TYSDAG – ellevte desember

Sjefsalven høyrer det rasle i papir og veit straks at det er Per som opnar gåva si. Ikkje berre ei gåve. Det er ei vassekte JULEgåve. Kalendergåve. Dette veit Sjefsalven, for er det ein person i denne verda (og i all slags andre verdnar –magiske og ikkje magiske) som kjenner lyden av ein julegåve som blir opna, så er det han!
”Å – ei klokke!” ropar Per, glad i røysten. 

Deretter høyrer Sjefsalven ein rekke andre lyder. Nokre av dei kjem frå kjøkkenet. Og så, litt etter, fotsteg i gangen. Rett utføre skapet han gøymer seg i! Mor seier noko om at det er kaldt ute. Per svarar at det er teit at det er kaldt når det ikkje kjem snø. Og Sjefsalven seier ingenting. Men han tenker. Og han tenker så mykje og så hardt at han er redd dei skal høyre at hjernen hans knakar. Så kjenner han eit kaldt gufs og høyrer eit mjukt smell i det Mor opnar ytterdøra og ho og Per drar kvar sin veg – til skule og til arbeid. Så snart dei har gått, trår Sjefsalven ut av skapet og startar etterforskinga. Han har to gåter å løyse før han kan dra heim:

1.) Kva er det med dette namne-skiltet? Kvifor stod det Her bur Per og Mor og Ingen Manni ønskekongla når det på det verkelege skiltet i røyndommen berre står: Her bur Per og mor?
2.) Kor kjem desse gåvene frå? Jula er jo avlyst, Nissen streikar, og likevel har Per fått kalendergåver. Er Mor ein av dei, ein som han, ein  Nisseri-makar? 

Sjefsalven riv seg i skjegget. Det gjer vondt. Han klør seg i skjegget i staden for. Han las ein gong noko om skjegg og grubling, noko om at man skal fikle med skjegget når man tenker hardt. Men han hugsar dessverre ikkje om det er riving eller kløing som er anbefala. Så han gjere begge deler. Ingen av delane gjer noko nytte. Han kjem ikkje nærare ein løysning på julemysteriet.

Nissefrøken og Påskeharen har overnatta i ein underjordisk tunnel i Skogen. Det var ingen der då dei kom. Men det er klart at det må bu nokon der, for det er fint innreia. Eller fint og fint, det er iallfall innreia. Frå stilen, eller mangel av derav, antar Nissefrøken at det er ein ungkar, eller to, som bur her. For det er rotete. Gitarstrenger på golvet, trommestikkarar, noteark, keyboard, leidningar. Hulter til bulter. Ikkje noko system. Nissefrøken kan ikkje fordra rot, ho tåler det ikkje, men dette er ikkje hennar rot så det går det heldigvis greitt. Dessutan er ho berre glad for at dei i det heile tatt fann ein stad å sove. Og desto meir glad er ho fordi ho kjenner seg betre. Magen er ikkje lenger like vond! Litt. Det er noko der inne endå. Noko som gneg litt. Men betre. Alt er betre no som ho skal redde jula. 

Ho blir liggande å vente på at Påskeharen skal vakne. Vil ikkje vekke han, han treng kvila. Denne reisa er ikkje bra for egga hans. Det minste ho kan gjere er å la han sove når han kan. Så ho ventar og ventar og tenkar på jula ho skal redde og kor fint alt skal bli. Og så… så seier det… krfksjkt!Neimen det er då ingen lyd, tenker du. Men jo. Det er det. Det er akkurat den lyden ho høyrer. Frå taket like over seg. krfksjkt! krfksjkt! krfksjkt!Igjen og igjen. Ikkje noko pang, ikkje noko klikk.krfksjkt! krfksjkt! krfksjkt!

Nissefrøken ser opp i taket. Og hyler. Påskeharen vaknar med eit rykk. 

”Kva er det?”
Nissefrøken peiker opp i taket. 
”Å … det er jo berre ein grevling” seier Påskeharen.
”I taket?”
”Ja, sjølvsagt er det er ein grevling i taket” seier Påskeharen
”Hæ?”
”Har du ikkje høyrt om Greve-ling Greve-lang?”
”Nei…”
”Han som bur i ein tunnel, grevlinga i taket” forklarar påskeharen.
”Og han er ikkje farleg?” spør ho
”Nei, slettes ikkje!”
”Korleis kan du vite det?” klynkar Nissefrøken, som framleis er litt redd. Veldig redd, faktisk. 
”Han har jo ein song” seier Påskeharen.
Og så, for å berolige henne ytterlagre, forklarer han korleis dyreriket fungerer her i Skogen”Alle dyr som er snille og gode, har ein song. Så om dyret har ein song veit du at det er eit godt dyr og du trenger ikkje være redd. Man blir glad av songar og alt man blir glad av er bra! Derfor er dyr med song, gode dyr. Og grevlingen har ein song og då må han være god. Akkurat som at Dyrene i Afrika er bra, Geiter er bra (”Å jeg vet en seter …”), Hundar er bra (”Jeg vil ha en liten hund!”) …”
Nissefrøken ser lenge på han. Ikkje heilt overtyda.
”Eg har aldri høyrt ein song om ein grevling!”
Ho trør inn i treskoa og går fort mot utgangen. For snill grevling eller slem greveling – ho syntes han er ekkel.

På Nordpolen sit Nissen framleis i senga. I blant seier han Bu-hu. Aldri Hohoho. Brevet frå Nissefrøken er gått i oppløysing. Så no han har funnet seg ei bok å lese i. Sult. Han les Sult av Hamsun. Syntes det er ei passande bok i sådan stund. Om ein stakkars utsvelta mann som travar gatelangs. Ein man som blir svikta av alle rundt seg, av samfunnet, av politikarne, av alle! Nesten som han, Nissen. Svolten. Besviken. Stakkarsleg. Åleine. I naud. Så trist og lei og svolten at han nesten blir galen. Einsam og forlét. Ja jøss, tenker Nissen. Skulle nesten tru det var meg boka handla om. 


Kva vil etterforskinga til Sjefsavlen avsløre?

Er Mor verkeleg ein Nisseri-makar med magiske evner? 

Er det sant at grevlingen er snill?
Finst det ein song om ein grevling?

Kva skal Nissen lese etterpå?

Måndag – tiande desember

Eit ønske som gjer vondt. Ein god plan. Og ein julemysteriumLisa gjekk til skulen. Tripp, tripp, tripp det sa …Og så, i det ho kjem fram til Per sitt hus seier ikkje føtene lenger tripp,tripp, tripp… No seier dei knas, knas, knas. Ho ser ned på bakken. Dei brune smulane er der igjen. Dei ligg strødd frå døra til Per, ned til porten, og vidare nedover gata. Lisa bøyer seg ned, plukkar opp ein smule og smakar på han. Peparkake. Så kjem Per ut. 
”Sjå! Smulane er tilbake!” ropar ho ivrig. 

Han går fort forbi henne, nedover gata. Seier ingenting. Han er sur, det ser Lisa med det same. Heldigvis veit ho akkurat korleis ho skal få han i godt humør; snakke om jula, om gåver, om alt det fine!

”Kva ønskjer du deg til jul i år?” spør ho. 
”Hmm…” seier Per, og latar som om han må tenke seg godt om.
Ein mann! Ein mann som ikkje er Hans. Ein mann til mor. Ein mann i huset. Ein mann som kanskje kan bli ein pappa.
”Eg ønskjer meg hund” seier Sara.
”Å …mhm… ” mumlar Per og tenker at det var eit lurt ønske. Derfor seier han at det gjer han og. 
”Eller ei katt … eller kanin”.

Sanninga, det han verkeleg vil ha, vågar han ikkje seie høgt. Ikkje lågt heller. Vågar så vidt å tenke det. Og dersom han ein dag skulle seie det høgt, er han redd det vil gjere vondt. Både for han og for Mor. Aller mest for Mor. Han er også redd for å seie det fordi han veit det ikkje er eit slikt ønske som kan kjøpast, pakkast inn og leggast inn under eit tre. Då er det enklare å ønske seg eit kjæledyr. Det er ein ønske ingen får vondt av. 

Per og Lisa er ikkje dei einaste som er ute og går denne morgonen. Nissefrøken og Påskeharen er også ute og går. Dei skal redde jula. Dei går ut gjennom den lange tunnelen og snakkar om planen dei har laga. Planen er ganske enkel: Dei skal gå ut av tunnelen, sette seg i bilen til Nissefrøken og køyre så fort dei kan heile vegen til Nordpolen. Og der slutar planen. Nissefrøken veit ikkje kva som deretter skal skje, veit ikkje kva ho skal seie, eller gjere, men ein ting er klart – ho må seie unnskyld til Sjefsalven. Og så, kanskje kan ho også klare å overtyde Nissen om at han må lage jul. 

”Vi må hugse å kose oss på reisa” seier Påskeharen. 
Han er redd for at reisa skal fylle han med stress og gjere påskeegga dårlege.
”Ja da, eg har med lydbok og musikk” trøyster Nissefrøken.
”Og eg har med Kvikk-Lunsj” seier Påskeharen.
”Dette blir bra…” seier Nissefrøken, men stemma er svak og ikkje så sjølvsikker som ho vil ho skal vere. Påskeharen er heldigvis langt meir positiv.  
”Ja … for når enden er god er allting godt. Og no er enden min heilt god igjen” seier Påskeharen, og viftar på halestumpen. 

Men … det går plutseleg ikkje så bra. Bilen vil ikkje starte. Han hostar og harkar og spyttar røyk. Det er for langt å gå til Nordpolen. Og bilen er ikkje av den vanlege sorten som ein kvar lekmann kan fikse – for dette er ein spesiell bil. (Vanlege bilar kan jo ikkje køyre til Nordpolen.) Den einaste ho kjenner som kan fikse bilen, er storebror. Og dei har ikkje snakka saman på mange år. Sist dei snakka, snakka dei vel eigentleg ikkje heller. Dei krangla. Det var då ho skulle flytte ut. Han ville ikkje bu åleine utan henne. Likevel reiste ho. Ho sa adjø og farvel og ha det bra og reiste ifrå han for å bu med Nissen. Han blei sint, trist, vonbroten. Sa at ho måtte velje mellom han og Nissen. Og ho valte Nissen. Og no … no treng ho bror sin.

Frå innsida av ein søppeldunk er det ikkje lett å halde styr på tida … Så då Sjefsalven tør å klatre ut av søppelspannet anar han ikkje kor lenge han har låge der å gøymd seg. Heldigvis er det mørkt og stilt og folketomt. Han listar seg på tå rundt huset og bak til hagen. Han stikker hendene i lommane, vrir dei på vranga og slepper ut ei sky av kanel. Kom så, Rudolf,mumlar han lågt for seg sjølv. 

Og Rudolf kjem. Fykande i lufta som eit gigantisk ekorn. Bak seg, i lufta, svever noko anna også. Kan det vere Nissen si slede!? Korleis har det skjedd? Har Nissen endeleg tatt til vettet?Har Rudolf dratt heim og henta Nissen? 

Rudolf landar, mjukt og elegant. Og så landar den andre dingsen også, litt mindre mjukt og elegant. Deiser i bakken med eit brak som får heile hagen til å skjelve. Det er ingen slede. Det er ein furugran. Det same treet som Sjefsalven knyta Rudolf fast i. 

Sjefsalven klatrar opp på ryggen til Rudolf, og trykker i veg på GPS-en. Alt er klart for heimreisa. Han tek ein siste kikk på det vesle huset i Konglevegen. Gjennom ruta i vindauget til gangen ser han Mor stå med ryggen til. Ho fiklar med noko på veggen ved trappen. Sjefsalven riv til seg augo igjen, ser på fingeren sin som står rett framfør ”START”-knappen. Men han klarar ikkje sleppe kjensla av at det er noko viktig med akkurat dette huset. Ingen konglar kjem inn gjennom pipa når pipa er lukka, berre denne eine kongla … og denne kongla viste eit bilete av akkurat dette huset. Kvifor? Nei … dette er ikkje hans problem. Han har fått nok av svolt og krig. Han skal heim no. Skal berre trykke på ”start”, og så kan dei dra. Gløyme alt om dette.

Han tek ein siste kikk på det raude huset. Og det han får sjå gjer at fingeren landar på STOPP i staden for START. For det han no ser gjer at han avlyser alle planar om heimreisa. Der mora til Per nettopp sto, henger det no ei julegåve! Korleis går det an? Jula er jo avlyst! Nei … sjefsalven kan ikkje dra no. Dette må han finne ut av! Han visste det var noko spesielt med den kongla! Kongla som viste han dette huset, skiltet som ikkje stemmer, gåvene som kjem fram sjølv om Nissen streiker. Sjefsalven kan ikkje reise heim før han har løyst julemysteriet

Blir Per snart ferdig med å vere sint og trist?

Klarar Sjefsalven å løyse mysteriet?

Kan ein Påskehare fikse ein bil?

SUNDAG – niande desember

Kaneljakt. Ein sint Per. Og eit vondt samvit.

Sjefsalven vaknar. Han har gøymt seg så godt at han brukar litt tid på å finne seg sjølv. Så hugsar han endeleg kor han er: inni eit klesskap i ein gang i eit hus i Konglevegen 2. Eit hus som akkurat no er heilt stilt. Han sneik seg inn i går, og sidan Mor enno var vaken, gøymde han seg i skapet og venta på at ho skulle legge seg. Og så venta og venta og venta og venta og venta han … og så må han ha sovna. No må han skunde seg mens Per og mor framleis søv. Kanel kanel kanel. Må finne kanel. Det er derfor han er her. Planen. Fokuser på planen, no,seier han til seg sjølv. Finne kanel. Finne Rudolf. Reise heim. 

Kanel!?,tenkar du. Kva i alle dagar skal Sjefsalven med kanel? Jo, det skal eg seie deg: Rudolf er så glad i kanel at han kjem til å kome fykande med det same han kjenner lukta. Ingenting kan stoppe Rudolf når kanel er innan rekkevidde. Sjølv ikkje eit tau og eit tre, for Rudolf er sterk. Rudolf kjem til å kome uansett. Med eller utan ein edelgran på slep. 

Inne på kjøkkenet må Sjefsalven bite seg i leppa. Det hjelper ikkje, så han bit seg tunga og. Han er så svolten! Men han er ikkje noko tjuv. Han lukkar derfor munnen hardt for ikkje å la seg freiste til å stele mat. Og så startar han jakta etter kanel. Berre litt kanel. Kanel til Rudolf. Berre låne. Ikkje stele. Han skal sørgje for at Nissen erstattar det. Eg er ein Sjefsalv, ikkje ein tjuv,seier han til seg sjølv og ignorerer den svoltne magen sin. I ei skuffe finn han ein heil haug krydder, og i mørkret må han lukte og smake seg fram til det riktige. Det er ikkje like festeleg som du kanskje trur. Salt, peppar, piffi, chili, … Sjefsalven si tunge har det så fælt at augo får lyst til å gråte. Kanel. Eg vil jo berre ha kanel. Er det så mykje å be om!?Her kjem eg heile vegen frå Nordpolen for å redde jula og så vil ikkje Nissefrøken hjelpe og eg må reise tomhendt heim og eg er svolten og trøyt og Rudolf er ikkje her og eg må ha kanel og det er Krig i landet… er kanel verkeleg så mykje å be om…?! 

Og då – akkurat då når han snakkar til seg sjølv på dette viset – kjenner han den godt lukta av kanel. Og då – akkurat då han kjenner den gode lukta av kanel, høyrer han nokon kome ned trappa. Han stikker hendene ned i krukka med kanel, fyller hendene, stappar lommene fulle. Og bak seg høyrer han golvet knirke.

Den ettermiddagen, presis klokka fire, er det fem skapningar samla på kjøkkenet i Konglevegen 2. Ein av dei gøymer seg i søppelbøtta under vasken. Dei fire andre sit samla rundt eit adventspynta bord. Fire menneske med varm drikke i koppane sine og julemat i magane sine. Fire mette menneske. Tre glade. Ein furten og sur. Per er sur. På mor. Og på Hans. 

På mor fordi dei har krangla. Ho kjefta på han i morges. Kjefta og skulda på han, for noko han ikkje har gjort. Kanel. Kanel over alt på kjøkenet. Men det var jo ikkje Per! Igjen og igjen sa dei det same; 
Mor: Det var ikkje meg, Per, så då må det ha vore deg. 
Per:Men eg har ikkje gjort det!
Mor: Nei, nei, då må det vere kanelnissen då. 

Og så var dei stille, heile sundagen har dei vore stille og sinte og sure. Og så, rett før tante og Pluss Ein kom forsøkte mor ein gong til: Det gjer ingenting at du sølte kanel, Per, men du får ikkje ljuge. Og då kokte det i Per. Og han tenkte at: no burde eg ljuge, for då blir alt godt at. Eg burde seie at; ok, det var meg! Og så ville alt vere fint. Men … Mor har sagt at han ikkje får ljuge, så han tidde heller stilt. 

Og no sit han her og teier. Seier ingenting. Gjer så godt han kan for å sjå sint ut sjølv om Tante er morosam og fortel løgne vitsar. Fokuserer alt han kan på ikkje å smile. Hugse at han er sinna. På Mor. Og litt på Hans. Sjølv om Hans i grunn ikkje har gjort noko. Per er berre lei av at tante alltid har med seg ein ”Pluss Ein” og at mor aldri har det. Mor er berre mor. Mor er berre ein. Her bur Hans og Mor og ingen mann. Hadde dei hatt ein mann i huset, kunne Per gjort manneting med han. Dei skulle fiksa ting, bygga ting. Og Han, kven enn Han var, Han skulle vere på Per sitt lag slik at Per ikkje fekk skulda for ting han ikkje har gjort, som å søle kanel. Og Han kunne gått på kino med Per og sett skumle filmar som mor ikkje tore å sjå.

Igjen og igjen seier Hans at det var utruleg kjekt å gå på kino med Per. Og kvar gong han seier det, smilar tante og mor. Alle smilar. Unntatt Per. Og dei seier ting som gutta boys, mannfolk, gute-ting. Dei er så einige.Jo visst, ja jøss, jau, det var jaggu fint for gutane å gjere noko saman.Ja,fint, seier dei, at kanskje Per og Hans skal gjere fleire ting saman? 

”Ja, klart vi skal det!” seier Hans, og klaskar Per på ryggen. 
”Takk for maten” seier Per, og skyv stolen bakover.
”Er du sur, Per?” spør mor.”Nei!” knurrar Per og går frå bordet.
”Ta med deg søppla ut, er du snill, Per!”

Og dei vaksne snakkar vidare. Flirar. Ler. Og Hans gjentar endå ein gong kor hyggeleg han og Per hadde det på kino i lag. Og mor smilar. Og tante kimar i. 
Og Per er så sint så sint så sint , fordi Hans er tante si mann, fordi Mor ikkje har ein mann, fordi nokon har søla med kanel.  

Hadde det ikkje vore for at Per var så sint, ville han kanskje merka at bosskorga denne dagen var tyngre enn elles, og at noko rørte seg inni der. 

Nissefrøken får ikkje sove. Aldri meir kjem ho til å kunne sove no som ho veit at det er hennar skuld at jula er avlyst. Då ho forlét Nissen var det jo ikkje for å øydelegge jula. Ho drog fordi hjartet hennar ville ha ein annan. Hjartet ville ha Påskeharen. Denne lodne, gule, sjarmerande karen som ligg ved sida av ho no. Varm og god. Roleg. Og så glad han er. Alltid så glad! Og han gjer henne glad. 
Heilt til no … no greier ho ikkje å være glad. Ho kan ikkje sove. Det gjer så vondt i magen! Ho dyttar borti Påskeharen. Vekker han. Sjølv om det er midt på natta. 
”Vi må redde jula” seier ho. 

Påskeharen bryr seg ikkje stort om jula, men han bryr seg veldig om Nissefrøken. Dessutan vil han sove, og ho gjer han neppe fred før han seier ja. Så han seier ja. ”Ja då … jo visst skal vi redde jula.” 
Så søv dei litt til, begge to. For dei veit dei kjem til å trenge kreftene sine no når dei skal redde jula.

Fekk Sjefsalven tak i nok kanel? 

Kva rørte seg i søppelsekken til Per?

Korleis kan Påskeharen og Frøken rede jula?

LAURDAG – åttande desember

Sjefsalven virrar rundt i eit Krigsherja land, og Påskeharen eter ikkje Kvikk-Lunsj til lunsj …

Sjefsalven har virra rundt i gatene i mange timar. Virra så godt det lar seg gjere å virre rundt når ein samstundes må unngå å bli sett. Tenk om nokon skulle få auge på han, her, midt i det Fjerne Land kor slike som han ikkje finst. Det er jaggu ikkje godt å vite kva desse menneska vil gjere med han om dei får sjå han. Vil dei fange han? For alt Sjefsalven veit kan det vere dei til og med vil ete han til middagsmat. Deler av Det Fjerne Land er i desse dagar djupt prega av ein krig, og Sjefsalven veit at krig er farlege greier. På grunn av Krigen er det ein viss fare for at butikkane kan sleppe opp for mat, og folk blir ekstra grådige og glupske. Så grådige og glupske at dei kanskje kan finne på å fange og ete Sjefsalven til julemat. Sjefsalven tenker på dette mens han virrar rundt. Og så forsøker han å vere positiv. Tenkar det i alle fall er flaks at det er Pris Krig denne gong, og ikkje ein Kald Krig. Det er alt meir enn kaldt nok her ute. Ute. Gatelangs. Virre rundt i kulda. Passe seg for glupske, svoltne menn. Det var ikkje slik adventstida skulle bli!

Det blir kaldare og mørkare. Og han virrar framleis rundt. leiter og leiter utan å finne. Han angrar på at han stoppa her i går. Angrar på at han tok seg pause. Hadde han ikkje gjort det ville ikkje dette ha skjedd. Hadde dei ikkje stoppa, ville han vore heime på Nordpolen no. No lurar du sikkert på kva som har skjedd? Vel … mens Sjefsalven virrar vidare skal eg fortelle deg kva som hendte i går: 

Planen var jo å reise tilbake til Nissen. Men etter ein stund blei det så vondt å sitte på ryggen til Rudolf at Sjefsalven måtte ha seg ein sittepause. Ein pause frå å sitte, ikkje for å sitte, altså – for det var jo rumpa som var sliten. Så, lenge før dei rakk å kome seg ut av Det Fjerne Land og inn i det Magiske Land – kor Nordpolen høyrer til – stansa dei altså for at rumpa skulle få seg ein pause. Det var midt på natta då dei landa, så Sjefsalven var ikkje bekymra for at nokon skulle få auge på dei. Dei landa derfor ubekymra på den første plassen GPS-en føreslo. Sjefsalven knyta Rudolf fast i eit tre, og så gjekk han hundre og førtitre skritt ned ein bakke, nitten skritt rundt ein sving og så åtte steg på noko gras – heilt fram til ein leikeplass. Han talte grundig slik at han skulle finne vegen tilbake til treet og Rudolf når han var ferdig å kvile. På leikeplassen fann han eit leikehus som passa han perfekt. For, som du alt veit no, er ein alv eit bitte lite menneske. Og i tilfelle du ikkje veit det, er eit leikehus, eit bitte lite hus. Eit bitte-lite hus og eit bitte-lite menneske passar forbløffande godt saman. For å kvile rumpa, la Sjefsalven seg på magen på golvet. Og der sovna han. Og så vakna han. Då var det blitt laurdag. Han gjekk åtte skritt over graset, og tretten rundt ein sving og førtitre opp ein bakke …og der var ingen skog. Ikkje eitt tre! Endå ein gong kunne ikkje Sjefsalven sjå skogen – for ingen trær var der. Og sjølvsagt fant han heller ingen Rudolf. Sjefsalven snudde for å gå tilbake til leikeplassen og starte på byrjinga, telle ein gong til. Men så fann han ikkje leikeplassen heller! Det er derfor han no driv gatelangs og virrar og leiter og samstundes forsøker å halde seg i skjul. Han leiter etter Rudolf og leikeplassen, han gøymer seg frå svolte nordmenn i eit krigsherja land …

Oi! Eg slutar der – for no har nemleg Sjefsalven stoppa! Han virrar ikkje lenger rundt. Han står bom stilt utføre eit hus. Står der og stirrar og glanar og glor. Kva er det han ser på? Kvifor står han berre der? Han må finne Rudolf. Han må kome seg heim til Nissen som Bu-hu-ar utan å bli høyrt. Men nei, han står enno der og glor og glanar og stirrar. Og det er fordi det er noko kjent med huset. Akkurat dette huset har han sett før. Ja visst! Det er jo huset frå den lilla skya: Konglevegen 2. Sjefsalven går inn porten, opp dei fem trinna til døra, og stoppar igjen. Glanar, glor og stirrar. For der er skiltet. Ja visst er det huset frå den lilla skya. På skilt under dørklokka står det: Her bur Per og Mor. Men det stemmer jo ikkje. I kongle-skya sto det: Her burPer og Mor ogIngen Mann. Kvifor har skiltet endra seg? Bur det ein mann her? Heiter mannen Ingen? Kva var det det kongla ville fortelle? Kva ønskjer Per seg til jul? Eit nytt skilt til huset? Det er eit sjeldan ønske frå ein gutunge. 
”Kva Faaaae…falafel” mumlar sjefsalven lågt og klør seg i skjegget.

Påskeharen kjenner seg pigg igjen. Endeleg. Han hoppar og sprettar kring i hola si. Han spelar Nintendo. Han et Kvikk-Lunsj til frukost, til middag og til kvelds. Ikkje til lunsj, for han likar å vere litt rebelsk, litt rampete. Og å ete kvikk-lunsj til LUNSJ … det blir litt for snilt, for pliktoppfyllande. Å ete Kvikk-Lunsj til alle dagens måltid utanom LUNSJ … det slår Påskeharen som høgst morosamt og opprørsk. Det er berre ein ting som er litt dumt i dag, og det er at Nissefrøken har vondt. ”Det er som å ha ein murstein i magen!” klynkar ho frå sofakroken.
Påskeharen har forsøkt å trøyste, har gitt henne Kvikk-Lunsj og Solo. Har gitt henne kløym og kos. Men ingenting hjelper.

Ho har hatt vondt heilt sidan Sjefsalven var her. Ei lita gråstein la seg i magen då han gjekk. Og sidan då har steinen vekse og vekse og no er det altså ein heil kjempestor murstein der inne. (Sjølv etter utals svisker, avføringsmiddel og klyster får ho ikkje steinen ut!).  Og ho skjøner kvifor. Det er ikkje ein ekte stein. Det er det pokkers samvitet. Alt ho sa til Sjefsalven, det var ikkje snilt. Og ikkje var det sant heller. Ho bryr seg om jula, sjølvsagt gjer ho det! Og tenk om det Sjefsalven sa er sant – at jula er øydelagd, at det er hennar skuld? Å herreminnisse, herreminalv, det kan ho ikkje leve med… 

Klarar Sjefsalven å finne Rudolf?
Kva er det kongla forsøker å fortelle?
Kvifor stemmer ikkje det som står på skiltet?

Kva åt Påskeharen til Lunsj?
Korleis skal det gå med Nissefrøken og mageknipen?

Kva gjer Nissen på? 

Fortsetting følgjer ….!

JULEEVENTYRKALENDER

ONSDAG – femte desember

Pakkeglede i Konglevegen 2. Og ingen Rema på Nordpolen … 

Nissen blei berre litt forsinka i år. 
”Sjukdom i reinsdyrflokken”, seier Sara. Faren hennar er utanriksminister og veit allslags som foregår utanfor Noreg. 
”Men no er dei friske?”
”Ja, no er alle reinsdyra friske” seier Sara.

Dei dansar heile vegen til skulen denne morgonen fordi dei er så glade at føtene ikkje vil gå normalt. Sara ramsar opp alt ho har fått. Sjølv om ho allereie har fortalt det. Og Per gjer det same – gjentar det han alt sagt, ramsar opp kva han har fått. Sokkar, refleks, sjokolade, blyantar, julepynt. Endeleg er alt som det skal vere.   

”Fem pakkar!” ropar Lisa.
”Ja, eg og!”
”Hårsløyfe, og hoppestrikk!” ropar Sara
”Sokkar og refleks” seier Per
”Ei slikkepinne og lue” seier Sara
”Sjokoladenisse og fargeblyantar” roper Per.

”Det er noko spesielt med denne kongla, det må det jo vere…”
Stille. 
”Ver så snill…opne døra!”
Nissen svarar ikkje. 
Sjefsalven står utføre døra til Nissen. Der har han stått heilt sida han sto opp i dag tidleg, og det må vere ganske lenge sida no, tenker han, for føtene er trøyttare enn dei pleier å vere. Og han er svolten. Og tørst. Og han byrjar bli litt sint. Veldig sint, faktisk. For kongla. Kongla er her. Og denne kongla må det vere noko spesielt med. Sjefsalven kan ikkje berre legge vekk ho vekk som om ingenting har skjedd. Det må vere noko viktig i akkurat denne kongla. Kvifor skulle elles akkurat denne kongla kome seg inn, mens alle dei andre blir sperra ute? Men Nissen nektar å bry seg. Og det er berre Nissen som kan opne kongla. 
Eller?
Kanskje kan sjefsalven opne kongla sjølv? Han har sett Nissen gjere det. Han veit korleis: Nissen knekker opp kongla med ein nøtteknekkar. Og når kongla opnar seg kan Nissen sjå føre seg alt inni hovudet sitt. Han ser han ser barnet, staden barnet bur, og kva barnet ønskjer seg. Nissen ser alt dette og så gjer han ordre til arbeidarane om kva dei skal lage. Nissen knekker. Nissen ser. Nissen bestemmer og delegerer. Nissen spelar hovudrollen. Nissen nektar å gjere det no. Nissen vil ikkje!
Sjefsalven spring inn på kjøkkenet. Opnar kvar ein skuff. Kvart eit skap. Leiter etter ein nøtteknekkar. Finner ingen. Ingen nøtteknekkar?! Kor kan han få tak i ein nøtteknekkar? Det finst jo ikkje akkurat ein Rema 1000 ”å stikke innom” her på Nordpolen.

Kva får Per i kalenderen i morgon?

Klarar Sjefsalen å opne kongla?

Søv Påskeharen framleis?

JULEEVENTYRKALENDER

TYSDAG – 4 desember

Murstein og samvit. Konglar og ønske. 

Per har lagt seg. Det har ikkje Mor. Ho sit vaken ved kjøkenbordet og tenkar så det knakar. På bordet framføre seg ligg gåvepapir, teip, saks og ein heil haug av småting som Per skal få. Mor til Per ser lenge på alle tinga og kjenner at ho har litt vondt i magen. For inni magen sit noko som heiter samvit. Vanlegvis merker ho ikkje noko til det, til samvitet. Men no, i kveld, no er det litt vondt. Som om ho har svelgt ein murstein som er litt for stor til å få plass der inne. Og i tilfelle du ikkje visste det; å ha ein murstein i magen kjenst ikkje så godt ut. Så her har du eit gratis tips å ta med deg vidare i livet: Ikkje et murstein. 

Tidligare i kveld var mor til Per på møte med dei andre mammaene og pappaene på skulen til Per. Ingen av borna har fått pakkar i kalendrane sin i år, så no må dei gjere noko for at barna ikkje skal gå rundt å vere leie seg eller redde eller tru at dei er slemme når dei faktisk ikkje er det. Alle mammaene og pappane blei einige om at dei skulle kjøpe inn gåver sjølve, pakke dei inn og henge opp på barnas kalender. Det syntes mor til Per at var ein god ide. Men … dei andre mammaene og pappaene vil ikkje fortelle ungane at det er dei, og ikkje Nissen, som har laga pakkekalender i år. Og dét syntes ikkje mor til Per er greitt… 
– Det blir jo som å ljuge, blir det ikkje? Spurte ho- Nei då. Vi seier ikkje noko om det, og ein kan ikkje ljuge utan å opne kjeften, sa dei.

Dei var fleire enn ho. Dei ville ha det slik. Og ho gjekk med på det. Henge opp gåver og late som ingenting. Lure Per. Men no kjenner ho samvitet i magen og ho angrar. Ho gjer det likevel – for å gjere Per glad. Ljuge for å gjere noko godt. Det kan vel ikkje vere så feil? Ho pakkar inn eit par sokkar, ein refleks, nye fargeblyantar, ein sjokolade og ein pyntenisse. Ho skriv tal på pakkane og henger opp nummer ein, to, tre, fire og fem. Så går ho til sengs og tenker på kor glad Per vil bli i morgon, og då krympar mursteinen litt

Sjefsalven får ikkje sove. Og det er derfor han høyrer det. Lyden. Lyden frå pipa. Lyden som ikkje skal vere der, for jula er avlyst og pipa er stengt. Han står opp, går inn i stova og ser på den tomme pipa. Ingenting. Sjølvsagt ingenting. Når pipa er lukka kan ikkje ønske kome fykande inn slik dei elles pleier å gjere på denne tida. Men han høyrte jo noko. Så han ser seg godt rundt, og der, på golvet framføre peisen ser han det. Kongla. Ei einsam julekongle.

Her trengs kanskje ei lita forklaring, for det er nemleg ikkje slik du trur. Iallfall ikkje om du er som folk flest, altså normale folk som bur i Det Fjerne Land og ikkje i Det Magiske Land, som Nordpolen er ein del av.  Bornas ønske kjem ikkje til Nordpolen som brev. For Post Nord leverer ikkje til Svalbard, Jan Mayen eller Nordpolen. Dessutan er Nordpolen eit magisk land og i magiske land finns ikkje postkassar. Det er heller ikkje slik at alle barn skrive. Det finst til og med nokre born som ikkje har papir og blyant! Så nei, du. Ønska kjem ikkje fram til Nissen i form av kvite konvoluttar med brev inni. 

Det som skjer er dette:
Bornas ønske blir sendt frå Det Fjerne Land i form av SMS, e-mail, brevpost, tankar eller kjensler. Om natta fyk desse ønska opp i lufta og den magiske vinden frå Det Fjerne Land bles dei heile vegen til Nordpolen. I det ønska kryssar grensa til Det Magiske Land (der kor Nordpolen er og Nissen bur), blir dei til jule-konglar. Brune, kvite, gull, sølv, nokre med glitter, andre utan. Julekongler med ønske i. Og alle konglande frå snille born blir søgd inn i pipa til Nissehuset og landar i peisen. Vanlegvis. Berre ein gong før har det hendt at konglane ikkje kom – den gong var det virus i pipa. Heldigvis klarte bror til Nissefrøken å fikse det akkurat i tide til at det blei jul. Og i år kjem det heller ingen konglar. Ikkje på grunn av virus, no har dei installert anti-virus-program. Nei, no kjem ingen konglar inn fordi Nissen har stengt pipa. Fordi jula er avlyst. 

Pipa er jo stengt, tenker sjefsalven. Korleis kom denne kongla seg inn? Kvifor akkurat denne kongla og ingen andre? Og kva skal eg gjere med kongla? Eg kan ikkje lese konglar, det er det berre Nissen som kan

Vil mursteinen i magen til Mor vekse eller krympe? Kan man ljuge slik for borna sine?

Kva er det med denne kongla? Korleis kom kongla seg inn når pipa er stengt?

vel … følg med vidare, så finn du det ut. Kanskje …. 

MÅNDAG – tredje desember

Lisa trippar, Påskeharen får gløgg og Nissen seier ikkje ho-ho-ho …

Lisa gjekk til skulen. Tripp tripp tripp det sa. I den nye kjolen, trippa ho så glad … Berre at kjolen ikkje er ny og Lisa ikkje er glad. Ho trippar likevel. Heilt fram til huset til Per. Der treffast dei kvar morgon for å gå saman til skulen. Dei er gode vener, og vanlegvis gler ho seg til å gå saman med Per. Men i dag gruar ho seg litt, for Per kjem heilt sikkert til å spørje om kva ho har fått i pakkekalenderen. Og det vil ho ikkje snakke om, for ho har ikkje fått noko som helst! Tenk om Per spør og ho må fortelle det og så trur han at ho er slem…

Per kjem ut av huset akkurat i det Lisa er framme ved porten. Han kvir seg til å gå med Lisa i dag, han er redd at ho skal spørje om kva han har fått i kalenderen. For han har endå ikkje fått noko! Tenk om Lisa spør og han må fortelle det og så trur ho at han er slem? Men ho seier ingenting. Lisa som alltid elles snakkar og snakkar og snakkar og snakkar. Snakkar så mykje at læraren av og til må kjefte! Men i dag er ho heilt stille. Og han også. Dei er så stille at dei høyrer skosålane smella mot asfalten når dei går. Høyrar kvar eit skritt. Og så eit knas. Og endå eit. Knas, knas, knas, seier det! Kvifor knasar det når dei går? Her er verken kram snø eller grus. 

”Kva er den lyden?” spør Lisa.
Ho har også høyrte det. 
”Aner ikkje” seier Per, og ser kring seg etter eit svar. 
På bakken får dei auge på nokre små, brune prikkar. Dei set seg ned på huk, ser nærmare på dei. Lisa plukkar opp ein av prikkane. Kjenner på, luktar på, smakar på. 
”Nei, nei! Du må ikkje ete det!” roper Per. Per veit at man ikkje berre kan ete ting frå bakken, man kan bli sjuk. Det har han lært av Mor som er sjukepleiar og har fortalt alt som er å vite om bakteriar og slikt. 
”Det smakar peparkake” seier Lisa.
”Nei, det trur eg ikkje på” seier Per.
”Smak då!”
”Ikkje sei det til mor…”Lisa lover at ho ikkje skal fortelle mor til Per at Per har åte ein brun prikk frå bakken. Per smakar. Og jo visst har Lisa rett. Dei brune prikkane langs fortauet i gata er peparkake-smular.

Nissefrøken lagar frukost til seg sjølv, og til Påskeharen. Skjønt, ho lurar litt på om det heiter ”frukost” når klokka alt er slagen halv tolv. Men han sov så godt, ho vil ikkje vekke han. Han lagar nok ekstra gode egg når han søv så godt. Og denne påska skal egga være betre enn nokon gong, det skal ho sørgje for. Ho skal gjere alt for han; gje han god mat, vaske, rydde, trøyste, kose, kysse. Gjere han så glad at han lagar verdas beste påskeegg! 

”God morgon!” roper Påskeharen som plutseleg har vakna.”Eg har laga frukost til oss. Sett deg ned og slapp av, du” seier ho. 
Og han sett seg ned.
Og ho serverer mat.
Og han slappar av.
Ho har laga julebrød med rosiner i, kokt gløgg og skrelt klementinar. Dei et saman. Julebrød med smør. Påskeharen seier det er det beste julebrødet han har nokon sinne har åte. At han aldri før har smakt julebrød, seier han ikkje noko om. At han ikkje likar rosiner, seier han heller ikkje, for han vil ikkje at Nissefrøken skal bli lei seg. I staden for seier han:   
”Dette var ein rar kaffi!” 
” … På ein god måte!” skundar han seg å seie, for han vil ikkje såre henne.
”Det er ikkje kaffi, din tullehare” seier ho.
”Påskehare. Eg er PÅSKE-hare” forklarar han.
”Jau … eg berre… eg veit jo det…”
”Nam nam” seier han fort.
”Det er gløgg. Julegløgg” forklarar ho.
”Å … nei og nei og nei… ekte gløgg? Sånn for vaksne?””Ja, heilt ekte” seier ho, stolt i stemma.
”Men eg er jo berre ein harepus. Eg kan ikkje drikke gløgg… eg tåler det ikkje!”

Men han gjer det. Han tåler det overraskande godt. Han blir glad av gløgg. Og Nissefrøken blir glad av at Haren er glad. Så glade er dei at dei synger om det å vere glad. Så glad er vi så glad er vi, vi svinger oss i kretsen og neier og bukker. 
”Kva er det å svinge seg i kretsen?” spør Påskeharen.
Det veit ikkje Nissefrøken, så dei synger i staden litt om påska: Dine hender er fulle av blomster …lalalal. 

Dei veit begge to kva blomar er, og kan derfor synge saman lenge, lenge, lenge utan å bli forstyrra av dumme spørsmål. Og det er nettopp dét dei gjer: Song og dans og gløgg og meire gløgg  og meir song … heilt til Påskeharen plutseleg blir trøytt og sovnar. Og det er greitt for då får Nissefrøken tid til å rydde og vaske og gjere alt klart til han vaknar igjen, gjere alt klart for endå meir kos og gøy og avslapping. Jo visst skal egga bli gode denne påska. Det skal ho sørgje for!

Det er ein stille dag på Nordpolen. 
Sjefsalven ligg i senga si heile dagen og har vondt i magen og i hovudet og i hjartet og i sjela. For julegleda veks inni kroppen og kjem seg framleis ikkje ut. Og det gjer så vondt så vondt. 
Nissen ligger også til sengs. I handa har han brevet han fekk frå Nissefrøken. Han kan det utanat no, men les det likevel. Igjen og igjen og igjen. Kan ikkje tru det. Ho har reist sin veg.

Kjære Nissen min.
Eg måtte dra no. Det var på tide. Eg klarar ikkje sjå på at du skillar slem frå snill, for eg syntes at alle barn er snille og at alle skal få pakkar. Eg vil at alle skal få! Alltid. Og det vil Påskeharen óg. Han gjer påskeegg til alle som vil ha. Så det er til han eg har reist. Og det er i lag med han eg vil bu. Eg er glad i deg, men eg orkar berre ikkje meir jul! Eg treng meir enn jul i livet mitt. Og påska er fin. Eg er så glad i gult. Eg er lei av snø og kulde og graut og peparkakar. Eg er til og med lei av å høyre deg seie Ho-ho-ho heile tida… Lukke til med jula. Eg er glad i deg, og du er ein god Nisse. Du er berre ikkje min Nisse meir. Vi skillast som vener, hopar eg. God jul. 

Vel, eg seier ikkje Ho-ho-ho lenger no, tenker Nissen. Eg kjem nok aldri til å le igjen. 


Blir Per sjuk av å ete ukjente prikkar frå asfalten?

Kor mykje glede er det plass til inni ein Harepus?
Kjem påskeharen til å sprekke av glede?

Kjem Nissen til å le igjen?

… følg med vidare! 

JULETULLEEVENTYRKALENDER

SUNDAG – ANDRE DESEMBER

Julegledeverk. Besøk av Pluss Ein. Og litt om egg-produksjon

Ein alv er ein liten skapning. Nesten som ein dverg, eller kort-vekst, som det heiter på fint i desse moderne dagar. Så, ein alv er altså eit lite menneske som ikkje er dverg eller kort-vekst, for han er jo alv og då kan han ikkje samstundes være dverg eller kortvekst. Sjefsalven er altså ganske lita. Han er ein vaksen mann inni ein liten kropp. På haka har han grått skjegg, og midt i fjeset ein lang og litt krokete nase (som ikkje eigentleg er så stor, det er berre det at alven er så lita at nasen ser stor ut). På hovudet har han ein grå nisselue, og ut gjennom to hol – eit på kvar side av lua – stikker øyrene ut; to store, spisse alve-øyrer.

Inni denne vesle kroppen til Sjefsalven har det samla seg opp ein heil masse juleglede. Og no vil gleda ut. Julegleda vil ut av kroppen, slik ho pleier kvar desember. Heile året lagrar det seg opp inni Sjefsalven, og så kjem advent, og då skal gleda ut. Ut gjennom fingrar som sorterer og ryddar, ut gjennom munnen som ropar ordre til dei andre alve-arbeidarane på verkstaden, ut gjennom føtene som spring fram og att mellom verkstaden og Nissen sitt kontor. Men no… no står gleda fast inni han. Masse masse juleglede inni ei bitte liten alve-kropp. 

Og gleda står bom fast. Fanga inni den vesle alven og det er så mykje juleglede inni han at det gjer vondt! Det er som eit hårstrå i halsen, ei kongle i nasen, ein smule i øyret, ein fis som sit fast i rumpa. Eller noko slikt. Noko som sit fast og vil ut men ikkje kjem seg ut. All julegleda sit fast! Dei vesle alve-føtene klør inni treskoa, fingrane kriblar, magen rumlar. For føtene vil springe, fingrane vil lage jul, magen vil ha gløgg og kakar.
  
Men det er ingen jul i år. Og alven har ingenting å gjere. Gleda trykker på. Julegleda er ikkje glad, ho er vond. Nissealven har juleverk i magen. Jula skal jo ikkje gjere vondt. Men i år er jula vond, så alven driter i at det er første søndag i advent. Han tek seg litt medisin og legg seg til å sove vekk alt det vonde.

Heime hos Per er det ingen som har vondt i magen. Magane til dei i Konglevegen 2 er berre litt svoltne, og magane gler seg, for i dag er det første søndag i advent og då skal dei kose seg med ekstra god mat saman med tante som kjem på besøk. Tante og Pluss Ein, som mora seier. For slik er et kvar jul; tante og ”Pluss Ein” kjem på besøk kvar søndag klokka fire for å tenne stearinlys og ete julemat. Tante har alltid med seg ein mann, og sidan det sjeldan er den same mannen ho har med seg, har Per si mor begynt å kalle han for tantes Pluss Ein. Det er enklare å seie Pluss Ein enn å hugse så mange nye namn, seier Mor. Per gler seg så mykje at han nesten gløymer alt om den tomme kalenderen, som heller ikkje i dag hadde pakke på seg. Han står og ser ut gjennom ruta og ventar og ventar på at tante og Pluss Ein skal kome.

Han får auge på dei og spretter så fort opp at han dunkar hovudet i adventsstjerna som henger rett over han og lyser så fint. Men det gjer ingenting. Han bryr seg ikkje om at det gjer vondt. For no kan han kjenne det i magen; det er advent på ordentleg. Jula er på veg! Per river opp døra før Tante rekker å ringe på. Mor og Tante gjer kvarandre ein klem. Pluss Ein strekker ut ein hand, og seier ”Hans”. 

Dei set seg ved bordet. Per får fyrstikkene og tenner eit lilla lys mens dei synger adventssongen. Så et dei julebrød med julepålegg. Mor, Tante og Hans drikker gløgg. Per får solbærtoddy, som er nesten som gløgg berre at det ikkje er gløgg, men har same farge slik at det ser heilt likt ut og Per kjenner at han blir like glad av solbærtoddy som dei vaksne alltid blir av å drikke gløgg. Dei smilar og ler og koser seg. For kalender-pakke eller ei; det er første søndag i advent og alt anna er som det skal vere: julemat på bordet, adventsstjerne i vindauget, lilla lys på bordet, julegløgg og solbærtoddy i koppane, Tante på besøk, ein ny Pluss Ein – som i år heiter Hans. Og Per kjenner at alt kjem til å ordne seg. I morgon er det måndag og då har nok Nissen vore her med gåver til han.

”Eg har jo fri” seier Påskeharen som ikkje vil legge seg sjølv om det er seint og snart nått. 
”Dette er ferien min, veit du… for: Jula varer heilt til påske” synger han.
”Men når skal du lage egg og slikt då?” spør Nissefrøken. 

Ho er litt bekymra over dette slaraffenlivet til Påskeharen. Ho er redd han ikkje har kontroll, at han skal gløyme alt han må stelle i stand til påska, at han skal kose seg for mykje med fri og ferie. For ho er vandt med livet på Nordpolen og der lagar dei i stand leiker heile året! Der har dei berre fri i tida mellom nyttår og påske. Dei arbeidar nesten heile tida! Korleis kan Påskeharen ha så god tid? 

”Å, eg lagar egg heile tida, eg” seier Påskeharen og klappar seg på magen.
”Korleis då?”
”Dei lagar seg sjølv, eg er jo Påskeharen.”
”Så … du kan berre sitte her å spele Nintendo og så lagar egga seg sjølve?” 
Ho kan knapt tru det…
”Ja, sånn omtrent. Dess meir eg slappar av, dess betre eg har det – jo betre blir egga mine.”
”Så … jobben din er å ha det bra?”
”Ikkje berre bra – best mogleg.”
”Høyres ut som eit fint arbeide…”
”Det er ikkje så enkelt som du trur” seier Påskeharen og ser litt fornærma ut. 
Han skrur av Nintendo-en. Skrur av TV. Han ser på Nissefrøken, legger ei pote på det mjuke, freknete kinnet hennar. 
”For nokre år sida opplevde eg noko som heiter stress. Og då blei egga mine små og rare og då blei eg endå meir stressa og egga blei endå skeivare og rarare!”
”Oi… kva  gjorde du då? Blei påsken øydelagd?” spør Nissefrøken forskrekka.
”Eg drog til Syden.”
”Og då blei du bra?”
”Ja, så blei eg bra. Det var heldigvis ein sein påske det året.”
”Ok. Då skjønner eg. Du skal få kose deg … eg meiner …  arbeide vidare. Eg går til sengs, for eg er ikkje ein Påskehare og eg er trøytt.”
”God natt, kjærasten min” seier Påskeharen.
”God natt, Honney-Bunny-en min” svarar ho.

Ho sovnar fort og drøymer søtt om Påskeharen og påske-egg og påskegodt. Og i draumen ser ho seg sjølv og Påskeharen saman for evig og alltid. Og Påskeharen, han blir sittande oppe og lar Super Mario redde prinsessa si. Men, han skrur av lyden no. For han har fått seg kjærast å vise omsyn til. Og det kjenst godt. 









LAURDAG – første desember

Kor er gåvene? Kor blir det av jula? Og kven er den nye dama til Påskeharen?

Det er første desember, og på Nordpolen er ingenting som det skal vere på første desember på Nordpolen. Det er heilt stilt; ingen maskinar surrar og går, ingen alvar gnir sandpapir over tre-leikar, det raslar ikkje i gåvepapir, det luktar ikkje risgraut, og dei vesle små alvane sit tause på golvet i ei stille stove utan fyr i peisen. Og dei vesle, små alvemagane må klare seg utan klementinar og julekakar. Sjefsalven står stilt og ser på dei. Han har gøymt den sinte munnen sin bak ein stor kopp med kaffi. For det er advent. Han skal ikkje vere sint då. Og Kaffi!? Tenke seg til. For noko skvip. Kaffi! På så ein dag! Har du høyrt. Aldri i sine levedagar har han opplevd ein desember utan Nisse-gløgg. Sjefsalven kikkar rundt seg og forsøker å sjå normal ut. Kaffi. Kaffi. Kaffi!?

Arbeids-alvane snur seg og ser på Sjefsalven. Dei har merka at ting ikkje er på stell. 
”Berre ein dag til … snart er alt oppe og går igjen” seier Sjefsalven med så sjefete røyst han kan. Dei nikkar. Tause. Svoltne. Dei har merka at noko ikkje stemmer. At første desember ikkje er som første desember skal vere. Men ulikt frå Sjefsalven trur dei at det skal gå seg til. Dei trur det berre er denne dagen, denne første dagen, som er litt skakk-køyrt. 
”Ja, altså – tekniske problem. Trur det er noko med pipa, igjen. IT er på veg.”
Arbeids-alvane ser letta ut no. Dei veit jo ikkje at Sjefsalven har kryssa fingrane bak rygge. Dei vei ikkje at Nissen er åleine i senga si. Dei veit ikkje at det ikkje blir jul i år. Berre sjefsalven veit det – at no orkar ikkje Nissen meir. Utan Nissefrøken kan det ikkje bli jul. 

  *************************************************************

I eit raudt hus i Konglevegen vaknar Per lenge før han må. For i dag er det første desember og første desember i det raude huset Konglevegen betyr at Nissen har vore der med ei gåve. Advent er her! Pakkekalenderen skal få pakkar i seg. Og han, Per, skal få opne ein ny pakke kvar dag heilt fram til julaften. Og det startar: No! Heile magen gler seg, han kjenner sommarfuglar sverme rundt der inni. Eller kanskje er han berre litt svolten? Det er heilt svart i rommet til Per og han lurar på om det kanskje endå er nått. Er det for tidleg? Har Nissen vore her? Det er like mørkt inne som ute. I huset er det ingen lyd – Mor søv. Kva er klokka? Det vei han ikkje, for han har ingen klokke. Kanskje får han ein klokke i kalenderen i år? Det ville vore fint, det! Han står opp, kikkar ut av vindauge og ser naboen skrape is av bilruta. Då er det ikkje natt, iallfall. Så Per tek på seg jule-tøflane som han fekk i kalenderen i fjor. Dei er litt tronge no. Men dei duger, og det er advent og då må man ta i bruk alt det man har av jule-klede. Per og dei litt for tronge tøflane spring ned trappa til gongen der kalenderen henger.

Kalenderen har ein krok. Og til den kroka henger ei snor. Og festa til snora … Kroken er tom! Ingen snor. Ingen gåve! Som om det var 30. november og ikkje første desember. Kor er gåva? Han har vel vore snill? Har han ikkje? Han tenker litt på det – han har ikkje skrike, ikkje krangla, han tok ut søppla då mor ba om det, han går alltid ut av badekaret når han får rynkehud og han har åte ein del grønsakar – ikkje alle, riktig nok, men fleire enn før og før fekk han alltid gåver. Jo, han har vel vore snill? Samanlikna med dei andre barna på skulen, iallfall. Så kvifor får ikkje Per noko gåve i dag? Han vil ikkje ha så mykje, han er ikkje kravstor. Men det er første desember og på første desember skal det henge ei gåve der! Om så ein tom gåve. Ein eske med luft inni ville vore nok det, berre ho var innpakka i julepapir. Men nei, Per har ikkje fått noko gåve. Og no er naboen ferdig med å skrape is. Bil-ljosa sveiper over ruta til gangen til Per, og kaster ein kjegle av ljos inn i mørkret. Kalenderen blir lyst opp. Og ser endå tommere ut enn før. 

       *************************************************************

Inni ein skog, på ein stad som heiter Skogen, nedi bakken, under jorda, går det ein tunnel. I enden av tunnelen er eit lunt og flott lite hi og i dette hiet ligger det ein lodden hare som søv si søte vintersøvn. Og no, denne desember-morgonen, søv han ekstra godt, for han er ikkje lenger åleine slik han alltid har vore. Ved sida av han ligg ei gul-kledd, vakker dame med frekner på nasa og raude krøller på puta. 
Dei har hatt si første nått saman – han og ho. Endeleg er ho blitt hans. Her skal dei liggje og kose seg saman i varmen, drikke kakao og ete kvikklunsj. Og drikke Solo når dei ikkje drikk kakao. Og kanskje også ete litt klementin, for ho har sagt at det er viktig å variere kosten og no som ho er her kan han ikkje lenger ignorere det. Klementin… det er ikkje kvikklunsj. Men det får duge. For no er ho her. Ho er endeleg blitt hans. Og etter påske skal dei gifte seg. Han må berre fri først. Finne ein ring må han også. Kanskje kan han ønske seg ein giftering til jul, tenker han. Og så tenker han litt til og kjem fram til at nettopp dét er det siste han kan gjere. Ikkje no. Han vil nok aldri kunne ønske seg noko som helst av Nissen igjen. Ikkje nokon sinne. Men det er greitt. Han har fått henne. Det er alt han vil ha. 
Han ser bort på henne der ho ligg og søv ved sida av han. Ho er her endå! Det var ikkje berre ein draum. Ho kom verkeleg i nått. Ho er her no! Hos han. Dei to. Heile magen hans er varm, sjølv om han ikkje har drukke kakao. Han ser på henne igjen – betraktar dei vakre, raude krøllene, dei spisse, store øyrene som ikkje er kaninøyrer som hans, men spisse kvite nisseøyrer. Og ho har på seg hans gule pysjamas. Dei gamle kleda hennar – forkleet og lua – skal dei lage bål av. Brenne det opp! For alltid dei to. Nissefrøken i gul påske-pysj. Nissefrøken som skal bli til Påskefrøken. Hans vesle gule-påske-nisse-kjærast som han skal gifte seg med. ”Eg elskar deg”, kviskrar han til Nissefrøken. Så søv han litt til. For no er det første desember og påskeharen har ingenting med denne tida på året å gjere.



ein slags kalender

I morgon er dagen. Dagen som startar ventetida. Advent. Jul. Ventetid. 
Og …… * trommevirvel * … tid for: KALENDER.

Og i den anledning kjem eg til å poste eit innlegg her på bloggen kvar dag, men no skal det ikkje handle om bøker eg har lese. Å nei då! Eg skal dele eit lita eventyr eg sjølv har skrive (rabla ned litt for fort til at det kan seiast å være av høg litterær kvalitet, men, men!) og dette vesle jule-eventyret består (ikkje heilt tilfeldig) av tjuefire episodar. Poenget med dette? Vel … eg har eit par:

1. Eg ville lage ein artig og annleis kalender til tantebarna mine.
2. Eg har lyst til å meistre nynorsk betre enn kva eg gjer per dags dato – og kva er vel då betre enn å skrive på nettopp nynorsk? (Etter eit tre år langt opphald i statane som tenåring, fekk eg fritak frå nynorsk då eg flytta heim att … og eg lærte meg aldri heilt nynorsk. Noko eg angrar på no!) 
3. Eg er utruleg glad i å skrive. På Mac-en har eg to ferdige manus (romanar) og ein rekke påbegynte idéar. Men, sjølvtilliten har fått seg nokre smell, og eg har i grunn ikkje klart å skrive stort det siste året. Skrivinga er likevel noko eg kjenner at eg saknar å gjere … men eg orkar ikkje noko stort prosjekt eller noko forplikting eller noko som blir stress, eg vil ikkje miste gleda i å skrivinga. Så derfor skriv eg i desse dagar berre tull. 

Det er denne tullekalenderen eg kjem til å dele her… Kall det kva du vil: julekalender, eventyrkalender, nynorsk-læring, korrekturkalender, tullekalender… 

Dette er til deg som vil lese 1-2 sider kvar dag, kanskje le litt, eller iallfall smile. Har du ungar i barneskulealder er dette noko å lese høgt for dei. Og, er du språknørd som meg – ja, då kan du bruke dette som ein korrekturkalender og kose deg med å finne alle skrive-Leifane mine. Og – du må gjerne rette på nynorsken min også, for eg vil jo lære! Så – uansett kva årsak du skulle ha for å lese dette tøvet – kos deg! 

Første kapitel kjem altså i morgon. Her er ei lita smakebit…


utdrag frå: MÅNDAG TREDJE DESEMBER

Det er ein stille dag på Nordpolen. 
Sjefsalven ligg i senga si heile dagen og har vondt i magen og i hovudet og i hjartet og i sjela. For julegleda veks inni kroppen og kjem seg framleis ikkje ut. Og det gjer så vondt så vondt. 
Nissen ligger også til sengs. I handa har han eit brev han fekk frå Nissefrøken. Han kan det utanat no, men les det likevel. Igjen og igjen og igjen. Kan ikkje tru det. Ho har reist sin veg.

Kjære Nissen min
Eg måtte dra no. Det var på tide. Eg klarar ikkje sjå på at du skiller slem frå snill , for eg syntes at alle barn er snille og at alle skal få pakkar. Eg vil at alle skal få! Og det vil Påskeharen óg. Så det er til han er har dratt. Og det er med han eg vil bu. Eg er glad i deg, men eg orkar berre ikkje meir jul! Eg treng meir enn berre jul i livet mitt. Og påska er fin. Eg er så glad i gult. Eg er lei av snø og kulde og graut og pepparkakar. Eg er til og med lei av å høyre deg seie Ho-ho-ho heile tida… Lukke til med jula. Eg er glad i deg, og du er ein god Nisse. Du er berre ikkje min nisse meir. Vi skillast som vener, hopar eg. God jul. 



Vel, eg seier ikkje Ho-ho-ho lenger no, tenker Nissen. Eg kjem nok aldri til å le igjen. 

utdrag frå; ONSDAG, femte desember

Nissen blei berre litt forsinka i år. 
”Sjukdom i reinsdyrflokken”, seier Sara. Faren hennar er utanriksminister og veit allslags som foregår utanfor Noreg. 
”Men no er dei friske?”
”Ja, no er alle reinsdyra friske” seier Sara.

Dei dansar heile vegen til skulen denne morgonen fordi dei er så glade at føtene ikkje vil gå normalt. Sara ramsar opp alt ho har fått. Sjølv om ho allereie har fortalt det. Og Per gjer det same – gjentar det han alt sagt, ramsar opp kva han har fått. Sokkar, refleks, sjokolade, blyantar, julepynt. Endeleg er alt som det skal vere. 

”Fem pakkar!” ropar Lisa.
”Ja, eg og!”
”Hårsløyfe, og hoppestrikk!” ropar Sara
”Sokkar og refleks” seier Per
”Ei slikkepinne og lue” seier Sara
”Sjokoladenisse og fargeblyantar” roper Per.
”Julekule!”
”Pyntenisse!”
      *

utdrag frå: FREDAG – sjuande desember

Påskeharen søv. Nissefrøken og sjefsalven sit i sofaen. Der har dei to såte heile natta og krangla. Heilt til no. 
”Eg orkar ikkje krangle meir med deg” seier Nissefrøken
”Vi kranglar ikkje, vi diskuterer” seier han. 
Så no kranglar dei ikkje lengre. Dei berre diskuterer. 
Etter endå ein stund er Nissefrøken lei.
”Eg orkar ikkje diskutere meir med deg heller” seier ho.
”Jo men. Jula. Kongla. Nissen. Han er… du har øydelagt alt.. du må hjelpe… bli med tilbake …  fikse jula.”
Han seier det igjen. Det same han har sagt heile natta. Og ho seier det same igjen, ho óg. Ho seier nei. Han seier jo! Ho seier NEI! Og han seier JO! Ho seier at han skal pelle seg ut. At ho ikkje vil hjelpe. Det er ikkje hennar problem, dette. Ho vil ikkje ha noko med jula å gjere. Det var jo derfor ho drog sin veg. Ho orka ikkje all julestresset. Dessutan har ho ikkje tid. ”Påskeharen og eg har meir enn nok å gjere. Det er temmeleg travelt skal du vite. Vi må skunde oss å slappe av. Slappe så mykje av vi kan heilt til påske!”

Sjefsalven vil ikkje dra tomhendt heim. Han har jo reist så lenge og langt… noko må han få ut av reisa si. Han ser på henne med dei snillaste auga han har.
”Kan eg i det minste få litt gløgg til reisa?”
Nissefrøken blir så raud i ansiktet at freknene blir usynlege.
Han reiser seg og skynder seg mot tunnelen. 
”Ta med den j* … (Her seier Nissefrøken eit ord som ikkje er så bra for barneøyrer å høyre) kongla!” skriker ho og kastar kongla etter han.
Sjefsalven har sett Nissefrøken vere sint før, og veit at ho kjem til å kaste all slags ting etter han. Alt, utanom ein nøtteknekkar … Så han skynder seg å plukke opp den stakkars julekongla og spring ut gjennom tunnelen. 

Ute i skogen er det lyst og fint og varmt og ikkje julete i det heile tatt. Og i det fine morgonljoset ser han at kongla blei øydelagt då Nissefrøken kasta ho. Det er ein stor sprekk i kongla. Nissefrøken har øydelagt jula endå ein gong, tenker Sjefsalven sint. Han plukkar og pirkar på kongla, forsøker å sette ho i stand. Det går ikkje. Heller enn å fikse kongla, raknar ho fullstendig. Og så … så skjer det noko magisk. Ut av kongla kjem lilla røyk, som frå ei pipe, berre lilla. Og røyken dannar ein sky og Sjefalven knip augo samen, skottar, forsøker å sjå kva som dannar seg inni skya. For han er berre ein alv og ikkje ein Nisse og veit ikkje heilt korleis ein skal lese konglar.  Men han ser iallfall noko. Han ser ein gut og ei mor. Dei står i døropninga til eit hus. Konglevegen to, står det på husveggen. Og på eit skilt under ringeklokka står det: Her bur Per og MorogIngen Mann.  ”Ingen Mann” lyser mot han. Tydlegare enn alt anna i skya. Sjefsalven sit lenge og stirar på skya og lurar på kva dette betyr.