Halvvegs i bokåret – ein oppsummering


Dette året har eg lese rekordmykje – rett og slett fordi eg er sjukmeldt og har tid til overs, og lesing gjer meg ein herleg ro som eg ikkje finner så lett elles. Noko med stilla, mangel på skjerm og lys og lyd gjer meg ein herleg ro. På eit vanleg år – med full jobb og meir energi til å gjere andre ting – leser eg typisk femti bøker i løpet av eit år. (Ville bare nevne det slik at ingen får føre seg at det er enkelt eller i det heile tatt mogleg å lese så mykje som eg no har gjort i år!)


Uansett – Av dei snart 120 bøkene eg har lese i år er desse dei som har gjort størst inntrykk (tilfeldig rekkefølgje!)

Balansekunst, Rohinton Mistry
Kniv, av Jo Nesbø
Søsterklokkene, Lars Mytting
Sommerlys og så kommer natten, Jon Kalman Stefansson
Den danske borgerkrig 2018-24, Kaspar Colling Nielsen
Fried Green Tomatoes at The Whistle Stop Café, Fannie Flagg
Vår felles venn, Dickens
Traveling Cat Chronicles, Hiro Arikawa
Keiseren av Portugalia, Selma Lagerlof 
The Housekeeper and the Professor, Yoko Ogawa

Og derfor vil eg skrive litt om desse utvalte perlene!

BALANSEKUNST
Det er alt skrive mykje om denne boka, og å gjenta det same som alt står skriven tilfører ikkje stort av verdi. Eg vil likevel skrive nokre få ord om boka då dette er bok som fortener omtale, merksemd og fleire lesarar. Dette er ei bok som tidleg utpeika seg som favorittliste-kanditat hjå meg, og som sidan har stått på den lista, og der kjem ho til å bli ståande.

Å halde lesarens merksemd gjennom 800 kompakte sidar er ein bragd! Og forfattaren gjer nettopp det. Ikkje eit sekund sukka eg over bokas lengde eller tenkte at ho skulle vore strammare redigert (slik eg ofte elles gjer med mursteinsbøker). 

Boka handlar om fire menneske sitt liv i India i perioden frå unntakstilstanden til frigjeringa. Det er altså ein realistisk og historisk roman. Verken historia/sannferdigheita eller realismen står i vegen for romanen – tvert om! Romanen er i fokus, historie-delen er eit slags bakteppe som ikkje tek over fokuset. Og eg trur det er mykje av grunnen til at denne boka fungerer såpass godt. EIn lærer mykje om INdia ´utan at ein opplever å bli skolert på noko som helst vis

Bokas plott et sterkt! Liva til desse fire karakterane blir formidla med flytande overganger mellom dei ulike karakterane, vi blir godt kjende med dei kvar for seg, og saman som gruppe. Karakteranes styrker og svakheiter gjer dei truverdige, ekte, og høgst likandes! Boka vekker kjensler hos oss som lesarar óg; sinne, sorg, frustrasjon på vegne av dei mange stakkarslege skjebnene, men også augenblink med glede, lattar og fascinasjon. 

Ein ting til eg likte særs godt og som må nevnas er at «alt» i boka henger i hop på elegant vis – ei raud tråd, balansekunst, finnst gjennom heile boka. Alle små hendingar, alle karakterane, alt kan på sett og vis settast i hop til slut – akkurat som lappeteppet symboliserer. Sjakken, tigginga, kjærleiken, skadene, dødsfalla, politikken, familielivet, sjukdom, skjebne, … dei mange tema og aspektene blir samla på elegant vis! 
Dette er ei bok man verkeleg MÅ lese.

KNIV – Årets store krim!
Dette er då den nyaste boka om Harry Hole, og eg var litt redd for å bli skuffa. Ubegrunna, heldigvis! Eg blei så glad av denne boka (fordi ho var så bra og leverte så til dei grader!) og så veldig, veldig lei meg (fordi eg let meg røre av handlinga). Eg vil ikkje seie så mykje om handlinga, vil ikkje røpe og øydelegge noko. Så eg nøyer meg med å seie at dette er den Harry-boka eg likar best. Eg elska korleis trådane frå dei føra bøkene blei dratt vidare inn i denne boka, at karakterane fekk eit slags oppgjer og ”finale”, at det i tillegg til etterforsking og action også var tom for genuine kjensler, relasjonar og ”kvardags”-dramatikk. Det finst altså referansar her til mykje av det som har utspela seg i dei tidligare bøkene – men du kan likevel lese boka utan å ha lese heile serien. Boka har ein klar start og ein klar slutt. Men om du har lese dei andre bøkene om Harry Hole, vil du heilt klart få endå meir ut av denne enn om du ikkje har det. Eg syntes Nesbø her har gjort ein mykje betre jobb enn i dei siste 3 bøkene om Harry Hole – så særleg mtp redigering. Eg opplevde ikkje denne boka som for lang eller ujamn. Her er det ting som held på interessa og spenninga heile tida. Også overgangane mellom dei ulike karakterane kjem naturleg. Det er mange detaljar, mange namn, men eg blei aldri ”forvirra” (utover det som nok er meininga…!) eller mista tråden. 

Då eg i fjor fekk greie på at det skulle kome ein ny Harry Hole-bok, las eg heile serien på nytt; frå start til slut. Har skreve litt om nokre av desse bøkene også:
nr 1:
nr 2&3
nr 4
nr 10&11

Søsterklokkene, Lars Mytting
Denne boka her altså … å som eg koste meg!
Aldri, aldri aldri aldri hadde eg trudd at ei bok med stavkyrkjer, prest og bondepike skulle interessere meg i så stor grad. 

Medan eg las opplevde eg ein herleg slags spenning; eg kunne liksom kjenne naturkreftane på kroppen, dei djupe dalane, skuggane, vatnet, lukta av skog og mose… Eg tenker tilbake på denne boka som fylt av dramatikk, forventing, spenning – ei kjensler av at noko skal skje: ein overordna kjensle av mystikk. 

HANDLING:
Boka startar med å fortelle historia/sagnet om korleis dei to klokkane i stavkyrkja blei laga. Så hopper vi litt fram i tid til der historia utspeler seg på sluten av 1800-talet. 
Vi følgjer i hovudsak tre karakterar:
1.) bondejenta Astrid – som er i slekt med klokke-makaren og dermed knyta til sagnet om dei to klokkane. 
2.) Bygdas nye prest – han kjem for å ta over kyrkjedrifta. I forsøk på å redde meiningheita (mtp drift og økonomi) veljar presten å selje stavkyrkja som står der og bygge ei ny kyrke. Den gamle skal rivast og fraktast til utlandet kor ho skal byggast opp igjen. I den anledning kjem karakter 3 til bygda:
3) Ein ung arkitekt frå Dresden kjem til bygda for å utføre teikningar som gjer det mogleg å bygge opp kyrka igjen. 

Her er trekant-drama, kjærleik, sorg, glede, dramatikk. Og gjennom det heile er spor av folketru, mytar, overtru og historie. Språket i boka er fantastisk og formidlar både bilete og ein atmosfære av mystikk. Språket flyter fint og lagar bilete utan at eg opplevde at skildringane blei lange og treige. Dette er ei bok eg kjem til å lese igjen. Og igjen! Mytting har verkeleg gjort grundig research og klart å skape ein høgst underhaldande og unik roman. 

Sommerlys og så kommer natten, Jon Kalman Stefansson

Kort sagt ei bok om folka i ei lita bygd på Island. Ingen klar hovudperson, men ein rekke små historiar om dei ulike menneska i bygda, og ting som skjer med dei, om relasjonar, om utvikling. Denne boka vil eg beskrive som vakker! Rett og slett; vakker – språket, innhaldet, oppsettet. På elegant vis får vi innblikk i dei ulike karakteranes liv – om draumane dei har, ønska, tankar, anger, håp. Dette er ein usedvanleg fin skildring av heilt vanlege menneske liv. Humor og alvor leikar fint side om side og maler fram flotte bilete av menneske og natur på Island. 

Denne boka er original, ekte, sår, og fin og morosam. Ein skikkleg godtpose av ein roman! Ei bok som fortener merksemd. Ei bok du skal nyte med god tid og låge skuldre. Endå ei slik bok eg kjem til å lese igjen. Og igjen.  

Den danske borgerkrig 2018-24, Kaspar Colling Nielsen *OMTALE HER*

Fried Green Tomatoes at The Whistle Stop Café, Fannie Flagg
– Sørstatsroman kor vi følger to ulike tidslinjer: 1980-talet: Då Evelyn og mannen er på eit eldreheim for å besøke mora hans, sniker ho seg unna og treffer på ei eldre dame: Mrs. Threadgood. Dei to utviklar eit venskap og gjennom treffa deira fortel den eldre dama om livet sitt:
1930-isj: Mrs. Threadgood fortel om oppveksten i den vesle byen Whistle Stop i Alabama. Særleg handlar historia om gute-jenta Idgie og venninna hennar: Ruth. Dei to starta ein kafé saman, og det meste av fortelling utspeler seg kring denne kaféen og dei to damene. 

Her finst kjærleik, dramatikk og historie, kor Ku-klux-klan og slaveri står ganske sentralt. Romanen hopper elegant fram og tilbake mellom dei to tidslinjene. Karaktergallerier er i overkant stort, og det gjorde det tidvis litt forvirrande. Men det er vel også dei einaste negative eg har å seie om denne boka. Dette er verkeleg ein herleg feel-good bok! Samstundes som boka gjer nyting, byr boka også på refleksjon og tenking. Mykje kan lesast mellom linjene, og dei raude trådane som ligg spreidd gjennom heile boka kan knytast saman på ulike måtar avhengig av korleis ein tolkar teksten. Her får vi ikkje ”svara” servert på eit gullfat. Ein må sjølv trekke den riktige konklusjonen – og kanskje finst det ingen ein riktig løysning heller?

Eg må også nemne at filmen basert på denne boka er vel verdt å sjå! Både eg og sambuaren min likte denne filmen enormt godt – så les boka, let ho fordøye nokre dagar og nyt filmen!

Vår felles venn, Dickens
Dickens … Dickens, Dickens … Har lese ein del av han no og eg syntes ofte bøkene er tunge å kome seg gjennom; men – eg opplever KVAR gong ein vesentleg ting: belønning for innsats. Med det meiner eg at når eg først kjem inn i handlinga blir eg veldig oppslukt, og historiane Dickens fortel er såpass gode at eg opplever det som ein slags ”belønning for strevet” – bøkene er ikkje rett fram å lese, men herregud for nokre historiar som blir fortalt. 

Her skal vi til 1860-talets London kor eit dødsfall og eit testamente utløyser ein rekke hendingar. For arven har ei hake: arvtakaren har å gifte seg med ei utvalt pike. Men så blir arvtakaren funnen daud i elva Thames og testamentet og rikdommen faller i andre hender. Eller…?

Eg vil ikkje seie så mykje meir om hendingane for då kjem eg til å røpe ein god deg. Så eg nøyer meg med å seie at her er det mykje spenning og mystikk og ingenting er som ein først trur. 

Boka er ikkje lettlesen, ho eg tjukk og komprimert, hendingane er mange, karaktergalleriet er stort og tidvis vanskeleg å halde styr på. Men når ein først kjem inn i boka … fy så bra! Denne boka har verkeleg alt (utanom Sci-Fi-elementer?); kjærleik, dramatikk, romanse, satire, kritikk av den engelske overklassa, samfunsaktuelle refeksjonar, humor, alvor, mystikk, drap, etterforsking. Ein rekke lause tråder kan plukkast opp gjennom heile boka og dei kjem saman til slut på ein herleg måte. Det er lenge si eg las denne boka, likevel hugsar eg ho svært godt! Sett av god tid og finn fram leseappetitt før du går laus på denne – og NYT reisa.

The Travelling Cat Chronicles, Hiro Arikawa

Ahh… ei litt lågmælt bok dette, ei bok eg ser føre meg at ein leser på ein regnvåt sundag. For dette er ei slik bok man kan lese på ein dag (med god tid). Og det er ei slik bok man gjerne vil lese på ein dag, for denne er det vanskeleg å legge ned – trass i at det ikkje er ein spenningsbok.

Noko skjer i Satorus livssituasjon som gjer at han må finne eit nytt heim til katta si, Nana. Nana veit ikkje heilt kva som skjer, men han koser seg på roadtrip med eigaren sin mens dei reiser rundt i Japan og besøker folk Satoru kjenner. Satoru er kresen, han vil at katta skal ha det så godt som mogleg og reiser derfor rundt til dei aktuelle venene sine for å undersøke korleis katta trives hos dei – og samstundes for å ta opp igjen det sosiale med desse menneska som på ulike tidspunkt har vore ein del av livet hans.  

Forfattaren veksler elegant mellom å fortelle i tredjeperson og å la katta fortelle frå sin posisjon i førsteperson. Vi får innblikk i korleis Nana og Satoru blei så knyta til kvarandre, Nanas tid som gatekatt før Satoru kom og redda han. Vi får også tilbakeblikk på livet og oppveksten til Satoru, samt innblikk i tida han hadde saman med dei ulike venene han no drar på besøk til. 

Under heile leseopplevinga ligg ein kjensle av at noko skal skje, noko sørgmodig eller nifst. Men dette blir aldri sagt med ord, det ligg liksom berre der og ulmar. Boka er kjenslerik utan å vere sentimental. Situasjonar, kjensler, tankar er slike man kjenner seg att i og kan identifisere seg med. Språket er fint – formidlar mykje, malar fine bilete utan lange unødige skildringar. Dialogane er fine – dei verker truverdige og naturlege. 
Dette er ei bok for alle! Og særleg for dyre-elskarar er dette ein ”must read”.

Keiseren av Portugalia, Selma Lagerlof  **omtale her**


The Housekeeper and the Professor, Yoko Ogawa – sjå omtale her 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s