«Denne MÅ DU LESE»!!!

Det finst ein sjeldan gruppe bøker kjenneteikna av deletrang – ei bok eg får lyst å dele med andre, nei, meir enn å dele – ei bok eg vil at ALLE skal lese. Ei bok eg vil tenke på og snakke om. Dei er sjeldne, desse bøkene. Og desto meir verdifulle. Ei slik bok traff eg nyleg på – og prossessen med å rekruttere lesarar er allereie i gong. Så, om du er ein som står meg nær så veit du kva du har å gjere: LES ”Den danske borgerkrig 2018-24”

Den danske borgerkrig 2018-24, Kaspar Colling Nielsen

KORT OM HANDLING: 
Vi skal mange hundre år framover i tid. Her treffer vi bokas hovudperson – ein ”ung” mann på 475 år. Han er del av ei gruppe rike som har midlar nok til å kjøpe seg inn i ”programmet” som brukar stamcelle-teknologi til å halde kroppen ung og frisk. Altså har han kjøpt seg evig liv. (Dette blir formidla og forklart på ein overbevisande måte, prega av alvor og logikk, men det finst også litt humor her. Ein slags svart, skjult humor som ligger gøymt i teksten heile tida.) Det er denne mannen som fortel oss om den gongen for lenge sida, den gogen på 2000-talet då borgarkrigen braut ut i Danmark. Noko vekker minnet hos han, får han til å tenke tilbake på den gong, til før han blei del av ”programmet”, til sitt livs store kjærleik – alt saman som høyrer til åra rett før, undervegs og like etter borgarkrigen i Danmark. 

LES DENNE FORDI
– Dette er så utruleg mykje meir enn ein politisk thriller: Eg frykta sjølv at boka skulle være vanskeleg, treig, tung og komplisert. Sjeldan har eg tatt så feil! Eg slukte denne boka og var ganske fortvila då eg var ferdig for ingenting freista å lese etterpå (Heldigvis hadde eg ”Fuglane” av Tarjei Vesaas liggande på nattbordet!). Dette er dramatikk, sci-fi, dystopi, kjærleik. Her finst humor og alvor, djupe refleksjonar, samfunnsaktuelle tema, medmenneskelege kjensler. Her er dyr og menneske. Her er notid, framtid og fortid. 
– Boka er velskriven; ikkje eitt ord opplevde eg som overflødig. Språket flyter og formidlar historia så glatt at eg ikkje ha noko å utsette på det. 
– Boka er original, original med ein sinnssjukt stor O. Eg har lese ein del ”framtids”-litteratur og ingenting av det har eg opplevd så ekte og truverdig som dette.

Og så må eg også nemne at medan eg las denne boka dukka TV-serien  ”Black Mirror” opp i tankane. Så den er kanskje litt i den ”gata” der. Uansett – skal du lese berre ei bok i år så syntes eg dette er ei å prioritere. Ikkje er ho lang og tjukk heller; rett over to hundre sider, og dette er luftige sider med relativt stor skrift. Ein draum å lese – både visuelt og mtp innhald. 

Kjapp anbefaling – Ei lita perle frå Japan


Las nyleg denne boka her – eg var ute etter noko «kjapt» og enkelt, noko koseleg og mindre kravande. Eg trengde eit avbrekk før eg gjekk vidare i Innsirkling-trilogien til Carl Frode Tiller. Og så låg denne her då, og ho har låge i hylla altfor lenge og plutseleg freista det veldig å opne ho! Har lese myke japansk litteratur i år, så kvifor ikkje utvide mitt japanske repertar endå litt meir? Eg er no særs glad for at eg valte nettopp denne boka for eg kosa meg noko heilt enormt – og starta til og med å lese treigare når det gjekk mot sluten fordi eg ikkje ville at boka skulle ta slut … om ikkje det er eit kvalitetsteikn …

Med dette anbefaler eg altså sterk boka: «The Housekeeper and the Professor» av Yoko Ogawa.

Kort om handlinga:
Ei åleinemor på rundt tretti år arbeider som heimeassistent via firmaet sitt, og i denne boka fortel ho om den gongen ho arbeidde hjå ein gamal matematikk-professor. Eit spesielt kravande jobboppdrag – ikkje berre fordi han alt har hatt ni andre assistentar frå same firma – alle som ein fekk sparken, men komplisert endå meir fordi han lider av hukommelsesproblem etter ei ulukke som gjorde han ufør. På grunn av ulykka kan han ikkje danne seg nye minner – alt han hugsar er knyta til tida fram til ulykka i 1975. Alt som skjer her og no klarar han berre å hugse i omlag 80 minutt. I rett under to hundre sider får vi altså eit rørande innblikk i forholdet mellom denne dama, sonen hennar og professoren.

Matematikk spelar forresten ein spennande rolle i denne boka, og det sagt; ein treng på ingen måte vere matematikkar for å skjønne boka, og matematikkens rolle er aldri så komplisert at det øydelegg lesinga for det mindre matematikk –begeistra publikummet. Men, for dei som likar matematikk, er dette ei perle av ei bok! 

Og det er nettopp med ein matematisk referanse at boka startar:

Les denne fordi:
* ho er lettlest
* boka byr på dybde – trass i at ho er lettlesen finns det så mange lag her; raude trådar, symbolikk og metaforar.
* Boka kan lesast «rett fram», eller ein kan velje å lese meir analyserande då det er ein rekke ting en kan velge å undersøke meir om ein er nyfiken. Men ein treng ikkje analysere noko for å lese likevel.
* Ho kan slukast på kort tid
* har eit originalt plott
* er truverdig og ekte
* byr på glede og sorg og humor og alvor
* matematikken – som går igjen i heile boka – er framstilt på ein interessant og naturleg måte!
* Språket er enkelt og rett fram, samstundes er det svært billedleg
* LES DENNE FORDI HO ER KNALLBRA!

Helga Flatlands trilogi – “Bli hvis du kan”

Eg las mange bøker i juni. Denne trilogien er den som sit mest igjen – eg kjenner den endå i kroppen, eg tenker framleis på karakterane … eg har nok rett og slett funnet eit litterært meisterverk som fortener å førast opp på favoritt-lista.

TRILOGIEN BESTÅR AV FØLGENDE BØKER:
1) Bli hvis du kan. Reis hvis du må.
2) Alle vil hjem. Ingen vil tilbake
3) Det finnes ingen helhet

I SIN HEILHEIT:
Handling:

Heile trilogien bygger på same sak – dei fire barndomskameratene som vervar seg til militærteneste i Afghanistan. Berre ein av dei kjem heim i livet. I desse bøkene får vi innblikk i tida før dei verva seg og i tida etterpå. Altså ser vi både på årsakene til at desse gutane valte å reise til Afghanistan – årsakar dei ikkje heilt sjølv ser i klartekst – og på korleis tapet av dei pregar ei heil bygd. Tankar om kvifor dei drog og kjensla av sorg står sentralt i alle tre bøkene, og desse to tinga (sorg og ”årsak”) vert betrakta frå ulike karakterars synspunkt gjennom heile trilogien.

Mine vesle tankar, meiningar og inntrykk:
Dette er kort sagt ei djup og kjenslerik fortelling om ei ulykke som rammar ei heil bygd. Kjenslene vert skildra så utroleg sterkt at ein oppleverboka i større grad enn ein ”berre” les ho. Eg kunne reint fysisk kjenne noko heile tida mens eg las – eg kjente sinne, sorg, forundring, tidvis litt glede og varme, einsemd … eg følte det som om eg fekk oppleve mykje av det same som karakterane i boka (dog i mykje mindre grad, sjølvsagt).
Sorg er den sentrale kjensla (og også tema), og i denne boka kjem det klart fram kor omfattande sorg kan vere; kor ulikt den rammar oss, korleis sorg kan vekke ein heil haug med andre kjensler og korleis desse andre kjenslene kan bli så sterke at ein ikkje ein gong klarar å kjenne på sorga.
Sorg, skam, skuld, sinne, anger, bebreiding, kjærleik, tap, sakn … og også nokre ”betre” kjensler som håp, liv, kjærleik utgjer eit kjenslerikt spekter gjennom heile fortellinga.

Screen Shot 2018-07-31 at 10.28.41

I tillegg til denne vanvitig sterke framstillinga av kjensler får vi også sett litt på årsaka bak valet om å verve seg. Fire ulike gutar med ulike grunnar til å reise. Eg likar godt at det ikkje finst ein ”konkret” grunn, ikkje noko soleklar årsak. Tarjei reiser og har sine tankar om kvifor utan heilt å kunne sette ord på det. Mora hans, Karin, har også nokre tankar om kvifor han reiser og føler seg medskuldig. På same sett får vi via oppveksten og familiane innblikk i moglege årsakar til at dei andre reiser til Afghanistan, utan at det kjem noko fasit – og nettopp dette syntes er så fint, for det er vel ofte slik at ein tek val utan heilt å vite kvifor. Ofte gjer ein noko for å sleppe unna noko anna – det er ikkje alltid eit aktivt val eller ønske. Andre gonger brenner ein intenst for noko og tek bevisste val. Og av og til hamnar ein midt mellom to stolar og livet verker til å ta vala for deg. Alt har kanskje ingen grunn?

Eg har lese ein god del trilogiar dette året, og ein ting eg har merka meg er at nesten alltid likar bok nr to best. Dette er nok første gong eg har hatt den tredje og siste boka som favoritt. Dei andre to er også knallgode, men denne tredje gjorde noko ekstra med meg. Mykje sannsynleg på grunn av at eg innan denne boka alt hadde ein viss kjennskap til alle karakterane og hendingane slik at det gav meg endå meir.

+++ PLUSSAR +++
+ Sjølv om vi følgjer eit stor karaktergalleri klarte eg å halde styr over dei ulike folka og familiane – og det seier litt for eg er normalt sett enormt dårleg på nettopp dette, og ofte gjer eit for omfattande persongalleri at eg blir oppgitt og frustrert i lesinga fordi eg sliter med å hugse kven som høyrer til kor. Her fekk er overraskande lett oversikten!
+ Kjenslene skildrast så intenst at ein ikkje kan unngå å bli rørt
+ Til tross for at boka ikkje følgjer ei spenningskurve – det finst ingen klare vendepunkt, ingen tydlege klimaks osv – er den aldri langtekkeleg eller keisam.
+ Språkleg leverer boka også bra! Språket er biled-rikt og formidlar enormt mykje utan å seie det direkte. Kjenslene vert ekte og veldig truverdige. Flatland viser ein enorm innsikt og forståing av menneske! Og ho lukkast med over seks hundre sider med formidling av kjensler utan å gjenta seg sjølv, utan å ty til kjsliéar …

 – – – MINUS —
Det einaste eg har å utsette er at eg personleg ikkje likte at boka byta på bokmål og nynorsk. Det fungerte ikkje, syntes eg! Karaktrane fekk unike stemmer gjennom skrivestilen, ikkje målforma. Og eg …tja … kan ikkje eigentleg begrunne misnøya kring dette valet om å byte mellom bokmål og nynorsk utover dette at eg syntes det blei forstyrrande.

BOK FOR BOK – kort oppsummering av kvar bok (utan spoliers)

Bli hvis du kan. Reis hvis du må.
– i denne boka følgjer vi fire karakterar som fortel om seg sjølv, bygda og menneska rundt dei. På denne måten får vi ikkje berre innblikk i den fortellanda karakteren men også i folka rundt dei. Dette gjer at vi også blir kjend med andre karakterar – som får si eiga stemme i dei andre bøkene.
Screen Shot 2018-07-31 at 10.31.20
* Tarjei: den eine av dei fire som reiser. Han fortel om si oppvekst, sine vener, sitt nære forhold til storesyster Julie, forventingane til faren om at han – Tarjei – ein dag skal ta over garden. Eit ønske og ein rett som eigentleg tilhøyrar systera Julie – og som faren på sett og vis verker heilt ignorant for. Han kompromissar med seg sjølv gjennom heile boka ved å vike for farens u-uttalte krav og forventningar. Så kjem forslaget om å dra til Afghanistan …
* Jon Olav: Naboen til Tarjei og hans familie. Han har vekse opp i lag med Tarjei si far. Han er også far til Sigurd (som vi seinare får høyre meir til – Sigurd og Julie er av same årskull og har eit godt venskapleg band). Han fortel om tida før og etter ulykka, og vi får gjennom han sjå familien til Tarjei utanfrå. Vi får også innblikk i kor sterkt ulykka pregar sonen hans – Sigurd. Sigurd vert mykje sterkare påverka – nærmast lamma og sjuk – enn kva ein skulle tru med tanke på at han ikkje var direkte knyta til desse gutane.
* Karin – Tarjeis mor fortel om korleis ho møtte Tarjeis far (Hallvard) – og via denne kjærleiksfortellinga får vi sjå sentrale personlegheitstrekk hos henne som har prega ho heile livet og som også påverkar dei rundt henne. Vi får sjå korleis ho fullstendig fortapar og fordjupar seg i kjærleik, korleis ho kjenner ting veldig intenst – på både godt og vondt. Vi får også eit inntrykk av at forholdet mellom henne og mannen er eit slags trekantdrama kor garden er den tredje parten. Også hennar forhold til sine to born – Julie & Tarjei – står sentralt i denne dele av boka. At ho elskar dei er det ingen tvil om. Men kjærleiken og relasjonen til dei to er svært ulik.
* Trygve – nr to av dei fire som verva seg. Han fortel om oppveksten, om forholdet mellom han sjølv og desse gutane då dei vaks opp. Vi får også sjå at han føler seg annleis frå dei andre – noko han både vil skjule og samstundes verkar etter å få ut i det opne. Gjennom kjenslene og hendingane han skildrar syntes eg boka får ein god slut som gjer nokre svar og også nokre nye spørsmål. Ein god avslutning som opnar for ein ny god bok. Nemlig nr 2:

Alle vil hjem. Ingen vil tilbake
Her er det desse karakterane vi følgjer:

* Julie – Tarjeis storesyster. Sentralt her står odelsretten til garden – som legalt sett er hennar. Noko begge foreldra verker til å ignorere. Ho seier aldri direkte at ho vil ha garden, at dette er drøymen hennar. Men ho er aktivt involvert i drifta, ho er intelligent og intuitivt dyktig. Likevel blir ho oversett mtp å skulle overta garden. Dette pregar ho intenst og ho verkar til å bli splitta i ei indre strid om å vere den gode, snille dottera som gjer alle glad heile tida samstundes som ho vil setje ned foten og ta det ho har krav på. Ho vil seie i frå, men ho vil ikkje skape trøbbel. Vi får også sjå litt til livet hennar elles – forholdet til Sigurd, og til Mads, til bygda.
* Sigurd – Elska å få lese litt frå hans perspektiv etter at han i del ein blei skildra utanfrå frå farens perspektiv (Jon Olav). Vi får sjå litt av oppveksten hans, tankar, kjensler, drøymer. Smerte og lukke. Skam og skuld. Vi får svar på kvifor sorga rammar han så hardt som den gjorde. Og vi får sjå korleis han taklar – og ikkje-taklar – sorga.
* Mads – kjærasten til Julie, iallfall innimellom. Det er det nemleg ho som styret. Mads er fortapt i Julie. Men denne garden står i vegen. Litt på same måte som relasjonen mellom Hallvard og Karin for også her garden ein slags tredjerolle som gjer forholdet til ein slags trekantsrelasjon med garden som ein konflikt utan løysing. Julie gjer uttrykk for at ho skal overta garden, noko Mads etter kvart innser at ikkje er så sjølvsagt og enkelt som han fekk inntrykk av i starten. Mads vil at ho skal gløyme garden og bli med han til byen, starte noko nytt der heller. Julie klarar derimot ikkje å legje frå seg drøymen om denne garden, men klarar heller ikkje å kreve si rett. Dette gjer at Mads blir sittande å vente, utan heilt å få noko avklaring på kor livet er på veg.
Screen Shot 2018-07-31 at 10.30.11

 

Det finnes ingen helhet 
Det meste av handlinga i denne boka finn sted fem år etter ulykka og vi får via ulike karakterar sjå korleis liva til dei ulike karakterane har utvekla seg desse åra. Vi får ikkje møte alle karakterene direkte – men dei verdt godt skildra gjennom dei karakterane som får stemme i denne boka – nemleg:

* Ragnhild – doktoren som blitt nemt gjennom heile boka. Spanande å sjå meir av henne ettersom dei ulika karakterane har skildra ho på ulike vis – som ei uunværlig støttespelar, ei som bryr seg og viser støtte, ei som er for pågåanda og masete, ei som blandar seg I andres sakar, ei som verkar einsam, ei sterk og sjølvstendig dame … Dei fleste likar henne godt. Nokre få syntes ho er for påganda og at omsorgen hennar grenser til det nyfikne og påtrengande. Her får vi sjå litt meir an Ragnhild – motivasjonen bak det ho gjer, tankane ho har om dei ulike karakterane. Vi får også sjå eit slags skifte – no når folk kjem seg vidare og ho ikkje lenger er like viktig … kven er ho då? Einsemda veks i henne og ho føler ein slags sorg over ikkje lenger vere ”ønska” og ”trengt”. Dette med å høyra til står dermed sentralt i denne boka.
* Bjørn – den einaste som overlevde ulykka og kom heim at til  bygda. Det er vondt, så utroleg vondt, å lese denne delen. Samstundes var det godt å endeleg få lese historia til den eine som faktisk kom heim at.
* Karin – mora til Julie & Tarjei; vi får sjå litt om korleis ho har det no, om korelis sorgen har påverka henne og livet, tankesettet og relasjonen til mannen Hallvard. Vi får også eit djupare innblikk i hennar relasjon til Ragnhild, til byga, og til dei noko ustabile kjenslene som ho skildra i den første boka.
* Hallvard – far til Julie & Tarjei; han fortel om korleis sorgen har prega han, om skuldkjensla han har overfor Julie mtp odel og gardsdrift, om samenbrotet hans (som vert omtala i bok 2) og tida etterpå, om tida no… Med ein slags roleg og smådyster stemning fekk eg inntrykk av at han på sett og vis aksepterar tinga som dei er no, at han ikkje streber etter å endre ting men heller berre vil la ting gå si gang, at han berre vil leve det beste han kan.
* Vi får også eit gjensyn med Sigurd, Julie og Mads; vi får sjå litt meir av Julies ”sårbare” side, blir betre kjend med Mats, og får også sjå fleire sider av Sigurd – ein karakter eg likte betre og betre gjennom desse bøkene.
* Denne boka handlar mest om familien til Tarjei – skildra både gjennom Tarjei og Karin, men også sett utanfrå via Ragnhild og Sigurd og ein del andre.
* Likar veldig godt korleis Ragnhild ”bærer” denne boka. Boka startar med eit kort kapittel om Ragnhild som venter på sin neste pasient – Karin. Deretter får vi følgje Karin si karakter ei stund – i tida etter ulykka og fram til dette legebesøket no fem år etterpå. Deretter besøker vi igjen Ragnhild som reflekterer over timen med Karin, og gjer deg klar til neste pasient – Bjørn. Som vi deretter får følgje. Deretter tilbake til Ragnhild att, og vidare til neste pasient og karakter – Hallvard. Ragnhild går altså igjen og utgjer ein slags ”heilhet” (trass i bokas tittel om at det ikkje finst noko heileheit… 😉 ) og god flyt. Ho fortel litt om sine tankar om dei ulike folka før vi deretter føres inn i den aktuelle karakterens univers kor dei fortel om tida etter ulykka. Deretter fortél Ragnhild litt meir før vi igjen går vidare til ein ny karakter.


Vil også kort seie at sjølv om heile denne trilogien handlar om noko såpass dystert og trist som sorg, død, sakn, skam og skuld – og trass i det politiske bakteppe – så er ikkje boka ”klissete” og overdriven. At det går an å skrive tre bøkar om slike kjensler utan at det på noko tidspunkt blir klissete og seigt, treigt og keisamt, og heller ikkje reparativt og gjentakande er verkeleg eit kunststykke! Ein fantastisk sterk trilogi som alle med kjensler burde lese.

 

 

 

Sommaren er her – har du ei sommarbok?


”Sommarbok” …
Kva slags tullete begrep er det eigentleg? Ei bok med handling som utspeler seg over ein sommar? Ei bok som vekker varme kjensler? Ei bok med lysande solar, bølgeskvulp og eingongsgrillar? Eg ser nemlig fleire stader at ”sommar-litteratur” blir anbefalt. Men … eg skjønner ikkje heilt kva det er… Så heller enn å gjenta anbefalingane frå dei største bokhandlarane vil eg anbefale bøker som eg sjølv assosierer med sommaren. OG: desse anbefalingane kjem ”frå toppen av hovudet” her og no – så dette er bøker som eg av ei eller anna grunn hugsar godt sjølv lenge etter å ha lese dei. Det i seg sjølv ser eg på som eit kvalitetsstempel. Samstundes betyr det at eg dessverre kjem til å gløyme mange bøker som også fortener å nemnas.
Screen Shot 2018-06-02 at 10.16.56
For meg er ”sommarbøker”:

1. bøker som gjer meg feriekjensle, energi, glede, overskott, påfyll. Ofte er lettleste. Og gjerne humoristiske eller rett og slett berre koselege!

  • Castle of Water av Dane Hucklebridge
  • ”1964” av Ragnar Hovland
  • Kvinnen som kledde seg naken for sin elskede, Jan Weise
  • Det søte liv, av Siri Østli (ei av få ”chick-lit”-forfattarar som eg verkeleg likar!)
  • Fugletribunalet, av Agnes Ravatn
  • Du er så lys av Tore Renberg (ikkje ein ”happy”-bok, men veldig veldig fin, og sommarstemninga er definitivt der)
  • Alt inkludert, av Marit Eikemo
  • Å slentre plystrende forbi kirkegården
  1. Bøker som kan lesast litt her og der – passar fint om ein har folk rundt seg som ikkje er like engasjert i lesinga som deg og som ”avbryter”, for deg som er på stranda med ungar og må holde eit halv auge på dei, til deg som vil kunne plukke opp boka for å lese litt i nokre ledige minutter. Altså ei bok med handling som er lett å følge med på utan å ”miste tråden”.
  • Sommerboken, Tove Jansson
  • Attachments, Rainbow Rowell
  • Mot nordavinden, Daniel Glattauer
  • Dustefjerten og den store sommarferieturen av Rune Belsvik (Eigentleg ein barnebok, men absolutt underhaldande for vaksne óg. Passar kanskje perfekt om du vil lese høgt for familien eller barna og samstundes ha det tåleg godt sjølv! Elskar denne boka og har lese ho eit utals gonger.)
  • Ein heilt vanlig fyr, av Rune Belsvik
  • Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar, Bjørn Sortland
  1. Spenningsfylte bøker å bli oppslukt av – gjerne med handling som utspeler seg i varme strøk eller i løpet av ein sommar:
  •  Sannheten og andre løgner av Sascha Arango
  • Elskede Poona, Karin Fossum
  • Sikre tegn på din død, Torkil Damhaug
  • I Let You Go av Claire Mackintosh

     

4. Lange, kompakte mursteinar som ein elles aldri tek seg tid til å lese. Lange bøker kan bli keisame og tunge å lese … det krever eit forfattartalent å halde på lesarens interesse over mange hundre – kanskje til og med tusen – sider. Nokre av mindre favorittar:

  • Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet av Johan Harstad
  • Max, Mischa og tetoffensiven, av Johan Harstad
  • Saman er ein mindre aleine, av Anna Gavalda
  • Balansekunst av Rohinton Mistry
  • Ringenes herre-bøkene, J. R. R. Tolkien

+ Trilogier som kan slukast i eitt jafs:

  • Teksas-trilogien av Tore Renberg
  • MaddAddam av Margaret Atwood (<– LINK til omtale)
  • Anne B. Ragdes trilogi beståande av: Berlinerpoplene, Eremittkrepsene, Ligge i grønne enger.
  • 1Q84 av Haruki Murakami
  • Jojo Moyes serie om Louisa Clark (eg er, dessverre, ikkje den største Jojo-fansen, men desse bøkene er utan tvil lettleste, fulle av kjensler, og sjølv om eg ikkje er så veldig begeistra for bøkene hennar så likte eg houvedpersonen Louisa veldig godt. Og sjølv om eg tidvis ergra meg over klisjéar og tørr humor, så slukte eg jo bøkene ganske kjapt. Så eg anser dette som god og lettlest underholdning som passar dei aller fleste!)

 

5. Krim-serier:
sommaren er ei fin tid til å la seg oppsluke av ein spenningsserie! Kanskje til og med ein serie som er filmatisert slik at når hausten og hans mørkret kjem, så kan ein sjå sommarlitteraturen sin utspele seg på skjermen.

  • Milleniumtrilogien, Stieg Larsson (Finst også som TV-serie)
  • Bøkene om Gunnar Barbarotti, av Håkan Nesser
  • Harry Hole-serien av Jo Nesbø
  • Jan Erik Fjell si serie om Anton Brekke
  • Springflo-serien av Cilla & Rolf Bjornlind (Finnes som TV-serie!)
  • Liza Marklund si serie om Annika Bengtzon (likar sjølv best dei første 3-4 bøkene, men nevner dei likevel fordi eg får assosiasjonar til sommar når eg tenker på dei, sannsynlegvis fordi mange av bøkene har handling som utspelar seg over ein sommar, og fordi eg sjølv blei hekta på serien ein sommar for mange år sidan. Fleire av desse er forresten også filmatiserte)

Screen Shot 2018-06-02 at 10.17.06

6. Elles tenker eg at sommar og ferie er ei fin tid til å ta seg til å lese noko ein elles ikkje prioriterer. Kanskje utforske ein ny sjanger? Begrave seg i verka til ein bestemt forfattar? Eller kanskje til og med gå laus på nokre av klassikarne?
”Ny” forfattar å utforske? 

  • Haruki Murakami; litt enten eller mtp korleis folk pleier å like bøkene hans – men om du først blir hekta, ja då åpner det seg ein heil lita verden av bøker å boltre seg i. Ein av mine desiderte favorittforfattarar. Spenning, absurditeter, kjærleik, rare hendingar, humor … ja her får du verkeleg litt av alt!
  • Marit Eikemo – ho skriv så fint og lett og godt at det er ein fryd å lese. Alvorlege tema og aktuelle skildra og fortalt på humoristisk vis. Bøkene er skrivne på nynorsk, moderne nynorsk som du utan noko problem kjem til å lese relativt uanstrengt
  • Ragnar Hovland
  • Tore Renberg
  • Torkil Damhaug (krim)

    Desse skriver svært ulikt – åde mtp sjanger, tematikk, skrivestil og ja…alt. Ein ting har dei dig til felles og det er at dei støtt og stadig leverer kvalitet! Kvar bok eg har lese av desse forfattarne har eg likt

Noko frå ein annan sjanger:
* Sakprosa / Dokumentarisk

  • En sånn jente av Monica Flatabø
  • Det angår også deg av Herman Sachnowitz
  • På vegne av venner av Kristopher Schau
  • Denne dagen, et liv – Biografi om Astrid Lindgren, av Jens Andersen
  • Jeg er Malala av Malala Yousafzai

* Dikt: eg er ikkje den mest erfarne her altså, men har nokre bøker som likevel sitter fast i hukommelsen:

  •  Ren poesi-bøkene
  • Dikt & forbannet løgn
  • Vi kan ikkje eige kvarnade av Arne Ruset
  • Levande stein av Jon Fosse

*Noveller:

  • Menn uten kvinner, Haruki Murakami
  • Ambulanse, Johan Harstad
  • Menn som ingen treng, Frode Grytten

* Klassikarar:
Keisame, utdaterte, treige og tungleste? Vel …nokre av kanskje … eg utforskar framleis denne enorme greina av litteraturtreet og kjem meg nok aldri til toppen av treet, men av dei eg har lese kan eg midlertidig trygt anbefale desse:
– Anna Karenina, Lev Tolstoj

  • Jane Eyre av Charlotte Bronte
  • Pride and Predjudice av Jane Austin
  • Det vokser ett tre i Brooklyn av Betty Smith
  • Drep ikke en sangfugl av Harper Lee

    I tillegg til å vere skikkeleg gode bøker er desse også fylde av det eg tenker på som ”sommerkjensler”

Kva skal du lese i sommar?


Screen Shot 2018-06-02 at 10.16.12

Tankar om: The Blackhouse av Peter May

Peter Mays trilogi;  «The Lewis-trilogy» består av følgende bøker:
1. The Blackhouse
2. The Lewis Man
3. The Chessman

Det er no ganske lenge sia eg las den første boka – The Blackhouse, så når eg no skriver kjapt om denne er det ut i frå minnet og dermed ikkje av særleg analyserande art. Ein kjapp lita omtale vil eg likevel dele fordi eg straks vil skrive om bok nr to i serien. Og deretter den tredje og siste. Så – here it goes:

petermay
(Berre ignorer den noko komiske og upassande kombinasjonen av einhjørningen som kastar opp regnbua og den mørke, dystre boka…. Eg fekk det føre meg – der og då – at dette var ein fantastisk morosam kontrast. Eg var ikkje høg eller rusa eller noko som helst anna enn ramma av litt for mykje koffein… )

Kort om handlinga:
Politimannen Fin vender heim til den vesle øya kor han vaks opp, og som han sidan forlot for å starte eit nytt og betre liv i Skottland. Det er ein kriminalsak som fører han tilbake dit. Ein mann er funnen hengd i eit naust, og det viser seg ikkje å vere eit sjølvmord. Mannen det er snakk om er ein Fin kjenner frå barndommen – ein skikkeleg bølle. Drapet har fleire likheitstrekk med eit anna mord som hendte i Edinburgh. Sidan Fin arbeider for det skotske politiet og i tillegg har kjennskap til øya, folka, tradisjonane osv der, blir han satt på saka. Kven har drepe denne mannen? Finnes det noko kopling til Edinburgh-mordet? Og – korleis blir det for Fin å vende nasen heim etter så mange år vekke?

Så langt høyres dette ut som ein tyyyyypisk kriminalroman – men det er nettopp det dette ikkje er. For: ja, vi følgjer Fin heim til øya si og er med han på etterforskinga. MEN – samstundes får vi gjennom tilbakeblikk også sett oppveksten hans på øya. Altså bli dette ein slags kombinasjon av krim og oppvekstroman – noko som eg i starten syntes var ein merkeleg kombinasjon, men som på sikt fungerte veldig fint.

Min dom & tankar:

Positivt:
+ elegant veksling mellom no-tid og fortid: det blir aldri forvirrande eller uoversiktleg
+ Historiske detaljar: I tillegg til å kombinere sjangrane oppvekstroman og krim, har Peter May også -på vellykka vis – fått med mykje historisk informasjon om desse øyane utanfor Skottland. Historie som blir formidla utan at det blir traust og tørt, utan å bli belærande. Det av historie som kjem fram passar inn i handlinga og er faktisk ganske så interessant.
+ truverdige karakterar med dybde
+ mangfald av hendingar og tema – utan at fokuset glir vekk frå hovudhandlinga (krimsaka)

Negativt:
– Dette er kanskje å bande i kjerka … eg er imidlertid ikkje kristen av meg så eg eiger ikkje skam (berre litt) og bannar dermed uhemma i veg: skildringane av natur – det blir til tider litt for mykje, litt for lange skildringar og litt for hyppig. Eg opplevde at eg kom inn i ein god flyt, las og las, lot meg rive med, men så kom ei eller anna skildring av himmelen og havet og heller enn å skape stemning (som det nok er meint) blei det eit uønskt avbrot i flyten. Samstundes må eg også seie at utan desse naturskildringane ville ikkje boka vore så god som ho er – for til tider kunne g sjølv nesten høyre havet bruse, kjenne vinden suse i øyrene og regnet piske meg i andletet. Så – eg konkluderer med at: 1) Flotte skildringar, men dei kunne til fordel vore litt færre og litt kortare. 2) Eg opplever nok skildringane av naturen som ekstra slitsame fordi eg las boka på engelsk og blant alle ukjente ord og utrykk handla dei fleste om nettopp naturen og landskapet

 

Les denne dersom du vil:
– ha ein serie å lese; det er to bøker til i same serie
– likar krim men er er lei av ”typiske” krimbøker
ikkje er så glad i krim fordi ”alt berre er” action, blog og mord – her får du mykje meir: historie, oppvekst, kultur, temaer som overgrep, kjærleik, sorg, skuld, skam, ansvar osv.
– lære litt kulturen og historien på Hebridene (dei vestlege øyane utanfor Skottland) samstundes som du blir underholdt.
– ha spenning til siste side
– kjenne på uhygga når du les; for i denne boka finner du meir enn tomme ord – fleire av desse scenane kjenner du på kroppen.

Etter en nedtur – kom heldigvis en opptur

Overskriften beskriver i korte trekk min opplevelse av å lese “Berge” av Jan Kjærstad.

For … jeg ser seksere og femmere på forsiden av boka, jeg ser referanser til nominasjoner og tildeling av priser, jeg leser ros og skryt – og jeg bygger meg opp forventinger om en storslagen bok.

berge

Så … begynner jeg da. På del en av tre i boka. Og følgende tanker dukker opp: hva feiler det meg? Hvorfor liker alle andre denne boka? Herregud… sukk … 300 sider igjen!? Altså vurderte jeg flere ganger å legge vekk boka, gi den opp. Konkluderte med at den nok var for skarp, for politisk, for dyp, for intellektuell… For noe… For komplisert eller noe annet uidentifisert som gjorde at jeg ikke klarte å leve meg inn i boka og ikke ble engasjert… Jeg tenkte faktisk at jeg var for dum.

Så kom del nr to av boka, og vi går fra å følge Ine Wang til å se historien fra Peter Malms synsvinkel. Og da… da ble jeg omsider engasjert. Mer enn engasjert, jeg ble begeistret. Og sjarmert av denne sære og kjære enstøingen av en mann, som jeg faktisk kunne kjenne meg litt igjen i – tross for stort gap i alder, yrke og alt annet som skulle tilsi at vi skulle ha noe til feller. Med Peter Malm ble altså interessen fanget og jeg ble nysgjerrig på hans karakterer.

Herfra og ut resten av boka gikk det bare en vei og jeg slukte den siste 2/3 av boka i løpet av to leseøkter…Og det sier en del for jeg er ikke den mest politisk engasjerte personen. Jeg følger med på nyhetene og har enkelte hjertesaker jeg brenner for men jeg innrømmer gjerne at jeg ikke alltid er så oppdatert på politiske og samfunnsmessige spørsmål som jeg kanskje burde. Dette til tross klarte jeg (omsider) å bli veldig glad i denne boka!

KORT OM HANDLINGEN:
Et mord, eller fem…., begås en kveld i august. Ofrene er AP-mannen Storen, hans kjæreste, Storens datter Gry (også hun en sentral skikkelse innenfor AP), Grys kjæreste og kjærestens vesle datter. Dette forferdelige mordet påvirker hele nasjonen og vi følger tre av dem som berøres og får se hvordan denne saken påvirker dem på svært ulike måter. I tillegg til selve saken diskuteres en lang rekke aktuelle og spennende temaer som bla skyld, straff, ansvar, skjebnen, begrepet ”rettferdighet”, dagens samfunn, vold, politikk, motiver… Med (mye) mer.

Kort oppsummert
Boka reddes av del 2) Peter Malm. Også karakteren Lev løfter boka mange hakk! (Jeg tror vi alle kjenner en slags Lev…?!)
Og del 3) leste jeg i ett jafs.

Positivt:
+ Viktig bok! Og faktisk også veldig engasjerende. En veldig annerledes type krim. Særlig pluss for alle «undertemaene» som tas opp – skyldfølelse av å glede seg over terroren, en kriminal sak og tragedie som blir til underholdning, skyld, straff, rettferdighet, kjærlighet, sjalusi, makt.
+ Temaene er mange og viktige. Jeg likte også de mer og mindre subtile referansene til diverse musikere, litteratur, filosofer og historiske hendelser. Ofte blir det kjedelig og trått med mange slike referanser, men her fungerte det utmerket og bidrog til å gi karakterene farge og karakteristikk.
+ Hadde også sansen for språket – Gode formuleringer, og veldig gjennomført mtp at skrivestilen ble noe annerledes for de ulike delene i boka, altså passet det til den aktuelle karakteren.
(+ Jeg liker også å lære nye ord og her kom jeg over et par tre gode ord jeg ikke kunne fra før! Palimpset, mastodon, proletar, immanens, nimbus …Og – disse ”vanskelige” ordene glir naturlig inn i teksten, her er det ikke slik at forfatteren besitter et ordrikt vokabular som han higer etter å briefe med, slik det faktisk kan oppleves i blandt)
+ Språket står i stil med karakteren som er i fokus – skrivestilen er en helt annen for delen om Ine Wang og den om Berge og den om Malm. Altså er språket, slik jeg ser det, på vellykket vis tilpasset karakteren som ”taler”.

Minus:
– jeg brukte over hundre sider på å bli engasjert…
– til tider ble litt vel mye unødig snikksnakk

DOM:
Hadde det ikke vært for at del 1 overhodet ikke klarte å engasjere meg (klarer fortsatt ikke sette fingeren på hvorfor…) ville jeg sannsynligvis trillet en fem + eller til og med sekser. Den siste 2/3 er likevel såpass solid og gav meg så mye at jeg havner på en femmer, om dog noe svak.

Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27Screen Shot 2018-03-08 at 09.27.27

Følgende er diverse tanker jeg gjorde meg opp undervegs – så hvis du allerede har lest boka kan du gjerne lese videre og dele dine tanker med meg i kommentarfeltet??   NB!! OBS!!! – —-videre tekst kan inneholde små «spoilere» —-
((Alt som skrives nå er altså påstander uten bevis – ren synsing og fagløse meninger ytret av en helt gjennomsnittlig tjueniåring…))

Tanker om hvordan saken påvirker de ulike karakterene:

Del 1) Ine Wang
– godter seg over de mulighetene terrorsaken åpner for henne som journalist. Den river henne ut av den mørke avgrunnen hun har sittet fast i. Føler seg viktig igjen. 
meeen…. Så ligger hun med intervjuobjektet sitt og oppdager at han sannsynligvis er morderen. Dette stanser ekstasen og rusen hun har kjent på og hun føler seg ganske flat og vet ikke lenger hvordan hun skal forholde seg til saken. Etter en del betenkingstid kontakter hun politiet anonymt.
– mot slutten ser vi endringer hos henne – blant annet føler hun ikke lenger samme behov for å bli sett, til å skrive førstesiderssaker, til å bli anerkjent og rost. Heller ikke samme trang til å nå opp og frem i livet – slippe ut av boligstrøket som hun frem til nå har mislikt og følt seg ”for god” for

Del 2) Peter Malm
– ergrer seg over terroren som forstyrrer tilværelsen – både hans og hele nasjonens. Norges anonyme status ødelegges og gjør landet synlig og sårbart for verden. Setter ham ut av balansen han liker, eller som kanskje heller kan beskrive som faste rutiner og vaner som nesten kan sies å være tvangspreget. Terroren ødelegger også for skriveprosessen (han skriver bok). Terroren ødelegger for ham og for Norge.
– Ines motsetning på flere punkt, særlig mtp å vil være usynlig og i fred
– interessante tanker og synspunkt om rettferdighet.
-blir til slutt utnevnt som dommer i saken

3) Berge
– den antatte drapsmannen og døde Grys ekskjæreste 
kler klisjéen om at et menneske er som en løk – han har mange mange lag!
– fremstår for andre som envis og sta, som sær og mislykket mtp å leve opp til forventingene han blir født inn i med to foreldre som begge var høyest involvert i AP. 
Jeg opplever ham som mye mer nyansert enn hva de andre i boka anser ham for å være.
– Han virker til å være en mann som er misforstått av de fleste
.
– Virker også noe forstyrret og ”skadet” – selv om han har sterke og solide meninger om mye finnes det også en del områder hvor han vingler enormt og virker ustabil – særlig de områder som berører andre mennesker og relasjoner.
– Det virker som om Peter Malm er en av få som ”ser” ham – altså ser ham på en annen måte.
– Novellene hans, bloggen hans, alt han presterer virker til å bli avfeid og sett på som ”uviktig” og ”feil” av de fleste. Kritikerens og de fleste andre meninger om han danner ett bilde av ham. Mens enkelte andre klarer å fange opp andre sider av ham – blant disse er Peter Malm som ser noe ”mer” hos den unge mannen.
– en karakter med mange lag som ”ingen” egentlig kjenner”; og her synes jeg det kommer godt frem hvordan det ofte er med enkelte mennesker en aldri helt blir klok på. Og indirekte er dette en velykket beskrivelse av hvordan vi så lett danner oss opp et bilde av en person og lar oss fange av dette ene bildet som hindrer oss i å se mer av dem.
– interessant slutt hvor Berge nærmest ser på der som sitt ansvar å påta seg skylden for noe han ikke har gjort

The End

(LES DEN LES DEN LES DEN!)

Mine Mammut-tips

I disse dager foregår det årlige Mammut-salget hvor fjorårets bestselgere, i tillegg til noen andre utvalgte titler, selges til sterkt redusert pris. Utvalget er ganske så stort, og om en ikke har lest mye og allerede har dannet seg sterke preferanser for hva en liker og ikke, så kan det virke uoverkommelig å orientere seg i jungelen av utvalg. Jeg skal faktisk IKKE på Mammut-salget i år – rett og slett fordi jeg ikke klarer å begrense meg og kommer til å kjøpe for mange bøker; ikke at for mange bøker er et problem eller i det hele tatt mulig, men huset vårt begynner å bli litt for lite … om du skjønner. Så – i stedetfor å kjøpe enda flere bøker skal jeg heller dele de titlene jeg selv ville ha kjøpt dersom jeg eide et evig stort hus med ubegrenset plass til bøker.

I tilfeldig rekkefølge – som alltid:

Norske:
«Du er så lys» av Tore Renberg
«Over det kinesiske hav» av Gaute Heivoll (leste denne for lenge siden og husker den fremdeles veldig godt!)
«
Vær snill med dyrene» av Monica Isakstuen
«Sommerboken» av Tove Jansson
«Trilogien» av Jon Fosse
«Nei og atter nei» av Nina Lykke
«Disse øyeblikk» av Herbjørg Wassmo

Krim & Spenning:
«En femte årstid» av Torkil Damhaug
«Forvandlingen» av John Grisham
«Jeg lar deg gå» av Clare Mackintosh

Novellesamlinger
«Menn uten kvinner» av Haruki Murakami
«Menn som ingen treng» av Frode Grytten

Diverse andre «importerte» romaner
«Min venn pingvinen» En sann historie, av Tom Michell

Klassikere:

«Idioten», av Fjodor Dostojevskij
«Det vokser et tre i Brooklyn» av Betty Smith – kåret til en av 20. århundrets mest leseverdige bøker

Ikke-fiksjon
«Astrid Lindgren Denne dagen et liv», av Jens Andersen (en veldig fin biografi!)
«to søstre» av Åsne Seirestad
«Hvorfor hopper jeg» av Naoki Higashida
«Tiden etterpå» av Kristin Strøm (En fin antologi med tekster av ulike lengde og sjanger – alt fra dikt til dagbøker til noveller. Tematikken er traumer og hvordan man reagerer på dette)

Sist men ikke minst anbefaler jeg: «Den store Mummi-boka» av Tove Jansson. En bok alle burde ha på hylla!
Screen Shot 2018-02-12 at 10.22.41NB!
Disse anbefalingene er utelukkende basert på min egen uprofesjonelle synsing. Jeg er verken kjøpt, betalt eller påvirket av andres omtaler. Så – ta tipsene med en liten klype salt og en stor dose sukkertøy. Med andre ord – ta mine råd på eget ansvar 🙂 Og ett lite siste tips – hvis du finner en av favorittbøkene dine på salg nå, så kan det være lurt å kjøpe et par eksemplarer for å ha som gave. Det gjør ofte jeg – kjøper inn tilbudsbøker og gir bort i bursdagsgave – sørger da altså for å bevisst velge ut bøker jeg tror vedkommende vil like. Sommerboken av Tove Jansson, er ett slikt eksempel – sjarmerende, lettlest kosebok.

God shopping!

Skal du på Mammut-salget?
Hva skal du i så fall kjøpe?

Ein bittelita storfavoritt

I dag vil eg skrive litt om ei fantastisk lita perle av ei bok. Eg las henne i fjor på denne tida, utan å ha særlege forventingar. Sant å seie ville eg berre ha ei kort bok å lese fordi eg nyleg hadde slitt meg gjennom ei bok på over tusen sider. Kjøpte boka på impuls i bokhandleren – fordi den 1) var lita og tynn, 2) tittelen fekk humkommelsesbjella til å ringe, og 3) fordi bjellas toner kimte så salig og fint at eg visste det var noko kjent med boka – eg hadde nemlig høyrt om henne før, men kunne ikkje hugse om det eg hadde høyrt var godt eller dårleg; berre at eg definitivt hadde høyrt om denne boka før. Så – ho blei med meg heim og eg slukte ho i eit jafs same dag.

Eg snakkar om boka: «Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede» av Jan Wiese.
(Ho er forresten mykje mindre erotisk enn kva tittelen kanskje kan antyde.)

Screen Shot 2018-02-10 at 10.25.04

Denne anbefalar eg fordi:
– Størrelsen til tross er ho overraskande stor og djup.
– Plottet er originalt – ulikt alt eg har lese før. jeg har lest før.
– Språket er nydeleg! Kort, presist og samstundes veldig beskrivende utan at forfattaren brukar ein heil masse ord.
– Eg har aldri nokonsinne lese ei så lita bok med ein så stor fortelling inni!

KORT OM HANDLINGA:

Ei av bokas houvedpersonar arbeider i arkivet i Vatikanet. Her finner han ei bunke gamle og gløymde fortellingar – blant anna om denne kvinnen som kler av seg midt på eit torg i Italia. Desse byrjar han å lese, og etterkvart som han leser trekkes også vi lesere inn i historiene.

Sentrale temaer slik eg ser det: Kjærleik, lojalitet, sanning.
(Berre nokre av dei mange temaene her, i min amatørmessige meining.)

Boka er 163 sider kort, har vunnet ein rekke prisar, og du har herved ingen unnskyldning til ikkje å lese henne.