Eg las mange bøker i juni. Denne trilogien er den som sit mest igjen – eg kjenner den endå i kroppen, eg tenker framleis på karakterane … eg har nok rett og slett funnet eit litterært meisterverk som fortener å førast opp på favoritt-lista.
TRILOGIEN BESTÅR AV FØLGENDE BØKER:
1) Bli hvis du kan. Reis hvis du må.
2) Alle vil hjem. Ingen vil tilbake
3) Det finnes ingen helhet
I SIN HEILHEIT:
Handling:
Heile trilogien bygger på same sak – dei fire barndomskameratene som vervar seg til militærteneste i Afghanistan. Berre ein av dei kjem heim i livet. I desse bøkene får vi innblikk i tida før dei verva seg og i tida etterpå. Altså ser vi både på årsakene til at desse gutane valte å reise til Afghanistan – årsakar dei ikkje heilt sjølv ser i klartekst – og på korleis tapet av dei pregar ei heil bygd. Tankar om kvifor dei drog og kjensla av sorg står sentralt i alle tre bøkene, og desse to tinga (sorg og ”årsak”) vert betrakta frå ulike karakterars synspunkt gjennom heile trilogien.
Mine vesle tankar, meiningar og inntrykk:
Dette er kort sagt ei djup og kjenslerik fortelling om ei ulykke som rammar ei heil bygd. Kjenslene vert skildra så utroleg sterkt at ein oppleverboka i større grad enn ein ”berre” les ho. Eg kunne reint fysisk kjenne noko heile tida mens eg las – eg kjente sinne, sorg, forundring, tidvis litt glede og varme, einsemd … eg følte det som om eg fekk oppleve mykje av det same som karakterane i boka (dog i mykje mindre grad, sjølvsagt).
Sorg er den sentrale kjensla (og også tema), og i denne boka kjem det klart fram kor omfattande sorg kan vere; kor ulikt den rammar oss, korleis sorg kan vekke ein heil haug med andre kjensler og korleis desse andre kjenslene kan bli så sterke at ein ikkje ein gong klarar å kjenne på sorga.
Sorg, skam, skuld, sinne, anger, bebreiding, kjærleik, tap, sakn … og også nokre ”betre” kjensler som håp, liv, kjærleik utgjer eit kjenslerikt spekter gjennom heile fortellinga.

I tillegg til denne vanvitig sterke framstillinga av kjensler får vi også sett litt på årsaka bak valet om å verve seg. Fire ulike gutar med ulike grunnar til å reise. Eg likar godt at det ikkje finst ein ”konkret” grunn, ikkje noko soleklar årsak. Tarjei reiser og har sine tankar om kvifor utan heilt å kunne sette ord på det. Mora hans, Karin, har også nokre tankar om kvifor han reiser og føler seg medskuldig. På same sett får vi via oppveksten og familiane innblikk i moglege årsakar til at dei andre reiser til Afghanistan, utan at det kjem noko fasit – og nettopp dette syntes er så fint, for det er vel ofte slik at ein tek val utan heilt å vite kvifor. Ofte gjer ein noko for å sleppe unna noko anna – det er ikkje alltid eit aktivt val eller ønske. Andre gonger brenner ein intenst for noko og tek bevisste val. Og av og til hamnar ein midt mellom to stolar og livet verker til å ta vala for deg. Alt har kanskje ingen grunn?
Eg har lese ein god del trilogiar dette året, og ein ting eg har merka meg er at nesten alltid likar bok nr to best. Dette er nok første gong eg har hatt den tredje og siste boka som favoritt. Dei andre to er også knallgode, men denne tredje gjorde noko ekstra med meg. Mykje sannsynleg på grunn av at eg innan denne boka alt hadde ein viss kjennskap til alle karakterane og hendingane slik at det gav meg endå meir.
+++ PLUSSAR +++
+ Sjølv om vi følgjer eit stor karaktergalleri klarte eg å halde styr over dei ulike folka og familiane – og det seier litt for eg er normalt sett enormt dårleg på nettopp dette, og ofte gjer eit for omfattande persongalleri at eg blir oppgitt og frustrert i lesinga fordi eg sliter med å hugse kven som høyrer til kor. Her fekk er overraskande lett oversikten!
+ Kjenslene skildrast så intenst at ein ikkje kan unngå å bli rørt
+ Til tross for at boka ikkje følgjer ei spenningskurve – det finst ingen klare vendepunkt, ingen tydlege klimaks osv – er den aldri langtekkeleg eller keisam.
+ Språkleg leverer boka også bra! Språket er biled-rikt og formidlar enormt mykje utan å seie det direkte. Kjenslene vert ekte og veldig truverdige. Flatland viser ein enorm innsikt og forståing av menneske! Og ho lukkast med over seks hundre sider med formidling av kjensler utan å gjenta seg sjølv, utan å ty til kjsliéar …
– – – MINUS —
Det einaste eg har å utsette er at eg personleg ikkje likte at boka byta på bokmål og nynorsk. Det fungerte ikkje, syntes eg! Karaktrane fekk unike stemmer gjennom skrivestilen, ikkje målforma. Og eg …tja … kan ikkje eigentleg begrunne misnøya kring dette valet om å byte mellom bokmål og nynorsk utover dette at eg syntes det blei forstyrrande.
BOK FOR BOK – kort oppsummering av kvar bok (utan spoliers)
Bli hvis du kan. Reis hvis du må.
– i denne boka følgjer vi fire karakterar som fortel om seg sjølv, bygda og menneska rundt dei. På denne måten får vi ikkje berre innblikk i den fortellanda karakteren men også i folka rundt dei. Dette gjer at vi også blir kjend med andre karakterar – som får si eiga stemme i dei andre bøkene.

* Tarjei: den eine av dei fire som reiser. Han fortel om si oppvekst, sine vener, sitt nære forhold til storesyster Julie, forventingane til faren om at han – Tarjei – ein dag skal ta over garden. Eit ønske og ein rett som eigentleg tilhøyrar systera Julie – og som faren på sett og vis verker heilt ignorant for. Han kompromissar med seg sjølv gjennom heile boka ved å vike for farens u-uttalte krav og forventningar. Så kjem forslaget om å dra til Afghanistan …
* Jon Olav: Naboen til Tarjei og hans familie. Han har vekse opp i lag med Tarjei si far. Han er også far til Sigurd (som vi seinare får høyre meir til – Sigurd og Julie er av same årskull og har eit godt venskapleg band). Han fortel om tida før og etter ulykka, og vi får gjennom han sjå familien til Tarjei utanfrå. Vi får også innblikk i kor sterkt ulykka pregar sonen hans – Sigurd. Sigurd vert mykje sterkare påverka – nærmast lamma og sjuk – enn kva ein skulle tru med tanke på at han ikkje var direkte knyta til desse gutane.
* Karin – Tarjeis mor fortel om korleis ho møtte Tarjeis far (Hallvard) – og via denne kjærleiksfortellinga får vi sjå sentrale personlegheitstrekk hos henne som har prega ho heile livet og som også påverkar dei rundt henne. Vi får sjå korleis ho fullstendig fortapar og fordjupar seg i kjærleik, korleis ho kjenner ting veldig intenst – på både godt og vondt. Vi får også eit inntrykk av at forholdet mellom henne og mannen er eit slags trekantdrama kor garden er den tredje parten. Også hennar forhold til sine to born – Julie & Tarjei – står sentralt i denne dele av boka. At ho elskar dei er det ingen tvil om. Men kjærleiken og relasjonen til dei to er svært ulik.
* Trygve – nr to av dei fire som verva seg. Han fortel om oppveksten, om forholdet mellom han sjølv og desse gutane då dei vaks opp. Vi får også sjå at han føler seg annleis frå dei andre – noko han både vil skjule og samstundes verkar etter å få ut i det opne. Gjennom kjenslene og hendingane han skildrar syntes eg boka får ein god slut som gjer nokre svar og også nokre nye spørsmål. Ein god avslutning som opnar for ein ny god bok. Nemlig nr 2:
Alle vil hjem. Ingen vil tilbake
Her er det desse karakterane vi følgjer:
* Julie – Tarjeis storesyster. Sentralt her står odelsretten til garden – som legalt sett er hennar. Noko begge foreldra verker til å ignorere. Ho seier aldri direkte at ho vil ha garden, at dette er drøymen hennar. Men ho er aktivt involvert i drifta, ho er intelligent og intuitivt dyktig. Likevel blir ho oversett mtp å skulle overta garden. Dette pregar ho intenst og ho verkar til å bli splitta i ei indre strid om å vere den gode, snille dottera som gjer alle glad heile tida samstundes som ho vil setje ned foten og ta det ho har krav på. Ho vil seie i frå, men ho vil ikkje skape trøbbel. Vi får også sjå litt til livet hennar elles – forholdet til Sigurd, og til Mads, til bygda.
* Sigurd – Elska å få lese litt frå hans perspektiv etter at han i del ein blei skildra utanfrå frå farens perspektiv (Jon Olav). Vi får sjå litt av oppveksten hans, tankar, kjensler, drøymer. Smerte og lukke. Skam og skuld. Vi får svar på kvifor sorga rammar han så hardt som den gjorde. Og vi får sjå korleis han taklar – og ikkje-taklar – sorga.
* Mads – kjærasten til Julie, iallfall innimellom. Det er det nemleg ho som styret. Mads er fortapt i Julie. Men denne garden står i vegen. Litt på same måte som relasjonen mellom Hallvard og Karin for også her garden ein slags tredjerolle som gjer forholdet til ein slags trekantsrelasjon med garden som ein konflikt utan løysing. Julie gjer uttrykk for at ho skal overta garden, noko Mads etter kvart innser at ikkje er så sjølvsagt og enkelt som han fekk inntrykk av i starten. Mads vil at ho skal gløyme garden og bli med han til byen, starte noko nytt der heller. Julie klarar derimot ikkje å legje frå seg drøymen om denne garden, men klarar heller ikkje å kreve si rett. Dette gjer at Mads blir sittande å vente, utan heilt å få noko avklaring på kor livet er på veg.

Det finnes ingen helhet
Det meste av handlinga i denne boka finn sted fem år etter ulykka og vi får via ulike karakterar sjå korleis liva til dei ulike karakterane har utvekla seg desse åra. Vi får ikkje møte alle karakterene direkte – men dei verdt godt skildra gjennom dei karakterane som får stemme i denne boka – nemleg:
* Ragnhild – doktoren som blitt nemt gjennom heile boka. Spanande å sjå meir av henne ettersom dei ulika karakterane har skildra ho på ulike vis – som ei uunværlig støttespelar, ei som bryr seg og viser støtte, ei som er for pågåanda og masete, ei som blandar seg I andres sakar, ei som verkar einsam, ei sterk og sjølvstendig dame … Dei fleste likar henne godt. Nokre få syntes ho er for påganda og at omsorgen hennar grenser til det nyfikne og påtrengande. Her får vi sjå litt meir an Ragnhild – motivasjonen bak det ho gjer, tankane ho har om dei ulike karakterane. Vi får også sjå eit slags skifte – no når folk kjem seg vidare og ho ikkje lenger er like viktig … kven er ho då? Einsemda veks i henne og ho føler ein slags sorg over ikkje lenger vere ”ønska” og ”trengt”. Dette med å høyra til står dermed sentralt i denne boka.
* Bjørn – den einaste som overlevde ulykka og kom heim at til bygda. Det er vondt, så utroleg vondt, å lese denne delen. Samstundes var det godt å endeleg få lese historia til den eine som faktisk kom heim at.
* Karin – mora til Julie & Tarjei; vi får sjå litt om korleis ho har det no, om korelis sorgen har påverka henne og livet, tankesettet og relasjonen til mannen Hallvard. Vi får også eit djupare innblikk i hennar relasjon til Ragnhild, til byga, og til dei noko ustabile kjenslene som ho skildra i den første boka.
* Hallvard – far til Julie & Tarjei; han fortel om korleis sorgen har prega han, om skuldkjensla han har overfor Julie mtp odel og gardsdrift, om samenbrotet hans (som vert omtala i bok 2) og tida etterpå, om tida no… Med ein slags roleg og smådyster stemning fekk eg inntrykk av at han på sett og vis aksepterar tinga som dei er no, at han ikkje streber etter å endre ting men heller berre vil la ting gå si gang, at han berre vil leve det beste han kan.
* Vi får også eit gjensyn med Sigurd, Julie og Mads; vi får sjå litt meir av Julies ”sårbare” side, blir betre kjend med Mats, og får også sjå fleire sider av Sigurd – ein karakter eg likte betre og betre gjennom desse bøkene.
* Denne boka handlar mest om familien til Tarjei – skildra både gjennom Tarjei og Karin, men også sett utanfrå via Ragnhild og Sigurd og ein del andre.
* Likar veldig godt korleis Ragnhild ”bærer” denne boka. Boka startar med eit kort kapittel om Ragnhild som venter på sin neste pasient – Karin. Deretter får vi følgje Karin si karakter ei stund – i tida etter ulykka og fram til dette legebesøket no fem år etterpå. Deretter besøker vi igjen Ragnhild som reflekterer over timen med Karin, og gjer deg klar til neste pasient – Bjørn. Som vi deretter får følgje. Deretter tilbake til Ragnhild att, og vidare til neste pasient og karakter – Hallvard. Ragnhild går altså igjen og utgjer ein slags ”heilhet” (trass i bokas tittel om at det ikkje finst noko heileheit… 😉 ) og god flyt. Ho fortel litt om sine tankar om dei ulike folka før vi deretter føres inn i den aktuelle karakterens univers kor dei fortel om tida etter ulykka. Deretter fortél Ragnhild litt meir før vi igjen går vidare til ein ny karakter.
Vil også kort seie at sjølv om heile denne trilogien handlar om noko såpass dystert og trist som sorg, død, sakn, skam og skuld – og trass i det politiske bakteppe – så er ikkje boka ”klissete” og overdriven. At det går an å skrive tre bøkar om slike kjensler utan at det på noko tidspunkt blir klissete og seigt, treigt og keisamt, og heller ikkje reparativt og gjentakande er verkeleg eit kunststykke! Ein fantastisk sterk trilogi som alle med kjensler burde lese.