ONSDAG – nittande desember

Då Nissefrøken opna augo, var ho ikkje på Nordpolen. Ho sto framleis i hagen, saman med heksa. Verken sesam-sesam, sim-sala-bimm, sim-sala-bim, eller Hokus Pukus fungerte. Ikkje ein gong Hokus Pokkus Filliokus! fekk henne trylla til Nordpolen. Nissefrøken måtte gå inn igjen i huset og legge seg. Ho gret seg i søvn. 

Men no er ho vaken. Og ho er atter igjen fylt med håp. Heksa vekte ho med god nyheiter:
”Eg veit kva som gjekk galt! Eg rota til oppskrifta- eg laga ikkje heksebrygg likevel.”
”Men eg såg jo at du …”
”Det blei feil! Eg laga visst berre gløgg! Gløgg! Tenke seg til … der har kvisten låge å duppa i gløgg i seks timar … ikkje rart han ikkje fungerte. Ein raudvinsdrukken pinne har då aldri vore i stand til å trylle nokon heilt til Nordpolen.”
”Men no kan du trylle meg til Nordpolen?”
”Ja, no kan eg trylle deg til Nordpolen!”
”Lukk augo” seier heksa.”Ja, det gjelder deg og, det” seier Nissefrøken strengt til grevlingen.
Etter at Nissefrøken har forsikra seg om at grevlingen har lukka begge augo sine, lukkar ho sine eigne. Og held pusten. Og høyrer heksa skrike: 
”Fokkuli-Pokkus-Sim-Salsa-Sesamm!”

På sofaen hjå Tante ligg Per og latar som om han er sjuk. Det var Ludvigsen sin idé. 
”Dei kan ikkje kjefte på deg når du er sjuk.”
Så det var historia dei fortalte. Dei sa at Per gjekk seg vil på sundag, og at Ludvigsen fann han i skogen og tok han med heim. Og så blei Per sjuk, og så frykteleg sjuk var han, at han måtte bli hjå Ludvigsen til han blei frisk nok til å fortelle kven han var og kor kan budde …
”Men… vi kan ikkje ljuge” sa Per då Ludvigsen føreslo dette.”Jau … klart vi kan. Vil du ha kjeft, eller?”
”Nei, men… å ljuge er ikkje snilt og eg vil jo ha julegåve av Nisse… Å ja… han finst jo ikkje…”

Per blei så sint då han tenkte på Nissen som ikkje eksisterer, at heile hovudet kokte. Så då Ludvigsen og han dukka opp heime hos Tante, ja, då hadde han nesten feber på ekte. Og no ligger Per under dyna, og har det i grunn ganske fint. Han får julekakar og julebrus og teikneseriar og film. Tante er lukkeleg og letta. Og dei er begge einige om at dette ikkje er noko Mor treng å få vite om. 

Mor har vaska golvet og Mor har båre ved. Og Mor har sett opp fugleband og Mor har pynta tre. No sit ho seg og kvilar og pustar på ei stund …

Og VIPPS , så vaknar ho frå det som må ha vore ei lita blund.

I døropninga til kjøkkenet står ei kvinne. Ho har nydeleg raude krøller, freknar på nasen og treskor på føtene. 
”Kven er du?” spør Mor.
”Og det spør du om! Kven i falafell er du?” svarar kvinna.
”Eg er … Mor” seier Mor.
”Og kva gjer du her? 
”Eg … eg drøymer… eg berre søv … eg skal nok snart heim …  eg veit ikkje! Eg -”
”Og kva gjer du med MINE KLEDE!?”
”Desse? Er det dine? Han vesle mannen, han sjefen… han sa eg måtte gå med Nordpolen-uniform. Han sa ikkje noko om deg, at det er ditt, eg,… eg kan ta det av… du forstår…eg søv … og med berre nattkjole på blei det så frykteleg kaldt og…”

Dama følgjer ikkje lenger med på kva mor seier. Ho står ved komfyren no. Granskar kjeksa i omnen. Rører i gryta med risgraut.
”Dette kan du…” seier ho etter litt. Ho lyder ikkje imponert, ho lyder skuffa, besviken.
”Ja… eg… dei…. Alle var så svoltne då eg kom, så…”
Eg ville no hatt i litt meir smør, eg då” fortsetter dama. 
Så opnar ho opp skuffar og skap, granskar alt, flytter på ting, smeller med skapdørene, mumlar nokre ufine ord om rot, og kaos, og om ting som står på feil plass…Ho gjer seg ikkje før det går i døra og Nissen kjem inn i.

”Ja, ja, du Mor – No skal det smake med litt graut. Førti-åtte skeiar har eg gjort meg fortent til n …D-D- Du kom tilbake!” ropar Nissen, som no har fått auge på denne ilske dama. 

”Nei – eg er berre på besøk” seier ho fort. 
”Du – du skal dra frå meg igjen? Bu-H—”
”Slut opp med sytinga! Det er  mindre enn ei veke igjen til julaftan. Grine kan du gjere i romjula.”
”Men – ”
”Eg skal snart dra igjen, må berre redde denne pokkers jula først” seier ho, strengt.

Nissen stirrar på Nissefrøken. Nissefrøken stirrar på Nissen. Mor ser på dei to som stirrar på kvarandre. Ingen seier noko. Grauten blir kald. Kjeksa i omnen blir svarte.
”Du har viktigare ting å ta deg til enn å ete graut!” 
Nissefrøken leitar i lomma på forkleet sitt, finner ein krøllete papirlapp og gjer han til Nissen. 
”Dette er dine oppgåver” seier ho, bestemt.
”Ja, men, grauten …”
”Graut!? Nei, du, det kan du gløyme. Kom deg ut!”
Og Nissen forsvinner ut av kjøkkenet.
”Få på deg nokre skikkelege klede!” ropar ho etter han.

Så snur ho seg mot Mor. 
”Korleis kan du tillate han å gå rundt slik, i den gyselege grilldressen?”
”Eg … Han…”
eg … han …” hermar ho.
”No vil eg heim!” ropar Mor fortvila. 
”Heim? Bur ikkje du her? Saman med Nissen? Eg trudde du var den nye Nissefrøken?” ”Nei, nei … eg bur i Konglevegen 2. Eg vil heim. No! Per. Tante. Jobben min. Eg må vakne no!”

Og så fortell Mor alt til Nissefrøken. Om Sjefsalven som tok henne med hit slik at ho skulle få Nissen glad igjen, slik at ho kunne lage mat, slik at jula skulle bli redda. 

Så lettlurt ho er! Teite, dumme Grete! Som om eit bur kan halde heksa fanga no når ho har fått seg tryllestav! Haha! Heksa tryller opp låsen i buret. Så lister ho seg inn i huset og finner ein kost. Med den nye stava veiver og vifter ho heilt til kosten blir til ein magisk sopelim. No er ho fri! Ho slenger beinet over kosteskaftet, sparkar i frå og letter frå bakken. Fyker rundt i lufta og ler sin høge, skingrande hekselatter. IIIIiiihi-heheiheihihiheheheh-HA!Ho ler heile vegen til Blokksberg. 

”Tusen takk for at du var her hjå meg” seier Tante til Hans.
Hans har budd hos tante dei siste dagane. Han har utsett alt anna. Berre vore der og trøysta Tante og leita etter Per. Og det er Tante enormt takksam for. Dessverre var det ikkje han, Hans, som blei helten. Han skulle gjerne likt det, å ha funnet Per sjølv. Hans har drøymt om det kvar natt. Sett føre seg at han kjem heim til Tante med ein sovande Per i armane og så blir Tante glad og kallar han for ein helt. Helten, Hans. Men, slik blei det ikkje. Og Hans er litt skuffa. Men mest glad. Per er i orden. Tante er glad. Og Hans er letta over at Tante er seg sjølv igjen, at ho endeleg smilar og ler, at ho er slik han kjenner henne. 

Hans burde skynde seg heim no. Nissefrøken og Påskeharen venta han heim for mange dagar si. Og det er kanskje akkurat derfor han ikkje vil heim. For Grete, Nissefrøken, ho har temperament utan likestykke. Og ho er i tillegg særs utålmodig. Om Hans kjenner henne rett, kjem han ikkje til å kome heim til ein varm mottaking. Han forventar å opne døra og bli angrepet av ein rekke flygande objekt. Ho kjem til å kaste all slags ting på han heilt til det ikkje finnst meir igjen å kaste på. Hans går mismodig laus på vegen heim. Han går omvegen, han går sakte, han somlar så godt han kan. Og då han omsider står utføre peparkakehuset sitt, er det langt på natt. Og då han listar seg så stilt han kan inn i huset er han letta over at alt er stille og at alle søv. 

TYSDAG – attande

Dagen for nye venskap

Tidleg tysdag morgon lister Nissefrøken seg på tå rundt i huset. Ho ser at Hans framleis ikkje er komen heim. Grevlingen og Påskeharen søv. Det er no ho har sjansen. No kan ikkje Hans stoppe henne. No går ho til heksa. Ho må leite ein stund i hagen før ho finner fram. Hagen er stor, midt i Skogen, omringa av plantar, tre og buskas. Utan Hans sine smular i graset ville ho aldri funnet fram til buret.

Inni buret sitter Heksa. Der har ho har såte heilt sida Hans og Nissemor (som den gong heit Grete) fanga ho for mange år tilbake. Ho skal få smake si eiga medisin! Tenkte dei den gong. Og så låste dei buret og flytta inn i huset hennar. Og budde der saman, lenge. Dei skulle bu der i alle sine dagar. Og det gjorde dei – heilt til Grete blei forelska i den raudkledde mannen som dukka opp kvar desember. Og så, til slutt, blei ho med han til Nordpolen for å bli Nissefrøken.

”Jaha ja, ja …sjå der! Er det du som kjem?”
”Hei” seier Nissefrøken, forsiktig. 
Ho er litt redd heksa, endå ho sit fanga bak lås og slå.
”Ikkje berre stå der då, gje meg i dag mitt daglege brød!” ropar heksa.
”Brød…? Eg har ikkje med meg noko… eg… du må…”
”Kvar tysdag og fredag kjem bror din med brød til meg. Men det veit vel ikkje du, du som bare stakk av. Din svikar!”
”Men… Det var du som starta! Du fanga oss. Du… du sa du skulle ete oss!”
”Det var berre noko eg sa. Eg bur, nei eg budde, dykk har jo stålet huset mitt… eg budde i eit peparkakehus. Kvifor i alle dagar skulle eg då ville ete to spinkle menneskebarn? Nei fysj…!”
”Det var uansett dårleg gjort! Eg blei traumatisert for livet” seier Nissefrøken, som er litt mindre redd no. Mindre redd og heller litt sint. 
”Og Hans og … han er enno prega. Han legger framleis ut smular kvar gong han er ute å går. Så redd er han!” fortsetter ho.

Heksa seier ingenting. Ho har kryssa armane framføre seg. Ho er også sint. Sjølvsagt er ho sint, for her sit ho fanga i eit bur i sin eigen hage! Berre fordi ho – ein gong for mange mange mange mange år sida – forsøkte å koke seg litt suppe. Ei suppe, som tilfeldigvis, hadde Hans og Grete som hovudingrediensar. Nissefrøken sukkar. Roer seg ned. Ho tenker. Og tenker. Og skjønner at dersom ho vil ha hjelp av Heksa, så må dei bli vener. 

”Eg skal finne brød til deg…”
”Nei, det kan være det same. Eg trur ikkje eg tåler gluten så godt.”
”Å … Ok. Noko anna då?”
Heksa blir mållaus. Aldri før har nokon spurt henne om kva HO VIL. Og no, no når ho kan be om kva som helst, ja då kjem ho ikkje på noko som helst å be om. Men ho er livredd for å la sjansen gå forbi.

”Eg… alt. Eg vil ha alt!”
”Alt?”
”Eg må tenke litt på saka – det er så lenge si eg har kunne velje meg noko og då vil eg ikkje velje feil.”
”Mens du tenker kan du hjelpe meg med ei sak…” seier Nissefrøken forsiktig. 
”Aha! Så du kom berre for å bruke meg! Du bryr deg ikkje, du er bare ute etter magien min. Kvifor i alle dagar skulle eg hjelpe deg?”
”For… elles blir det ikkje jul!”
”Eg er ei heks, eg feirar ikkje jul.”
”Men … kva om du óg kunne ferie jul? Ville du hjelpe meg då?”
Heksa senker armane, klør seg på vorta på den krokete nasen, tenker seg godt og lenge om.
”Får eg julegåve då?”
”Ja, sjølvsagt!”
Heksa har aldri gått julegåve før. Ikkje ein gåva av noko slag, faktisk.
”Så – dersom eg hjelper deg, så skal du fikse det slik at eg får julegåve?”
”Ja” seier Nissefrøken. 
”Og kva vil du at eg skal gjere?”
”Eg må til Nordpolen, men bilen funkar ikkje…”
”Eg er ei heks. Ikkje ein mekanikar!” skriker heksa, fly forbanna. For no hadde ho jo alt begynt å glede seg til jul og gåver… men å fikse bil… herreminheksehatt, det er då ikkje noko ho kan!
”Nei … men eg trudde kanskje du kunne trylle.”
”Sjølvsagt kan eg trylle. Eg er, som sagt, ei heks.”
”Kan du trylle bilen bra?”
”Kanskje.”
”Forsøk då, ver så snill.”
”Er det ikkje enklare om eg berre tryllar deg til Nordpolen?”
”Å ja, ja! Kan du det då?!”
”Vel … Kor er tryllestava min?”
”Vi brann han opp …”
”Ja, ja … der kan du sjå. Dette er det man kallar karma; no står du her og treng meg og stava mi – men meg har du fanga og stava har du brent opp! Då kan du berre ha det så godt. Du har deg sjølv å takke.”
”Det var ikkje berre meg… Hans og …”
”Endå verre. Dykk var to mot ein!”
”Du forsøkte å ete oss!”

Dei teier, begge to. Blir ståande på kvar si side av buret og stirre på kvarandre. Nissefrøken veit ho må roe seg ned, ho må ha heksa si hjelp.

”Julegåve… du vil vel ha julegåve?” seier ho forsiktig, lokkande.
”Jau … det ville vore fint, det” seier heksa, draumande.
”Korleis kan du få meg til Nordpolen?”
”Eg kan lage ny tryllestav – men då må sleppe meg ut.”
”Nei… det tør eg ikkje.”
”Nei vel. Då så.”
”Julegåve…?” seier Nissefrøken, med si mest lokkande røyst.
”Eg tryllar deg til Nordpolen, du skaffar meg gåve…” Heksa snakkar til seg sjølv, tenkar, mumlar, leggar hekseplanar. 
”Ok” seier ho så, ”men då må du skaffe meg det eg treng.”
”Kva skal eg gjere?” spør Nissefrøken, som no er gira og ivrig. Endeleg ei løysing! No blir det jul!
”Eg trenger ein kvist. Og så må eg gjere kvisten blir magisk. Eg må koke pinnen i heksebrygg slik at ho blir til ein tryllestav.”
”Eg skal hente alt du treng” seier Nissefrøken. 
Heksa ramsar opp alle ingrediensane, og Nissefrøken hentar alt ho ber om. 
Raudvin, rosiner, sukker … ingefær, kanel, nellik … og ein pinne. 

”Kva gjer du her?!”
Per vaknar av ein sint røyst. Ein mann står og ser ned på han der han ligg på den harde madrassen på golvet i tunnelen. 
”Eg…eg søv. Eg sov. No er eg vaken … eg… Kor er eg?”

”Du er i heimen MIN. Dette er MIN tunnel!”
Mannen ser at Per blir redd, og så ser han at Per berre er ein liten gutunge.
”Eg meinte ikkje å skremme deg … men du kan jo ikkje berre bryte deg inn i heimen til folk å søve der du vil når du vil!”
”Det sto opent…”
”Sjølvsagt var det opent – har du nokon sinne forsøkt å låse ein tunnel!? Det går ikkje an å låse ein tunnel, din … din…” 
Men så hugsar mannen, nok ein gongm at Per berre ein gutunge. 
”Eg skal lage kaffi til oss…så fortel du meg alt.”

Mens Per drikk sitt livs første kopp kaffi, og forsøker å late som om det er kakao, forklarar han mannen alt som har skjedd. Om kalendergåvene som ikkje kom, og så plutseleg kom, om smulane utføre huset kvar måndag, om Tante og om Hans, at jula er juks og at alle lyger og at han er heilt åleine og redd og svolten og ikkje vil heim til alle løgnarane og ikkje vil vere åleine heller og han seier til og med at han ønskjer seg ein hund til jul, sjølv om nissen ikkje finst 

”… for det er berre eg og mor og vi er åleine i huset og ein kjæledyr ville vore så fint for Mor har Ingen Mann, og eit kjæledyr er iallfall betre enn ingenting og…” ”Eg skal følgje deg heim.”
”Kan eg ikkje bu her med deg?”
”Eg bur ikkje her.”
”Du sa jo … du sa eg hadde brote meg inn i din heim.”
”Tja, det sto jo opent…”
”Men…”
”Eg budde her, før. Eg og kompissen min, Knudsen. Vi budde her i mange år. Hadde eit band saman, laga musikk, men så har han funnet seg eit kvinnfolk og no skal dei gifte seg. Så han flytta. Og det var kjipt å bu åleine i ein tunnel. Så no ser eg etter ein ny stad og bu. Eg skal faktisk på visning i morgon.”

”Ok.””Eg kan følgje deg heimover då, når eg skal på visning. Først må eg pakke og leite. Du kan kanskje hjelpe meg?”
”Å pakke og leite?”
”Eg pakkar. Du leiter?”
”Etter kva?”
”Ein grevling. Han pleier å vere i taket, men eg trur han har stukke av mens eg har vore vekkreist.”

Seint denne kvelden er heksebrygget ferdig; Heksa skriker og hyler så høgt ho kan. Nissefrøken høyrer det ikkje. Men det gjer Påskeharen og dei store øyrene hans. Ho kyssar han farvel. Seier at ho skal være så kjapp ho kan, redde jula og komme tilbake. I mellomtida skal han berre slappe av og ete så mange Kvikk-Lunsj-vindaugskarmar han berre kan! For å gje han fred, tar ho med seg grevlingen.

I buret sitter Heksa. Ho har tatt pinnen ut av gryta og tørker av han på skjørtet sitt. Ho ser på han, snur og vender på pinnen, som no ikkje berre er ein pinne men ein magisk tryllestav. 
”Eg skulle no helst hatt den gode, gamle … men den sørga jo dykk for å øydelegge.”
”Ja, men …du… det var faktisk du som fanga oss. Du skulle ete oss, sa du!”
”Ja,ja,ja… la oss ikkje henge oss opp i fortida no igjen. Denne får duge” svarar Heksa mens ho vrir og vender på stava si. Vifter og rister på ho.  

”Skynd deg! Tryll meg til Nordpolen.”
”Jadå jaddå.”
Heksa kremter, reinskar stemma, gjer seg klar for å trylle
”Ok. Lukk augo” seier ho.
”Må eg lukke augo?”
”Ja, eg blir nervøs av at du ser på, det er så lenge sida eg har trylla… dykk har jo helde meg fanga i…”
”Ja, ja, vil skulle jo ikkje tenke på fortida. Sånn. No lukkar eg augo. Tryll meg til Nordpolen!”

Ho kremter igjen. 
”Ja…. Hm… korleis var no dette då… Ja ok, ein, to, tre: Sim-sala-bimm!”
Heksa vifter med tryllestava. Nissefrøken knip augo hardt igjen. Ingenting skjer.
”Eg trur du må seie Simsalabim, med ein M. Det er aldri to M-ar i sluten av eit ord” seier Nissefrøken, hjelpsamt.
”Hm … hysj på deg! Trolldom har ingenting med grammatikk å gjere. Lukk augo, sa eg!”
Nissefrøken lukkar både munn og augo. Ventar spent på å bli fortrylla.
”Sim-Salsa-Bim!” skrik heksa, og kviskrar stilt for seg sjølv; ”med ein m…”
Ingenting skjer. 
”Sesam sesam!” ropar ho.
Ingenting.
”Hokus Pokus!” 
”Kanskje du må seie hokus pokus filliokus?” foreslår nissefrøken.
”Ja. OK. Lukk augo, sa eg!”
”Sånn, dei er lukka.”

”Ok: altså … Hoksu Pokus…!” skrik heksa og veiver med stava.

Måndag – syttande desember

Lisa gjekk til skulen, tripp tripp tripp det sa. I den nye kjolen, trippa ho så glad. For kjolen er ny, lilla ullkjole. Nissen har vore gåvmild i år! Tenk det, ein kjole i kalendergåve! Ho gler seg til å vise kjolen til Per. Så ho trippar så glad så glad så glad. Men ut av huset til Per, kjem ingen Per. Og når ho ringer på er det ingen som opnar døra. Ho kikkar inn gjennom ruta. Mørkt. Har han gått utan ho? 
Heilt åleine og ganske skuffa, går Lisa til skulen. Og tripp, tripp, tripp, det seier. For under føtene hennar er det verken kvit snø eller brune smular. Og i den nye kjolen, er ho plutseleg litt mindre glad. Kor er Per? Og kor er julesnøen? Kor er peparkakesmulane som pleier ligge her kvar måndag?

Måndag morgon har Hans endå ikkje kome heim. Påskeharen har så vidt stått opp. Berre for å seie at han er for sjuk og må legge seg igjen. Nissefrøken går seg ein ny tenketur med grevlingen på slep. No hastar det. Det er berre ei veke igjen … og sjølve kjøreturen til Nordpolen vil ta minst to eller tre dagar. Herremittpåskeegg, kva skal eg gjere!?Kva har eg gjort? Eg har ikkje berre øydelagt jula. No har eg også gjort Påskeharen sjuk av stress.Tenk om eg øydelegg både jula og påska!?Hans er ikkje her. Han har tydelegvis ingen planer om å hjelpe henne. Påskeharen er sjuk. Kven andre kan ho be om hjelp? Heksa. Heksa er den einaste. Det siste håpet.

Nei. Vi skal ikkje ha hennar hjelp. Du veit jo korleis ho er. La henne sitje i buret sit og rotne. Eg stolar ikkje på henne og det burde ikkje du heller gjere … 

Inni hovudet sitt høyrer ho stemma til Hans. Ho har lova å halde seg unna … men… men… Jul. Påske. Påskeharen. Det er viktig! Det handlar ikkje berre om henne og mursteinen i magen. No handlar det også om påska. Og om Haren. Hennar kjæraste Påskehare som er sjuk og slapp og stressa og det er hennar skuld. Det óg. Alt er visst hennar skuld. Ho har øydelagt jula, ho har øydelagd helsa til Påskeharen, ho står til og med i fare for å øydelegge heile påska! Dersom Hans ikkje er heime innan i morgon, ja då … då må ho rett og slett gå til Heksa.

Då Per vaknar tek det lang tid før han skjønner kor han er. Han er ikkje heime. Han er ikkje hjå Tante heller. Han ser seg rundt, ser dei brune veggene som også er eit tak. Han er inni ein slags tunnel. Ja … no hugsar han. Men skjedde det? Det kjenst ut som ein draum, men no er han jo her, vaken, i ein tunnel. Då var det ikkje ein draum. Han følgde verkeleg smulane, gjekk seg vill, enda opp her. Men … Å nei … om dette er ekte, betyr det at det han såg heime også er ekte. Det betyr at Mor er ein løgnar. At det ikkje finst noko Nisse. At alt berre er oppspinn. At alle lurar han! Nei, nei, nei! Dette må være ein draum. Han klyper seg i armen. Han er her framleis. I denne tunnelen. Ja, ha… då skjedde det, altså. 

Og det som skjedde, som Per håpa at var ein draum, men som viser seg å være høgst reelt er følgjande:

Han fann smulane på gata. Han åt og gjekk og gjekk og åt. Og då han var mett hadde han gått så langt at han ikkje kjente seg igjen. Og sidan han hadde åte opp smulane, kunne han ikkje følgje dei tilbake heller. Han sto lenge der og såg seg rundt. Han var i ein slags skog. Og litt framføre seg var det eit digert hol i bakken. Som om noko hadde stått der og blitt røska ut. Restar av trerøtter stakk ut. Og så det blei kveldsmørkeret til nattemørke. Nesten heilt svart! Og det blei kaldt. Han gjekk jo framleis rundt i pysjen. Pysj og vinterjakke. Og han blei litt redd. Og endå kald. Og så endå reddare. For sjølv om han no var så mett at han ikkje kunne døy av svolt, så kom han til å døy av kulda. Og … dette syntes Per er litt flaut, men … han begynte altså å grine. For det var mørkt, det var kaldt, han gjekk rundt i pysj, og alle han kjenner er løgnarar … heile verda var så fæl at ingen gut i pysj og vinterfrakk ville klart seg utan å gråte litt. Og så kom dama og redda han. Ho var ute og lufta hunden sin, eller noko som likna ein hund iallfall. Det var ikkje så godt å sjå i mørkret. Per skreik til henne at ho måtte passe seg for holet. 

”Å! Du har redda livet mitt!” jubla ho.
Per sa ingenting.
”Korleis kan eg takke deg?”
”Eg er kald” sa Per.
”Ja, det er jo vinter” svara ho.
”Mhm…”
”Kva gjer du her åleine?”

Per tenkte seg om … for han lurte også litt på det; kva gjer eg eigentleg her?
”Eg går tur”
”Åleine?”
”Ja…”
”Og kor skal du, då?”
”Ingen stad – eg måtte ha meg ein tenketur.”
”Og no har du tenkt ferdig?”
”Nei”
”Men du er kald?”
”Ja”
”Og sliten?”
”Ja.”
”Men ikkje ferdig på tenketur?”
”Nei.”
”Ok.”
”Mhm.”
Ho skal til å gå vidare. Per er desperat no. Så han roper etter henne.
”Vent!”
”Ja?”
”Du sa … du spurde korleis du kunne takke meg.”
”Ja! Korleis kan eg takke deg?”
”Eg treng ein plass og sove…”

Då byrja ho berre å gå sin veg! Som om ho ville bli kvitt han. 
”Vær så snill…!”
Ho stoppa ikkje. Men det gjorde hunden, eller bjørnen, eller kva enn det var ho gjekk på tur med. Dyret bråstoppa, snudde, og drog i snora og gjekk mot Per. Per skvatt unna. Rygga bakover. Det likna ikkje stort på ein hund likevel. 
”Ikkje være redd, han er ikkje farleg! Han har nemleg ein song, og derfor er han snill, og dessutan tek eg han med meg heim igjen for han har blitt så glad i kjærasten min.”
”Eg ønskjer meg hund til jul” sa Per.
”Då hopar eg du får det” svara ho.

Så var dei stille ein stund mens Per fekk klappe litt på dyret. 

”Eg skulle gjerne hjulpet deg altså, men eg har det travelt, eg skal ut å reise… Og dessutan er huset eg bur i fylt av sjukdom. Kjærasten min … snue, snott, snørr, raude augo og gudane veit kva som ikkje feilar han… du ville berre blitt smitta.”
”Å … ok” sa Per og kjente at han blei redd igjen. Han var så trøytt og så kald!
”krfksjkt! krfksjkt!” sa det rare dyret.
”Å ja!” ropte dama, som om dyret hadde fortalt henne noko.
”Ja, det var ein god idé! Eg veit om ein plass som ikkje er så langt her i frå! Eg og kjærasten min overnatta der for ikkje så lenge si. Det er litt skittent og enormt rotete, men… det er iallfall varmt. Kom, det er denne vegen!”

Og så enda han opp her. Ho følgde han til tunnelen. Sa god natt, og forsvann. Per klyper seg endå ein gong i armen. 

Tante sit åleine i stova. Ho er redd. Og trist. Hans kjem inn til henne, og ho føler seg litt betre. Berre litt. 
”Fann du han?”
”Nei … beklagar.”
”Ingen spor? Ingen teikn??”
”Nei!”
Dei ser på kvarandre. Rådlause. Redde. Kor er Per?
”Og du er sikker på at han er ikkje der heime?” spør Hans.
”Han er ikkje der! Eg har sjekka fleire gonger. Han er vekke!”
”Har du fortalt det til Mor?” spør Hans.
”Nei … ikkje endå.”
”Veit ikkje Mor at Per er vekke?”
”Nei … Heldigvis! Takk og lov! Eg fekk ein melding av ho no nettopp. Ho har vunne ein ferietur til Syden. Og Per skal vere her til ho kjem heim att.”
”Så flaks!” seier Hans.
”Flaks!?”
”ja, sidan du har mista Per …”
”Eg har ikkje MISTA Per!”
”Han er jo ikkje her og du veit ikkje kor han er…”
”Å Hans … nokre gonger skulle eg ønskje du ikkje hadde rett heile tida.”Hans skulle vore heime no. Lova jo Grete å fikse bilen. Men dette er viktigare. Per er forsvunnen! Og Tante trenger han. Tante og Hans. Dei to i lag. Som ekte kjærastar! Han skal finne Per. Han skal redde Per. Vise Tante at han er ein skikkeleg bra fyr. Ja. Det skal han! Han skal bli ein helt.

”No blir du her heime, og så går eg ut og leitar litt til!”
”Å, takk, Hans. Kva skulle eg gjort utan deg?”

SUNDAG – sekstande desember

Løgn og bedrag. Draum og fantasi.

Per vaknar lenge før tante. Og sjølv om sofaen er herleg og mjuk, og han ligg innpakka i Tantes finaste jule-sengetøy, og sjølv om TV-en viser ein kjekk film, og sjølv om det står rester etter laurdagens godterier på bordet … trass i alt dette, klarar ikkje Per å bli liggande denne morgonen. For det er advent. Og pakkekalendertid. Og han måtte klare seg utan pakke i går… og no er han i ferd med å sprekke av forventing!

Ute har det begynt å bli lyst. Morgonen er her. Det er ikkje så langt å gå frå tante og heim. Han kan gjere det no, med ein gong, og vere tilbake før tante står opp. Jo, det vil han gjere. Og om han har fått godteri i kalenderen så skal han dele alt med Tante og Hans når dei har adventskos i kveld. I tilfelle Tante vaknar mens han er vekke, legger Per igjen ein lapp. Han lagar ein teikning med to hus. Tante sitt og Per og Mor sitt. Inni huset som er Per og Mor sitt teiknar han ein pakke. Og så, til slutt, lagar han ein pil som peiker frå Tante sitt hus til Per og Mor sitt hus. Teikninga blir faktisk ganske så fin! 

Framme i Konglevegen 2, låsar Per seg inn, går bort til kalenderen. Han ser tom ut. Per skrur på lyset for å granske kalenderen skikkeleg. Men nei … Han river i snora, leitar på golvet, under dørmatta. Ingenting! Han har jo vore så snill. Så ser han noko merkeleg. På golvet. Mange bitte små avtrykk, fotspor av eit slag. Små føter, kan det sjå det ut som. Har Mor ha skaffa han eit kjæledyr!? Og så har kjæledyret åte opp kalendergåvene? Slik må det være! Ja, mor har kjøpt katt eller kanin eller hamster eller mus og så har katta eller kaninen eller hamsteren eller musa rømt frå buret sitt. Per følgjer etter dei merkelege spora. Kan ikkje ha eit dyr springande rundt i huset. Han skal fange det, finne buret Mor må ha gøymd ein plass, og låse dyret inn. Og så skal han late som om han ikkje veit noko om dette, slik at Mor trur han blir overraska på ekte. 

Per følgjer fotspora opp trappa og inn på Mor sitt soverom. Der går spora vidare, frå døra og fram til nattbordet. Så er det ikkje noko meir. Spora er sporlaust forsvunne. Per kikkar under senga. Ingen spor. Ingen dyr. Berre ei og anna hybelkanin … Og det er ikkje noko ordentleg kjæledyr. Men så, midt i støvet ser han noko som skin, noko glansfult og julete. Pynt? Julepynt? Kvifor har Mor julepynt under senga der ingen kan sjå det? Men det er ikkje pynt. Det er gåvepapir. Innpakningspapir. Og ikkje berre gåvepapir; det er heilt likt papiret på kalendergåvene! Her, under Mor si seng. Gåvepapir. Mor har lurt Per! Og det er derfor det ikkje er nokre gåver der no. Ingen Mor. Ingen gåver. Veit Tante óg om dette? Er ho med på leiken? Hans også? Lurar dei han alle saman? 

Per springer ned trappa, ut av huset. Han går og går og går i gatene. Lenge lenge lenge. 

I dag skal Nissefrøken fortelle alt, eller kanskje berre litt. Ho har tenkt i heile natt på kva ho skal seie. Ho skal fortelle at bilen er øydelagt, og så skal ho be Hans om å fikse bilen, eller endå betre – kanskje kan Nissefrøken låne Hans si bil. Då kan ho reise alt i dag. Ja, det skal ho gjere. Seie at ho må låne bilen. Ho trenger jo ikkje seie kvaho skal bruke bilen til! Nissefrøken står opp endå tidligare enn i går. Ho skal lage ekstra god frukost til Hans. Alt han likar. Stelle i stand. Og så, når han er god og mett og glad – då skal ho spørje om hjelp. 

Ho lister seg så stilt ho kan for ikkje å vekke Påskeharen. Ho lukkar soveromsdøra forsiktig. Så snur ho seg for å gå ti kjøkenet. Og så får ho sjå Hans. Han er alt vaken. Og han er på veg ut av huset. 

”Vent! Kor skal du?”
”Eg må dra. Sundag … Eg har ein slags avtale.”
”Men … du… vent litt, eg … bilen…”
”Beklagar søs, men dette er viktig.”

”Det er dette óg – bilen min – eg skulle nok ha sagt det i går…”
”Eg må gå. NO.”
”Bilen min vil ikkje starte. Du må hjelpe meg. Vær så snill!”
”Selvfølgel…”
”Å tusen takk! Eg visste eg kunne stole på deg, min alle beste bror!”
”Men det må bli seinare, som sagt har eg det litt travelt.”
”Det har eg og… eg må ha bilen no!”
”Vi får ta det i sidan, eg må gå. NO.”
”Kan eg låne din bil?”
”Nei, den har eg ikkje lenger.”
”Har du ikkje bil?!”
”Nei – vi lever i 2018, ein skal tenke på miljø no. Og på økonomi. Bompengar. Co2. Eksos. Kreft. Skattar. Moms. Toll. Gift. Svindel. Donald Tru…”
”Kva har svindel med saka å gjere?” avbryter Nissefrøken.
”Nei … eg veit ikkje, eg ramsa no berre opp alt som er feil i verda… blei vel litt riven med kanskje.”
”Men Hans… eg må ha bil… det er viktig.”
”Eg skal sjå på bilen din i morgon.”
”Men Hans…”
”Men Grete …”

I mellomtida har Påskeharen vakna. Han har stappa potane så langt han kan inn i øyrene. Orkar ikkje lytte meir til Hans og Nissefrøken som kranglar. Det hjelper ikkje. Harar har så store øyrar og så altfor små potar. Øyrene høyrer alt. Han pustar. Og pustar endå meir. Framleis utan magen. Longepust. No må eg slappe av, tenkar han, og blir endå meir stressa. Herregud, egga mine!Om ikkje Nissefrøken får redde jula snart, blir også påska øydelagd. For dette stresset, det tåler eg ikkje stor meir av! 

Påskeharen føler seg fanga på rommet. Han saknar hola si. Her er det ingen fred å få. Ute i stova er det krangling. Og på soverommet står den pokkers grevlingen og sleiker han i trynet så snart han legg seg ned for å sove. Mas og stress og uro og sikl og spytt .! Stress og støy overalt. Ingen fred å få! Grevling på soverommet. Syskenkrangel i stova. Stress stress  stress stress stress stress og stress på alle kantar. Og dette er ein sterkare stress enn før. Han kjenner det over alt no. Pelsen klør, nasen er tett, halsen svir, det brenner bak augo. Han legg seg ned på ryggen i den nye senga (som heldigvis laga av lakris, noko Påskeharen ikkje kan fordra og dermed ikkje blir freista til å ete opp). Han lukkar augo. Pustar med longane. Og grevlingen sleiker. Og syknene kranglar. 

”Ok – berre gå du! Eg kan spørje heksa om hjelp.”
”Nei!” 
”Men … ” 
” Ikkje vær så sur då, eg skal jo fikse bilen din når eg er heime igjen.”
”Men det er ikkje tid! Det er berre åtte dagar igjen ti…” 
”Til kva då?”
Jula! Jula eg har øydelagt… Jula eg må redde.
”Nei … ingenting.”

Så blir det stilt. I heile huset. Alle har sitt å tenke på:
– Grevlingen ser forundra på Påskeharen som no står i Downward Facing Dog-positur på golvet.
– Påskeharen forsøker å fokusere på pust og kropp og sjel, og ikkje på kløen og svien og alt som er vondt. 
– Nissefrøken stirrar på bror sin som strevar med å knyte slipset. Ho lurar frykteleg på kva han skal, kva som er så viktig, på ein sundag av alle dagar. Men ho kan ikkje spørje, for då vil sikkert også han spørje henne om kva som hastar, kvifor det er så viktig å få bilen i orden. Og ho vil ikkje ljuge. Og ho vil heller ikkje fortelle om jula og alt kaoset … Så ho seier ingenting. Ser berre på at han fiklar og fomlar med slipsknuta. Nektar å hjelpe. Hopar han skal gje opp og bli heime.
– Og Hans – ja, han lurar veldig på kvifor det hastar slik med bilen, men han vil ikkje spørje. For han vil ikkje vite svaret, han er redd ho skal reise vekk igjen. For alltid, denne gong. Dessutan er han redd for at dersom han spør, vil ho også spørje. Ho vil kreve å få vite kor han skal. Og det kan han ikkje fortelle. Tante er hemmeleg. Livet til Hans i den delen av verda er hemmeleg. Hans har blitt frykteleg glad i Tante, og dersom ho blir frykteleg glad i Hans, må han til slutt velje om han skal bu i Det Fjerne Land i lag med henne, eller om han skal fortsette å bu her i Peparkakehuset. Og korleis kan han vere sint på Nissefrøken fordi ho kanskje skal reise sin veg igjen når han har planar om det same? Så han teier. Vil ikkje vite at ho planlegger å dra. Vil ikkje fortelle at han planlegger det same. 

”God tur, då” seier ho.
”Takk…” seier han.
”Og du, lov meg at du held deg unna heksa! Ho er ei HEKS. Ho er ikkje til å stole på.”
Nissefrøken svarar ikkje. Ho har ikkje tenkt tanken før no. Heksa kan hjelpe! Det var jo skikkeleg smart!
”Lov meg det!”

Nissefrøken ser ned på treskoa sine. Og så kikkar ho opp i taket. Hopar han oppfattar det som eit nikk. Så slepp ho å ljuge. Det er han som mistolkar kroppsspråket. Eg nikkar ikkje, eg ser på golvet, og så ser eg litt på taket.
”Lov meg at du ikkje snakkar med heksa!”

”Ok, ok, ok…!” seier ho, mens ho kikkar ned i golvet igjen. Og så opp i taket. Og på ryggen har ho kryssa alle sine åtte fingrar.

Hans forsvinner ut døra for å gjere kva enn det no er som er viktigare enn henne, ho, hans einaste og bestaste syster. Og ho står einsam igjen og kjenner jula kome nærmare og nærmare utan å kunne gjere noko med det. Ho går inn til Påskeharen som sit på golvet med bein og armar i ein floke.
 
”Eg sit fast…!”
”I kva då?”
”I meg sjølv … eg skulle berre gjere yoga og no trur eg jaggu eg har rota saman kunnskapane mine…”
”Dette er ikkje yoga, du har jo laga flagstikk-knute på deg sjølv…”

”Eg er så stressa og så trøytt … eg klarar ikkje hugse ting! Alt går i eitt; yoga, maritime fag, historie … Stresset er i ferd med å øydelegge meg”

 Nissefrøken ser at han er på veg til å bli skikkeleg sjuk. Ho knyt han opp, legger han i den nye senga, kosar litt med han og gjer han sovemedisin. Så tek ho med seg grevlingen ut på tur så Påskeharen kan få sove i fred, utan den fæle sleikinga. Lang lang tur. Ho tenker best når ho går.

På Nordpolen er det kaos. Men bra kaos. Julestemning. Alle arbeidar på spreng. Alle synger julesongar. Det luktar av julekakar. I pipa renner ønskekonglane inn. Og overalt kimar det i gåvepapir og silkeband. Mor står på kjøkenet. I omnen står ein ny ladning peparkakar. Og på komfyren putrer risgrauten. Ho kosar seg, nyter den magiske stemninga. Men …  ho syntes denne draumen byrjar blir ganske lang. Kor lenge skal ho sove? 

”Kva dag er det i dag?” spør ho ei av assistent-alvane, som står ved sida av og lagar karamellar.
”Åtte dagar igjen til jul.”
”Kva dag?”
”Dag? Kven er det?”
”Dag … som i måndag, tysdag, onsdag og så vidare.”
”Dag … Nei, slikt har vi ikkje her.”
”Korleis veit du kva dag det er då?”
”Kvifor skal vi vite kva dag det er når vi ikkje har dagar?”

Mor gjer opp. Heldigvis kjem Sjefsalven inn på kjøkenet og ho spør heller han.
”Kva dag er det?”
”Sundag.”
”Herregud! No må eg snart vakne! Eg skulle jo vore på jobb! Og tenk om eg søv heilt til måndag og så kjem Per heim til tomt hus og blir redd? Men … eg drøymer… dette er ein draum. Eg kan ikkje vere vekke når eg ligger i senga mi og drøymer…”
”Kva bablar du om, Mor? Du er då høgst vaken!”
”Seier du at eg er vaken?”
”Sjølvsagt er du vaken – eg hadde då aldri tillat ein søvngjengar på kjøkenet. Du kunne jo brent opp heile Nordpolen.”
”Men… dette…ikkje ekte. Du finst ikkje! Du er jo ein alv … eg, nei.. dette er ein draum.”
”Har du tatt draumetesten?”
”Ja, mange gonger.”
”Få sjå.”
”Hæ?”
”Ja, klyp deg i armen.”
Mor klyp seg i armen.
”Sånn. Ser du. Framleis her.”
”Sjølvsagt er du her, det var jo det eg sa. Dette er ikkje ein draum!”
”Men…”
”Så, så, Nissemor. Eg skal fly deg heim så snart jula er ferdig.”
”Ferdig?! Eg har ein son. Eg må heim til han. Eg må vaske huset og bære ved og sette opp fugleband og pynte tre!”
”Dess fortare du arbeidar, dess fortare blir alt klart og jo kjappare kan eg fly deg heim.”

Mor er så oppskaka at ho nesten griner.
”Kva er det med deg, Mor?” spør Nissen då han kjem inn på kjøkkenet for å ete. 
”Eg er så uroleg!” 
”Så så! Ho-ho-ho!” seier han, og kjenner at han for første gong på lenge kan seie Hohoho utan at det gjer vondt i sjela. Jo visst blir det jul!
”Mor! Høyrte du det!? Eg sa Ho-ho-ho! No treng du ikkje være uroleg. Når eg Ho-ho-ho-ar betyr det at jula er på veg. Det blir jul! Og det er takket været deg!”
”Det er ikkje jula eg er uro over” seier Mor.
”Du treng ikkje uroe deg for meg – for sidan du kom hit har eg vore så glad så glad! Og eg vil at du óg skal vere glad, for …” Nissen tek ein pause, kremtar, reinskar halsen og gjer klar songstemma: for på julekvelden da skal alle vere glad! Heisann og Hoppsann…” 

Men Mor smilar ikkje. Nissen trur alt handlar om jul. Og at alt som ikkje handlar om jul handlar om Julenissen. Han skjøner ingenting!
”Kva kan eg gjere for at du skal bli glad?”
”Har dykk mobiltelefonar her?”
”Sjølvsagt … vi lagar jo julegåver av alle slag! Dei unge i dag…ynskjer seg berre tekn…”
”Då vil eg låne ein telefon” avbryter Mor. ”Eg veit jo at dette berre er ein draum, men det kjenst så ekte … og draumen kjem til å bli eit mareritt om eg ikkje veit at Per og Tante har det bra, at dei ikkje saknar meg… sjølv om det berre er ei draum…”
”Ein draum!? Kor har du det i frå?” spør Nissen. 
Mor sukkar. 
”Om dette ikkje er ein draum … då MÅ eg få låne ein telefon. NO.”
”Og då blir du glad?”
”Litt, kanskje.”
Nissen ropar på ein av assistent-alvane, kviskrar noko i øyret på han. Så eter grauten sin, seier eit par Ho-ho-ho-ar til. Og så straks er grautskåla tom, er assistenten tilbake med ei lita eske i hendene. 
Nissen tek i mot eska, og gjer ho til Mor.
”Sånn! No blir du vel glad.”

Mor tek i mot ein splitter ny iPhone-93i59-X-modell. Strever ein stund med å finne ut kva ho skal skrive. Ho vil ikkje uroe Tante og Per. Og ho kan jo ikkje seie at ho skriv SMS frå draumeland …! Eller frå Nordpolen! Det vil dei aldri tru på. 

Per blir til slutt så sliten og svolten og kald at han drar tilbake til Tante. Men … då han kjem fram er han framleis for sint til å gå inn. Han står ute i den mørke gata og ser inn gjennom ruta, ser på Tante og Hans som sit i stova og smilar og ler … Løgnarar begge to! Han vil ikkje inn til dei! På bakken ser han ein smule. Og endå ein. Han plukkar opp den eine. Legger den i munnen. Finner ein til. Slukar den og. Og endå ein. Og ein til. Smule etter smule. Ein etter ein, etter ein etter ein, etter  … heilt til han har åte så mange smular og gått så lang at han ikkje lenger veit kor han er. Heldigvis er han iallfall ikkje svolten lengre.


LAURDAG – femtande desember

Dagen då ingen vakna i si eiga seng …

Nissefrøken vaknar på golvet. Senga ho la seg i har forsvunne. Borte vekk. Påskeharen må ha åte ho opp i løpet av natta. Han er så søt! Like søt som alle godteriene han stadig eter på. Det er visst sant det dei seier; man blir det man eter! Søt søt søt! Ho kyssar han på panna. Og på snuten og på munnen og på kinna og på haka. Så lister ho seg ut av soverommet. Ho skal lage frukost og kaffi. Overraske Hans. Gjere Hans glad. Ho er så glad i bror sin! Og så glad for at han ikkje lenger er sint. Han blei glad for å sjå henne. Så glad at ho hopar han har gløymt kor sint han ein gong var. Ååå – som ho har sakna han, bror sin, den beste og einaste broren ho har. Ingen av dei har nemnt krangelen, ingen har sagt noko om Nissen og Nordpolen. Ho vil så gjerne at den gode stemninga skal vare, og derfor bestemmer ho seg for å vente litt til før ho seier noko om kvifor ho har kome hit. I morgon kan ho seie det. Eller dagen etter det. Vente litt, berre littebittelitegranne. 

Vente til dei er så gode vener at ingenting kan øydelegge relasjonen. Og då, då skal ho fortelle. Om Nissen ho har slått opp med, om jula ho har øydelagt, og om den vonde magen. Og han skal syntes synd på henne, så synd på henne at då ho tryglar han om å fikse bilen, ja, då kjem han ikkje til å kunne seie nei. 

Hans, du må fikse bilen. Og så skal eg fikse jula.Det skal ho seie – i morgon. I dag skal dei berre vere vener. Bestevener, ho og Hans. Hans og Grete. I morgon. I morgon skal eg fortelle alt. I dag skal vi berre vere vener og sysken. Ein dag frå eller til kan vel ikkje vere så farleg.

Påskeharen vaknar også på golvet. Han har vondt. I magen. Og i kroppen. I kroppen fordi han har søve på golvet. I magen fordi han, kanskje, sannsynlegvis, åt litt for mykje godteri i natt. Han vakna og var svolten. Så enormt svolten at han ikkje fekk sove igjen. Han skulle berre ha bitte-litt av sukkerspinn-madrassen. Men … det var så godt at han åt opp heile. Og så ville han berre smake litt på senga, ein marsipanseng! Og den var også god. Så god at … ja… jau… han åt jaggu opp heile senga óg! Berre Nissefrøken si marshmallows-pute overlevde natta. Og no har han vondt. I magen. Og kroppen. Han blir liggande på golvet og forsøke å slappe av, for han kjenner at kroppen har fått litt stress i seg. Og det einaste som hjelper mot stress, er å slappe av. Han tenker på reisa han hadde til Spania og forsøker å hugse alt han lærte om stressmeistring den gong. Puste inn og ut. Puste djupt. Puste med magen.

Han lukkar augo. Han pustar. Men får det ikkje heilt til. Uansett kor hardt han forsøker å puste med magen, så er det berre longane hans som gjer jobben. Men han gjer seg ikkje, å nei då, Påskeharen er ingen plingle. Han blir liggande på golvet med verkande kropp og med augo hardt knepet igjen mens han stadig vekk forsøker å få den mette magen til å puste. Og sjølv om magen nektar å puste, kjenner Påskeharen seg fort litt betre. Og endå betre blir det då han kjenner at ansiktet blir bløtt. Han smiler. For han trur det er Nissefrøken som kyssar han. Så opnar han augo og ser rett inn i eit hårete beist.

Mor vaknar på eit saueskinn framføre ein peis. Det er lunt og varmt. Saueskinnet er godt og mjukt. Ho ser seg rundt. Lurar eit lite augeblink på om ho har reist til hytta og gløymt at ho har gjort det? Noko stemmer ikkje. Ho har ein kjensle i kroppen, i magen, av at ho har gløymt noko. Saueskinnet er godt og varmt. Kroppen roleg. Augo så tunge så tunge så tunge og draumen er så god at ho gjer blanke Fa…falafell i det ho kanskje har gløymt. Ho let augo falle igjen og søv vidare i den gode, lune varmen framføre ein peis med lilla flammar. 

Slik ligg ho lenge denne laurdagen. Søv. Draumar. Vaknar. Draumar. Igjen og igjen og igjen. Så kjenner ho nokon prikke henne på skuldra.
”Per?” 
Ho opnar opp dei tunge augo. Ein liten mann står og ser ned på henne. 
”Per…?”
Men det er ikkje Per. Denne mannen har skjegg. Og store øyrer. Og ho kjenner han, det er den same mannen som i draumen ho hadde i natt. Søv eg enno? Er dette framleis ein draum? Ho klyper seg i armen. Vaknar ikkje. Klyper seg i låret. Og ho er endå her, på eit saueskinn framføre ein glødande varm peis. Ja, jo. Visst gjer eg det. Vekkarklokka har endå ikkje ringt. Berre ein draum.

”No må du stå opp” seier Alven.”Men…”
”Du må lage graut!” seier han, men si strengaste røyst.
Og så seier han fort, for å vere vennleg ”Vær så snill…”
Mor kjenner at magen hennar gjerne skulle hatt litt graut. Og vekkarklokka har jo framleis ikkje ringt. Så kvifor ikkje? 

Ho strekker på kroppen, geispar, og kjenner seg brått ganske vaken og pigg. Jaggu har ho sove godt! Ja, så godt at ho trur ho framleis draumar. Ho reiser seg opp og følgjer etter Sjefsalven til kjøkenet. Då dei går ut av stova slutar det å brenne i peisen. Dei lilla flammene sloknar. Det raslar i pipa. Mor snur seg på veg ut, og ser ei kongle lande der elda nettopp forsvann. Så endå ei. Og ei til. Og snart raslar det i pipa, og ein flom konglar kjem fykande ned. 
”Skund deg – du ser jo kor travelt dette kjem til å bli!” seier den vesle mannen, og peiker på peisen. Mens Mor og litle-mann går ut av stova , kjem eit lass av små arbeidaralvar springande inn. Dei har med seg trillebårar som dei fyller med kongler og køyrer vidare inn til Nissen. 

Hadde det ikkje vore for at Mor er Mor og ikkje Nissefrøken, og at Nissen framleis daffar rundt i grilldress, ville det sett ut som om alt var som normalt på Nordpolen. Som om jula var på veg som alltid. For konglane kjem ramlande inn, arbeidarane arbeidar, snart luktar det graut, og Nissen sit der han skal sitte på laurdagar og alle andre dagar i desember: bak skrivebordet. Klar til å lese alle dei snille bornas ønskje. Ikkje fordi han vil. Men fordi Sjefsalven har lova han ein munnfull med graut per kongle han tek seg av. 

Per vaknar ikkje på eit saueskinn, men i sofaen i stova til tante. Ho har redd fint opp til han med det finaste sengetøyet – det med Rudolf på. Tante søv endå. Og Per smilar. Dette er den beste delen med å sove hos tante – han får ligge på sofaen i stova og kan skru TV på utan ein gong å måtte reise seg opp! Og så kan han ligge der, under dyna og sjå TV heilt til tante vaknar, og det … det kan ta tid det! Så kjem han på ein ting som gjer alt endå betre – det er jo advent! Pakkekalender! I gangen finner han ingen kalender, ingen gåver. Han har gløymt å ta med seg kalenderen. Ja, ja. Då blir det to i morgon, då.  Og her hos tante har han det så bra at han, når han tenker seg om, faktisk klarar å vente.


Kor mykje graut kjem Nissen til å få?

Kjem Hans til å fikse bilen?

får Per to pakkar i morgon?

FREDAG – fjortande desember

Morgontripping. Kvikk-Lunsj-karm. Og eit uventa PANG …

Då Per vaknar er huset heilt stilt. Det er ikkje før han ser baggen sin i gangen at han hugsar det. Ferdigpakka og klar for ein helg hjå Tante. For i dag er det fredag. Fredag nummer to i desember, og då arbeider Mor kveldsskift på sjukehuset. Ho trenger å sove litt ekstra før ho drar. Så Per fiksar frukosten sin sjølv, utan å grise med kanel – for ja, det er ikkje mogleg å grise med noko man ikkje har. Og han er i godt humor denne morgonen. Han gler seg alltid til å desse helgene med Tante. Det er ein slags ferie utan at det er ferie. Han får sove på sofaen og når han vaknar kan han ligge og sjå på film heilt til ho står opp, og skapa på kjøkkenet hennar er alltid fulle av godterier. ”Eg elskar å skjemme deg ut!” seier Tante støtt. Og det må Per seie seg einig i. Han likar også at ho skjemmer han ut. 

Han opnar kalendergåva si mens han ventar på at Lisa skal kome trippande. Ei lue! Perfekt. Med den nye lua på hovudet, skulesekken på ryggen, og tante-baggen over skuldra går han og finner ei trippande glad Lisa. 

Sola er på veg ned då dei får auge på ei peparkake-pipe som stikker opp litt framføre seg. Månen er på veg opp. Stjernene skal snart bli til bilete på himmelen. Dei har vore på reisefot –nei, reiseføter og reisepotar – i fem dagar og fire netter og no er dei endeleg framme. Nissefrøken stoppar opp ved døra. Blir ståande heilt stilt og berre stirre.
 
”Er det låst?” spør Påskeharen
”Nei, det er jo ei peparkake-dør. Ho har ikkje noko lås.”
”Skal vi ikkje gå inn?”
”Njau…jo” mumlar Nissefrøken
”Då bankar eg på, då” seier Påskeharen og løfter labben.
”NEI!” ropar ho, og stiller seg opp framføre døra.
Han ser på henne ein stund. Ho set seg ned på sukkerspinn-dørmatta framføre døra. 
”Vi krangla sist vi snakka, Hans og eg… Han ville ikkje at eg skulle dra min veg. Han meiner eg høyrer til her og ikkje saman med Nissen på Nordpolen. Og no kjem eg tilbake, utan Nissen, og kanskje trur han at eg har kome heim igjen for alltid men det har eg jo ikkje for eg er med deg no… og så skal liksom Hans, som hatar Nissen fordi han stal meg vekk herifrå … No skal liksom Hans hjelpe oss å redde jula? Nei…nei, nei, nei! Nei! Dette var ein tabbe. Vi må skunde oss vekk! Vi får be nokon andre om hjelp. Du kjenner jo nokon … Tannfeen, Jon Blund? Dei går vi til. Kom no! Kom kom kom du må skunde deg kom kom kom!”
Ho snakkar så fort og høgt at Påskeharen sliter med å skjønne kva ho seier. Heldigvis har han store øyrer, slik harar ofte har, og han får med seg det viktigaste. 

”Ok” seier han. ”Om det er det du vil så drar vi … men eh… eg er frykteleg svolten. Trur du kanskje eg kunne… tja.. åte litt først? Kvikklunsj-karmen ser grådig god ut og …”
Lengre kjem han ikkje. 

Døra blir opna.
”Grete!”
Ein lyslugga, tynn, mann står i døra.
”Hans … Hans!”
”Grete!”
”Hans!”
”Grete …”

Og slik står dei to syknene. Han på innsida av dørterskelen. Ho, rett utføre. Dei ser på kvarandre, hald fram med å seie namna til kvarandre, dei smilar, gret, ler. Så tek dei tak i kvarandre sine armar og hoppar og dansar, dansar rundt i ring ring ring … Påskeharen hoppar litt han óg, han er jo trass alt ein harepus. Men dei ensar han ikkje. Han kremter litt. Ingenting. Han set seg ned framføre vindauget og tek seg eit velfortent jafs av karmen mens han venter på at dei to skal bli ferdige med gjenforeininga si.

På låven sitter ikkje Nissen. Han sit på kjøkkenet. Utan sin julegrøt. Han gomlar på det aller siste knekkebrødet. Knas knas knas. Det bråker å ete knekkebrød. Særleg når ein eter heilt åleine i eit tomt kjøkken. Julegrøt bråkar aldri. Risgrøt og raud saft. Det er det han skulle hatt. Stille mat. Julemat. Men det er ikkje så enkelt å lage slik graut, det er noko med mjølka. Den kan brenne seg. Slik var det. Det var det Nissefrøken forklara den gongen han forsøkte å overraske henne med graut, og grauten blei svidd og ekkel. Knas knas knas. Nissefrøken. Å som han saknar henne. Knas knas knas. PANG!!!!

Pang!!!!? Jøye meg! Når endra knekkebrøda lyd? Han tek eit nytt jafs. No seier det berre knas knas knas, som før. Kor blei det av panget? Han vil ta endå ein bit for å sjå om han kan få knekkebrødet til å seie PANG!!!!enno ein gong. Men, det er ikkje meir knekkebrød igjen. Og no er alt heilt stilt. 

Så seier det PANGigjen, men på ein mildare måte no. PANG utan utropsteikn. Og den slags PANG er det berre ein ting som lagar – låve-døra. Nissen rekker ikkje å snu seg før han høyrer nokon kome inn på kjøkenet til han, og han trenger ikkje snu seg for å sjå kven det er. Den røysten kjenner han nemleg godt. Sjefsalven er heime igjen! Nissen blir sittande med ryggen til for han veit ikkje om han skal vere glad fordi Sjefsalven er her, eller om han skal vere sint for at han drog sin veg. Dette dilemmaet rekker han ikkje tenke særleg lenge over … for stemma bak han seier noko som setter Nissen fullstendig ut av spel:

”Eg har med meg ein ny Nissefrøken til deg – no blir det jul!”

Klarar Hans å fikse bilen til Nissefrøken?

Kven er den nye Nissefrøkna?

Kjem Tante til å skjemme Per heilt vekk?

TORSDAG – trettande desember

Ein grilldress. Tre reisande. Og ein gjest på soverommet 

Nissen har ikkje dusja på to veker – han har så vore opptatt med å sørgje og sutre og klage. Det finns likevel ei grense for kor mykje stank ein stakkars nase kan tåle, så i dag dusjar han. Og som alltid når han dusjar, startar munnen å synge. Meir eller mindre av seg sjølv. Og i dag er ingen unntak.

”På låven sitter Nissen med sin julegrøt, så god og søt, så god og søt… Han nikkar og han smilar for han er så glad …”

Berre at stakkars meg slettes ikkje er glad,
tenker den stakkars Nissen som ikkje er glad. 

”For julegrøten vil han gjerne ha…!”

Å ja!
Tenker han. Det stemmer iallfall. Graut. Julegraut vil eg svært gjerne ha. At eg ikkje har tenkt på det før! Menneska veit jo ikkje at jula er avlyst. Dei setter sikkert ut graut som om alt var som normalt.
Og det skal han jaggu nytte seg av. Graut. Julegraut! Han vaskar seg ekstra godt. Etterpå smørar han seg godt inn med hudkrem laga einhjørningstøv. Så finner fram reine klede frå skapet. Juleklede … raude bukser, det svarte magebeltet, den finaste ullgenseren. Den er verkeleg fin. Men han klør litt, den pokkers genseren. Nissen kler av seg juledrakta igjen. Finner fram den gode gamle grilldressen frå åttitalet. Sjølv om han skal ut å ha graut, er jula likevel avlyst. Ikkje noko poeng i å jåle seg opp. Dessutan blir det endå betre plass til graut i magen når ein går med elastiske klede.

Nyvaska, svolten og med ein slags positiv kjensle i kroppen syng han vidare mens han går til stallen. 

”Så god og søt, så god og søt. Han nikkar og han smilar og han er så glad, for julegrøten vil han gjerne ha! … Og rundt om kring står alle de små rotter, og de skotter, og de skotter … ”

Og det gjer dei. På låven til Nissen står dei. Dusinvis av dei. Julerottar. Og dei skottar. Men det er ein som ikkje står der, på låven til Nissen. Og det er Rudolf. Kor er Rudolf?! Det blir ikkje noko av å nikke og smile og være så glad fordi julegrøten vil han gjerne ha. Nissen går med bøyd hovud og tungt hjartet tilbake til Nissehuset sitt for å ete eit tørt og keisamt knekkebrød.

”Er vi framme snart?” spør Påskeharen, for seksti-tredje gong. 
”Ja” seier Nissefrøken, for seksti-tredje gong, men ho er ikkje heilt sikker. 
Ho leiter framleis etter spora til Hans. Dei har gått lenge og langt og beina og potane deira verkar. Men jula kjem. Jula kjem fort. For fort. Dei har dårleg tid. Så dei tek ingen fleire pausar no. Ingen stopp. Dei berre går og går og går gjennom skogen. Nissefrøken i treskoa. Haren småhoppande på bakbeina. Og rett bak dei diltar endå grevlingen. I blant stoppar grevlingen opp. Han er sliten. Grevlinger er nok ikkje vande med å gå så mykje. 

I blant synger dei om grevlingen, og då kviknar han til. Men ein kan ikkje synge heile tida heller, røysten blir også sliten. Så dei går, og synger, og er trøyte i røystene og i føtene. Når dei tek syngepause snakkar Nissefrøken ivrig om jula ho skal redde. For ho kan ikkje kvile røysten sin heilt – for kvar gong dei slutter å synge eller ho slutter å snakke om jula – ja kvar bidige gong – spør Påskeharen om det er langt igjen. Og det er akkurat det han er i ferd med å gjere no – då Nissefrøken brått stoppar opp. 

Ho peiker ned i bakken, på skogsstien framføre dei vesle treskoa sine. 
”Sjå der!”
Ho hoppar av glede. Påskeharen ser rart på henne. 
”Smulane!” Ho peiker igjen og hoppar litt til. Han hoppar ikkje, endå det er han som er hare.
”Smular?” spør han.
”Årgh… du har vel høyrt historia vår?”
”Jau … eg gjekk jo på skulen, eg som alle andre. Hans, Grete, heks, peparkakehus … men eg hugsar ikkje noko om smular. Historie var ikkje mitt beste fag.”
Ho sukkar, litt oppgitt. 
”Hans og eg la jo ut smular på stien mens me gjekk! For å finne att vegen heim.””Ja, det stemmer! No hugsar eg det.”
”Ja … Og Hans sluta aldri å gjere det. Han legger framleis alltid igjen smular etter seg, berre i tilfelle. Og det fungerer, han går seg aldri vill.”
”Og dette” seier Påskeharen, og plukkar opp ei lita smule. 
 ”Dette er Hans si smule?”
”Ja, eg kjenner at smulane til Hans når eg ser dei.”
Dei går vidare med ny energi og kraft i stega, for no veit dei at dei er på riktig veg. At dei nærmar seg Hans og Peparkakehuset han bur i. 

Mor til Per vaknar av at det er nokon i rommet. Det kjenst iallfall slik ut. 
”Per?” mumlar ho. Ingen svarer. Ho gløtter på augo, myser i mørkret, og jau, visst er det nokon her. Men det er ikkje Per. Ved sida av nattbordet står ein liten mann. Ein dverg! Hadde det ikkje vore for den høge lua, ville ho nok ikkje fått auge på han i det heile tatt. 

”K-k-kven er du… kva… kvifo…?” 
”Hysj, hysj! Eg er ikkje farleg” seier han.
”Men, m-m-men …  k-k-kva vil du?”

Orda vil ikkje bli til ord. Orda er like redde som henne. Mor til Per er fire gonger så høg som denne mannen. Likevel er ho redd. Eg låste jo døra, tenker ho. Eg låser alltid! Kven er denne mannen? Er han ein mann? Ein gnom? Han ser ikkje menneskeleg ut…

”Du må vær så god bli med meg til Nordpolen.” 
”Hæ?”
”TIL NORDPOLEN!” seier han igjen. Høgt og tydeleg.
”Hæ?” 
”TIL NORDPOLEN!!!” seier han endå ein gong. Endå høgare og endå tydlegare. 
”Eg høyrer deg!” roper ho tilbake. ”Men eg skjønner deg ikkje!”
”Vi må redde jula.”
”Er jula øydelagt?”
”Kjenner du meg ikkje igjen? Har du gløymt meg?” 
Hadde det ikkje vore for mørkeret, ville Mor sett at augo hans var litt såra. Vonbrotne. 
”Kjenne deg? Hugse deg? Eg har jo aldri sett deg før … Eg kjenner ingen dvergar … unnskyld, småfolk, kortvaksne, lågare enn norm…”

”EG ER IKKJE EIN DVERG – EG ER SJEFSALVEN!” 

Og då skjønner ho alt. Og ho ler. Høgt. For dette er berre ein draum. For å vere sikker, klyper ho seg sjølv i armen. Det er nemleg slik man finner ut om rare hendingar, som dette, er draum eller røyndom. Ho klyper seg hardt. Ingenting skjer. Ho vaknar ikkje. Då må dette vere ekte. Eller, er det då det er ein draum? Ho kan ikkje hugse korleis den testen funkar. Hugsar berre at man skal klype seg sjølv. 

”Eg skal ikkje skade deg, ikkje ver redd” seier den vesle karen som påstår at han er ein slags magisk skapning. Ein alv, var det det han sa? 
”Men no må vi reise. Det er langt til Nordpolen og jula kjem som … som den greia på kjerringa, kva heiter det?”

Nordpolen, alv, feilslåtte ordtak. Dette er definitivt ein draum. Og med den vissa blir ho roleg. Dette er meir enn berre ein draum, dette er den festligaste draumen ho har hatt nokon sinne. Ja, så morosamt syntes ho dette er at ho håper det er lenge til vekkarklokka skal ringe. Og ho håpar at ho kjem til å hugse drøymen slik at ho kan fortelle dette til Per.  Og ho vil ha så mykje som mogleg å fortelle, så ho nøler ikkje eit sekund med å følgje med alven ut av huset, ho er ikkje eit sekund i tvil når ho klatrar opp på ryggen Rudolf, og ho ler høgt i det Rudolf tek sats og bykser opp i lufta. 

”Du får beklage at eg ikkje har sleden med meg , eg trudde ikkje eg skulle ha med meg nokon heim…”

Er det langt igjen til huset til Hans?

Korleis fungerer eigentleg den der klype-testen? 

Går Nissen til sengs igjen for å grine no?

ONSDAG – tolvte desember

I Konglevegen 2 sit Per og pirkar i potetmos. Mor drikker kaffi, og ser ut på den svarte asfalten som ikkje har blitt pakka inn i julesnø enno.
”Du er så stille, Per. Kva er det med deg?” spør mor.
”Ingenting” seier Per. Han forsøker å smile.
”Eg ser jo at du sit og grublar på noko” seier mor.
Per bit seg i leppa.
”Kva er det du tenker på?”

Per slepper taket i leppa slik at han kan bite seg i leppa ein gong til. Det er noko han gjer når han tenker hardare enn elles, og det gjer han altså no. Han veit ikkje heilt kva det er. Men noko er det. Noko som ikkje stemmer. Smulane i gata kvar måndag. Pakkane som ikkje kom, men så plutseleg kom likevel. Kanelen som låg sølt utover heile kjøkkenet … Det er nokon som er ute etter oss. Det har vore nokon her inne. Og det kan ha vore dei som stal dei første pakkane. Per seier ingenting om dette. Det kan være Mor blir redd då. Og endå ein gong dukkar tanka opp – Per tenker og ønskjer at dei hadde hatt ein mann her i huset, ein som ville passa på dei. 

”Per? Du er heilt i di eiga verd, du!” ler Mor. 
”Mhm” seier Per, som no har fylt munnen med potetmos for å sleppe å seie noko, for det er jo ikkje fint å prate med mat i munnen. 
”Og kva er det du tenker på då? I denne eigne verda di?””Ingenting … Berre at eg ønskjer meg ein hund til jul” seier Per. 

Og så angrar han, for det er jo ikkje sant, og å ljuge er slemt og slemme barn får ikkje kalendergåve og han vil verkeleg ha kalendergåver og julegåver og han vil helst vere snill. Eg blir jo ikkje lei meg om eg får hund, seier han til seg sjølv. Det er ikkje berre løgn, det er berre ikkje heilt sant. Og sanninga vil kanskje gjere mor trist … Og å gjere andre triste er heller ikkje snilt. 

”Eller ei katt…eller kanskje kanin … eg vil ha eit kjæledyr.”

Vi har en grevling i taket, greve-ling, greve-lang … Vi har ikke ellediller eller krokofanter, men vi har en grevling i taket… 
Påskeharen og Nissefrøken har gått og gått og gått – heile dagen lang. Grevlingen også. Han har følgt etter dei. Kanskje var det den fine songen som lokka han med, eller kanskje det var Nissefrøkens parfyme som gjorde det. Uansett … Noko fekk iallfall grevlingen til å følgje etter dei. Han har gått rett bak dei heile tida mens dei har vandra. Og heile denne tida har dei sunge den fine Grevling-songen. Påskeharen hadde rett, man blir glad av å synge. Og no er ikkje Nissefrøken lenger redd. Tvert om, ho har blitt litt glad i Grevlingen! Ho har alltid ønska seg eit kjæledyr.

Alt går hennar veg! Ho har fått seg verdas beste kjærast, og eit kjæledyr! Og snart er dei framme hos Hans. Og då skal ho gjere det godt att, bli vener med han igjen. Og så skal han fikse bilen, og ho skal redde jula. No blir alt bra. Perfekt. Og magen er betre – nesten heilt frisk! Ho tek tak i handa – eller, pota – til Påskeharen. Trykker han passeleg hardt, kjenner varmen frå pelse hans. Og ho leier han heile det siste stykket til Hans. 

Sjefsalven er trøyt. Men han held seg vaken. Bokstaveleg talt; med ein peikefinger på kvart augelokk tvingar han augo til å helde seg opne. Han har gøymt seg i skapet i gangen, og sit der med skapdøra på gløtt for å kunne sjå kalenderen til Per. Han vil sjå det ein gong til, vere heilt sikker i sin sak. Han må vite det heilt sikkert før han gjer noko drastisk. For planen som har forma seg i hovudet er nok det folk flest vil kalle for akkurat drastisk.Sjølv i desse krigsdagar.

Og der kjem ho. Mor. Ho ser seg over skuldra, speidar oppover trappa. Vil vel vere sikker på at Per ikkje ser kva ho gjer. Altså er Per ein vanleg gut. Det er berre Mor som kanskje er ein Nisseri-makar. Og jau, akkurat som han mistenkte, akkurat som kvelden før: Ho har med seg ei gåve. Og den knyter ho fast i snora på Per si kalender. Ho er ein av oss!tenker Sjefsalven. Ho er ein eks-Nisserimakar. Ei av dei som stakk av og tilslutta seg livet her i Det Fjerne Land.Han kan ikkje hugse å ha sett ho arbeide på Nordpolen. Men … det er jo så mange der oppe, og i julekleda ser alle så like ut. Sjølvsagt kan han ikkje kjenne igjen alle. Uansett er ein ting no heilt klart: Ho tilhøyrar hans slag. Mor er ein av dei magiske. Ho kan hjelpe han med å redde jula. Den Drastiske Planen må settast i aksjon. Sjefsalven manglar berre den siste detaljen i planen: korleis skal han skal få henne med seg til Nordpolen?

Kan dei verkeleg stole på grevlingen?

Var det Toro-potetmos, eller heimelaga?

Korleis skal ein liten alv frakte ein stor Mor til Nordpolen?
Er mor ein nisserimakar?

TYSDAG – ellevte desember

Sjefsalven høyrer det rasle i papir og veit straks at det er Per som opnar gåva si. Ikkje berre ei gåve. Det er ei vassekte JULEgåve. Kalendergåve. Dette veit Sjefsalven, for er det ein person i denne verda (og i all slags andre verdnar –magiske og ikkje magiske) som kjenner lyden av ein julegåve som blir opna, så er det han!
”Å – ei klokke!” ropar Per, glad i røysten. 

Deretter høyrer Sjefsalven ein rekke andre lyder. Nokre av dei kjem frå kjøkkenet. Og så, litt etter, fotsteg i gangen. Rett utføre skapet han gøymer seg i! Mor seier noko om at det er kaldt ute. Per svarar at det er teit at det er kaldt når det ikkje kjem snø. Og Sjefsalven seier ingenting. Men han tenker. Og han tenker så mykje og så hardt at han er redd dei skal høyre at hjernen hans knakar. Så kjenner han eit kaldt gufs og høyrer eit mjukt smell i det Mor opnar ytterdøra og ho og Per drar kvar sin veg – til skule og til arbeid. Så snart dei har gått, trår Sjefsalven ut av skapet og startar etterforskinga. Han har to gåter å løyse før han kan dra heim:

1.) Kva er det med dette namne-skiltet? Kvifor stod det Her bur Per og Mor og Ingen Manni ønskekongla når det på det verkelege skiltet i røyndommen berre står: Her bur Per og mor?
2.) Kor kjem desse gåvene frå? Jula er jo avlyst, Nissen streikar, og likevel har Per fått kalendergåver. Er Mor ein av dei, ein som han, ein  Nisseri-makar? 

Sjefsalven riv seg i skjegget. Det gjer vondt. Han klør seg i skjegget i staden for. Han las ein gong noko om skjegg og grubling, noko om at man skal fikle med skjegget når man tenker hardt. Men han hugsar dessverre ikkje om det er riving eller kløing som er anbefala. Så han gjere begge deler. Ingen av delane gjer noko nytte. Han kjem ikkje nærare ein løysning på julemysteriet.

Nissefrøken og Påskeharen har overnatta i ein underjordisk tunnel i Skogen. Det var ingen der då dei kom. Men det er klart at det må bu nokon der, for det er fint innreia. Eller fint og fint, det er iallfall innreia. Frå stilen, eller mangel av derav, antar Nissefrøken at det er ein ungkar, eller to, som bur her. For det er rotete. Gitarstrenger på golvet, trommestikkarar, noteark, keyboard, leidningar. Hulter til bulter. Ikkje noko system. Nissefrøken kan ikkje fordra rot, ho tåler det ikkje, men dette er ikkje hennar rot så det går det heldigvis greitt. Dessutan er ho berre glad for at dei i det heile tatt fann ein stad å sove. Og desto meir glad er ho fordi ho kjenner seg betre. Magen er ikkje lenger like vond! Litt. Det er noko der inne endå. Noko som gneg litt. Men betre. Alt er betre no som ho skal redde jula. 

Ho blir liggande å vente på at Påskeharen skal vakne. Vil ikkje vekke han, han treng kvila. Denne reisa er ikkje bra for egga hans. Det minste ho kan gjere er å la han sove når han kan. Så ho ventar og ventar og tenkar på jula ho skal redde og kor fint alt skal bli. Og så… så seier det… krfksjkt!Neimen det er då ingen lyd, tenker du. Men jo. Det er det. Det er akkurat den lyden ho høyrer. Frå taket like over seg. krfksjkt! krfksjkt! krfksjkt!Igjen og igjen. Ikkje noko pang, ikkje noko klikk.krfksjkt! krfksjkt! krfksjkt!

Nissefrøken ser opp i taket. Og hyler. Påskeharen vaknar med eit rykk. 

”Kva er det?”
Nissefrøken peiker opp i taket. 
”Å … det er jo berre ein grevling” seier Påskeharen.
”I taket?”
”Ja, sjølvsagt er det er ein grevling i taket” seier Påskeharen
”Hæ?”
”Har du ikkje høyrt om Greve-ling Greve-lang?”
”Nei…”
”Han som bur i ein tunnel, grevlinga i taket” forklarar påskeharen.
”Og han er ikkje farleg?” spør ho
”Nei, slettes ikkje!”
”Korleis kan du vite det?” klynkar Nissefrøken, som framleis er litt redd. Veldig redd, faktisk. 
”Han har jo ein song” seier Påskeharen.
Og så, for å berolige henne ytterlagre, forklarer han korleis dyreriket fungerer her i Skogen”Alle dyr som er snille og gode, har ein song. Så om dyret har ein song veit du at det er eit godt dyr og du trenger ikkje være redd. Man blir glad av songar og alt man blir glad av er bra! Derfor er dyr med song, gode dyr. Og grevlingen har ein song og då må han være god. Akkurat som at Dyrene i Afrika er bra, Geiter er bra (”Å jeg vet en seter …”), Hundar er bra (”Jeg vil ha en liten hund!”) …”
Nissefrøken ser lenge på han. Ikkje heilt overtyda.
”Eg har aldri høyrt ein song om ein grevling!”
Ho trør inn i treskoa og går fort mot utgangen. For snill grevling eller slem greveling – ho syntes han er ekkel.

På Nordpolen sit Nissen framleis i senga. I blant seier han Bu-hu. Aldri Hohoho. Brevet frå Nissefrøken er gått i oppløysing. Så no han har funnet seg ei bok å lese i. Sult. Han les Sult av Hamsun. Syntes det er ei passande bok i sådan stund. Om ein stakkars utsvelta mann som travar gatelangs. Ein man som blir svikta av alle rundt seg, av samfunnet, av politikarne, av alle! Nesten som han, Nissen. Svolten. Besviken. Stakkarsleg. Åleine. I naud. Så trist og lei og svolten at han nesten blir galen. Einsam og forlét. Ja jøss, tenker Nissen. Skulle nesten tru det var meg boka handla om. 


Kva vil etterforskinga til Sjefsavlen avsløre?

Er Mor verkeleg ein Nisseri-makar med magiske evner? 

Er det sant at grevlingen er snill?
Finst det ein song om ein grevling?

Kva skal Nissen lese etterpå?

Måndag – tiande desember

Eit ønske som gjer vondt. Ein god plan. Og ein julemysteriumLisa gjekk til skulen. Tripp, tripp, tripp det sa …Og så, i det ho kjem fram til Per sitt hus seier ikkje føtene lenger tripp,tripp, tripp… No seier dei knas, knas, knas. Ho ser ned på bakken. Dei brune smulane er der igjen. Dei ligg strødd frå døra til Per, ned til porten, og vidare nedover gata. Lisa bøyer seg ned, plukkar opp ein smule og smakar på han. Peparkake. Så kjem Per ut. 
”Sjå! Smulane er tilbake!” ropar ho ivrig. 

Han går fort forbi henne, nedover gata. Seier ingenting. Han er sur, det ser Lisa med det same. Heldigvis veit ho akkurat korleis ho skal få han i godt humør; snakke om jula, om gåver, om alt det fine!

”Kva ønskjer du deg til jul i år?” spør ho. 
”Hmm…” seier Per, og latar som om han må tenke seg godt om.
Ein mann! Ein mann som ikkje er Hans. Ein mann til mor. Ein mann i huset. Ein mann som kanskje kan bli ein pappa.
”Eg ønskjer meg hund” seier Sara.
”Å …mhm… ” mumlar Per og tenker at det var eit lurt ønske. Derfor seier han at det gjer han og. 
”Eller ei katt … eller kanin”.

Sanninga, det han verkeleg vil ha, vågar han ikkje seie høgt. Ikkje lågt heller. Vågar så vidt å tenke det. Og dersom han ein dag skulle seie det høgt, er han redd det vil gjere vondt. Både for han og for Mor. Aller mest for Mor. Han er også redd for å seie det fordi han veit det ikkje er eit slikt ønske som kan kjøpast, pakkast inn og leggast inn under eit tre. Då er det enklare å ønske seg eit kjæledyr. Det er ein ønske ingen får vondt av. 

Per og Lisa er ikkje dei einaste som er ute og går denne morgonen. Nissefrøken og Påskeharen er også ute og går. Dei skal redde jula. Dei går ut gjennom den lange tunnelen og snakkar om planen dei har laga. Planen er ganske enkel: Dei skal gå ut av tunnelen, sette seg i bilen til Nissefrøken og køyre så fort dei kan heile vegen til Nordpolen. Og der slutar planen. Nissefrøken veit ikkje kva som deretter skal skje, veit ikkje kva ho skal seie, eller gjere, men ein ting er klart – ho må seie unnskyld til Sjefsalven. Og så, kanskje kan ho også klare å overtyde Nissen om at han må lage jul. 

”Vi må hugse å kose oss på reisa” seier Påskeharen. 
Han er redd for at reisa skal fylle han med stress og gjere påskeegga dårlege.
”Ja da, eg har med lydbok og musikk” trøyster Nissefrøken.
”Og eg har med Kvikk-Lunsj” seier Påskeharen.
”Dette blir bra…” seier Nissefrøken, men stemma er svak og ikkje så sjølvsikker som ho vil ho skal vere. Påskeharen er heldigvis langt meir positiv.  
”Ja … for når enden er god er allting godt. Og no er enden min heilt god igjen” seier Påskeharen, og viftar på halestumpen. 

Men … det går plutseleg ikkje så bra. Bilen vil ikkje starte. Han hostar og harkar og spyttar røyk. Det er for langt å gå til Nordpolen. Og bilen er ikkje av den vanlege sorten som ein kvar lekmann kan fikse – for dette er ein spesiell bil. (Vanlege bilar kan jo ikkje køyre til Nordpolen.) Den einaste ho kjenner som kan fikse bilen, er storebror. Og dei har ikkje snakka saman på mange år. Sist dei snakka, snakka dei vel eigentleg ikkje heller. Dei krangla. Det var då ho skulle flytte ut. Han ville ikkje bu åleine utan henne. Likevel reiste ho. Ho sa adjø og farvel og ha det bra og reiste ifrå han for å bu med Nissen. Han blei sint, trist, vonbroten. Sa at ho måtte velje mellom han og Nissen. Og ho valte Nissen. Og no … no treng ho bror sin.

Frå innsida av ein søppeldunk er det ikkje lett å halde styr på tida … Så då Sjefsalven tør å klatre ut av søppelspannet anar han ikkje kor lenge han har låge der å gøymd seg. Heldigvis er det mørkt og stilt og folketomt. Han listar seg på tå rundt huset og bak til hagen. Han stikker hendene i lommane, vrir dei på vranga og slepper ut ei sky av kanel. Kom så, Rudolf,mumlar han lågt for seg sjølv. 

Og Rudolf kjem. Fykande i lufta som eit gigantisk ekorn. Bak seg, i lufta, svever noko anna også. Kan det vere Nissen si slede!? Korleis har det skjedd? Har Nissen endeleg tatt til vettet?Har Rudolf dratt heim og henta Nissen? 

Rudolf landar, mjukt og elegant. Og så landar den andre dingsen også, litt mindre mjukt og elegant. Deiser i bakken med eit brak som får heile hagen til å skjelve. Det er ingen slede. Det er ein furugran. Det same treet som Sjefsalven knyta Rudolf fast i. 

Sjefsalven klatrar opp på ryggen til Rudolf, og trykker i veg på GPS-en. Alt er klart for heimreisa. Han tek ein siste kikk på det vesle huset i Konglevegen. Gjennom ruta i vindauget til gangen ser han Mor stå med ryggen til. Ho fiklar med noko på veggen ved trappen. Sjefsalven riv til seg augo igjen, ser på fingeren sin som står rett framfør ”START”-knappen. Men han klarar ikkje sleppe kjensla av at det er noko viktig med akkurat dette huset. Ingen konglar kjem inn gjennom pipa når pipa er lukka, berre denne eine kongla … og denne kongla viste eit bilete av akkurat dette huset. Kvifor? Nei … dette er ikkje hans problem. Han har fått nok av svolt og krig. Han skal heim no. Skal berre trykke på ”start”, og så kan dei dra. Gløyme alt om dette.

Han tek ein siste kikk på det raude huset. Og det han får sjå gjer at fingeren landar på STOPP i staden for START. For det han no ser gjer at han avlyser alle planar om heimreisa. Der mora til Per nettopp sto, henger det no ei julegåve! Korleis går det an? Jula er jo avlyst! Nei … sjefsalven kan ikkje dra no. Dette må han finne ut av! Han visste det var noko spesielt med den kongla! Kongla som viste han dette huset, skiltet som ikkje stemmer, gåvene som kjem fram sjølv om Nissen streiker. Sjefsalven kan ikkje reise heim før han har løyst julemysteriet

Blir Per snart ferdig med å vere sint og trist?

Klarar Sjefsalven å løyse mysteriet?

Kan ein Påskehare fikse ein bil?