var det?, liksom. Sjølv hugsar eg godt datadyr-dagane, men for ein tenåring i dag er nok dette heilt gresk)
+ Setter enorm pris på kor djupt forfattaren har gått inn i hovudet til Jarle Klepp – det kjem klart ut av teksten at dette er basert på noko ekte – om ikkje handlinga er reell, så er iallfall kjenslene i boka bygga på noko ektefølt. Det kostar å skrive på denne måten kor ein utleverar og visar fram hovudpersonens innste kjensler på denne måte. 
+ Trass i mange såre episodar og ein tøff barndom, leser eg bøkene med eit smil. Eg får genuin medkjensle for karakterane – ikkje berre for Jarle. Og, denne sympatien er ikkje eit resultat av at karakterane har det vanskeleg; dei vert ikkje skildra som stakkarslege, hjelpelause ofre, men som heile menneske med mange lag.


(Forsøk på å skrive) KORT om bok for bok:

 Seriens første bok – opnar med ein Jarle Klepp på veg til skulen etter endt juleferie. Han går i andre klasse på Kongsgård – ein vidaregåande skule i Stavanger sentrum. Her likar han seg sånn passeleg godt – han har funnet si plass, føler han. Saman med bestekompissen, Helge, og kjærasten, Katrine, utgjer dei ein fin liten trio som trur og brenner for det same. Mykje av det same, iallfall. Eller? Dette er nemleg noko som skal endre seg litt for Jarle i tida framover, dette med at alt han trur på kanskje ikkje er så enkelt, så svart på kvitt. Jarle skal oppdage ein del nyansar av grått denne vinteren/våren. For på denne dagen her, etter juleferien, skjer det noko som skal forstyrre denne vesle triangelen av lukke og tryggleik – og kva anna enn eit anfall forelsking kan vel forstyrre idyllen meir? Jo, forboden kjærleik som ein ikkje innser at er kjærleik, ein forelsking ein ikkje vil ha og som ein ikkje klarar skru av. Det er nemleg ein ny elev på skulen denne dagen. Han heiter Ynvge. Og han vekker nye kjensler i Jarle som Jarle både vil utforske og samstundes ikkje. Jarle er ambivalent. Jarle er forelska. Og det skal endre på mykje, både for han og for dei rundt han. I tillegg til dette hovudplottet, får vi som lesarar også eit visst innblikk i fortida – via korte tilbakeblikk får vi eit inntrykk av ein barndom med alkoholisme, ustabile forhold heime, og konfliktar som til slut førte til skilsmisse.


Den andre boka utfyller den første på meisterleg vis. Ho tek føre seg Jarles barndom – altså hopper vi bakover i tid her, og får innblikk i Jarle og familien hans sitt liv i tida opptil bok nummer ein. 
Episodar, kjensler og tankar frå den første boka får solide bein å stå på. Eg likar særs godt at denne boka er skriven i tredje person (den første er skriven i første person, kor Jarle er fortellaren.) Det er ikkje så vanleg at ein forfattar bytar fortellerstemme undervegs på dette viset, og at det blir gjort her fungerer utruleg bra! For i denne boka får vi eit djupare innblikk i Jarles barndom, og ved å fortelle i tredje person bli vi betre kjende med menneska og omstendigheitene rundt Jarle. Vi blir betre kjent med pappa Terje, mamma Sara, bestemor, øvrig vener og slekt. Eit solid bilde av ein ustabil familiedynamikk. Ein familiefar som vil og vil, utan å få det til… Korleis kunne alt gå så glae, når intensjonane var gode? 

Bok nummer tre, og Jarle har blitt tjuefem. Han bur på hybel i Bergen kor han studerer. Han har sinte rutinar, sine faste kompissar, han er inne i ein tralt. Han veit så mykje, han er så utdanna, han er litt over gjennomsnittet intelligent. Syntes han. Folk er litt dumme. Syntes han. Og så kjem beskjeden om at Jarle ikkje berre er Jarle, for Jarle er far, Jarle har ei dotter han ikkje visste om. Og no skal ho bu hos Jarle nokre dagar, for mora skal på ferie, og ho seier det er tid for Jarle å ta i eit tak. Og vipps er ho der, dottera hans. Og alt han veit, og alt han trur… det er ingenting det. Kort sagt kjem denne dottera inn i livet hans og får Jarle til å stille nokre spørsmål til seg sjølv om korleis han lever, kva han eigentleg veit, kva som er viktig for han. Jarle får mindre tid og energi å bruke på seg sjølv, han blir tvungen til å sjå på livet utføre bobla si som er begrensa til å handle om seg sjølve, kompissane og studiene. Kva kan vel endre perspektivet og haldninga ein har betre enn ei lita fritt-talande jentunge? Jarle si verd krympar og veks på ei og same tid …

Fjerde bok – og vi hoppar lengre fram i tid. Jarle er no i arbeid som journalist, og er i den samanheng på konsert med barndomsheltane sine, The Smiths, for å skrive ein knakande god anmelding for avisa. Men slik blir det jo ikkje. For på denne konserten blir han vitne til noko som mildt sagt får det til å rakne for han. Noko  – som for andre kanskje berre er ei ”lita episode” – får han til å miste hovudet heilt og denne natta blir lang. Veldig lang. Forutan Jarles kaotiske hovud og ståket han steller i stand, får vi som lesarar også eit sårt gjensyn med Helge – Jarles barndomskompis. 

Femte bok skiljer seg ut på mange måtar, både med tanke på innhald og handling, men også særleg tenker eg på tempoet og energien. Dei første bøkene, særleg dei første to, strutta av energi og futt, noko som passar godt inn med Jarle sitt liv, alder, og tankar, og med bokas handling totalt sett. I denne femte boka er Jarle blitt trettifem år gamal, han har slått seg til ro med kone og barn, han arbeider som lærar, og lever ganske A4. At fortellerstilen er litt meir dempa og beherska passar derfor veldig godt, og dannar eit godt grunnlag for det denne boka formidlar: djupare refleksjonar, ein del nostalgi, ein del sorg, ein det undring. Eit møte med nokon frå fortida gjer at Jarle, noko vedmodig, dykkar inn i seg sjølv – kven han er, kven faren var, kor mykje av faren som finnes i han-Jarle. Spøkelsa frå fortida er der også, og det er i stor grad desse han tek eit slags oppgjør med her. 

Eg likte godt denne, trass i ( eller kanskje nettopp fordi?! ) ho er så annleis frå dei andre. Ho skapar ei god avslutning på serien om Jarle Klepp. Ekte, truverdig. Ikkje for dystert, heller ikkje for sukkersøtt og overlukkeleg. Ein ordentleg slut på ein bokserie. Merk det: slut for BOKSERIEN, ikkje for Jarle sjølv. For, slik er velger å lese boka, lever han vidare i ein relativt god trallt som vaksen mann, ektemann, familiefar, lærar … og seg sjølv, Jarle. 

Det var dog eit par ting eg irriterte meg over i denne boka … og som eg ikkje klarar å leggje heilt vekk (eg har verkeleg prøvd!) Det står nemleg ein del ting her (som eg ikkje skal utdype for mykje mtp at mange ikkje har lese denne boka og at det kanskje kan øydelegge litt for korleis en velgjer å lese dei andre bøkene i serien) som ikkje passar heilt inn i plottet til dei andre fire bøkene. Mellom anna dukkar det i denne boka opp eit familiemedlem som ikkje er nemnt med eitt ord i dei andre bøkene. Denne karakteren har ein viss rolle i denne boka, men passar ikkje inn i handlinga i dei andre bøkene. Hadde dette vore ein  frittståande bok, om ein annan mann enn Jarle, ville det ikkje gjort meg noko. Men …æsj altså, eg klarar ikkje la være å ergre meg litt over at denne karakteren er med i boka. Elles har eg og funnet ein del andre småting som skurrar litt – mellom anna at Jarle fortel om ein episode kor han besøker faren sin i barndomsheimen… men; på den tida denne episoden skjer bur ikkje faren i barndomsheimen – for han har nemleg flytta til Forus. Verken mora eller faren til Jarle bur i barndomsheimen på denne tida ….
At eg lot desse tinga gå inn på meg, ja faktisk irritere med skikkeleg, kan kanskje sees på som positivt også – det betyr jo at bøkene har engasjert meg nok til å vekke kjensler og engasjement. 

Det er likevel desse tinga som gjer at eg ikkje klarar å gje boka eit høgt terningkast …klarar faktisk ikkje trille terninga i det heile tatt. Hadde boka vore ein frittståande roman, eller hadde ho vore skriven utan å «motseie» plottet i dei andre bøkene, ville eg lett gitt ein femmar. 


SUMSUMMARUM

Dette er ein solid bokserie som byr på eit stort spekter av hendingar og kjensler. Det er mykje smerte, men også enormt mykje humor og glede. Bøkene er varierte, og samstundes tru mot seg sjølve – både mtp måten dei er skrivne på, og også mtp karakterutveklinga. Sjeldan har eg opplevd å bli så godt kjend med litterære karakterar som i denne serien. 

Må også seie at eg likar godt at bok 1 og 5 er skriven i første person, mens dei tre i midten er fortalt frå i tredje-persons perspektiv. At serien startar og slutar slik gjer ein slags kjensle av noko fullkomen og ferdig. Det er eit interessant grep å bytte slik mellom bøkene, og kanskje var det heller ikkje eit bevisst val frå forfattaren si side frå og med starten av? Men slik det er gjort syntes eg at eg fekk bli kjent med Jarle frå innsida ut, bokstaveleg talt.

Så – kvifor skal du lese denne? Vel … mellom anna fordi:
* her finst det noko for alle! Humor, glede, alvor, sorg, …
* vanvittig underhaldnande
* gjenkjenbart – alle vil kunne kjenne seg at i noko her, om det er barnlege kjensler, kjærleiken, tvilen, frykta … uansett kor fin eller dårleg barndom du har hatt er det umogleg å lese desse bøkene uten å kjenne at noko av dette Jarle kjenner på
* Du kjem til å bli glad i Jarle, og blir du det har du heile FEM bøker å sjå fram til å kose deg med
* Gjennomført og solid serie
* særs artig å sjå filmane (dei tre første bøkene har fått kvar sin film) etter å ha lese bøkene. (Eg såg faktisk filmane først, for mange år si, men fekk likevel ei heilt anna oppleving av bøkene, så det eine utelukker ikkje det andre.)
* Av alle oppvekst-romaner er desse (dei to første) blandt dei sterkaste og mest nøyanserte eg har lese. 
* Ein heil haug av gullkorn
* Fargerikt språk, med ordspel og intelligent humor

Tankar om: The Color Purple

The Color Purple, av Alice Walker

Følgende er skriven kort tid etter å ha slukt boka i to jafs. Det finns enormt mykje på det store Internettet om denne boka, så for ikkje å gjenta/kopiere det som alt står der, skriver eg rett frå levra. Dette er altså berre mine tankar og inntrykk – altså ikkje noko fag-litterært korrekt eller grundig bearbeida…

Nokre stikkeord:
– Utgiven i 1970.
– antall sider; 197
– ansjåast som ein viktig klassikar
– filmatisert på 1980-talet
– omhandlar ein rekke tema; å være minoritet og svart og ”utstøtt” frå den delen av samfunnet som er ikkje-svart. Valdtekt. Vald. Mishandling. Religion. Etikk. Misjonær-arbeide. Familie. Samhald Rasisme. Overgrep. Makt… med meir

44552910_346170976143020_724025950682206334_n

Kort om handlinga:
* boka omtalar liva til ein gruppe svarte menneske i tida mellom dei to verds-krigane
* Vi følgjer to hovudpersonar: Celie og Nettie – to systrer med vært ulike livsforløp: den eine blir gifta bort som tenåring, ho andre ”kjem seg unna” (med systras hjelp) og ender opp som misjonær i Afrika
* historia blir fortalt via brev skrivne av dei to systrene
* Boka gjer eit solid og realistisk innblikk i livet til dei to systrene, og til  menneska rundt dei

Celie – er den eg vil seie er hovudpersonen her, mens Nettie blir ein slags bi-hovudperson, om det går an å seie. Celie blir transformert i denne boka – frå ei taus og lydig spinkel jentunge som ”berre” tar i mot alt som kastast på ho – mishandling, vald, svik … Livet hennar endrar seg, sakt men sikkert, i det ho blir ven med Jazz-artisten Shug Avery. Endringane skjer gradvis, og ein legg ikkje heilt merke til at det frå side til side, men innan boka nærar seg halvvegs er det ei ny – og samstundes den same, gode gamle – dama som skriv.

MINE TANKAR
Om å lese boka:
 det var ikkje ”berre berre” for meg i starten, for ho er skriven på eit språk som er tilpassa hovudpersonen og som reflekerar hennar utdanning (eller mangel derå); altså er ikkje språket «rett fram» og formulert slik ein er vant med. Det er ikkje grammatisk korrekt, det manglar komma, dialogar står litt i hist og her midt i teksten, ein del ord er feilstava – stava etter uttale. Eg sleit altså ein stund med dette, MEN når eg først kom inn i handlinga blei eg også vandt med å lese det slik det sto, og eg blei fort oppslukt. Så – om du leser denne på engelsk, vær obs på dette og ikkje legg bort boka, for når ho først drar deg inn … ja då er vegen til fengsla kort.

Eit par ting eg merka meg som gjorde at denne boka traff så godt
+ kjensler over alt på kvar side – utan at det nokon sinne står formulert direkte som i at ”I felt that …”. Kjenslene berre traff meg, utan at eg no i ettertid kan hugse å ha sett dette skriven direkte ned.
+ Trass i vald og enorm undertrykking, framstår ikkje karakterane som stakkarslege. Heller enn berre å føle medynk, kjente eg at eg genuint heide på desse folk, at eg ville dei vel. Eg brydde meg på ordentleg om kva som skulle skje, og kjende det på humøret mitt undervegs mens eg las – eg blei genuint glad når ting gjekk litt betre, og sinna når ting ikkje var som det skulle.
+ Dette er ein dyster og trist bok, men eg har smilt fleire gonger undervegs, for det er mykje humor også her, på eit vis…
+ Eg likte jo ikkje språket i starten, men no i ettertid kan eg ikkje tenke meg ein betre måte å fortelle denne historia på. Det ville ikkje vore det same.
+ Å beskrive boka med eitt ord er ikkje mogleg, men … eg sit likevel igjen med eitt ord om denne boka, og det er sikkert ikkje politisk korrekt mtp kor brutal ho i blant er…. Men altså. Denne boka er VAKKER. Karakterane, samhaldet, kjenslene, styrken …  Og eit ord til: MEKTIG.
Screen Shot 2018-11-15 at 09.28.58
+ Fann meg forresten også ein god del gullkorn i denne … og det setter eg alltid pris på. (Fine setningar og formuleringar er det einaste som gjer det OK å lage eseløyrer i ei bok…. Og det blei ein del av dei i denne, gitt)

Screen Shot 2018-11-15 at 09.29.34

Screen Shot 2018-11-15 at 09.29.17

Dette er ei bok eg ikkje kjem til å gløyme, nokosinne. Det er ei bok eg er glad eg har kjøpt og ikkje lånt, for ha kjem til å bli lesen igjen – eg er ganske sikker på at eg vil oppdage noko ”nytt” kvar gong eg leser denne.

Screen Shot 2018-02-12 at 09.19.45

 (Boka er forresten også filmatisert – eg har ikkje sjølv sett filmen, og veit ikkje om eg vil. For akkurat no lever boka så fint og god i hovudet på meg at eg ikkje vil ”øydelegge” ho slik ho er, for meg).

The Light Between Oceans

Mine tankar om: «The Light Between Oceans» av  M. L. Steadman

Denne boka kjøpte eg litt sånn spontant etter å ha fått ho anbefalt frå fleire hald. Dessutan har eg sett at filmatiseringa er å finne på Netflix – og eg vil gjerne sjå filmen; men så har eg jo ein slik livsregel som seier meg at eg må lese boka først, så då gjorde eg det. Kan ikkje seie at eg angrar, men … eg kan heller ikkje seie at boka gjorde fullt så sterkt inntrykk som eg kanskje forventa, eller håpa.

42640617_186456278951432_416948852467344427_n

KORT OM HANDLING
(Det kan verke som om eg røper vel mykje her, men det gjer eg i grunn ikkje – for boka startar med ein prolog som vil fortelle deg akkurat det same.)
Etter å ha overlevd tenesta som soldat i krigen får Tom for arbeid som fyrvaktar. Det betyr at han i lange periodar er åleine på den vesle øya med fyrtårnet. På eit av oppholda/feriane i den næraste hamnebyen treffer han ei jente. Etter ei tid saman giftar dei seg, og ho blir med han ut til fyrtårnet for å leve der ved hans side. Dei forsøker å få barn. Det endre med spontanabortar. Noko som går sterkt innpå Izzy. Så ein dag, blir ei lita robåt skylla i land. Og i den båten ligger ein daud mann, og eit levande spedbarn. Toms samvit og plikt-kjensle blir overmanna av Izzys behov og kjærleik for barnet, og dei let vere å varsle om kva som har hendt. Dei antar at mora er daud, faren gravlegger dei, og jenta fostrar dei opp som om ho var deira. Men så går tida. Kjenslene bygger seg opp, samvit, tvil. Tom er den som bærer med seg mest anger og tvil, medan Izzy er overbevist om at dei har gjort det riktige.

PLUSSAR:
+ relativt originalt plott
+ ikkje så lett å vite korleis det skal ende, sjølv om ein nok heile vegen trur at ein veit kor historia er på veg
+ enkelt å henge med i handlinga
+ flotte skildringar av landskapet i sør-Australia – og skildringane er med på å skape stemning og måle fram fine bilete kring handlinga som utspeler seg

MINUSAR:
– Litt for treigt
– Litt for mykje ”tristesse”; sakna at alt det såre og tunge skulle bli jamna litt ut ved bruk av humor, vittige replikkar, nokre litt lysare episodar.
– Sakna litt meir energi i teksten; dette heng kanskje i hop med føre punkt. Det blir litt for treigt og lite variert. Triste og dramatiske ting skjer og ein blir slik sett engasjert i fortellinga. Men eg sakna litt futt og energi, litt meir driv.
– Karakterane er litt for lite utvikla, syntes eg. Med over fire hundre sider finns det meir enn nok plass til å la karaktertrekka få boltre seg litt meir. Kom liksom ikkje heilt under huda på karakterane her, og med denne handlinga og tematikken – ville eg personleg – fått mykje meir ut av boka dersom eg følte eg kjente karakterane betre enn kva eg gjorde.

TANKAR/DOM
Historia er fin og spennande, og eg likar godt korleis ingenting her er svart på kvitt. Sjølv om historia er litt ”treig”, er ho fengande. Eg sleit litt dei første tretti-førti-femti sidene, og sjølv halvvegs inn i boka kunne eg i blant tenke at dette gjekk trått og treig. MEN …dette gjekk seg veldig til og i blant blei eg verkeleg oppslukt og klarte å gløyme alt om tid eller stad. Boka veks altså på meg, og eg blei såpass gripen av handlinga at eg absolutt ville vite korleis det enda; historia er absolutt fengande og engasjerande.

Og berre eit lite råd før du går laus på boka – Her må ein verkeleg gå litt i seg sjølve, på ekte – for elles er det svært enkelt å dømme desse menneska i boka – ikkje berre Tom og Izzy, men alle dei andre som også spelar med i historia. Klarar ein å legge vekk ”dommen” sin, søke litt i seg sjølv og våge å tenke etter på ein sjølv ville gjort (ikkje kva du TRUR du kanskje kunne greidd, kva som er riktig og moralsk – men kva du VERKELEG ville gjort i deira situasjon) – då trur eg du vil få mykje meir ut av boka enn om du går laus på ho med hovudet lyfta og nasen i sky, som eit bedrevitande og moralsk overlegent menneske.

 Boka er kanskje spesielt interessant for dei som er foreldre, planlegger å bli mor/far, er svært glad i barn og familie. Eller berre for deg som vil drøyme deg vekk i andres pinsel… Til deg som vil lese noko søtt og bittert. Og til deg som har litt tålmod å gå på, for handlinga utspeler seg, som sagt, ganske så treigt.

69232334

(NB! Denne boka ligger tilgjengeleg som lydbok på Storytel, og eg testa eit lite avsnitt, berre for å danne meg eit inntrykk før eg eventuelt anbefalte den her… og, eg kjem ikkje til å anbefale lydbokversjonen. Eg har dei siste åra lytta til over tre hundre lydbøker, og denne her er heilt i botn av lista! Opplesaren leser med ustabilt volum og med sinnssjukt varierande tempo. Innimellom er uttala så svak og fjern at enkelte ord er så og seie ikkje mogleg å oppfatte. Så … ikkje gå for lydbokversjonen! Les sjølv, og sjå deretter filmen!)

PS: No i ettertid har eg også sett filmen (han ligger på Netflix!) – og den er absolutt ein velykka transformasjon. Desse boksidene er vekt til livs på ein utmerka måte. Har ingenting å utsette på filmen. Eller jo, berre EIN ting; nemleg at linken mellom Tom og Hannah – som finnst i boka heilt frå starten av – ikkje er med i filmen. Det er litt synd, syntes eg – for dette bandet dei har, hennar tankar om han som ein slags helt, og hans medkjensle og kjensle av ansvar for ho – heng definitivt i hop med denne episoden dei opplevde saman. Utan den ville neppe Hannah følt seg fullt så bedradd og besviken.

Frå perm til skjerm – nokre favorittar

Eg er SVÆRT glad i å sjå film basert på bøker eg har lese. Synes det er interessant å sjå korleis mi oppfatning av boka er sammenlikna med andre sin. Synes óg det er spennende å sjå karakterane «mine» vakne til live og bli til skikkelser med klare trekk – både mtp utsjånad og oppførsel.

Eg veit óg at det er fleire som meg der ute, så derfor tenkte eg å dele nokre av mine favorittar. Det finst sjølvsagt langt fleire enn desse, men dette er dei eg hugser best, dei som har gitt meg mest, og som en anser som vellykka både som film/serie og bok.

(Og nei – eg har ikkje «gløymd» bøker som: Harry Potter, Ringenes Herre, Game of Thrones osv…. Eg har berre ikkje inkludert dei fordi dei er såpass sjølvsagte at «alle» veit om dei! Eg ønsker med lista her å kanskje få deg til å oppdage noko «nytt») 🙂

FILMAR BASERT PÅ ROMAN/BOK

  • Stardust, Niel Gaiman
    Eg elska boka. Elska filmen. Filmen overraska meg svært positivt, då eg på førehand sleit med å se føre meg korleis dette på velukka vis kunne bli til film. Filmens plott «skeier litt ut» frå bokas, men det gjer faktisk at det fungerer svært godt. Dette er humor, dette er spenning, dette er sjarmerande! Eit eventyr for vaksne, spekkfullt av paradoiar av sjangeren eventyr og fanatsy. 
  • Sensommerdager – Joyce Maynard
    Boka overraska meg positivt då coveret senka forventingane veldig … bilete av to menneske-ansikt som står i kysse-avstand gjer at eg automatisk tenker fordømmande tankar som «kiosk-litteratur» og «chick-litt» … Men denne boka likte eg kjempegodt! Og – filmen også! Ei verkeleg oversett lita skatt, dette! Både bok og film. Kate Winslet speler forresten i hovudrolla!
    Handlar kort sagt om tenåringsguten Henry og mora hans – relasjonen dei i mellom og korleis den blir påvirka når Henry ein dag tek med seg ein heimløs mann heim til deg. Kan dei stole på denne mannen? Er det han som er etterlyst for mord på TV? Er anklagene i såfall berettiga? Kjærleik, refleksjonar rundt tilitt og sanning… denne er fin!
  • Where the Heart is – Billie Letts
    Denne las eg som sekstenåring, og på den tida las eg generelt nesten ingenting frivillig. Fekk boka på ein ferietur og den blei faktisk lese ut relativt kjapt til meg og være. Og – eg hugser denne boka så utroleg godt… Den er sterk, fin, nydeleg, vondt… Ja denne MÅ lesast. Og filmen – den har eg faktisk sett fleire gonger. Trur til og med at eg kjem til å lese boka eit par gonger til. 
  • Jane Eyre – Charlotte Bronte
    Ein klassiker. Likte boka mykje betre enn filmen, men synes likevel det var tida verdt å sjå filmen. Dette er ei av mine favoritt-klassikare, og ein film-adapsjon av denne er ikkje berre berre å få til mtp kor mykje av boka som handlar om Jane Eyre sine tankar og kjenslar – ikkje akkurat noko ein lett kan vise frem på eit lerret. Kjensler, kjærleik, romanse, sterk kvinne-figur, oppvekst … 
  • Hitchhikerś Guide to the Galaxy – Adam Douglas
    Om du likar Neil Gaiman sine bøker, så er nok dette også litt i same gate. Boka er heilt fantastisk morosam – dersom ein er i riktig lune, vel og merke. Vil også nevne at lydbokversjonen er strålende opplest av Stephen Fry. (Den ligger på Storytel for dei av dykk som brukar den app-en). 
    Dette er Sci-fi, tilsatt ein stor dose humor. 
  • Hodejegeren – Jo Nesbø
    Vellykka filmatisering av ein god thriller! Eg likte både boka og filmen veldig godt. Heldigvis hadde det gått lang tid mellom eg las boka og til filmen kom, for eg trur mykje av spenninga ville vore borte dersom heile plottet var ferskt i minnet. Slik er det vel generelt for krim/thrillere sammenlikna med andre romanar – at filmen mister spenningsmomentet dersom ein «kan» handlinga for god.
  • Pride & Prejudice – Jane Austin
    Elska boka, filmen heilt ok. Litt for lang og litt for treig. Og så syntes eg at mykje av humoren eg opplevde i boka ikkje kom så godt fram på skjermen. Romanse, familie, relasjonar, over-klassen,
  • Krystallslottet, Jeanette Wells
    Ei av mine favorittbøker i fjor. Basert på ei sann historie – om forfattarens eigen oppvekst som mildt sagt ikkje var heilt «gjennomsnittleg». Ho veks opp på flyttefot – med foreldre som ikkje er i stand til å tilpasse seg samfunnet, foreldre som ikkje har godt av å vere i lag då dei på sett og vis dyrker fram kvarandres svakaste sidar, foreldre som slit med alkohol, foreldre utan utdanning, foreldre utan fast jobb … Dei reiser og flytter i eit sett. Er tidvis heimlause… Og innomellom får dei stabla segg litt opp på beina før det heile rasar igjen. Vi følger Jeanette gjennom barndommen og får sjå kjærleiken ho kjenner til søsknene og foreldra. Og til tross for alt det vonde finst det også mange fine augenblink her. Rørande og sterkt! Og – særleg boka – gjer eit interessant innblikk i begrepet «heimlaus» – kor vi får sjå at foreldra på sett og vis velgjer å ha det slik til tross for at dei med tida får andre sjanser. 
  • The Martian, Andy Weir
    Ei av få sci-fi bøker eg ELSKAR! Og filmen er ikkje anna enn heilt fantastisk. Dette er dramatisk, det er spanande, det er morosamt midt i det heile. Denne MÅ du verkeleg sette av tid til. Og – filmen i seg sjølv er magisk, så om det nokon sinne er lov til å sjå filmen utan å lese boka – så må dette være den!
  • The Remains of the Day – Ishiguro
    Eg elska denne boka som handlar om ein britisk «butler» og livet hans – refleksjonar over kva han har gjort, kva det betyr, og vegen vidare. På valg som blei tatt, på ting som blei gjort og ikkje gjort. Oppgjer med uoppklarte situasjonar og relasjonar. Lot meg verkeleg sjarmere av denne boka, og synes hovudpersonen kom meg mange interessante betraktninger over rolla si som butler, og som menneske generelt. Trur ikkje eg ville fått like mykje ut av filmen om eg ikkje hadde lese boka først … for mykje av det som skjer er direkte knytta til hovudpersonens tankar og kjensler. Blei derfor i grunn positivt overraska over kor mykje av dette dei klarte å få med på filmen. Ein litt langsom og treig film, og ofte likar eg ikkje det for eg mister konsentrasjonen. Men denne…denne er verkeleg fin! (Sjanger:Drama)
  • Never Let Me Go – Ishiguro 
    Overraskende bra filmatisering av ei bok eg ikkje såg for meg at lot seg overføre så lett til skjermen. Dette er ein slags futuristisk dystopi, litt fantasy, litt scifi, samstundes mykje kjærleik og også ein slags oppveksthistorie. Både boka og filmen er absolutt verdt å bruke tid på
  • Et helt halvt år, Jojo Moyes
    Eg var faktisk ikkje særleg begeistra for boka. Trur det var språket som ikkje var heilt «min stil». Men filmen … den likte eg såpass godt at eg nesten likte boka litt betre etter å ha sett filmen. Så sjølv om eg gav denne boka ein lunken tre-ar på treninga, så fortener boka (=filmen) å stå på lista.

 

ei bok som er «NYDELEG»

Denne boka her:
Screen Shot 2018-03-26 at 10.39.43
har stått ganske lenge på hylla av fleire (dårlege) grunner – eg trudde at dens alder ville gjere den tunglest og vrien, at ho ville være stappa full av lange setninger og skildringar utan ende, at kjærleiken skulle framstå som klissete og uekte, og ikkje minst skremte dei over 500 tett-skrivne sidene meg fordi dei var så kompakte. Eg hadde med andre ord fått det føre meg at dette var eit komplisert og langdrygt litterært verk fylt av klisjéar og kliss. Sjeldan har eg tatt meir feil. Om eg skal beskrive denne boka med eit ord må det bli: NYDELEG! Rett og slett!

Kort sagt om handlinga – Unge Jane Eyre veks opp i lag med tanta si og hennar tre barn. Som tiåring sender tanta ho bort på skule, og der blir ho buande i åtte år; seks år som elev og to som lærerinne. Deretter søker ho seg vidare i livet og byrjar å arbeide som guvernante. Og det er her ho treffer Han. Han med stor H som ho faller for. Her skildrast kjærleikens mange nøyansar på ein slik måte at ein berre må kjenne seg igjen i både det gode og vonde. Dette er både ein oppvekstfortelling og ein kjærleiksroman. Samstundes finns det ein del «mystikk» i boka, eg opplevde iallfall ei slik litt mystisk stemning mens eg las – noko som verkeleg heva boka mange hakk.

Språket i boka bærer preg av bokas alder – det merkes på setningenes oppbygning og val av ord. Likevel er den ikkje så veldig tung å lese at det blir slitsomt. Eg likte godt språket i boka, og så snart eg kom litt inn i det og blei vand med språket blei eg rett og slett ganske så sjarmert. Synes ellers at forfattaren verkeleg har lukkast i konseptet med å «vise fremfor å fortelle»(show, don´t tell). Likar også svært godt at boka inneheld ein del mystikk og at handlinga ikkje er forutsigbar. Nei, dette er verkeleg ein skatt av ein bok: Ein klassiker som må oppleves!

«Nå så jeg ingen onder. Sarkasmen som hadde frastøtt meg, bryskheten som hadde forskrekket meg, var bare som friskt krydder i en yndlingsrett; at de var der var lett å merke, men uten dem ville den vært temmelig tam.»

Screen Shot 2018-02-12 at 09.19.45Screen Shot 2018-02-12 at 09.19.45Screen Shot 2018-02-12 at 09.19.45Screen Shot 2018-02-12 at 09.19.45Screen Shot 2018-02-12 at 09.19.45Screen Shot 2018-02-12 at 09.19.45Screen Shot 2018-02-12 at 09.19.45

Les denne hvis du vil:
– nyte ein vakker beretning
– lese ein klassiker
– ha ein kjærleiksberentning
– ha ein bok kor du verkeleg likar houvedpersonen
– sette deg godt til rette i godstolen og la dagens timar forsvinne av seg sjølv.

Denne boka plasseres i mine virtuelle hyller:
– Klassikare
– Favorittbøker
– Kjærleik
– oppvekst

«Jeg blir aldri lei av min Edwards selskap, og han blir aldri lei av mitt, like lite som vi blir det av det bankende hjertet som vi bærer i vårt bryst; følgelig er vi alltid sammen.» 

PS I Love You

Screen Shot 2018-03-03 at 10.15.34«Chick-lit» har for mange et litt ufortjent dårlig rykte knyttet til seg – som noe «tankeløst» og fjasete. Dette stemmer jo, dessverre, ganske ofte, men ikke alltid! Som i alle sjangre finnes det gode og mindre gode (liker ikke å omtale bøker som «dårlige» …!) bøker, og selv om jeg generelt sett ikke er så glad i denne sjangeren hender det at jeg savner å lese noe lett – lese bare for å kose meg, for å la meg underholde, drømme meg inn i en annens verden, le litt, være litt barnslig, kose meg med gode følelser osv. Særlig etter å ha lest mye krim og/eller lange og tyngre bøker er en lettlest kosebok midt i blinken. Og – det var nok derfor jeg gikk løs på denne her. (Pluss at jeg har rydda i bokhylla og fant den stående der med et skammelig tykt lag støv).

“Their plan had been very simple: to stay together for the rest of their lives. ” 

At jeg velger å skrive om boka i det hele tatt sier sitt om hva jeg synes – for jeg hadde nok ikke tatt meg bryet med å omtale en bok jeg ikke ville anbefale. Så – her er en relativt kortfattet liten oppsummering av mine synsinger:

MIN DOM:
Dette er ikke et litterært mesterverk på noe som helst måte, men en perfekt kosebok fullstappet av følelser. Stort pluss for realistiske og likandes karakterer. Et lite minus for at ting til tider overforklares/gjentas mer enn strengt tatt nødvendig. Innen sjangeren «chick-lit» er dette en av de bedre

IKKE LES DENNE BOKA hvis:
– du er ute etter noe nytt og originalt, noe revolusjonerende og banebrytende, noe dypt og filosofisk, eller litterært.
– du har sett filmen OG forventer at handlinga skal gjengis i boka

LES DENNE BOKA hvis:
– du vil ha noe underholdende, lettlest, koselig, følelsesladet og full av karakterer som er lette å like. (Jeg likte karakterene såpass godt at jeg tok meg selv i hele tiden å «heie» på dem alle sammen.)
– noe rørende som før deg til å smile selv om det egentlig er ganske så trist.
– du har sett filmen og er nysgjerrig på boka bak den – eller enda bedre; hvis du ikke har sett filmen enda!

Screen Shot 2018-03-03 at 10.12.59
KORT OM HANDLINGA
I denne boka følger vi Holly i tiden etter at hennes ektemann har dødd. Som ung enke på tretti år må hun plutselig fungere i en verden uten en mann som frem til nå har vært sentrum i livet hennes. Handlingen settes i gang i det hun mottar et brev fra ektemannen, skrevet av ham litt før han døde. Han har laget et opplegg til henne med ett brev for hver måned som er igjen av året – med små oppmuntringer og oppgaver som skal hjelpe henne videre. Med hjelp av hans skrevne ord og god støtte fra familien og de nærmeste vennene kommer hun seg gradvis videre i livet, men føler seg likevel alene og ensom på en ny måte enn før. Samtidig som hun bearbeider sorgen innser hun også at hun må «finne seg selv» på nytt da hun blir en annen person uten ektemannen enn da de to var som en sammenspleiset enhet.

***************************
BOK VS FILM
(Boka er også filmatisert – noe som for mitt vedkommende er enda en grunn til å lese den, da jeg virkelig liker å se filmer basert på bøkene jeg har lest.)

Den filmatiserte versjonen er imidlertid ikke en gjengivelse av boka, da det er mye som skiller seg ut – både mtp karakterer og plott. Filmen er absolutt god og verdt å se, men jeg følte at mye gikk tapt gjennom endringene som ble gjort. Jeg vil imidlertid ikke fordype særlig mye mer i fare for å «spoile» en del av handlinger. Men noe av det jeg kan nevne er at familien til hovedpersonen, Holly, i boka er annerledes enn den i filmen – antall familiemedlemmer og familiedynamikken stemmer ikke over ens – noe jeg synes er litt dumt da jeg virkelig likte Hollys familie i boka veldig godt. I filmen har hun én søster og en skilt, enslig mor. I boka er foreldrene sammen, og hun har én søster og tre brødre – og Hollys forhold til søsknene beskrives så fint gjennom ulike episoder, og en får se hvordan denne sorgen ikke bare endrer Holly men også hennes syn og oppfatning av søsknene sine – hun får blant annet, uventet, et nærere forhold til sin eldste bror. I boka foregår hele handlingen i Irland. I filmen er Holly amerikansk og ektemannen Irsk. Hollys jobb er en helt annen i filmen enn i boka, og i boka synes jeg det kommer mye bedre frem hvor viktig del av å komme seg videre det er for henne å tørre og satse på en ny jobb. Anbefaler både filmen og boka, og mange mener at filmen faktisk er bedre enn boka. Jeg er ikke helt enig … klarer ikke helt å sammenlikne heller ettersom filmen er såpass annerledes.